Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #3-2023

Page 1

KYRKJEBLAD

Skjåk og Nordberg

Nr. 3 • Oktober 2023 • 83. årgang

TEMA: KONFIRMASJON

Ein spesiell dag for desse tre systrene: Valborg Frøise, Ragnhild Storkjørren og Åshild Brandlistuen.

Laurdag 26. august feira dei at det var 50, 70 og 60 år sidan dei konfirmerte seg. Privat foto. .

INFORMASJON

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Messeplan

oktober - desember 2023

Sundag 1. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Sundag 8. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje

Sundag 22. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Dåp. Skjåk toradergruppe deltek.

Sundag 29. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje

Sundag 5. november kl. 18.00 Skjåk kyrkje.

Helgemesse v/tidlegare biskop Solveig Fiske. Skjåk songlag deltek. Kl. 20.00 Nordberg kyrkje. Helgemesse v/tidlegare biskop Solveig Fiske. Skjåk songlag deltek.

Sundag 19. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Sundag 26. november kl. 11.00 Nordberg kyrkje

Sundag 3. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Sundag 17. desember kl. 19.30 Nordberg kyrkje. Vi syng og spelar jula inn. Presentasjon av Skjåk kyrkjelege fellesråd.

Sundag 24. desember kl. 11.30 Skjåkheimen Kl. 16.00 Nordberg kyrkje

Måndag 25. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Sundag 31. desember kl. 11.30 Skjåkheimen

ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN:

Torsdag 28. september kl. 11.30

Torsdag 26. oktober kl. 11.30

Torsdag 30. november kl. 11.30

KVA SKJER PÅ KRAFTVERKET?

Onsdag 4. oktober kl. 18.00 Hausttonar v/ organist Eirik Matias

Urdi

Onsdag 15. november kl. 18.00 Song i mørketida v/organist Eirik Matias Urdi

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no

Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling.

Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Nordberg og Skjåk Sokn

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset

Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00

Mobil: 909 56 437

Sokneprest

Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Kyrkjelydsekretær

Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kyrkjeverje

Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk

Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no

Kyrkjetenar Skjåk (i permisjon)

Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no

Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.

Organist

Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Trusopplærar

Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Kyrkjebladsutval:

Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@gmail.com

Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no

Aud Jotun, tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Abonnere på kyrkjebladet

Innanbygds: Friviljug kontingent

Utanbygds: Kr. 200,- pr. år

Kontonr: 2085.07.45170

Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»

Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret.

2

Kyrkja vår har gjennomført to staselege konfirmasjons-gudstenester. Vi har flotte ungdomar, og det var ein stor dag med god feststemning!

I år har konfirmantane sjølve kome med forslag til tema til preika. Dei la fram spørsmål om kven og kva Gud er, kor mykje må ein tru for å vera kristen, psykisk helse, og det å vere ung i dag. Spanande og grunnleggande spørsmål og tema! Som og får meg sjølv til å reflektere over grunnlaget for trua vår.

Ja, kor mykje må ein tru for å vere ein kristen? Dette er eit spørsmål som mange baler med i dag. For vi trur på så mangt, og vi tolkar trua vår på ulike måtar fordi vi er ulike menneske med ulike erfaringar og ulike ståstader. Så da tenkjer eg at eg startar med det mest grunnleggande for å ha ein kristen identitet. Og det er dåpshandlinga.

Dei fleste som vert døypt er små born, og dei er naturlegvis ikkje bevisste si gudstru. Men i dåpen vert dei teikna med det kristne krossmerket av presten. Og dei vert døypt med velsigna vatn og får Gud si velsigning gjennom Den heilage ande. Etter Jesu sine eigne ord og bod.

Det å verta teikna med det kristne korsteiknet i dåpen stadfester den kristne identiteten til barnet. Og etter Martin Luther si tenking er dette nok for å vera ein kristen. Ja, salig Martin gjekk langt lenger; ved å vere døypt er vi alle prester i Jesu Kristi kyrkje på jord, seier han.

Slik vart det jo ikkje etter at Luther døydde. Den lutherske ortodoksien som fylgde i kjølvatnet av reformasjonen bestemte at lutherske prester måtte forrette sakramenta. Og slik er det og i dag. I folkekyrkja vår er det høgt under taket. Alle som ynskjer kan vere med å forrette og forkynne i kyrkja vår; alt utanom sakramenta. Men det er sjølvsagt noko meir som gjer oss til kristne. Vi må ha eit forhold til vår Gud, og til Jesus Kristus, og til Den heilage ande; vår treeinige Gud. Vi må tru på ein eller anna måte. Og der er apostelen Paulus tydeleg i romarbrevet 10,9: Vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.

