Den industrielle revolusjonen (9788245044263)

Page 1

Den industrielle revolusjonen

i eit europeisk og globalt perspektiv
Løseth
Storbritannia
1600–1914 Arnljot
Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv 1600–1914 Arnljot Løseth Den industrielle revolusjonen

Copyright © 2023 by Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1. utgåve 2023 / 1. opplag 2023

ISBN: 978-82-450-4426-3

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Omslagsdesign ved forlaget

Omslagsfoto: © Fine Art Images / Heritage Images / Getty Images

Maleriet Rain, Steam, and Speed – The Great Western Railway av J.M.W. Turner (1775–1851) vart først utstilt på Royal Academy i 1844, og viser eit tog som passerer austover på the Maidenhead Railway Bridge (ferdigbygd i 1838) over Themsen mellom Taplow og Maidenhead vest for London (National Gallery, London).

Boka er utgjeven med støtte frå Høgskulen i Volda.

Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond.

Prenta med tilskot frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo.

Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget

Kanalveien 51

5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

Innhald Kapittel 1 Den industrielle revolusjonen 13 Kontinuitet og brot 15 Ei grunnleggande omvelting 16 Revolusjon? 17 Kvifor Storbritannia (og Vesten)? 18 Gangen i framstillinga 22 Terminologi 24 Kapittel 2 Bomulla, jernet og kolet 25 Bomull 25 Frå ull til bomull 26 Teknologiske gjennombrot 27 Kol i heim og industri 33 Dampmaskinen 34 Siger for damp og kol 36 Vevstolen 38 Den amerikanske plantasjerevolusjonen 39 Bomull kontra ull 41 Mot global dominans 42 Jern, trekol og kol 43 Integrasjon og ekspansjon 46 Skogen og kolet 47 Fleire – men ikkje ei mengd – fabrikkar 47
Den industrielle revolusjonen 6 Jernverk 49 Økonomiske regionar 50 Sjøen, elvane og kanalane 51 Jernbanen 52 Innovasjonar som svar på behov 53 Kapittel 3 Dei «nye» menn, læringskultur og sosial struktur 55 Dei nye industrimennene 55 Nettverk og bankar 58 Innovasjonane og folka bak 59 Patentvern 61 Ytre kulturimpulsar 61 Det trykte ord og «folk flest» 64 Møteplassar 66 Teoretisk og praktisk kunnskap 67 Haldningar til teori og praksis 68 Kunnskapsspreiing 69 Mot ei bru mellom teori og praksis 71 Eit «ope» samfunn 73 «Den uproduktive klassen» 73 «Opne» og «lukka» samfunn 74 Latent opposisjon 78 Kor annleis? 79 Kapittel 4 Storbritannia og det oversjøiske 81 England og Europa 81 Oversjøisk ekspansjon 83 Sukker og slaveri 85 Britisk Amerika 85 Det atlantiske handelssystemet 86 Ein føresetnad for den industrielle revolusjonen? 89
