Medborgarskap NYN (9788211042521)

Page 1

Dette idealet om at vi er aktive, engasjerte medborgarar, er ikkje alltid lett å oppfylle. Nokre vel frivillig å stå utanfor i delar av eller heile livet. Andre att hamnar på utsida som eit resultat av forhold og situasjonar dei ikkje ønskjer. Uavhengig av årsak er utanforskap eit forhold som vi må forstå og forklare.

Formålet er å gi elevane grunnlag for å forstå det samfunnet vi alle er ein del av, og for å finne sin plass i dette samfunnet. Boka dekkjer læreplanen for samfunnskunnskap Vg1/Vg2.

edelinn b. gjerde er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Ho er lektor ved Metis videregående skole og underviser i samfunnskunnskap og rettslære.

ISBN 978-82-11-04252-1

SAMFUNNSKUNNSKAP Vg1/VG2 NYN

kjetil evjen er universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har også brei erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen.

MEDBORGARSKAP

Denne læreboka har som ambisjon å gi ei forståing for dei samfunnsforholda enkeltmennesket må ta omsyn til på sin veg gjennom livet. Dette gjeld ikkje berre vegen frå barndommen, via ungdomstida og over i vaksenlivet. Det gjeld også politisk engasjement i spennet frå lokaldemokratiet til internasjonale forhold.

KJETIL EVJEN • EDELINN B. GJERDE

MEDBORGARSKAP handlar om å vere ein fullverdig medlem og deltakar i det samfunnet vi er ein del av. Det handlar om deltaking i politiske spørsmål og om å la stemma si bli høyrd i korleis samfunnet skal bli styrt og utvikla. Medborgarskap handlar også om å oppfylle krav og forventningar frå samfunnet om oppførsel, utdanning og deltaking i arbeidslivet.

KJETIL EVJEN • EDELINN B. GJERDE

MEDBORGARSKAP SAMFUNNSKUNNSKAP

VG1/VG2 NYN


Copyright © 2021 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåva / 1. opplaget 2021 ISBN: 978-82-11-04252-1 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Layout, sats og illustrasjonar: Melkeveien designkontor as Omslagsdesign: Kristin Berg Johnsen Omslagsfoto: serts / Getty Images Omsetjing til nynorsk: Jan Gausemel Forfattarane har fått støtte frå Det faglitterære fond. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillaten når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


KJETIL EVJEN OG EDELINN B. GJERDE

MEDBORGARSKAP SAMFUNNSKUNNSKAP VG1 / VG2

NYNORSK


IN HO LD

Innhald Forord

DEL 1

Medborgarskap

a Samfunn, gruppe og individ b Medborgarskap og statsborgarskap c Kvifor og korleis påverke? d Det norske demokratiet e Dei politiske partia f Val og valkamp g Etter valet – kva skjer no? h Lokaldemokratiet – kommunar og fylkeskommunar i Når valet er over – korleis påverke? j Økonomi, velferd og politisk usemje

DEL 2

Finn din plass i samfunnet – sosialisering identitet og kultur k Sosialisering, identitet og personlegdom l Sosiale avvik, utanforskap og kriminalitet m Kulturar i møte med enkeltmennesket n Det norske kulturelle fellesskapet

DEL 3

Livsmeistring og livsfasar – frå barn til vaksen

o Livsfasar – moglegheiter og utfordringar p Barndommen – den første sosialiseringa q Ungdomstid og aktive livsval r Unge vaksne, utdanning, personleg økonomi og livsval s Livet som vaksen – yrkeslivet og økonomisk uavhengigheit

DEL 4

5

6

8 13 18 28 39 50 57 66 75 82

94

96 106 119 125

133

135 140 150 156 167

Ei verd av statar i samarbeid og konflikt

186

Stikkordsregister

246

t Den suverene staten u Politiske og kulturelle fellesskap v Internasjonale samfunn og internasjonal politikk w Ei verd i konflikt x Internasjonale avtalar og organisasjonar y Fungerer samarbeidet?

Følgande tema blir breiare dekt på den digitale ressursen: Den digitale medborgaren og Metode og skriving

188 191 202 210 221 240


N O D

FORORD Det samfunnet vi alle er ein del av, endrar seg heile tida og vil også halde fram med å endre seg i framtida. Sjeldan er likevel samfunnsendringane så raske og omfattande som det som prega både 2020 og 2021. Denne boka har vorte til under ein pandemi som vi veit kjem til å prege verda i mange år framover, sjølv om vi enno ikkje veit korleis det vil ende! Samfunnskunnskap som fag handlar derfor ikkje berre å få kunnskap om korleis samfunnet fungerer, men også om å utvikle dei ferdigheitene og få dei verktøya som trengst for å forstå og forklare det framtidige samfunnet. Vi har valt å bruke medborgarskap som inngang til faget. Det er fordi at same korleis verda ser ut om ein generasjon eller to, så vil vi uansett heile tida vere nøydde til å leve saman som nettopp medborgarar. Sjølve boka er delt inn i fire delar. I den første delen tek vi for oss demokratiet og det politiske systemet, og formålet er å gi deg dei verktøya og den kunnskapen du treng for at du skal kunne bli ein aktiv medborgarar i det norske demokratiet. I den andre delen av boka ser vi på kva som formar oss som menneske, korleis kultur og identitet blir til gjennom sosialisering. Her presenterer vi omgrepsapparatet som trengst for å forstå samfunnet rundt oss. Den tredje delen av boka handlar om livsmeistring og livsfasar. Denne delen bygd opp rundt dei utfordringane og dei vala ein medborgar i samfunnet må ta gjennom livet, frå ein er barn, gjennom ungdomsår med viktige livsval og gjennom vaksen- og yrkeslivet. Den fjerde delen av boka handlar om den store og uoversiktlege verda rundt oss. Formålet her er at du skal forstå både din eigen plass og Noregs plass i det verdsamfunnet som består av statar, nasjonar, religionar og andre større og mindre fellesskap. Det er i dag eit verdssamfunn som er prega av store konfliktar og store felles utfordringar, men også av samarbeid og framtidshåp. Til denne læreboka er det laga ein digital tilleggsdel. Her kan du finne både tilleggsstoff og fordjupingsoppgåver. Det vil også vere ein sjølvstendig del som handlar om den digitale medborgaren. Her vil tema som falske nyheiter, personvern, algoritmar og digitalisering av samfunnet bli diskuterte i eit eige kapittel. Dette er tema som endrar seg raskt, og som krev meir hyppige oppdateringar enn det som er mogleg med ei lærebok. Vi ønskjer lykke til med skoleåret – og god lesing!


