Vedtektene 2023-2027 (nynorsk)

Page 1


§ 1. Organisasjon

Namnet på forbundet er FO (Fellesorganisasjonen).

FO er medlem av Landsorganisasjonen i Noreg (LO).

FO er partipolitisk uavhengig.

§ 2. Formål

FO skal vere leiande arbeidstakarorganisasjon for barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar.

FO skal fremje løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane, og vere leiande på helse- og sosialpolitikk, yrkesetikk og profesjonsfag.

FO skal:

a. Arbeide for å betre løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane.

b. Arbeide for ei kontinuerleg utvikling av profesjonsfaga og utdanningane.

c. Vere ein pådrivar i helse- og sosialpolitikk.

d. Arbeide for å fremje den faglege og etiske standarden til medlemmane.

e. Arbeide for eit solidarisk samfunn der grunnpilarane er likeverd, tryggleik og ein rett for alle til utdanning og arbeid.

f. Kjempe for likestilling mellom kjønna.

g. Kjempe mot alle former for rasisme, diskriminering, undertrykking og forfølging.

h. Fremje samarbeid mellom kollegaer og organisasjonar på det helse- og sosialfaglege feltet i inn- og utland.

i. Arbeide for ei fri og uavhengig fagrørsle.

j. Synleggjere FO-profesjonane.

§ 3. Medlemskap

Vilkår for medlemskap:

1. Fullført bachelor-/masterutdanning innanfor barnevern, sosialt arbeid, vernepleie og velferdsfag.

2. Det kan bli gitt dispensasjon for søkjarar med likeverdige utdanningar. Dispensasjonssøknader blir behandla av arbeidsutvalet.

3. Studentar ved godkjende utdanningsløp, jf. pkt. 1.

Medlemskategoriar:

a. Yrkesaktive medlemmar.

b. Ikkje-yrkesaktive medlemmar.

c. B-medlemmar – yrkesaktive medlemmar (jf. pkt. 1 og 2 over) som arbeider i sektor/bransje/bedrift der forbundet ikkje har grunnlag for å opprette tariffavtale. Søknader om B-medlemskap blir behandla som i pkt. 2.

d. Studentar ved godkjende utdanningsløp, jf. pkt. 1. Medlemmar som tek mastergrad eller anna vidareutdanning og har studiet som primær sysselsetjing.

e. Pensjonistar/stønadsmottakarar.

Medlemmane pliktar å rette seg etter vedtektene og det yrkesetiske grunnlagsdokumentet til forbundet.

Personar som er medlemmar av rasistiske, nazistiske og/eller fascistiske organisasjonar, eller gir til kjenne at dei støttar desse, kan ikkje vere medlemmar av FO.

Ved flytting til utlandet får medlemmen kvilande rettar. Yrkesaktive medlemmar i utlandet betaler kontingent som B-medlem. Medlemmen høyrer framleis til avdelinga si.

§ 4. Organiseringsleddet til FO er:

a. Landsmøtet

b. Landsstyret

c. Arbeidsutvalet

d. Avdelingar

e. Klubbar

§ 5. Landsmøtet

§ 5.1 Generelt

Landsmøtet er det høgste organet til FO.

Landsmøtet blir halde kvart fjerde år, ordinært innan utgangen av november, og blir kalla inn av arbeidsutvalet med minst 36 vekers varsel.

Medlemmar som ønskjer å fremje eit forslag for landsmøtet, sender det til avdelinga si. For at forslaget skal kunne behandlast på landsmøtet, må det ha fleirtal i representantskapsmøtet til avdelinga. Det same gjeld forslag som blir fremja av avdelingsstyret.

FO-studentane fremjar saker etter behandling i avgjerdsorgana.

Saker som avdelingane ønskjer å få behandla på landsmøtet, må sendast til arbeidsutvalet minst 24 veker før landsmøtet.

Saker til landsmøtet med innstilling frå landsstyret skal liggje føre og gjerast tilgjengelege for medlemmane minst fem veker før landsmøtet.

§ 5.2 Representasjon

Delegatane til landsmøtet består av 156 avdelingsdelegatar, 12 studentdelegatar, éin delegat frå velferdsvitarane og medlemmane i landsstyret. Representanten for tilsette møter med tale- og forslagsrett i landsstyret.

Leiarar for yrkesetisk råd, kontrollkomité, valkomité og setjevalkomité møter med talerett.

Dei 156 avdelingsdelegatane til landsmøtet blir valde av representantskapet til avdelinga. FO blir delt inn i valområde, slik at medlemmane i kvar valseksjon i kvar avdeling utgjer eitt valområde.

