Kavalkade

Page 15

Onsdag 5. januar 2011

33

JULI: Feseth lynet er den lokale travstjerna, i juli viser Seim-hesten at han er best i landet, når han travar inn til siger i NM for kaldblodshester

Ketil Porsmyr har englevakt, den røynde paraglidaren får problem og susar kast i kast over 100 m nedover. 43 åring bryt lårbeinet og olboga, men er oppe på krykker få dagar etter. – Eg har vore utruleg heldig, men har nok spela min siste veterankamp i fotball, seier den tidlegare daglege leiaren i NBK.

SEPTEMBER: Hordabø-damene opnar bra, men får det tungt i sin første sesong i andre divisjon. Berre tilfeldig hjelp frå andre divisjonar reddar plassen i andre divisjon for Ajla Selemic og dei andre i grønt.

JULI: Lindås skyttarlag får elektroniske skiver på bana på Lindås. AUGUST: I Litauen er basketball nærmast for religion å rekna, i Bøvågen er miljøet heller tynt. Ei gruppe arbeidsinnvandrarar frå det baltiske landet gjer noko med det, og dreg i gang eit lag der fleire har erfaring høgt oppe frå divisjonane i heimlandet. - Vi håpar og å få med nokre norske og kanskje at laget skal gjera oss betre integrerte i bygda, seier den sympatiske gjengen. SEPTEMBER: Ole Kristian Nøttveit kjørde i divisjon 2 i EM-sirkuset denne sesongen. Resultata varierte litt, men tredjeplass samanlagt i EM er meir enn godkjent for radværingen. OKTOBER: VM er årets store mål for verdas beste funksjonshemma bordtennisspelar, Tommy Urhaug. Radværingen hentar heim ein ny medalje frå eit stort meisterskap, men må nøya seg med sølvet denne gongen. OKTOBER: NBK må ned frå tredje divisjon etter ein svært variabel sesong. Nedrykk vert det og for damelaget ENK, med spelarar frå Eikanger, NBK og Kvernbit. NOVEMBER: Madeleine Njøten frå Hordabø med ti mål og Stian Rasdal frå Bjørn West

med 28 mål, vinn Nh-sporten sin gullstøvel. Nokre veker etter kåringa, er det klart at Bjørn West må leggja ned sitt seniorlag på grunn av sviktande rekruttering. DESEMBER: Samarbeidet mellom dei tidlegare erkerivalane i Lindås og Austrheim heldt berre tre år, før laget vert lagt ned. Austrheim vil prioritera seniorlag, medan Lindås heller vil satsa på juniorlag. Dei lyseblå rykka opp i fjerde divisjon 2009, og ned året etter.

SEPTEMBER: Endå ei krøllgrasbane grønkast i Nordhordland, denne gongen er det tyske Scos som legg dekket på det som skal bli Austrheim idrettspark utanfor Austrheimhallen.

DESEMBER: Kvernbit dommar Ivar Askeland vert tatt ut til å vera linjemann i Adecco-ligaen i komande sesong.

AUGUST: Arne Johan Seim vinn feltskyting for veteran under landsskyttartemnet på Elverum. Arne Johan er og med og sikrar sølv for Hordaland i samlagsskytinga, og får seinare på året kulturprisen i Lindås for sin mangeårige dugnadsinnsats i skyttarmiljøet.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.