1 MEDBORGARSKAP

6

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Alle vi som er ein del av det norske samfunnet, er på ein eller annan måte avhengige av kvarandre. Heilt overordna kan vi seie at det er det denne boka og dette faget handlar om: korleis vi lever saman i samfunnet, og korleis ulike samfunn fungerer saman. Det handlar også om deg som menneske og menneska du lever saman med i ulike grupper og samfunn. Det er både fint og vanskeleg. Dei fleste har nok ein eller annan gong kjent på kjensla av at dei helst ville sleppe det å vere avhengig av andre, men også å ha ansvar for andre. I andre situasjonar er vi glade for den hjelpa vi kan få frå kjende og ukjende rundt oss. Mange vil også ha glede i nettopp det å kunne hjelpe andre. Når eit samfunn blir råka av kriser, blir denne kjensla av gjensidig avhengigheit sett på prøve. Og den kanskje største testen på kor godt eit samfunn fungerer, er korleis det reagerer når det nettopp blir sett på ei alvorleg prøve. Koronapandemien som ramma verda i 2020, er nettopp ei slik krise som sette heile samfunnet på prøve. Både enkeltmenneske, politikarar og organisasjonar måtte finne nye måtar å vere saman på. Denne typen kriser kan både styrkje og svekkje eit samfunn, alt etter kor godt vi klarer å handtere dei utfordringane som kjem. Det som er klart, er at mange har vorte merksame på kor avhengige vi er av kvarandre og det samfunnet vi alle er ein del av. Medborgarskap handlar om å vere ein del av eit samfunn og finne sin plass i samfunnet. Det er noko som ikkje alltid er like lett for alle, og ulike menneske har ulike føresetnader og moglegheiter for å delta. Respekt for meiningane og livsvala til andre menneske er derfor også viktig for å finne sin plass i fellesskapet.

17. mai 2020. Ei nesten folketom Karl Johans gate som vanlegvis ville vore fylt opp med tusenvis av menneske i barnetoget. Og kva er konsekvensane for samfunnet på lengre sikt?

MEDBORGARSKAP

7


1

SAMFUNN, GRUPPE OG INDIVID Menneske har alle stader og til alle tider søkt saman. Det er mange grunnar til dette. Menneske ønskjer å høyre til eit fellesskap og søkjer derfor saman. Grunnlaget for ulike fellesskap er derfor ein viktig del av å forstå korleis samfunnet fungerer. For at gruppa skal klare seg over tid, er det viktig å rekruttere nye medlemmer. Dette kan skje både ved at barn blir fødde, og ved at utanforståande blir inkluderte i fellesskapet. Derfor er både familieliv og integrering viktige funksjonar i eit samfunn. Gruppa treng også å sørgje for at nye medlemmer tilpassar seg dei lovene og reglane som gjeld for fellesskapet, og dei tradisjonane og rituala som knyter fellesskapet saman. Derfor er det så viktig å forstå kvifor kultur, normer og verdiar er sentrale i eit samfunn, og korleis desse blir lærte gjennom sosialisering. For at gruppa skal overleve, er det også nødvendig å organisere produksjon av ressursar for å sørgje for mat, ein stad å bu og anna gruppa har behov for. Men det er også viktig å fordele dei ressursane som blir produserte. Derfor er arbeidsliv og politiske spørsmål som er knytte til fordeling av ressursar, ein del av faget. Innanfor ei gruppe trengst det også metodar for å ta avgjerder og lage reglar på vegner av fellesskapet. Derfor er demokrati og kunnskap om korleis ein som enkeltperson kan påverke demokratiet, også viktig. Til sist er også vern viktig, medlemmene av samfunnet må bli beskytta både frå kvarandre og utanforståande. Derfor er både rettsstaten og spørsmålet om kvifor samfunnet straffar lovbrytarar, tema. Rolla til politiet og militæret og den plassen samfunnet har i ei større verd, er også ein viktig del for å forstå samfunnet. Det er dette samfunnet og samspelet mellom alle funksjonane i samfunnet og alle enkeltmenneska som lever der, som er hovudtema i denne læreboka i samfunnskunnskap. Eit samfunn vil alltid bestå av enkeltmenneske, eller individ. I faget samfunnskunnskap er det samfunnet som heilskap som er det sentrale. På same tid er individet den grunnleggjande og på mange måtar den viktigaste byggjesteinen i samfunnet. Derfor har også individet ein stor plass i faget.

8

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


For å forstå samfunnet må vi studere både enkeltmennesket og fellesskapet. Vi må derfor bruke både mikro- og makroperspektivet.

Å studere eit samfunn Når vi skal studere korleis eit samfunn fungerer, kan vi bruke to perspektiv. På den eine sida kan vi ta utgangspunkt i kvart enkelt menneske. Eit samfunn er summen av alle individa, og det kan derfor vere rett å studere nettopp enkeltmenneske. Skal vi til dømes forstå årsaker og konsekvensar av kriminalitet, er det naturleg å starte med å intervjue ein som sit i fengsel, eller ein som har vorte utsett for ei kriminell handling. Dette blir gjerne kalla mikroperspektivet. Eit anna utgangspunkt er å begynne med samfunnet som heilskap. Her er tanken at det er samfunnet i seg sjølv, ikkje alle enkeltmenneska, det er verdt å studere, og metodane blir derfor annleis. Statistikk er eit vanleg verktøy for å forstå samfunnet med dette utgangspunktet. Når vi samlar inn statistikk over kven som driv med kriminalitet og kven som er offer for kriminalitet, er det mogleg å få ny kunnskap. Dette utgangspunktet blir ofte kalla makroperspektivet. Det er vanleg å bruke ein kombinasjon av desse to perspektiva for å hente inn kunnskap om samfunnet og for å forstå det. Kombinasjonen av kunnskap om korleis samfunnet fungerer, og teoriar om korleis samfunnet kan fungere, er det som driv forståinga vår for samfunnet vidare. Eit samfunn kan verke nokså komplisert og vanskeleg å forstå. Men det er viktig å ha kunnskap om og kunne forstå det samfunnet vi lever i, for å kunne vere ein aktiv medborgar i det. Det er viktig at flest mogleg blir aktive og deltakande medlemmer av samfunnet.

