Issuu on Google+

Fredag 31. desember 2010

2010 slik vi s책g det

Nyheiter

17


Fredag 31. desember 2010

18

Januar LESEHEST I HUNDRE: Med rullatoren tar ho seg lett fram til biblioteket. Solveig Hagen frå Meland er framleis lesehest i ein alder av 100 år. – Johan Falkberget er blant favorittane. Han skildrar Røros-bygda så godt at eg var sikker på at eg hadde vore der før, første gongen eg kom dit, seier ho.

2010

slik vi såg det...

PÅ SKI FOR FØRSTE GONG: Han er milevis unna heimen i Palestina, og nett no er Rezqallah Housheya (t.h.) litt misunneleg på nordmenn som er født med ski på beina. Heller ikkje Abdul Mannan frå Eritrea har prøvd skia tidlegare. Ikkje heilt lett å stokka beina, konkluderer han med eit smil.

MÅTTE FLYTTA DÅPEN: Frøyset kyrkje er for kald då vesle Sara Kvamsdal skal døypast, og seremonien vert flytta til sjukeheimen. Ikkje sidan 1981 har det vore kaldt over ein så lang periode som det regionen opplever no. Rekorden er frå 1947 med 55 samanhengande dagar med minusgradar.

Født i framsetet

!

Pappa Marius Sletten får akkurat parkert utafor KK og tilkalla jordmor før den vesle jenta kjem til verda. – Fire jordmødre kom springande for å hjelpa, seier mamma Trude Otterstad om den kjappe fødselen i framsetet på Toyota Carinaen, med 10 minusgrader ute.

Kongegull til Løtveit

Han er rotekte, styrt av engasjementet og med ei forteljarevne utanom det vanlege, vert det sagt om Eilif B. Løtveit. Han vert tildelt kongens fortenestemedalje i gull - med ei rekkje av norges fremste klassiske artistar til stades under tildelinga på Troldhaugen, der den tidlegare lektoren har vore tilsett sidan 1998.

T YSK MEDISIN FOR MELAND Meland kommune plasserer seg heilt i landstoppen med sine 505 nye arbeidsplassar siste tiåret. Blant bidragsytarane er tyske Bernd Lindner som selde apoteket i heimlandet, flytta til Norge og etablerte Frekhaug apotek.

ORGANISERTE BANDAR SI SKULDA At vinningskriminaliteten aukar med heile 25 prosent i Nordhordland siste året, må organiserte bandar frå Aust-Europa ta mykje av skulda for. 50 påhengasmotorar forsvinn i løpet av ei ferieveke. Statistikken frå politiet fortel og at det vert omsett og brukt narkotika

i heile distriktet.

200 MILL FOR HUSSAL Meland kommune vurderer å selja unna nesten hundre kommunale utleigebustadar, og kan håva inn rundt 200 millionar kroner. – Dette vil gje kommunen betydeleg større handlefridom, seier ordførar Nils Marton Aadland som går i forhandlingar med Meland utbyggingsselskap. Ved utgangen av året er framleis ikkje salet realisert, då alle dei aktuelle bustadane først skal takserast.

MASFJORDING SKAL SELJA NABOANE Masfjordingen Hogne Haugsdal er tilsett

som næringsutviklar i Lindås og Austrheim. – Det som skjer på Mongstad er så viktig for Norge og resten av verda at dette arbeidet ville eg vera med på, seier Haugsdal. Hans jobb er å selja inn området til folk som vil etablera seg her.

EMMA OG LUKAS PÅ TOPP I slutten av januar kjem meldinga frå Statistisk Sentralbyrå om at Emma og Lukas var dei mest populære namna i Norge og i Hordaland i 2009. Deretter følgjer Emil, Alexander og Oliver som gutenamn, og Linnea, Nora og Sofie som jentenamn.


Fredag 31. desember 2010

19

Februar FÅR OPPFYLT DRAUMEN: 11 år etter at Svein Erik Fonnes vart lam frå livet og ned i ei ulukke, får han trailerdraumen oppfylt. I spesialbygd bil er han klar for vegen, takka vera god hjelp frå svogeren Stein Inge Larsen i Byrknes Auto.

2010

slik vi såg det...

LYSFEST FOR GANGVEGEN: Fungerande ordførar Kari Sørheim klypper snora for den lyssette gangvegen på Hosteland. Dugnadsinnsats og midlar frå Gjensidiefonda har ført til at bygda no kan feira lysfest.

MANGER TIL TOPPS: Håvard Skutle, Birgitte B. Bruget, Erlend Aagaard-Nilsen og Torgeir Andvik feira kongepokalen til Manger Musikklag etter årets brass-NM, i lag med ein strålande opplagt ordførar og ein stor flokk gratulantar.

Satsar 45 millionar Idylliske Kjelstraumen vert seld til arnabuen Frode Johnsen, som reknar med å investera rundt 45 millionar for å rusta opp den erverdige plasssen. Samstundes tar Hege Ramsland over drifta av den 400 år gamle gjestgjevarstaden. KOPARTJUVAR HERJAR Kvart år vert det stole kopar for store verdiar frå NGIR i Kjevikdalen. Nok ein gong vert det klypt hol i gjerdet, og tre moldovarar vert tatt på fersken. Alarmanlegg og ekstra vakt av Securitas er ikkje nok til å halda kopartjuvane unna.

Mohn Piping på Hjertås, som er mellom dei som har mottatt oppseeing.

FOLKETALS-BOOM Austrheim har den nest største prosentvise folkeveksten i landet. Likevel etterlyser ordførar Ole Lysø fleire kvinner, då kommunen og er på topp i forhold til størst prosentvis overvekt av menn.

FØRTI MÅ GÅ Minst førti personar må gå frå Frank Mohn-konsernet sine verksmeder på Flatøy og Hjertås. Bakgrunnen er sviktande ordretilgang. – Når vi har vore gjennom kuttrunde nummer tre, skal arbeidsstokken vera halvert, seier klubbleiar Aasmund Karlsen ved Frank

SNØEN SKAPAR KAOS Store snømengder skapar kaos på vegane i Nordhordland og Gulen. Endåtil bergingsbilen set seg fast på Odland i Meland då den kjem for å hjelpa laus eit vogntog. Fleire vogntog hamnar utfor vegen, og trass iherdig innsats frå snø-

ryddarane, har brannvesenet store problem med å koma seg fram mange stader i regionen. PÅ taket av Meland Aktiv vert det målt 85 cm snø siste veka i månaden.

