Hav av moglegheiter 2019

Page 1

Hav av moglegheiter Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2019.

Framtida er hightech Side 34-35


2

Hav av moglegheiter 2019

Les meir om desse sakene: Nyttige: Rognkjeksen i Svelgen er artige skapningar.

Tre milionar lakselussoldatar frå Svelgen Side 5

Norsk lakseautomat i Asia Side 6

Leif Stavøstrand-

Evoy-Leif i førarsetet for elbåt-utvikling Side 11

Fiskar Harald Gulestøl i Kalvåg med båten Annjo. Friv med hummarfiske og

Opnar for strengare freding av hummaren Side 24

Investorar tenner på Bulandsmodellen Side 26-27

INC få kan valuta for tolmodig torskesatsing Side 33

Hav av moglegheiter 2019

Dette bransjemagasinet er det 17. i rekka frå Firdaposten i Florø og Fjordenes Tidende i Måløy. Vi som til dagleg kivast om å vere først med lokale nyhende i dei dekningsområda vi deler, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Ansvarlege redaktørar: Erling Wåge i Fjordenes Tidende og Svend Arne Vee i Firdaposten. Redaksjonsansvarlege: Arve Olav Solbakken, Firdaposten og Svanhild Breidalen, Fjordenes Tidende Skrivande journalistar: Arve Olav Solbakken, Jørn-Arne Tomasgard, David E. Antonsen og Arne Hjorth Johansen. Marknadsansvarlege: Sander Ødelien, Firdaposten og Ståle Tennebø i Fjordenes Tidende. Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt Trykk: Sogn og Fjordane Trykk. Førde. Opplag : 49.000 eksemplar som blir distribuert til alle husstandar og verksemder i Sogn og Fjordane.

har fått kollega: Fiskehelsebiologen Asbjørn Løland (t.h.) bygger forretningmessige og faglege nettverk med base i Leirvik i Sogn. Christian Skår er tilsett som prosjektleiar i Akvahub.

Koblar utviklingsaktørar i havbruket Hyllestad: Med base i Akvahub i Hyllestad og kunnskapsmiljøet i Bergen, jobbar Asbjørn Løland med å legge til rette for vidare utvikling i havbruksnæringa. Akvahub starta opp som selskap i 2016, med mål om å utvikle eit kompetansesenter innan havbruk. Tanken er å knyte til seg bedrifter og aktørar som ønsker å dele kunnskap og idear. – Det handlar om å finne flater vi kan samarbeide på. Stein Kvalsund og Hub for Ocean (tidlegare Maritim Forening) var svært viktig i oppstarten av Akvahub med si lange erfaring i det å skape samarbeid mellom ulike aktørar. I tillegg til å knyte eigarane tettare saman har vi også god kollegial dialog med andre havbrukssatsingar slik som miljøet i Aksello og aktørane i Måløy, fortel Løland, som er fiskehelsebiolog av yrke. Å flytte heim igjen til Hyllestad med familien har alltid vore i tankane til Løland. Dei siste 15 åra har han budd i Bergen der han etter endt utdanning jobba som produktsjef i EWOS og utviklings- og marknadssjef i PHARMAQ Analytiq. – Men Akvahub har eit såkalla distriktskontor på Marineholmen i Bergen også, ler han, og held fram: – I Bergen møter ein svært mykje kompetente fagfolk i norsk havbruk, og det gjeld å få kopla denne kompetansen med innovatørane som fins ute i distrikta, fortel han. Det er jo her innovasjonen skjer. Akvahub har fått tillit frå mange hald, til dømes frå Sparebanken Sogn og Fjordane

som gav selskapet ein million kroner til utviklingsarbeidet i fjor. Nyleg har dei knytta til seg Christian Hatlem Skår som prosjektleiar, med spesielt ansvar for prosjekteringa i Bulandet Miljøfisk og for elektrifisering av sjøbaserte oppdrettsanlegg i samarbeid med Multivolt. I tida framover skal Akvahub saman med Universitetet i Bergen (UiB) og Norce utarbeide driftsprotokollen frå pilotdrifta til Bulandet Miljøfisk. Prosjektet er banebrytande ved at dei landbaserte oppdrettskara er plassert under havnivå i ei tørr byggegrop på ei øy. Ved å pumpe inntaksvatnet opp i eit nivåbasseng, skal ein utnytte tyngdekrafta til å sende sjøvatn inn i gjennomstrøymingsanlegget. – I tillegg til optimalisering av energibruk ved å teste gjenbruk av sjø, utlufting av CO2 og tilførsle av oksygen, skal vi også trene fisken for å produsere ein mykje meir robust postmolt eller laks. Resultata i piloten vil vere avgjerande for det endelege designet av fullskala anlegg, fortel han. I pilotanlegget skal ein drifte ei gruppe på fire kar med karvolum på 3500 kubikkmeter. Fullt utbygd er planen å ha ytterlegare 24 kar i Bulandet.

FAKTA AKVAHUB ■■ Desse sju verksemdene frå Hyllestad,

Askvoll, Flora og Ulstein er eigarar. Multivolt, Yatek, Bulandet Miljøfisk, Seaweed, Skylesteinen, Aducate og Aqua Development AS.

Arve Olav Solbakken


Hav av moglegheiter 2019

100YEARS 1915-2015

Kjøp ørreten vår hos OG over hele landet

Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com

3


4

Hav av moglegheiter 2019

Produserer tre millionar rognkjeks årleg Svelgen: Nokre artige skapningar som skal ete lus av oppdrettslaks, er ein del av storsatsinga til Steinvik Fiskefarm i Svelgen. – Vi har konsesjon på 10 millionar rognkjeks i året. Men vi produserer ikkje så mykje. Optimalt produserer vi kanskje tre millionar årleg. Noko brukar vi sjølv som rensefisk i eigne anlegg, det meste blir selt i marknaden, fortel prosjektleiar for utviklinga av anlegget, Bjarte Steinhovden. Det var i 2010 selskapet Steinvik Rensefisk AS med adresse Svelgen vart stifta. Rekneskapstala for 2018 viser eit resultat før skatt på 36 millionar kroner for verksemda.

Steinhovden stadfestar at dei tenar pengar på rensefisken frå Svelgen. – Vi har klart å få til god produksjon. Dyktige tilsette har mykje av æra for det. Vi har klart å skape gode tilhøve med mellom anna høg kvalitet på vatnet inn og ut av anlegget, seier han. Anlegget har i dag kring 10 tilsette. Dette kan stige til 30-40 etter kvart som prosjektet er ferdig utvikla. Steinvik Gruppen, med base i Høydalsfjorden utanfor Eikefjord,

Måløy vidaregående skule

Nyttige: Rognkjeksen i Svelgen er artige skapningar. Dei er ein del av løysinga på problemet med lus i oppdrettsanlegg sidan dei et lusa av laksen. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

kjøpte opp anlegget i Breivika der det tidlegare var oppdrett av torsk. Steinhovden fortel at bakgrunnen for oppkjøpet var at dei såg store utviklingsmoglegheiter på staden, med tilgang til ferskvatn frå Risevatnet, varme frå Elkem og kort veg til sjøen. No er dei storstilte planane i ferd med å bli realisert. Eit 5500 kvadratmeter stort bygg reiser seg. Dette er byggetrinn 1. Her skal smolten stå på land til han er 150-400 gram før han blir sett ut i sjøen. Byggetrinn 1 har ei kostnadsramme på

www.maloy.vgs.no

Yrkes og studiekompetanse

YSK/TAF • • • •

300 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Verksemda har også godkjent reguleringsplan for byggetrinn 2, som er eit tilsvarande stort bygg, der fisken kan stå til han er 700-1500 gram stor. Det eksisterer også planar for eit byggetrinn 3, men her er ikkje alle løyve og planar på plass. Med byggetrinn 3 ferdig vil anlegget vere eit fullverdig landbasert oppdrettsanlegg der ein produserer laks frå yngel til kring fire kg, klar for marknaden. Dette er det lange perspektivet. På kort sikt går prosjektet ut på å

Eg synest det var fire flotte år, og den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet er svært nyttig i å ta med seg vidare.

Løn under utdanning Fagbrev og spesiell studiekompetanse Teori på skulen, praksis i bedrifter Fireårig løp

Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no

YSK/TAF er læring i praksis som gir alle moglegheiter

Studietilbod i Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk - Helse- og oppvekstfag - Naturbruk - Restaurant- og matfag - Teknikk og industriell produksjon - Studiespesialisering

Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no YSK (TAF) Yrkes- og studiekompetanse innafor: - Industriteknologi - Helsefagarbeidar - Akvakultur

Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no


Hav av moglegheiter 2019

Prosjektleiar: Bjarte Steinhovden leiar utviklingsprosjektet i Breivika i Svelgen, det største for Steinvik Fiskefarm nokon gong.

produsere større smolt på land, slik at tida i sjøen blir korta ned og dermed også eksponeringa mot lus. Dette er ei utvikling ein ser i heile oppdrettsnæringa. Ein del av prosjektet er ei overføringsleidning, samt laksetrapp og demning, mellom Riseelva og Breivika. Delar av overføringsledninga som fører ferskvatn frå Risevatnet til anlegget i Breivika, går i eit tunnelsystem gjennom fjell, under riksvegen, og i sjøleidning. Samla er dei to første byggetrinna

walcon.no

kostnadsrekna til 600 millionar kroner. Verksemda har frå før brukt 80-90 millionar kroner på ulike investeringar på staden. Steinhovden seier anleggsutviklinga går etter planen, og at dei ser for seg å teste ut det ferdige anlegget neste haust/vinter med overlevering av byggetrinn 1 15. januar 2021. – Vi har inngått kontrakter med alle dei store leverandørane og er i gang med å reise det første bygget med betongarbeid, element og dekke.

Blir realisert: Byggjetrinn 1 er i ferd med å reise seg og storsatsinga til Steinvik Fiskefarm i Breivika går frå plan til røyndom. Rognkjeksanlegget ligg i bygget til venstre. Rognkjeksen er også ein del av utviklingsprosjektet. Planen er å auke produksjonen med ein million årleg når det nye bygget står klart. – Vi skal ha ei avdeling i andre etasje i nybygget for rogn, klekking, startfôring og utvikling av tidleg yngel av rognkjeks. Så flyttar vi fisken til det eksisterande bygget for vidare framvekst. Rognkjeksen er ferdig utvikla etter seks til ni månader. Ifølgje Steinhovden er det dokumentert god effekt av rognkjeks som tiltak mot lus. – Det er gjort undersøkingar som

walcon – et fyrtårn på kysten

viser at rognkjeks som har stått i oppdrettsanlegg, har mykje lus i magesekken. Det viser at han et lusa. Rognkjeks har best effekt i kalde sjøtemperaturar. I varme temperaturar har berggylt vist seg mest effektiv. Per i dag konsentrerer vi produksjonen om rognkjeks.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Fiskehelsetjenester – Miljøtjenester – Rådgiving – Brønnbåtkontroll

Et helhetlig perspektiv på havbruksproduksjon, fiskehelse og miljø

Fagarbeid er styrken vår mekanikere rørleggere sveisere stålutrustning hydraulikk

A til Å - www.atilaa.no

• • • • •

Fiskehelsebiolog Synnøve Åhjem

Telefon 917 20 347 P.b. 1067, Ole Aaserudsgata 7 6909 FLORØ

BERGEN – FLORØ – SMØLA – LEKNES – HARSTAD – REYKJAVIK

5


6

Hav av moglegheiter 2019

Samarbeids-partnarar: Tore Lyng (t.v.) og Amanish Kumar samarbeider om satsinga under merkenamnet Norwegian Salmon ATM.

FOTO: LYNG SEAFOOD

Godt synleg: 100 drosjer i Singapore skal køyre rundt med reklame for lakseautomatane i 14 månader.

FOTO: LYNG SEAFOOD

Internasjonal verksemd: Lyng Seafood er eit døme på at næringslivet i Måløy er retta mot verda. Dagleg leiar Morten Lyng har vore tre gongar i Singapore i samband med satsinga på lakseautomatar. Då vi snakka med ha, førebudde han seg på å halde stand med lakseautomaten på verdas største fiskerimesse, China Fisheries and Seafood Expo i Qingdao.