Innhald 7 Europa og Asia 90 Britane og India 92 Britane og Kina 94 Frå merkantilisme til produksjonisme 96 Spania som kontrast 97 Det landbaserte kontra det sjøbaserte 98 Krigane, staten og Bank of England 99 Skattar skjult i prisane 100 Kontroll over dei sju hav 101 Kapittel 5 Akselererande samfunnsomforming 103 London og byveksten 103 Ekspanderande eksportmarknad 105 Handverk og industri 106 Urbanisering og folketalsvekst 108 Kommunikasjonane 109 Omsettingslivet 111 Arbeidsetikk og forbruk 112 Folketal og mat 116 Kornet og marknaden 117 Dei «langhåra» sauene 118 Urbaniseringa og jordbruket 119 Ein jordbruksrevolusjon? 119 Konsentrasjon 123 Forpakting 124 Frigjort frå jordbruket 126 Kapittel 6 Storbritannia i eit eurasisk perspektiv 127 Natur og geografi 127 Jordbruket i nokre europeiske og asiatiske land 128 Urbanisering og utvikling 132
Den industrielle revolusjonen 8 Nederland og stagnasjonen 134 Kina og stagnasjonen 135 India og manglande fleksibilitet? 138 Japan og isolasjonen 141 Konkurrerande einingar og sterkt borgarskap 143 Mot nasjonal einskap? 145 Det splittande og det samlande 146 Britisk avvik? 149 Kapittel 7 «The Workshop of the World»? 151 Bomull, jern og kol 152 Kommunikasjonane 152 Parlamentsreform og korntoll 155 Frå merkantilisme til frihandel 156 Godsa og jordbruket 158 Mot eit industrielt fiske 159 Gruvene, industrien og handverket 160 Frå ekspansjon til stagnasjon? 162 Samanslutningar kontra familieføretak 164 Imperialismen og kapitaleksporten 165 Kapitaleksport – og innovasjonstørke 166 Mange i service og teneste 169 Etter kvart eitt av fleire 170 Kapittel 8 Topp og botn – og dei mange imellom 173 Fattigdom og straff 173 Avskaffing av slaveriet 175 Endring i dei globale kulturmøta 177 Grelle kontrastar 178 Religion som sosial merkelapp 180 Ei arbeidarklasse i emning 181
Innhald 9 Chartistane 183 Samling av det fragmenterte 183 Politiske parti og stemmerett 184 Visuelt og sosiologisk skilje 185 Middelklassen 186 Overklassen 187 Gentlemanskapitalistane 187 Leve- og livsstandarden 188 Familien og barna 191 Endra familie- og kvinnekår 193 Konturane av velferdsstaten 195 Omforming 195 Kapittel 9 Vesten blir omskapt 197 Spreiing av den industrielle revolusjonen 197 Tollvern 199 Vitskapen 200 Disiplinering og sosial strukturendring 200 Kommunikasjonane 201 Jordbruk, folketal og utvandring 202 Nederland – framleis rikt 204 Belgia – tidleg ute 205 Sveits – skolert arbeidskraft 205 Frankrike – balansert vekst 206 Norge i eit nordisk vekstperspektiv 208 Tyskland – og gjennombrotet 213 USA – standardsettaren 216 Kapittel 10 Kontrastar 221 To forskjellige Amerika’er 221 Argentina og Australia – ulik utvikling 224
Den industrielle revolusjonen 10 Sør- og Aust-Europa – og stagnasjon 226 Russland – og avbroten industrialisering 228 Egypt og muslimske land 230 India – og jernlenkene 232 Kina – ei «slumrande» kjempe 235 Japan – og aktiv «europeisering» 237 Litteratur 243 Stikkord 261 Illustrasjonar og kart 267

