Issuu on Google+

INFORMASJON

Gratulerer Sogn og Fjordane

!

JUBILEUMSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE


Scener i Sunnfjord, baner i Nordfjord og ekstreme Sogn. Platå og tablå. Opp og ned. Fort og sakte. Innover, utover og bortover. Song og spel i alle variantar. Amatørar og profesjonelle kvar for seg og saman. Nokon som trudde det var keisamt og traust i Sogn og Fjordane?

Ansvarleg utgjevar: findriv på oppdrag av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Tekst og foto: Marit Bendz Hovudkomite: Åshild Kjelsnes, fylkeordførar, leiar, Ann Karin Hamrfe, fylkesmann, Nils Gjerland, leiar hovudutval kultur, Bård Haukedal, Den norske Kyrkja. Grafisk produksjon: findriv Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Distribusjon: posten Opplag: 49.000

INFORMASJON

Gratulerer Sogn og Fjordane

!

Nyt Sogn og Fjordane ��������������������������� 4 JUBILEUMSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Skaparen av Sogn og Fjordane ��������� 6–7 Tri tonar og tusen troll �������������������� 9–10 Beste kulturminnebilde ���������������������� 13 Springfart �������������������������������������� 14–15 Mr. Malakoff ����������������������������������� 18–19 Stål i bein og armar ������������������������ 21–22 Tryggmargsrefleksen �������������������������� 24 Eit postkort, to innvandrarar og alt for kunsten �������������������������������� 29 Teaterfestival i Dale ������������������������ 30-31 Lokkemat og lovnader om det gode liv ������������������������������� 34–35 Der humla susar ����������������������������� 38–39 Verda kjem til ein sofa i Førde ������������ 42 Vereide kyrkje 850 år �������������������� 46–47 Drama i Dalsfjorden ���������������������������� 51 Lyden av Sogn og Fjordane ������������������ 54

3 høgdepunkt under fylkesjubileet: Viss vi ser bort frå storhelga 18.-22.sept, så ville eg ta 1. Kork sin store konsert på Nordfjordeid med våre beste artistar og nyskrive bestillingsverk av ein lokal komponist. 2. Teaterfestivalen i Fjaler – noko heilt nytt i fylket. 3. Mensen Ernst – ei multihending. Dessutan kåringa av beste unge forfattar på litteraturdagane i Aurland og... Nei det vart fire, dette er heilt umogeleg, hausten er jo full av høgdepunkt. Sjå arrangementslista! Edvin Helgheim prosjektleiar for jubileet

2

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

3 gode grunnar for at fylkesjubileet er viktig: 1. Jubileet minner oss om at vi lever i eit av dei flottaste og mest unike fylka i eit av verdas beste land, og det er soleis med og styrkjer identiteten og sjølvkjensla vår. 2. Med å sette ungdommen sentralt i jubileumsfeiringa viser vi dei unge at dei er viktige for fylket, og at dei kan vere stolte av å vere ifrå eller bu i Sogn og Fjordane. Eg håper vidare at 250 års jubileet vil vere med å gje dei lyst til å forme og vere ein del av framtida til fylket vårt. 3. Jubileet minner oss alle om at vi kan vere stolte av historia, kulturen, naturen, folket og framtida til Sogn og Fjordane. Det er rett og slett eit høve til å skryte heile året. Åshild Kjelsnes fylkesordførar


innflytte-

melding

Ajdin Bahonjic frå Bosnia Eg elskar naturen og å fiske. Det er ingenting ved Sogn og Fjordane eg ville endra på.

Wanda Coutinho Ask frå Brasil Eg liker systemet her, og er lykkeleg fordi eg har møtt så mange fine og ærlege folk. Men eg skulle gjerne hatt litt meir sol og varme.

Gulen

Historisk og framtidsretta I Gulen budde det 2 305 menneske 1. januar 2013. Her finn vi Utkantfestivalen, den 8 meter høge statuen av Kong Olav og fødestaden for Gulatingslova.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

3


Sogn og Fjordane Eg har mitt eige fjell. Alle i Sogn og Fjordane har sitt eige fjell. Det treng ikkje vere så stort. Det kan vere Skåla eller ein knaus i havgapet. Eg har Viefjellet.

masserer fotblada som fotsoneterapi. Stein. Stein. Stein. Om ein ikkje liker hard stein og bløtt vatn, bør ein halde seg unna Sogn og Fjordane.

Det er tusen måtar å nyte Sogn og Fjordane på. Fort eller sakte. Oppover, nedover eller bortover. Gjennom luft og vatn, over snø og is, mellom bakkar og berg. På hjul eller brett, med armar og bein, opp eller ned, med tau og trinser, med ski eller skjerm. Eg liker å nyte Viefjellet sakte, med alle sansar.

HØRSEL: Vatn. Bølgjer og brusande elver. Trailerar som dun-

LUKT: Fruktbløming og solbrende tømmerveggar, nyslått gras og nylagd asfalt, vassdrukken skogbotn og salt tang. Og eit lite snev av olje på kysten... På ein bestemt stad på stien, i skoggrensa på veg opp på Viefjellet, er det ei merkeleg, emmen lukt. Den har vore der i mange år. Først trudde eg det var ei urt som voks der. Men andre seier det er ròtelukt. Det er vått og myrlendt der. Kan ei ròtelukt halde seg over mange år? Kva er det som ligg der oppe på Viefjellet og ròtnar? SMAK: Fiske, skyte, plukke, hauste. Tørke og fryse. Sette vin. På butikken kan du kjøpe store, lekre blåbær, som pussig nok er kvite inni, til over 100 kroner kiloen. På dei mest grøderike stadene i skogane mine kan eg på to timar plukke 10 liter blåbær som er blå tvers igjennom. Det tek litt tid å reinske dei, å koke syltetøy eller safte. Men gleda over rad på rad med bær på glas, med eigne etikettar på, gjev ei kjensle av at vinteren er berga. KJENSLE: Skoa mine slepper kjensla av Sogn og Fjordane

gjennom solen. Når eg går den krunglete stien ned att frå fjellet mitt, kan eg krumme føtene rundt dei glatte røtene. Av og til festar det seg blåbærlyng mellom tærne. Ofte vert eg søkkande blaut, men det gjer ingenting så lenge det ikkje er kaldt. Det er som å gå berrføtt, men utan å stikke seg på barnåler, tornar eller kvasse steinar. Dei kvasse steinane

4

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

drar forbi brekande lam. Måker som skaha skaha medan tonane frå ei hardingfele finn nye vegar. Humla suser og humla summar. Men best av alt er stilla. Denne stilla som rare nordmenn alltid søkjer. Ei veninne tok med seg ein gjest frå Havanna til det vaktraste ho visste - på hytta. På Flokeneset. Cubanaren fekk angst av einsemda og stilla, og veninna mi fann det tryggast å køyre attende til Førde med ho før ho tørna.

SYN: Blå fjell, lag på lag som silkepapir. Blått hav og blå bre. Eller grått hav og grå fjell. Ein gong for lenge sidan, før eg hadde vorte ihuga vestlending, sleppte noko taket når eg køyrde austover, opp og over fjellet; endeleg fekk eg puste etter innestengde Sunnfjord. På veg heim til Trøndelag, til flate fjell og slakke dalar. Men etter nokre år var det noko som endra seg. Kanskje det var på den tida Sissel slo igjennom med Å Vestland, Vestland. Eg fekk klump i halsen når eg kom andre vegen, når eg kom ut av den siste tunnelen og såg fjellsidene stupe i fjorden. Framleis dansar beina mine til topps på Viefjellet, og aldri er lykka så stor og problema så små som når eg sit der på kanten og ser utover den vesle byen langt der nede. Førde. Heime.

Studentar søkjer seg til Sogn og Fjordane på grunn av friluftstilboda. Turistane kjem til Sogn og Fjordane på grunn av natur og stille. Dei som flyttar hit, har gjort eit medvite val. Nokre av dei reiser heim att. Eg vart buande her fordi eg i 1986, som sommarvikar i Firda, gjekk på Hafstadfjellet for første gong, såg utover Førde og tenkte: Her er det vakkert. Her vil eg bli. Marit Bendz, Innvandrar / foto: fordeby.no


Rein Design

innflytte-

melding

Ingvald Andersen Frøyen, frå Madagaskar/ Oslo

f r u s U ER,

DER D

MOBILT BREIBAND Skaff deg internett på hytta, på fjellet, i bubilen eller båten. Med tilgang til nettaviser, sosiale media og mail, nst det ingen unnskyldning for ikkje å reise på tur.

NO GIR VI DEG 3 MND. UTAN ABONNEMENTSAVGIFT I TILLEGG TIL KANONPRIS PÅ ETABLERING!

Kampanjen forutset 12 månader avtaletid, og gjeld ved bestilling før 31. oktober. Bruk bestillingsskjemaet på nett; enivest.no/privat/mobilt-breiband/bestill/ eller ring kundeservice på 57 00 91 00.

Kvar gong eg kjem attende til Sunnfjord, senkar eg skuldrane og pustar lettare. Ikkje fordi eg jobbar mindre her, men eg har funne roen med meg sjølv, omgjevnadene og menneska her. Det er eit privilegium at halve dagen ikkje forsvinn i pendling, stress og kø. Eg har budd mange år i Afrika. Det gjer at eg kjenner glede over kulturelt mangfald og at ulikskap ikkje vert opplevd som trugande. Eg skulle ønske at fleire nye landsmenn klarte å finne seg hus og jobb her i fylket så dei ikkje alltid flyttar til dei store byane.

Naustdal

Pris frå kr 441,- første året Bestill no og spar inntil kr 947,- Vi gir deg moglegheita!

Med kultur for utvikling

enivest.no

I Naustdal budde det 2 713 menneske 1. januar 2013. Kjartanistan og ei av dei beste lakse-elvene i landet ligg her.

Din lokale breibandsleverandør

57 00 91 00 Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

5


av Sogn og Fjordane

Rolf Losnegård har i samarbeid med historikar Jan Anders Timberlid prøvt å fange Joachim de Knagenhielm, mannen som «skapte» Sogn og Fjordane. For alt ein veit, klarer han det, slik at amtmannen sjølv dukkar opp i samband med jubileumsfeiringa i haust. Ein duknakka Joachim de Knagenhielm står ved ripa på skipet som skal føre han langt mot nord, vekk frå Kaupanger, vekk frå mora og resten av familien. Alt hadde gått hans veg så lenge. Frå juristutdanning i København til jobben som fullmektig hos stiftsamtmann Ulrik Fredrik de Cicignon i Bergen. Berre 33 år gammal. Joachim ville opp og fram. I 1762 sende han eit brev til kongen i Danmark om ikkje han og Cicignon kunne dele på amtmannsembetet. Cicignon kunne ta seg av det som hadde med kyrkja å gjere, sjølv kunne han ta hand om resten. «Eg kan gjere jobben gratis så lenge Cicignon lever», skreiv han, og hadde full støtte frå sjefen sin, som byrja å dra på åra. Stiftsamtmannen hadde så mange plikter at dei ikkje var overkommelege

6

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

for ein person. Det var lange avstandar og vanskelege kommunikasjonar. Det kom aldri noko svar frå kongen. Mammadalt og superego: Året

etter det første brevet, i 1763, fekk den unge juristen ein enda villare idé. I eit nytt brev til København foreslo han å dele stiftsamtet Bergenhus i to, med seg sjølv som amtmann i Nordre Bergenhus amt, seinare Sogn og Fjordane. Då kunne han busette seg i heimbygda Kaupanger med grunngjevinga: «...være Almuen og de kongelige Betienter, samt Tingene, mere nær.» Eigentleg ville han nok berre heim til mor. Og under over alle under - dette gjekk Fredrik V med på. I dei dagar var det lite byråkrati og kort veg til toppen dersom brevet vart

overrekt kongen på ein god dag. Dessutan hadde Kong Frederik V neppe oversikt over vestlandsgeografien. Han visste ikkje at Kaupanger låg i utkanten av det nye fylket, og at vegen til ålmugen i ytre Nordfjord på mange vis var lenger enn frå det gamle setet i Bergen. Sendt til kalde nord: Sogn og

Fjordane fylke vart født ved kongeleg resolusjon 19. september 1763 og fekk namnet Nordre Bergenhus amt, som namnet var heilt til 1919. Det hadde fire fogderi: Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Joachim hadde fått det som han ville og flytta heim til Kaupanger Hovudgard for å styre det nye fylket. Men så gjekk noko gale. Året er 1771, Christian VII er ny konge over Danmark-Noreg og ikkje like begeistra for den ambi-

siøse juristen Knagenhielm som forgjengaren hadde vore. No ventar jobben som amtmann i Nordland på Joachim de Knagenhielm, «af Hensyn til hans Families store Eiendomme i Distriktet». Kva var det for slags grunngjeving? Kva slags intrigar har gått føre seg? Kom aldri attende: Det bles friskt på Stad denne sommardagen, og Joachim er rasande og fortvila over lagnaden sin. Forvist til det kalde nord, enda han har skjøtta jobben sin betre enn dei fleste. Men sogningane snakka. Om brutal innkrevjing, om kvinnfolkhistorier og til og med hekseri, hadde han høyrt. Lat dei snakke, hadde han tenkt. Dei enkle bøndene har ikkje peiling. Men arrogansen har straffa seg. Kunne han gjort noko annleis? Var han for hard då han dreiv inn


Joachim de Knagenhielm sin bestefar, Niels Tygesen Knag, tok over Kaupanger Hovudgard i 1721. Same år vart han adla og fekk tildelt adelsnamnet Hielm. Dei fjonga seg fælt med namn på den tida, særleg populære var franske vriar. Dermed vart den vesle guten, nest eldste son i ein syskenflokk på tolv, heitande Joachim de Knagenhielm.

ekstraskattane? Og dette kvinnfolket... Han skal halde seg unna dei heretter. Langt unna, tenkjer han bistert og slår knyttneven i ripa. Han skal aldri sjå att sitt kjære Kaupanger. Aldri skal han gifte seg heller. Joachim de Knagenhielm døydde i Bodø i 1796. Fylkesfar Joachim de Knagenhielm var den første amtmannen i Sogn og Fjordane, den gong Nordre Bergenhus amt. Rolf Losnegård har krope i kleda til Knagenhielm og prøver å forstå den merkelege historia.

ARRANGEMENT 19. sept. Joachim de Knagenhjelm på jubileumsfesten, Leikanger ARRANGEMENT 26.okt.: Møte Joachim de Knagenhjelm på biblioteket, Sogndal

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

7


innflytte-

melding

Roy Sævik frå Re Det beste med Sogn og Fjordane er kvinnene. Kommunestyrevedtaket om nedlegging av skulen i Stongfjorden skulle eg gjerne endra.

Flora

Der himmel og hav møtast I Flora budde det 11 697 menneske 1. januar 2013. «For seks år siden var store deler av næringslivet i Flora kommune i krise. I dag er det nest best i landet», skriv Dagens Næringsliv i 2010. Dessutan ligg Verdens Beste Studio i Florø.

Det er fort å drøyma seg bort. I Hodlekve er hyttedraumen ein verklegheit. No har du sjansen til å skaffa deg ein fast plass i draumen - vi har nemleg 9 tomter att i fyrste felt! Prisar frå kr. 800 000,- til kr. 1 000 000,Kontakt oss på post@hodlekvesogndal.no eller ring salsansvarleg Jomar Haukås på 900 21 777

8

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


Eirik Molnes Husabø spelar Sogn og Fjordane. I Verdens Beste Lydstudio på eit loft ved hamna i Florø let han fingrane danse over tangentane.

Tri tonar og tusen troll Han framkallar tonar av isbre og yre vårbek-

kar. Bilete av storm ved Stad. Snart skal sjølvaste Kringkastingsorkesteret gje seg i kast med tingingsverket Tri tonar, variasjonar over eit fylke.

Atonalt: Husabø tykkjer det er heilt uver-

keleg. Han har kjempa mot troll heile livet, men no har han overtaket. No har han til og med sleppt eitt av dei inn i musikken. Gjennom notane styrer han det over fjella i Sunnfjord, det trampar gjennom skogar på veg mot havet. Husabø har brukt djevelens intervall. Dissonans eller pling-plong-musikk, som enkelte kallar det. Tritonus vert intervallet også kalla, det er gresk for tre tonar og var rett og slett forbode i visse samanhengar. Husabø kombinerer djevelens intervall med overtonerekka og dei opne strengane på hardingfela. Slikt vert det Sogn og Fjordane av.