Styrer asiastisk lakseautomat frå ein app Måløy: Det må kunne kallast eit industrieventyr når Måløybaserte Lyng Seafood har plassert ut 100 lakseautomatar i Singapore. Ifølgje dagleg leiar Morten Lyng er dei først i verda med konseptet. – I asiatiske land er det automatar for alt mogleg. Japan er mest ekstremt med 3,8 millionar automatar der 900.000 av dei er Coca-Cola-automatar. Vi tenkjer at det også må vere mogleg å selje lakseporsjonar gjennom automat, seier Lyng. Vi møter han på det nye hovedkontoret til Lyng Seafood i andre etasje i Paulsenhuset i Gate 1 der han administrerer satsinga. Her held ulike selskap i tilknytning til morselskapet Mato Invest til. Det er far til Morten, Tore Lyng, som står bak Mato Invest. Automatsatsinga i Asia skjer under merkenamnet Norwegian Salmon ATM. Tore Lyng

eig selskapet saman med Manish Kumar, ein indar som har budd i Norge og jobba i laksenæringa, og som no er stadleg leiar for satsinga i Singapore. Tanken er at selskapsstrukturen i Lyng-systemet skal drive med ulike aktivitetar innan marine næringar, til dømes kjøp og sal av fisk. Slik sett kan dei utfylle kvarandre. Laksen som blir kjøpt og bearbeida i Norge, blir sendt frossen i kontainer til Singapore, der han blir plassert ut i automatane.

Plassert der folk ferdast og bur 200 grams porsjonar kan med få tastetrykk hentast ut av automaten mot betaling. Automatane er plassert ved knutepunkt der folk ferdast og bur. T-banestasjonar, ved kjøpesenter og store burettslag er stader Morten Lyng nemner som naturleg plassering. Dei starta 19. januar med 15 automatar, no har dei kring 100. Planen er 200-300 automatar i Singapore i 2020, ei øy med 5,5 millionar menneske innanfor eit avgrensa område. Plasseringa for oppstarten er ikkje tilfeldig. Stader med mykje folk på eit avgrensa område i stabile omgjevnader blir plukka ut for vi-

dare ekspansjon. For satsinga stoppar ikkje i Singepore. – Vi jobbar no med å inngå franchiseavtalar i ein del land. Vi forventar å ha to-tre andre land klare i år, og tre-fire nye neste år. Det er snakk om land i området rundt Singapore. Vi er blitt kontakta frå alle asiatiske land, bortsett frå NordKorea. Automaten er vist på TV både i Thailand, Kina og Vietnam. BBC hadde ein podcast om automaten, så vi får stor merksemd. I 14 månader framover skal 100 taxiar i Singapore køyre rundt med heildekkande reklame for lakseautomaten.

Har kontroll gjennom app Morten Lyng fortel at franchisetakarane for automatane er utstyrt med ein app på telefonen der dei får beskjed når automaten må fyllast på eller om temperaturen er feil. Dette systemet kan han også overvake frå Måløy. Det er ein produsent av iskremmaskiner som har fått oppdraget med å lage automatane fysisk. Når satsinga flyttar seg til andre land, blir det med andre produsentar og franchisetakarar, ifølgje Lyng. For tida er han oppteken med å hauste av erfaringane med automa-

FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

tane så langt, og sjå på moglege forbetringar og produktutvikling.

Opptekne av berekraft – Utviklinga viser ein jamn auke i salet. No ser vi på moglegheita til å informere meir om produktet visuelt på sjølve automaten, gjennom ein skjerm. Vi vurderer også fortløpande å utvikle med andre produkt. Til dømes røykt laks. Også sal av kvitfisk kan vere aktuelt. Enkelte kundar har ei formeining om at fersk fisk er best. Vi er ikkje nødvendigvis samd i det, sidan fersk fisk gjerne er tre-fire dagar gamal, medan den frosne er direkte fryst ned. Vi tenker på framtida, vi kan ikkje sende alt ferskt, sidan det er viktig å redusere CO2-utslepp. Lågare svinn med frossen fisk er også ein viktig faktor. Lyng fortel at dei har eit berekraftig perspektiv på satsinga. – Å fly varene ferske ned er ikkje ein del av strategien. Då satsar vi heller meir miljøvennleg på kontainer sjøvegen. Vi følgjer også nøye med på utviklinga med ein ny emballasje av fiskeavfall som erstatning for plast.

JØRN-ARNE TOMASGARD


Hav av moglegheiter 2019

solheim-diesel.no

Åpningstider butikk: Man., tirs., ons., fre.: 08.00-16.30 • Torsdag: 08.00-18.00 • Lørdag: 10.00-15.00

Visste du at vi selger mer enn båt og båtutstyr?

Her er noe av vareutvalget vårt som vi leverer til våre kunder

NYHET hos oss: HiKOKI el og batteriverktøy, Univern arbeidstøy, Dunlop Hiflex hydraulikkslanger – slanger – kilereimer. Vi er autorisert verksted for: Volvo Penta, Yanmar, Yamaha, Suzuki og Mercury.

Har du et annet motormerke evt. en generator eller hjelpemotor? Så hjelper vi deg gjerne med denne også!

7


8

Hav av moglegheiter 2019

Har etablert seg:

Her er tre av dei som så langt er tilsett i Måløy Marine Ressurssenter Ocean Blue. Frå venstre forskar Renate Bøe, dagleg leiar Roger Bergset og økonomi- og administrasjonsleiar Trond Briskeby. Verksemda har kontoradresse i Gate 1, 215. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Håpar MMR blir motor i ma Måløy: Måløy Marine Ressurssenter (MMR) har i haust etablert seg med administrasjon og forskarstillingar. Tanken er at forskingsprosjekt ved senteret kan føre til nyetableringar innan marine næringar.

Renate Bøe er ei av to unge kvinner med mastergrad frå Vågsøy som er byrja jobbe i forskarstilling i nyetablerte MMR. – Hadde det ikkje vore for at eg fekk denne jobben i Måløy, hadde vi nok etablert oss i ålesundområdet. Eg er veldig glad for å ha fått denne sjansen, for planen har alltid vore å flytte heim til Måløy, seier Bøe. Vi møter henne saman med dagleg leiar Roger Bergset og økonomi- og administrasjonsleiar Trond Briskeby i Måløy Marine Ressurssenter Ocean Blue (MMR). Også Julie Trollebø Kvalheim har flytta tilbake til Måløy og byrja i marin forskarstilling i haust. Medan Bøe er master i havressurs

frå NTNU i Trondheim, er Trollebø Kvalheim master i fiskeribiololgi frå Universitetet i Bergen. Begge har med seg sambuar, slik at tilflyttingseffekten er på fire personar.

Ikkje redd risiko Bergset er siviløkonom, medan Briskeby er diplomøkonom. Begge pendlar frå Eid. Den siste som førebels er tilsett i MMR, er forskingsleiar Dag Hjelle med base i Oppstryn. Ifølgje Bergset er Hjelle pensjonert frå Forsvaret, han har doktorgrad i medisin, har leia internasjonale NATO-prosjekt og er no involvert i eit mikroalgeprosjekt i Oppstryn. Det er med andre ord høgt utdanningsnivå, ei blanding mellom er-

farne og nyutdanna, og regional spreiing på dei tilsette. Risikoen ved å gå inn i ei nyetablert verksemd er ingen av dei vi snakka med redd for. – Det er spennande å vere med å byggje opp noko nytt. Eg tenkjer at det gjev meg ein del moglegheiter eg ikkje ville fått i ei stilling som var meir etablert, seier Bøe.

Byggjer laboratorium Bergset seier dei no har fått på plass ein førebels struktur og at dei startar jobben med å skaffe seg oppdrag i marknaden. Han reknar med at dei skal vere involvert i fleire prosjekt i løpet av hausten. Dei byggjer også laboratorium som blir samlo-


Hav av moglegheiter 2019

Byggjer vidare med Måløy Ocean Hub Måløy Vekst er i gang med å byggje opp eit system for å skape knoppskyting av verksemder basert på prosjekt gjennom MMR.

Glad for å flytte heim: – Utan denne jobben i Måløy hadde eg nok hamna i ålesundsområdet der sambuaren min er i frå, trur Renate Bøe, nytilsett forskar i MMR med master i havressurs frå NTNU.

Det er Linda MacDonald og Randi Humborstad i Måløy Vekst som styrer dette arbeide. Ifølgje dagleg leiar Roger Bergset kan også MMR bli ein del av denne planlagte næringsklynga etter kvart. – På sikt er det snakk om å samle forskarar, studentar, gründermiljø og eksisterande verksemder. Det kan skje i eit eksisterande bygg eller eit nybygg i Måløy sentrum. Men det vil krevje ein viss storleik. Det er heller ikkje noko i vegen for at knoppskytinga kan skje ute hjå verksemdene sjølve, at prosjekta flyttar ut til verksemda og at eventuell vidare verksemdetablering skjer i tilknytning til eksisterande miljø. Det vesentlege er at det skal skapast vekst i grensesnittet mellom næringsliv og forsking her i regionen, seier Bergset.

– Ryddigast å skifte jobb Ikkje redd risiko: Dei tilsette i MMR Ocean Blue

meiner risikoen ved å vere med i ei nyetablert satsing er meir spanande enn skummelt. – Det gjev ein del andre moglegheiter enn i eit etablert system, seier nyutdanna og nytilsette Renate Bøe (t.v.). Her saman med dagleg leiar Roger Bergset og økonomi- og administrasjonsleiar Trond Briskeby.

arin utvikling kalisert med det landbaserte oppdrettsselskapet OFS Måløy i Barstadvika. – 1. august starta vi her for fullt. I løpet av september byrja vi jobben med formidling av studentoppgåver. Vi starta med piloten i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NBMU) på Ås. Vi har hatt besøk av 35 studentar som var på rundtur i området her. Over 60 prosent av dei var internasjonale, mange frå asiatiske land. Får vi mange oppdrag, er planen å bemanne opp raskt. I eit tiårsperspektiv tek vi sikte på å ha 35 tilsette, seier Bergset. – I dag veit vi at mange av verksemdene lokalt kjøper desse tenes-

tene i ålesundsområdet. Med denne satsinga ynskjer vi å skape eit lokalt kompetansemiljø innan havbruk, fiske og fangst og nye marine næringar.

Stor positivitet lokalt Bergset seier MMR opplever stor positivitet i nærområdet, og dei arbeider no med fleire potensielle prosjekt og kundar. I haust og vinter har MMR definert leveransane til å innehalde forskingsprosjekt og lett FoU-infrastrutur. I 2020/2021 er planen å gå inn med tung FoU-infrastruktur.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Fakta MMR Ocean Blue ■■ Ei forskingsstifting ■■ Eit samarbeid mellom

verksemder, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule ■■ Tilbyr forskningsprosjekt, organiserte studentprosjekt, verdsleiande FoUinfrastruktur innan utvalde område ■■ Har mål om å styrke næringslivet i regionen gjennom å formidle, utvikle og gjennomføre FoU-prosjekt og byggje næringslivsrelevant FoUinfrastruktur ■■ Instansar som er med å finansiere tiltaket er Sogn og Fjordane fylkeskommune (15 mill.), Vågsøy kommune (3,5), Bremanger kommune (1), Flora kommune (1), Selje kommune (1), Eid kommune (0,5), bedrifter/personar (2,5), Sparebanken Vest (3), Sparebanken Sogn og Fjordane (3), Innovasjon Norge (1,5)

Dagleg leiar i MMR Roger Bergset har mangeårig bakgrunn frå Segel, der han siste ti åra har jobba med innovasjon og utvikling i marine bedrifter. Han kjenner såleis systema rundt forsking og finansiering godt. Det var også gjennom Segel den daglege leiaren kom i kontakt med MMR sidan han var innleigd i samband med forprosjekt og etablering. No er han flytta over til MMR på heiltid. – Å vere dagleg leiar i MMR er ein heiltidsjobb. Ein må ha fullt fokus på dette arbeidet skal det bli vellukka. Eg er framleis inne på eigarsida i Segel-gruppa på konsernnivå med ein tredel eigarskap, og eg er styreleiar i «joint venture»-selskapet Segel India. Men eg jobbar ikkje i Segel lenger. Eg innsåg at det ville bli for mange habilitetskonfliktar om eg skulle vere begge stader. Dette er ryddigast. MMR har skaffa seg ein god kapitalbase gjennom løyvingar frå det offentlege og private verskemder. Total eigenkapital er 32,3 millionar kroner, men 22 av desse er bunden kapital. Det vil seie pengane må brukast til investeringar der selskapet sjølv stiller med tilsvarande kapital. Den frie eigenkapitalen som blir brukt til investeringar og drift i startfasen er på 8,8 millionar kroner.

9


10

Hav av moglegheiter 2019

KICKOFF: Frå venstre

Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk, Erling Sande, SFE, Ørjan Storesund og LInda Mortensen Midtø, hamnesjef i Flora, Bjørn Hønsi Følling, BKK, Leif Stavøstrand og Audun Magne Askeland i Evoy. (Foto: Arve Olav F. Solbakken)

Vi ser for oss at også fritidsbåtar vil komme med elektrisk framdrift. Leif Stavøstrand

Ladestasjon: Her i Florø sentrum kan det bli superladestasjon for elbåtar. Ørjan Storesund i Flora Hamn i samtale med Evoy-gründer Leif Foto: Arve Olav F. Solbakken Stavøstrand og Bjørn Hønse Følling i BKK.