Forord

Historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO) var tidleg ute med eit studietilbud i globalhistorie. Det fekk nemninga Globalhistorie – Europa, Vesten og verden, og eg har i stor grad hatt ansvaret for emnet. Den industrielle revolusjonen var – og er – ein naturleg del av emnet og denne boka er eit resultat av mange års studiar og undervisning og samtalar med kollegaer og studentar om denne sosioøkonomiske omkalfatringa, og då sett innanfor ein vidare europeisk og global kontekst.

Nokre historikarkollegaer har lese gjennom og kommentert heile manuskriptet: Eivind Heldaas Seland i ein tidleg fase, deretter Karl Egil Johansen og John Ragnar Myking og sist Jens Johan Hyvik. Alle har kome med gode og konstruktive kommentarar. I avslutningsfasen har også eit par kapittel blitt drøfta på instituttseminar ved Historisk institutt ved HVO. Stor takk til alle, og også til to anonyme fagfeller som begge kom med nyttige kommentarar heilt på slutten. Takk også til forlagsredaktør Per Robstad som fekk fart på avslutningsprosessen med boka. Og til slutt: feil og veikskap i boka er eg sjølv fullt ut ansvarleg for.

Arnljot Løseth

Volda, februar 2023

Newcastle Liverpool Manchester Bristol Brighton Oxford London Edinburgh Glasgow Belfast York
REPUBLIC OF IRELAND
Leeds
NORTHERN IRELAND SCOTLAND ENGLAND WALES Birmingham

Kapittel 1

Den industrielle revolusjonen

Frå dette illeluktande avløp flyt den største straumen av menneskeleg flid som skal gjere heile verda fruktbar. Frå denne motbydelege kloakk flyt reint gull. Her har mennesket oppnått si mest fullstendige utfalding og også sitt mest dyriske. Her gjer sivilisasjonen sine mirakel, og det siviliserte mennesket endrar seg til ein villmann.

Slik karakteriserte den franske politikaren og samfunnsforskaren Alexis de Tocqueville (1805–1859) Manchester i 1835, byen som då hadde blitt Storbritannias – og verdas – bomullssenter, og med fabrikkar som dominerte i bybildet. Det var ingen som hadde planlagt eit industrisamfunn, og framveksten av det var for ein stor del avgrensa til Manchester og Lancashire samt andre delar av Nord-England og det skotske låglandet i åra rundt 1800. Ingen av dei tre store grunnleggarane av økonomifaget og samfunnsforskinga – Adam Smith (1723–90), Thomas Malthus (1766–1834) og David Ricardo (1772–1823) – beit seg merke i nokon industriell revolusjon i Storbritannia. Smith såg ikkje for seg kor viktig dampmaskinen skulle bli, og heller ikkje kva slags følger smeltinga av jern med koks i staden for med trekol skulle få. Han la heller ikkje vekt på betydninga av bomull innan britisk tekstilindustri. Det gjorde heller ikkje Malthus, og Ricardo gav rett nok maskinene noko – men ikkje særleg mykje – merksemd i den teoretiske produksjonen sin.1

1 Braudel 1985, III: 538; Weightman 2007: 384.

Eit nytt samfunn – men med klare røter i dei tidlegare hundreåra – var i ferd med å vekse fram frå siste halvdelen av 1700-talet. Mens ingen som levde gjennom den franske revolusjonen i åra 1789–95, kunne unngå å legge merke til den, var dei fleste som var samtidige med dei første tiåra av den industrielle revolusjonen, ikkje klar over den. Det var først frå om lag 1830 at folk vart meir medvitne om ei substansiell økonomisk endring.2 Dampmaskinen med sitt ståk og sin støy hadde i ein god del år vore høyrleg, og jernbanen og forureininga frå kol skulle gjere endringane meir synlege, men tempoet i den industrielle revolusjonen har ofte vore overdrive. Få fabrikkar var store industrielle einingar, og dei dominerte ikkje i talet på sysselsette, men inkluderer vi gruvedrift, forskjellige manufaktur- og handverksverksemder og byggog anlegg, hadde – etter folketeljinga i Storbritannia i 1851 – noko over halvparten av den økonomisk aktive delen av befolkninga blitt sysselsette i sekundærnæringane. Berre ein femdel arbeidde då i jordbruket. Det var likevel over det doble samanlikna med den delen som arbeidde i tekstilfabrikkane. Men talet på fabrikkar, gruver og ikkje minst mindre verkstader («workshops») hadde på få tiår blitt mangedobla. Produksjonen og eksporten, særleg innanfor bomullstøy og jern, hadde stadig blitt større, og britane forsterka stillinga si som «a manufacturing people».3

I 1851 budde også – for første gang i eit land si historie – fleirtalet av innbyggarane i byar og tettstader, og i åra mellom 1750 og 1880 auka Storbritannia sin del av verdas manufaktur- og industriproduksjon frå 2 prosent til 23 prosent.4 Landet vart «the Workshop of the World». Den økonomiske utviklinga frå sist på 1700-talet innleidde tidsalderen med vedvarande økonomisk vekst i Storbritannia og alle andre land som industrialiserte etter Storbritannia frå midten av 1800-talet og utover. Ein vedvarande økonomisk akselerasjon hadde aldri hendt før, og den stoppa ikkje opp.