Blitz. Eirik Molnes Husabø kom til verda ein oktoberdag i 1966 i Florø og komponerte sin første melodi før han byrja på skulen. Mora spela piano. Småguten var borte og klunka frå han klarte å kravle opp på pianokrakken. Notar lærte han i skulemusikken, der han spela ess-kornett. Så tok Sex Pistols han som tolvåring, og det vart pønk for alle penga. Han spela trommer, gitarar og bass. Han song. Han vrælte og flytta til Oslo som 16-åring. Okkuperte hus og vart ein del av Blitz-miljøet. Det var mykje speling, men

mest drikking. Hovudnæringskjelda var malt og loff med kaviar og majones. Turbulens: På teaterlina ved Nordfjord Folkehøgskule byrja han å spele skikkeleg piano og lage keramikk. Det var så mykje han ville gjere. Kva skulle han velje i denne oasen av inspirasjon, musikk, teater og kunst? Han valde musikken og hamna hos Per Indrehus på musikklina på Voss Folkehøgskule. Der oppdaga han Miles Davis, ein annan pønkar. Ein litt meir avansert pønkar enn Eirik Molnes Husabø, som no fekk teoriar å henge musikkuttrykka på. Han saug til seg kunnskap i to år på Voss, siste året som kombinert vaktmeister og hjelpelærar. Troll: Det er så mange fiaskohistorier i livet til Eirik Molnes Husabø. På Voss møtte han Berit Opheim i musikk og kjærleik. Men som alltid klarte han å øydeleggje det. Kvar gong ting verkeleg såg ut til å klaffe, når han var nær å få til noko, kom trollet og tok han. Som då han skulle lese gymnasfag i Bergen. Så kom studielånet, og det vart mykje sex and drugs og lite rock’n’roll - igjen. Komponisten har framleis ingen artium. Åra gjekk, med kreative og destruktive periodar. Han budde på gata i Oslo. Han sov ved minibanken i Florø. No sit han i ein plommeraud chesterfieldsofa i studioet sitt ved sjøkanten i heimbyen. – Det var aldri nokon som sa til meg at dei trudde det skulle gå bra. Eg trudde det ikkje

Framhald neste side J

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

9


Verdens Beste Studio: Komponist og produsent Eirik Molnes Husabø har sofa av klasse i studioet sitt i Florø.

sjølv heller. Han var eit klassisk håplaust tilfelle som såg døden i kvitauget. Knust og viljug: Først då tok han tak, søkte og fekk hjelp. Klar til å akseptere at resten av livet skulle han leve utan eit snev av rusmiddel i kroppen. Han klarte det. Han har ikkje sug, har overvunne dét trollet. Kvifor skulle han ønske seg attende? Det var eit helvete å halde på med og frigjerande å kome ut av. Det er over 20 år sidan livet tok ei ny og betre vending, mellom anna komponerte han jinglar for NRK Sogn og Fjordane. - Eg har laga mykje suppe - eller meir fromasj. Kaffi og kaker. Eg kunne vel ikkje betre, humrar han i dag. Roten bransje: Det er troll i platebransjen også. Husabø laga mykje god musikk saman med Guro Håvik, mellom anna Silent Water, som hamna på spelelistene både på P1 og P3. - Jævli bra, esse. Send foto. Send video, sa platebransjetrollet. Så vart det stille. Hans musikk og hennar røyst. Men røysta hadde ikkje dei rette kroppsmåla. Rekningsbunken voks. Begge vart heilt utbrende, musikaren orka ikkje ta i ein gitar på fleire år. I staden svitsja han kreativiteten over på video, for næringslivet, der han brukte sin eigen musikk. Men det vart for mange keisame møte og for lite inspirasjon. Glady Biff: Ei ny vending kom med den mystiske Glady Biff, ei heller forsoffen popstjerne frå Washington som vende heim til røtene

10

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

sine i Sogn og Fjordane. Husabø produserte, og superhitten “Sogn og Fjordane” suste rett inn på førsteplass på Fylkestoppen. Det var også produsent Eirik Molnes Husabø som arrangerte lanseringsfest for plata ”Ettertankar”, der Glady Biff stilte på ein av sine sjeldne konsertar. Ingen merka vel at produsenten forsvann ut som pappa på julaftan rett før nissen kjem.... Firdaposten gav Biff-plata toppkarakter med terningkast seks. Det vart ei mediesak, kven ER han? Ein suksess, folk tok låta blodig alvorleg. Dessverre røpa ein lokalavisjournalist identiteten til Glady Biff. Men dansemusikken rulla vidare, brått dukka Tylden opp, rett frå USA med lommeboka full av dollar. Platemogulen hadde fått tips om artisten, og høyrde på nokre av songane. Dansen går: – Då eg høyrde ”I blanke messingen” fanga den verkeleg merksemda mi. Eg trudde ikkje mine eigne øyre, den var jo så lik på Ole Ivars sin ”Nei, så tjukk du har blitt”. Eg tenkte at enten måtte vi få denne artisten på laget, eller så måtte vi saksøke han, fortalde Tylden til Firdaposten. Han valde det første. – Men eg må vedgå at det er vanskeleg for meg å snakke og forhandle med ein fyr som Husabø/Glady, som så openbert er schizofren. Det er ikkje alltid dei to karakterane dreg i same retning, sa Tylden. Dermed byrja andre artistar å kome til Florø for å spele inn plater. Rune Rudberg, Steinar Engelbrektson og Trøste & Bære – dei

kom med og utan musikarar. Husabø produserte, og spela for dei som trong det. Platene vart nominerte til Spelemannsprisar. Han tente for første gong i sitt liv pengar. Dansemusikken gjer at han har tid til å gjere det han eigentleg vil – komponere. Symfoni: Då Florø feira 150-årsjubileum for fire år sidan, vart Eirik spurd om å skrive eit verk. Han takka ja, overvelda over tilliten. Villdyret vakna. Han komponerte «Poem 150». Sogn og Fjordane Symfoniorkester framførte. Han stod! Og endeleg visste han – det er DETTE eg vil drive med. – Det er som å gå over frå reklamefilm til spelefilm – ikkje Hollywood, men Bergmann! Det ypparste eg kan gjere som komponist er å skrive for eit heilt orkester. Han har teke nettkurs i orkestrering ved Berkeley University i Boston, på nettet. Han les og studerer, døgnet rundt, på eiga hand og ved kommunikasjon med komponistar. Endeleg er han der han vil vere. Endeleg kan Eirik Molnes Husabø no sitje på loftet sitt i Fjordgata i Florø og komponere ei hyllest til Sogn og Fjordane. Den vert framført av Kringkastingsorkesteret under 250-årsjubileet i Operahuset på Nordfjordeid i november.

ARRANGEMENT 15. nov. kl 10.00 og 16. nov. kl 16.oo og 19.00: Den store jubileumskonserten til KORK med lokale artistar og lokal komponist Billettar: operahuset.no Nordfjordeid


Visste

du AT

Bosch Car Service – Verksted for alle bilmerker!

Den vanlegaste hunderasen i Sogn og Fjordane er Border collie (207). På dei neste plassane kjem Golden Retriever (160), Cavalier King Charles Spaniel (159) og Schäfer (157). Tal frå 2012. Det vart i alt fiska 8 909 laksar i Sogn og Fjordane i 2012 (39 369 kilo). Nausta i Naustdal (1 904 laksar) ligg på topp. I 2008 vart det fanga berre 3 937 laks. Det vart felt 8 362 hjort i Sogn og Fjordane i 2012. Talet går stadig nedover, i 2009 var samla tal 11 477.

Vi er med i verdens største og mest kunnskapsrike verkstedskjede.

Hyllestad

Hos oss får alle bilmerker profesjonell hjelp til hyggelig pris. Våre godt utdannede mekanikere utfører kvalitetsarbeid med bransjens mest avanserte testutstyr. Prøv oss neste gong !

Jølster Bil AS 6843 Skei tlf 57726890

Mesta Verksted Leikanger AS 6863 Leikanger tlf 99354200

Førde Bilservice

AS Diesel-Elektro

Hatleberg Bil og Maskin

Gaupne Bilsenter AS

Høyanger Bil AS

Florø Bil & Havneservice AS

6800 Førde tlf 57830700

6957 Hyllestad tlf 57788588

6993 Høyanger tlf 57713277

6800 Førde tlf 57822177

6868 Gaupne tlf 57681080

6900 Florø tlf 57740530

I Hyllestad budde det 1 428 menneske 1. januar 2013. Kvernsteinar var ein gong storindustri, no er det skip som vert produsert, med Havyard Ship & Tecnology som hjørnesteinsbedrift.

For everything your car needs.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

11


B aT e S U n i T e d F o T o : i S i d o r

Norske bær

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt prosjekt «Lokale kulturminneplanar» har i sommar hatt ein fotokonkurranse som set kulturarven vår på dagsorden. Vi har fått inn mange flotte bilete som illustrerer det mangfaldet av kulturminne vi har i fylket vårt. Leif Hauge, fotograf og førsteamanuensis ved HISF, Edvin Helgheim, prosjektleiar for fylkesjubileet og Eva Moberg, fylkeskonservator, har sete i juryen. Dei har teke den krevjande jobben med å plukke ut eit vinnarbilete Premie for vinnarbiletet er kr 10 000. Fotografane som kom på 2. og 3. plass vil få sekk, kopp og skjorte.

Vinnarbilete: Løyntnantsbrygga i Lærdal. Foto: Stian Nesøy Træen

Lerums utvaLde – vårt finaste syLtetøy Lerums Utvalde Jordbær- og Bringebærsyltetøy er laga av dei beste norske bæra. Prøv vårt finaste syltetøy på vaflar, pannekaker eller ferske brødskiver. Nyt sumaren i haust og vinter! Les meir på lerum.no

Ekte vare smakar best

12

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Fangar det karakteristiske og autentiske i strandsitjarmiljøet ved fjorden. Historisk har Lærdalsøyri vore eit viktig knutepunkt mellom fjord og fjell og mellom aust og vest. På midten av 1800-talet var Lærdalsøyri den største tettstaden i fylket.


Beste kulturminnebilde frå Sogn og Fjordane

2.premie:

3.premie

Steinbru, Markane Foto: Jeanette Løvoll

Trafostasjon på Sandane. Foto: Andreas Nygjerd

Biletet minner oss om at kulturminna også representerer viktige handverkstradisjonar som ikkje lenger vert haldne aktivt i hevd. Brua er så flott utforma og glir så godt inn i terrenget at vi nesten trur den er del av naturen. Men først og fremst var brua viktig når posten skulle fram ! Brua er ein del av Den Trondhjemske Postvei.

Kanskje ikkje det første vi tenkjer på som eit kulturminne, men likevel viktige kulturminne og eit tydeleg utrykk for kor viktig vassressursane er i dette fylket. Brear, vatn, fossar og elvar har gjeve mogelegheit for eit storstilt kraftproduksjon. Biletet fangar både vestlandveret og historia om korleis vi har gjort oss nytte oss av av ein fornybar ressurs. Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

13


Mons Monsen Øyri, alias Mensen Ernst, kom til verda sommaren 1795 i Fresvik.

Han var sjømann, vandrar, langdistanseløpar og den første norske profesjonelle idrettsutøvaren. Han reiste mykje rundt i Europa, i Nord-Afrika og Vesleasia, for det aller meste til fots. Mensen Ernst døydde 22. januar 1843 i Aswan, Egypt, medan han leita etter kjeldene til Nilen.

fart

Påfuglen: Teatersjef Terje Lyngstad spring fylket frå nord til sør for idrettsglede, folkehelsa og sjelebror Mensen Ernst. Foto: Alf Vidar Snæland

14

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Terje Lyngstad, alias Påfuglen, kom til verda i romjula 1966 i Florø. Han har vore lærar, kultursjef, banksjef og teatersjef, og sprang mykje i ungdomen, ein aktivitet han tok opp att for fullt i 2006. Terje Lyngstad har sprunge maraton i ti land og elles reist ein del i Europa, Asia og Amerika, for det meste med fly. Han spring framleis, og er stadig på leiting etter kjeldene til leiken og uskuld.


Mensen Ernst sprang. Terje Lyngstad spring. Det finst ingen bilete av løparkongen frå Fresvik i Sogn, men i biografien som vart skriven om han, står det at han brukte eit påfuglkostyme. Mensen sprang frå Paris til Moskva på to veker. Terje nøyer seg med å springe frå eine fylkesgrensa til den andre på ei veke. Det vert ti maraton på sju dagar. For begge er underhaldning levebrødet. Terje er teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Mensen var sirkusartist som dei andre «pedestrians» på den tida. Dei tente pengar på oppvisingsløp og veddemål om dei klarte å springe ein viss distanse på ei bestemt tid. Begge er ein slags ekstremistar. Men Terje trur Mensen var verst, rett og slett litt stormannsgal. Eit stort ego som skulle vise mor og far at han dugde, akkurat slik enkelte av idrettsutøvarane i dag kan vere ganske ufordragelege.

dagsmarsj i Mensen-tempo frå Moskva. Her vart han arrestert og sperra inne, men rømde gjennom pipa. Han vart oppdaga, men klarte å springe frå forfølgjarane sine. Ein dagsmarsj i påfugl-tempo før målet kjem Terje til Fresvik. Her vil Ingrid Kristiansen ta imot påfuglen når han landar. Ho ser mange middelaldrande menn som heilt mistar fokus og berre ser Birken og siger. Familie, hobbyar og intellektuelle interesser kjem i skuggen. – Korleis var Mensen Ernst? Han var språkmektig, ein lærd mann trass lite skulegang. Korleis er eg sjølv? Er eg for opptatt av å springe, snakkar eg for mykje om det? tenkjer Terje Lyngstad.

Start: 11. juni 1832 starta Mensen Ernst på den mest vidgjetne turen sin, etter å ha gjort ein avtale om å springe frå Paris til Moskva på 15 dagar. Snart vart han stoppa av fulle bønder, som batt han og kasta han opp på ei kjerre. Mensen foreslo å springe om kapp med den raskaste hesten til bøndene, noko dei tykte var spennande. Men sogningen stakk sjølvsagt av og nådde Chalons-sur-Marne fem timar bak skjema. 13. september 2013 startar Påfuglen på den mest vidgjetne turen sin, etter å ha gjort ein avtale om å springe frå Åheim via Fresvik til Leikanger på 7 dagar, til ære for Mensen Ernst, for idrettsglede og folkehelse. Han startar klokka halv sju om morgonen, og vil springe på dagtid, i motsetnad til Mensen Ernst, som sprang om natta. Han vonar ingen bønder bind han og hiv han opp i ei kjerre. Ruta går frå Åheim via Hauge, Eikefjord, Askvoll, Brekke og Ortnevik. Undervegs vert det motivasjonsseminar og innsamling av pengar til Kreftforeningen.

I mål: 25. juni kl. 10 erobra Mensen Ernst Moskva. Det skapte stor ståhei, fordi ingen venta han før dagen etter. Sogningen vart feira og fekk ein større pengesum, han fekk bu på eitt av dei beste vertshusa i byen og nytta tida til å sjå seg om i den russiske byen i ei heil veke. Frå Paris til Moskva er det 2500 kilometer, det gjev eit gjennomsnitt på 178,5 kilometer pr. dag. 19. september 2013 kl. 16 kjem Terje Lyngstad til Leikanger, dersom han då ikkje vert arrestert og putta inn i Vik. Her vert han feira saman med fylket og eit motivasjonsløp med fokus på helse og livsstil i samarbeid med Sogn og Fjordane idrettskrins. Då har sunnfjordingen lagt bak seg 437 kilometer med eit snitt på 62,4 kilometer pr. dag. Ikkje dårleg det heller.

Heft undervegs: For Mensen gjekk ruta

via Frankfurt am Main, Weimar, Freiberg og Krakow. Etter åtte dagar passerte han den russiske grensa ved Chelm. Då var han halvvegs. Ferda gjekk vidare gjennom aude myrstrekningar og skogar. 24. juni nådde han Mozajsk, omtrent ein

Hardt leie og mjuk seng: Terje Lyngstad

har eit par gamle sko, der solane har vorte tynnare og tynnare. Og skoa betre og betre. Kva sko sprang Mensen i? Neppe Nike med oppbygd hæl og demparar. Han sprang ikkje på asfalt, men på grus og jord og gras. Han sprang om natta og navigerte etter stjernene. Sekstant, mat og vin låg i sekken. Kva hadde han med seg av klebyte? Korleis lukta han etter veker på vegen? Det er slikt Terje funderer på. Mensen Ernst sov under open himmel,

og seier i biografien som kom ut i 1838: “Jeg er fast overbevist om at efter min egen legemskonstitusjon (som jeg dog har til felles med alle andre mennesker) vilde mine bevegelsesredskaper, der dessuten er meget forte, have tapt betydeligt af sin spændskraft eller elastisitet, hvis jeg paa mine hurtigreiser havde sovet i seng”. (Gustav Rieck: «Des Steuermannes Mensen Ernst aus Bergen in Norwegen. Leben, See-, Land- und Schnell-Reisen in allen fünf Welttheilen». Terje Lyngstad kjem til å sove i mjuke senger på vegen frå Åheim til Leikanger. Løpekongen til scena: «Mensen Ernst –

løpekongen frå Sogn» er Sogn og Fjordane Teater sitt bidrag til 250- årsjubileet til fylket. Kyrre Eikås Ottesen ligg allereie i hardtrening for hovudrolla så sveitten driv. Dette vert teater for alle sansar. Stykket skal spele i Den kulturelle skulesekken på dagtid og vert vist for andre i opne framsyningar på kveldstid. Mensen Ernst døydde av dysenteri, åleine ved breidda av Nilen. Han prøvde å finne kjelda til den afrikanske elva. Mister Ernst, formoder jeg? sa ein turist som kom forbi, så kjent var han i verda, lenge før ordet kjendis var funne opp. Det kom ikkje svar. Dei gravla han på staden, som i dag truleg ligg under vatnet i Aswandammen. Reiseruta til Terje Lyngstad: Fredag 13.09: Åheim-Hauge Laurdag 14. 09: Hauge- Eikefjord Søndag 15. 09: Eikefjord-Askvoll Måndag 16. 09: Askvoll-Brekke Tysdag 17. 09: Brekke-Ortnevik Onsdag 18. 09: Ortnevik-Fresvik Torsdag 19. 09: Fresvik – Leikanger

ARRANGEMENT 26.sept.– 24. okt: Mensen Ernst – løpekongen frå Sogn. Sogn og Fjordane teater ut på turne

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

15


KRINGKASTINGSORKESTERET i Sogn og Fjordane Operahuset Nordfjord Fredag 15. november kl 19.00 Laurdag 16. november kl 16.00 Laurdag 16. november kl 19.00

Kringkastingsorkesteret

kram

Sig

rid

des l o M

tad

Thea Hjelmeland Iselin Solheim

Olav Stedje Baus - Vibecke E. Løkling

Ev

el S a We

Odd-Erik Lothe

Good Time Charlie

…og endå fleire

Billettprisar: Barn 265 kr, vaksne 365 kr (+ 5 kr avg) kjøp Billett og les meir på www.operahuset.no

16

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


findriv.no

Med NAF-medlemskap er du trygg på råd og hjelp Medlemskap i NAF?

Som NAF-medlem kan du vere trygg på at du får hjelp uansett årsak. • NAF-medlemskapet er personleg, som tyder at du får hjelp uansett om du køyrer eigen bil eller andre sin bil, leigebil eller er passasjer. Ja, veghjelp heile Europa utan eigendel. Treng du hjelp ring NAF sin døgnopne telefon 08 505. • Er du utanfor Norden og bilen ikkje kan reparerast innan rimeleg tid, får du leigebil for å fullføra ferien. • NAF Advokat gjev juridisk hjelp heile døgnet t.d ved kjøp og sal av bil, tvist om verkstadrekning, tvist med forsikringsselskap, toll og avgiftsspørsmål, eller strafferettslege spørsmål. • Medlemskap med veghjelp er det vanlegaste medlemskapet. Kostar kr 1060,- for året for ein person • NB: NAF tilbyr også eigen forsikring.Vurder også NAF Xtra, NAF-medlemane sitt eige Visa-kort med m.a. 3% og 4% bonus på utvalde produkt og tenester.

innflytte-

melding

NAF-testar og EU-kontroll

Foto: Petter Førsund

På NAF-senteret har du tilgang til eit vidt spekter av testar som dekkjer dei fleste behov ved kjøp, sal wweller vedlikehald av bil. Her er Øyvind Dvergsdal (t.h.) og Roy Vallestad travelt opptekne med å saumfare understellet på ein bil.

at Vimsasnetseeierdatutrafikktryggeled?ik

Charlotte Rintler frå England Landskapet er fantastisk. Eg skulle ønske meg betre kommunikasjonar, både når det gjeld fysisk transport og kommunikasjon mellom folk.

bbe m NAF-medle NAF kan jo te s a g ti ik er det v

Meir om medlemsskap o.a. på tlf. 08505 eller www.naf.no

NAF-avdelingar i Sogn og Fjordane: Fjordane og Ytre Sogn, Nordfjord, Indre Sogn og Årdal

Førde

Ei drivkraft med menneska i sentrum

Audhild Viken og Ting har slått seg saman til ein butikk og heiter no Viken. Vareutvalet inneheld alt frå tradisjonelle varer som tinn frå Askvoll Bruk til moderne interiørartiklar frå Hay. Viken har og leikar og interiørprodukt til barn og eiga bunadsavdeling med produksjon av Sunnfjordbunaden. Rett og slett ein variert gåvebutikk!