FRYKTAR SPØKELSES-BYGD Mongstad-naboar fryktar at dei vert buande i reine spøkelsesbygder dersom industriutbygginga rundt Mongstad blir så omfattande som kommunedelplan for området legg opp til. Med dei nye planane vil det bli over 9000 dekar med industriareal i Mongstad-bygdene.

!

Tommy – tiårets namn

Tommy Urhaug vert av Nh sine lesarar kåra til tiårets namn i Nordhordland. Bordtennis-esset har markert seg gjennom heile 10-året, og er ein god ambassadør for Radøy og regionen.


Fredag 31. desember 2010

20

Mars 2010 PÅ FACEBOOK FOR KNARVIK-TOMTER: - Knarvik treng fleire einebustadtomter for å sikra gode oppvekstvilkår og unngå forgubbing, seier Mette C. Nordås, leiar i Juvikstølen Vel. Det meiner og dei 140 medlemane i Facebook-gruppa for fleire einebustadtomter i Knarvik.

slik vi såg det...

HEILT I HUNDRE: - Det er mykje fint under loket, utbryt Anne Karin Stellberg Sætre, på nettdating etter menn i passande alder. Også revygjengen tar heilt av når Austrheim kommune skal feira 100 års jubileum.

RAUD LØPAR FOR ORDFØRAREN: Visst vart ho møtt av ein raud løpar, ordførar Astrid Å. Byrknes då Lindås senter opna sitt nye takoverbygg. Geleida av ei raudkledd Bodil Vabø måtte ordføraren jogga ein æresrunde i senteret si nye ”storstove”.

Nei til ny ubåtkamp

!

Regjeringa meiner ubåt-saka må greiast ut på nytt, og utelukkar ikkje at resultatet kan bli tildekking. Dette får meir enn 5000 til å koma med krav om heving straks på Facebook. – Det er vanskeleg å sjå at det kan vera nødvendig å begynna heilt på null etter sju års utgreiing, seier Lisbeth Stuberg i ubåtaksjonen. I desember informerer kystminister Lisbeth Berg-Hansen Stortinget om at U-864 skal hevast.

Klar for hogg

Han er rekordtidlig ute, hoggormen som soler seg i vegkanten i Meland søndag 14. mars. – Dette er veldig tidlig, særleg med tanke på den kalde og snørike vinteren vi har hatt i år, seier 1. amanuenseis Terje Lislevand ved Bergen Museum. Også på Radøy vert det observert hoggorm denne helga.

BARNEHAGE VED SKULEN Gulen-foreldre er frustrerte over politikarane som vil leggja den nye barnehagen i fysisk tilknyting til Eivindvik skule. I vurderinga ligg og sterke føringar for at dei folkevalde ønskjer å samla ungdomsskulesteget på Dalsøyra. Protestane når ikkje fram. Like før jul vert det gjort vedtak om å gå for eit barnehagebygg i to etasjar, til 13.3 millionar – utarbeidd av M3 arkitektar og lokalisert ved skulen.

LINDÅS MJØLKAR MONGSTAD Lindås-bedriftene er verdsett til 16 milliardar. Sju av dei ti som betalar mest eigedomsskatt ligg på Mongstad, og desse bidrar med drøyt 105 millionar i kommu-

nekassa. Andre verksemder på lista er BKK Nett AS og Western Geco AS.

BUSSJÅFØR SLÅTT I ANSIKTET Fleire passasjerar er vitne til at ein bussjåfør vert overfalt av ei rasande bilist som meinte at bussjåføren ikkje overheld vikeplikta. Han ventar ved neste busstopp og går då til angrep på sjåføren inne i bussen. Saka er meldt til politiet.

SIGER TIL BOKMÅLSFORELDRE Plassproblem er ikkje god nok grunn til å seia nei til bokmålsklasse, fastslår Fylkesmannen i Hordaland. Dermed slepp bokmåls-foreldre i Vestbygd-krinsen senda førsteklassingane sine til Sagstad, slik

kommunen legg opp til. Utdanningsdirektøren meiner retten til nærskule er så sterk at den aldri kan gjerast betinga av plass og økonomi.

UTSET MÅNELANDINGA Det sler ikkje ned som noko stor bombe då olje- og energiminister Terje Riis-Johansen uttaler at fullskala reinsing av gasskraftverket på Mongstad kan bli utsett. Han meiner Mongstad-prosjektet er meir krevjande enn det ein først rekna med, og at at det kan vera farleg å forhasta den såkalla månelandinga. Miljøorganisasjonane rasar og meiner dette er første skritt mot skrinlegging.


Fredag 31. desember 2010

April

21

2010

FAVORITTKYRKJA: Meir enn 60 prosent av dei som er innom nh sine nettsider og stemmer på eit av dei fem arkitektteikna alternativa for kyrkja i Knarvik, har gitt sin stemme til denne modellen. Før året er omme vert det vedtatt at det er slik kyrkja skal sjå ut når den står ferdig.

slik vi såg det...

HISTORISK TV-SATSING: Det vert skrive lokal mediehistorie når TV Nordhordland går på lufta med web-TV frå det gamle bedehuset på Flatøy. Jon Ingar Kjenes ( i midten) er redaktør, og det er inngått samarbeid med Avisa Nordhordland om stoffproduksjon.

MANGE SVIN PÅ SKOGEN: Eit genialt forretningskonsept og eit villniss av vegnamn og skilt er ingrediensane i årets Sletta-revy. Radarparet i Snigleri A/SS, Knut Tore Vangen og Mette Ervik gjer mykje ut av kampen mot brunsnigelen.

Merete får bu på Byrknes Ei tung bør vert fjerne frå skuldrene til familien Uthaug når gladmeldinga kjem frå helse- og sosialministeren om at Merete (23) får bu i eigen bustad heime på Byrknes og få den hjelpa ho treng. Familien har kjempa ein tøff kamp mot Gulen kommune som ville tvangsflytta henne til eit nytt senter på Dalsøyra. VETLE VANN 36,5 MILL Han var heilt sikker på at han kom til å vinna og at det vart storgevinst. Difor kjem det ikkje som noko bombe på gulingen Vetle Wergeland når han vinn 36.5 millionar i Viking Lotto. Ein ny bil og nokre kroner til avkommet er dei konkrete planane til 60-åringen som nett har førtidspensjonert seg.