Kvart valområde blir tildelt éin delegat uavhengig av medlemstal. Dei resterande delegatane blir fordelte prosentvis mellom valområda på bakgrunn av medlemstal per 01.04. same året som landsmøtet blir halde.

Delegasjonen som kvar avdeling sender til landsmøtet, må bestå av minst 50 % kvinner.

FO-studentane vel 12 delegatar, der alle bachelorutdanningane, jf. § 3.1, skal vere representerte.

Landsstyret vel ut éin person frå velferdsvitarutvalet som delegat til landsmøtet. Delegaten stiller med fulle rettar.

Landsmøtedelegatane må vere à jour med medlemskontingenten.

Fullmaktene skal vere underskrivne av to medlemmar av avdelingsstyret.

Fullmaktene til studentdelegatane skal vere underskrivne av leiar for FO-studentane.

Arbeidsutvalet utnemner ein fullmaktskomité som granskar fullmaktene og legg fram ei innstilling for landsmøtet, som fattar endeleg vedtak om godkjenning av fullmaktene.

FO dekkjer reise- og opphaldsutgifter for innkalla landsmøtedeltakarar.

§ 5.3 Dagsorden

1. Opning

2. Lovgrunnlag for innkallinga

3. Konstituering

3.1. Val av dirigentar

3.2. Val av sekretærar

3.3. Val av protokollkomité på tre medlemmar

3.4. Val av redaksjonskomitear

4. Godkjenning av fullmakter

5. Godkjenning av saksliste, dagsorden og forretningsorden

6. Skildringar

7. Rekneskap

8. Saker som er lagde fram av eller gjennom landsstyret

9. Prinsipprogram

10. Økonomi

10.1. Økonomiske prioriteringar for perioden

10.2. Fastsetjing av kontingent

11. Val av:

11.1. Arbeidsutval: Forbundsleiar, nestleiar og tre AU-medlemmar. Dei tre AU-medlemmane leiar kvart sitt profesjonsråd. Alle blir valde ved særskilde val.

11.2. Avdelingsrepresentantar ved landsstyret: éin representant og to vararepresentantar frå kvar avdeling. Representantskapet til avdelingane foreslår tre representantar: éin frå kvar valseksjon. Dei innstilte skal ikkje vere heiltids frikjøpte organisasjonstillitsvalde. Valkomiteen innstiller for landsmøtet kven av dei foreslåtte som skal vere faste representantar. Dei to andre er vararepresentantar. Blant dei faste representantane med røysterett i landsstyret skal ein leggje vinn på at ingen profesjon har fleirtal åleine. Minst 50 % skal vere kvinner. Det er ei målsetjing at dei viktigaste sektorane/ tariffområda blir representerte.

11.3. Éin representant og to vararepresentantar til landsstyret frå velferdsvitarane

11.4. Leiar og to medlemmar til kontrollkomité

11.5. Val av valkomité: leiar og seks medlemmar, jf. § 10.2.

11.6. Yrkesetisk råd

11.7. Andre tillitsvalde

11.8. Representantar med vararepresentantar til LO-representantskapet

11.9. Representantar med vararepresentantar til LO-kongressen

Saker som ikkje står på dagsordenen, kan ikkje avgjerast av landsmøtet. Landsmøtet kan likevel med 2/3 fleirtal vedta å behandle forslag til utoverretta fråsegner. Omfang og måte blir vedteke av landsmøtet under sak 5.

§ 5.4 Røysterett, behandlings- og røystereglar

Alle lovleg valde delegatar og medlemmane av landsstyret har røysterett.

Alle røystingar blir gjorde i samla landsmøte. Ved røysting har kvar delegat éi røyst.

Med mindre noko anna er bestemt, blir alle saker avgjorde ved votering med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal blir forslaget forkasta. Ved val blir det kravd alminneleg fleirtal.

§ 6 Ekstraordinært landsmøte

Ekstraordinært landsmøte blir kalla inn etter vedtak i arbeidsutvalet, landsstyret eller landsmøtet, eller dersom minst 10 prosent av medlemmane krev det skriftleg.

Det blir halde etter dei same reglane som eit ordinært landsmøte, med ei innkallingstid på to månader.

Det kan berre fattast vedtak i saker som er nemnde i innkallinga. Møtet kan ikkje hevast før protokollen er godkjend.

§ 7 Landsstyret

Landsstyret er høgste FO-organ i landsmøteperioden.

1. Landsstyret består av:

a. Arbeidsutvalet

b. Leiarane for avdelingane

c. Landsmøtevalde representantar frå avdelingane, jf. § 5.3, pkt. 11.2.

d. Éin landsmøtevald representant frå velferdsvitarane, jf. § 5.3. pkt. 11.3

e. Éin representant for FO-studentane

2. Desse tiltrer landsstyret med tale- og forslagsrett:

a. Éin representant frå FO-studentane. Medlemmen som skal representere FO-studentane i landsstyret, representanten som tiltrer, og to personlege varaar for desse, blir valde på årsmøtet til FO-studentane.

b. Éin representant for dei tilsette. Denne, pluss ein vararepresentant, blir vald av og blant dei tilsette i FO. Representasjonen er meint å vareta § 9-19 i hovudavtalen.