Florø først med superlading for el-båtar Florø: Leif Stavøstrand og Evoy saman med seks partnerar vil bygge den første superladestasjonen for elbåtar i hamna i Florø. I sommar danna partnarane Evoy, BKK, SFE, Flora Hamn, Høgskulen på Vestlandet, E. Karstensens Fiskeoppdrett og Marø Havbruk ei gruppe med målsetjing om å få bygd ein rask og effektiv ladar. Gruppa har no fått 250.000. kroner i støtte frå det fylkeskommunale Marint Verdiskapningsfond til eit forprosjekt. Nyleg hadde styrings-

gruppa kickoff-møte og presenterte planane sine. Gründer og utviklar av elektrisk framdrifts- og styringssystem for arbeidsbåtar i storleik opp til 15 meter, Leif Stavøstrand, ser at det blir viktig å bygge infrastruktur for lading rundt satsinga. – Intensjonen er at ladaren skal gje 350 kW, noko som vil gjere den til den hurtigaste ladeaen for mindre fartøy i verda. Til samanlikning betyr det raskare lading enn det Tesla har (250 kW) på sine ladarar. Med ein slik ladar vil Evoy1 eller ein annan båt med tilsvarande system kunne lade 0 til 100 % på under 30 min. Eller frå 20 til 80 % på 10 minutt. Evoy har som mål å bygge ladenettverk langs kysten saman

med partnarar. Florø er først ut, fortel Stavøstrand. Evoy1 er prototypen av ein elektrisk arbeidsbåt for havbruksnæringa, men utviklinga peikar i retning av at elektrisk framdrift vil komme i fleire og fleire båtar i tida som kjem. – Vi ser for oss at også fritidsbåtar vil komme med elektrisk framdrift. Førebels er det slik at er dyrt og vil ikkje vere økonomisk med driftstid per år under 300 timar. Men prisane vil gå ned etter kvart som utviklinga går vidare, forklarer Stavøstrand. Direktør for strategi og utvikling i SFE, Erling Sande, er trygg på at elektrisk framdrift på båtar er ein trend som vil forsterke seg.

– Eg trur utviklinga nærast vil eksplodere i åra som kjem. SFE samarbeider tett med BKK allereie når det gjeld bygging av ladarar for bil og dei ser på dette som ei naturleg vidareføring av arbeidet. Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk, strekar under at ein ladar i Florø sentrum vil vere viktig både for Florø som handelsby og leverandør av tenester - og sjølvsagt for dei lokale oppdrettarane. – Vi er veldig ofte innom Florø i forskjellige ærend og då er tilgang til rask lading viktig viss vi skal elektrifisere arbeidsbåtane våre.

Arve Olav Solbakken


Hav av moglegheiter 2019

Komplett navigasjon og kommunikasjonsutrustning til Havbruksnæringa. FISKERI

OPPDRETT

INDUSTRI

Siden oppstarten som rørleggerfirma i 1995, har Stadpipe vokst til å bli en leverandør av komplette rørtekniske installasjoner, som tar seg av alt fra prosjektering til utførelse. Vårt tverrfaglige miljø består av rundt 40 engasjerte og faglige kompetente medarbeidere, fordelt på

Eksempel på leveranser:

Gåsø Jarl

Artic Fjell

Firda Fighter

Aqua Tromøy

Komplett navigasjon, kommunikasjon og utstyr til fiskeleiting. Design og levering av

bropulter til alle typer fartøy

avdelingene våre i Bergen og på Stadlandet. Vi designer, prosjekterer og installerer rørsystemer i plast og metall, og kan prefabrikkere hele rørsystemer i egne verksted. Vi installerer på anlegg, slik at kundene våre får et nøkkelferdig rørteknisk anlegg – og vi legger vår stolthet

Nordic Prince og Argos Georgia

i å levere på både kvalitet, tid og budsjett. Vi ligger i forkant når det

Komplett styring, Autopilot, Joystick og DP Dynamisk Posisjonering

gjelder teknologi, og i produksjonsverkstedene våre finner du alltid engasjerte medarbeidere og en oppdatert maskinpark.

Gunnar K

Sikkerhetssystemer for oppdrett: personell og anlegg. Elektronisk merking og registrering av aktivitet i havner og sjøområder ved hjelp av VHF radio, lukket radiosamband, AIS, Aton, radar, kamera, internett, alarm, lys, sirene osv.

I utgangspunktet er alt mulig. Vi er ISO 9001-sertifisert, og kan levere i henhold til NS 9416.

www.stadpipe.no

Vi påtar oss oppdrag i inn og utland – service og nyinstallasjoner.

Ocean Electronics med avdelingene Måløy Radio og Sigurd Solberg

www.oceanelectronics.no

Uavhengig eksportør av fersk/frossen norsk oppdrettslaks og -ørret!

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten vestlandskysten.

Vi er stolte aV det!

Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

11


12

Hav av moglegheiter 2019

Mowi skreddarsyr pl til K.Strømmen-anleg

STYRKAR SEG: Regiondirektør Geir Hasund (t.h.) og områdesjef Otto Igland i Mowi integrerer K. Strømmen-anlegga i den øvrig drifta i regionen.I Foto: Arve Olav F. Solbakken bakgrunnen ser vi videoskjermane i utprøvinga av den nye operasjonssentralen som skal byggast opp i Deknepollen.

BREMANGER: Ved nyttår blir K. Strømmen Lakseoppdrett AS fusjonert inn i Mowi. – Vi har blitt møtt av ein serviceinnstilt kommune og positive tilsette, understrekar regiondirektør Asgeir Hasund.

Arve Olav Solbakken

Mowi drog det lengste strået i årets store kjøpsthriller i den lokale laksebransjen, då det siste store familiegde lakseoppdrettselskapet i Bremanger kommune kom ut for sal. På kassalappen stod det til slutt 790 millionar kroner. Ved nyttår blir selskapet og dei fleste tilsette del av Mowi - Region Midt, som har kring 800 tilsette totalt. Region Midt strekk seg frå Gulen i Sogn til Osen i Trøndelag. - Vi opplever Bremanger som ein veldig positiv vertskommune for vår aktivitet. Vi har også blitt godt mottekne av dei tilsette i K. Strømmen Fiskeoppdrett. Dei har vore positive i prosessen med at vi lagar nye stillingsinstruksar og tilpassar drifta inn i vårt system. Vi kjem til å ha to driftsleiarar i området. Vi har tilsett ein ny, medan av ein av driftsleiarane i K. Strømmen held fram, fortel regiondirektør Asgeir Hasund. Vi besøker Mowi sitt kontor på Raudeberg for ein liten prat om ut-

viklinga i bransjen. Asgeir Hasund er sjølvsagt nøgd med at dei vann konkurransen med oppkjøpet av dei fire konsesjonane i sjø i Rugsund-regionen. Det følgde også med ein liten inaktiv settefisk-konsesjon. Desse fire konsesjonane vil bidra å kunne ta ut synergiane ved å disponere fleire gode lokalitetar. Otto Igland frå Bremanger er områdesjef der K. Strømmen sine anlegg blir teke inn i Mowi-systemet. Han har god kjennskap til dei lokale tilhøva. Han er i gang med å fjerne utdatert oppdrettsutstyr og legg til rette for meir straumlinjeforma drift. Vi spør Hasund om kva tankar han har om at Mowi tek over eit sterkt lokalt forankra selskap, som har hatt tradisjon for å legge att mykje ressursar i lokalsamfunnet. – Mowi har eit godt sponsorsystem for å støtte kultur og idrettsliv i vertskommunane våre. Vi har fleire gonger støtta lokale lag og organisasjonar i til dømes Ålfoten og Davik. Det vil nok komme Rugsund til gode også.

– Korleis greier de å motivere tilsette til å gjere ein god jobb i eit slikt stort system? – Folk er stolte over yrket sitt og det er sterk konkurranse mellom anlegga når det gjeld å skape gode resultat. Vi har bonusordningar for tilsette og gir dei også moglegheiter til å utdanne seg heilt opp til høgskulenivå. Hos oss er det mogleg å stige i gradene og bygge seg ein karriere. Det er mykje «passion» hos våre tilsette, understrekar Hasund. Kunnskapsnivået og teknologien i bransjen er i kontinuerleg utvikling. Rett over nyttår vil Mowi-administrasjonen i Vågsøy flytte inn i nye lokale i Deknepollen, der den nye høgteknologiske operasjonssentralen for anlegga i regionen skal setjast i drift og gradvis byggast opp. Ved hjelp av fiberbreiband vil ein hente inn videobilder og miljødata frå kvar merd ute på anlegga. Her kan operatørar sitje i eit kontrollrom og styre det aller viktigaste som foregår i eit


Hav av moglegheiter 2019

lass gga 6,7 millionar frå Havbruksfondet

I Sogn og Fjordane er det drygt 49 millionar kroner som skal delast ut til kommunane, og både Flora, Vågsøy og Bremanger får friske pengar inn i eit stramt budsjett. Dei tre kommunane får til saman inn over 20 millionar kroner, fordelt på nesten 7,5 millionar til Flora kommune. Litt over 6,1 millionar til Vågsøy, og nesten 6,7 millionar til Bremanger. Vidar Grønnevik, 1. nestleiar i Vestland Høgre, viser til at det er både riktig og viktig at kommunar som legg til rette for havbruk får ta del i den verdiskapinga som blir generert langs kysten. – For regjeringspartia er dei ein sjølvfølge at kommunane får kompensasjon for den jobben dei gjer med å legge til rette for havbruksnæringa, seier han.

GRÜNDEREN: Kristen Strømmen er den som har bygd opp selskapet frå grunnen av.

Dei fekk 790 millionar for livsverket oppdrettsanlegg, fôringa av fisken. – Kor mange anlegg vil ein enkelt operatør kunne kontrollere fôringa på? – I utgangspunktet tenker vi to anlegg per operatør, avhengig av kor mange merder som er i drift. Men det vil komme ei utvikling der vi kan utnytte datalæring eller kunstig intelligens, så dette kan endre seg på sikt. Eg trur også vi får ei utvikling der vi fôrar fisken på djupare vatn, under lakselusebeltet, med ny merdteknologi som til dømes snorkelmerdar. Mowi er også i gang med investeringar i settefiskanlegg for å auke kapasiteten i regionen. I Mowi sitt settefiskanlegg i Haukå i Flora, som blei overteke frå gründer Gudmun Strømsnes, startar jobben snart med å bygge eit RAS-anlegg for produksjon av postsmolt. Dette anlegget er venta å auke tal tilsette frå kring 10 til 15.

Hjørnesteinsverksemda og livsverket til Kristen Strømmen, K. Strømmen Lakseoppdrett blei seld til 790 millionar kroner. Arvtakarane tok i år valet om å selje verksemda i den opne marknaden og Mowi gjekk sigrande ut av konkurransen. Andreas Strømmen, SvenJørgen Strømmen og Kurt Andre Strømmen eig 31,7 prosent kvar aksjane. Hildegard Strømmen eig 4,1 prosent, medan Kristen Strømmen sjølv i seljande stund eigde berre 0,8 prosent. Selskapet blei starta i 1972 og har fire matfiskkonsesjonar med drift på fire lokalitetar: Marøyna, Løypingneset, Endal og Grunneneset. Selskapet produserer årlig rundt 5.500 tonn laks. Salsummen skal i følge ei børsmelding vere 790 millionar kroner, der handelen blir gjort opp i 30 prosent i Mowi-aksjer og 70 prosent i kontantoppgjer. K. Strømmen Lakseoppdrett er det siste større privateigde oppdrettselskapet i Bremanger kommune, som no kan definerast som heildominert av Mowi.

13


14

Hav av moglegheiter 2019

Linn (30) er nyutdanna ped NÆRINGStuvikling: Ho er vant med å ha mange ballar i lufta, og fisken har ho i blodet. Linn Theres Nekkøy må vere eit godt val til å leie det nystarta Havbruksprosjektet til Aksello.

Ho skulle eigentleg vore på backpacking-tur i fjerne land no, Linn Theres Nekkøy, men slik blei det ikkje. Då ho fekk auge på stillingsannonsen til Aksello som lokka med jobb som prosjektleiar for Havbruksprosjektet, eit nytt og spennande prosjekt i regi av Aksello måtte ho berre søke. Jobben fekk ho, og no er ho på plass på sitt nye kontor i Aksello sine lokale. Backpackinga er utsett på ubestemt tid. – Eg har blitt kasta ut i det, men det er slik eg likar det. Eg har vore her kort tid og har møtt dei nye kollegaen mine. For ein fin gjeng. Det er dyktige menneskjer som eg kan lære masse av. Eg gleder meg veldig til å kome ordentleg i gang. Eg ønsker å jobbe for å gjere næringa meir synleg, slik at folk ser og blir bevisste på at det er masse kompetente og dyktige bedrifter både i Florø og i regionen.

