Klart vi kan!

Page 26

sport 26

sport

Tips oss!

57 83 33 33

Firda

Torsdag 4. juni 2015

Tips oss om smÄ og store sportshendingar Stig Roger Eide Journalist 911 49 815 stig@firda.no

Send tekst og bilde pÄ e-post:

sporten@firda.no

Send inn video: firda.no/lesarvideo Facebook: facebook.com/firdamedia Twitter: @firdamedia Instagram: @firdamedia

KLAR: Optimismen pregar hovudkomiteen fÞre neste Ärs EM. FrÄ venstre Tom Farsund, Stian Grimseth, Silje Furset, Jan Inge Rygg, Heidi Ann Endestad og Odd-Gunnar RÞyseth.

Foto: Bent Are Iversen

– Vi vil lage ein meisterskap folk vil hugse i lang tid

Vil ha eit annleis EM

VEKTLØFTING: Om eit knapt Ă„r vil TVsjĂ„arar frĂ„ minst 40 land ha argusauge pĂ„ kva som skjer i FĂžrde. – Og det blir ikkje berre vektlĂžfting! Stig Roger Eide stig@firda.no 911 49 815

Stian Grimseth i hovudkomiteen for vektlĂžftar-EM i FĂžrde har hĂ„p om at det skal gĂ„ gjetord om meisterskapen i FĂžrde i lang tid. Ikkje minst er ambisjonane store med tanke pĂ„ det utanomsportslege. – SjĂžlvsagt skal vektlĂžftinga vere i hovudfokus. Men vi har ambisjonar om Ă„ gjere dette til noko heilt anna enn eit vanleg idrettsarrangement, seier Grimseth og viser til at mange

ne som deltek pÄ tinget. SÄ dette skal nok bli ganske sÄ kjent nÄr vi nÊrmar oss april neste Är, seier Tom Farsund.

timars TV-sending pĂ„ Eurosport og TV2 Sportskanalen betyr at dei mĂ„ finne pĂ„ mykje anna for Ă„ gjere sendingane spennande. – For dei idrett- og vektlĂžftarfrelste er det sjĂžlve idretten som er viktig. Men for alle dei andre, og ikkje minst lokalt her i fylket, sĂ„ mĂ„ vi finne pĂ„ mykje anna som kan trekke folk til FĂžrde denne veka meisterskapen vert arrangert, seier han.

Bruke naturen

Til RĂ„dhuset Saman med Tom Farsund, som er tilsett for Ă„ arbeide med neste Ă„rs EM, ser dei to fleire trekkplaster som kan skape den stemninga han er ute etter. – Vi jobbar med Ă„ legge nokre av sigersseremoniane til det nye RĂ„dhuset. Og vi kjem garantert til Ă„ hente inn ressursar som skal gjere dette til ei oppleving for folk flest, seier Farsund

KRAFT: Slik ser logoen til neste Ă„rs EM i vektlĂžfting i FĂžrde ut. Meisterskapen vert avvikla i april mĂ„nad. og reknar med bĂ„de musikalske og idrettslege opplevingar vil utgjere nokre av ingrediensane. – Det er ikkje mange internasjonale meisterskap i Norge

neste Är. Og allereie under helgas idrettsting i Trondheim, sÄ vil ein video om vektlÞftar-EM neste Är bli vist kontinuerleg for dei fleire hundre idrettsleiara-

Meisterskapen vil vere lokalisert til FĂžrdehuset, medan det nye vektlĂžftarhuset i Naustdal, som skal stĂ„ ferdig til pĂ„ske, vil fungere som treningslokale under meisterskapen. – Og vi kjem til Ă„ legge vekt pĂ„ at TV-sjĂ„arane gjennom Eurosport og TV2 kjem til Ă„ fĂ„ sjĂ„ litt av den unike naturen vi har. Og vi legg ogsĂ„ opp til at mange av deltakarane, leiarane og andre skal fĂ„ oppleve denne naturen pĂ„ nĂŠrt hald, seier duoen, som ikkje vil rĂžpe for mykje pĂ„ noverande tidspunkt. – Vi vil skape eit annleis EM, og gjere denne meisterskapen til noko som vert hugsa lenge, seier Farsund.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.