For leiarane av avdelingane er nestleiarane vararepresentantar.

Avdelingsrepresentantane i landsstyret møter fast i dei respektive representantskapa og avdelingsstyra.

Landsstyret blir kalla inn minst fem gongar i året. Innkalling skal skje skriftleg, med minst fire vekers varsel. Arbeidsutvalet kallar elles inn landsstyret når det er påkravd, eller når minst 2/3 av avdelingsrepresentantane i landsstyret krev det.

Landsstyret er vedtaksdyktig når minst 2/3 av medlemmane er til stades.

Alle saker i landsstyret blir avgjorde ved alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal gjeld røysta til leiar som dobbeltrøyst. Unnataket er ved val av leiar: Valet blir her avgjort ved loddtrekning etter ei andre votering.

Det blir ført protokoll frå landsstyremøta.

3. Ansvarsområdet til landsstyret:

a. Vedta handlingsplanar på dei ulike politikkområda.

b. Vedta budsjett.

c. Vedta overordna tariffpolitikk.

d. Vedta målsetjingar og prioriteringar for forbundet før kvart tariffoppgjer.

e. Opprette stillingar lokalt.

f. Fastsetje løns- og arbeidsvilkår for tillitsvalde.

g. Setje i verk suspensjon dersom tillitsvalde lokalt eller sentralt i organisasjonen ikkje utfører vervet sitt i tråd med vedtekter og overordna politiske dokument.

h. Utføre suppleringsval til landsmøtevalde organ ved fråfall.

i. Velje forhandlingsutval for to år for sentrale tariffområde, og vedta mandat for desse.

j. Velje velferdsvitarutval.

k. Velje ein delegat med vara frå velferdsvitarutvalet til landsmøtet etter innstilling frå valkomiteen. Jf. § 5.2. og § 10.2.

l. Opprette rådgivande utval etter behov.

m. Behandle søknader om oppretting av landsomfattande og fylkesoverskridande klubbar.

n. Slå fast grensene for organisasjonsområdet til kvar enkelt avdeling.

o. Slå fast dei økonomiske rammevilkåra for avdelingane.

p. Behandle dispensasjonssøknader frå avdelingane når det gjeld samansetjing av avdelingsstyret.

q. Behandle innsende skildringar og rekneskapar frå avdelingane.

r. Ha det overordna ansvaret for kompetanse- og opplæringsplan for alle tillitsvalde.

s. Ha eit særskilt ansvar for å vareta interessene til profesjonane.

t. Opprette tre profesjonsråd, og velje medlemmar til kvart av desse. Fylkesavdelingane sender inn forslag til medlemmar til valkomiteen, som innstiller til landsstyret.

u. Vere ankeinstans for godkjenningsordningane.

v. Fremje profesjonsfaglege spørsmål i den offentlege debatten.

w. Behandle saker som er fremja av avdelingane.

x. Velje ein setjevalkomité med tre medlemmar minimum seks månader før landsmøtet. Desse skal innstille på medlemmar av valkomiteen.

§ 8. Arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet er utøvande og høgste FO-organ mellom landsstyremøta.

Arbeidsutvalet består av fem medlemmar (jf. § 5.3).

Administrativ leiar møter i arbeidsutvalet.

Representanten for tilsette møter med tale- og forslagsrett når dette organet behandlar saker som gjeld dei tilsette.

Arbeidsutvalet og medlemmane av arbeidsutvalet har heilskapleg ansvar for politikken til FO.

Ansvarsområdet til arbeidsutvalet:

a. Representere FO overfor omverda.

b. Disponere vedtekne budsjett og godkjenne rekneskap.

c. Ta seg av løpande saker.

d. Leie arbeidet med tariffoppgjer i samsvar med formålet til forbundet, og med målsetjingane og prioriteringane som er vedtekne.

e. Tilsetje den administrative leiinga for FO.

f. Følgje opp og ha regelmessig kontakt med avdelingane.

g. Behandle søknader om medlemskap, jf. § 3, punkt 2.

h. Koordinere dei organisatoriske og politiske førebuingane til landsstyremøte og landsmøtet.

i. Drive politisk påverknadsarbeid.

j. Koordinere det profesjonsfaglege arbeidet i FO.

k. Behandle og førebu saker frå avdelingane for landsstyret.