Havbruksprosjektet

Arne Hjorth Johansen

Havbruksprosjektet har blitt til med økonomisk støtte frå Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det langsiktige målet er å auke verdiskaping

Knutepunkt k Florø l Florø Havn er ei miljøvennleg pulsåre som knyter Sogn og Fjordane til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø for heile regionen.

Florø si rolle som eit viktig knutepunkt blir òg ivareteke av fylket sin største flyplass. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; • • • •

Direktefly til og frå Oslo og Bergen Hurtigruta Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn Regelmessige avgangar.

Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@flora.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 OR FL

w

A HAMN

K

F

www.florahamn.no

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, supplybåtar, fiskebåtar, brønnbåtar og fraktebåtar som fremjer byen sine rike maritime tradisjonar.

ww no .florohamn.

og sysselsetting innan havbrukssektoren i regionen. For sjølv om det er mange flinke og framtidsretta folk i bransjen, meiner Aksello at det kan vere mykje å hente på å få dei ulike aktørane til å jobbe meir saman. Korleis det skal skje er det den fastsette prosjektgruppa og Linn si oppgåve å finne ut av. – Det handlar om å få næringa til å kome saman, løfte blikket utover det daglege å sjå nye måtar å utvikle seg på, å gjære ting saman. Det handlar om havbruk. Det vil ikkje berre sei oppdrett, men og resten av verdikjeda som sal, logistikk, produksjon også vidare. I prosjektgruppa er det dyktige folk som representerer dei fleste av desse ledda. Det blir det spennande å sjå kva vi kan få til. På sikt handlar det omutvikling. Fleire arbeidsplassar. Ikkje minst fleire kompetansearbeidsplassar, som vi veit er viktig for byen. Kanskje samlokalisering kan vere noko?

Tidlegare har Aksello hatt fleire møter med næringa, men Linn ønsker gjerne at dei som ikkje har hatt anledning til å være med der må gjerne ta kontakt om dei har idear og innspel til kva som kan gjerast, og kva som kan gjerast betre. – Det er eg veldig oppteken av. Fleire i næringa må gjerne ta kontakt, på telefon, på mail, eller på gata. Eg kjem også gjerne på besøk rundt omkring. Eg vil gjerne ut og sjå kva det går i. Så ta kontakt, inviter meg på besøk! Som namnet hennar meir enn antydar kjem Linn Theres frå øya Nekkøy, utanfor Florø. Ho kjem heim til Florø etter fire år på universitetet i Bergen, og har med seg ei utdanning på flyttelasset. Ho har ein bachelor i pedagogikk, og ein i administrasjon og organisasjonsvitskap. No har ho teke med seg fosterkatten Tuva, og flytta inn i Norddalsfjorden med sambuaren som kjem derifrå.

Inviter ho på besøk

Det viktigaste er akkurat no

Linn Theres er tydeleg entusiastisk, og litt utolmodig. Ho vil kome i gong. Ho er oppteken av at Havbruksprosjektet skal være fruktbart. Ho vil ha konkrete resultat.

– Du går rett frå universitetet og ut i denne jobben? – Ja, dette er første jobben etter studiane, men eg har alltid jobba ved sidan av studiane. Eg trivest


Hav av moglegheiter 2019

edagog og har fisk i blodet med mange ballar i lufta, det er det som er gøy. I tillegg til at eg har med meg teorien frå universitetet har eg og ein praktisk bakgrunn. Eg har blant anna vore på fiske med M/S «Bluefin» og eg har vore offshore, så litt her og litt der. – Hugsar du kva som var din aller første jobb? – Eg var vel kanskje tolv år då eg vaska hytter på Færøykalven, og eg hugsar eg selde hummar og krabbe til lærarane mine på skulen eg gjekk på i Rognaldsvågen. Det gjeld å hive seg rundt! Men den første jobben som ordentleg tilsett hadde eg hos Sko-Olsen. Eg trur eg gjekk i åttande klasse og då hadde eg Bengten (Bengt Solheim Olsen journ.anm) som sjef. Han var ein god sjef! I framtida er det Aksello og havbruksnæringa i regionen som skal få nyte godt av Linn Theres Nekkøy si kunnskap, energi og entusiasme, men er Aksello endestasjonen? Kor er ho om ti år? Det vil ho ikkje svare på. – Eg har vel ein ide, men ting blir aldri slik som ein trur uansett. Fokuset mitt er på å gjere ein best mogleg jobb der eg er no og for næringa i regionen.

skal samle havbruksnæringa: Linn-Theres Nekkøy

Foto: Arne Hjorth Johansen

Yanmar Pleasure Boat Engines (6.6 – 342 kW)

salmongroup.no

salmongroup.no

Engines for marine use – provides the whole range

Yanmar Comercial High Speed Propulsion Engines (47 –1341 kW)

Salg, deler og service Yanmar Medium speed Propulsion Engines

– utføres av oss –

(374 – 4500 kW) Purpose-built marine engines

Yanmar manufactured marine transmissions

Class-leading fuel consumption

IMO MARPOL emission compliance

Norges viktigste nettverk for lokale oppdrettere

15


16

Hav av moglegheiter 2019

Rosar dei tilsette: Adm.

dir. Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg seier dei tilsette har æra for at verftet leverer gode resultat for tida. Desse tilsette jobba med elektrifisering av ferja «Storfjord», her samla nede i batterirommet. Frå venstre Hans Ivar Rusten, Marius Refvik, Patrick Lillebø, Kristoffer Leander Nordbø og Espen Vemmelsvik. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Glad for å bidra til reinare miljø Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg seier det er motiverande å jobbe med løysingar som reduserer utslepp av CO2.

Båtbygg har fokus på å vere med i teknologiutviklinga og tilpasse seg ein stadig skiftande marknad. For tida går det føre seg spanande prosjekt innan miljøvennleg teknologi, med ombygging av ferjer frå dieseltil heilelektrisk drift. – Ferjene skal i realiteten gå på rein elektrisitet, men dei har framleis dieselmotor, slik at det blir eit hybrid system. Det er tilsvarande teknologi som er brukt på ferjene som trafikkerer Lote-Anda, men her er det snakk om ombygging av eksisterande ferjer, ikkje nybygg, seier administerande direktør og medeigar Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg. I tillegg til ferjer er marknaden fiskefartøy, offshorefartøy, brønnbåtar og lekterar til oppdrett, samt havforskingsfartøy. Av prosjekt Båtbygg gjennomfør-

te i fjor var mellom andre NOx-ombygging, det vil seie utskifting av motorar og installasjon av katalysatorar på tre linebåter – «Atlantic», «Fjellmøy» og «Sjøvær». Samt ei større ombygging av eit fartøy for Ålesund-verksemda Volstad Maritime for tilpassing til ny marknad. Frå å vere eit offshore konstruksjonsfartøy vart det bygd om til også å kunne operere som serviceskip for offshore vindkraft.

Med på det grøne skiftet – Det er ei positiv utvikling som bidreg med reduserte utslepp av CO2, samstundes som det skapar aktivitet for verfta langs kysten. Vi gjorde den første batterijobben i 2016/2017 med havforskningsfartøyet «Johan Hjort». Det er moglegheiter både innan supply og fiskeri, men då vil det vere snakk om hybride løysin-


Hav av moglegheiter 2019

Blir elferje: «Storfjord» skal trafikkere Sløvåg-

Leirvåg og er no ferdig ombygd til elferje hjå Båtbygg på Raudeberg.

Leverte 16 millionar på botnlina i fjor Medan delar av verftsindustrien slit kraftig, leverer Båtbygg på Raudeberg solide tal. Verksemda fekk 16 millionar kroner i resultat før skatt av ein omsetnad på 241 millionar i fjor.

Hektisk aktivitet: Personalsjef Hans

Ole Svarstad (t.v.) og adm. dir. Kjell-Inge Sjåstad ved Båtbygg på Raudeberg seier det er hektiske arbeidsdagar for tida med sysselsetting av omkring 170 arbeidarar, der om lag 80-90 er innleigde. I bakgrunnen ligg «Langøy» frå Sortland til oppgradering.

I hallen : «Julsund» er bygd om til elektrisk ferje hjå Båtbygg. Her ligg ferja inne i den blå verftshallen som er eit landemerke på vegen frå Måløy mot Raudeberg.

gar. Reduksjonen i dieselforbruk og CO2-utslepp vil i desse tilfella variere veldig, men kan realistisk sett ligge på opp mot 20-25 prosent. Sjåstad seier jobben med ombygging til elektriske løysingar på båtar stiller krav til fagleg utvikling på verftet. – Sjølve teknologien er utvikla av Siemens og kjem ferdig hit. For oss er det ein monteringsjobb, i tillegg til at vi skal få dei elektriske løysingane til å virke.

Kontraktar stiller miljøkrav Utgangspunktet for ombygginga av ferjene for Fjord1 er at selskapet har sikra seg nye kontraktar, der det er stilt krav om elektrisk drift med lading frå land. Ombygginga gjeld fem ferjer der Båtbygg har hatt kontrakt på to av dei. Batteripakkane blir levert av Siemens, som har

bygd ein ny fabrikk i Trondheim i samband med leveransane av denne teknologien. Dei to ferjene Båtbygg har bygd om er «Storfjord» og «Julsund», bygd i 2010 og 2004. Ferjene skal trafikkere høvesvis Sløvåg-Leirvåg mellom Gulen og Austrheim, og Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes mellom Stord og Tysnes. Eit stort prosjekt i tida framover blir bygging av eit fartøy til eit australsk selskap som skal nyttast til fiske av tannfisk i sørishavet. Skipet er designa av Skipskompetanse i Måløy, skroget blir bygd i Gdansk i Polen. – Dette fartøyet sikrar oss god aktivitet fram til april neste år.

JØRN-ARNE TOMASGARD

– Vi har konsentrert oss om ombygging og vedlikehald, prosjekt med mindre risiko enn store byggeprosjekt. Slik situasjonen er i delar av bransjen no, er vi absolutt nøgd med fjoråret, seier administrerande direktør Kjell-Inge Sjåstad. Han seier gode tider innan fiskeri og oppdrett fører til god ordretilgang. Med dagens kontrakter er verksemda sikra arbeid fram til neste sommar. Sjåstad har følgjande forklaring på det gode fjorårsresultatet: – Eit godt rykte og dyktige tilsette som står på seint og tidleg for å yte god service til kundane. Resultata har svinga siste åra, alt etter aktivitetsnivå. Rekordresultat er det ikkje snakk om, Sjåstad peikar på åra mellom 2007 og 2009 som spesielt gode for verksemda. – Men det er ikkje ofte vi har hatt så god ordretilgang, med tryggleik for full sysselsetting eitt år fram i tid. Det er spesielt.

Det er ei positiv utvikling som bidreg med reduserte utslepp av CO2, samstundes som det skapar aktivitet. Kjell-Inge Sjåstad

Hjørnesteinsverksemd går godt: Med om lag 170

sysselsette er Båtbygg ein av dei største private arbeidsplassane i Vågsøy. Verksmeda går godt.

17


18

Hav av moglegheiter 2019

– Skal vi leve av mat eller berre energi i framtida? – Staten sine dialogmøte med fiskarane om havvind har i realiteten berre vore reine informasjonsmøte om kva som er bestemt på førehand.

Det seier styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Kristian Korneliussen, som saman med fiskarlagsformann Jarl Magne Silden og dagleg leiar Henriette Skaar går på barrikadane for å forsvare fiskarane sine interesser i havet. Så lenge dei ikkje blir tekne med på råd før avgjerdene blir tekne, stiller dei seg negative til fleire offshore vindkraft-prosjekt.

Utfordrar politikarane Fiskarane er private næringsdrivande som i utgangspunktet meiner sameksistens mellom energibransjen og fiskeribransjen er mogleg. Men næringa er kraftig provosert særleg av korleis regjeringa har handsama saka om etablering av Equinors havvind-anlegg på Tampenbanken. Staten betaler størsteparten av rekninga for det gamle statsoljeselskapet og vel å ikkje lytte til innspel frå fiskerinæringa i ettertid heller. Noko så enkelt som å tilpasse seg og vri vindkraftanlegget 90 grader ville gjere det mogleg for trålnæringa å jobbe i effektivt området framleis. – Eg ønsker å utfordre dei politiske partia som er veldig positive til havvind- utan å stille krav til faktagrunnlag og at det skal takast omsyn til dei etablerte næringane. Det eksisterer faktisk ikkje forskingsarbeid eller fagleg grunnlag til å vurdere verken dei kortsiktige eller langsiktige konsekvensane for fiskeria og økosystemet, påpeikar Silden.