FANN SAKNA MANN Medan det pågår ein omfattande leiteaksjon på sjøen og frå lufta, oppheld den sakna 31-åringen seg på hytta i Meland. Han gjekk ut i ei jolle frå Nautesund Camping, utan å sei frå kor han skulle. – Mykje tyder på at det

har skjedd fleire straffbare forhold i denne saka, seier lensmann Einar Vatne.

MELAND MED REKORDOVERSKOT Meland kommune har snudd 21 millionar i minus til 20 millionar i pluss på eit år. –Eg vil likevel presisera at Meland-økonomien ikkje er ”friskmeld”, seier ordførar Nils Marton Aadland. Ved årsskiftet hadde kommunen ei lånegjeld på drøye 335 millionar.

FEDJE FÅR HOTELL Landsbyen vest i havet skal få hotell, forma som eit skip. Gravdal Bygg AS

har byggjeplanane klare for prosjektet til 15 millionar. – Hotellet vil styrka reiselivet og dekka eit behov for overnatting, seier ordførar Kristin Handeland.

FØRSTE MILJØFYRTÅRN Radøygruppen får det første miljøfyrtårnsertifikatet på den grøne øya. – Dette er bevis på nok eit bevisst mål og ein kvalitet vi har oppnådd, seier dagleg leiar Lasse Ståløy og kvitterer med å gje Radøy kommune 500 treplantar i Malawi.

!

Bloggemeister

Radveringen Emil Andre Erstad er fersk uoffisiell norgesmeister i blogging, og tok til og med innersvingen på statsminister Jens Stoltenberg. 18åringen har kalla den politiske bloggen sin storenordmenn.blogspot.com.


Fredag 31. desember 2010

22

Mai

2010

MILLIARD-KONSERN TIL MONGSTAD: Konsernet BIS Industrier etablerer seg på Mongstad og ser for seg eit par hundre arbeidsplassar innan kort tid. – Vi ønskjer og å tilby læreplassar for TAF-elevar, seier Eirik Halvorsen og Knut Harald Aase, her i samtale med samfunnsutviklar Hogne Haugsdal.

slik vi såg det...

I TIPPOLDEMOR SIN BUNAD: Nasjonaldagen vert feire i fint vêr og med glade fjes og kjekke aktivitetar i heile regionen. Line Gausereide Bertelsen (10) frå Seim kan feira 17. mai i tippoldemor sin bunad, medan mamma Sølvi har bunad etter si mormor.

BILL. MRK. BARNEVAKT: Austrheim vil starta eigen barnevaktsentral for tilflyttarar utan nettverk og familiar med travle besteforeldre med eigen karriere. – Tanken er å få med ungdom i ordninga, seier helsesøster Gudny Sognnes. Amalie Korsøen, Line Sætre og Kristoffer Hermansen synest det er ein god ide.

Gir livsviktig blod

!

Datatjuvar med tannverk?

Datautstyr for store verdiar vert stole frå seks ulike verksemder i Litlås industribygg i løpet av nokre nattetimar. Verksemdene er så godt som ribba for stasjonære PC’ar og laptoppar. I tillegg tar tjuvane med seg 50 flasker munnskyllemiddel frå tannlegekontoret.

Evelyn Dale Askeland frå Radøy fekk blodoverføring då tvillingane Malena og Ariel Lovise kom til verda. Tre veker seinare fekk ho akutt behov for meire blod, og i ettertid har ho fått vita at ho har fått blod frå sju gjevarar. - Difor bestemte eg meg for å bli blodgivar sjølv, seier Evelyn. Hordaland treng 5000 nye blodgivarar. TRAKTOR-PROTEST Rundt 50 bønder kjører traktor i sakte fart mellom Knarvik og Flatøy ein lørdag føremiddag for å markera si misnøye med årets landsbruksoppgjer. Bøndene sitt klarer krav til Jens er at han må støtta opp om bøndene for verkeleg å byggja landet. Mat er då grunnlaget for alt anna, er bodskapen frå aksjonistane.

STYGGAST i LANDET? NRK kårar Norges styggaste bygning. Første nominerte er heile Knarvik sentrum. – Forståeleg med ei utbygging i rykk og napp, utan heilskap, seier Karl Johan Olsen som har budd i bygda sidan 60-talet. – Det er ikkje så rotete, og vi er

heile tida på veg mot noko betre, svarar ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Tynset Rådhus vert kåra til landets styggaste bygg, medan Knarvik ikkje er å finna på versting-lista.

SAMAN I KAMPEN Elevar og lærarar ved Austrheim VGS kjempar for å behalda studieretningane sine. Dei er ikkje fornøgd med fylkespolitikarane si avgjerd i vår. Men med nye demonstrasjonar og nye rundar i fylkestinget i desember, får skulen behalda studiespesialisering og eit tredje påbyggingsår på yrkesfag. Skåret i gleda er at automasjon (Vg2) med 15 elevar fell ut.

RADØY VEKS MEST I første kvartal opplever nordhordlandskommunane ein folkevekst på 100 personar. Radøy har med sine 28 innbyggjarar i pluss, dei fleste av dei tilflyttarar frå utlandet, den største veksten. Alle kommunane, med unnatak av Gulen opplever vekst. Austrheim med 2, Fedje med 1, Lindås med 23, og Masfjorden og Meland med 20. Talet på gulingar er redusert med åtte i same periode.


Fredag 31. desember 2010

Juni

23

2010

SØSKENFLOKK PÅ 654 ÅR: Du skal leita lenge etter maken. Når dei no samlast igjen har dei levd i tilsaman 654 år, dei åtte Hosøy-søskena. Dei kom som perler på ei snor, i løpet av 9 år og tre månadar: Bergit Bertine (86), Dagny Amanda (85), Maria Susanne (83), Johan (82), Inga Alida (81), Ruth Josefine (80), Bjarne Oliver (78) og Gunnar Malvin (77).

slik vi såg det...

TURGLAD TURBODAME: Linda Hantveit er så glad i tur og turliv at ho har fått bildet sitt på baksida av Kvikk Lunsj-sjokoladen, som primus motor for Barnas Turlag i Gulen og Sogn og Fjordane.- Å gå med barn er svært ispirerande. Dei ser andre ting i naturen enn oss travle vaksne, seier Linda som jobbar som kreftsjukepleiar og hentar nye krefter og inspirasjon i naturen.