Medlemmane har møteplikt til arbeidsutvalet. Arbeidsutvalet er vedtaksdyktig når minst tre av medlemmane er til stades. Alle saker i arbeidsutvalet blir avgjorde ved alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal har leiar dobbeltrøyst.

Det blir ført protokoll frå møta. Landsstyret tek protokollen til etterretning.

Forbundsleiar har fullmakt til å fatte vedtak mellom arbeidsutvalsmøta når dette er nødvendig. Slike vedtak blir lagde fram for arbeidsutvalet ved førstkomande møte.

§ 9 Valseksjonane

Medlemmane i FO blir delte inn i tre valseksjonar for å sikre breidde i representasjonen på landsmøtet, jf. § 5.2, og høyrer til ein av følgjande valseksjonar:

• Barnevernspedagog

• Sosionom

• Vernepleier

Velferdsvitarane høyrer til same valseksjon som sosionomane.

Medlemmar som har andre utdanningar, jf. § 3.2, blir plasserte inn under valseksjonen etter følgjande kriterium: arbeidsområde, utdanning, kva medlemmen sjølv ønskjer.

§ 10 Komitear, råd og utval

§ 10.1 Kontrollkomité

Landsmøtet vel ein sentral kontrollkomité som skal sjå til at dei organisatoriske og økonomiske disposisjonane som blir gjorde, er i samsvar med vedtekter og vedtak i landsmøtet, landsstyret og AU.

Medlemmane i kontrollkomiteen kan ikkje ha andre verv som organisasjonstillitsvalde i FO.

§ 10.2 Valkomité

Valkomiteen, jf. § 5.3, pkt. 11.5, skal ha følgjande samansetjing:

Alle valseksjonane skal vere representerte, og ingen profesjon skal ha fleirtal åleine. Kvar valseksjon har to vararepresentantar: 1. og 2. vara.

Leiar for valkomiteen skal ha to vararepresentantar (1. og 2. vara), som blir valde blant medlemmane i valkomiteen.

Mellom landsmøta har valkomiteen i oppgåve å innstille overfor landsstyret:

• Kandidatar for supplering til landsmøtevalde verv i perioden

• Medlemmar av profesjonsråd

• Medlemmar i velferdsvitarutvalet, jf. §7

• Delegat med vara frå velferdsvitarutvalet til landsmøtet, jf. § 7

§ 10.3 Profesjonsråd

Profesjonsråda har ansvar for å arbeide med interessene til medlemmane i spørsmål som gjeld bachelor-/masterutdanningar og utdanningar utover bachelornivå, fagutvikling, fagkritikk, yrkesetikk og andre profesjonsfaglege spørsmål.

Det blir valt tre profesjonsråd som blir leia av kvar sin medlem av Arbeidsutvalet. Profesjonsråda har åtte medlemmar kvar.

Velferdsvitarutvalet har éin representant i profesjonsrådet for sosionomar.

FO-studentane kan velje inn ein representant med vara frå respektiv utdanning.

Profesjonsrådet skal særleg:

a. Stimulere til idéskaping, nettverksbygging og debatt innanfor dei ulike arbeidsområda og profesjonane.

b. Bidra til å utvikle profesjonsfaget kritisk innanfor forsking, utdanning og i praksisfeltet.

c. Utvikle og leggje til rette for samarbeid mellom profesjonane og

andre fagmiljø.

d. Gi råd i sentrale spørsmål som gjeld profesjonane, utdanning, kompetansebehov, yrkesetikk m.m.

e. Sikre samarbeid og samanheng mellom arbeidet i profesjonsråda.

f. Ha ansvar for å utvikle kontakt og samarbeid med dei lokale profesjonsutvala.

g. Synleggjere kompetansen og arbeidsområda til profesjonane.

§10.4 Yrkesetisk råd

Yrkesetisk råd blir valt av landsmøtet, og er sett saman av tre medlemmar frå kvar valseksjon og éin frå velferdsvitarane. Berre éin av desse medlemmane kan ha anna utdanning enn bachelor som barnevernspedagog, sosionom, vernepleier eller velferdsvitar. I tillegg blir to eksterne medlemmar utnemnde.

Rådet har som mandat å bidra til etisk releksjon og medvit blant profesjonsutøvarane, og halde etisk diskusjon høgt på dagsordenen til organisasjonen. Rådet tek imot førespurnader for råd og drøfting av etiske spørsmål.

§10.5 Godkjenningsutval

Godkjenningsutval for dei respektive profesjonane blir utnemnt av landsstyret etter innstilling frå profesjonsråda.