Fisketomt i Skottland

Arve Olav Solbakken

Både han og kollega Kristian Korneliussen har fått informasjon frå skotske kollegaer, som jobbar i området rundt Equinor sin flytande havvindpark ved Peterhead i Skottland. Den dekkar kring to kvadratkilometer med areal. Skotske fiskarar si erfaring der i frå - har ikkje gitt grunnlag for å strype kamp-instinktet. – Skottane aksepterte vindpark ut frå ein tanke om at det kunne bli eit skjerma område for oppvekst av yngel og nye generasjonar fisk. Men erfaringa er at ein må 20-25 mil frå vindparken for å finne fisk. Det verkar som om lyden skremmer fisken

og vi fryktar at det kan påvirke trekkrutene for gytande fisk.

Fryktar auka press Regjeringa gjennomfører no ei høyring om fornybar eneregi til havs, som styret i fiskarlaget drøfta i møte no i oktober. Regjeringa sin bakoversveis og kuvending i høyringa om samla plan for landbasert vindkraft, gjer at fiskarane no fryktar at presset på vindkraft til havs vil auke betydeleg. – Staten må sørge for at saka er så opplyst som mogleg før dei tek avgjerder, påpeikar Henriette Nilsen. – Og det kan vi ikkje sjå er tilfelle. Fiskarlaget lokalt har vist til konkrete område som ut frå fiskeriinteresser er betre eigna for vindkraft enn for eksempel Frøyagrunnane og Olderveggen. Ein må ikkje gløyme at fiskeri er ei av landets viktigaste og framtidsretta usubsidierte næringar. Fiskarlagsformann Jarl Magne Silden viser til at det vil få konsekvensar for fiskarar i fylket her også i dei områda regjeringa har peika på først, Utsira Nord og SandskallenSørøya Nord og i tillegg Sørlege Nordsjø 2. – Dette er også område der vi er tilstades og fiskar i, understrekar han. I vårt nærområde er Frøyagrunnen og Olderveggen del høyringsdokumentet. Dei er ikkje føreslegne opna for vindkraft no, men kva framtida bringar er ikkje godt å vite.

Det eine utelukkar det andre Områda Olderveggen og Frøygrunnane har djupne på mellom fem og 60 meter og har ein god vindkraftressurs.

Den gjennomsnittlege vindstyrken er på 10,6 m/sek. Det er ikkje aktuelt at begge områda kan bli tekne i bruk. Det eine vil utelukke det andre, sidan dei ligg så nær kvarandre. Det fuglekololo-

niar i området og Veststeinen naturreservat ligg inne i Olderveggen sitt utredningsområde. Olderveggen blir vurdert som meir fleksibel med omsyn til turbinplassering, men begge er vurdert å vere svært teknisk eigna. Statnett meiner at kun eitt av områda kan koblast til eksisterande nett innan 2025. NVE tilrår opning av Frøyagrunnane framfor Olderveggen, på grunn av moglege konsekven-


Hav av moglegheiter 2019

FRYKTAR AUKA PRESS: Formann Jarl Magne Silden (t.v. oppe) , styremedlem Kristian Korneliussen (t.v.) og dagleg leiar Henriette Nilsen (t.h) fryktar for Fotomontasje: Firdaposten at sterk motstand mot landbasert vindkraft vil råke fiskarane sine interesser på fiskebankane.

sar for skipsfart og fugl. Utbygging av Frøyagrunnaen vil ha noko mindre konsekvensar for trekkande sjøfugl enn utbygging av Olderveggen. Olderveggen ligg nærare viktige fuglekoloniar. Men det er registrert raudlista lomvi og krykkje på Frøyagrunnane. Fiskeridirektoratet har vurdert konsekvensar ved utbygging av Olderveggen og Frøyagrunnane under eitt. Fiskeridirektoratet

vurderer at opning av områda vil ha så store konsekvensar for fiskeri, at direktoratet tilrår at områda ikkje bli opna. Fiskeridirektoratet si vurdering er mest knytta til konsekvensar for fartøy under 15 meter. NVE vurderer likevel at det kan etablerast vindkraft i Frøyagrunnane dersom fiskeriinteressene blir tekne vare på i prosjektspesifikke utgreiingar og ved detaljplanlegging av havvind-anlegg.

NÆR LAND:

Frøygrunnanane og Olderveggen ligg på grunt vatn og rett utafor stovedøra på kysten.

19


20

Hav av moglegheiter 2019

stolte tradisjoner - nye tanker Vi utfører reparasjon, vedlikehold, ombygging og nybygg av fartøy. Vår kunnskap er din trygghet.

Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025

www.stadyard.no

Vi har mye å lære av hverandre

Din partner innen akvakultur --

Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett AS

NOTPOSER

DATABASE- OG VEDLIKEHOLDSSYSTEMER

NOT SERVICE

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort.

Prat med oss på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller besøk oss på www.norwell.no

FORTØYNINGSUTSTYR

MERDER

IMPREGNERING/ COATING

KONSULENTTJENESTER

Your source of seafood value

DELIVERING THE DIFFERENCE ®

wwww.morenot.no


Hav av moglegheiter 2019

Aquaship driv med alt innan fartøy for oppdrettsnæringa, og oprerer og eig servicebåtar, bløggebåtar, brønnbåtar og fòrbåtar frå Norge, Shetland, Chile, Irland, Canada, Skottland, Island, Hellas og Spania. Vi har lang og stor kompetanse på transport av fiskefôr på ein effektiv og miljøvenleg måte. Vi har verdas mest moderne fiskefôrskip og mannskap med fokus på hygiene, miljø og sikkerheit.

Vi minner om riktig merking av fast reiskap for fritidsfiskarar

Vår visjon – saman med kunden – er å vere eit leiande og innovativt reiarlag med fokus på auka sikkerheit, logistikk og miljø.

Livet i havet - vårt felles ansvar

Artic Shipping vart i 2018 kjøpt av Aquaship, men vi held framleis til i Førde.

Tlf.: +47 952 56 373 – E-mail.: lekva@aquaship.no Aquaship – Hafstadvegen 21 – 6800 FØRDE

Adr: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen • Besøksadr.: Gate 1 nr. 108, Måløy Tlf: 55 23 80 00 • e-post: postmottak.maloy@fiskeridir.no • www.fiskeridir.no

21


22

Hav av moglegheiter 2019

Ny generasjon motiverer til Adm. dir. Stig Ervik i Ervik Havfiske Holding seier den nye generasjonen som engasjerer seg, er ein viktig grunn til at verksemda satsar ein milliard kroner på fornying. Ein snakkar førebels ikkje om eit generasjonsskifte i Ervik-systemet. Stig Ervik og kompanjongen Kjell Magne Ervik har planar om å halde fram ein del år framleis. Men ser ein etter i korridorane på Otneimneset, på fartøya og på utdanningsinstitusjonar, finn ein ein underskog av unge krefter på veg opp og fram. Mange har etternamnet Ervik. Eit fellestrekk er at dei er etterkomarar eller i familie med Stig og Kjell Magne, eller andre sentrale personar i dei til saman 35 selskapa i Ervik Gruppa. Den nye generasjonen er no i same alder som det tremenningane Stig og Kjell Magne var då dei i 1987 etablerte Ervik Havfiske, 24 og 27 år gamle. Neste år fyller Stig 60 år.

til 60-70 millionar med utgangspunkt i den gamle Furebuda i Leikanger sentrum. Nybygga blir fartøy nummer 10 og 11 i flåten til Ervik Havfiske.

Tenkjer på lokalsamfunnet

– Båtane er stort sett andre stader, medan hotellet blir liggjande her. Det er første gong vi tek to nybygg til Stadlandet samstundes. Det blir stor stas, seier Stig Ervik om det som skal skje i tida framover. Han er glad for at dei har klart å skape attraktive arbeidsplassar slik at den neste generasjonen kan bli buande i området. – Vi har vore medvitne om å ta samfunnsansvar og skape arbeidsplassar lokalt. Av om lag 430 arbeidstakarar i sysFornyingstemet vil eg tru om program lag 120 har bustad lokalt på Stadlandet, i – Vi har ikkje tenkt å Selje, Vanylven, Målgje oss enno, men øy og Eid. Det er ein dette er ikkje noko hovudgrunn til at vi eg og Kjell Magne ikkje kan selje ut skal halde fram med verksemda, men vil til vi er 100. Vi styrer halde fram å utvikle framleis aktiviteten oss her. i sør med utgangsDei frå den nye gepunkt i kontoret på Vil vere på båt: Kent nerasjonen vi møtte Gibraltar. Og vi tek Hugo Ervik (22) er son til då vi vitja hovudkonoss av nybygga. den andre eigaren i Ervik Men verksemda er Havfiske, Kjell Magne Ervik. toret på Otneimneset, fortel om eit sablitt stor, vi treng Han tek skipparutdanning mansveisa miljø med nye krefter. Dei på fagskulen i Måløy og har høg trivnad. unge har i stor grad sikta seg inn på fiske etter – Det har eigentleg fått ansvaret for ak- tannfisk i Sørishavet. Her er tiviteten her i lan- han i sitt ess med storfangst skjedd naturlig at vi har kome inn i drifta, det. Vi er veldig gla- på «Frøyanes Senior». de for at mange en- FOTO: PRIVAT sidan vi har vakse opp med det, seier gasjerer seg. Det er «alfa og omega». Det motiverer oss Vebjørn Ervik (28). Han er maskinist og har fått eit ansvar for å følgje til å satse, seier Stig Ervik. Det var i 2011 verksemda starta opp det tekniske kring båtane. Veeit storstilt fornyingsprogram som bjørn har bygd seg hus i heimbygda no er oppe i omkring ein milliard Ervik. Brørene Robert og Severin er kroner i investeringar. Stig Ervik høvesvis driftssjef og mannskapsseier at dei allereie på den tid såg at sjef. Dei er busette i Deknepollen. den neste generasjonen var inter- Medan søstra Mona, gift Årvik, leiessert og involverte seg. Dei ville ut ar selskapet Vestkapp Invest. Også på båtane og jobbe. No er mange av to av borna til Kjell Magne er på veg dei komne i land og jobbar adminis- inn i systemet. Kent Hugo studerer nautikk, medan Jetmund tek alltrativt. Det starta med Frøyanes, på den mennfag, begge i Måløy. tid omtalt som verdas mest moderne linebåt. I tida fram mot jul skjer Tek ulike roller det store ting på Stadlandet. I slut- – Far min er mitt store førebilete. ten av november er to nybygg fer- Det var dette eg ville. Eg reiste rett dig i Tyrkia, til ein kostnad på 180 på sjøen etter 10.-klasse, der eg var millionar kroner kvar. «Frøyanes to år på «Frøyanes» og etter kvart to Junior» og «Vestkapp» kjem begge år som lærling på den litt eldre til kaia på Otneimneset før dei går «Frøyanes Senior», seier Kent vidare på kystfiske i romjula. Hen- Hugo. Han går første året på skipdinga fell saman i tid med opninga perutdanninga på fagskulen i Målav Stad Hotell, ei lokal hotellsatsing øy og har allereie målsettinga klar:

– Eg vil til Sørishavet og vere med på fisket etter tannfisk. Eg reknar med å byrje på dekk sidan det er eit litt annleis system der nede, men målet er å gå gradene og bli styrmann og skipper. I første omgang planlegg eg for eit yrkesliv på sjøen. På verftet Westmek i Borgundvåg går William Tungevåg ein god skule som medhjelpar til faren Inge som er sjef. – Eg er med og erfarer kvar dag.

Far min er framleis under 50 og har mange år att i jobben, men det er mogleg at eg ein dag tek over rolla, seier han. I Nordic Marine, eit selskap som syter for utstyr til båtane, er Paul Hoddevik i same situasjon, der er det faren Jan Petter som styrer. Og slik kan ein halde fram.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Investerer tungt: «Frøyanes Junior» og «Vestkapp» er i ferd med å bli ferdige på verftet i Tyrkia. Begge båtane kjem til Stadlandet før jul. Investeringa i desse to nybygga er på 360 millionar kroner.

FOTO: ERVIK HAVFISKE


Hav av moglegheiter 2019

l satsing

23

Avhengige av kvarandre Verken sjefen sjølv eller den nye generasjonen fryktar at det skal bli kamp om posisjonar og mykje bråk i samband med eit framtidig generasjonskifte, trass i at store verdiar står på spel. – Vi har 35 selskap så alle skal få vere med og styre, seier Stig Ervik. – Vi er ein veldig samansveisa gjeng, noko som fører til godt miljø. Her er så mange arbeidsoppgåver at eg trur alle ser at vi er avhengig av kvarandre, seier Robert Ervik. Også Kent Hugo Ervik, som representerer den andre greina, ser for seg at ting vil gå smertefritt. – Vi har vakse opp ilag heile gjengen og kjenner kvarandre godt. Eg trur dette skal gå kjempefint. Alle har den same målsettinga og det er å ta selskapet vidare.