I Førde budde det 12 559 menneske 1. januar 2013, og er den største kommunen i fylket. Den har og størst befolkningsvekst. Kommunen har størst varehandel per innbyggjar i landet.

Viken, Førde Torg, tlf. 57 72 00 80, Bunadsavdelinga tlf. 57 82 00 84

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

17


Ad hoc-kvartett: Sigrid Moldestad, Alexander Pavelich, Eva Wheel Skram og Thomas Stenersen. Sjåfør: Mamma og operasjef Kari Pavelich organiserer bilar, instrument, vaksne ungar og besøk.

Malakoff Malakoff dreg nordfjordingane heim. Men ikkje Alexander Pavelich, som var festivalsjef som 16-åring. Musikaren frå Eid var den yngste festivalsjefen i verda i 2005. No klunkar han på gitaren saman med tre andre musikarar. Om ein time skal dei entre Luttscena i Nordfjordeid sentrum. Dei har øvd saman berre ein kveld før, med to gitarar, ei fele og ei plastflaske med riskorn. Bursdag og bronkitt: Solbriller og blå neglelakk er på plass. Sigrid Moldestad har bursdag. Eva Weel Skram har akutt bronkitt og tyller i seg eukalyptushonning og nyplukka jordbær. The heartbreaker Thomas Stenersen meiner dei må samle mikkane og monitorane. – Vi må stå tettare, elles står vi og spelar kvar for oss, vi må spele i lag. – Det kompenserer for det vi ikkje har kontroll over, nikkar Sigrid. – Korleis skal vi avslutte? – Du får jamme litt du, Sigrid. Så kan vi andre danse litt rundt... – Denne teksten – er det Ireland eller Iceland? Lakk og live: – Eg gler meg til festival! ropar

Alexander brått. Han er frontfigur i den nor-

18

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

ske indie-rockbandet Eye Emma Jedi, med base i Oslo. Bandet debuterte live nettopp her på Malakoff for to år sidan. I år skal han nesten berre nyte musikken til andre. – Har vi rekkefølgja no? Det er ein halv time til konsert. Rekkefølgje? Det har dei ikkje tenkt på. Papir og penn. – Blir dette 38 minutt? – Om det knip, får eg ta ein springar. Kan eg låne neglelakken din? spør Sigrid. Det vert betre samspel av felles farge på neglene. Dugnad: Malakoff har ført til at fleire har slått

seg ned i kommunen, ifølgje festivalsjef ArntIvar Naustdal, som sjølv flytta tilbake på grunn av festivalen. Med den har Eid vorte ein liten, men kul plass. – Eg trur festivalen har hatt betyding for tilflyttinga, sjølv om eg ikkje har statistikk på det, seier han. Alle nye eidarar får tilbod om å delta på festivaldugnad, og dei fleste vert med. Tusen friviljuge er i sving i år. Slikt er det berre på bygda ein får til. Malakoff Rockefestival vart fødd for ti år sidan, då var Alexander berre 15 år. To år seinare sat han på ein kafé og åt suppe då telefonen ringde. – Kan du tenkje deg å bli festivalsjef for Malakoff Rockfestival? Alexander tenkte nokre timar, ringde opp att og sa ja.

Stipend: Ute på Luttscena er vinnaren av talentkonkurransen klar.


Aleksander Raftevold, alias Aleks Grey, har framført dei to nye singlane sine, Starlight og Born, og får tildelt stipendet på 10 000 kroner i høve 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylke. – Eg har en planar om å spele inn ein EP til neste år, der kjem pengane godt med! Til hausten skal eg studere musikk ved Liverpool Institute of Performing Arts, fortel den glade vinnaren til programleiar Ronny Brede Aase. Rekord: Turen er komen til

Sigrid, Alexander, Eva og Thomas. Mikkar og monitorar er samla midt på scena. Litt kvar for seg, litt saman. Det er som om dei alltid har spela i lag. Smilande eidarar, turistar, festivalpublikum og andre som tilfeldigvis dumpar innom bankplassen, duvar med. Malakoff 2013 har opna. Folkemengda syng bursdagssongen for Sigrid. Etter yting på Luttscena skal dei berre nyte. I løpet av helga sette festivalen ny rekord – igjen – med ti tusen første kvelden og totalt 20 tusen selde billettar i løpet av festivalen.

ARRANGEMENT 19. sept.: Kulturfest og ungdomskonsert Leikanger

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

19


)Uo



Visste

Satsingar pĂĽ frukt- og bĂŚr driv fram nye produkt og er med pĂĽ ĂĽ auke verdiskapinga. BringebĂŚrproduksjonen i Sogn og Fjordane utgjer i dag om lag 70% av produksjonen i landet.

NY H

Bøndene i Sogn og Fjordane produserer mykje mat. Om lag 7% av mjølka, 9% av lammekjøtet og 15% av geitemjølka i Noreg vert produsert her i fylket.

ET !

du AT

I Vik budde det 2 731 menneske 1. januar 2013. Statuen av Fridtjov den frøkne ragar 22 meter i veret og er den høgste i Sogn og Fjordane. Gammalosten er legendarisk, det same er fengselet.

20



OPEL SERV CE MEN

)Uo

 PRISEN PĂ… SERVICE. SVART PĂ… HVITT. Full oversikt pĂĽ www.opel.no. I Opel er vi opptatt av at bilholdet ditt skal vĂŚre enkelt og forutsigbart. Det betyr blant annet at du som kunde skal kjenne prisen pĂĽ service like godt som vi kjenner bilen din. Derfor har vi samlet prisene pĂĽ Opel originalservice pĂĽ vĂĽre vanligste modeller i det vi kaller Opel Service Meny. Prisene er veiledende og inkluderer alle servicedeler som er foreskrevet i serviceheftet.

)Uo

Og husk – nür du velger et autorisert Opel-verksted, für du en komplett servicepakke slik den er foreskrevet fra fabrikken – og det uten at det koster noe mer enn hos andre. Ikke bare blir din Opel holdt i god stand – vi tør ogsü püstü at bruktbilverdien øker!



Foredlingsindustrien sysselset over 1000 personar i fylket. Visste du at annankvar Norvegiaost er produsert pü Byrkjelo? Eller at det kvar einaste dag køyrer ut 10 fullasta vogntog med varer frü Lerum?

Vik

)Uo

Les mer om Opel Service Meny pü www.opel.no. Der kan du ogsü bestille service, sü tar ditt lokale Opel-verksted kontakt for timeavtale. www.opel.no Følg oss pü

/OpelNO

)Uo



)Uo



)Uo



/$*(55<'',1*

.$12135,6$5 /$*(55<'',1*

0DQJHNQDOOWLOERGSoYoUHPRGHOODU

.$1213

Hos oss fĂĽr du originale delar til din opel. VĂĽre mekanikarar er topp utdanna og har lang erfaring â&#x20AC;&#x201C; i tillegg til det rette utstyret.

0DQJHNQDOOWLOERGSoYoUHPRGHOODU

ZZZRSHOQR)ÂĄOJRVVSoZZZIDFHERRNFRP2SHO12

Kom innom og sjĂĽ det nye kundemottaket.

&2XWVOHSSIUoJNPONP*MHOGGULYVWRIIRUEUXNRJXWVOHSSEODQGD NÂĄ\ULQJ(XUR)UDNWRJOHYRPNRVWLQNO

prisane? Kanskje hyggelegare $YELOGDELONDQKDHNVWUDXWVW\U,PSRUWÂĄU2SHO1RUJH$6

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 ĂĽr

enn du trur.

ZZZRSHOQR)ÂĄOJRVVSoZZZIDFHERRNFRP2SHO12

&2XWVOHSSIUoJNPONP*MHOGGULYVWRIIRUEUXNRJXWVOHSSEODQGD NÂĄ\ULQJ(XUR)UDNWRJO $YELOGDELONDQKDHNVWUDXWVW\U,PSRUWÂĄU2SHO1RUJH$6

Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Sogndal Førde Granden 23, 6856 Halbrendsøyra, 6800 FørdeSogndal Tlf. 57 82 99 00 Tlf. 57 62 57 57 www.opusas.no www.opusas.no


Kva er det med No rdfj

ord og idrett?

Stål i bein og armar – Betre å vere ein sprek gamling enn ein utbrent toppidrettsutøvar, seier Anton Skarstein (94). Oppstilling! Så dundrar Gammel jegermarsj ut av høgtalarane i gymsalen på Sandane, og fem godt vaksne karar startar øvinga. Omtrent samstundes stikk 80 år yngre Christine Humborstad frå Stryn ut døra for å springe seg ein tur. Ho må vere i rørsle, heile tida. Kva er det med nordfjordingar og idrett? Svingstong og sirkus: Ein kan vere freista til å

seie: Gje ungdomen ei fele før idretten tek dei. Jo da, mang ei jente og nokre gutar har redda seg unna med slåttespel og støvelklask, men

nokre let seg ikkje freiste av musikken. Inst i fjorden spela dei fotball i oppoverbakke og skaut på blink i nedoverbakke. Litt lenger vest var det turn og friidrett som kom til å dominere i mange år. Dessutan dukka eit heilt nytt norsk sirkus opp på den slakke lina etter Jan Kjetil Smørdal: Cirkus Agora på Eid. Nett no er det skiskyttarane frå Nordfjord som gjer seg gjeldande i toppsjiktet. Dei gamle travarane held fram medan nye talent stadig kjem til. Men alt starta på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Turnveteranane: Gamlekarane på Sandane

konsentrerer seg om programmet. Dei har spela fotball og har krinsrekordar i ymse friidrettar. Dei har hoppa og rent på ski i dristige svev og utforrenn. Apparatturn. Dei tykkjer turn har dårlege vilkår i dag. Det er mest gum-

Framhald neste side J

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

21


Hiv o’hoi: Veteranturnarane på Sandane, frå venstre: Sverre Løken (90), Anton Skarstein (94), Odd Gloppestad (82), Mattis Slagstad (80) og Hans Rygg (73). Best med ball: Draumen til Christine Humborstad er å kome på eit landslag - handball eller fotball.

mimatte og trampoline. Det manglar instruktørar, sjølv er dei litt for gamle. I ungdomen slengte dei seg rundt i trea på jakt etter eit trostereir dei kunne plyndre. Det var ikkje fordi dei var vonde. Trosten åt bæra, og menneska åt trosten. Det gjekk med 20 trostar mot berre tre ryper til ein middag i storfamilien. Dei fanga trost med snare og selde på fylkesbåtane for åtte øre stykket. Gulnebba svarttrost var best. – Dessverre er det ingen damer med, dei har si eiga trening no, men vi trena saman i mange år. Veteranmiks var veldig vellukka, men damene er litt yngre enn oss no, fortel dei. Etter jegermarsjen roar dei ned med Rosa på ball. Dei kvite og blå stavane svingar frå side til side før dei brått gjer ein sirkel opp i lufta. Alltid i rørsle: Christine Humborstad (14)

hadde peila seg inn på idrettslina på Stryn vgs, men den vert lagd ned, så no veit ho ikkje. Ho har halvtanna år å gruble på medan ho spring med og utan ball og er god i det meste. Når ho ikkje trenar eller spelar kamp, tek ho saltoar på trampolinen eller spring seg ein tur i skogen. Eller syklar seg ein runde. Frå haust til vår er det handball. Frå vår til haust fotball. Det hender det kolliderer. Mange jenter spelar handball, ein del fotball, men få strynejenter i den alderen satsar på alpint. På trening er ho ofte åleine med gutane. – Vi vann fylkesmeisterskapen i handball jenter 13 år, seier ho stolt. I fjor vann ho heile dameklassa i Postvegløpet. Vel å merke var det ikkje så mange deltakarar. – Det var fleire i år, og då vann eg klassa mi. Førebileta er mange, særleg Camilla Herrem og Aksel Lund Svindal. – Eg liker å vinne, seier ho med eit skjelmsk, lite smil. Når ho tapar, vert ho sur, men det går fort over. – Verst er det i individuelle idrettar, for då har eg berre meg sjølv å skulde på.

22

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Idrottsamlaget: I Sogn og Fjordane har orga-

nisert idrett sine lengste tradisjonar kring i det militære miljøet. Eidsbygda Skyttarlag vart skipa i 1861, to år seinare kom Eids Turnforening, og var dermed eitt av dei eldste idrettslaga i landet. Nordfjord Idrottsamlag vart formelt skipa i 1910 nettopp på Sandane, der dei flinkaste organisatorane budde. Det var ein paraplyorganisasjon for idrettslaga i fjorden, og dei arrangerte dei første åra skistemne om vinteren og friidrettsstemne kvar haust. Ei viktig oppgåve for laget var utdanning og autorisering av dommarar både for friidrett og skiidrett. Laget var representert for første gong utanfor fylket på eit skistemne på Voss. Idrottsamlaget i Nordfjord var i drift til 1923, då det vart oppløyst og midlane overførte til Sogn og Fjordane Skikrins, som vart skipa same året.

Hiv o’hoi: Odd Gloppestad (82) var nyleg på

stølen då han oppdaga at klokka snart var sju, og då startar treninga til veterantruppen. Han tok snarvegen ned skogen, sprang nedetter lia og rakk akkurat fram. Men der, på trappa, fekk han hjarteinfarkt. – Men eg rakk det, humrar han, allereie attende på trening. Men det kan vere vrient å kome inn i rytmen. O’hoi, så kastar vi loss. Hans Rygg har føringa til Skomværsvalsen med Erik Bye. Dei bøyer og tøyer. Vrir overkroppen til høgre, så til venstre. Lett bøy i knea. O’hoi. Kvart fjerde år reiser veteranane til det største idrettsarrangementet i verda, Gymnastrada med kring 25 tusen deltakarar. Ingen konkurrerer, her er berre framsyningar. For to år sidan var Mattis Slagstad (80) og Hans Rygg i Lausanne i Frankrike, no satsar dei på Helsingfors 2015. Men først er det Landsturnstemne på Hamar. På førre stemnet var dei 75 deltakarar totalt frå heile landet (?), og det sosiale rundt er minst like viktig. Mykje god søje..., humrar dei. Godprat, altså.

Så tek den einaste herreveteranturngruppa i fylket ein aldri så liten piruett til Drømmen om Elin. Komande stjerne: Pappa Arve Humborstad fortel at han og kona ofte tok ungane med på tur i skog og mark då dei var små, både sommar og vinter. – Lislebroren satsar på fridrett, men Christine har alltid hatt problem med å velje fordi alt er så gøy, seier han. Kva spelar far? Han spelar bassgitar, men sprang fort i ungdomen, han også. Far og mor stiller opp, men dei har aldri pressa, heller halde igjen. Får Christine tid til skulearbeid? – Ho har gode karakt... - Hysj! bryt ho av. Tid til å lese vert det også. Den siste boka var «En pingles dagbok». Sjølv skriv ho ikkje dagbok. Ikkje er ho pingle heller. Derimot er ho sterk og seig, og spring både fort og langt. Aller best liker ho fotball, for det er på fotballbana ho føler at ho er best. Draumen - om ho har tid til å drøyme seg bort litt - må vere å kome på landslaget i fotball eller handball. Andre jenter byrjar å kome, det er snart kamp mellom Stryn 1 og Stryn 2. 1999-kullet mot 2000-kullet. Christine spelar på begge, men i dag er det sitt eige årskull ho skal forsvare. Det kriblar i kroppen, det er berre så moro å spele, ho elskar lagkjensla. Den spinkle muskelbunten varmar opp med ballen. Kven som vinn? – Vi, så klart!

ARRANGEMENT 13.–19. september: Mensen Ernst – gjennom heile fylket: Åheim – Hauge – Eikefjord – Askvoll – Brekke – Ortnevik –Fresvik – Leikanger


innflytte-

Det koselege hotellet i Førde DU INVITERER - VI ARRANGERER • kurs/konferanse • konfirmasjon • bursdagar • barnedåp • bryllaup • møte • catering

melding

kurs/konferanse • konfirmasjon • bursdagar • barnedåp • bryllaup • møte • catering •

Per Janke Jørgensen frå Narvik Fylket har trivelege menneske, storslått natur, gode aurevatn og ikkje minst; flinke musikarar. Eg reiser mykje på turne langs vegane våre, og skulle gjerne sett større innsats på vedlikehald og forbetring.

Balestrand

d r o b e l u j s t e År

Perla ved Sognefjorden I Balestrand budde det 1 337 menneske 1. januar 2013.

ord. ts juleb e e r å v a norsk asjon r reserv iskar opp med o f id t d no Det er kensjef k, pinnekjøt, k jø k e k s fis Vår dan nar som lute isjo er. juletrad essert. rå 15. novemb d g o e f b t. svinerib mat kvar dag ngemen le a r ju r a r å ls f ju Du g før hyggele it e il t en Velkom

CATERING

Vi leverer mat av alle slag. Dersom du vil ha arrangementet heime, kan våre kokkar også kome heim til deg. Det treng ikkje koste all verda.

Kommunen toppa kvinnestatistikken i fjor med flest single damer i fruktbar alder, 53,5 % kvinner i alderen 18 til 39 år. Ingen stader i fylket har det vorte måla så mange landskapsbilete av så mange kjende kunstnarar.

Quality Hotel Førde Hafstadvegen 26, Førde Tlf. 57 82 81 10 Fax 57 82 81 11 E-post: adm@forde-hotell.no

Velkomen til oss på Quality Hotell Førde!

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

23


TRYGGMARGS-

REFLEKSEN Melding: Mykje snø, høge brøytekantar, og

mange feilparkerte bilar i Å.O. Vinjes veg. Ikkje råd for brannbilar å komme fram. Tiltak: Kontakt med lensmannen, som gjev ordre om å køyre ut med brannbilar og politibilar. Sirener og blålys der ein ikkje kjem fram. Resultat: Gata rydda for bilar. OK Det vert sagt at politiet i Årdal har fått så lite å gjere at dei ofte ringer til nabokommunane for å høyre om dei treng litt hjelp i helga. Årsaka er Årdal Tenk Tryggleik og Steinar Drægni. – Det er vanskeleg å vise resultat av det vi gjer, for dette arbeidet fører jo til at ingenting skjer, ler han. Steinar har det moro på jobb. I tillegg til å koordinere det trygge lokalsamfunnet sitt, reiser han land og strand rundt og fortel andre kommunar korleis dei har fått det til i Årdal. Det handlar mykje om å tenkje langsiktig, og om godt samarbeid mellom ulike etatar. Melding: Hol i asfalten i Storevn. Tiltak: Synfaring og foto. Melding sendt Tek-

niske Tenester.