§ 11 Avdelingane

§11.1 Organisasjonsområdet til avdelinga

Landsstyret fastset grensene for organisasjonsområdet til kvar enkelt avdeling, jf. § 7, pkt. n

Avdelinga organiserer medlemmar av FO som arbeider eller studerer innanfor organisasjonsområdet til avdelinga. For andre medlemmar gjeld bustadadresse. Landsstyret avgjer unntak frå desse føresegnene.

Oppdeling eller samanslåing av avdelingar skal behandlast av landsmøtet.

§11.2 Oppgåvene til avdelinga

Avdelinga skal leggje opp aktiviteten sin i tråd med prioriteringane som landsmøtet og landsstyret har bestemt.

Avdelinga har følgjande primære arbeidsoppgåver:

a. Vareta løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane.

b. Utvikle og oppretthalde eit effektivt lokalt klubb- og tillitsvaldapparat innanfor alle sektorar og tariffområde.

c. Støtte og hjelpe dei klubbtillitsvalde.

d. Vere bindeledd mellom medlem/klubb og forbundskontor i medlemssaker.

e. Drive skulering av tillitsvalde, og arrangere konferansar for tillitsvalde.

f. Samarbeide med andre avdelingar om skulering av tillitsvalde, og bygging av klubbar på tvers av avdelingar.

g. Drive aktiv medlemsverving og -bevaring.

h. Sørgje for at medlemmane får eit profesjonsfagleg tilbod på fylkesnivå.

i. Støtte opp om det helse- og sosialpolitiske arbeidet i forbundet, og gi klubbane nødvendig støtte på dette området.

j. Drive politisk påverknadsarbeid.

k. Stifte, skulere og oppretthalde lokallag av FO-studentane ved studiestadene i fylket.

l. Verve studentar ved bachelor- og masterutdanningane.

m. Arrangere årsmøte og representantskapsmøte i avdelinga.

n. Fremje aktuelle saker for landsstyret.

o. Samarbeide med andre fagorganisasjonar, profesjonar og ulike brukargrupper der dette er føremålstenleg.

p. Sende rapport og rekneskap til landsstyret.

§11.3 Årsmøtet til avdelinga

Årsmøtet er høgste myndigheit i avdelinga, og blir halde annakvart

år innan utgangen av mars.

Avdelingsstyret kallar inn til årsmøte med minst seks vekers varsel. Medlemmar og klubbar som ønskjer å fremje forslag til årsmøtet, må gjere dette minst fire veker før årsmøtet blir halde.

Saker til årsmøtet med innstilling frå styret blir tilgjengelege for medlemmane minst to veker før årsmøtet. Saker som ikkje står på dagsordenen, kan behandlast dersom 2/3 av årsmøtet ønskjer dette.

Alle saker som blir tekne opp på årsmøtet til avdelinga, blir avgjorde med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal gjeld røysta til leiar som dobbeltrøyst. Unntaket er ved val av leiar: Valet blir her avgjort ved loddtrekning etter ei andre votering.

Årsmøtet har følgjande dagsorden:

1. Opning

2. Konstituering

2.1. Lovgrunnlag for innkallinga

2.2. Val av dirigent(ar)

2.3. Val av sekretær(ar)

2.4. Val av protokollkomité

2.5. Val av redaksjonskomité

2.6. Val av teljekorps

2.7. Godkjenning av sakliste og dagsorden

2.8. Godkjenning av forretningsorden

3. Årsmelding

4. Rekneskap og rapport frå kontrollkomiteen

5. Innkomne forslag og handlingsprogrammet til avdelinga

6. Økonomi

6.1. Økonomiske prioriteringar for årsmøteperioden

6.2. Budsjett

7. Fastsetjing av storleik på og samansetjing av representantskapet (jf. § 11.4).

8. Val av:

8.1. Avdelingsstyret: leiar, nestleiar(ar), avdelingssekretærar og minst fem styremedlemmar. Blant styremedlemmane skal det vere ein

profesjonsfagleg ansvarleg for kvar profesjon, pluss ein kasserarfunksjon.

8.2. Profesjonsfaglege utval

8.3. Rådgivande utval

8.4. Valkomité

8.5. Kontrollkomité

8.6. Andre utval

Leiar, nestleiar(ar), avdelingssekretær(ar) blir valde for ein periode på fire år. Dei resterande vala blir gjorde for ein periode på to år.

Alle avdelingsmedlemmar som er à jour med kontingenten, kan veljast. Representantskapet til avdelinga møter med tale-, forslags- og røysterett. Andre medlemmar av avdelinga har møte-, tale og forslagsrett.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast etter vedtak i styret eller representantskapet til avdelinga, eller når minst 1/3 av medlemmane krev det skriftleg. Det blir kalla inn med minst tre vekers varsel, og kan berre fatte vedtak i saker som er melde i innkallinga.