Her finn vi den aller første kristne truvedkjenninga: Jesus er Herre! Tre ord som er heilt sentrale for trua vår. Men det er noko meir; vi må vedkjenne med munnen vår at Jesus er Herre, og tru det i hjartet, seier Paulus. Derfor les vi alltid truvedkjenninga i messene våre, og vi les eller syng vedkjenninga høgt med munnen vår. Eg trur at Gud er vår skapar, Jesus er vår frelsar, og Den heilage ande er vår livgjevar og vår livspust.

Men kva er det å tru? I katekisma si forklarar Martin Luther kva tru er; å tru på Gud er å lite på Gud. Å lite på Gud er å tru at Gud vil oss noko som er godt og trygt for oss. Og der kjem den kristne etikken inn i bildet. Jesus lærar oss korleis vi skal te oss ovanfor kvarandre. Jesus leiar oss inn i ei tenking om kva som er godt for oss.

Eg tenkjer at desse kriteria gjer oss til kristne. Når vi kjem inn på den personlege trua vår, så er den nettopp personleg og umogleg å måle. Og kor

mykje og kor sterkt vi trur er ikkje det som stadfester oss som kristne. Det er dåpen og truvedkjenninga.

Likevel går Jesu si lære langt utover de moralske og etiske sidene ved det å leve. Jesus oppmodar oss til å følge han, og Jesus vil leie oss inn på den vegen som er sanninga og livet. Vegen som leier oss gjennom heile livet og som går gjennom døden og heilt inn i Guds rike. Jesus syner oss himmelvegen. Jesus skapar retning i livet vårt. Jesus ynskjer å gjere oss frie og frelste frå både dauden og synda. Der framme har livet vårt eit mål og ein mening.

Med desse orda fylt med mykje håp, ynskjer eg kvar og ein av dykk ein triveleg haust!

3
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter - alt du treng!
Skjåk Kjøpesenter Skjåk Bil AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Soknepresten
Kåre Gloslie

Oktober står det alt på kalenderen og ein sommar er over og regnmålingane i Skjåk har nye rekordar Det har vore ein sommar med mangt og mykje av både eitt og hitt.

Førre utgåve av kyrkjebladet hadde tema dåp og i dette er det konfirmasjon som er den raude tråden.

I kyrkjene våre har folk vore samla både i sorg og glede slik som det plar å vere. M.a. har det vore ein fin køntrikonsert, Regnbogemesse, utemesse ved Aursjobrakka, hausttakkemesse, samtalemesse for årets konfirmantar og jubileum for dei som var konfirmerte i 1953-1963-1973 og fleire andre samlingar.

Same dagen som det var konfirmantjubileum hadde årets konfirmantar samtalemesse. I staden for at konfirmantane vart overhøyrde slik som det var frå eldre tider, så vert Kåre prest stilt spørsmål. Og desse kjem konfirmantane fram til på siste samlinga før konfirmasjon. Vi har eit ”messeverkstad ”der spørsmåla vert laga i fellesskap. I år så nådde ein ikkje gjennom alle ønskje på samtalemessa. Difor vart tema om å vere ungdom og psykisk helse innhaldet i preikedelen på konfirmasjonsdagane. Gode spørsmål og gode preiker på desse høgtidsdagane og vi ønskjer ”våre” konfirmantar all mogleg godt på vegen framover livet. Messene vart og krydra med solosang.

Takk til Thea Berger i Nordberg og Vemund Grunde Kjelstad i Skjåk kyrkje som fekk tonefylgje av Eirik Matias Urdi på piano.

Som avslutning på konfirmanttida var vi, tradisjonen tru, i Botn og køyrde gokart. Like løje kvart år!

Strålande vèr og vi avslutta på Dønfoss med god mat og utlevering av konfirmantbilete.

Takk til Geir Aamodt, Svein og Pål

Skjåkødegård som også i år la til rette for at vi fekk nytte bana til NMK Skjåk.

Det har vore kyrkjeval, noko som er både spanande og mykje arbeid. Vi ønskjer det nyvalde rådet lykke til og ser fram til samarbeidet. Seinare i haust vert det opplæring av nye rådsmedlemmar. Det nye Skjåk kyrkjelege fellesråd trer i kraft frå 1. desember og vert presentert i messe 17. desember, når jula vert spelt og sunge inn.

Nye vedtekter for kyrkjegardane har vore ute på høyring og skal etter plan vedtakast i haust, før dei vert sendt Statsforvaltar i Vestfold Telemark for endeleg godkjenning.

