
3 minute read
Boktips fra biblioteket i Hemsedal


Et jentebarn av Martin Tilrem
Det er våren 1814, og situasjonen er ganske tilspissa mellom Noreg og Sverige. Unge gutar frå grensetraktene blir hanka inn og sende ut som soldatar med minimal opplæring. Aslak Broch er ein av dei, han er atten år og einebarn. Han hadde ei tvillingsyster, men kva skjedde eigentleg med ho?
– Et jentebarn er ein fengande historisk roman om brorskap, om liv og død, og om moralske dilemma.

Den lille store kysseboka av Monika Steinholm
Denne boka er meint for 5.-7. klasse, men er veldig sjarmerande for alle som er eldre enn det. Det er ei faktabok som f.eks. fortel om mange slags kyss - på kinnet, på handa, på panna eller føtene. Nokre dyr helsar på kvarandre ved å gni snute. Det står om verdas lengste kyss, som varte i 58 timar og diverse andre fun facts. I tillegg inneheld boka ei søt historie der Emma og Noah fortel kvart sitt kapittel. Dei er begge hemmeleg forelska i den andre. Så kan det vel hende at den historia endar med - eit kyss.

Little women av Louisa May Alcott
Little Women følger de fire March-søstrene – Meg, Jo, Beth og Amy – som vokser opp i enkle kår i New England under den amerikanske borgerkrigen. Faren deres er ved fronten, og moren, Marmee, holder familien samlet. Gjennom ett år følger vi søstrenes hverdag med arbeid, skole, vennskap og små konflikter. De lærer å håndtere egne svakheter og utvikler seg som mennesker. De blir kjent med naboen Laurie og hans bestefar, og vennskapet mellom familiene vokser.
– Little women er en tidløs klassiker med en varm og optimistisk tone, der fokuset er på hverdagsliv og relasjoner. Selv om det er mer enn 150 år siden boken først ble publisert er den stadig populær, og det med god grunn. Det er en sjarmerende bok som passer for både ungdom og voksne.

Under stjernene i Paris av Karolina Schützer
Då bestemora døyr, arvar Sophia svært overraskande ein forfallen bar i Paris. Sophia føler seg forbigått på jobben, er nyskilt og har ikkje nokon stad å bu. Livet hennar er rett og slett ikkje heilt på stell. Ho tek turen til Paris, er fast bestemt på å selje baren og bruke pengane til å starte på nytt heime i Sverige. Men når ho kjem til Paris, viser det seg at baren, folka der og nabolaget er noko heilt anna enn det ho hadde trudd.
– Dette er ein roman som er lett å like og å drøyme seg bort i, med god stemning frå livet rundt ein fortauskafé i Paris.
Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.
Helsing Camilla, Sønnev, Lissy, Sissel og Anne Berit