2 Persson 2010: 93; Harvie 2010: 470.

3 Trinder 2013; Eriksen 2010: 27–28.

4 Allen 2017: 108.

Den industrielle revolusjonen 14

Kontinuitet og brot

Frå byrjinga av vår tidsrekning og fram til 1700-talet var Europas historie prega av kontinuitet. Var der økonomisk vekst, ville områda der det skjedde, framleis ha vore attkjennande for folk som hadde levd langt tidlegare. Den italienske økonomihistorikaren Carlo Cipolla (1922–2000) illustrerte det slik: Ein romersk borgar som levde rundt Kristi fødsel, ville utan særlege vanskar ha kjent seg igjen i Europa rundt 1750. Europa hadde ikkje blitt fundamentalt forskjellig på desse åra. Rundt 1850 ville han derimot ha vore på ein «framand klode». Kontinuiteten vart broten mellom 1750 og 1850, og det avgjerande brotet skjedde først i nokre regionar i Storbritannia.5 Den amerikanske økonomen W.W. Rostow (1916–2003) har brukt uttrykket take-off om dette gjennombrotet. Omgrepet er eit uttrykk frå flyspråket: Flyet vinn fart på rullebana slik at det kan lette. Deretter aukar fart og høgde som tilsvarer det Rostow kalla sjølvforsterkande vekst («self-sustained growth»).6

Rostow tidfesta takeoffen til 1780-åra, og den fall om lag i tid saman med den franske revolusjonen, som hadde utbrotet sitt i 1789. Ifølge historikaren Eric Hobsbawm (1917–2012) utfylte desse to revolusjonane kvarandre, og han gav dei namnet dobbeltrevolusjonen («the dual revolution»).7 Den økonomiske revolusjonen skjedde i Storbritannia, den politiske i Frankrike, og dei peikte begge framover mot samfunn i den vestlege verda der det næringsdrivande borgarskapet fekk mykje meir makt enn før.

På det tekniske planet innebar den industrielle revolusjonen ein overgang frå organisk til uorganisk energi, det vil seie frå bruk av menneske og dyr si muskelkraft til bruk av maskiner og fossilt brensel. Under industrialiseringa akselererte også endringane i menneska sin måte å vere på. Spissformulert vart det intuitive, omtrentlege og emosjonelle mennesket stadig meir rasjonelt, presist og kalkulerande.8

5 Cipolla 1973a: 8–9.

6 Rostow 1960.

7 Hobsbawm 1962/1972; Tønnesson 1985.

8 Cipolla 1973a: 19.

Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen 15

Det vart også slutt på at framgang i matproduksjonen gang på gang vart tatt igjen av folketalsauke som «åt opp» produksjonsauken og førte til hungersnaud for mange. Dette blir, etter demografen Malthus, kalla den malthusianske fella, og Storbritannia hadde kome ut av denne fella alt før industrialiseringa sette inn. Ein framgang i jordbruket og ein boom i vareetterspørselen og endring i konsumpsjonsmønsteret frå sist på 1600-talet og ut over på 1700-talet ser ut til å ha vore ein nøkkelfaktor som dreiv fram vekst i handverks- og industriproduksjon.9 Litt etter litt kom også andre vestlege land ut av denne fella. Verken fattigdom eller svolt forsvann, men det vart etter kvart mykje mindre av det enn før. Fattigdommen vart derimot meir synleg og konsentrert i dei nye industristadene samanlikna med dei mange mindre førindustrielle landsby- og bygdesamfunna.

