Sommar i Ottadalen 2012

Page 35

35

BRIMI SÆTER Brimi Sæter finn du ved Tesse-vatnet i Lom like ved grensa til Vågå. Her har det vore samanhengande seterdrift så lenge folk veit om, og nå er det Hans Brimi og Ola T. Brimi som styrer setra som høyrer til garden Nordre Brimi. Som takk for godt fjellbeite gjev tilfredse kyr, i hovedsak av urfe, ekstra god mjølk til ysteriet for å bli kvitost, pultost, rømme og smør. I skogen, nokre kilometer unna utforskar 50 grisar spennande terreng, i tillegg til at dei blir fora med myse frå osteproduksjonen på setra. Dette set ein ekstra kvalitet på kjøtet når den tid kjem at grisen skal slaktast og foredlast. Både juleribba og spekeskinka frå desse grisane har ein heilt særeigen kvalitet og smak. Sætergutane på Brimi har tett samarbeid med Annis Pølsemakeri på Ringbu som mellom anna lager spekepølser etter oppskrift frå gamle-budeia Embjørg Brimi. Det er ho som har lært bort yste-kunsten som blir vidareført på setra idag.

Røkt elg med gåseleverpaté og tyttebærrømme

ledige stolar ved middagsbordet, og kom å få deg eit nydeleg måltid! Ingrid Hov Lunde har vore med og skrive 2 reisekokebøker, 5 kokebøker og 2 kokebøker har ho ført i pennen sjølv. Her kjem to opp-

skrifter som du finn i Ingrid sine kokebøker. Ingrid likar å kombinere dei lokalproduserte råvarene med meir eksotiske råvarer og det gjer ho stor suksess med!

RØKT ELG MED GÅSELEVERPATÉ OG TYTTEBÆRRØMME 200 g røkt elg eller anna røkt kjøtt 80 g foie gras av and eller gås ruccolasalat Tyttebærrømme 2 ss seterrømme ½ ss sukker 1 ss tyttebær Rør alt sammen. Tips: Elgjøtt frå Breheimen Mat, ruccolasalat frå Aukrust Gard og Urteri, rømme frå Avdem Gardsysteri

Framgangsmåte: Skjær kjøttet i tynne, fine skiver. Køyr patéen i foodprosessor til ein fin puré. Fyll i ein sprøytepose og sett i kjøleskap, slik at den blir fast og fin til å sprøyte ut. Vask og tørk salaten godt. Legg kjøtt og salat på tallerkenen og sprøyt ein topp med leverpaté på kjøttet. Drypp rømmesausen omkring.

Fjøsbygninga på setra stod ferdig i 1907 og vart bygd av Hans sin tippoldefar som kom heim frå Amerika på slutten av 1800-talet. Såleis er det ikkje rart at bygninga fører tankane til andre byggeskikker enn den vi kjenner frå Gudbrandsdalen. Det er fortsatt fjos i fyrste etasje der nesten 30 kyr blir mjølka to gonger om dagen. På låvetrevet har det vorte laga ein langstrakt kafe/restaurant med langbord, sovebriskar under skråtaket, og sofakrokar i kvart møne der utsikta til storslagen natur er praktfull. Ysteriet er bygd inntil fjøset, slik at du kan fylgje heile produksjonen gjennom store vindaugo frå oppe på låvetrevet. Det er også laga ein eigen kjellarnedgang for gjestar, der ein kan nyte synet av osten på lageret som kosar seg og utviklar smakfulle opplevingar. I den nye gardsbutikken kan du få kjøpt både seterprodukt og andre varer frå Gudbrandsdalen. Setra er ope heile sommaren, der ein kan kose seg med ekte setervafler, rumgraut og spekemat eller andre middagsrettar basert på råvarer frå setra og Gudbrandsdalen. Det er også nokre rom til leie i seterstugu i tillegg til sovebriskane

SÆTERVAFLO (10-12 store plater) 3 dl sæter rømme 7 dl mjølk 500 g kveitmjøl 2 ts bakepulver 1 ts natron 1 ss sukker 1/2 ts salt 1 dl vatn 1 egg (kan sløyfes)

på låven for dei som vil fylgje livet på setra med dyr og ysting på nært hald. Seterosten er også i hovedfokus når det blir servert "Skråppå tå"meny på setra. Dette har vorte spesialteten på setra, og populært til mange slags arrangement. Å smelte osten i peisen var nok truleg noko dei gamle budeiene lærte av sveitserane som tok seg arbeid på gardane i Norge frå midten av 1800talet. På Brimi Sæter har den lokale smeden smidd "bordgrillar" som blir sett framom gjestane på langborda. Med ost som smeltar på kvar side, sit ein i godt selskap og skrapar av ost når den nesten renn, og nyter smaken med gode poteter, rømme, salat og spekemat, det meste frå Gudbrandsdalsmat. På ei lita jernskål oppå grillen kan ein steike strimlar av urfe som ein kan nyte etterkvart som det blir steikt. Dette er sosial mat. Ein smak av Tesse-aure og ein frisk dessert høyrer også med i menyen. Historier om budeier, hulder og ein feleslått høyrer ofte med.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.