STOPPAR BRUNSNIGLEN: Frode Tufte i Meland har gått til angrep på den formeringsdyktige brunsniglen som trenger seg inn overalt. Hageentusiasten som driv staudeutsal på Moldekleiv, har laga eit gjerde som hindrar snigelen i å ta seg fram til hagar og bed. Ei saltbarriere er løyndomen bak gjerdet, som er testa av Bioforsk ved Landbrukshøgskulen på Ås.

Tårer for skulane Det vert felt mange tårer etter at dei folkevalde i Lindås med knappast mogleg fleirtal vedtar å leggja ned skulane Festo, Kløvheim og Skodvin. Vedtaket vart gjort med stemmene til AP, Frp og uavhengige Unni Sæbø som meldte seg ut av Høgre tidlegare på dagen. Skodvin-foreldre ber om eit års utsetjing på nedleggingsvedtaket, i påvente av at den private Montessori-skulen kjem i drift hausten 2012. I september seier kommunestyret nei, men i november bestemmer dei seg for å utsetja overflyttinga av Skodvin-elevane til Lindås barneskule med eitt år. REKTOR-OPPRØR MOT ORDFØRAR Dei fire rektorane i Gulen reagerer på utsegner som ordførar Trude Brosvik har kome med om skulane i kommunen. Dei opplever det som mistillit når ho argumenterer for eit betre læringsmiljø ved å samla ungdomsstega. Ordføraren meiner rektorane må ha lese utsegna hennar med for kritiske briller.

ELIN LEIAR REGIONEN Elin Flogerø Styve (42) frå Hjelmås er tilsett som dagleg leiar i Regionrådet Nordhordland IKS. – Ein region som er open mot verda, seier den nytilsette

kvinna som kjem frå jobben som formidlingsdirektør ved Universitetet i Bergen.

FARGERIKT I MASFJORDEN Stadig fleire utlendingar søkjer jobb i Masfjorden. Kommunen har fått åtte gonger så mange opne søknader om jobb som på same tid i fjor. Sju er frå nordmenn, ein frå ein filippinar og resten frå europerarar. Personalrådgjevar Jane Britt Daae trur mange har funne vegen til Masfjorden via nettet.

STRID OM REVEFARM Fylkesmannen gir si godkjenning til at Cecilie Brandt og Henning Wilhelm-

sen får byggja større revefarm på Røyset i Meland, medan kommunestyret krev ei helsemessig konsekvensutgreiing av farmen. I desember varslar eigaren eit betydeleg erstatningskrav på om lag 600 000 kroner mot kommunen for tapt produksjon.

TØRR OG KALD JUNI Med rundt 30 millimeter nedbør, mot ein normal på 132 mm., må det vera lova å seia at juni vert ein tørr månad. Berre så synd at middeltemperaturen ikkje nådde lenger enn til 12,2 på gradestokken. Vi må attende til 2005 for å finna ein kaldare juni, med middeltemperatur på 11,9 grader.

!

Fann tjuvgods i Sverige

Lokalt tjuvgods vart funne då fem ungdomar frå Nordhordland vart tatt etter ein heisatur til Sverige. Funna kan m.a. knytast til hytteinnbrot på Hosøy, I Havrevågen og i båtar i Meland. Det høyrer med til historia at tjuvraddane vart stoppa i ein bil dei har stole i Bergen.


Fredag 31. desember 2010

26

Juli

2010

TO TUSEN FOR FEM KILO TORSK: - Det er alltid stor fisk å få på Fedje, seier Arne Harald Waage som drar vinnarfisken på 5,2 kg under årets fiskefestival. Det sikrar han premien på 2000 kroner. Fisken gir han til sine to gode medhjelparar om bord i båten.

slik vi såg det...

DELER MATLIDENSKAP: Sambuarparet Emelie B. Vaage og Morten Nævdal er alltid svoltne. No deler dei lidenskapen for mat med resten av verda gjennom bloggen alltidsulten.com. Og dei deler gjerne eit måltid – laga frå grunnen av – med slekt og vener i heimen ved Risasjøen.

”HEIMEÅLEINEFEST”-TRADISJON: Han ville finna på noko saman med vener då foreldra reiste på ferie til Syden. I år vert Flatøy Rock Fest arrangert for tredje gong i bakhagen til Vegard Flatøy, no med foreldra si godkjenning. Overskotet går til gode føremål.

Ber om å få bli

!

Stort narkobeslag

Eit parti med 1.3 kilo amfetamin er beslaglagt i Nordhordland. Eit av dei største narkobeslaga som er gjort i distriktet. I alt fem personar frå eit relativt tøft narkomiljø er sikta for å ha ført inn 2 kilo amfetamin – tilsvarande 10.000 brukardosar – til Norge.

Celebral parese-ramma Mohammed (6) risikerer å bli send ut av landet saman med veslebroren Homer og mamma Susan, som har venta i seks år på svar på søknaden om permanent opphald i Norge. Dei to brørne er fødd i Norge, og familien har funne seg godt til rette på Byrknes. Ved utgangen av året ventar dei framleis på svar. NYE KNARVIK TAR FORM

TRAFIGURA-SAKA OVER

I løpet av ei sommarveke kan Knarvik feira både ny rundkjøring, veg og eit nytt forretningsbygg. Til saman er det satsa 120 millionar frå private og kommunen. – Første steg i utviklinga av det nye Knarvik er no ferdig, seier ordføraren når ho klypper snora for nyevegen.

Økokrim legg vekk saka mot Trafiguraselskapet som frakta giftig avfall til Sløvåg før ulukka i 2007. Grunngjevinga er at det aktuelle avfallet vart til i internasjonalt farvatn. – Avgjerda syner at det er hol i lovverket, seier miljøvernminister Erik Solheim.

MILITÆR OPPVARTING

MILDE GÅVER TIL KYRKJA

Dei eldre i Masfjorden får militær oppvarting i sommar. Kvartermeister Agnete Børnes tar sommarjobb i pleie og omsorg før ho set kursen tilbake til Madla for å bli befalskule-instruktør. – Masfjorden har god erfaring med å la dei unge få sommarjobb på sjukeheimen, seier avdelingsleiar Helga Irene Ellingsen.

Biskop Halvor Nordhaug vekkjer oppsikt når han går ut og bed folk gje ti prosent (tiend) av inntekta si til kyrkja. – Dagleg drift av kyrkjer og gravplassar kan ikkje baserast på gjevarglede. Rike Norge sine overføringar må aukast, seier Audun Sylta, kyrkjeverje i Radøy, der soknet har drive med underskot i fleire

år på rad.