FO-arbeidsutvalet får ein kopi av protokollen frå avdelinga innan fire veker etter årsmøtet. Kopien skal i tillegg til årsmelding og rekneskap, jf. § 11.2, innehalde rapport frå kontrollkomiteen.

§ 11.4 Representantskapet til avdelinga

Representantskapet er høgste avdelingsorgan mellom årsmøta.

Representantskapet består av valde representantar frå klubbar, pluss styret i avdelinga, inklusive landsstyrerepresentanten, leiarane for avdelingsutvalet og representantane frå FO-studentane.

Årsmøtet vedtek storleiken på og samansetjinga av representantskapet.

Avdelingsstyret kallar inn representantskapet til møte minst to gongar i året.

Medlemmane i representantskapet blir kalla inn med minst fire vekers varsel.

Avdelingsstyret kallar elles inn representantskapet når det finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmane i representantskapet krev det.

Representantskapet behandlar forslag til saker og val av delegatar til landsmøtet, og nominasjon av representant til landsstyret med vara. Dette skjer innanfor fristane som går fram av § 5.

Året før årsmøtet vel representantskapet ein setjevalkomité med tre medlemmar. Setjevalkomiteen innstiller medlemmar til valkomiteen som skal veljast på årsmøtet, og fungerer mellom årsmøta.

Det året det ikkje er årsmøte, vedtek representantskapet avdelingsbudsjettet og godkjenner avdelingsrekneskapen for førre år.

Alle saker i representantskapet blir avgjorde med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal gjeld røysta til leiar som dobbeltrøyst. Unntaket er ved val av leiar: Valet blir her avgjort ved loddtrekning etter ei andre votering.

Det blir ført protokoll frå representantskapsmøta.

§ 11.5 Avdelingsstyret

Avdelingsstyret er utøvande organ for avdelinga. Avdelingsstyret blir sett saman slik at ingen profesjon har fleirtal åleine. Anna samansetjing føreset dispensasjon frå landsstyret.

Medlemmane i avdelingsstyret har tale-, forslags- og røysterett.

Landsstyrerepresentant(ar) for avdelinga møter fast i avdelingsstyret med tale-, forslags- og røysterett.

FO-studentane vel to representantar til avdelingsstyret. Den eine har tale-, forslags- og røysterett, medan den andre har tale- og forslagsrett. Der avdelinga omfattar meir enn eitt lokallag, blir det valt ein representant med tale- og forslagsrett for kvart av dei andre lokallaga.

Avdelingsstyret er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmane er til stades. Ved likt røystetal har leiar dobbeltrøyst. Avdelingsstyret fører protokoll frå møta sine.

Arbeidsutvalet til avdelingsstyret består normalt av leiar, nestleiar og avdelingssekretær, og fungerer mellom styremøta etter fullmakt gitt av avdelingsstyret.

Mellom møta i arbeidsutvalet til avdelingsstyret har leiar fullmakt frå arbeidsutvalet til avdelingsstyret.

§ 11.6 Utvala til avdelingane

§ 11.6.1 Kontrollkomité

Kontrollkomiteen består av tre medlemmar som er valde av årsmøtet. Kontrollkomiteen skal sjå til at vedtak og økonomiske disposisjonar blir følgde opp i tråd med lovleg fatta vedtak. Kontrollkomiteen legg fram rapporten sin på årsmøtet. Medlemmar i kontrollkomiteen kan ikkje ha andre verv som organisasjonstillitsvalde i avdelinga.

§ 11.6.2 Valkomité

Valkomiteen består av like mange medlemmar frå kvar valseksjon. Valkomiteen blir vald av årsmøtet, og førebur val til påfølgjande årsmøte, i tillegg til suppleringsval i perioden og delegatar til landsmøtet.

§ 11.6.3 Rådgivande utval

Representantskapet eller avdelingsstyret utnemner dei rådgivande utvala som er nødvendige for å skjøtte avdelingsoppgåvene. Møte i rådgivande utval er å rekne som deltaking i styrande avdelingsorgan.

§ 11.6.4 Profesjonsfaglege utval

Profesjonsfaglege utval blir valde for kvar valseksjon med profesjonsfagleg ansvarleg som leiar. Alternativt blir det valt eitt felles profesjonsfagleg utval.

§ 12 Klubbar

§ 12.1 Organisasjonsområdet til klubben

Alle FO-medlemmar som er tilsette i ei verksemd, skal som hovudregel organiserast i ein felles klubb.

Alt etter korleis verksemda er organisert, kan enkelte klubbar vere avdelingsoverskridande eller landsomfattande.

Oppretting av avdelingsoverskridande og landsomfattande klubbar blir godkjend av landsstyret (jf. § 7).

§ 12.2 Klubbansvar

Klubben vel tillitsvalde etter hovudavtalen, som representerer medlemmane overfor arbeidsgivar.