I sommar har kyrkjedørene vore ope når kyrkja sine tilsette er på arbeid. Dei melder om svært stor trafikk og mange takknemlege gjennomreisande, fordi dei kan gå inn å sjå. Det er nok mange av desse som berre stoppar ved kyrkjebygga i bygda og ikkje i sentrum. Vi får og mange positive attendemeldingar på velstelte kyrkjegardar, så all ros til kyrkjetenarane og sommarhjelpa.

I sommar har vi hatt to dugnader i Skjåk kyrkje for å få ut dei ufatteleg store fuglereira som hadde bygd seg opp på loftet. Det er Harald Teigum Østengen og Noa Hånsnar som har gjort storparten av ryddinga og fått reir i sekk.

Takk til denne dugnadsgjengen; nokre var med på ein og nokre på begge to: Mona Grimstad, Bjørnar Stenersen, Håvard Krogstad Berger, Kåre Gloslie, Harald Østengen Lars Brennhaug, Amund Hånsnar. Det vart ”stubbelynt” 102 sekkar.

Vidare plan for tetting av taket på sørskipet, er at i haust så vert det lagt vintermatter og ein isolerande duk, som kan tåle noko fukt. Så får

vi berre håpe at vi får midlar til å få gjort dei tiltaka som må til, før råme og fukt gjer meir skade. Takk og til Interfil for at vi fekk dressar og verneutstyr til dette arbeidet.

Vågå, Lom og Skjåk sine fellesråd ønskjer eit nærare samarbeid innan det kyrkjelege livet, slik at vi kan gjere fleire ting i lag både for born og ungdom og på messeaktiviteten. Vi hadde eit fellesmøte i september der vi ser på moglegheiter om dette.

Vi ønskjer å markere dette med Nyttårstonar i Ottadalen -ein konsert i Nordberg kyrkje 01.01.24 kl.19.00. Dette kjem det meir informasjon i juleutgåva av bladet.

God haust til dykk alle lesarar av kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg

Det blir informasjonsmøte for 2024-konfirmantar og føresette onsdag 29. november

kl. 19.00 på Kraftverket.

Invitasjon kjem i posten!

4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00 SKEIMO Tlf: 61 21 40 65
Kyrkjekontoretinformerar
Arnborg Teigum Kyrkjeverje
KONFIRMANT 2024?

Å binde kransar og bårebukettar er ein del av kvardagen til Elin Fallingen på Akantus Blomster i Bismo. Da fell ho gjerne i djupe tankar.

– Det er jo trist når folk døyr, særleg når det er snakk om yngre personar. Da føler eg summe gonger at livet kan vera så urettferdig. Slikt kjem ofte fram att når eg tenkjer på familiemedlemmer som har døydd unge. Slikt er ikkje berre å leggje av seg. Og det er litt spesielt i eit samfunn der alle kjenner alle. Ein kjem tettare på. Da vi skreiv for hand på sløyfene, vart eg nok meir prega. Nå blir dette gjort på data, og er ikkje fullt så personleg, seier Elin.

Ved levering av bårebukettar og kransar i kyrkja møter ho ofte pårørande. Da er det stille og ei litt spesiell og vemodig stemning. Når ein driv blomsterbutikk, kjem ein gjerne tett på menneska. Det gjeld både i sorg og glede. Den menneskelege kontakta trivst Elin godt med.

Om arbeidet kan vera trist iblant, er gleda dess større når det er snakk om bryllaup, barnedåp og konfirmasjon. Da er det er triveleg å driv blomsterbutikk, legg Elin til. Da ho blir utfordra på å dele ei salme med oss, vel ho Kjærlighet fra Gud.

Kjærlighet fra Gud springer like ut som en kilde klar og ren.

I dens stille bunn, i dens dype grunn gjemmes livets edelsten.

Kjærlighet fra Gud som en yndig brud kommer smykket til oss ned. Lukk kun opp din favn, kom i Jesu navn, himlen bringer den jo med.

Kjærlighet fra Gud er det store bud, er det eneste jeg vet. Bli i kjærlighet, og du har Guds fred, for Gud selv er kjærlighet.

5
SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS Tlf: 957 60 724 Tlf 61 21 21 90 Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Mi salme Elin Fallingen
– Når eg kjenner den som har gått bort, kjem det gjerne ein tåre. Særleg trist er det når det er snakk om ein yngre person.
AV ELIAS SPERSTAD

Tema: Konfirmasjon Signe vart konfirmert under krigen

Det var smått med skilling, og vanskeleg å skaffe det ein trong til å sy klede av. Det var om og gjera å gjera det beste ut av det.