Resultat: Ordna. OK

HMS er noko meir enn side opp og side ned i tjukke permar i Årdal. På slutten av åttitalet kom ideen om å ta HMS-tankegangen frå Hydro ut til folket. Ikkje så rart at dei to einaste kommunane i Sogn og Fjordane som er godkjende Trygge Lokalsamfunn, er industristadene Årdal og Høyanger. Folka her har det i blodet. Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT) vart etablert i 1988. Steinar Drægni byrja som koordinator i 2005. Folkehelsekoordinator er den offisielle tittelen. Folkehelsearbeid er å bryte ned dei faktorane som ikkje er bra for folk, og byggje opp dei som er bra. Det handlar ofte om enkle ting som å strø der ein skal strø om vinteren. Tal skadar som måtte legehandsamast, gjekk frå

Trygge lokalsamfunn Årdal vart tidleg medlem i WHO Safe Communities. Merkevara Årdal Tenk Tryggleik er eit samarbeid mellom politi, kommune, Hydro, LO og Norsk Folkehjelp, med fokus på kontinuerleg utvikling av eit trygt nærmiljø. Trygge Lokalsamfunn (Safe Community) er ein WHO-initiert kvalitetsstandard for lokal organisering, gjennomføring, dokumentasjon og kunnskapsformidling innan førebyggjande arbeid med vekt på ulykker, kriminalitet og sjølvpåført skade. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Årdal og Høyanger er godkjende medlemmer.

24

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

vel 600 og ned til vel 200 dei første åra ÅTT var i drift. Eit lårhalsbrot kostar samfunnet totalt 250 000. Kor mange millionar ÅTT har spart samfunnet for, finst ikkje i noko rekneskap. Melding: Reklameskilt på bana på Cuba er

lause, kan bli tekne av vind.

Tiltak: TT og ÅTIL ved leiar har fått melding

om å sikre skilta betre.

Resultat: Platene sikra. OK

Årdal Tenk Tryggleik er forankra i kommunestyret med ordføraren som ansvarleg. – Vi har jamleg møte med alle involverte partar om helse, miljø og kriminalitet, alltid i tett samarbeid med Steinar, som koordinerer og avlastar oss med førebygging, fortel lensmann Magne Knudsen. Politiet er ein viktig del av eit trygt lokalsamfunn. Dei er jamleg innom barnehagar og skular, der dei tek opp tema i takt med alderen til ungane, frå sykling i fjerdeklasse til alkohol og rus i vidaregåande. Det gjer at dei unge årdølane kjenner betjentane, noko som kjem godt med i nye fasar av livet. Dei treng ikkje rambukk og handjern. Melding: Tilløp til brann hos ein nabo, som er

på fylla.

Tiltak: Kontakt politi og brannvesen. Resultat: Lensmannen kjem og tek ein prat.

Mannen får tilbod om legehjelp. Det kjem inn foto av hekkar og plommetre som lenar seg utover vegar og fortau. Steinar tek ein telefon eller sender melding eller brev med kopi til lensmannen. 99 prosent ryddar opp relativt kjapt. Om ikkje, hender det han tek med seg saga eller hekksaksa sjølv. - Det viktigaste er faktisk at meldar får tilbakemelding, forklarer han. Der andre vert stoppa av byråkrati og manglande tilbakemeldingar, møter årdølane Steinar. Alle meldingar vert tekne på alvor. Han finn dei rette folka til å rydde opp. Ting skjer.

Melding: Bilvrak ved Gamlebrua. Tiltak: ÅTT identifiserer og kontaktar eigar. Resultat: Bil fjerna. OK.

Folkehelsekoordinatoren er utdanna elektrikar, og har jobba som fabrikkarbeidar, maskinførar, og som varehussjef i eit byggvarehus. Han har òg arbeidt som seljar - det høyrer ein på praten, enten den er med grunneigarar, lensmannen, kommunen, vegvesenet eller kven det no er som er ansvarleg. Steinar Drægni er på nakken til alle. Mannen er 1,90 høg og ganske tung å ha der.

ARRANGEMENT 3. oktober: Vekst i vest – oljekonferanse, Florø

Attgroing: – Eg skulle hatt ein flokk tryggleiksgeiter, utanfor sentrum gror landskapet att, seier folkehelsekoordinator Steinar Drægni. Snublefeller: Folk sender inn slike mobilfoto av små ting som kan gje store skadar,. Onkel politi: Samarbeidet mellom alle etatar i Årdal Tenk Tryggleik gjev resultat. Takksemd: Her var det hol i vegen. Nokon var glade for at det vart fiksa kjapt.


Visste

du AT

Moods of Norway vart kåra til årets bedrift 2013

1. januar 2013 budde det 108 700 menneske i Sogn og Fjordane. Aldri har det budd så mange her! Innvandring frå utlandet er den viktigaste enkeltfaktoren for folketalsauke i fylket dei siste tre åra. Dyrka areal per norske innbyggar går ned. Arealet var i 2000 på 1,97 dekar per person. I 2011 nærma det seg 1,65 dekar, og kurva går nedover. Eit tankekors i ei uroleg verd.

Då vi starta opp var det berre to som hadde tru på oss – bestemor og Innovasjon Norge.

I 2012 reiste det 645 368 passasjerar med Flåmsbana, den største turistattraksjonen i Sogn og Fjordane.

Foto: oLE MUSKEN

Vi gjev lokale idear globale moglegheiter

Leikanger

Perla ved Sognefjorden I Leikanger budde det 2 255 menneske 1. januar 2013. Kommunen er best i landet på drifting av grunnskule, og nr. 4 i landet på ei totalrangering på skuledrifta, i følgje Kommune-barometeret.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

25


innflytte-

melding

Øystein Ørjasæter frå AurskogHøland Det beste med Sogn og Fjordane er naturen, kulturlandskapet, dei gamle stav- og steinkyrkjene frå middelalderen og strandsitjarmiljøa ved sjøen/ fjorden, Men og det makelause  høvet til aktivitetar innan sport og friluftsliv, alt innan stutte avstandar. Samt at det er lite av overflatiske folk å treffe.   

Er du ein av dei nye kollegaene våre? Mange av våre tilsette har hatt eit heilt yrkesliv i selskapet. Det vel vi å ta som eit teikn på at folk trivst hos oss, og at vi har ein spennande arbeidsplass å tilby. Fjord1 er svært oppteken av miljø og er i dag leiande i verda når det gjeld bruk

av miljøvennleg gass som ferjedrivstoff. Vi er ein aktiv medspelar for å utvikle ny teknologi på riktig måte, derfor har vi valt å samarbeide med andre leiande selskap på ei rekkje spennande prosjekt. Spennande arbeidplass Tilsette i Fjord1 har gode og fleksible skiftordningar, nærleik til heimen og eit stabilt og godt arbeidsmiljø om bord på miljøvennlege fartøy. Kombinasjonen av fleksibel og føreseieleg arbeidstid gjer at ein kan følgje opp barn og familie på heimstaden, samtidig som ein har ein spennande jobb og eit sosialt miljø i arbeidsperiodane.

Mange moglegheiter Vi ynskjer spesielt å komme i kontakt med unge menneske som kan tenkje seg ein maritim karriere i eit tradisjonsrikt og innovativt selskap med gode lønns-og pensjonsordningar. For kvalifiserte personar tilbyr vi både lærlingplassar og kadettplassar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Finnmark. For meir informasjon, besøk heimesidene våre på www.fjord1.no.

Fjord1 er i dag størst på ferjedrift i Norge, med drift av 44 ferjesamband – frå Finnmark i nord til Rogaland og Buskerud i sør. Selskapet har 78 fartøy og omsette i 2012 for 2,39 mrd. kroner. Fjord1 er ått av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59 prosent via Fjord1 Holding AS) og Havilafjord AS (41 prosent) og har hovudkontor i Florø.

www.fjord1.no

Haust- og julebordhelgane på Rica Sunnfjord Hotel og Spa findriv.no

Jølster

vi vil ha deg om bord

Fjord1 er i sterkt vekst, med aktivitetar til sjøs og på land. No er selskapet på jakt etter å styrkje staben med medarbeidarar innanfor maritime yrkesgrupper og tilbyr fleire spennande stillingar.

Skaparkraft – i verdas vakraste ramme I Jølster budde det 3 078 menneske 1. januar 2013. Jølstravatnet er eit av dei beste fiskevatna i landet. Det har og inspirert jølstringane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas.

DANSEHELG 27.-28. SEPTEMBER med PK og Dansefolket BLEST 4.-5. OKTOBER Møteplassen for musikkmiljøet på Vestlandet VESTLANDSKAPPLEIKEN 2013 11.-13. OKTOBER SUNNFJORD COUNTRYROCK 2013 24.-25. OKTOBER JULEBORD OG HUMORFEST 23. NOVEMBER med Bård Tufte Johansen & Jonas Bergland

JULELATTER 14. DESEMBER

med Jonas Rønning og Morten Grøtnes

vert servert kvar laurdag frå kl 1900, og Familiekoldtbord søndagar frå kl 1300

JULEBORD

For bestilling: 57 83 40 00

26

LAXENS HAUSTBUFFET

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

kvar helg frå lørdag 16. desember, så den første julebordshelga vår kan du kombinere med nattope fredag 15. november og julebord lørdag.


innflytte-

melding

Tor Øyvind Westbye, frå Vestfold Sogn og Fjordane har tre gode for meg: Nærleiken til fantastisk fine fjelltoppar og fjordnatur, kort reiseavstand til alle tilbod og kvalitet på skule og helsetenester. Eg liker mindre haldningane til nedbygging av dyrkingsjord og det at det ikkje vert dyrka anna enn gras. Skulle gjerne hatt lokalproduserte grønsaker i større mon. Mange er berre opptekne av vidare vekst og mindre opptekne av korleis ein best kan ta vare på dei goda ein allereie har.

Sogndal

Bli med på laget I Sogndal budde det 7 477 menneske 1. januar 2013.

DET KOMMER MYE LAKS FRA FLORØ! Med vår største fabrikk i Florø, er vi verdensledende på fiskefôr som gir sunn og god fisk ut til hele verden.

EWOS omsetter for rundt 10 milliarder kroner og er til stede i alle verdens viktige områder for lakseoppdrett. Vi har forskningsavdelinger i Dirdal, Lønningdal, Chile og Vietnam som er verdensledene på fôr og prosessteknologi. Hovedkontoret er i Bergen med avdelingskontor i Trondheim og fabrikker i Florø, Halsa og Bergneset.

www.ewos.no

Sogndal er tredje beste kommune i landet på skule, omsorg og økonomi, i følgje Kommunebarometeret. Kommunen har mykje av både Bratt Moro og flat moro (fotball).

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

27


innflytte-

melding

Vi får bygg til å fungere Johan Bengtson frå Sverige Kombinasjonen av nærleiken til natur, kulturtilbod og service er viktig for meg. Eg opplever folk i fylket som positive, engasjerte og prega av sunne verdiar. Førde har vore ein god stad for borna våre å vekse opp i, med god barnehage og skule med sykkelavstand til ein lang rekke aktiviteter innom kultur og idrett. Eg skulle ønske at vi kunne ta eit oppgjer med fogderistrid og avund. Ha meir fokus på alt positivt vi har og mindre fokus på saker vi manglar. Det vil skape ein framtidsretta ånd som vi treng. Det omfangsrike samarbeid som alt finst mellom kommunar i fylket er ein viktig start for ein god prosess mot større og sterkare kommunar.

Caverion Norge AS Avd. Førde: Avd. Høyanger: Avd. Nordfjordeid: Avd. Sogndal/Årdal: www.caverion.no

57 72 36 00 57 71 40 00 57 86 47 00 57 67 90 00

Vi gratulerer Sogn og Fjordane med 250 år! YIT skifta namn til Caverion den 1. juli 2013. Vår mangeårige aktivitet i Sogn og Fjordane held fram som før. Caverion har avdelingar i Førde, Høyanger, Nordfjordeid og Sogndal/Årdal. Vår aktivitet er innanfor service og prosjekt for dei tekniske byggfaga ventilasjon, rør, elektro og automasjon. Caverion sine avdelingar i fylket er alle godkjende som opplæringsbedrifter for fleire tekniske fag. Av ca. 140 tilsette har vi 24 lærlingar.

Ventilasjon

Rør

Elektro

Lærdal

Automasjon

I Lærdal budde det 2 176 menneske 1. januar 2013. Av alle norske kommunar med Facebook-sider, kjem Lærdal på andreplass når det gjeld likarar på Facebook.

28

Caverion designer, produserer og vedlikeheld energieffektive tekniske installasjonar i alle typar bygg og industri. Selskapet i Norge har ei omsetjing på ca. 4 milliardar kroner og 3500 tilsette fordelt på ca. 60 stader.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


Eit postkort, to innvandrarar og alt for kunsten Oluf Juvik står ved rekka og ser New York stige fram i horisonten. Han skal aldri meir sette foten på norsk jord. – Oh Lord, won’t you buy me a Mercedes Benz, syng Fridomsgudinna. Heime i Solund går det 50 år før familien får livsteikn frå Oluf. Då kjem det eit postkort med foto av eit hus. «Her bur eg, dersom de ynskjer å finne meg. Oluf.» Det var alt. Utvandrarfylket: Jeff Pedersen reiser

andre vegen eit hundreår seinare, over Atlanteren frå USA til England. Der vert han kapra av ei norsk vikingjente og dregen etter håret til Sunnfjord og rett inn i den dramatiske sfæren til svigerfar Rolf Losnegård. Oluf Juvik gifta seg med ein cree-indianar og fekk mange ungar. Jeff og skodespelar Idun Losnegård har førebels to. Dramatikar Rolf Losnegård har studert postkortet frå Oluf og har gjort Solundhistorie til Sogn og Fjordane-historie. Han flettar moderne innvandringshistorie inn i utvandringshistoria. Innvandrarar og utvandrarar av ymse slag står også på scena. Jeff med amerikansk aksent spelar Oluf og er regissør. Han vil fylle rommet mellom Sogn og Fjordane Teater og lokalrevyane.

Nye takter: - Eg har plukka talent, som det

er mange av i Sogn og Fjordane, til «Amerikareisa». Rolf har gjennom mange år lagt eit fundament som vi utviklar vidare, meir gjennom evolusjon enn tradisjon, forklarer Jeff, alias Oluf. Kunst bør presse publikum litt lengre, slik Shakespeare gjennom Richard III snakkar direkte til publikum og tvingar dei til å reflektere over sin eigen moral. – Slik Bertolt Brecht set i gang refleksjonar over eige liv i hovuda til tilskodarane, supplerer Fredrik Høstaker, som spelar bror til Oluf. For det er vanskeleg å dra folk til noko nytt. Det er vanskeleg å dra nye folk til teateret. I Dale er mange interesserte i teater, men det er dei same som kjem heile tida.

Aldateateret vil prøve å dra nye, for kunst er for alle. Og jo meir publikum, jo meir kan dei produsere. Humor og evergreens: Det er driv over den første framsyninga av musikalen i Losjehuset i Stongfjorden, det er song og musikk til å mimre over og grøsse frydefullt av. Den som har sansen for Raske menn, som gjer verdshistoria på fem minutt, vil elske «Amerikareisa». Det handlar om draumen om eit betre liv, den gong som no. Det handlar om kjærleik og dramatikk. Alle dei sju skodespelarane spelar mange roller, og ikkje berre som menneske. Nokon må vere båt og tog. Andre har jobben som fridomsgudinne. – Eg håpar vi kan vise neste steg i noregshistoria. Utvandringa til USA er vår eiga innvandringshistorie i dag. Det vert skrive og sagt så mykje negativt om innvandringa til Noreg; vi vil vise ei anna side, seier Jeff. Innvandrarbygda: Bulyst-prosjektet i Stongfjorden satsar på europeisk arbeidsinnvandring og har gjeve bygda mange nye innbyggjarar. Etter at Jeff og Idun hadde sjekka Finn. no kvar dag i to år, dukka draumen deira opp nettopp ved ein foss i Stongfjorden. Det er framleis meir eit prosjekt enn ein ferdig heim. Men musikkspelet «Amerikareisa» er ferdig og skal ut på turné til alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane denne hausten, - Om ein kjem utanfrå, er ein mindre redd for å mislykkast, har mindre å tape, trur utflyttaren Fredrik. Det blir meir driv. - Eg bryr meg ikkje om kva folk tenkjer, berre kva som er best for kunsten, svarer innvandraren Jeff.

ARRANGEMENT 10.–27. nov.: «Amerikareise» - ungdomsmusikalen på turnè i fylket

Amerikabåten: Hard overfart med mykje sjøsjuke for utvandrarane frå Losna i Solund. Framme, som båt: Tiffany Roxanne Huston. Bak Simon Pavelich og Jeff Pedersen og bakarst Fredrik Høstaker og Helga Farestveit.