SAMFUNN, GRUPPE OG INDIVID

9


Kunnskap om samfunnet og forståing for korleis det fungerer, er viktig for at du skal Dette er Norge 2020 klare deg i det samfunnet du er ein del av. Det er i di interesse å få kunnskap om korleis det fungerer, engasjere deg i samfunnet og ønskje å påverke utviklinga i det. Det er også i samfunnet si interesse at du gjer det. Det er naturleg å ta utgangspunkt i det norske samfunnet. Det er det norske samfunnet med dei lovene, reglane og systema som gjeld her, som er ramma for oss og dei moglegheitene og avgrensingane vi har. Noreg kan vi forstå på fleire måtar. Vi kan sjå på det geografisk, altså som det landet som strekkjer seg frå nord til sør og aust til vest. Vi kan sjå på staten med storting, regjering, politi og militære. Vi kan også sjå på Noreg som eit samfunn som består av alle dei individa som bur innanfor grensene. Desse ulike utgangspunkta vil påverke korleis vi forstår Noreg.

Det norske samfunnet Vi kan ha som utgangspunkt at det norske samfunnet inkluderer alle menneske som bur innanfor landegrensene. Det er dette samfunnet dei fleste av oss må ta omsyn til kvar einaste dag. Det er også reglane, lovene og tradisjonane i dette samfunnet vi følgjer eller i nokre tilfelle bryt. Men det er ikkje alltid slik at det er samfunnet forstått som alle som bur innanfor landegrensene, som er det naturlege utgangspunktet. Ofte er det meir lokale forhold som det er viktig å setje seg inn i og forstå. Det norske samfunnet består av mange lokalsamfunn. Eit lokalsamfunn kan vere ei bygd, ein bydel, ei grend eller ei gate. Kommunen er gjerne ramma for litt større lokalsamfunn, men kommunar kan variere svært mykje i kor store dei er, og er derfor svært ulike. Nokre samfunn kan også gå på tvers av landegrenser. Det klaraste dømet på dette er religiøse samfunn som ofte ikkje er avgrensa av statsgrenser. Det same gjeld små og store kulturelle fellesskap som til dømes ulike folkegrupper. Samfunnet skal leggje til rette for at vi skal kunne leve eit godt liv. For å få til dette legg samfunnet til rette for at vi får moglegheiter, men det set også grenser på kva vi kan og ikkje kan gjere. Viktige spørsmål er også i kor stor grad samfunnet

10

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


kan bruke makt for å sikre det som er best for fellesskapet, og kor mykje fridom og plass enkeltmenneske og grupper skal få som ikkje er samde med dei lovene, reglane, normene og verdiane som fleirtalet oppfattar som rett.

Det blir forska mykje på byane i Noreg. Det blir til dømes forska på helsetilstanden i befolkninga, område med utfordringar, folketal, flytting, skole og utdanning, inntekt og sosiale forhold.

Repetisjonsoppgåver 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.

Kva er eit samfunn? Kva funksjonar har eit samfunn? Kva vil det seie å ha eit mikroperspektiv på studiet av samfunnet? Kva vil det seie å ha eit makroperspektiv på studiet av samfunnet Kva rolle har enkeltmennesket, eller individet, i samfunnet? Kva meiner vi med omgrepet storsamfunnet? Kva skil eit storsamfunn frå eit lokalsamfunn?

Fordjupingsoppgåver 8. Det er den norske staten som legg grunnlaget for det livet vi lever. Kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om staten Noreg? Kva rolle har staten i eit samfunn? 9. Kva typar samfunn kan krysse landegrenser?

SAMFUNN, GRUPPE OG INDIVID

11


10. Kva er meint med at det er i storsamfunnet si interesse at du og alle andre lever eit godt liv? 11. Kva typar kunnskap er nyttig for å kunne klare seg i samfunnet? 12. Kva er meint med at vi alle er gjensidig avhengige av kvarandre i eit samfunn? 13. Korleis har koronakrisa påverka det norske samfunnet? Trur du nokre av desse endringane vil bli varige? 14. Drøft påstanden om at vi alle er gjensidig avhengige av kvarandre i eit samfunn. Er det alltid slik, og bør det alltid vere slik?

Drøftingsoppgåver 15. Kvifor er det slik at menneske til alle tider har søkt saman i større samfunn? Diskuter moglege forklaringar. 16. Balansen mellom kva moglegheiter samfunnet skal gi enkeltmennesket, og kva avgrensingar samfunnet bør leggje på enkeltmennesket, er eit av dei viktigaste spørsmåla vi må ta stilling til. Diskuter om vi har funne den balansen i det norske samfunnet. 17. Korleis påverkar koronakrisa det norske samfunnet? Trur du nokre av desse endringane vil bli varige? 18. Drøft påstanden om at vi alle er gjensidig avhengige av kvarandre i eit samfunn. Er det alltid slik, og bør det alltid vere slik?