Slik skildrar 93 år gamle Signe Bakken tida da ho vart konfirmert. Dette var under krigen. Ein måtte trø varsamt. Folk var på tå hev. Ikkje minst gjaldt dette familien til Signe. Faren Ole O. Langleite var ordførar da krigen starta, men ville ikkje melde seg inn i NS og gjekk derfor av som ordførar. Han vart etter krigen igjen ordførar i Skjåk. Signe hugsar at faren brende ein del papir i frykt for at tyskarane kunne få ta i dei. Midt i denne vanskeleg tida skulle Signe konfirmerast. Og det gjekk etter forholda greitt. Konfirmasjonskullet i Nordberg var stort, over 30 fortel Signe. Førebuingane gjekk fint for seg, for det var ikkje rom for særlege sprell. Andberg var da prest, han var ikkje av dei strengaste, slik Signe oppfatta han.

– Presten spurde meg ikkje etter så mykje, så overhøyringa gjekk fint. Eg meiner å hugse at det gjekk fint for dei andre, også. For etter det eg kjem i hug, var det ingen i kullet vårt som måtte gå opp att. Det som verre var, var at det gjekk ein svær smittsam sjukdom i bygda dette året, det var vel lungebetennelse, om eg ikkje hugsar feil. Derfor vart konfirmasjonskullet i Nordberg delt i tre puljar. Lina Eiesar vart att som den einaste konfirmanten i siste puljen, fortel Signe, som vart konfirmert i oktober. Signe fekk sydd seg ein mørk konfirmasjonskjole med kvite snippar. Det var ikkje lett å få tak i stoff, så det var å ta til takke med det dei fekk tak i.

- Lita som eg var, var eg billeg i klesvegen. Far dreiv litt som skomakar attåt skogsarbeidet, men det var låkt med pengar og han hadde ikkje stort å hjelpe seg med. Det vart eit par kjøpsko, men dei var så små at tærne krulla seg. Familien var stor, med ni barn var det ein stri tørn for foreldra for å få endane til å møtast. Til konfirmasjonen var det berre fadderane som var bedne. Laget var heime på garden, med tradisjonell kost med rømmegraut, kjøttkaker og kjøtt. Gavene var stort sett pengar. Signe hugsar godt at ho fekk ti kroner av Torstein Jevnheim. Det tykte ho var ei gild gave. Det

vanka også ein par femkroningar. Og eit kjede. Under Signes oppvekst, var det populært å vera med i losje. Ho var fyrst med i barneljose, seinare i vaksenlosje. Forsamlingslokalet Framtidsheim var fast møteplass.

– At vi vart med i losja var for at vi skulle halde oss unna brennevin, det var det viktigaste for å vera med. Forresten var det ikkje så mykje anna å vera med på heller. Det er rart å tenkje attende til tida da eg var ung. Tida før og nå er ikkje til å samanlikne, seier Signe Bakken.

6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg TEKST OG FOTO: ELIAS SPERSTAD

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Konfirmantar i Nordberg og Skjåk hausten 2023

Nordberg 3. september

Bak frå venstre: Jonas Knutsødegård Stenersen, Halvor

Biløygard Johansen, Kristian Rustad.

Framme frå venstre: Amalie Fallingen Stadeløkken, Ronja

Morken Gartland, Matilde Tuva Haagaa, Anna Sigrun Randen, Martine Heggebotten, sokneprest Kåre Gloslie.

Skjåk 10. september

Bak frå venstre: Jon Sigurd Forberg, Tommy Andersbakken, Lars Vange.

Framme frå venstre: Tor Kjetil Bakken Voldhaug, Sina Aurmo, Ella Soglo, Gea Aurora Øiberg, sokneprest Kåre Gloslie.

Båe foto: Lars Kurt Haugen

7

Konfirmantjubileum 26. august

Konfirmerte i 1973 (over)

Framme frå v. Oddveig Øyberg Karlsen, Margrete Dagsgard Forberg, Unn Elin Skjåk Tråstad, Valborg Marsteinstrædet Frøise, Bak frå v. Rune Skjåk, Hans Heggebotn, Kjell Godtland, Nils Olav Fosstuen ,Morten Hagen, Trond Gustav Jøingsli, Ola Torstein Kveen, Per Ivar Risheim.

Konfirmerte i 1963 (øvst på høgre side)

Framme frå v. Marie Bøyeie Sollien, Inger Sigrid Sperstad, Oddny Asta Sveen Selbak, Aud Ytre Aaboen, Halldis Kirkeby Frisvold, Marit Teigum, Åshild Marsteinstredet Brandlistuen.