I tillegg vel klubben representantar til representantskapet til avdelinga.

§ 12.3 Klubboppgåver

Dei viktigaste oppgåvene til klubben er å:

• Vareta interessene til FO-medlemmane som arbeidstakarar og profesjonsutøvarar innanfor verksemdene.

• Arbeide for å rekruttere og halde på medlemmar.

• Arrangere medlemsmøte etter behov.

§ 12.4 Organisering av klubben

Klubbane blir normalt sett organiserte etter ein allmøtemodell, men kan organiserast etter ein representantskapsmodell, alt etter storleik, geografiske forhold osv. Ei slik organisering må godkjennast av avdelingsstyret etter søknad frå klubben.

Avdelingsoverskridande klubbar blir vanlegvis organiserte etter representantskapsmodellen.

I allmøtemodellen blir alle klubbmedlemmane kalla inn til års- og medlemsmøte.

I representantskapsmodellen er det dei FO-tillitsvalde i organisasjonsområdet til klubben som blir kalla inn til års- og representantskapsmøte. Representantskapsmodellen føreset at det blir lagt til rette for medlemsmøte eller liknande innanfor dei enkelte avgrensa, geografiske, administrative/organisatoriske eller andre einingane av organisasjonsområdet til FO-klubben.

§ 12.5 Årsmøtet til klubben

Årsmøtet er høgste klubbmyndigheit, og blir arrangert minimum kvart andre år. Det blir kalla inn til årsmøte med minst 14 dagars varsel. Årsmøtet blir halde innan utgangen av februar.

Dagsordenen for årsmøtet ser slik ut:

1. Opning

2. Konstituering

2.1. Lovgrunnlag for innkallinga

2.2. Val av dirigent(ar)

2.3. Val av sekretær(ar)

2.4. Val av protokollkomité

2.5. Godkjenning av dags- og forretningsorden

3. Årsmelding

4. Innkomne forslag

5. Val av

5.1. Hovudtillitsvald

5.2. Klubbstyre: Leiar og styremedlemmar (eventuelt angitt som nestleiar/sekretær, kasserar, profesjonsfagleg ansvarlege / styremedlemmar m.m.)

5.3. Representant(ar) til representantskapet i avdelinga

5.4. Andre val

Klubbar som har eigen økonomi, må i tillegg behandle rekneskap og budsjett.

Alle saker i årsmøtet til klubben blir avgjorde med alminneleg fleirtal. Årsmøteprotokollen skal gjerast tilgjengeleg for alle medlemmar i klubben.

Protokollen skal sendast til avdelinga seinast fire veker etter årsmøtet.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast etter vedtak i klubbstyret, medlemsmøtet/representantskapet, eller når minst 1/3 av medlemmane krev det skriftleg. Det blir kalla inn med minst éi vekes varsel, og kan berre fatte vedtak i saker som er melde i innkallinga.

§ 13 FO-Studentane

FO-studentane er ei samanskiping av studentmedlemmane i FO, og ligg under landsmøtet. Organiseringa er landsomfattande, der lokallaga kan vere representerte i aktuelle avdelingar, og avdelingane skal støtte arbeidet til lokallaga jf. § 11.2, bokstav k. Årsmøtet til FO-studentane slår fast vedtektene til FO-studentane.

Aktivitetane til FO-studentane blir finansierte gjennom årlege løyvingar i landsstyret.

§ 14 Kvotering

Ved val til landsmøtet, landsstyret, arbeidsutvalet, avdelingsstyra og vedtektsfesta komitear, råd og utval skal minst 50 % av dei valde vere kvinner.

Ved val av klubbstyre og andre råd og utval lokalt og sentralt skal ein leggje vinn på at minst 50 % av dei valde er kvinner. I tillegg skal ein ved vala leggje vekt på mangfald når det gjeld alder, etnisitet og tariffområde/sektor.

§ 15 Tidsskrift

FO gir jamleg ut tidsskriftet Fontene, og spesialnummeret Fontene Forskning. Det er landsstyret som bestemmer formålet med tidsskrifta, kor ofte og i kor mange eksemplar dei skal givast ut.

§ 16 Økonomi/Kontigent

§ 16.1 Kontingent

Kontingent er å forstå som det medlemmane betaler for medlemskapen i FO.

Landsmøtet fastsetjer den ordinære kontingenten for yrkesaktive medlemmar.

Kontingenten for dei andre medlemskategoriane blir vedteke av landsstyret.

Kontingenten for yrkesaktive medlemmar blir fortrinnsvis betalt gjennom lønstrekk.

§ 16.2 Avdelingstilskot

Avdelingstilskotet fastsetjast av landsstyret under den årlege budsjettbehandlinga.