12

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


2

MEDBORGARSKAP OG STATSBORGARSKAP Medborgarskap handlar om å vere ein del av eit samfunn og finne sin plass i det. Det er noko som ikkje alltid er like lett for alle, og ulike menneske har ulike føresetnader og moglegheiter for å delta. Ein måte å forstå kva vi legg i medborgarskap, er å forklare eit anna omgrep: statsborgarskap. Eit statsborgarskap kan vi sjå på som ein kontrakt mellom enkeltmennesket og staten. Det norske passet er eit fysisk bevis på denne kontrakten. Som statsborgarar har vi ei rekkje rettar og plikter overfor staten. Vi har plikt til å gå på skole opp til ein viss alder, vi har verneplikt, og vi har plikt til å betale skatt på inntekt. Desse tre pliktene, skoleplikt, verneplikt og skatteplikt, er ein del av avtalen mellom oss og staten. Som eit døme er det å gå på skole i ti år ei plikt, det er noko du må gjere. Frå og med vidaregåande og vidare inn på høgare utdanning er det ein rett, det er noko du har rett til å gjere. Vi kan seie at medborgarskap er noko meir komplisert enn statsborgarskap, sidan det ikkje handlar om forholdet enkeltmenneska har til staten, men om forholdet enkeltmenneska har til kvarandre. Å vere ein medborgar vil seie at du Er du norsk statsborgar, treng du pass dersom du skal til land har eit forhold til alle dei andre enkeltmenneska som Noreg ikkje har avtalar om rundt deg i det fellesskapet vi kallar samfunnet. passfridom med. Men dei fleste har nok med seg passet likevel når dei Ei tydeleg utvikling dei siste tiåra er at vi har skal reise utanlands. fått eit samfunn som har gitt oss færre plikter og fleire rettar. Det blir heile tida laga nye lover som gir oss fleire rettar. I tillegg er vi knytte til internasjonale avtalar som også sikrar nye rettar. FNs barnekonvensjon er eit slikt døme. Denne konvensjonen fekk status som norsk lov i 2003. Det gjer at han går føre nasjonale lover som gjeld barn.

MEDBORGARSKAP OG STATSBORGARSKAP

13


Integrering i samfunnet For å forstå den plassen alle menneske har i samfunnet, og kvifor somme fell utanfor, kan vi bruke omgrepet integrering. Omgrepet blir som regel nytta i samband med innvandring, men også til å skildre kor mykje vi alle saman i varierande grad er ein del av samfunnet. Å vere godt integrert aukar sjansane for å vere ein god medborgar. Det gjer det mogleg ikkje berre å ta imot alt det samfunnet tilbyr deg, men det blir også lettare å påverke det samfunnet du er ein del av. Som elev på ein vidaregåande skole i Noreg er du i utgangspunktet godt integrert. Dei fleste bur heime med familien. Skolen, venner og fritidsaktivitetar legg stort sett føreseielege rammer rundt livet. Som elev blir du følgd opp av samfunnet. Lærarar, helsesjukepleiarar og andre tilsette har ei viktig rolle. Det blir registrert om du er til stades eller ikkje, og kor godt du gjer det i alle fag. Både offentlege organ og private organisasjonar bruker skolen som arena for å nå fram til ungdommen med informasjon, formaningar og haldningskampanjar. Samfunnet og skolen vonar at du vil ha ei rolle som ein aktiv medborgar, og oppmodar deg til å delta. Det er likevel langt frå alltid slik at du og dei rundt deg har den same entusiasmen for å gjere dette. Det kan vere mange grunnar for at ein vel å ikkje engasjere seg, til dømes den livsfasen ein er i, eller at ein har meir personlege bekymringar som ein opplever som viktigare. Mange er jo rett og slett ikkje interesserte i samfunnsspørsmål eller politiske spørsmål.

Alle nye statsborgarar blir inviterte til å delta i ein seremoni for å markere at dei har fått norsk statsborgarskap. Her taler statsministeren under statsborgarseremonien i Oslo rådhus.

14

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Tillit til kvarandre og tillit til samfunnet Medborgarskap handlar altså om forholdet enkeltmenneska har til kvarandre. Det å ha tillit til andre er viktig i forholdet mellom menneske. Forsking har vist at høg grad av tillit mellom menneske er ein fordel for alle. Det norske samfunnet er eit samfunn der vi har høg til tillit til kvarandre. Det vil seie at vi stort sett tenkjer positivt om dei andre i samfunnet, sjølv dei vi aldri har møtt. Denne tilliten er gjensidig, altså at dei andre medlemmene i samfunnet i utgangspunktet også har tillit til deg. Det gjer at inntil ein har opplevd noko som tilseier noko anna, så tek innbyggjarane i det norske samfunnet for gitt at dei fleste vil kvarandre vel, sjølv dei som ikkje kjenner kvarandre. Vi skil gjerne mellom horisontal tillit – tillit mellom medborgarar, og vertikal tillit – tillit mellom enkeltmennesket og staten.

Gardsbutikk med sjølvbetjening. Sjølvbetjening byggjer på tillit. Nokre meiner at den store tilliten nordmenn har til eige samfunn, er viktigare for økonomien enn oljen i Nordsjøen.

I Noreg er det også slik at vanlege menneske har høg tillit til det offentlege og dei statlege institusjonane, slik som politiet, helsestellet og forsvaret. Vi stoler også stort sett på dei som styrer over oss, alle politikarane og andre som arbeider på offentlege kontor. Tillit er på mange måtar olje i samfunnsmaskineriet. Det gjer at alt i samfunnet flyt betre, tek kortare tid og sparer samfunnet for store ressursar. Høg tillit i samfunnet er derfor eit gode som vi alle har interesse av å halde på. Dette ser vi spesielt tydeleg når vi samanliknar korleis det norske tillitssamfunnet stilte

MEDBORGARSKAP OG STATSBORGARSKAP

15


seg til koronakrisa. Eit klart fleirtal av befolkninga følgde dei pålegga og reglane som styresmaktene presenterte, rett og slett fordi vi stoler på at politikarane gir gode og fornuftige råd som også er baserte på faglege tilrådingar. Styresmaktene kunne igjen stole på at folk stort sett følgde dei tilrådingane som vart gitt, og det var ikkje nødvendig å bruke makt for at folk skulle følgje reglane. Dette gjorde oss truleg betre rusta til å handtere den krisa som kom. Dette er ein sterk kontrast til land med lågare tillit til styresmaktene, der reglar ikkje vart følgde, der folk protesterte mot det styresmaktene hadde bestemt, og der løysinga vart at det måtte setjast inn politi og militære for å tvinge folk til å halde seg innandørs. No er det fullt mogleg å ha for mykje tillit, og spesielt overfor staten og offentlege organ er det viktig også å ha eit kritisk blikk og ikkje alltid akseptere at staten veit best. Heldigvis er det slik at vi har fleire måtar å påverke nettopp korleis denne staten vår blir styrt. Det er gjennom demokratiet vårt vi har høve til å påverke korleis det norske samfunnet blir styrt. Det store spørsmålet blir da både kvifor og korleis vi kan påverke.

Røde Kors hjelpekorps på oppdrag vinterstid. Rundt 63 prosent av befolkninga (over 15 år) gjer frivillig arbeid i løpet av eit år.