Aldateateret: Amerikareisa Ein av hovudproduksjonane til fylkesjubileet Sogn og Fjordane 250 år Manus/produsent: Rolf Losnegård Regi/scenografi/på scena: Jeff Pedersen (innvandra frå USA via England til Stongfjorden) Elles på scena: Øystein Kloster (utvandra frå Kvinnherad til Stavanger), Jeanette Magnussen Kjær (utvandra frå Fjellsiden til Lønborg), Tiffany Huston (innvandra frå USA til Måløy), Simon Pavelich (utvandra frå USA til Nordfjordeid), Fredrik Høstaker (utvandra frå Førde til Oslo), Helga Farestveit (sogning med amerikansk aksent)

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

29


Teaterfestival i Dale:

Den globale periferien Noko drog dei to regissørane over fjella. Dei tok med seg det urbane til bygda, og vil ta Sogn og Fjordane attende til byen. Kinnaspelet er ferdig for i år. Miriam Prestøy Lie har sprunge rundt ved Kinnakyrkja med minstemann på magen. Vesle Einar støkte til kvar gong ho ropa litt høgt, slik regissørar må gjere, særleg ute i det fri, til 150 menneske. Etter eit halvt år ved kjøkenbenken med bleieskift som gjennomgangstema, hadde ho kjent seg lettare utrent for oppgåva. – Men så synte det seg at det mest hadde fungert som høgdetrening! Eg var i toppform som regissør etter å ha vore åleine med tre ungar medan Torkil jobba i Oslo. Dei siste vekene er det pappa Torkil Sandsund som har halde fortet heime i Dale med dei to største ungane. No ryddar han utekontoret for å dekke på til middag i hagen. Politikk og periferi: Torkil og Miriam arbeider

intenst med planlegginga av ein nyskipa teaterfestival saman med produsent og svevande ånd over kulturlivet i Dale Ingrid Hansen. Temaet er perifere forteljingar, der ein tek utgangspunkt i globale problemstillingar i eit lokalt perspektiv. Eller var det omvendt? Ein må vere lokal for å vere internasjonal. – Ein vert oppteken av lokalpolitikk når ein bur på bygda. Politiske aspekt er viktige i scenekunst, men dei treng ikkje vere tydelege, forklarer Torkil. Under festivalen inviterer dei kunstnarar frå innog utland til symposium, der dei mellom anna kan utveksle strategiar innan dokumentarisk teater. Korleis skal ein gjere røyndomen om til scenekunst? Kva gjer det perifere blikket med dramatikken? – Det er stor interesse i heile scenekunstmiljøet for det som no skjer i Dale, seier paret ivrig. Mindre interesse vert det ikkje av at Nationaltheatret skal legge noregspremieren på Point of You til festivalen. Dette er ein samproduksjon med Al Ruwah Theatre i Jerusalem. Impuls og binding: Torkil voks opp i Dale, Miriam på Nesodden. Dei hadde slett ikkje tenkt å flytte til Sunnfjord den sommaren dei stakk innom barndomsbygda til Torkil. Tilfeldigvis var det vising på

30

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

eit hus i sentrum. Tilfeldigvis fekk dei tilslag på bodet dei la inn. – Mamma flytta frå Askvoll på syttitalet, ein skjebnetråd trekte meg attende, seier ho. Seks år seinare har dei busett seg i Dale sentrum, fått tre ungar i løpet av fire år, starta produksjonsselskapet Sandsund & Lie og etablert seg som ei drivkraft innanfor scenekunst i Dalsfjordregionen. Den første framsyninga dei produserte, Urmakarens hjarte, vart nominert til Hedda-prisen. Torkil bur i Dale for å få verda til å gå i hop. Ein kan ikkje kritisere fråflytting om ein sjølv flyttar ut. Det er både politisk og personleg. Det er godt for ungar å vekse opp her. Bestemor kjem gåande gjennom den kvitmåla grinda. Drikk kaffi og tek med seg Johannes heim for overnatting. – Torkil meiner at vi må bu her. Det hender at eg kjenner meg som ein gissel, ler Miriam. – Men det var impulsiviteten din som førte til at vi kjøpte dette huset. For same prisen som eit eittroms husvære på Grønland, smiler Torkil. 3D-lyd og tragedie: Torkil forskar på lyd. Tredi-

mensjonal teaterlyd. Nett no samarbeider han med den engelske komponisten Natasha Barrats for ei oppsetting på Nationaltheatret. Lyd som gjer noko med teateropplevinga utan at du merkar det. Han kom heim frå Oslo to dagar før Miriam gjekk laus på Kinnaspelet. Det går i hop. Dei er gode på å planleggje. Så langt har det vore få krasj. Dei har fått oppdrag med å lage eit uteteaterprosjekt i Bremanger, eit visuelt teater som tek utgangspunkt i historier og segner. – Møte med forteljarkulturen i Sogn og Fjordane, denne kryssinga mellom overtru og kristendom, mellom mytologi og samtid, den liker eg, seier Miriam.

Møte i periferien: Publikum får sjansen til å opp-

leve fire nordiske oppsettingar med perifere tema i løpet av denne veka i oktober. Sogn og Fjordane teater syner monologen «0 + 0 = 4». Miriam og Torkil håpar at sogningar og fjordingar også kjem, særleg ungdomar som kanskje enno ikkje veit at dei liker teater. Tilreisande og fastbuande har mykje å gje kvarandre. Mykje inspirasjon er henta frå Vevringutstillinga, der folk kjenner seg heime. Vona er at teaterfestivalen skal bli litt i same stil.

ARRANGEMENT 4.-7. okt. Teaterfestival, Fjaler


Utekontor: Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie tek revy- og teatertradisjonen i Dale vidare. Logistikken i heimen er essensiell, her ein kvil i kvardagen saman med Astrid (4) og Einar (1/2). Johannes (3) er på bestemorbesøk.

Framsyningar på teaterfestivalen: «Nok en same» av Håkon Vassvik Dokumentarisk musikal om at ein ikkje alltid kan seie kva ein er. Reindrift, kufte, samisk språk, joik og duodji er dei mest kjende teikna på samisk kultur. Dette er bortimot ikkje-eksisterande i den kystsamiske kulturen i dag. «The Power of Gläsbygd» av Thomas «Håkki» Eriksson. Bygdestandup om å vekse opp på bygda og ikkje tru ein er god nok. Håkki vil snu på dette gjennom humor, alvor, mote, Volvo og grevlingjakt. Å vere stolt av den staden ein kjem ifrå er viktig for å halde på sin eigen identitet. «Lindås» av Eirik Fauske   Ei mil sør for Mongstad ligg Lindås, der familien Fauske slo seg ned i 1982. Tjueto år seinare har dei tre ungane flytta ut og Noreg vorte eit djevelsk rikt land. «Lindås» er historia om oljen og familien, om oppvekst, avskil og eit desperat ønske om nærleik til det som er borte for alltid.

«Skansemyren Ballklubb 1992-2014» av Kurt Johannessen Performance med utgangspunkt i kaosteorien viser fotballspelarane Kurt Johannessen, Espen Storstrand og legen/eksfotballspelaren Arne Instebø at det ofte er dei små detaljane, som ved fyrste augekast ikkje har noko med fotball å gjere, som har mest å seie for utviklinga til SBK. «0 + 0 = 4» av Thomas Bye/Aslak Moe Eit djupdykk i sakene til Fritz Moen og Per Liland, der Thomas Bye finn dei same mønstra som i Torgersen-saka og Hetle-saka. Er det slik at vi alle kan dømmast for mord i Noreg, berre vi er uheldige nok? I denne monologen får vi òg eit innblikk i korleis eit menneske kan bli så oppslukt av eige engasjement at alt anna blir uviktig.  «Point of you» av Al Ruwah Jerusalem og Dramatikkens Hus/Nationaltheatret.  Byggjer på tekstutvikling og utveksling i to år mellom Noreg og Palestina. Dramatikar og skodespelar Ismail Dabbah frå Jerusalem har, saman med poeten Najwan Darwish, den norske skodespelaren Birgitte Larsen og dramaturg og dramatikar Oda Radoor, skrive eit teaterstykke om to kulturar som er tiltrekte og fråstøytte av kvarandre. Framsyninga er vist i Jerusalem og vil sidan bli spela på Nationaltheatret i Oslo.

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

31


innflytte-

melding

Ein tryggare, varmare og meir komfortabel arbeidsplass Caddy

Parkeringsvarmar med fjernkontroll

Marco Pacagnella frå Italia

Kampanje 3.900,- + mva.

Bluetooth teknikkpakke

Kampanjepris 3.900,- + mva.

– Eg set pris på den høge livskvaliteten, særleg at det er mogeleg å nyte flott natur og drive med uteaktivitetar, og ikkje minst at dette kan kombinerast med å få interessant arbeid. I mitt tilfelle som flyingeniør. Bortsett frå betre vêr, hadde det vore fint om unge i Sogn og Fjordane kunne hatt betre mogelegheiter for å ta høgare utdanning lokalt. På den måten kunne dei blitt kvalifiserte for dei interessante jobbane som finst her, utan å måtte flytte vekk først.

• • • • •

Bluetooth handsfree Stor kjørecomputer Multifunksjonsratt i skinn Radio/CD RCD310 DAB+ mottaker til radio

Transporter

Parkeringsvarmer med fjernkontroll Kampanje 3.900,- + mva.

Bluetooth teknikkpakke

Kampanje 3.900,- + mva. • • • •

Bluetooth handsfree Stor kjørecomputer Multifunksjonsratt i skinn DAB+ mottaker til radio

Amarok

Parkeringsvarmer med fjernkontroll Kampanje 3.900,- + mva.

Bluetooth navi handsfreepakke Kampanje 3.900,- + mva. • RNS 315 Navigasjon • Bluetooth Handsfree “Standard” • Mulitfunksjonsratt i skinn

Luster

Crafter

Parkeringsvarmer med fjernkontroll Kampanje 3.900,- + mva.

Komfortpakke

I Luster budde det 5 041 menneske 1. januar 2013.

Kampanje 3.900,- + mva.

Ligg inst i den nest lengste fjorden i verda. For fem år sida var dette den aller beste norske kommunen å bu i, mykje takka vere vasskraftinntektene. FØRDE

Radio RCD3002 – 2 DIN radio/CD/mp Bluetooth handsfree Multifunksjonsratt Kjørecomputer Cruisecontrol Regnsensor Leselys og brilleholder Komfort førersete Armlene førersete Ryggekamera findriv.no

• • • • • • • • • •

tlf. 24 03 18 00 | mob. 99 20 50 10

SOGNDAL tlf. 57 67 57 00 | mob. 99 20 50 06 STRYN

tlf. 57 87 26 00 | mob. 99 20 50 30

www.berge.no

32

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


findriv.no

9 3 E

Fylkesgrense

Anda

Reed

Gul stripe gjennom heile Sogn og Fjordane! E 39 er ryggraden i transportsystemet på Vestlandet og knyt saman nokre av dei mest folkerike, ressursrike og verdiskapande delar av landet vårt. Vegen er ein svært sentral transportkorridor gjennom Sogn og Fjordane og ein føresetnad for å kunne skape vekst i fylket. Kva vil vi oppnå: • Auke konkurranseevna og lønsemda i næringslivet • Redusere tids- og køyrekostnader for gods- og persontrafikk • Betre framkomst for mjuke trafikantar • Avlastning av trafikken gjennom Førde vil gje rom for Lavik vidareutvikling av bysentrum

,,

Skei

Vassenden

Førde Moskog Langeland

Sande Ferdigstilling innan første 4-års periode:

Birkeland

du AT

fruktmostprodusenten Balholm vart kåra til årets leverandør av økologiske produkt under Matfestivalen i Ålesund i 2009. Same år fekk Balholm målprisen av Sogn og Fjordane Mållag for nynorske eple.

Lotetunnelen

Bjørset

Visste

Lavik Ferjekai Drægebø - Grytås Birkeland - Sande

Visste du at bileta til Thomas Morel frå Nederland/Feios er brukt av store namn som Maui Theatre, Hasselblad, Helly Hansen, Puma, Noregs Bakeriene, RIMI, NYC Ballet og Armin Van Buure. Eventyret starta med naturbilete av vakre Feios fordi han så gjerne ville prøve å få venene sine frå Nederland på besøk.

Ferdigstilling innan første 4-års periode + neste 6-års periode

Bogen

Bjørset - Skei

Aurland

Stamvegutvalet E39 representert av følgjande kommunar i Sogn og Fjordane:

Det naturlege valet Fylkesgrense

— Om ti år bør E39 ha stamvegstandard gjennom heile Sogn og Fjordane. Då treng vi éin milliard kroner i året over ein 10 års periode. Dette seier leiaren i Stamvegutvalet for Sogn og Fjordane, Jenny Følling. — Det er heilt avgjerande for næringslivet at det vert løyvd midlar til opprusting av stamvegen gjennom fylket. Vegstrekninga må ha førsteprioritet og det må vere fortløpande anleggsdrift langs heile strekninga om er tilpassa tidsmessig stamvegstandard. Vidare er det svært viktig at arbeidet på strekninga Langeland-Moskog med tilknyting RV5 FørdeFlora blir intensivert. Mangel på avklara traséval her er til stort hinder for etableringar og utbygging i sentrum av Førde. Kravet om rask opprusting av E39 gjennom Sogn og Fjordane har brei støtte i næringslivet.

GULEN

HØYANGER

GAULAR

FØRDE

HORNINDAL

I Aurland budde det 1714 menneske 1. januar 2013.

NAUSTDAL

JØLSTER

GLOPPEN

EID

SOGN OG FJORDANE

Kommunen har den beste geitosten og det beste ølet i landet og det einaste toget i fylket. Flåmsbana er den femte største turistattraksjonen i landet. Kring 20 000 syklar Rallarvegen kvar sommar.

I tillegg deltek Fylkeskommunen, NHO, TL/NLF, FINS og NAF i utvalet.

E 39 - Ein livsnerve for Vestlandet Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

33


Sunnfjordingar: Øystein Halbrendt (til v.) studerer til ingeniør ved Høgskolen i Oslo. - Eg kjem nok til å flytte heim når den tid kjem, seier han. Fjell i byen: Byungar frå flate Austlandet leikar fjellklatrarar. Gammalost: Ingeborg Gjengedal Knapstad har studert i Oslo, men flyttar til Bergen denne hausten. kanskje ho søkjer seg heim til Sogn og Fjordane etter medisinstudia. Balansekunstnar: Elise Frøyen studerer til kateket på Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo. - Eg har nok lyst tilbake til Vestlandet ein gong i framtida, men eg veit ikkje når det blir. Foto: Guri Hundvebakke Bendz

fekk Ei byjente skildre t med å oppdrage sfesten g a d s r u b i den store Fjordane g o n g o S til atet vart lt u s e R . Oslo sjen og ein a t r o p e r denne sambuar. ekstatisk en

e Dimm Av Sofie Deg

Lokkemat og lovnader om det gode liv Det var den fyrste søndagen i mai, og på Youngstorget i Oslo strålte sola om kapp med dei skodelystne. Eg, austlendingen, hadde fått i oppdrag å rapportere frå bursdagsfesten til Sogn og Fjordane, og det var med iver og glede at eg sykla heimanfrå. Sjølv er eg byjente med røter på Sunnmøre. Eg var ikkje den einaste som var nysgjerrig på kva slags skjulte skattar som venta mellom bakkar og berg i Sogn og Fjordane. Hei og hopp: Sogningar og fjordingar er på jakt etter nye sambygdingar, og dermed tok dei turen til hovudstaden for å rekruttere unge vaksne. – Men alle aldrar er velkomne, forsikra Brigt Samdal, komande regionsjef i Norges vassdrags- og energidirektorat. Saman med Sogn og Fjordane skikrins hadde dei teke med seg ein hoppbakke for å skape litt aktivitet. - No har vi ein upcoming skihoppar frå Hornindal som vi må fronte, og så tenkte vi at det er ein fin aktivitet for barn. Da finn foreldra roen og kan prate med oss for å få eit innblikk i kva offentleg sektor i Sogn og Fjordane kan by på, gliste Samdal. Bønder i byen: – Mange offentlege bedrifter

kan nok lære av desse vestlendingane, kommenterte min austlendingssambuar, Magnus Aspelin, tørt. Eg måtte seie meg einig der eg stod og gafla i meg både gamalost frå Vik, kjøtbollar frå Flåm og den beste brunosten eg nokon gong har smakt, frå Undredal Stølsysteri. Dei ulike produsentane selde lokal mat gjennom Bondens Marked, som jo har vorte ei merkevare i seg sjølv i dei større byane i

34

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Noreg. Det er nemleg på Bondens Marked at bytauser som meg kan smake på det søte stølsliv som om det var næraste nabo, vel vitande om at det dessverre ikkje er det. Freisting: – Vi er frå fylket sjølv og er her

for å treffe gamle kjente, sa Svein Hopland. Saman med kona Kjerstin Himle og barna hadde dei teke turen frå Lommedalen utanfor Oslo for å late seg freiste til kanskje å kome heim att. - Eg trur dette er fint for å lokke folk oppover. Eg får enda meir lyst til å flytte heim, men så har vi rota oss inn i det med skule og alt, sukkar han.

Ambassadørar: Eg let utflyttarane mingle med gamle kjente og sette kursen mot backstagen, der Thea Hjelmeland var i ferd med å samle saman tinga sine etter ein fantastisk konsert. Den hypnotiserte i alle fall mang ein austlending. Sjølv fekk eg assosiasjonar til vakre fjell og fjordar då eg let meg sjølv få drøyme meg bort ei knapp stund. – Eg er enormt opptatt av identitet, og eg likar å tru at eg er ein god ambassadør for heimfylket mitt, smilte ho. – I Førde blir alle lokale på eitt eller anna vis og størst i verda, og best, slik som folkemusikkfestivalen som vert arrangert i Førde kvar sommar. Eg håpar fleire oppdagar kor mykje vi har å by på, og difor er det bra at næringslivet i fylket også får vist seg fram, sa ho. Ølhundar: I tillegg til Hjelmeland var Eva

& The Heartmaker, Synnøve Bjørset og ei rekke andre stolte fylkesrepresentantar på scena. Til stades var også ulike festivalar


Glad vinnar: Kikki Indresøvde kjem springande for å ta imot den store pakken der ho kan fråtse i opplevingar i Sogn og Fjordane for 75.000 kroner. Foto: Joachim Vie

som Malakoff Rockfestival og Norsk Country Treff. Etter å ha gjort eit djupdykk i kva som rører seg i kulturlivet mellom fjordane, tok eg turen bort i matteltet. – Her har dei herleg øl frå Kinn og Ægir! utbryt sambuaren entusiastisk. Ikkje berre er han ein ølhund med sans for godt øl, men han snuste seg også fram til det store kaldtbordet som bogna over av lokale lekkerbiskenar. Massedugnad: – Her har vi potet frå Lærdal, røyke-

laks frå Svanøy, spekemat frå Kystvilt, lefse frå Håjen og syltetøy frå Kroken, freista Aud Slettehaug. Ho var travelt opptatt med å helle opp eplesaft frå Lerum og sørgje for at tusenvis vart sånn passe mette, slik at dei framleis er svoltne på å oppleve det søte liv i Sogn og Fjordane. – Eg er stolt og rørt over alle dei som har brukt fridagen sin til å stå på stand ein søndag i mai. At dei gjer dette for å styrke fellesskapet i Sogn og Fjordane, tykkjer eg er heilt fantastisk, sa arrangør

Gro Rukan, dagen etter den store festen. At Sogndal vann over Brann same kveld, vist på storskjerm på Youngstorget, la heller ingen dempar på folkefesten. – Det var eit jamt trøkk over heile dagen frå vi opna klokka 12 og til kampen var ferdig på kvelden. Vi har lagt ned mykje arbeid i marknadsføringa, så det er klart at det er kjempekjekt at det vart så vellukka, sa den blide dagleg leiaren av Framtidsfylket. Omvending: Arrangørane rekna med at kring 10.000 menneske var innom, utan at dei kan svare for sikkert. Det var ingen som stod med telleklokker denne dagen, det var dei alt for opptekne til. – Eg er også glad for at arrangementet var vellukka. Du har ikkje lyst til å flytte opp, du då? spurte sambuaren då dagen var omme. Naturelskaren var allereie omvend, dessutan har han ein kompis som har flytta til Florø. Ja, korleis kan ein seie nei til eit fylke som byr både på eit rikt kulturliv, mat, trivelege folk og arbeid? 

Dama viktigare enn kamera: Thea Hjelmeland song fjordar, fjell og varme vibrasjonar. Foto: Joachim Vie

Arrangement 19.sept: Den store bursdags/ festen i Leikanger: Folketog, kulturfest, torgdag, Mensen Ernst går i mål, veteranbåtane, ungdomskonsert.