Ei grunnleggande omvelting

Førestillinga om eit generelt, brått økonomisk sprang i Storbritannia på slutten av 1700-talet har blitt tona ned i nyare forsking, men ein dramatisk auke i produksjonen av særleg bomullsklede sette inn, og også av jern og jernvarer. Det kan ikkje tonast ned. Bomull og jern var dei to spydspissane under den industrielle revolusjonen. Kraftig produksjonsauke av kol hadde starta lenge før, og også andre sektorar hadde produksjonsvekst, men langt ifrå like dramatisk. Mens produksjonen av bomullstøy vart avgrensa til Nord-England og Sør-Skottland, var produksjonen av kol og jern geografisk jamnare fordelt. Den første fasen av den industrielle revolusjonen vart avslutta i 1840-åra ved utbygginga av jernbanen, som raskt batt landet saman med inntil då verdas mest avanserte kommunikasjonsnett. Utpå 1800-talet tok andre europeiske land og nordstatane i USA til med å industrialisere, og det same skjer sist i hundreåret i  Japan – øyriket på den andre sida av det eurasiske kontinentet. Overalt der den industrielle revolusjonen braut gjennom, tok den med seg inn i samfunnsstrukturen ein sum av endringar som

9 Glen og Stammers 2017: 69.

Den industrielle revolusjonen 16

etter kvart gjorde industri til samfunnet sin dominerande produksjonssektor i staden for jordbruk.

Det som kom til å særmerke industrisamfunna er at dei fleste menneske ikkje er sysselsette i industri (i jordbrukssamfunnet var dei aller fleste sysselsette i jordbruk): «[I]ntet mindre industrielt kan tenkes enn den sivilisasjon som er sprunget ut av den industrielle revolusjon», formulerte Carlo Cipolla det. Dette er rett i den forstand at dei fleste av oss i dag er sysselsette i offentleg forvaltning, frie yrke og i serviceproduserande verksemder som vi kallar «tertiærsektoren», og Storbritannia var midt på 1800-talet også først ute i denne prosessen. Den vestlege verda har lenge vore inne i ein periode der sysselsettinga i industri stadig går ned («det postindustrielle samfunnet»). Men eit postindustrielt utviklingstrinn har ikkje blitt nådd i den forstand at industri har blitt uviktig. Tvert imot, men produksjonen per arbeidar har auka kraftig. Produksjonsveksten har ført til sterkt fallande prisar, og det skuldast stadig forbetra teknologi, og dei første grunnleggande teknologiske innovasjonane innanfor industri- og fabrikkproduksjon starta nettopp i Storbritannia i siste halvparten av 1700-talet, og altså med ein dramatisk produksjonsauke innanfor bomull og jern i åra rundt 1780.10 Ein seinare omfattande bruk av dampmaskiner, kol og damp førte til ein stadig vidare økonomisk akselerasjon.

Revolusjon?

Nemninga «den industrielle revolusjonen» vart brukt i Frankrike i 1820åra og i England i 1840-åra. Ein av dei første som brukte det i eit fagleg arbeid, var Friedrich Engels (1820–95). Han peikte (i 1844) på at oppfinninga av dampmaskinen og dei teknologiske endringane innanfor bomullsindustrien i Manchester i siste halvparten av 1700-talet la grunnlaget for «ein industriell revolusjon» (zu einer industriellen Revolution).

Blant historikarar kom omgrepet i vanleg bruk etter at sosialøkonomen

10 Cipolla 1971: 20; Chang 2017: 122; Lilley 1973: 192–213.

Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen 17

Arnold Toynbee (1852–83) førte uttrykket inn i historievitskapen i ei etterlaten essaysamling frå 1884.11

Omgrepet blir stadig brukt, og har ofte blitt misforstått. Det var ikkje ein altomfattande heilomvending av heile samfunnsøkonomien. Sjølv om nokre område i Storbritannia gjekk gjennom ei rask økonomisk endring, var ikkje endringane så raske når det galdt landet som heilskap. Mange historikarar legg derfor heller vekt på dei gradvise endringane (gradualisme), og bruker nemninga «industrialisering» i staden for «industriell revolusjon». I denne framstillinga vil likevel omgrepet «den industrielle revolusjonen» bli brukt, fordi det lenge har vore fast etablert, og fordi prosessen trass alt var ei grunnleggande endring av mange aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og utviklinga kunne ikkje snuast.

Kvifor Storbritannia (og Vesten)?