VITALE HUNDREÅRINGAR Den siste dagen i juni kan Hansine Larsen feira at det er gått hundrede år sidan ho kom til verda. Frå heimen i omsorgsbustad på Dalsøyra følgjer ho framleis med på nyheiter både i aviser og på TV. Her feira ho og dagen saman med storfamilien som no tel tre barn, 12 barnebarn og 14 oldebarn. På sjukeheimen i nabokommunen Masfjorden bur Ingeborg Mjanger som kom til verda på Olsok i 1910. Ho kan sjå tilbake på eit liv fylt med glede, musikk og kjærleik, seier ho. Dagen vert feira med 80 gjestar.


Fredag 31. desember 2010

27

August TREFTE BLINK: Konrad Oppdal skyt full blink med pil og boge. Det same gjer arrangørane av årets Kraftspel på Matre. Store og små storkoste seg på marknadsdagen. Og dei som har venta eit heilt år på Hellbillies, fekk full valuta då dei endeleg kom.

2010

slik vi såg det...

FEM TUSEN PÅ HAVSPORTVEKA: Med over 5000 besøkande og fullbooka kurs og aktivitetar, har arrangørane av Havsportveka i Austrheim grunn til å vera fornøgd. I alt 92 ulike aktivitetar relatert til hav og sjø vart gjennomført. No er målet å bli minst like stor som Ekstremsportveko på Voss.

SUMDE OVER FEDJEFJORDEN: Med 16 gradar i vatnet legg hardhausen Amund Lerøy på sym frå Fedje til ferjekaien på Sævrøy, to nautiske mil unna. – Verst var kulda og brennmanetane, seier 33-åringen som brukte ein time og tre kvarter på turen.

Hadde englevakt Tre år gamle Kristoffer opnar eit usikra lok på snøggbåtkaien i Sollibotn, og er nær ved å drukna i septik. Han vert redda av at foten heng seg fast mellom kanten og loket. – Alt skjedde på eit par sekund, seier mamma Signe Lovise Flolid. Gulen kommune har ansvar for den usikra tanken, som umiddelbart vart sikra. TAR OVER DNS Agnete G. Haaland sat og nytte morgonkaffien på heimegarden i Alversund då ho fekk gladmeldinga om at ho vert den nye sjefen på Den Nationale Scene. Sjølv var ho berre tre år gamal då ho og pappa såg mamma spela teater på den same scena.

KLAR FOR BEDEHUS-BOWLING Etter 65.000 dugnadstimar kan eldsjelane og andre feira nye Leirvåg bedehus, med bowlingbane i kjellaren. Opningsrunden vert utkjempa mellom eit kommunalt lag med ordføraren i spissen og eit Statoil-lag med tidlegare tilsette frå Mongstad.

VURDERER UTFLAGGING Stein Inge Larsen og Byrknes Auto vurderer å flagga ut verksemda sine 33 vogntog. – Styresmaktene må sikra oss like vilkår, utanlandske vogntog slepp unna avgifter, og betalar heller ikkje bompengar, seier Larsen. Han set no si lit til Høgregruppa på Stortinget som er informert om saka.

FØRSTE SKULEDAG 450 spente 6-åringar er klar for den første skuledagen ved skulane i Nordhordland og Gulen. Flest førsteklassingar (53) byrjar på Alversund skule, medan Sandnes skule i Masfjorden ikkje har ein einaste førsteklassing i år.

POPULÆR POESIFESTIVAL Herborg Kråkevik og Linda Fosse er blant aktørane under poesifestivalen som vert feira til ære for 100 års jubilanten Aslaug Låstad Lygre. Lygra vert fylt av poetiske uttrykk i alle former tre dagar til ende.

HEILT KONGE PÅ UTKANT Med solide besøkstal doblar Utkantfestivalen folketalet i Gulen to gonger i løpet av ei helg. – Vi har hatt 4500 besøkande i løpet av helga, heilt konge, seier festivalsjef Viggo Randal. På programmet stod mellom anna Hanne Vatnøy, John Olav Nilsen og Gjengen og The Grand.

!

Skypumpe herja

Heilt utan forvarsel slo uvêret innover byggjefeltet på Bø. Den massive skypumpa reiv med seg både tak, greiner og stillas. Ei trampoline vart kasta 60-70 meter. – Skypumper oppstår gjerne når det er varmt i sjøen, mykje bygeaktivitet og roterande vindar, seier metorolog Arnstein Tjøstheim.


Fredag 31. desember 2010

28

September 2010 EI TÅRE FOR NYEBRUA: - Eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleva at brua kom på plass, seier ei rørt Betsy Lending (87). Frå stoveglaset sitt på Fivelsdal hadde ho den beste utsikta av alle til bruslepet gjennom Brandangersundet. Endeleg kan ho vera med når den 285 meter lange brua som bitt øyane i Ytre Gulen saman med fastlandet, vert løfta på plass.

MISTA HUSET I BRANN: Ein familie på to vaksne og to barn mister alt dei eig når huset deira i Rekneset på Hosteland i Masfjorden brenn ned til grunnen. Ei kvinne som var åleine heime då brannen starta, berga seg ut av huset som var overtent då brannvesenet kom til staden.

slik vi såg det...

MILJØ-MINISTEREN PÅ MONGSTAD: - Vi er lengst framme i verda når det gjeld fangst og lagring av karbon, men vi er likevel langt frå målet. Det var bodskapen frå miljø- og utviklingsminister Erik Solheim då han besøkte Mongstad. Like etter kjem meldinga om at regjeringa truleg vil droppa reinsing med Amin, då denne metoden er meir helsefarleg enn ein først trudde.

Vigde på vikingvis

!

”Skapsprengarar ” herjar

I løpet av ei helg har både Oster Pukk og Sand og Kålås og Sønn byggevarehandel besøk av det som fortonar seg som dei same ”skapsprengarane” Begge plassar har dei gått laus på pengeskapa med kubein og spett. Utbytet vart derimot minimalt på begge plassane. Også Hjelmås Handel, bensinstasjonen på Haugsvær og nokre private hus og hytter får besøk av dei ubedne gjestane.