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

35


MØBELHUSET LEIRA

AMFI VALDRES, LEIRA - TLF. 61 36 22 55 ÅPENT 10-20 (18)

MØBELHUSET LEIRA AMFI VALDRES - TLF. 61 36 22 55 ÅPENT 10-20 (18)

SUKSESSEN FORTSETTER, ÅRETS NYHETER ER PÅ PLASS I VAREHUSENE - KOM OG FINN DINE FAVORITTER! MØBELHUSET GOL

GLITRE NÆRINGSPARK - TLF. 32 02 99 90 ÅPENT 10-20 (16)

MØBELHUSET FØRDE

NAUSTDALSVEGEN - TLF. 57 82 82 90 ÅPENT 10-19 (16)

SOGN

KAUPANGER - TLF. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

BRANDBU

BOTORGET - TLF. 61 33 86 70 ÅPENT 10-18 (15)

S I G N AT U R E C O L L E C T I O N

MØBELHUSET GOL

GLITRE NÆRINGSPARK - TLF. 32 02 99 90 ÅPENT 10-20 (16)

MØBELHUSET FØRDE

NAUSTDALSVEGEN - TLF. 57 82 82 90 ÅPENT 10-19 (16)

SOGN

KAUPANGER - TLF. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

BRANBU

BOTORGET - TLF. 61 33 86 70 ÅPENT 10-18 (15)

HØNEFOSS

EIKLI - TLF. 940 19940 ÅPENT 10-19 (16)

MØBELHUSET LEIRA

AMFI V ÅPEN

AMFI VALDRES - TLF. 61 36 22 55 ÅPENT 10-20 (18)

La deg ! e r e r i p s in

GLITRE ÅPEN

MØBELHUSET GOL

HØNEFOSS

EIKLI - TLF. 940 19940 ÅPENT 10-19 (16)

GLITRE NÆRINGSPARK - TLF. 32 02 99 90 ÅPENT 10-20 (16)

MØBELHUSET LEIRA

MØ NAUS MØB

ÅPEN AMFI VAL ÅPENT 1

AMFI VALDRES - TLF. 61 36 22 55 ÅPENT 10-20 (18)

MØBELHUSET FØRDE

NAUSTDALSVEGEN - TLF. 57 82 82 90 ÅPENT 10-19 (16)

SOG KAUPA MØB

ÅPEN GLITRE N ÅPENT 1

MØBELHUSET GOL

GLITRE NÆRINGSPARK - TLF. 32 02 99 90 ÅPENT 10-20 (16)

BRA MØB BOTO

NAUSTD ÅPEN ÅPENT 1

SOGN

MØBELHUSET AS KAUPANGER - TLF. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

www.bohus.no

EIKLI KAUPAN ÅPEN ÅPENT 1

BRANDBU

36

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

HØN

AMFI VALDRES, LEIRA - TLF. 61 36SOGN 22 MØBELHUSET FØRDE NAUSTDALSVEGEN - TLF. 57 82 82 90 ÅPENT 10-1910-20 (16) ÅPENT (18) BOTORGET - TLF. 61 33 86 70 ÅPENT 10-18 (15)

BRAN

BOTORG ÅPENT 1

SOGN

KAUPANGER - TLF. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

HØN

EIKLI - TLF ÅPENT 1


Visste

BMW 5-serie

www.bmw.no

du AT

Ren kjøreglede

EKSTRAORDINÆR. NÅ OGSÅ xTRAORDINÆR.

NYE BMW 5-SERIE. NÅ MED xDRIVE FIREHJULSDRIFT PÅ 520D. Enda mer innovativ, individuell og attraktiv. Ekstraordinær som aldri før. Nye 5-serie har større bagasjerom og lavere forbruk. Nå kan du også få ekstrautstyr som nye LED-lykter og ny iDrive med touchfunksjon. Med den nye generasjonen av BMW 5-serie har kjøregleden aldri vært større, og med helt ny innstegsmodell blir prisen rimeligere enn noen gang.

Nye BMW 5-serie fra kr 458.700,-* Nye BMW 5-serie xDrive fra kr 554.700-*

nLink i Sogndal lagar verdas første robotbaserte verktøy for handverkarbransjen. Behovet er internasjonalt, og det er ingen konkurrentar i denne nisjen. Prototypen er komen på verkstaden, så nLink har god grunn til å ha store og lyse forventningar til framtida. Ideen stammar frå tida på NTNU, og studiar innan teknisk kybernetikk, som er relatert til robotteknologi. Håvard Halvorsen fekk lyst å starte bedrift med utgangspunkt i dette. Men først måtte det kapital på bordet. – Så vi flytta til Sogndal for å starte bedrift og stå på ski, seier han

Gaular

ENDELIG EN X SOM FORSTÅR DEG. Takket være samspillet mellom innovative teknologier som dynamisk kontroll av dempere, det intelligente firehjulstrekksystemet xDrive og Dynamic Driving Control (ekstrautstyr) forstår BMW X3 sjåføren og tilpasser seg deretter. Dette øker sikkerheten, komforten og ikke minst kjøregleden.

BMW X3 FRA KR 555.100,Biltreff AS *Pris er inkl. frakt og lev.omkost. levert forhandler. Årsavgift kommer i tillegg. Forbruk bl. kjøring inkl. alle modeller: 0,45-0,99 l/mil, CO2-utslipp: 119-232 g/km.

520Xdrive_X3_Billtreff-195x299.indd 1

forde.biltreff.bmw.no T: 57 72 56 60 Hafstadv. 76, 6802 Førde

04.09.13 09:28

I Gaular budde det 2 923 menneske 1. januar 2013. I fjor størst prosentvis auke i folketalet i fylket. Den flottaste staden i fylket ligg her, nemleg Bygstad (avrøysting TV2). Gaular har den einaste operagarden og lengste fossestien i landet.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

37


Der susar

Gulating Bryggeri, Dale i Fjaler Gulatingslova: ”Enno ei ølgjerd har me lov å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signe det jolenatti til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred. Um so ikkje vert gjort, skal det bøtast tre merker til biskopen. Men um nokon sit soleis tre vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greider dei bøtene som me har lagt på for kristendomen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbrote kvar penning av godset sitt. Det eig kongen vår halvt, men halvt biskopen. Um han ikkje vil det skal han fara ut or riket åt kongen vår"

Det syd i tankane på fire mikrobryggeri i Sogn og Fjordane. Om ikkje lenge kan du kanskje reise på ølsafari til Kinn, Gulating, Balder og Ægir. Men først skal du få smake på dei to nykomarane Balder-øl frå Leikanger og Gulating-øl frå Dale. Familieverksemd: Bardisken på Fossen Bryggeripub i Dale svulmar av hundre øltypar du aldri har høyrt om, frå land du knapt veit kvar ligg. Her vert det servert øl frå alle tilgjengelege norske mikrobryggeri i tillegg til sju Gulating-sortar. – Det nyttar ikkje å satse berre på ungdomen. Dei kjem seint, dei er mange og dei er fulle. Difor lokkar vi også førti- og femtiåringane hit ved å tilby ein smaksrus i tillegg til ølrusen, fortel mannen bak Gulating-ølet, Rolf Ivar Skår. Eit anna lokkemiddel er matservering fram til klokka 21 om kvelden. Vestlandstapas er ein av rettene på den heimelaga menyen til kona Else Marie Skår frå Hyllestad. Ølbryggar Rolf Ivar Skår, står det på visittkortet. Han er stolt av det. Han kunne ha skrive siviløkonom, men det har ikkje same susen. Guten frå Skedsmokorset og jenta frå Hyllestad slo seg saman og realiserte ein draum då dei opna puben i Dale og starta ølbryggeri. Og draumen stoggar ik-

38

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

kje her, den held kanskje fram til ei landsdekkande kjede. - Dersom vi lykkast med å erobre 10 prosent av marknaden her, kan vi tenkje oss å utvide og starte ein Bryggeripub i Førde. No testar vi konseptet og ulike ølsmakar. Når ølet vert kjent, kan vi ta det ut i butikkane, seier siviløkonomen. Prøving og feiling: På Leikanger har det andre ølbryggeriet i Sogn ploppa opp. – Balder er øl bryggja på kjærleik, slektskap og historie, seier bryggerimeister i Balder Brygg, Joar Melvær Njøs. Han vaskar bryggerilokalet på Leikanger saman med Lukasz Tomaszewski frå Polen, som er utdanna ølbryggjar. Joar sjølv er berre litt miljøskadd; faren bryggja øl i alle år. – Eg byrja seriøst for sju år sidan. Eigentleg er eg landskapsplanleggjar, agronom og snikkar; det siste driv eg framleis med på halvtid. I korridoren står fire brukte mjølketankar frå Tine, dei skal inn som gjæringstankar. No har dei kapasitet til å bryggje ti tusen liter i månaden.


Ægir Bryggeri, Flåm i Aurland India Ale Pale vart kåra til Årets øl 2012. Ægir er havguden i norrøn mytologi. Kvart år ber han æsene til ete- og drikkegilde i festsalen sin, Brime, der ølet og maten ber seg sjølv rundt, og drikkehorna fyller seg sjølve. Ifølgje Odin bryggjar Ægir det beste ølet i verda, i det største bryggjekaret i verda, ei mil djupt. I Brime må gudane halde fred med kvarandre, og den som lagar bråk, vert bortvist for evig tid. Hallen til Ægir vert opplyst av skinande gull. Det er derfor gull vert kalla Ægirs eld.

Balder-øl vert òg til ved prøving og feiling. «Sognapilsen» kom til ved eit slumpetreff. Nokre rabarbrastenglar, som ligg malplasserte på stablane med resirkulerbare eingongsfat i papp, vitnar om ein ny ide - vert det neste rabarbraøl? – Kven veit. Epleøl er under utprøving no, og det vert veldig bra, fortel han ivrig, og legg til at i Sverige har dei beverøl, utan at han heilt veit kva det er bryggja på. Gamle oppskrifter: – Eg bryggjar slik dei

gjorde for to tusen år sidan, men med moderne hjelpemiddel, fortel Rolf Ivar Skår. Råstoffet hentar han frå heile verda. I dag skal han tappe Apekattøl. Sjølve brygginga tek kring 8 timar, gjæringa to veker. Så vert ølet tilsett kolsyre. Ølbryggjaren i Dale er sjølvlærd. Han har lese og lytta, prøvt og feila. Forsøkt seg fram med små brygg og testa ut mengder med oppskrifter. – Kan du lage suppe, kan du lage øl. Det er forretningsdelen som er vanskelegast, har Rolf Ivar erfart. Ei marknadsundersøking syner at folk vil ha PILS. Det er vanskeleg å utkonkurrere Hansa. – Ein må få folk til å ville ha noko anna enn pils, seier han. Difor har han brukt mykje tid på å utdanne folk; halde foredrag og arrangert ølsmaking. Målet er å nå ut til vanlege

Kinn Bryggeri, Florø Kinn Jubileum var ein av fem nominerte til Årets øl 2012. Kinn Bryggeri og ølentusiasten Espen Lothe fekk kulturprisen i Flora i år fordi han bryggjar så godt øl. Øya Kinn utanfor Florø er mest kjend for det karakteristiske fjellet Kinnaklova, middelalderkyrkja og Kinnaspelet om Sta. Sunniva og reformasjonen. Øya er mellom dei første landområda i Noreg som vart busette etter siste istid. Fleire store hellarar, uthola av havbølgjene, har vore husly for både dyr og menneske gjennom tusenåra.

folk, ikkje berre til ølekspertar og andre spesielt ølinteresserte. På ein vanleg fredag på Fossen Bryggeripub drikk no halvparten av gjestene noko anna enn pils. Skål! Både Balder og Gulating bryggjar øl på fat, førebels. Men begge har planar om sal på flaske. Balder satsar på mørkt, kraftig øl som er nær opptil den tradisjonelle ølbrygginga i Sogn. I botnen ligg ønsket om å bryggje øl på vekstar som berre veks lokalt i Sogn, til dømes oregano, kalla skårakong. – Det finst tusen moglege smakar, og eg har betalt for å ha det moro, gliser Joar Njøs. I Dale satsar dei på ale og pils, den vanlegaste lagertypen. I september kjem Balder på flasker, og det flaskar seg truleg for Gulating-ølet også når bryggeriet flyttar inn i større lokale til hausten. Men der sogningane ikkje vil bli for store, dei har sett maksimumsgrensa på 250 tusen liter i året, er austlendingen i Dale open for det meste. Etterspurnaden får styre. Vinsmaking i Frankrike er ein turistmagnet. Kan ølsmaking i Sogn og Fjordane også verte ein suksess? Det vert jobba med eit organisert tilbod med rundtur til alle dei fire bryggeria i samarbeid med reisemålsselskapet FjordNorge.

Øltapping: Ølbryggjar Rolf Ivar Skår har testa ut mengder med oppskrifter. Brygg og anlegg: Gulating Bryggeri ligg enn så lenge på bakrommet til puben i Dale. Øl til eigen pub: Else Marie og Rolf Ivar Skår produserer og serverer Gulating-øl på Fossen Bryggeripub i Dale. Gudedrikk: Baldersteinen inspirerte Joar Melvær Njøs då det nye ølet frå Leikanger skulle ha eit namn. Bygg: Lukasz Tomaszewski er utdanna ølbryggjar og veit å sette pris på god byggkvalitet. Smaken av Sogn: Stadig nye smakar vert testa ut ved Balder Brygg.

Balder Brygg, Leikanger Baldersteinen på Husabø : Balder var den lyse og fagre guden, vis og veltalande, mild og hjelpsa m. På Husabø i Leikanger kneisar Bal dersteinen, også kalla Fritjofsteinen. Nam na har både ei mytologisk og ei hist orisk/litterær tilknyting til sagaen om den norrøne guden Balder og sagaen om Fridtjof den frøkne. I “Fridtjofs saga” skil drar Esaias Tegnér ei slags Balder-dyrking i «Baldershage» på Husabø der Fridtjof budde. Dette er den høgaste bautast einen i Noreg, 7,8 meter høg og 1,2 5 meter brei. Steinen er henta frå Hes sberget ovanfor Husabø og veg min st 10 tonn. Det må ha vore litt av eit kar stykke å dra steinen til gards ein gon g mellom 500 og 800 e.Kr.

Arrangement 13.-14.sept: Landbruksdagar – Norsk Fjordhestgard, Breim

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

39


melding

Kanskje ditt barnebarn vil leke med oss en dag? Det er vanskelig å spå fremtiden, men noen ting vet vi. For eksempel at vi med andeler i feltene Snøhvit, Njord, Fram og Gudrun – og som operatør på Gjøa – har sikret oss et langt og godt liv på norsk sokkel.

Jon og Helle Frogner frå Asker Naturen er spektakulær og det er mange inspirerande bedrifter i fylket. Folk tek vare på lokale handverk og mattradisjonar. Bønder og fiskarar legg sjela i å produsere gode råvarer og pleie kulturlandskapet, som gjer Vestlandet så vakkert. Dessutan liker vi veret her på Stad, og ler av sytinga over dårleg vêr – det er enten bra vêr eller spennande vêr. Vi skulle gjerne sett ei større satsing på sjøvegen. Hurtigbåt til Ålesund står høgt på ønskelista. Utbygginga av fiberoptikk og god mobilkommunikasjon er for dårlig. Mange snakkar ned sitt eige lokalsamfunn og trur at ingen har lyst til å bu i Sogn og Fjordane, men alle har eit ansvar for å gjere det enkelt å flytte hit og etablere seg her, om dei er frå fylket, ein annan stad i landet eller frå utlandet. Verdien som ligg i bygdene er ein av dei største styrkene til Sogn og Fjordane.

40

Samtidig gleder vi oss til alt vi ikke vet om fremtiden. Mulige funn. Ny teknologi. Nye lisenser og operatørskap. Kort sagt: Alle mulighetene. Hva enn fremtiden på norsk sokkel måtte by på, med dagens portefølje, bransjens beste hoder og et av verdens største energiselskap i ryggen, er vi i GDF SUEZ E&P Norge klare til å gyve løs på den. Og er vi riktig heldige, får vi ditt barnebarn med på laget om noen år.

DEKKHOTELL Vi tar vare på dekka dine

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

- Hjulskift

- Dekksjekk - Vask av dekk og felg - Sikker oppbevaring - Forsikring

BESØKS ADRESSE

TELEFON & FAX

WEB & MAIL

Halbrendsøyra 9 6800 Førde

Tlf: 578 30 800 Fax: 578 30 801

firmapost@fordevulk.com www.fordevulk.com

Foto: Annelise Norheim

innflytte-


Visste

du AT

Askvoll

Rom for eventyr

Kraft til å påverke

framtida

I Askvoll budde det 3 018 menneske 1. januar 2013. Den nest flottaste staden i fylket ligg her, nemleg Værøyhamna på Værlandet (Avrøysting TV2)

Fjaler

Foto: Ole Tom Allmenning

Eit ope samfunn

Sogn og Fjordane Energi sin visjon er «kraft til å påverke framtida». Denne fortel mykje om vår verksemd, vår rolle i samfunnet og vår verdiskaping for fellesskapet. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien – med 250 dyktige og entusiastiske medarbeidarar, omfattande produksjon av fornybar energi, ansvar for over 4000 km linjenett og med ein engasjert leverandør av straum til husstandar og bedrifter over heile landet.

I Fjaler budde det 2 871 menneske 1. januar 2013 Busettinga på Island starta med Ingólfr Arnarson herifrå. Utanlandske studentar og kunstnarar gjer kommunen til den desidert mest internasjonale i heile fylket.

www.sfe.no Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

41


Litt kaffi? Martijn van Loon syklar frå sofa til sofa, eller rettare sagt frå seng til seng. I Førde er det vertinne Siv Fosstvedt som gjev nederlendaren gjesterommet. Farvel, Førde: Martijn van Loon startar på ny frisk, med Oppstryn som neste delmål. Foto: Siv Fosstvedt

Verda kjem til ein sofa i Førde Ein ung mann trakkar på oppover hårnålssvingane mot Gaularfjellet. Ei skikkeleg torebye er i kjømda. Martijn van Loon høyrer til ei turistgruppe som smyg seg unna alle statistikkar - han er syklist og såkalla sofasurfar. Nederlendaren starta sykkelturen i Bergen. Etter overnattingar i Voss og Balestrand, er neste stopp eit gjesterom hjå Siv Fosstvedt i Førde. Han nyt det varierte <-intense? landskapet, og tenkjer på kameraet han har i sykkelveska. Men han veit at stadig knipsing hemmar opplevinga, og at etappane sjølvsagt då tek mykje lengre tid. Han kjenner dei som dokumenterer alt og vert overraska når dei kjem heim frå ferie og ser bileta; oi, har eg vore der... Personlege møte: Siv Fosstvedt ser på klokka. Fleire av ‘surfarane’ som tidlegare i sommar har kome med bil - eigen eller leigd - har misrekna seg kraftig på tida. For mykje å sjå, langs for smale vegar! Men syklisten har via tekstmeldingar siste timane vore heilt etter skjema.  Siv las om det globale fenomenet couchsurfing for fleire år sidan. I fjor registrerte ho seg på nettsamfunnet, www.couchsurfing.org, rett før ei halvspontan reise til Portugal. I løpet av eit par dagar hadde ho avtala fire gratis overnattingar hjå privatpersonar, for mellomlandingar både i Frankfurt og Lisboa. Det vart utruleg vellukka. På reise verdset Siv å kome ‘under huda’ på kvardagskultur, på folk i alle aldrar som er opne for personlege møte. Ho har oftast stramt budsjett, og trivst uansett ikkje særleg på hotell. Med ein vanleg heim som base, kan mat handlast i nærbutikkar, lagast på trivelege kjøkken og ofte nytast i lag med vertane.  Heilt alminnelege: Martijn krusar ned mot Viksdalen. Han elskar

fleksibiliteten som ligg i sykkelen og sofakonseptet. Der ordet sofa faktisk ikkje er meint så bokstaveleg. Seng eller greie madrassar, ofte på einerom, er vanlegare. Og når Martijn reiser åleine, er det ekstra gjevande å møte folk slik. Nokre tek han med på daglege gjeremål, andre gjev han sightseeing. Kva Førde har å by på, veit han ikkje enno.