Godt samspel: – Vi har vakse opp saman og kjenner kvarandre godt. Vi er ein samansveisa gjeng, seier Robert Ervik (t.h.) om underskogen av born og slektningar som tek plass i Ervik-systemet. Vidare bakover Paul Hoddevik, William Tungevåg, Vebjørn Ervik, Stig Ervik og Severin Ervik.

– Tenkjer på ansvaret heile tida Har ny generasjon i ryggen: Adm. dir. Stig Ervik (fremst) har hatt sterkt fokus på å leggje til rette for framtida i Ervik Havfiske Gruppen dei siste åra. Her er han saman med nokre frå neste generasjon. Frå høgre William Tungevåg (Westmek), Paul Hoddevik (Nordic Marine), og sønene Robert, Vebjørn og Severing Ervik (alle Ervik Havfiske). Båtane er modellar av nybygga som blir klare i haust.

– Vi har vore medvitne om å ta samfunnsansvar og skape arbeidsplassar lokalt. Av om lag 430 arbeidstakarar i systemet vil eg tru om lag 120 har bustad lokalt på Stadlandet, i Selje, Vanylven, Måløy og Eid. Stig Ervik

ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

1 milliard kroner i omsetnad Resultatet for Ervik Havfiske-konsernet i 2018 viser eit resultat på 118 millioner kroner før skatt. Resultatet er litt ned samanlikna med dei siste åra. Adm. dir. Stig Ervik forklarer det med investeringar, samt at fisket etter tannfisk i Sørishavet er meir normalt enn tilfellet har vore dei siste to åra då det har vore rekordår. – Prisen på tannfisk har vore

33-34 kroner kiloen, no er han 25-26 kroner kiloen. Slik sett er vi i ein liten bølgjedal der. Når det gjeld linefisket elles, opplevde vi ein bølgjedal i åra 20102015. Sidan 2015 har vi hatt gode år og det går framleis godt. Omsetnaden gjekk opp til 813 millionar kroner i fjor, i år har vi budsjettert med 1 milliard i omsetnad, seier Ervik. Ervik Havfiske er Norges største reiarlag for linefiske, kanskje også verdas største.

Vebjørn Ervik innrømmer at det er krevjande å få ansvar for store verdiar og mange tilsette i ung alder. – Det er noko du går og tenkjer på heile tida. Spesielt er det vanskeleg i starten. Men vi har eit godt system, og når du ser ting fungere, går det stadig betre. No har vi ikkje direkte økonomisk ansvar førebels, men i praksis har du det likevel sidan du blir stilt til ansvar for drifta i budsjettarbeidet. Severin Ervik innser at neste generasjon har mykje å leve opp til, sidan fedrene byrja med to tome hender og har bygd opp eit selskap med milliardomsetnad. – Dei har bygd stein på stein, vi får på ein måte takraset over oss. Vi må prøve å utvikle selskapet vidare. Eit område er å halde fram med å fornye dei gamle båtane. Men på eit tidspunkt må vi konsentrere oss om å foredle det som er bygd opp, og ha mindre fokus på vekst. Eit område der ungdomane har teke tak og tilført verksemda kompetanse, er med bruk av digitale verktøy. Flåtesjef Robert Ervik viser oss ulike system han har på skjermen, mellom anna eFangst for digital innrapportering av fangst, og Navtor trackingsystem som til ei kvar tid viser kvar båtane er og har gått. Han har også Superoffice for informasjonsdeling.


24

Hav av moglegheiter 2019

Stabilt låg hummarbestand:

– Bør frede storhummaren

FORSKAR: Alf Ringen Kleiven gler seg over at stadig fleire innser at det må sterkare lut til for å få opp hummarbestanden.

Jau, storleiken er viktig Alle «damene» vil pare seg med storkarane med store klør, men dessverre er det også desse som alt for ofte endar som festmåltid for hummarfiskarane.

HUMMARFISKE: Harald Gulestøl og Kenneth Nødset med dagens hummarfangst frå området rundt Kalvåg.

Foto: Alf-Haakon Harlem.

KALVÅG: – Viss det kan dokumenterast at freding av storhummaren vil styrke bestanden, så bør det gjerast også her omkring.

Antall påmelde fiskarar: Askvoll 148 Aurland 1 Balestrand 26 Bremanger 156 Eid 43 Fjaler 27 Flora 311 Førde 61 Gaular 8 Gloppen 25 Gulen 87 Hornindal 2 Hyllestad 53

Høyanger 36 Jølster 6 Leikanger 25 Luster 5 Lærdal 5 Naustdal 26 Selje 174 Sogndal 15 Solund 90 Stryn 28 Vik 26 Vågsøy 162 Årdal 7

Det seier yrkesfiskar Harald Gulestøl, som har hummarfiske som ein liten del av drifta si gjennom året. I Sogn og Fjordane er det over 1500 registrerte hummarfiskarar av dei også frå typiske innlandskommunar.

kemottak utgjer hummarfiske ein liten flik av omsetninga. - Vi brukar å få leveransar frå fiskarar både i Bremanger, Kalvåg og Flora . I fjor tok vi i mot 1,4 tonn hummar, fortel dagleg leiar Jan Andre Bolset.

Stabilt lågt

Over 40 freda område

– Hummarbestande ligg på eit stabilt lågt nivå. Vi får like lite hummar kvart år og det er svært få av dei mellomstore hummarane. Vanlegvis er halvparten av fangsten over 32 centimetersmålet.. Gulestøl er heller ikkje framand for tanken på å totalfrede hummaren i nokre område, slik at den får drive med sitt i fred og ro. – Det er ingen som kan leve av hummarfiske med dagens bestand. For min del er det eit fiske som foregår ein kort periode og betyr lite økonomisk for driftsgrunnlaget mitt, seier han. Han får støtte i sitt syn av formannen i Flora Fiskarlag, Geir Henning Seljeseth. Han uttaler seg på eigne vegner i saka, sidan det ikkje ligg før noko formelt vedtak i laget: – Å setje ei maksgrense skulle vore gjort for lenge sidan, seier han. Hos Brødrene Larsen Eftf sitt fis-

Over 40 stader i landet har kommunar frivillig innført freda reservat for å styrke hummarbestanden. I forkant av hummarsesongen utfører Fiskeridirektoratet ein god del aksjonar og tek beslag i mykje ulovleg reiskap. Dei har to patruljebåtar ute for å kontrollere. Særleg sidan det er svært mange hobbyfiskarar som deltek i hummarfisket. På Brdr. Larsen Eftf. i Kalvåg har dei teke i mot mindre kvantum hummar og prisen har lege rundt 300 kroner kiloen. - Vi har teke i mot 10-15 hummar per veke i sesongstarten, men det tek seg vel opp etter kvart. Det er registrert litt færre fiskarar enn tidlegare år. Vi brukar å få leveransar frå fiskarar både i Bremanger, Kalvåg og Flora . I fjor tok vi i mot 1,4 tonn hummar, fortel dagleg leiar Jan Andre Bolset.

Arve Olav Solbakken

Storleiken er viktig- er den ultrakorte versjonen av doktoravhandlinga til Tonje Knutsen Sørdalen, som ho disputerte med på Universitetet i Oslo i sommar. Den viser at hummaren i freda reservat har større klør, veks fortare og vel seg ut større makar enn i områda rundt. Storleiken på knusekloa er ein avgjerande faktor for den seksuelle seleksjonen. Dei store knuseklørne er også det mest attraktive for hummarfiskarane. Dette var ein viktig grunn til at Nærings- og Fiskeridepartementet innførte maksmål 32 cm på hummarar fiska i Skagerak i frå 2017. Forskarane skulle helst sett at det gjaldt heile landet: – Vi tilrådde freding av stor hummar i heile landet i 2016, ut frå føre-var-prinsippet. Men forvatninga peika då på at vi ikkje hadde godt nok datagrunnlag. Det ligg føre sterke argument som talar for å setje eit maksmål også på Vestlandet, seier forskar Alf Ringen Kleiven i Havforskingsinstituttet (HI). Han gler seg over ei positiv haldningsendring både blant profesjonelle og fritidsfiskarar til sterkare vern og forvaltning siste åra. Hummarbestanden er framleis svak. Ein forskningsrapport frå HI har berekna at det blei fiska 454.000 hummer i 2017 og 322.000 hummar i nasjonalt 2018. Rapporten viser også at reguleringane som er innført i forbindelse med hummarfisket, ikke har hatt særleg stor effekt. Forskarane meiner at fiskepresset må reduserast mykje for å bygge opp att bestanden. I Sogn og Fjordane er det heile 1553 registrerte hummarfiskarar. Desidert flest i Flora med 311. Elles er det mange i Selje med 174, Vågsøy med 162, Askvoll med 145 og Bremanger med 156. Elles er det registrerte hummarfiskarar i alle kommunar i fylket.


Hav av moglegheiter 2019

Fisken først

I Frøy jobber vi på fiskens premisser. God fiskevelferd er bærekraftig og lønnsomt. Med fisken i fokus, utvikler vi i felleskap morgendagens blå næring.

FRØY NORD

FRØY REDERI FRØY AKVARESSURS FRØY AKVASERVICE

Maritim Kompetanse Servicebåter Dykking ROV Kabellegging Sjøentreprenør

FRØY VEST

FRØY VEST BERGEN STAVA SJØ

froygruppen.no Frøy Vest AS - Adresse: Evja Industriområde, 6718 Deknepollen. Tlf: 57 85 00 00. post@froyvest.no

25


26

Hav av moglegheiter 2019

Investorar tenner på Buland

MILJØFISK: Slik er anlegget tenkt i Bulandet.

Bulandet: Det enkle er ofte det beste. Investorar trur på Bulandsmodellen, som går ut på å plassere oppdrettskara på land, men likevel under havnivå.

Bulandet Miljøfisk er løyvd 20 millionar kroner i innovasjonslån og 23 millionar kroner i tilskot frå Innovasjon Norge. Selskapet er no klar for første byggetrinn og tre års testing av pilotanlegg. Selskapet er det andre i fylket som er komne til pilotfasen. Frå før har Havlandet Havbruk på Fjord Base fått finansiering til pilotdrift.

Gjennomstrøyming Dei har fått fem konsesjonar til å produsere laks på land med eit spesielt konsept. Ved å plassere kara på land i eit sund og samstundes under havnivå, kan dei få til svært rasjonell og trygg drift ved å få hjelp av tyngdekrafta til å sende sjøvatn gjennom anlegget frå eine enden av anlegget og ut i sjøen på motsett side. Gjennomstrøymingsanlegget er enklare teknologisk enn resirkuleringsanlegg (RAS). – Samarbeidet med Innovasjon Norge er direkte utløysande for rea-

lisering av prosjektet. Vi har tidligare fått tilsagn om banklån med vilkår om risikoavlastning. No kan vi for alvor starte opp arbeidet med neste fase, seier styreleiar Hans Haddal. Selskapet skal riggast for pilotfasen og rekruttere driftsleiar og personell i Bulandet. Haddal viser til at selskapet er tufta på at ein har knytt til seg brei kompetanse og erfaring i bransjen.

God hjelp – Vi har fått fantastisk hjelp både frå Aksello i Florø, der vi er tilknytt som inkubatorbedrift, og frå Vis Innovasjon på Marineholmen Bergen. Akvahub i Leirvik i Sogn er ansvarleg for prosjektering og FoU-arbeid, og vil ha eit tett samarbeid med Universitetet i Bergen og NORCE i pilotperioden, fortel Haddal.. Planen er å forske på driftsmodellen, som er døypt «Bulandetmodellen». Den baserer seg på

gjennomstrøymingsanlegg og ikkje intensiv resirkulering (RAS) av sjøvatnet. Korleis dei løyser lakselusutfordringane er sentralt og utprøving av semi-intensiv resirkulering utan biofilter.