I vikingskip kom dei og i vikingmundur vart dei vigde på Gulatingsstaden. Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes gav kvarandre sitt ja framføre 40 gjestar – også dei i vikingdrakter. – Skikkeleg romantisk og ei veldig spesiell oppleving, seier brura som driv Gulen dykkesenter i lag med gemalen. KATEKETEN MÅ GÅ 7. september starta ankesaka mellom kateket Leikny Overå og Lindås kyrkjelege fellesråd i Gulating lagmannsrett. Etter ein ny runde i rettsapparatet held lagmannsretten fast på konklusjonen frå tingretten om at Leikny Overå må gå frå stillinga si som kateket i Osterfjorden prestegjeld. Ho vel å godta dommen og ikkje ta saka vidare til høgsterett.

ANDRE BOLLAR FOR BAKERIET Med Coop-eigde Gomanbakeren som medeigar sikrar Rognaldsen Bakeri AS på Lindås framtida for verksemda og dei tilsette. – Avtalen vil gjera oss meir konkurransedyktige, seier driftsleiar Tom

Larsen. I november påpeikar mattilsynet fleire kritikkverdige forhold ved verksemda. Desse vert raskt ordna opp i.

kommune som mellom anna leiger areal til brannvernet der, vurderer å kjøpa den drøyt 11000 kvm store eigedomen.

RAUDT KORT TIL KOMMUNEN

BEST I VEST

Lindås kommune får raudt kort frå revisjonen for feil og mangelfull saksbehandling i den omstridde gjerdesaka på Foss Eiendom sin tomt ved Reklamehuset. Dei folkevalde legg seg fullstendig flate for kritikken. Saka har versert i kommunale organ i fire år, og leiaren i kontrollutvalet synest det er påfallande at det kan gjerast så mange feil i ei einkelt sak.

Berre ei veke før butikken kan feira 20 års jubileum, kjem gladmeldinga om at Rema 1000 på Frekhaug ved kjøpmann Bjørn Johnny Wågenes er kåra til årets Rema 1000-butikk i region vest. – Utruleg kjekt for meg og mine medarbeidarar i konkurranse med mange andre dyktige kjøpmenn, seier Wågenes. Kiwi Ikenberget vert for andre gong kåra til årets Kiwi-butikk i region vest. Eigarane Torhill Larsen og Cecilie Skorpen gir dei 18 tilsette og dei trufaste kundane æra for suksessen.

TIL SALS FOR 32 MILL Den store tomta til Mesta i Knarvik vert lagt ut for sal til 32 millionar. Lindås


Fredag 31. desember 2010

29

Oktober 2010 SISTE BREV FRÅ POSTBODET: Han har gjort sin siste tur som landpostbod etter over 45 år i Posten si teneste. No ser Jan Einar Hjelmtveit fram til å få meir tid til å reisa verda rundt med kona Gunvor som har like lang fartstid som han – i Posten.

FARVEL VINKEMANNEN: Ein humørspreiar av dei sjeldne vert sakna av folk frå fjern og nær. Det kjem tydeleg til uttrykk både på facebook og i avisspaltene når John Johnsen går bort. Han er betre kjend som ”Vinkemannen” som gjorde sitt for å gleda dei som passerte E39 mellom Leiknes og Hillesvåg.

slik vi såg det...

SIKRAR GARDSFRAMTIDA: - Det er vel ikkje så mange andre som satsar fire millionar på garden i ein alder av 58, seier pappa Kåre Haveland. Sonen Oliver som skal ta over gardsdrifta med tida, og dotra Berthe klypper snora som markerer storsatsinga. Og så var det open dag med aktivitetar for heile bygda.

Mirakelet Kasper Han er ein liten fighter, vesle Kasper som kjem til verda fire månadar før termin, berre 800 gram. Han kjempar seg gjennom både lungeblødning og blodforgifting. No er den kritiske tida over. – Det er fantastisk at vi har ein sunn og frisk baby i dag, seier Ingrid og Andreas Kleiva.

I X-FAKTOR FINALEN Tanita Kolås frå Seim er ein av tolv songarar som vert valt ut til finalerunden i årets X-faktor. Etter to rundar er det slutt for jenta som er fast bestemt på å satsa vidare på musikken.

KOMMUNAL SKULEKAMP For eit par år sidan låg dei på botnen, men no har Meland snudd trenden og pustar Masfjorden i nakken i kampen om å vera best på skule i Nordhordland. Frå ein snittkarakter på 3,86 for to år sidan, har ungdomsskuleelevane i Meland no 4,2, medan Masfjord-elevane sitt snitt er på 4,4. I Radøy har snittet gått frå 4,27 til 3.95 på to år, og kommunen har

no engasjert Torleiv Frotjold i eit halvt år som skuleutviklingsleiar. For Lindås er talet 4,13, Gulen 4,14 og Austrheim 3,67.

LEGE DRAPSTRUA Meland-legen Jan Håkon Juul har den siste tida opplevd å bli drapstrua to gonger av same person, medan han var på jobb om natta på legevakta i Knarvik. Lensmann Einar Vatne ser ein tendens til at det er blitt lettare å retta alvorlege truslar mot politi og helsepersonell.

STURE STORK PÅ STRILELANDET Ingen veit sikkert om det er mediekjen-

disen “Sture stork”, men ein stork er i alle fall observert både i Kjevikdalen og på Vabø i byrjinga av oktober. Seinare kjem det melding om at storken forflyttar seg, og både Austrheim, Radøy og Meland har hatt besøk av den uredde krabaten med det oransje nebbet.

GARANTERT JOBB Thomas Sandvik (17) har bestemt seg for å bli sjåfør. Difor tar han imot tilbodet om gratis bussertifikat, betalt av fylkeskommunen. Frå Nobina får han lovnad om jobb på dagen. Bakgrunnen er at det er prekær mangel på bussjåførar i Hordaland.

!

Tok opp jakta på tjuvane

Tomas Haugen frå Instefjord vakna av at kjellarglaset vart knust. 23-åringen tok opp jakta på dei frekke innbrotstjuvane som var i ferd med å bryta seg inn i sitt tredje hus for natta. Truleg er det rumenske bandar som herjar Vestlandet, som har vore på ferde.


Fredag 31. desember 2010

30

November GRATIS BARNEHAGE: Mamma og pappa treng ikkje betala ei krone for at Live (4) skal få gå i barnehagen på Byrknes det kommande året. Rekninga tar Ytre Gulen sanitetslag, som vart einige om å gje eit år gratis barnehage til den første familien som flytta ut i Øyane. Det nyter familien Areklett på fem godt av.