42

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Mange trur kanskje at sofasurfarar må vere lurvete ryggsekkfolk og andre særingar. Men dei seks millionar medlemmane kloden rundt representerer nok mykje meir. Siv har hatt besøk av svært så gjennomsnittlege og reinslege folk, frå Tyskland, Danmark, Polen, Litauen, Sør-Korea og USA. Dei fleste under tretti år, men også godt vaksne, inkludert eit pensjonert ektepar. Samtale og latter sit laust, om respektive kulturar, reisehistorier og mykje anna. Alle kategoriar: På Jølster sit ein saudiarabisk oljesjeik og ser utover vatnet. Han har funne sitt paradis og tykkjer regnet er eksotisk. I Hoddevika ligg ein dansk student og ventar på den rette bølgja. Kjem ho ikkje, drar han til Stryn for å stå på ein annan type brett. Rikfolk frå inn- og utland slår etter myggen medan dei ventar på storlaksen i Nausta. Eit ungt par slår seg ned i Sogndalsdalen med huskyane sine på grunn av snøkvaliteten.   Turistane som kjem til Sogn og Fjordane er ein mangslungen gjeng. Cruiseturistar og fjellvandrarar, familiar på campingtur og ekstremsportutøvarar. Busslastar med grupper frå Korea og USA. Vi treng dei alle. Ein ting har dei fleste felles; dei kjem til Sogn og Fjordane på grunn av naturen. Vi kan like det eller ikkje.  Kulturell utveksling: Klokka kvart over fire svingar den 29 år gamle industridesignaren sykkelen inn på tunet til ei smilande vertinne. Isen er allereie broten gjennom den førebuande kontakten på Internett. Det er litt som å kome heim til nokon ein allereie kjenner. Etter installering og ein varm dusj, får Martijn spørsmål om å bli med på grilling hjå vener som har invitert Siv. Dei mange timane med trakking hindrar han ikkje i å takke ja. Det er nærare 200 sofavertar i Sogn og Fjordane. Couchsurfing og liknande foreiningar byggjer på gjensidig tillit. Kulturell utveksling er for mange viktigare enn dårleg råd, sjølv i rådyre Noreg. Siv tykkjer det er forfriskande og stas å få verda inn i stova på denne ukompliserte måten. Gjestene fortel om inntrykk landet har gjeve så langt. Litauarane tykte det var mange overvektige her, og undra seg over den sterke statlege styringa. Amerikanarane hadde budd seg på eit inneslutta folkeferd, men opplevde berre opne og sørvisinnstilte folk.  Minne for livet: Siv kan på nettstaden lese tilbakemeldingar i etterkant, og alle gjestene hennar har hatt ei flott oppleving i Sogn og Fjordane. Det er ikkje utenkjeleg at mange av dei i ein seinare fase i livet kjem att med familie, ikkje som sofasurfarar, men som vanlege turistar. Ei gruppe bussturistar trakkar rundt i sentrum neste morgon. Vil dei i det heile hugse namnet Førde? Martijn vil garantert gjere det. Byen har fått opptil fleire andlet; både det blide andletet til Siv og dei trivelege venene han var på grillparty hos. Det vart litt seint. Ein time etter skjema legg han ut på vegen mot Trondheim, med ein Oppstryn-sofa som neste stopp.

ARRANGEMENT 16.–18. sept. Reiselivskonferansen i Balestrand


Visste

du AT

Highsoft AS har selskap som Facebook, Twitter og BBC på kundelista si. I år ventar gründeren frå Vik, Torstein Hønsi, ein omsetnad på rundt 30 millionar kroner. Det heile starta med nettstaden vikjavev. no. Torstein Hønsi skulle presentere vêrdata og resultat av snømålingar han hadde gjort gjennom fleire år. – I 2006 fanst det mange verktøy for slikt, men alle bygde på lukka teknologi. Løysinga vart å lage mitt eige verktøy basert på opne webstandardar, fortel vikjen, som er utdanna geolog og sjølvlært programutviklar. Slik vakna gründeren i Hønsi til liv. Og slik vart Highsoft AS til.

Selje

I Selje budde det 2 789 menneske 1. januar 2013. Her bles det rett som det er full storm, elles har kommunen fine surfebølgjer og legenda om Sta Sunniva og Selja kloster. Dei ventar framleis på Stad Skipstunnel.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

43


Sida 2007 har det vorte nærare 5000 fleire busette innvandrarar i fylket. 3977 av dei kjem frå Europa, medan 624 kjem frå Afrika. Også 307 fleire asiatar er busette i fylket.

på Ska ng bi de le 57 n? 83 72 50

du AT

Ri

Visste

Tlf.: 57 83 72 50 e-post: post@bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret-as.no Tlf.: 57 83 72 50 e-post: post@bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret-as.no

Vi har flytta til nytt og romsleg bygg i Hafstadvegen ved E39!

Vågsøy

Vekst og trivsel I Vågsøy budde det 6 119 menneske 1. januar 2013. Måløybrua var den lengste vegbrua i landet i 1974 med sine 1 224 meter. Når vinden bles frå rett lei, syng brua på einstroken C.

Vi tilbyr no også

ANTIRUSTBEHANDLING! Tuff-Kote Dinol behandling, den mest avanserte og omfattande rustbeskyttelsebehandlinga.

Refviksanden, fleire gonger kåra til ein av dei finaste badestrandene i landet.

Velkommen innom!

Det vart inngått 396 ekteskap i Sogn og Fjordane i 2012. Same år var det 149 skilsmål. 7,3 skilsmål pr. 1000 gifte plasserer Sogn og Fjordane nedst på statistikken. Finnmark ligg øvst med 14,6. (SSB)

ASS

Opningstider: Mandag–fredag 0730–1630

44

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

BILGL


innflytte-

melding

Nortura i Sogn og Fjordane Nortura sikrar bonden avsetning for sin produksjon og gir norske forbrukarar trygg, norskprodusert kvalitetsmat til fornuftige prisar.

Jo meir vi er saman Alle husdyrprodusentar er små aktørar i den store marknaden. Men alle er sterkare når vi opptrer saman. Nortura er det einaste slakteriet i Norge som blir eigd av medlemmane. Vi er bøndene si eiga bedrift. Vårt formål er å sikre avsetning av norsk kjøt og egg og skape verdiar for eigarane. Sjå medlem.nortura.no Skann koden til under og les intervjuet med styreleiar Sveinung Svebestad på Nortura sine medlemssider.

Nortura Førde • Slakter storfe, gris og småfe • Skjerer storfe og småfe • Foredlar stykka kjøtt • Ullstasjon • 145 årsverk

Astrid Kalstveit frå Rogaland Sogn og Fjordane har spennande turterreng, for liten og stor, og mange økologiske småskalaprodusentar, som gir meg trygge og herlege smaksopplevingar. Mange tilflyttarar gjer at eg ikkje kjenner meg åleine. Eg skulle ynskje at ein i endå større grad lokka ungdom ut frå storbyane og heim ved å by dei rimelege husvære og tomter.

Nortura Sogndal • Produserar spekepølse, spekemat og pinnekjøtt • 95 årsverk

Solund

I Solund budde det 842 menneske 1. januar 2013 og er dermed den minste kommunen i fylket. Det er den einaste som berre ligg på øyer. Utvær fyr er det vestlegaste punktet i landet. Solund er beste staden i Noreg for øyhopping, meiner Lonely Planet.

Hellenes ein leikeplass For nyutvikling innan industri og teknologi (og litt kultur) www.hellenes.as

Logo Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år C

100

M

72

Y

2

45


Vereide kyrkje 850 år:

Ny bok, tidlause tonar Anders Rinde voks opp ein kilometer frå Vereide kyrkje, og som tenåring tjuvlånte han nøkkelen og lurte seg inn i kyrkja for å spele på orgelet. No har han vore organist der i snart tretti år. Vereide kyrkje feirar 850-årsjubileum i år. Det er ganske pussig da, at det ikkje er meir enn 82 år sidan 300-årsjubileet. Men historia til kyrkja er framleis ganske uklar. Nesten riven: Det er iallfall ei mellomalderkyrkje, og ikkje som ein NRK-journalist sa: - den eldste kyrkja i Sogn og Fjordane frå steinalderen. Derimot er det den eldste steinkyrkja i Nordfjord, kanskje i heile fylket. Stor er ho òg. Delar av skipet er truleg frå ein gong mellom 1025 og 1165. Kyrkja er godkjent for 480 tilhøyrarar. For kring hundre år sidan vart det vedteke å rive heile kyrkja og byggje ei ny og større på Sandane. Så kom første verdskrigen - heldigvis, kan ein nesten seie. Kyrkja fekk stå. Lunefullt: For organisten spelar det inga rolle kor gamle

veggane er, han elskar å spele på det mekaniske kyrkjeorgelet, bygt av Eystein Gangfløt i 1982. Det har 22 register, to manual og pedal og er det andre i rekkja av pipeorgel i Vereide. I fleire hundreår leia klokkaren songen i Vereide kyrkje. Så kom hornmusikken, framført av Sandane Hornmusikk, som vart skipa i 1892. Men på tjuetalet fekk kyrkjelyden eit trøorgel til tonefylgje. Det første skikkelege kyrkjeorgelet vart innvigt i 1938 og var den gongen det største orgelet i Nordfjord. Men det vart rett og slett litt lunefullt med åra. Difor var det jubel då det nye orgelet kom på plass.

Tjuvspeling: Då Anders var ni år gammal, kjøpte faren trø-

orgel, og guten fekk opplæring eit par år av ein granne som var pensjonert lærar. Ein kan bli både sliten i beina og lei av eit trøorgel. Då han som attenåring fekk prøve kyrkjeorgelet i Vereide kyrkje, vart han heilt hugteken. Ein skulekamerat, som òg trakterte trøorgel, budde på hybel hos ho som vaska i kyrkja, og ein dag stal dei nøkkelen og sneik seg inn for å spele på det lunefulle vedunderet. – Eg fortalde mor mi kva vi hadde gjort, og då sa ho: Vi har også nøkkel til kyrkja. Bestefar din var kyrkjetenar før krigen. Men det er greitt å spørje organisten om lov først.

Soldyrking: På ein bestemt dag tidleg i mai skin kveldssola

inn kyrkjedøra og rett på alteret, det vil seie der alteret stod før. Lektor og forfattar Ove Eide trur kyrkja står der det tidlegare var ein soldyrkingsplass. – Vi veit at dei kristne tok mykje av dei gamle rituala med seg inn i den nye trua, seier han.

46

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Ove Eide har redigert ei heil bok om Vereide kyrkje og kyrkjelyden opp gjennom tidene. Men det er mykje som framleis er diffust. Vereidskyrkja er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1303. Mange trur at storleiken og stilen kan bety at det var ein relasjon til Selja og bispesetet der. Herrnhutarane: I boka skildrar Ove Eide mellom anna separatistane frå Nesjane. Dei boikotta gudstenestene fordi dei meinte at kyrkja ikkje var rein nok. Presten dreiv dessutan skjenkjestove på Sandane, noko som slett ikkje var uvanleg på 1700-talet. Dei høyrde til ei særs pietistisk sekt - Herrnhutar-rørsla - som hadde utspring i Tyskland. Herrnhutarane følgde med jektefarten mellom Nordfjord og Bergen, der dei var sterke. Dei ville ha fri rett til å forkynne Guds ord. – Til liks med haugianarane var dei i opposisjon til embetsverket, fortel forfattaren. Politikk og kall: Etter mange krunglevegar kom Rinde heim til Vereide i november 1983 som nytilsett organist på eit flunkande nytt orgel. – Det har vore som eit kall, ein fascinasjon av orgelmusikk, og dette orgelet er ekstra godt, akustikken er nydeleg, høyr... Ut av dei blanke pipene strøymer tonane, vert mjuke mellom steinveggane. Det er som vesle Birette på det sjeldne barneportrettet på veggen smiler ørlite grann, 400 år etter at ho døydde. Ove Eide lyttar andektig. – Kyrkja var ei kulturhistorisk kraft, eldre enn både hornmusikken og ungdomslaga, seier han. Under røystinga om oppløysing av unionen med Sverige i 1905 var stemmerettslokalet i kyrkja, og presten sa kva folk skulle røyste. Kyrkjelyden på Vereide var samrøystes mot framhald av unionen. Organisk klang: Anders Rinde skiftar til orgelsko og set seg til rette på krakken. Orgelet ruvar med over femten hundre piper. Det er eit mekanisk orgel. Det er ikkje lunefullt. – Det siste nye er virtuelle orgel, der organisten berre har ein spelepult, ei datamaskin kopla opp på Internett og høgtalarar. Opptak av kvar enkelt orgelpipe ligg på ein server. Han ynskjer seg ikkje det. Det vert ikkje det same. Og det er iallfall ikkje kunsthandverk. Gangfløt, som bygde dette orgelet, gjekk konkurs, men det er framleis mange orgelbyggjarar i Noreg. – Heldigvis.

ARRANGEMENT 22. sept. Kyrkja feirar jubileet. Festgudsteneste i alle kyrkjer. 22. sept. Eikefjord kyrkje 200 år 29. okt. Jubileum for Tjugum Kyrkje, Balestrand


Eikefjord kyrkje 200 år Eikefjord kyrkje fyller 200 år søndag 22. september. Feiringa har allereie starta med at Emma Lovise Øren planta eit eiketre ved kyrkja 11. juni. Korskyrkja i tre er ei av dei eldste i Sunnfjord og ei av dei første tømmerkyrkjene frå 1800-talet. Soknekyrkja var tidlegare på Svanøy, og det var strabasiøst og farefullt å dra på kyrkjeferd. Etter at fem menn frå Lykkebø gjekk gjennom isen og drukna etter kyrkjeferda, gjekk bygdefolket saman om å byggje kyrkja i Eikefjord. Jubileumsboka om Eikefjord kyrkje, redigert av sokneprest Dag Leirvik, vart lansert på Eikefjorddagane. På sjølve jubileumsdagen kjem både biskopen i Bjørgvin og fylkesordføraren på besøk.

Eigen nøkkel: Organist Anders Rinde treng ikkje lenger å tjuvlåne kyrkjenøkkelen for å spele på orgelet i Vereide kyrkje.

Tjugum kyrkje 150 år Tjugum kyrkje i Balestrand feirar 150-årsjubileum 29. oktober. I Balestrand blir det då ei heil jubileums- og visitasveke. Kyrkje er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch og vart vigsla i 1863. Det særeigne skipet er åttekanta, altartavle frå 1890 av Christen Brun Kalk og disk er frå 1676. Det heng ein kopi av altarfrontale (tavle) frå 1325 i kyrkja. Originalen er på Bergen Museum. På sjølve bursdagen fortel professor dr.theol. Vidar Leif Haanes om prost H.U. Sverdrup som fekk bygt kyrkja. Det blir då òg opning av ei jubileumsutstilling for Tjugum kyrkje og lansering av boka som er skriven om kyrkja. Redaktør for boka er Audun Systad. Kyrkjejubileet vert feira i heile veke 44 og vert kombinert med visitas av biskop Halvor Nordhaug. Fullstendig program for veka ligg på www.balestrand.kyrkja.no

Jubileumsmagasin Sogn Jubileumsmagasin Sogn og og Fjordane Fjordane 250 250 år år

47


M{ZD{ CX-5, MED

Mazda cx-5 med SKYACTIV-TEKNOL Skyactiv-teknologi

285 500

FRA KR Pris

frå 298.100,FIREHJULSDRIFT, DIESEL AUT

FRA KR 392

• Fantastiske kjøreegens • Drivstofforbruk fra 0,4 • CO2 -utslipp fra 119 g/ • i-stop (start/stopp) • Sterke motorer, diesel (380Nm), bensin fra 16 • Tohjuls- eller firehjulsd • 6 trinns manuelt- eller • 1800-2000 kg tilhenge • Klasseledende aktiv sik blant annet autobrems

S M{ZD{ SÅ LIT

til prøvekjø ALDRIVelkommen HAR

Bestill prøvekjøring, se film,

Åpningstider: Man-tors 09:00-18:00, fre 09:00-17:00, lør 10:00-14:00 Adresse xx, Postnummer Poststed. Tlf. 00 00 00 00 www.hjemmeside.no

Mazda 6

og få mer informasjon KJEMPETILBUD PÅ LEVERINGSKLAR M{ZD{her. 2M Med Mazda2 Edition 1.3 bensi Mazda 2 Mazda 3 uten å betale ekstra for d utstyr som er blitt 100 kilo* lettere, den ha blitt morsommere å kjøre!

M

• •

Den perfekte

Sportsbilen Pris frå 329.000,-

Den perfekte

Småbilen Pris frå 185.200,-

Den perfekte

PRIS KUN familiebilen

160.100,-

(KUNDEFORDEL 25 000,INKL.)

48

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

• •

Pris frå 249.200,-

Fem stjerner i Euro iNCAPs kollisjonstest. Mazda2: kombinert kjøring 4,2-6,3 km. CO2-utslipp 110Fem stjerner Euro NCAPs kollisjonstest. Alle Drivstofforbruk nye Mazda personbilar har 5 år/100.000 kml/100 nybilsgaranti, 146 g/km. Alle nye Mazda personbiler 5 år/100.000 kminkl. nybilsgaranti, 12 års rustbeskyttelsesgaranti og 10 12 års rustbeskyttelsesgaranti ogselges 10 års med vegassistanse. Prisen frakt og leveringsomkostningar Førde. års veiassistanse. Prisen inkl.*100 fraktkgoglettare leveringsomkostninger på krsamanlikna XXXXXX. Årsavgift kommer iMazda tillegg.Credit *100 kg lettere Årsavgift kjem i tillegg. – 2002-modell Mazda2 med 2007-modell. – 2002-modell Mazda2 sammenlignet med 2007-modell. Mazda Creditfrå tilbyr gunstig finansiering. på tilbyr gunstig finansiering. Utstyrsnivået på avbilda bilar kan avvike priseksempelet. Avgrensa Utstyrsnivået kampanjeperiode. avbildet bil kan avvike fra priseksempelet. Begrenset kampanjeperiode.

www.rikoforde.no

• • • •

Åpningstider: Adr


Visste

du AT

Snart vinter – kjøp Subaru no!