Men kvifor kom denne økonomiske omkalfatringa først i Storbritannia, og noko seinare i andre vestlege land? Eit samspel mellom ei lang rekke faktorar dannar bakgrunnen for dette, og det britiske samfunnet vil i framstillinga bli samanlikna med andre europeiske land og regionar. I dei siste tiåra har det også vore vanleg å sette britisk industrialisering inn i ein vidare, komparativ, global samanheng. Perspektivet vil derfor bli utvida til sivilisasjonar i Asia, som i tidleg nytid (1500–1800) stod på like høgt sosioøkonomisk og sosiokulturelt nivå som mange vesteuropeiske samfunn. Det var likevel i Europa den industrielle revolusjonen – og som eit bakteppe til den – ein gradvis framvekst av europeisk global dominans, skjedde. Carlo Cipolla formulerte det sistnemnde skiftet, utan å tidfeste det presist, slik:

Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden.

11 Engels [1844/1845] 1969; Toynbee [1884]. 1894.

Den industrielle revolusjonen 18

Asia hadde vore det økonomiske tyngdepunktet i verda gjennom store delar av historia, men dei mektige økonomiane i Asia – i Midtausten, India og Kina – vart frå 1500-talet og utover gradvis omslutta av ein einaste verdsøkonomi: den europeiske.12 Europa vart heile verda sitt sentrum i den forstand at det var europearane som var den mest aktive parten i økonomiske forhold. Det var europeiske skip som segla til andre verdsdelar, og då ikkje-europeiske skip begynte å gjere det same, kom desse skipa frå europeiske utflyttarsamfunn.

Få historikarar er likevel usamde i at mange asiatiske kulturar lenge var like eller meir utvikla enn dei europeiske. Usemja ligg i når skiftet – «den store divergensen» – til Europas favør og Asias disfavør (med unntak av Japan) begynte å skje. Nokre tidfestar starten på «avviket» til 1200-talet, mange til tida rundt 1500, og andre argumenterer for at Kina, Japan og India var like økonomisk utvikla som Vest-Europa, i alle fall fram til byrjinga av 1700-talet.13

Den britisk-australske historikaren E.L. Jones (f. 1936) gav Europas økonomiske ekspansjon nemninga «det europeiske mirakel».14 I Europa hadde det tidleg utvikla seg spesifikke økonomiske, institusjonelle og kulturelle trekk som kom til å skilje verdsdelen (eigentlig den vestlege delen) ut frå andre kulturar og sivilisasjonar. Eit slikt syn vart tidleg også representert ved slike store samfunnsforskarar som Adam Smith, Thomas Malthus, David Ricardo, Karl Marx (1818–83) og Max Weber (1864–1920). Europa var spesielt. Men her er usemja stor.

Ein sentral globalhistorikar som David Landes (1924–2013) la stor vekt på dei sosiokulturelle faktorane i verdsdelen: «If we learn anything from the history of economic development, it is that culture makes all the difference.» Men andre faktorar må sjølvsagt kome i tillegg: «[T]he determinants of complex processes are invariably plural and interrelated. […] Monocausal explanations will not work.»15 Det siste vil alle vere samde

12 Jones 1987; Cipolla 1981: xiv (sitat omsett til norsk); Braudel 1985, III: 484; Wallerstein 1978b: 9 ff.

13 Pomeranz 2001; Broadberry 2020: 25.

14 Jones 1987.

15 Landes 1998: 516–517.

Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen 19

om, men vil legge vekt på forskjellige faktorar bak økonomisk utvikling, som eit lite utval av sentrale forskarar nedanfor vil eksemplifisere. Utbytting av oversjøiske område er for mange ei hovudforklaring og sjølve stikkordet når ein skal forklare den etter kvart europeiske dominansen. Det gjeld ikkje minst for Storbritannia, som i tillegg hadde mykje og lett tilgang på kol (men tidleg mangel på ved, som andre hadde flust av). Sentrale globalhistorikarar som mellom anna Kenneth Pomeranz (f. 1958)16 og Robert B. Marks (f. 1949)17 legg avgjerande vekt på faktorar som tileigninga og utnyttinga av oversjøiske område («ghost acreage») og særleg den lette tilgangen på kol i Storbritannia som avgjerande faktorar bak den økonomiske veksten samanlikna med asiatiske sivilisasjonar. Utbytting og «fl aks» (lett tilgang på kol) var avgjerande faktorar.