Bak frå v. Ingvald Sletten, Reidar Hosar, Per Steinar Løkken, Otto Skjåkødegård, Kari Horten, Lars Åmot, Helge Lillereiten, Torstein Morken, Kåre Lund, Leif Skamsar, Jon Lien, Torgeir Ødegård, Ola Nils Tofte.

Konfirmerte i 1953 (nederst på høgre side)

Sigvald Aamodt, Allaug Teigum Skar, Lina Svanhild Jøingsli Haugtredet, Torunn Bruheim Oppedal, Ragnhild Marsteinstredet Storkjørren, Johannes Bakken, Ragnar Ramstad.

8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg FOTOGRAF ESPEN ANDRE SKJÅK
9
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no

10
1 2 3
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 1. Johanne Randen Falkenhaug vart døypt i Nordberg kyrkje 9. juli. Foreldre er Jan-Magne Falkenhaug og Ann Marlen Randen. Andrea Randen er stolt storesyster. Privat foto. 2. Leo Kvambekk vart døypt i Nordberg kyrkje 26. august. Foreldre er Ida Rusten og Sondre Kvambekk. Foto: Amund Hånsnar. 3. Ida Loe Plassen vart døypt i Nordberg kyrkje
du feire en stor dag?
2. september. Foreldre er Hanne Raddum Loe og Anders Otto Plassen. Magnus Loe Plassen er stolt storebror. Foto: Amund Hånsnar.
Skal
2690
tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no POLLFOSS HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com •
Annonser_kyrkjebladet.indd
Barmedåp
Skjåk
Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Skjåk kyrkjelege fellesråd 2023-2027

Kyrkjevalet gjekk føre seg likt med kommune- og fylkestingsvalet i starten av september. Det var også mogleg å røyste på førehand. Det nye fellesrådet er:

Frå Nordberg Sokn

Magnhild Teigum, Nils Arne Flaten og Siv Jorunn Welve.

Varamedlemmar: Sigurd Mølmen, Margot Elin Teigen, Monica Tuva og Jarnfrid Rustad.

Bygd og ætt

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN

Døde:

Kjell Dagsgard

f. 04.04.1943 – d.17.07.2023

Kåre Lars Gjerdet

f. 19.07.1939 – d. 18.08.2023

Frå Skjåk Sokn

Runa Aurmo, Terje Kveen og Frida Risheim Hjeltar

Varamedlemmar: Laila Bårdseng, Eilev Aurstad, Aud Jotun og Ronny Ramstad Eiesar.

Laurdag 7. oktober kl. 14.00-16.00 arrangerar Skjåk Songlag

”Kom innom å syng - dag”

PÅ KRAFTVERKET

Allsang frå Mads Berg si songbok - tonefylgje av Reidar Svare

VELKOMNE

SKRIFTHUGGEREN AS

v/ Jørn Westby Inskripsjonar og oppussing av gravminne

Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk

Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no • tlf 957

Skjåk Gartneri AS

Tlf. 901 69 255

Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

Vigde: 02.09.2023

Hanne Raddum Loe og AndersOtto Grov Plassen

Døypte: 09.07.2023

Johanne Randen Falkenhaug

26.08.2023

Leo Kvambekk

02.09.2023

Ida Loe Plassen

SKJÅK SOKN

Døde:

Oddrun Klara Tofte

f. 26.04.1934 – d. 25.06.2023

Oddvin Gjeilosjordet

f. 21.08.1939 – d. 29.07.2023

Jenny Steinsgard

f. 17.02.1941 – d. 05.08.2023

Kjell Morten Kveen

f. 13.09.1963 – d. 10.08.2023

Margaret Moen (urnenedsetting)

f. 25.11.1952 – d. 04.02.2023

Lise Støback Kvalheim (urnenedsetting)

f. 03.06.1957 – d. 28.12.2023

Nergård Steinindustri A/S

Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane

Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

11
23 671
B L O M S T E R S k j å k K j ø p e s e n t e r • T l f 6 1 2 1 4 0 5 5
AKANTUS

Gokart i Botn

Tradisjonen tru avslutta vi konfirmanttida med Go-kartkøyring i Botn og eit godt måltid mat, denne gongen på Dønfoss Camping onsdag 13.

september.

Bismo Bilverksted AS

Garcia Holding AS

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no

Skjåk

12
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13
elektr Tlf 61 28 45 45
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
bism
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
TuristheimSkeid Kro epost: sissel@skeidkro.no
Tlf: 906 88 113
Skjåk
61 21 44 00 / 922 13 597 Bygger´n
61 21 38 80
2690
Tlf:
Skjåk, 2690 Skjåk
Tlf
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.