§ 16.3 Ekstrakontingent ved arbeidsstans

Ved arbeidsstans i samband med tariffkrav kan landsstyret vedta ekstrakontingent.

§ 17 Reknskap/Revisjon

§ 17.1 Årsrekneskap og revisjon

Den samla rekneskapen til FO blir gjort opp og revidert ved utgangen av kvart rekneskapsår.

Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert revisor.

§ 17.2 Årsrekneskap

Den samla rekneskapen til FO, revisjonsmeldinga og rapporten frå kontrollkomiteen blir send til landsstyret til orientering ved utgangen av kvart rekneskapsår.

Rekneskapen og revisjonsmeldinga blir lagde fram for landsmøtet til orientering.

§ 18 Urrøysting over tariffresultat

Det blir vist til LO-vedtektene § 14 om tariffkrav og tariffrevisjonar, og § 15 om røysting over tarifforslag – arbeidsstans.

Tarifforslag skal leggjast fram for medlemmane som interessetvisten gjeld. For at røysteresultatet skal gi eit fullverdig uttrykk for viljen hos medlemmane, skal det haldast ei urrøysting, jf. LO-vedtektene.

§ 19 Stønad under arbeidsstans

Alle medlemmar som er omfatta av arbeidsstans (streik eller lockout etter vedtak i medhald av § 18), har rett på stønad. Satsane for stønad fastsetjast av landsstyret.

Dersom medlemmar tek anna arbeid, må dei gi melding om dette til streike- eller lockoutkomiteen i avdelinga. Stønaden fell bort så lenge medlemmen har slikt arbeid.

Medlemmar som er utskrivne til vernepliktteneste når arbeidsstansen blir sett i verk, får stønad frå den dagen dei blir dimitterte.

§ 20 Utmelding

§ 20.1 Ordinær utmelding

Utmelding skjer skriftleg, og kontingenten blir betalt ut månaden utmeldinga skjer.

§ 20.2 Utmelding ved skuldig kontingent

Ein medlem som skuldar kontingent, blir som hovudregel meld ut etter to purringar.

§ 20.3 Utmelding i samband med arbeidskamp

Utmelding er ikkje mogleg så lenge forbundet er i arbeidskamp, dvs. frå og med dato for varsel om plassoppseiing.

§ 21 Suspensjon/Eksklusjon

§ 21.1 Grunn til suspensjon og ekskludering

Medlemmar som set seg ut over desse vedtektene eller det etiske grunnlagsdokumentet til forbundet, eller som på annan måte handlar til alvorleg skade for yrket sitt eller FO, kan bli suspenderte eller ekskluderte.

Medlemmar som er tilslutta eller gir til kjenne at dei støttar rasistiske/ nazistiske og/eller fascistiske organisasjonar, kan bli suspenderte eller ekskluderte.

§ 21.2 Vedtak om suspensjon og ekskludering

Arbeidsutvalet kan fatte vedtak om suspensjon. Dersom grunnlaget er av yrkesetisk karakter, blir saka behandla etter føregåande behandling og innstilling frå Yrkesetisk råd. Vedtak gjeld fram til landsstyret fattar vedtak om eksklusjon/frifinning.

§ 21.3 Høve til å anke

Vedtak om suspensjon kan ankast til landsstyret – innan éin månad etter at medlemmen har fått skriftleg varsel om det – utan at klaga har utsetjande verknad. Føresegnene i forvaltingslova gjeld.

§ 21.4 Nytt opptak som medlem

Ein medlem som har vore ekskludert, kan bli teken inn att som medlem etter vedtak av landsstyret.

Den suspenderte/ekskluderte har høve til å bringe avgjerda inn for landsmøtet.

§ 21.5 Møterett ved behandling

Ein medlem som er foreslått suspendert/ekskludert, har rett til å gjere greie for synet sitt før behandlinga hos arbeidsutvalet/landsstyret.

Korleis dette skal gjerast, blir avtalt i kvart enkelt tilfelle ut frå praktiske omsyn.

§ 22 Vedtektsendringar

Endringar i vedtektene blir vedtekne på landsmøtet med 2/3 fleirtal.

§ 23 Avvikling av FO

FO kan avviklast dersom landsstyret set fram forslag om det overfor landsmøtet, og forslaget blir vedteke med 5/6 av røystene.

Kontakt oss

FO (Fellesorganisasjonen)

Mariboesgate 13

Pb 4693 Sofienberg

0506 OSLO

kontor@fo.no

+47 919 19 916

Stå opp for trygghet

FO (Fellesorganisasjonen) er fagforeningen og profesjonsforbundet for barnevernspedagoger, sosionomer, vernepleiere og velferdsvitere.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.