16

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Repetisjonsoppgåver 1. 2. 3. 4. 5.

Kva er medborgarskap, og kva vil det seie å vere ein medborgar? Kva er statsborgarskap, og kva det seie å vere ein statsborgar? Kva er meint med å vere integrert i samfunnet? Kva er meint med at vi som innbyggjarar i eit land har både rettar og plikter? Kvaer meint med påstanden om at Noreg er eit tillitssamfunn?

Fordjupingsoppgåver 6. Kva er meint med at det er ein kontrakt mellom staten og innbyggjarane i eit land? 7. Eit samfunn prøver å balansere dei rettane eit individ har, og dei pliktene eit individ har. Vurder din eigen situasjon som skoleelev. Er det ein god balanse mellom dei rettane og pliktene du har? 8. Kvifor er tillit viktig i eit samfunn? 9. Forklar korleis det er mogleg å bruke omgrepet integrering for å forstå den plassen andre menneske har i samfunnet. 10. Kva er skilnaden på horisontal og vertikal tillit? 11. Kva går omgrepet generalisert tillit ut på, og kva skil det frå den tilliten du har til venner og familie? 12. Kva er meint med påstanden om at «tillit er olje i samfunnsmaskineriet»?

Drøftingsoppgåver 13. Er det slik at vi utgangspunktet alltid skal ha tillit til offentlege institusjonar som politi, brannstell og domstolar? Drøft denne påstanden. 14. Både for lite tillit og for mykje tillit i eit samfunn kan i nokre situasjonar vere problematisk. Diskuter døme på begge delar. 15. Kva er meint med påstanden: Vi får gradvis eit samfunn som gir oss fleire rettar og færre plikter. Diskuter vidare om dette er ei positiv eller ei negativ utvikling. 16. Drøft denne påstanden: Det norske tillitsamfunnet gjorde oss betre i stand til å takle koronakrisa som kom i 2020, og vil også gjere oss betre i stand til å takle framtidige kriser.

MEDBORGARSKAP OG STATSBORGARSKAP

17


2 FINN DIN PLASS I SAMFUNNET – SoSiALiSERinG, IDENTITET OG KULTUR

94

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Vi lever det meste av livet vårt i fellesskap med andre. Vi lever i eit samfunn, og vi er både avhengige av og blir påverka av omgivnadene rundt oss. Det gjer at vi også heile tida må tilpasse oss dei menneska som er rundt oss, samstundes som vi prøver å finne vår eigen plass i det same fellesskapet. Denne balansen mellom ønsket om å vere ein del av noko større samstundes som ein skal finne plass til seg sjølv, er ikkje alltid like lett. For at samfunnet skal fungere godt, er det viktig å leggje til rette for at vi har eit godt liv saman. Men samfunnet set også grenser for kva vi kan og ikkje kan gjere. Det norske samfunnet er på mange område nokså fritt og gir oss mange moglegheiter, mens det på andre område stiller ganske strenge krav til oss, krav som det ein ventar at vi oppfyller. Frå du var eit lite barn og gjennom ungdomstida, handlar det mykje om nettopp tilpassing til andre. Både heime, i barnehagen og gjennom barne- og ungdomsskolen må du i stor grad ta omsyn til dei rammene som samfunnet set. Noko kan vere irriterande og verke frustrerande og unødvendig. Mange gonger har du nok tenkt at du helst vil gjere det du sjølv ønskjer. Likevel har du stort sett tilpassa deg, ofte utan at du reflekterer eller tenkjer så mykje over det du gjer. Nokre gonger har du kanskje utfordra desse rammene sjølv og fått det du oppfattar som negative reaksjonar. Dei neste kapitla handlar om nettopp dette, om korleis individet blir forma av samfunnet, og korleis individet finn sin plass i samfunnet. Dei aller fleste greier dette heilt fint, mens andre anten på grunn av eigne val eller andre forhold ikkje klarer det like godt.

Ungdomstida er for dei fleste ei spennande tid, men også ein utfordrande periode i livet.

FINN DIN PLASS I SAMFUNNET

95


11

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM Når eit barn blir fødd, er det utan noka form for påverknad frå omgivnadene. I den første levetida hermar barnet etter dei vaksne rundt seg, både i reaksjonsmønster og humør. Sjølv om barn lærer av andre, vil menneske likevel vere ulike og leve på ulike måtar. Grunnen til dette er at barn har ulike oppvekstvilkår og blir forma forskjellig frå foreldra sine. Den forminga som går føre seg, kallar vi sosialiseringsprosessen. Sosialisering handlar om at enkeltmenneske lærer det som er dei aksepterte normene, verdiane og åtferdsmønstera. Sagt på ein annan måte handlar sosialisering om at enkeltmennesket blir forma av samfunnet til å passe inn i samfunnet.

Normer og sosialisering Ein viktig del av sosialiseringsprosessen til eit individ er å bli kjend med normer og reglar i samfunnet. Normer er grunnleggjande haldningar som eit samfunn eller ei gruppe har til ulike situasjonar eller handlingar. Bak dei grunnleggjande haldningane er det eit sett av verdiar som er viktig for å forstå kva som er rett og gale. Formelle og uformelle normer Vi kan seie at reglar er formelle normer som er skrivne ned og vedtekne av styresmaktene, til dømes lovreglar. Ei uformell norm er uskrivne reglar om kva som er akseptabel oppførsel, og kva som ikkje er det, til dømes reglar for skikk og bruk. Desse handlar om folkeskikk og korleis ein skal kommunisere med og oppføre seg overfor andre menneske. Dette er uskrivne reglar, og dei kan endre seg frå miljø til miljø. Eit døme på skikk og bruk er at ein ikkje rapar ved middagsbordet. Bryt ein reglane for skikk og bruk, er det dei personane som er i nærleiken, som reagerer på dette. Dei kan rynke på nasen eller gi ei munnleg tilbakemelding på at dei ikkje var samde i det som skjedde no.

96

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Køkulturen endra seg våren 2020. Det er uformelle normer som i stor grad har regulert oppfatninga vår av korleis vi står i kø. Men vi har også snike i køen og pusta kvarandre i nakken. Med pandemien kom det også formelle normer som endra mykje. Kanskje det blir ei varig endring av dei uformelle normene om korleis vi oppfører oss i ein kø?