2010

ÅRETS KULTURKOMMUNE: Lindås vert kåra til årets kulturkommune i Hordaland. – Dette er ein pris til alle i heile kommunen, sier ordførar Astrid Aarhus Byrknes som tar imot prisen i lag med leverkårs-leiar May Eva Sandvik, kulturkonsulent Eileen Feste og kultursjef Øyvind Stang. Rune Rydland (bak) er leiar i Hordaland kulturforum som står bak kåringa.

slik vi såg det...

Austrheim kommune sitt 100-års jubileum vert avslutta med ein eigen fest for dei folkevalde i midten av november. Den store jubileumsfesten vart halden i Austrheimhallen 10.10 (bildet) – hundre år etter at austrheimingane vart sjølvstendige og lausrivne frå Lindås. Anne Hvidsten og ”Tiriltungene” var blant aktørane på festen som var spekka av flott underhaldning og avslutta med fyrverkeri.

Går etter milliontabbe

!

Ivar’n på sokkel

20. november kan ordføraren avduka bronsestatuen av Ivar Medaas. Skulpturen som er plassert ved Knarvik senter er laga av kunstnaren Arne Mæland og finansiert via spleiselag. Fleire vart rørt til tårer då barnebarnet Matilde Medaas Skogen song ”Dar kjem dampen” under seremonien.

Helge Thorsen går av som rådmann i Meland etter at kommunen ved ein feil har betalt ut sju millionar for mykje til dei private barnehagane. På eit ope spørsmål frå Solbjørg Åmdal Sandvik (Sp) svarar ordførar Nils Marton Aadland at rådmannen valde sjølv å sei opp. Dette tilbakeviser Helge Thorsen. Kontrollutvalet skal no sjå på saka. DØNN ÆRLEG STORTINGSMANN Snart 30 år er gått sidan Gjermund Hagesæter (20) måtte gi ordre om å skyta for å drepa på FN-oppdrag i Libanon. Dette fortel han først når Stortinget drøftar norske FN-veteranar sin situasjon. – Tida skotvekslinga varte er dei fem kvartera av mitt liv som har påverka meg mest på både godt og vondt, seier han openhjartig.

MINST LIKE TILGJENGELEG Samanslåinga av lensmannskontora i Nordhordland har gått langt betre enn frykta. Det viser ein ny rapport. Oppfatninga ute i kommunane er at det er meir politi ute no enn før, og at politiet er flek-

sible og flinke til å rykka ut. Sjølv til Fedje som er ein gegrafisk utkant, kjem politiet når dei skal. Gulen-ordførar Trude Brosvik fryktar at Gulen og Masfjorden som no er eige distrikt i lag med Solund, vil bli lagt inn under Nordhordland lensmannsdistrikt.

LIV KUNNE GÅTT TAPT Gasslekkasjen kunne krevd menneskeliv, konkluderer Petroleumstilsynet i ein rapport etter lekkasjen på Statoil Mongstad – anlegget 12- september i år. Med ein anna vindretning eller meir folk i anlegget kunne gasslekkasjen fått eit heilt anna utfall, i følgje rapporten. Statoil Mongstad har alt sett i gang forbetringstiltak.

HILMAR SLEPP FLYTTA Nh har tidlegare skrive om Parkinsonramma Hilmar Teigen som frykta at han måtte flytta frå Byrknes omsorgssenter til sjukeheimen i Eivindvik mot sin vilje. I november kjem gladmeldinga om at Gulen kommune vil innføra ambulerande nattevakt som ei prøveordning neste år. Dermed slepp Hilmar tvangsflytting.

MML VINN SIDDIS Manger Musikklag vinn elite-divisjonen i Siddis Brass. Erlend Aagaard-Nilsen tar solistprisen og sikrar dobbel triumf til MML som og vann Siddis i 2008. Det er tredje år på rad trompetisten vinn solistprisen. Bjørsvik Brass vinn 1. divisjon.


Fredag 31. desember 2010

31

Desember 2010 HADDE ENGLEVAKT: Ketil Porsmyr (43) har flydd paragliding i 15 år utan uhell. Men så ein søndag skjer det; etter å ha mista framdrifta utfor Ulriken fell han 100-150 meter og landar i eit gjerde. På mirakuløs måte kjem han frå ulukka med opne brot i lår og olboge. Etter 12 dagar på sjukehus er han heime igjen hjå kone og fire småbarn.

EIT LIV UTAN RUS: Espen Mortensen og Petter Andre Pettersen kjempar begge ein årelang kamp for å byggja ei rusfri framtid for seg sjølv. Begge byrja rusa seg tidleg i oppveksten. På Floni-kollektivet får dei langsiktig hjelp, og her vert dei tatt på alvor og behandla som menneske.

slik vi såg det...

I KØ FOR SNÅSAMANNEN: Den tidlegare politimannen Arvid Eik har sett Joralf Gjerstad sine helbredande hender i praksis. Eik er blant dei mange som står i kø for å få møta Snåsamannen når han signerer boka si hjå Nordhordland Libris. – Eg hadde aldri trudd det skulle koma så mange hit, seier Gjerstad som har hatt mange nordhordlendingar på besøk hjå seg.

!

Vinn 34.5 millionar i Lotto

Ei kvinne i Meland sat heime og strikka då meldinga kom om at ho hadde vunne svimlande 34.5 millionar i Lotto, på ein kupong som var kjøpt hjå Kiwi på Frekhaug. – Kva i all verda skal eg bruka så mykje pengar til, var hennar første reaksjon til Norsk Tipping då gladmeldinga vart formidla.

Ei fantastisk lyrisk reise Lindåslyrikaren Aslaug Låstad Lygre som ville fylt 100 år 12. desember, vert feira gjennom heile året. Høgdepunktet er jubileumsframsyninga ”Det raude sjalet” som mønstrar kulturkrefter frå heile Lindås-bygda, med 600 menneske i salen. Her vert heile livet hennar presentert.

ZARIFE TIL HØGSTERETT I følgje dommen i Borgating lagmannsrett må Zarife Kashtanjeva reisa frå mannen og dei to barna i Meland for to år. Fleirtalet la til grunn at ho har gjort seg skuldig i eit grovt lovbrot, og det vert vist til at far har god omsorgsevne. Zarife har bestemt seg for å anka til høgsterett.