Ny definisjon av landbasert Nærings- og fiskeriderpartementet har sett seg nøydde tll å kome med ein oppdatert definisjon av kva som er sjø- og landbasert anlegg. Etter at «Bulandsmodellen» blei kjent, har også selskapet Gigante i Nordland prosjektert eit liknande opplegg med lengdestrømsrenner på eit smalt skjær i sjøen. Nytenkinga utfordrar den tradisjonelle inndelinga i sjø- og landbasert anlegg. Definisjonen på « i sjø»: Dersom produksjonseiningane flyt i sjøen, står på sjåbotnen eller er omslutta av sjø. Definisjon på «land»: Dersom produksjonseiningane står på fast


Hav av moglegheiter 2019

27

ds-modellen TREDJE GENERASJON: Alex Vassbotten (f.v.) , Erlend Vassbotten og Inge Vassbotten. Pressefoto

Alex Vassbotten går av, og overlet roret til sonen Erlend FLORA: Tredje generasjon tek over Steinvik Fiskefarm. Alex Vassbotten, fødd i 1962, går av som dagleg leiar og vil jobbe vidare med utvikling i konsernet, og som dagleg leiar på Steinvik Rensefisk. Det melder Steinvik i ei pressemelding. Spesielt vil utbygging av nytt storsmolt-anlegg i Svelgen ta mykje av tida hans framover. Alex Vassbotten har vore dagleg leiar sidan oppstarten av Steinvik Fiskefarm i 1986. Steinvik Fiskefarm har seks konsesjonar i Askvoll og Flora, og eit visningssenter på Steinvik. Konsernet Steinvik har Barlindbotn Settefisk (to millionar smolt), og Steinvik Rensefisk

som produserer rognkjeks i Svelgen (3,3 millionar fisk). Her er det og sett i gang bygging av nytt storsmolt anlegg som skal vere ferdig hausten 2020. Erlend Vassbotten, som no tek over, har ein bachelor i økonomi frå BI i Oslo, og ein bachelor i Havbruksdrift og leiing frå Bodø. Han har vore tilsett i Lerøy Sjøtroll sidan 2013, der han har hatt stilling som lokalitetsleiar og biologisk kontroller sidan 2015. Inge Vassbotten er styreformann i konsernet, og no blir det tre generasjonar som skal ta konsernet inn i framtida

David E. Antonsen.

STÅR BAK BULANDSMODELLEN: Gründer Hans Haddal (bildet i midten) saman med gründer Oddmund Storesund og grunneigar AnnMargrethe Grepstad. Til høgre gründer Ola Sveen.

grunn eller utfylte massar på eit område som ikkje er dekka av vatn, dersom også lågaste nivå (botnen) av produksjonseiningane er på nivå over høgaste astronomiske tidevatn (HAT). Dette siste er ikkje slik hos Bulandet Miljøfisk, der botnen på kara vil vere under høgaste astronomsike tidevatn (springflo). Men Hans

Haddal meiner at prosjektet i Bulandet likevel er innafor definisjonen på landbasert. Innovasjonen ligg i at dei bygger anlegget i ei tørr byggegrop på land, men under havnivå for å sikre eit energieffektivt system.

Arve Olav Solbakken

Den korte vegen til lokale råvarer Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt støttespelar for mange lokale bedrifter. Ei av desse er Sogn Aqua. ssf.no


28

Hav av moglegheiter 2019

www.selstad.no

Foto: HS Produksjon

Kinn Marina tilbyr et moderne og effektivt kaiområde som legger til rette for båthotell og vinteropplag. Vi har også fasiliteter for nødvendig service, vedlikehold og reprasjon.

Selstad er en internasjonal leverandør av utstyr og kompetanse til det maritime markedet, og opererer fra elleve forskjellige lokasjoner med hovedkontor i Måløy. Vår spisskompetanse ligger innen oppdrettsutstyr og fiskeredskaper, men vi leverer også tau og utstyr til sikkerhet, industri og offshorevirksomhet.

KINN MARINA Brandsøysundet 29 6908 Florø Tlf: 485 06 000 www.kinnmarina.no

BREMANGER KOMMUNE MED HAVROM FOR INNOVASJON OG NYSKAPING Innovasjon og nyskaping er grunnlaget for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Bremanger har både ånda, folka og naturen som skal til for å verte ei drivkraft innan desentraliserte innovasjonsprosjekt og utvikling av nye og etablerte næringar. Fiskerihamna i Kalvåg er eit døme på eit prosjekt som kan få store positive ringverknader for regionen og næringa. Bremanger er ein fiskerikommune med eit hardt arbeidande og optimistisk fiskerimiljø. Ei ny fiskerihamn er avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling i Bremanger kommune.

Bremanger kommune bremanger.kommune.no

KALVÅG FISKERIHAMN

Frequency.no

Selstad AS | Moldøen | 6700 Måløy, Norway | selstad@selstad.no | T: +4757852500


Treprodukter til industrien «Paller og kasser som passer» Bruland pallefabrikk leverer et bredt spekter av paller og treemballasje til industribedrifter i inn- og utland. Vi samarbeider tett med kundene for å utvikle og skreddersy paller og kasser, og vi lover rask leveringstid. Kasser

Pallekarmer m. lokk

SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID

Europall

VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE

Trelast

A til Å · www.atilaa.no

Spes.kasser etter mål Pall 2-veis

Pall 4-veis

Fiske og fangst Akvakultur Matros Motormann

1/2 pall BRULAND PALLEFABRIKK on,, har over 60 års erfaring med palleproduksjo og leverer hele spekteret av treprodukt til næringslivet i inn- og utland. Fab brikken d lt fra f kiler kil til strø t og kasser. k ligger gunstig til ved E39, og leverer skreddersøm av alt Vi har stor lagerkapasitet, slik at vi kan love sikker og rask levering. Våre produkter er miljøsertifiserte og IPPC-godkjent av Mattilsynet.

Bruland, 6800 Førde - Telefon: 57 72 22 90 Mobil: 917 21 021 / 952 91 943 E-post: post@paller.no - www.paller.no

Bli med på vinnerlaget!

Fremtiden ligger i havet – rett under overflaten Å arbeide med levende organismer og de utfordringer biologien har å by på, og samtidig prestere i et internasjonalt, børsnotert konsern, er noe av det som gjør Mowi til en arbeidsplass utenom det vanlige. En spennende og dynamisk hverdag hvor vi sammen gjør jobben for verdens ledende sjømatselskap og lakseprodusent! Vi er på jakt etter dyktige personer fra flere fagområder, særlig innen akvakultur, biologi, fiskehelse, næringsmiddelfag, teknikk og automasjon, samt økonomi og ledelse.

www.mowi.com/people

29 Frequency.no

Hav av moglegheiter 2019

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 415 30 834 post@okfh.no | www.okfh.no


30

Hav av moglegheiter 2019

Lager nede: Gamal bygningsmasse er sanert i samband med nybygget, men 500-600 kvadratmeter av det gamle står att på bakkenivå der det blir opprusta til lager. Arnt Ove Hoddevik midt i biletet.

Storsatsing: – Vasketårnet skal gjere det betre for både nabolaget og våre tilsette, seier fabrikksjef Rune Gangsøy (t.v.) og

I gang med å produsere Om Etter ei storsatsing i 100-millionersklassen er Pelagia Måløy Sildoljefabrikk i gang med å produsere fiskeolje og fiskemjøl til bruk i Omega 3-produkt og mat til kjæledyr.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Produksjon av olje og mjøl av restråstoff av makrell og sild til bruk i næringsmiddel til menneske og kjæledyr er underlagt strengare krav frå Mattilsynet enn oljen og mjølet som er produsert ved fabrikken tidlegare. Det er bakgrunnen for utbygginga. I første omgang er det kosttilskot pilotprosjektet rettar seg mot. Makrellavskjer frå Pelagia-fabrikken i Selje blir av råvarene til den nye fabrikken i Deknepollen. Bygningen der produksjonen skal gå føre seg er komen opp i tilknytning til eksisterande bygningsmasse. Fabrikksjef Rune Gangsøy seier avdelinga blir fysisk skild fra resten av produksjonen. Noko bygningsmasse er sanert, og det er bygd

1000 nye kvadratmeter på toppen av eksisterande 500-600 kvadratmeter. Første plan blir opprusta og skal brukast til lagring. Fabrikken har fått mykje ny teknologi som skal sikre høg kvalitet. Frå før produserer Pelagia Måløy Sildoljefabrikk olje og mjøl til bruk hovudsakleg i laksefôr, men også til dyrefôr. Pilotfabrikk – Pelagia satsar stort her i området med utbyggingar både i Kalvåg, Selje og her i Måløy. Denne investeringa har ei ramme på 90 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift, seier Arnt Ove Hoddevik, operativ leiar (COO) for divisjonen for produksjon retta mot fôr (feed) i Pele-

gia-systemet. Pelagia Måløy Sildoljefabrikk er saman med Pelagia Karmsund Fiskemel den største fabrikken i denne divisjonen, der det er fabrikkar i England, Skottland, Irland og Shetland, i tillegg til dei norske. – Det vi byggjer her i Måløy no er ein pilotfabrikk. Det vi i utgangspunktet vil er å nytte restråstoff frå makrell og på sikt sild. Det er eit stort sett sjølvfinansiert forskingsog utviklingsprosjekt, og så vidt vi veit det einaste i sitt slag. Teknologien vi skal ha inn er brukt tidlegare, men ikkje i denne samanhengen. Det er ein fabrikk som skal produsere konsumkvalitet på olje og mjøl.


Hav av moglegheiter 2019

Vasketårn skal fjerne lukt frå fabrikken Eit 14 meter høgt vasketårn skal ta bort lukt frå produksjonen av olje og mjøl ved Pelagia Måløy Sildoljefabrikk. – Målet er at vasketårnet skal føre til ei klar betring når det gjeld lukt frå produksjonen. Heilt utan lukt vil nok produksjonen av olje- og mjøl aldri bli, men vi veit frå eit tilsvarande prosjekt ved fabrikken i Egersund at dette har god effekt. Vi gjer det både for å hindre ulempe for naboane våre og for å gje betre arbeidsmiljø for dei tilsette, seier fabrikksjef Rune Gangsøy. Vasketårnprosjektet har ein kostnad på 20 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Det 14 meter høge sylinderforma tårnet er seks meter i diameter. Anlegget vart sett i drift i februar.

Kjøper naboeigedomen: Pelagia har kjøpt denne omstridde eigedomne av Nergård.

operativ leiar for fôrdivisjonen i Pelagia Arnt Ove Hoddevik. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

mega 3-olje Lagar kosttilskot i Ålesund Fabrikksjef Gangsøy viser oss teikningar av ein tankbil. Det er slike bilar Pelagia skal nytte til å frakte råvarene til fabrikken. – Bilane er av same standard som dei som blir nytta til transport av mjølk. Vi har tinga tre slike tankar, og har avtale med transportselskapet Ortra på Eid om å frakte for oss, seier Gangsøy. Den ferdige oljen skal i større og større grad gå til den Pelagia-eigde produsenten Epax i Ålesund, som lagar Omega 3 kosttilskot. Vil tilsette fleire – Vi vil sjå an voluma etter kvart som vi kjem i gang og ser marknaden. Vi håpar satsinga skal gje fleire

arbeidsplassar enn dei 26 vi har ved fabrikken i dag. Vi har allereie tilsett ein medarbeidar og det blir fleire i løpet av 2019, seier Hoddevik. Satsinga gjev også ringverknader for lokalt næringsliv. Sætren Installasjon, Flatraket Bygg, Måløy Rør, Jimmy Nore og Nordplan er av lokale verksemder som har vore involvert i prosjektet. Sjølve hallen er det Hurre som har sett opp, ei nasjonal verksemd spesialisert på bygg for næringsmiddelindustrien. Ifølgje fabrikksjef Rune Gangsøy vil mjølproduksjonen i første omgang gå til marknaden for fôr til kjæledyr (pet food), der det er like strenge krav som til produksjon av næringsmiddel for mennesker.

Kjøper eigedomen av Nergård Pelagia nyttar forkjøpsretten og kjøper gamle Ulvesund Formelfabrikk av Nergård Pelagic. Arnt Ove Hoddevik seier tilgangen til eit 7.000 tonn lager er den viktigaste grunnen til at Pelgia kjøper eigedomen. Det er ikkje planar om produksjon av olje- og mjøl i lokala. – Vi kan nytte oss av lageret med små oppgraderingar og tilpassingar, og tek sikte på å ta det i bruk til våren. Når det gjeld dei andre bygga, har vi ikkje teke stilling til om vi skal ha aktivitet der sjølv, eller leige ut. Men det er ikkje planlagt produksjon der.

31


32

Hav av moglegheiter 2019

FULLSKALA:

Fullskala anlegg er planlagt på vestenden av Fjord Base, knytt til ein framtidig hydrogenfabrikk. Planane ligg på is fram til RASteknologien blir godt nok testa Foto: INC ut.

PROSJEKTLEIAR : Hans

Runshaug. Foto: Arve Solbakken

piloten: Pilotanlegget er her digitalt montert inn i bildet, slik at ein ser korleis plasseringa blir ved sidan av Havlandet Marin Yngel sine produksjonshallar for Foto: INC torsk og bergylt.

Skal få sett laksepiloten i drift FLORØ: – Planen er å sprenge ut tomta før jul og at vi kan starte bygging av pilotanlegget for laks i januar, fortel prosjektleiar Hans Runshaug.