Andre døme på uformelle normer er etikk og moral. Etikk er knytt til haldningar og forventningar vi har til kvarandre. Etikk handlar om å kunne skilje rett og gale, mens moral handlar om det å klare å følgje reglane. Alle veit at det å drepe er gale, og derfor drep vi ikkje kvarandre på grunn av usemje eller misnøye. Dei etiske reglane er ofte nokså like dei formelle normene våre, altså rettsreglane. Rettsreglane har som formål å vere føreseielege for folk. Tanken er at vi ikkje må kunne alle rettsreglane vi har i landet vårt for å vere lovlydige, men at vi skal kunne vite kva som er rett og gale ut frå ei etisk rettesnor. Slik vil samfunnet bli meir føreseieleg. Rettsreglane skil seg frå etikk- og moralreglar ved at samfunnet kan bruke makt dersom nokon bryt rettsreglane. Vi følgjer mange normer i det daglege. Sjølv om vi ikkje tenkjer så mykje over det, er det vi kallar normsendarar viktige, og eit moderne samfunn består av ei rekkje normsendarar. Dei er personar som på bakgrunn av autoriteten sin eller den rolla dei har, kan vere viktige for den innverknaden ei norm vil få i ei gruppe eller i eit samfunn. Sosialisering er ein prosess som varer heile livet. Vi tek til oss kunnskap, ferdigheiter og haldningar så lenge vi lever. Vi tek også på oss nye roller og blir prega av nye situasjonar. Kva som påverkar og formar oss når, har vi delt inn i primærsosialisering og sekundærsosialisering.

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM

97


Primærsosialisering I den første delen av sosialiseringsprosessen er det foreldre som er dei klart viktigaste. Det er i familien at barnet først blir kjent med kva som er rett og gale, og kva som er fornuftig i ulike situasjonar. Det å lære eit språk er ein viktig start. Det er nemleg gjennom språket vi tenkjer, snakkar om og tolkar det som skjer rundt oss. Dersom vi ikkje har eit språk som kan skildre ein situasjon, kan det vere vanskeleg å forstå det som går føre seg. Språket er viktig for all seinare læring og tilpassing til samfunnet. Primærsosialiseringa er viktig for at barnet skal lære kva som er akseptert å gjere i samfunnet. Å lære barnet korleis det skal oppføre seg overfor andre menneske, er ein viktig del av sosialiseringa. Noko så enkelt som når du skal seie takk, og når du skal unnskylde noko, er det først og fremst foreldra dine som lærer deg.

Barneteikning av rollene i ein familie.

Gjennom sosialiseringsprosessen lærer eit barn korleis det skal samhandle med andre i samfunnet, og kva skikkar og verdisyn som gjeld. Også eit forhold som tru og livssyn vil ofte vere knytt til den første sosialiseringa. Det vi lærer heime, vil påverke dei haldningane vi har til det som skjer rundt oss. Fram til barn er rundt 12 år, er det foreldra som driv primærsosialiseringa, og det er meiningane deira som barnet legg mest vekt på.

Sekundærsosialisering Når vi blir litt eldre, er det ei anna form for sosialisering som blir viktig. Ho blir ofte kalla sekundærsosialisering og skjer i stor grad utanfor familien og er ikkje i like stor

98

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


grad direkte retta mot kvart enkelt barn. Sekundærsosialiseringa handlar mykje om korleis omgivnadene rundt oss påverkar. Barn og unge møter nye situasjonar og måtar å vere på som formar dei som menneske. Ved å følgje med på kva andre menneske gjer, får vi ei forståing av kva som er rett og gale. Vi lærer å tilpasse oss ulike grupper, både store og små. Døme kan vere klassen og venner. Barnehagen og skolen er viktige i sekundærsosialiseringa. Foreldra mistar meir og meir innverknad over barn og unge når dei blir eldre. Til dømes blir påverknad frå venner og andre personar i omgivnadene viktige. I dag ser vi at også såkalla influensarar får ein del å seie for sosialiseringsprosessen til unge menneske.

Ulike fritidsaktivitetar er viktige i sekundærsosialiseringa. Eit barn får viktige impulsar gjennom møte med «dei andre». Det er også ein del av sosialiseringa der foreldra ikkje er så involverte. Barna møter nye forventningar til rolla som til dømes lagspelar.

Roller og rolleforventningar Gjennom sekundærsosialiseringa lærer vi kva forventningar som er stilte til ulike roller. Med roller meiner vi eit sett med forventningar som er retta mot ein person. Forventningane kan vere knytte til kjønn, økonomisk status, alder, religion eller kvar vi kjem frå. Sosialiseringa formar oss til å opptre i ulike roller alt etter dei forventningane som høyrer til den aktuelle rolla. I løpet av ein dag vil du vere innom mange ulike roller. Heime er du barnet eller ungdommen i huset, på fotballbanen er du ein god