BLÅDALSELVA I NY DRIFT Endeleg kan Blådalselva kraftverk opnast – ti år etter at grunneigarane byrja jobba for at elva igjen kunne nyttast til straumforsyning. Kraftverket, som vart opna av ordførar Håkon Matre i Masfjorden, vil ha ein årsproduksjon på 6,5 GWh. Nok til å dekka behovet til meir enn 300 husstandar.

MONGSTAD NÆRARE STORHAMN Sjansane for at ei ny nasjonal godshamn på Vestlandet vert lagt til Mongstad, aukar når Flesland-alternativet får eit solid skot for baugen av Avinor. I ein rapport vert det konkludert med at vil gå betydeleg ut over flytrafikken dersom flyplassen får ei storhamn som nabo. Dermed styrkar kombinasjonen Mongstad, CCB og Bergen indre hamn sine sjansar.

STORE SNØFALL Etter ein rekordkald november, kjem snøen den første helga i desember. Utover i julemånaden aukar det berre på, og heile distriktet kan feira kvit jul. Mange plassar

med temperaturar godt nede på minusen. Dei fine forholda lokkar liten og stor ut på ski, brett og skeiser.

SØSTRE OMKOM I ULUKKE Søstrene Kjersti og Renate Sleire Holmaas mista livet då bilen deira frontkolliderer med ein semitrailer like før avkjørsla til Ostereidet senter. Begge jentene var elevar ved Knarvik vidaregåande skule, og medelevar og lærarar held minnemarkering på skulen. Dei to var og aktive i kulturlivet i heimkommunen Masfjorden.

REKORDHØGT LÆRLINGTAL Aldri tidlegare har talet på lærlingar vore så høgt i regionen. Heile 94 lærlingar er

knytt til bedrifter som er medlem i Opplæringskontoret i Nordhordland, og som representerer 24 ulike yrkesfag. Blant desse er Martin Jacobsen (20) frå Ryland som har vald elektrofag, med lærlingeplass hjå Meland Elektro

FYR-PRIS TIL FEDJE Hellisøy fyr har gjort suksess i Pepperkakebyen i Bergen. Fedjingane stakk nemleg av med ein av tolv prisar – i konkurranse med 1500 byggverk. Primus motor for det flotte fyrtårnet er Trond Ågotnes.


Onsdag 5. januar 2011

32

sports kavalkade 2010

Lettbeint etiopiar konge av Knarvik

Girma Assefa ruvar ikkje så høgt over bakken, men er likevel kongen av Knarvikmila. Girma vinn både 5 000 og 10 000. På mila kjempar han seg inn nokre sekund under den magiske 30 minuttars grensa. - Fantastisk flott å springa her, men løypa er hard, med mykje opp og ned. Når eg i tillegg må springa åleine i tet, vart ikkje tida så bra som eg hadde håpa, sa løparen sjølv etter målgang.

Kirsten Melkevik vinn blant damene, super-idol Bjørn Johan Muri rockar minimila, og det nye tiltaket knøttemila er stor suksess. Suksess har også tolv år gamle Tobias Stusdal frå Radøy, han vinn like godt ein flett ny bil under hovudtrekninga.


Onsdag 5. januar 2011

33

JULI: Feseth lynet er den lokale travstjerna, i juli viser Seim-hesten at han er best i landet, når han travar inn til siger i NM for kaldblodshester

Ketil Porsmyr har englevakt, den røynde paraglidaren får problem og susar kast i kast over 100 m nedover. 43 åring bryt lårbeinet og olboga, men er oppe på krykker få dagar etter. – Eg har vore utruleg heldig, men har nok spela min siste veterankamp i fotball, seier den tidlegare daglege leiaren i NBK.

SEPTEMBER: Hordabø-damene opnar bra, men får det tungt i sin første sesong i andre divisjon. Berre tilfeldig hjelp frå andre divisjonar reddar plassen i andre divisjon for Ajla Selemic og dei andre i grønt.

JULI: Lindås skyttarlag får elektroniske skiver på bana på Lindås. AUGUST: I Litauen er basketball nærmast for religion å rekna, i Bøvågen er miljøet heller tynt. Ei gruppe arbeidsinnvandrarar frå det baltiske landet gjer noko med det, og dreg i gang eit lag der fleire har erfaring høgt oppe frå divisjonane i heimlandet. - Vi håpar og å få med nokre norske og kanskje at laget skal gjera oss betre integrerte i bygda, seier den sympatiske gjengen. SEPTEMBER: Ole Kristian Nøttveit kjørde i divisjon 2 i EM-sirkuset denne sesongen. Resultata varierte litt, men tredjeplass samanlagt i EM er meir enn godkjent for radværingen. OKTOBER: VM er årets store mål for verdas beste funksjonshemma bordtennisspelar, Tommy Urhaug. Radværingen hentar heim ein ny medalje frå eit stort meisterskap, men må nøya seg med sølvet denne gongen. OKTOBER: NBK må ned frå tredje divisjon etter ein svært variabel sesong. Nedrykk vert det og for damelaget ENK, med spelarar frå Eikanger, NBK og Kvernbit. NOVEMBER: Madeleine Njøten frå Hordabø med ti mål og Stian Rasdal frå Bjørn West

med 28 mål, vinn Nh-sporten sin gullstøvel. Nokre veker etter kåringa, er det klart at Bjørn West må leggja ned sitt seniorlag på grunn av sviktande rekruttering. DESEMBER: Samarbeidet mellom dei tidlegare erkerivalane i Lindås og Austrheim heldt berre tre år, før laget vert lagt ned. Austrheim vil prioritera seniorlag, medan Lindås heller vil satsa på juniorlag. Dei lyseblå rykka opp i fjerde divisjon 2009, og ned året etter.

SEPTEMBER: Endå ei krøllgrasbane grønkast i Nordhordland, denne gongen er det tyske Scos som legg dekket på det som skal bli Austrheim idrettspark utanfor Austrheimhallen.

DESEMBER: Kvernbit dommar Ivar Askeland vert tatt ut til å vera linjemann i Adecco-ligaen i komande sesong.

AUGUST: Arne Johan Seim vinn feltskyting for veteran under landsskyttartemnet på Elverum. Arne Johan er og med og sikrar sølv for Hordaland i samlagsskytinga, og får seinare på året kulturprisen i Lindås for sin mangeårige dugnadsinnsats i skyttarmiljøet.


Kavalkade