I oktober jobba Runshaug saman med INC-teamet og INC-leiinga med val av teknologi-leverandør til pilotanlegget til selskapet Havlandet RAS Pilot.

Norske tilbydarar Pilotanlegget med to store oppdrettskar på land blir plassert i tilknytning til Havlandet Marin Yngel sitt torsk- og berggylt-anlegg. Rett ved sidan ligg også det nye bygget til Havlandet Forskingslaboratorium, som del av ei lokal kompetanseklynge knytt til marin biologisk produksjon. – Vi konsentrerer oss om norske tilbydarar av RAS-teknologi og ser på kven som har best resultat å vise til over tid. Det er mange tilbydarar i denne marknaden no, ikkje minst er det komne fleire kinesiske aktørar. Sidan vi har Innovasjon Norge med på laget, forhandlar vi med fire norske selskap, fortel Runshaug.

Konkurransekraft

Arve Olav Solbakken

Han reknar med at val av leverandør blir gjort før 1. november og at endeleg investeringsavgjerd då er på plass. – Eg har tru på at landbasert matfiskoppdrett kan bli konkurransedyktig med ein produksjonskostnad rundt 40 kroner kiloen. Vek-

sten i laksenæringa vil komme på land, medan den etablerte oppdrettsindustrien i sjø vil halde fram med oppdaterte merdløysingar. Deira største utfordring er å få kontroll på utfordringane og kostnadene med lakselusa, meiner han. Formålet med pilot-anlegget er å dokumentere at ein klarer å innfri biologiske og kommersielle forutsetningar for landbasert produksjon av slakteklar laks. I piloten legg ein opp til 200 tonn produksjon. – Etter pilotfasen kan anlegget brukast til annan produksjon. No ser det ut til at torskeoppdrett kan bli aktuelt igjen, fortel Runshaug.

Storskala neste Etter pilotfasen er det planlagt å bygge ut eit storskala anlegg på 10.000 tonn vest på Fjord Base. Prosjektet har fått 15 millionar i støtte frå Innovasjon Norge og har ei kostnadsramme på kring 50 millionar kroner. Resten er finansiert av aksjonærane i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.


Hav av moglegheiter 2019

TOLMOD KAN LØNE SEG: Halvard Hovland og HMY kan oppleve at tolmodige og visjonære eigarar no får betalt for å ha teke vare på genmaterialet til torsken. Arkivfoto: Firdaposten

Einaste i landet med 6-generasjons stamfisk:

No kan INC få betalt for langsiktig torske-strategi FLORØ: Etter fem års stillstand er det gryande interesse for oppdrettstorsk att. – Vi sit på eit heilt unikt avlsmateriale og skal levere tre millionar yngel i år.

Det fortel dagleg Halvard Hovland i Havlandet Marin Yngel (HMY). Då torskeoppdrett kollapsa totalt i 2014, valde INC-eigarane å vidareføre avlsarbeidet og ta vare på stamfisken av torsk. Det kan no vise seg å vere ei smart avgjerd.

Torsk i siget No vaknar interessa igjen for torskeoppdrett og HMY skal i haust levere yngel til selskapa Stadt Torsk og Nordcod. Florø-selskapet leverer yngel av sjette generasjon stamfisk, medan det statlege matforskingsinstituttet Nofima er komne til fjerde generasjon i sitt avlsprogram. – No har vi moglegheiter til å tene på at vi har teke vare på kompetansen og det genetiske torskematerialet vårt, seier Hovland, og viser til fleire positive teikn i tida. Det er fleire aktørar som vurderer satsingar innan torskeoppdrett, pilane i bestandsutviklinga av villfisk

peikar nedover, medan interessa for torsk i fiskemarknaden er aukande.

Berggylt betyr mest Men det er oppdrett av berggylt som er den økonomiske berebjelken i Havlandet Marin Yngel. HMY har no bak seg eit par års pilotprosjekt-periode med det trønderske lakseselskapet Salmar. Dei disponerer kring 100 lisensar for lakseoppdrett og har anlegg både i Norge, Island og Skottland. – Vi blei utfordra på om vi kunne betre kvaliteten og løfte produksjonen av berggylt. Det har vi greidd og har signert ei meir langsiktig samarbeidsavtale. Berggylt har vist seg å vere den mest effektiv lusespisaren i laksemerdane, faktisk meir effektiv enn den villfanga fisken. Jobben vår vidare er å domestisere eller temme arten til å bli ein fisk som lever godt blant laksen i merdane. Vi har ein god tovegs-kom-

munikasjon om dette, understrekar Hovland.

Robust immunsystem Berggylt har vist seg å ha eit robust immunssystem. Den beitar så effektivt på lakselus at ein kan halde innblandinga i laksemerdane på 3,5 prosent. Det vil sei at 1 million berggylt kan rense 30 millionar laks for lus i ein produksjon. – I 2018 produserte vi 700.000 berggylt, medan vi reknar med å kunne auke til 1,3 millionar i neste generasjon. Det er langt meir krevjande å drive med produsere berggylt enn torsk, sidan vi får ut berre nokre titusen med egg av kvar hofisk. Fisken kan ikkje strykast som torsken. Det blir for stressande og då kan den reversere eggproduksjonen. Derfor har vi bygd opp meir varmekapasitet for tempetaturstyring, ein eigen tilpassa gytehall med kunstig tareskog og lysregulering for å auke utbyttet av egg, forklarer han. Berggylt er hermafroditt, slik at alle er fødde som hofisk. Kjønnskifte til hann kjem først etter 12 års alder. Den har ikkje magesekk og beitar kun på krepsdyr. – Vi har fått god draghjelp av Mowi i Øygarden til å vidareutvikle produksjonsmetodane. Å finne fram til nye levande fôrganisamar

har ovre viktig. Sidan 1980-talet har vi hatt artemia og hjuldyr, men dei seinare år er det utvikla to nye artar av flinke aktørar i bransjen. Den eine arten er det frittsymjande nauplie-stadiet til rur og det andre eit nauplie-stadium av hoppekreps, begge naturlege dyreplankton i havet, forklarer han.

Krevjande Fleire har spurt Hovland om det ikkje er krevjande å jobbe med to forskjellge artar i produksjonen. – Det er det, men bonusen er at vi kan bruke kunnskapen om artane begge vegar. Det blir meir fagleg interessant å jobbe her. Havlandet Marin Yngel tel i dag åtte tilsette og snart vil staben auke med ein. Dei har også to lærlingar i bedrifta. Snart startar jobben med å bygge pilotanlegget for laks og då vil verksemda ha tre bein å støtte seg på. I tillegg ligg Havlandet Forskingslaboratorium, som har kompetanse på fiskehelse, vegg i vegg på området. – Vi i den lokale marine næringa opplever ei fin lokal utvikling og arbeider i eit spanande og godt fagmiljø.

Arve Olav Solbakken

33


34

Hav av moglegheiter 2019

Trivast på merdkanten: Elevar frå akvakulturutdanninga ved Måløy vidaregåande skule på plass på merdkanten ved Mowi-anlegget på Rundereim. Frå venstre Kristoffer Rundereim, Steffen Skoglund Bø, Markus Årvik og William Hodnefjell. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Styrer utviklinga: Sentrale personar i utviklinga av akvakulturutdanninga ved Måløy vgs. Frå venstre lærar Kariann Fagerli, prosjektleiar Mona Bakke Svarstad og avdelingsleiar Alf Reidar Myrstad.

Simulator: Jonas Kleven, førsteårsstudent på fagskulen i Måløy, i simulatoren der ein lærer opp skipsførarar. Fagskulen og vidaregåande skule er integrert i kvarandre. No får skulen også simulator for akvakultur.

Treårig utviklingsprogram skal g Havbruksnæringa skal vekse og blir teknologisert. Utdanninga må halde følgje. Måløy vidaregåande skule er i gang med eit treårig utviklingsprogram.

– Ved nyttår starta vi prosjektet for å vidareutvikle akvakulturutdanninga i samarbeid med verksemdene. Dette heng i hop med verdiskapingsplanen i fylket. Ein ventar ei femdobling av verdiskapinga i næringa innan 2050. Vi må sørgje for å vidareutvikle utdanninga slik at vi får nok arbeidskraft med rett kompetanse, seier prosjektleiar Mona Bakke Svarstad. Ein del av planen er å setje opp ein akvahall i tilknytning til skulen. Bygget på om lag 250 kvadratmeter blir ein miniversjon av eit landbasert oppdrettsanlegg tilrettelagt som eit klasserom. Her skal

skulen ha framvekst av ulike artar, alt frå laks til skjel og algar. – Elevane skal få prøve og feile her i eit trygt og godt læringsmiljø før dei kjem ut i verksemdene som lærlingar, seier Bakke Svarstad.

Blir satsa på av fylkeskommunen Sogn og Fjordane fylkeskommune er prosjekteigar, og det er løyvt ein million kroner til forprosjekt. Målet er at bygginga skal setjast i gong i løpet av treårsperioden frå sist nyttår. – Målet er også at vi skal ha på plass ein simulator for akvakultur i løpet av hausten, i tillegg til si-

mulatorane vi har til bruk i samband med opplæring av skipsførarar. Fylkeskommunen har også løyvt midlar til bygging av nytt skulefartøy som erstatning for dagens «Skulebas». Det nye skulefartøyet er ei satsing i 100-millionarsklassen. Vi blir satsa på av fylkeskommunen som er eigaren vår. Vi reknar med satsinga held fram også når vi blir ein del av Vestland fylke frå nyttår, sidan Hordaland også er eit fylke der marine næringar står sterkt, seier Alf Reidar Myrstad, avdelingsleiar for havbruksutdanningane ved Måløy vidaregåande skule. Måløy er fylkesdekkande for ut-


Hav av moglegheiter 2019

gjere utdanninga endå betre danning innan havbruk, fiskeri og maritime næringar. Eit eige sikkerheitssenter gir elevar og tilsette i næringane tilbod om yrkesretta kurs. Elevane kjem frå heile fylket. I Hordaland er det tilsvarande utdanningar i Fusa og Austevoll. – Vi har eit samarbeid med dei andre skulane i Vestland allereie. Dette er noko vi kan byggje vidare på. Vi kan utveksle erfaringar slik at alle blir betre.

Tett link til næringslivet Eit trekk ved havbruksutdanningane ved Måløy vidaregåande skule er det tette samarbeidet med næringa i fylket. Næringa ser at

skulen er ein god stad å rekruttere fagfolk, og stiller med praksisplassar under utdanninga, og seinare lærlingplassar. Sist år tok Ervik Havfiske imot alle fiskerilærlingane ved skulen. Ein annan stor aktør skulen samarbeider med, er oppdrettsselskapet Mowi, den største aktøren innan oppdrett her i regionen. – For oss er utdanninga ved Måløy vidaregåande skule gunstig. Vi slepp å gå breitt ut for å få tak i folk. Jobben blir meir og meir teknisk og krev utdanning. Før var vi røktarar, no er stillingstittelen driftsteknikar, det er meir treffande slik jobben er i dag, seier driftsleiar Gunnar

Silden ved Mowi-anlegget på Rundereim.

Likar miksen teori-praksis – Vi har ein fast lærling, to akvaelevar, pluss ein YSK-elev, det vil seie ein elev som kombinerer praksis med studiespesialisering over fire år. Vi er spesielt interessert i flinke folk med lokal tilknytning, for dei ser vi blir verande. Vi treng folk som kan stille opp på kort varsel, det er difor gunstig at folk bur nær. Dei som er her i lære som vi ikkje har plass til på dette anlegget, sender vi gjerne vidare til andre delar av Mowi-systemet, seier Silden. Ein av totalt fire lærlingar og

elevar vi møter på Rundereim haustdagen vi er på besøk, er Kristoffer Rundereim. Han bur rett i nabolaget og er godt nøgd med både utdanninga og ordninga med praksis. – Eg går siste året på utdanninga og håpar å få lærlingplass her sidan eg bur i nabolaget. Eg ser også på anlegget her som ein mogleg framtidig arbeidsplass, seier han. – Utdanninga er god sidan det er lettare å lære når vi kan kome ut og erfare teorien i praksis.

JØRN-ARNE TOMASGARD

35


Hav av moglegheiter 2019

kommune

– for kysten

Ein stolt og handlekraftig kystkommune med blikket retta mot framtida STOLT Vi framsnakkar og heiar på kvarandre – og inviterer alltid inn.

FRAMOVERLENT Vi opnar opp og utfordrar det etablerte. Ved å tenke stort skapar vi nye alliansar og er klare for framtida.

HANDLEKRAFTIG Med kunnskap og tempo skal vi gjennomføre og setje spor.

kinn.kommune.no

A til Å - www.atilaa.no

30


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.