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM

99


forsvarsspelar, og på skolen er du ein av mange elevar i klassen. Til rollene er det knytt ulike forventningar til korleis du skal opptre. Heime kan det vere ei rolleforventning at du skal høyre på det foreldra dine seier, og at du skal ha det ryddig på rommet ditt. På skolen har læraren ei rolleforventning om at du som elev skal delta i undervisninga, og at du har gjort lekser. Du kan komme opp i rollekonfliktar når du blir sett i ein situasjon der desse rollene møtest, og du ikkje veit om du skal oppføre deg slik det venta av den eine eller den andre rolla. Derimot vil du oppleve at dersom du oppfører deg slik som rolleforventningane er, kan du bli møtt med nøytrale eller positive reaksjonar frå omgivnadene. Når vi har ulike roller, kan vi også oppleve krysspress. Krysspress oppstår i dei situasjonane der det er to eller fleire personar som har ulike forventningar til deg. Korleis du ønskjer å løyse denne situasjonen, kan vere avhengig av kva forpliktingar og bindingar du har til dei ulike personane i situasjonen. Ei typisk utfordring kan vere når du er på ein fest. Der kan venner ha ei forventning om at de skal drikke alkohol, men foreldra dine har ei klar forventning om at det ikkje er greitt. Sosial kontroll – reaksjonar på oppførsel Alle forventningane vi møter, kan i nokre tilfelle bli styrte av det vi kallar sosial kontroll. Sosial kontroll er dei rammene eller avgrensingane for individuell åtferd som er styrte av til dømes nære relasjonar eller formell myndigheit. Formålet med sosial kontroll er å få personar til å oppføre seg på ein måte som er rekna som positiv eller negativ. Måten ein får fram den ønskte åtferda på, er ved å reagere positivt eller negativt på det ein person gjer. Vi skil mellom uformell og formell sosial kontroll. Den uformelle sosiale kontrollen er kjenneteikna ved at til dømes venner reagerer på måten du oppfører deg på, anten ved å smile eller å ta avstand frå handlingane du gjer. Denne typen uformell sosial kontroll har ein funksjon i samfunnet fordi han gjer at vi tilpassar oss kvarandre. Men i nokre tilfelle kan den uformelle sosiale kontrollen vere så omfattande at det grensar mot det ulovlege. Den formelle sosiale kontrollen kan vere når politiet handhevar lover og reglar, til dømes ved å krevje at ein person skal forlate eit område. Under pandemien vart fenomenet sosial kontroll særleg tydeleg i samfunnet. Dei som ikkje følgde smittevernråda som myndigheitene gav, fekk klar beskjed frå naboar og venner om at dei var usolidariske, og dei opplevde at folk rundt tok avstand frå dei. Det vart også utført formell sosial kontroll ved at politiet bøtela dei som ikkje følgde karantenereglar.

100

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Sosialisering, identitet og personlegdom Sjølv om det er forventningar til alle menneske i eit samfunn som set grenser for oss, har alle ein eigen identitet. Det er noko som gjer at ikkje alle er like, sjølv om vi kan ha like interesser både innanfor til dømes fritidsaktivitetar og mote. Identitet er noko som skil oss frå andre personar. Identiteten din kan også vere knytt til livssyn, til dømes det å vere muslim eller kristen eller ikkje å ha ein religiøs tru. Kvar du kjem frå, kan spele inn. Det har også mykje å seie om du ser på deg som ein som kjem frå ein by, ei bygd eller ein forstad.

I ei undersøking om forbruksmønster blant ungdom svarte ein som vart intervjua: Eg trur mange unge føler eit ønske om å vere ein del av eit tilvære, og da blir det ofte at merket gjer at du blir sosialt akseptert. Dersom ein helst ikkje vil skilje seg ut, så er det nok smart å gå med merkeklede.

Det vi kallar personlegdom, er dei stabile særtrekka til ein person. Det kan vere eigne tankar, kjensler og åtferd. Korleis du reagerer i ulike situasjonar, om du blir trist eller sint når nokon gjer noko vondt mot deg, er avhengig av kva reaksjonsmønster du har lært deg gjennom sosialiseringsprosessen. Derfor kan to personar som opplever det same, ha heilt ulik oppfatning av det. Det er berre du som kan høyre dine inste tankar og kjensler. Ein del av personlegdommen er utviklinga av sjølvet, av å vere eit «eg». Det er korleis ein person ser på seg sjølv og den sjølvtilliten han eller ho har. Desse vurderingane av ein sjølv har ein ofte gjort ved at ein vurderer kva ein trur at andre menneske meiner om korleis ein er. Basert på det ein trur andre meiner, endrar vi

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM

101


både oppfatninga av oss sjølv og korleis åtferda vår er saman med andre. Eit døme på dette er om du prøver å seie eller gjere noko morosamt. Dersom omgivnadene tek til å le, kan du fortelje til deg sjølv at du er ein morosam person. Slik lagar vi ei eiga oppfatning av vår eigen personlegdom. I barndommen er det reaksjonane foreldra viser, eit barn er mest oppteke av. Vidare i ungdomsåra er det fleire og fleire som ser etter reaksjonar frå nære venner og det vi kallar opinionsleiarar. Kjønn og kjønnsidentitet Nokre gonger er det ulike forventningar frå samfunnet, familien eller venner som er knytte til kjønn. Kjønnsrollene er med på å bestemme korleis tankemønsteret, haldningane og interessene våre bør vere ut frå om du er fødd gut eller jente. Kva ein ser på til dømes filmar og sosiale medium, kan vere med på å styre korleis ein skal oppføre seg som gut eller jente, mann eller kvinne. Tradisjonelt har kvinner vorte skildra som emosjonelle, omsorgsorienterte og passive, mens menn har vorte skildra som rasjonelle, pågåande og aktive. Når eit barn blir fødd, får kjønnsrollene noko å seie for sosialiseringa dersom vi har ulike forventningar til kjønn. Da blir barnet behandla forskjellig alt etter kjønnet det har, og vi held ved lag det tradisjonelle synet på korleis kjønnsrollene er. Korleis kjønnsrollene påverkar oss i oppveksten, kan få noko å seie for identiteten vår. Kjønnsidentitet blir danna ved at det blir stilt ulike forventningar, og at barn får ulike reaksjonar på handlingane sine alt etter om ein er fødd gut eller jente. Barnet vil også følgje med på samspelet mellom far og mor og slik bli lært opp til at det er ulike forventningar til dei ulike kjønna. I Noreg er vi opptekne av at det skal vere likestilling mellom kjønna. Storsamfunnet er oppteke av at kva for eit kjønn ein er fødd med, ikkje skal avgjere dei Kjønnsroller i endring. Plakat frå den andre verdskrigen i USA. Kvinnene måtte inn i ei vidare moglegheitene i livet. Likevel rekkje nye yrkesroller i og med at mange ser vi store skilnader på både utdanmenn var soldatar. Det førte nok ikkje til dei store endringane da krigen var over. Men frå ningsval, yrkesval og lønn mellom 1980-talet og framover har dette endra seg kvinner og menn. mykje.