Høyanger

FOlKeFAvORiTTeN

Xv Nye

Eld kraft vatn I Høyanger budde det 4 222 menneske 1. januar 2013.

FOReSTeR

SUBARU XV Frå kr 312.900,SUBARU FORESTER Frå kr 392.900,-

Her har absolutt alle kallenamn. Industrikommunen er ein av 19 norske kommunar som er vald ut til å delta i eit nasjonalt prosjekt om likestilling. Høyanger er medlem av Trygge Lokalsamfunn.

Nye

iMPReZA

SMARTe

OUTBACK

Eid

Eid inviterer

SUBARU IMPREZA Frå kr 277.900,-

SUBARU OUTBACK Frå kr 497.900,-

I Eid budde det 5 920 menneske 1. januar 2013. Dette er ein kommune for kontrastar, med til dømes både rock, opera og ei levande folkemusikkmiljø. Fjordhesten står sterkt her, og sirkus har oppstått.

Prisane gjeld levert Førde. Atterhald om trykkfeil. Bildet kan avvike frå tilbodsmodellane.

www.rikoforde.no

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

49


Visste

du AT

Av 57.004 sysselsette i Sogn og Fjordane er 4.739 (8,3%) innvandrarar. Dette inneber at kvar 12. sysselsett i Sogn og Fjordane er ein innvandrar. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet når det gjeld prosentdelen av innvandrarar som er i jobb. Medan 69,8 prosent av innvandrarane i alderen 15–74 år er i jobb her, er dette tilfellet for 62,8 prosent for landet totalt. (SSB 2012)

Hyundai –Norges beste garanti!

a Fe Hyundai SaTnCot mfort 2,0 CRDi 150

hk 6M

,-

0 Frå kr 508.95

Hyundai i20 sic 1,2l 84 hk Clas

Hornindal

,-

0 Frå kr 163.95

Hyundai i30y I Hornindal budde det 1 238 menneske 1. januar 2013. Hornindal er den kommunen i Sogn og Fjordane som har flest i jobb. Her jobbar 79,5 prosent av dei busette i alderen 15–74 år. Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa med 514 meter på det meste.

T Entr

1,4l 100 hk 6M

,-

0 Frå kr 202.85

Hyundai i40Classic 1,7l CRDi 115 hk

6MT

,-

0 Frå kr 295.95

Pris levert Førde. Årsavgift, vinterhjul og metalliclakk kjem i tillegg. Sju års garanti: For vilkår og betingelser, sjå www.hyundai.no. Vi tek atterhald om trykkfeil og endringer.

www.rikoforde.no

50

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


Drama i Dalsfjorden I førre hundreåret gjekk dei lengste 8. mars-toga og dei artigaste revyane i Dale. Det var mest så ein kunne sjå at folk kom herifrå. Dei kledde seg fargerikt og var på folkemusikkfestivalen i Førde lenge før andre oppdaga den. Her ligg ein internasjonal skule og eit nordisk kunstnarsenter. Design- og formgjevingssenteret Transplant har etablert seg. Og ikkje minst - dei har Jakob Sande.

Ringar i vatn: Det nyetablerte produksjonsselskapet Sandsund/Lie har hatt store teaterproduksjonar både i Sogn og Fjordane og andre stader i landet, i tillegg til samarbeidsprosjekt med ungdomslaget. Dale Ungdomslag eksisterer framleis, sjølv om leiaren er pensjonist. Mykje er annleis enn før, aktiviteten på scenene har berre teke nye vegar. Atmosfæren i den vesle bygda trekker stadig til seg nye, kreative menneske. Den har spreidd seg til nabobygda Holmedal, der ungdomslaget også har ein lang revytradisjon. Her har dramatikaren Rolf Losnegård supplert det friviljuge med det profesjonelle gjennom Aldateateret. Dottera har teke med seg ein amerikansk skodespelar med fysisk teater som spesiale til Stongfjorden. Alle tek dei arven vidare. – Det er aldri nokon som set kjeppar i hjula for nye idear her, seier Margrete. Kulturprodusenten: Og over svever produsent Ingrid Hansen. For

kring ti år sidan var sosialleiaren i Fjaler kommune lei av å flytte papir. – Eg må finne på noko gøy no når eg byrjar å bli gammal, tenkte Ingrid og starta sitt eige firma Kulturpro. I dag har ho ein finger med i alle profesjonelle spel, alltid like roleg, alltid med full oversikt. Nesten alltid. Når det stormar som verst og kontrollen er i ferd med å gleppe, snakkar produsent Ingrid Hansen veldig, veldig sakte. Det er eit dårleg teikn. Då skjelv heile den dramatiske Dalsfjordregionen.

melding

Pascale Baudonnel frå Frankrike

Det er stadig fest i Fjaler og dans på Kobbeskjeret. Kva er det med dalsfjordingane og scenekunst?

Meggene rår: Nittenåringen Margrete Reisæter kom til Fjaler i 1972, som lærar på Hestad skule. – Skodespela vart spelte på dialekt, så eg tenkte at dette kan ikkje eg vere med på. Men dei var flinke til å inkludere nykomarar, minnest ho. På åttitalet reiste ho og andre ihuga amatørar i Dale Ungdomslag rundt i fylket med teater og Jakob Sande-revyar, som vart ein braksuksess. Visegruppa Jubelhornet gjorde det same. Ungdomslaget sette opp ungdomsstykke, musikalar, laga 8. marskabaretar og barneteater. Studentar på United World College var òg med. Meggerevyen har halde amatørtradisjonen ved like heilt til i dag. Samstundes har det profesjonelle teatermiljøet innteke regionen.

innflytte-

I kulissane: Produsent Ingrid Hansen har skaffa seg eit levebrød som kultur- og teaterprodusent i Dale.

Det beste med Sogn og Fjordane er den fantastiske naturen og dei fantastiske menneska som lever i pakt med den. Eg ville gjerne hatt mobildekning der kjærasten min bur i Solund, og eg skulle ønske at bussane vart tilpassa båt og tog, slik at den einaste bussen som går ikkje reiste 10 minutt før båten kom.

Bremanger

Trivselskommunen ved havet I Bremangerbudde det 3 945 menneske 1. januar 2013. Kalvåg er det best bevarte fiskeværet på Vestlandet. Elkem i Svelgen står for ein tredel av silisiumproduksjonen i verda.

Arrangemt 6. okt: Bikubesong – Riksteateret, Førde

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

51


innflytte-

melding

Gravdalgruppa – husbyggjaren i Sogn og Fjordane Sidan 1961 har Gravdalgruppa bygd hus i Sogn og Fjordane. Einebustader, hytter, store og små leilegheitsprosjekt – samt offentlege bygg som barnehagar, skular og omsorgsbustader. Gravdalgruppa er i dag ein av dei leiande aktørane innan bustadbyggebransjen i fylket, og i eit normalår sel vi 50-100 einebustader, hytter, leilegheiter og rekkjehus. Gravdalgruppa har hovudkontor i Førde, samt avdelingskontor i Bergen. Vi er per i dag ca. 40 tilsette, og i tillegg sysselset vi eit større tal underleverandørar.

Massoma Jurmy frå Afghanistan Det beste med å bu i Sogn og Fjordane må vere den vakre naturen og ikkje minst at vi har det så trygt her! Eg meiner det kan sjå ut som at det er mindre kriminalitet her i forhold til Austlandet, til dømes, noko eg er svært glad for. Eg ville likt litt fleire innbyggjarar og litt varmare og inkluderande menneskje. Elles likar eg Sogn og Fjordane veldig godt!

For Gravdalgruppa er det viktig å vere samfunnsbyggande for lokalsamfunnet og regionen, og målet vårt er enkelt: Å byggje draumebustaden der folk ønskjer å bu.

Falkenstein, Førde

Stryn

I Stryn budde det 7 105 menneske 1. januar 2013. Prærielandsbyen har både miljøgate og sommarski og er den største skogbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Stryn kan skilte med både Ricco Vero og Moods of Norway.

52

Mallasvika, Naustdal

Vie Sør, Førde

Naustdal Idrettsbarnehage

Vår kjøkkenavdeling har flotte utstillingar frå Huseby og Sigdal.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Les meir om Gravdalgruppa sine prosjekt på www.gravdal.no


Visste

du AT

Sogn og Fjordane er fylket med flest arrangement på Kom deg ut-dagen til Den Norske Turistforening med heile 20 av dei totalt 148 arrangementa i år. (NRK)

Verdsleiande kompetanse i Sogn I Årdal og Høyanger tek Hydro i bruk norsk vasskraft og eksporterer ho i form av eit verdifullt metall: aluminium. Når me produserer aluminium er dei totale utsleppa frå kraft- og aluminiumproduksjonen om lag 1/7 av eit tilsvarande verk som nyttar kraft frå kol. Metallet som me produserer er med på å redusere utslepp når det blir nytta i ferdige produkt, der det til dømes gjer at bilprodusentar kan lage tryggare bilar som både blir lettare og forureinar mindre. Derfor er produksjon av aluminium i Sogn bra for klimautfordringane i verda. Å resirkulere aluminium krev berre fem prosent av den energien som var naudsynt for å produsere metallet i utgangspunktet. Derfor er om lag 75 prosent av all aluminium som nokon gong har blitt produsert framleis i bruk, og det kan nyttast om og om igjen.

Fruktbar kraft frå Sogn

InMedia.no

www.hydro.com

I 4. kvartal 2011 hadde Sogn og Fjordane den nest høgaste prosentdelen sysselsette blant fylka i landet. Då var 73 prosent av innbyggjarane i alderen 15–74 år i jobb. Berre Rogaland hadde ein høgare prosentdel i jobb. Eit stabilt næringsliv med mange arbeidsplassar i offentleg sektor kombinert med høg mobiltet blant dei abeidssøkjande er truleg årsakene til den høge prosentdelen som er i jobb i Sogn og Fjordane.

Årdal

Rein energi frå natur og menneske gjennom meir enn 60 år i Sogn. Slik gjev vi vårt bidrag til ei berekraftig framtid lokalt og globalt!

– set krefter i sving

Ein god og trygg stad å bu, leve og arbeide I Årdal budde det 5 521 menneske 1. januar 2013. Årdal fekk Bymiljøprisen i 2004 for arbeidet med tettstadutvikling, og er medlem av Trygge lokalsamfunn.

SOGNEKRAFT AS - Pb. 3 - 6891 Vik i Sogn - Tlf: 57 69 86 00 - www.sognekraft.no Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

53


Talent: Line Rebekka Kobberstad, Jøran Vallestad og dei andre ungdomane i «Lyden av Framtidsfylket». Foto: Heidi Hattestein.

Lyden av Sogn og Fjordane Å dra ein kulokk heilt ut i det absurde, med hyl og skrik, samstundes som ein gjer ære på tradisjonen. Det er lyden av framtida. Når Sogn og Fjordane fylke feirar 250 år, samlar Førdefestivalen unge, framstormande folkemusikktalent frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til å leike med framtida til vår eigen folkemusikktradisjon. Dei åtte unge musikarane har folkemusikk som lidenskap, og under leiing av ein av dei fremste utøvarane i fylket, Unni Løvlid, skapte dei ein konsertproduksjon med sprell levande musikktradisjonar, men òg nyskapingar i song, musikk og dans under Folkemusikkfestivalen i Førde i juli.

54

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

Fritt for sjalusi: – Dei er så rause med

kvarandre, dei inspirerer kvarandre og løftar kvarandre fram. Det er eigenskapar ein ikkje kan ta for gitt. Dette gjer meg veldig glad og gjev meg tru på framtida, strålar Unni Løvlid. Ungdomane er alle på veg i ulike retningar, men ber med seg sine eigne tradisjonar og deler dei. Ein kan høyre dei ulike temperamenta i dei tre fjordane gjennom musikken, frå det vare til det danseglade og ut i det rå og utagerande. Dei leiker med tradisjonsmaterialet, improviserer over det og overfører det til nye instrument.

Framtidsfylket» vart oppmoda om å gå på flest mogleg konsertar, lytte til musikk dei ikkje har valt av seg sjølv, utan å vite kva det var, og berre ta imot. – Å vere nysgjerrig og oppdage verder ein ikkje visste eksisterte, gjev påfyll og inspirasjon, meiner folkesongaren. Ein må kunne tradisjonen for å forstå den og reflektere rundt det å jobbe med musikk. Ho håpar prosjektet er starten på noko ungdomane sjølve tek vidare. – Alle har spela saman i duo- og trio-format, og eg er viss på at fleire av dei kjem til å stå på plakaten til Førdefestivalen i åra som kjem. Det gler eg meg til!

Dårleg tilvekst: Mange uttrykker uro for at

så få unge kjem til Førdefestivalen. Held det fram slik, er publikum ein gjeng pensjonistar om nokre år. Prosjektet kan gjere ei lita endring. Unni fortel at ungdomane i «Lyden av

ARRANGEMENT 20.–26.okt: Folkemusikkveka, Fjaler


innflytte-

melding

Loen - Nordfjord

Hotel Alexandra i Loen Haustferie i veke 41 6.-12. oktober:

Underhaldning for borna med klovnen og tryllekunstnaren Paul Rocks Frå

AVIS - Fjordane Bilutleige

AVISAVIS - tilbyr Fjordane Bilutleige - tilFjordane Bilutleige bilar dei fleste føremål,

stasjonert på fylgjande stadar: AVIS - Fjordane tilbyr bilarBilutleige til dei fleste føremål,

kr 890,- pr person i dobbeltrom i midtveke

tilbyr bilar til dei fleste føremål, stasjonert på fylgjande stadar:

på fylgjande stadar: • FLORØ • SANDANE • FLORØ stasjonert • SANDANE tilbyr bilar til dei fl este føremål, • FØRDE • SOGNDAL • FØRDE • SOGNDAL Familiehelg • LEIKANGER • STRYN stasjonert på fylgjande stadar: • FLORØ • SANDANE Konsert laurdag 12/10 kl. 17.00:• MÅLØY • LEIKANGER • STRYN • FØRDE • SOGNDAL TORSTEIN m/band • MÅLØY (vinnar av MGP junior) • FLORØ • SANDANE • LEIKANGER • STRYN Pristilbod og reservasjon Fredag-søndag: frå kr 3040,tlf: 57 72 50 80 og www.avis.no • FØRDE p.p. i dobbeltrom inkl. middag og frukost • SOGNDAL • MÅLØY Barn 0-10 år i ekstraseng: Kr 275,- pr natt Pristilbod og reservasjon • i LEIKANGER Barn 11-15 år ekstraseng: Kr 575,- pr natt• STRYN tlf: 57 72 50 80 og www.avis.no • MÅLØY 1.-3. november: Pristilbod og reservasjon 11.-13. oktober:

Dansehelg

Fredag og laurdag: Pristilbod og reservasjon

tlf: 57 72 50 80 og www.avis.no

VAGABONDtlf: 57 72 50 80 og www.avis.no

Armine Helgheim frå Armenia Først og fremst er naturen i Sogn og Fjordane veldig fin. Eg trur også at det er lettare å bli kjent med nye folk i forhold til store byar. Det er også ein mykje tryggare stad for barna å vokse opp. Men eg skulle ønske at folk var meir opne og meir sosiale.

Fredag-søndag: frå kr 3040,p.p. i dobbelt inkl.middag og frukost

Tlf: 57 87 50 00

alex@alexandra.no

findriv.no Foto: Oddfrid V. Bergfjord

www.alexandra.no

Det vil vere godt å ha ein bonde i ryggen inn i framtida

Gloppen

Jordnær og livskraftig I Gloppen budde det 5 676 menneske 1. januar 2013. For to år sia var dette den beste kulturkommunen i landet, i fjor kom den på tredjeplass. Største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

55


Festprogrammet i haust:

heile fylket: Åheim – Hauge – Eikefjord – 13.–19. september: Mensen Ernst – gjennom r Askvoll – Brekke – Ortnevik –Fresvik – Leikange nse, Gulen 13. september: På Gulatinget, Thing-konfera Fjordhestgard, Breim k Nors 13.–14. september: Landbruksdagar – d i Førdehuset 14. september: Iskonsert – internasjonal kvel Årdal Janitsjar, Årdal og Sogndal 14.–15. september: Nordic tenors møter Øvre dal Lufthamn 16. september: Widerøe døyper «Sogndal», Sogn ranse «Bre til hav», Balestrand 16.–18. september: Vestnorsk reiselivskonfe før og no», Sogndal 18. september: Historieseminar: «Folk og fylke anger: Folketog, kulturfest, torgdag, 19. september: Den store bursdagsfesten i Leik omskonsert, Mensen Ernst går i mål, veteranbåtane, ungd og Fjordane, kor går vi? Balestrand 20. september: Framtidsseminar: Kor står Sogn blir avduka. Byrkjelo skulpturpark 21. september: Sogn og Fjordane-monument teneste i alle kyrkjer. 22. september: Kyrkja feirar jubileet. Festguds 22. september: Eikefjord kyrkje 200 år Lufthamn 25. september: Widerøe døyper «Florø», Florø QuizDan. Førde til 26. september: Fylkesfinale og kvalifisering på turne kongen frå Sogn. Sogn og Fjordane teater ut 26. sept.–24.oktober: «Mensen Ernst – løpe fjord 1.–13. oktober: «Flaggermusen» - Opera Nord 3. oktober: Vekst i vest – oljekonferanse, Florø 4.–7.oktober: Teaterfestival, Fjaler 6. oktober: Bikubesong – Riksteateret, Førde 11.–13. oktober: Jazz midt i fylket, Jølster 20.–26. oktober: Folkemusikkveka, Fjaler på biblioteket, Sogndal 26. oktober: Møte Joachim de Knagenhjelm strand 29. oktober Jubileum for Tjugum Kyrkje, Bale kåring av vinnaren i skrivekonkurransen 1.–3. november: Nynorske litteraturdagar med sert, Florø 2. november: Nynorsk shantyverkstad og –kon jubileumsframsyning – turne 1.–17. november: Dans utan grenser sin store r om ting-historia 5. november: Gaularseminaret: Historiesemina ikalen på turnè i fylket mus oms 10.–27. november: «Amerikareise» - ungd skonsert med lokale artistar 15.–16. november: KORK sin store jubileum og komponist! Nordfjordeid en 16. november: Barnas verdsdag, Førdefestival Dokument 13, Sandane 28.–30. november: Q-film – festival. Premiere: sturne frå Selje 28.–30. november: Sølvguttene på liten fylke , Dale 13. desember: Den store brufesten, Holmedal 31. desember: FINALE!

o ALLTID OPPDATERT PROGRAM PÅ www.sfj250.n

56

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år


Sogn og Fjorane 250 år