102

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


Sosialisering og sjølvkjensle Korleis sosialiseringsprosessen for eit individ har vore, og erfaringane det har gjort i vaksenlivet, kan få innverknad på sjølvkjensla. Sjølvkjensle handlar i stor grad om korleis vi aksepterer den vi er, kva verdi vi gir oss sjølv. I barndommen kan barnet lære om sin eigen verdi gjennom den bevisste eller ubevisste åtferda til foreldra og reaksjonsmønstera deira. Det handlar om korleis far og mor oppfører seg overfor kvarandre, og kva roller dei har i familielivet og i samhandling med andre. Dersom det er stort sett mor som lagar middag, kan dette gjere at dottera i huset sjølv tenkjer at dette blir hennar oppgåver i eige hushald seinare i livet. Slik vil dei kjønnsrollene og den eigenverdien foreldra viser gjennom åtferda si, påverke barna og deira eiga sjølvkjensle vidare i livet. Korleis foreldra oppsedar barna sine, er ein annan faktor som påverkar sjølvkjensla. Forhold som den utdanninga, det livssynet og den kulturen foreldra har, vil ofte spele inn for kva dei meiner er viktig og rett i barneoppsedinga. Nokre foreldre legg vekt på at barnet skal vere lydig. Det blir kanskje gitt få forklaringar på kvifor noko er bra eller dårleg, og barnet får berre ein kort beskjed som reaksjon på åtferda si. Andre foreldre vil kanskje leggje meir vekt på å få barnet til å forstå kvifor ei åtferd er god eller dårleg. Det er sjølvsagt mogleg at dette kan føre til skuldkjensle og dårleg samvit hos barnet. Likevel ber denne oppsedinga preg av at barnet får ei opplæring i å vere sjølvstendig. Barnet blir meir trygg på seg sjølv og vil ta avgjerder. Det er mykje som påverkar sjølvkjensla til eit barn. Men det som er sikkert, er at tryggleik, støtte og opplæring dei første leveåra er viktig.

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM

103


Omslag i rosa og blått – truleg ikkje heilt tilfeldig. Det er mange forhold som påverkar sjølvkjensla til eit barn.

Vi har tidlegare vore inne på at språket er eit viktig grunnlag i sosialiseringa, mellom anna korleis ordforrådet er utvikla. På skolen vil språkforståinga vere viktig for kva føresetnader barnet har for å lære. Både lærebøker og lærarar bruker språket til å kommunisere med elevane. Da kan barn som har gode språkferdigheiter, få eit forsprang ved at dei forstår meir kva lærebøkene og lærarane formidlar. I skolen opplever elevane at dei får tilbakemeldingar på arbeidet sitt, og dei samanliknar med andre. Dette kan verke inn på sjølvbiletet og sjølvkjensla til både barn og unge.

Repetisjonsoppgåver 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.

Kva er sosialisering, og kva er ein sosialiseringsprosess? Forklar skilnaden på formelle og uformelle normer. Kva er etikk og moral, og kva er skilnaden? Kva funksjon har rettsreglar i eit samfunn? Kva er meint med omgrepa rolle, rolleforventning og krysspress? Kva er ein opinionsleiar? Kva går sosial kontroll ut på?

Fordjupingsoppgåver 8. Kva lærer eit barn gjennom sosialiseringsprosessen? 9. Korleis er primærsosialisering og sekundærsosialisering med på å forme oss som menneske?

104

MEDBORGARSKAP – SAMFUNNSKUNNSKAP – VG1/VG2


10. Kva vil omgrepa kjønn og kjønnsidentitet seie? Korleis er dette med på å forme oss som menneske? 11. Forklar samanhengen mellom sosialisering, identitet og personlegdom. 12. Kva er skilnaden på formell og uformell sosial kontroll? Gi døme på begge delar. 13. Kva påverknad har språk på sosialiseringsprosessen?

Drøftingsoppgåver 14. Noreg er kjent som eit likestilt samfunn, men ikkje på alle område. Diskuter korleis gamle haldningar til kjønn og kjønnsroller kan endrast og gjere samfunnet meir likestilt. 15. Sjølvkjensle og korleis ein ser seg sjølv, er viktig. Drøft kva som påverkar sjølvkjensla, og kva vi kan gjere for å styrkje henne. 16. Omgrepet sosial kontroll er som oftast, men ikkje alltid, negativt ladd. Diskuter innhaldet i dette omgrepet, og gi døme på situasjonar der vi kan forstå omgrepet anten positivt eller negativt. 17. Pandemien og koronakrisa førte til at vi med eitt endra måten vi oppførte oss på overfor andre. Diskuter korleis normer, sosialisering og sosial kontroll endra seg på ulike stadium i krisa.

SOSIALISERING, IDENTITET OG PERSONLEGDOM

105


Dette idealet om at vi er aktive, engasjerte medborgarar, er ikkje alltid lett å oppfylle. Nokre vel frivillig å stå utanfor i delar av eller heile livet. Andre att hamnar på utsida som eit resultat av forhold og situasjonar dei ikkje ønskjer. Uavhengig av årsak er utanforskap eit forhold som vi må forstå og forklare.

Formålet er å gi elevane grunnlag for å forstå det samfunnet vi alle er ein del av, og for å finne sin plass i dette samfunnet. Boka dekkjer læreplanen for samfunnskunnskap Vg1/Vg2.

edelinn b. gjerde er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Ho er lektor ved Metis videregående skole og underviser i samfunnskunnskap og rettslære.

ISBN 978-82-11-04252-1

SAMFUNNSKUNNSKAP Vg1/VG2 NYN

kjetil evjen er universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har også brei erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen.

MEDBORGARSKAP

Denne læreboka har som ambisjon å gi ei forståing for dei samfunnsforholda enkeltmennesket må ta omsyn til på sin veg gjennom livet. Dette gjeld ikkje berre vegen frå barndommen, via ungdomstida og over i vaksenlivet. Det gjeld også politisk engasjement i spennet frå lokaldemokratiet til internasjonale forhold.

KJETIL EVJEN • EDELINN B. GJERDE

MEDBORGARSKAP handlar om å vere ein fullverdig medlem og deltakar i det samfunnet vi er ein del av. Det handlar om deltaking i politiske spørsmål og om å la stemma si bli høyrd i korleis samfunnet skal bli styrt og utvikla. Medborgarskap handlar også om å oppfylle krav og forventningar frå samfunnet om oppførsel, utdanning og deltaking i arbeidslivet.

KJETIL EVJEN • EDELINN B. GJERDE

MEDBORGARSKAP SAMFUNNSKUNNSKAP

VG1/VG2 NYN


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.