Økonomihistorikaren Robert C. Allen (f. 1947)18 legg vekt på den oversjøiske ekspansjonen og den britiske responsen på den globale økonomien på 1600- og 1700-talet. Urbanisering, effektivisering av jordbruket og auka velstand resulterte i et høgt lønnsnivå samanlikna med Asia og det meste av Europa. Det høge lønnsnivået resulterte framfor alt i innovasjonar av arbeidssparande teknologi, og også i vanlege folk si «investering» i sine barns utdanning. Storbritannia fekk fleire utdanna og høgt faglærte handverkarar enn stort sett elles på det eurasiske kontinentet. Det bana veg for økonomisk ekspansjon, og kanskje for verdas første «kunnskapsøkonomi»?19

Den nederlandske globalhistorikaren Peer Vries (f. 1953)20 legg også vekt på dei teknologiske innovasjonane og også den institusjonelle utviklinga (parlamentet, byråkratiet og bankvesenet) i det britiske samfunnet. Avgjerande var ein sterk stat som effektivt trakk store skattar ut av befolkninga, og som også kunne oppretthalde ei sterk militærmakt.

16 Pomeranz 2001.

17 Marks 2007.

18 Allen 2009.

19 Jacob 1997; Mokyr 2002.

20 Vries 2003 og 2015.

Den industrielle revolusjonen 20

Alt dette skilde Storbritannia i stor grad frå andre land og frå Kina, som Vries i særleg grad bruker i komparasjonen med Dei britiske øyane. England var det einaste landet som hadde dei økologiske ressursane og samtidig den samfunnsmessige strukturen for å få til ein industriell revolusjon, hevda blant anna historikaren Harold Perkin (1926–2004). Spesielle kulturelle og sosiale faktorar var naudsynte. Ein slik «sociocultural superiority» i det britiske samfunnet såg til dømes statsvitaren Andre Gunder Frank (1929–2005) bort frå, og kalla det ein eurosentrisk fordom.21

Frank, saman med Pomeranz og Marks, er eksempel (blant mange) på forskarar som legg avgjerande vekt på eksterne faktorar bak den industrielle revolusjonen. Viktige er dei også for Allen og Vries, men dei er eksempel på historikarar som også legg stor vekt på indre, «kvalitative» prosessar i det britiske samfunnet, som ikkje minst Landes og Perkin gjer, og då med vekt på sosiokulturelle og sosioøkonomiske variablar. Av dei nemnde historikarane legg nok Perkin mest avgjerande vekt på dei indre «kvalitetane» i det britiske samfunnet. Det å avgrense seg til enten indre eller ytre faktorar åtvarar den franske globalhistorikaren Fernand Braudel (1902–85) sterkt imot:

Den bitre diskusjonen mellom dem som bare godtar en indre årsak til kapitalismen og den industrielle revolusjon gjennom en omforming (i England) av sosioøkonomiske strukturer, og dem som bare vil holde seg til en ekstern forklaring (nemlig den imperialistiske utbytting av verden) er etter mitt skjønn nytteløs. Ikke hvem som vil kan utbytte verden. Det forutsetter en kraft som langsomt har vokst. Men det er også gitt at denne makten, selv om den langsomt er blitt til ved å arbeide med seg selv, blir styrket gjennom utnyttelse av andre, og at avstanden som skiller dem fra andre øker i løpet av denne doble prosessen. De to forklaringsmåtene er følgelig uløselig bundet sammen.22

21 Perkin 1976: 16; Frank 1998: 187.

22 Braudel 1986: 91.

Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen 21

Denne framstillinga tar sikte på å avklare i kva grad ytre og indre faktorar låg til grunn for at denne økonomiske revolusjonen først skjedde i Storbritannia, og faktorane må sjåast i samanheng med kvarandre. Dei er vikla inn i kvarandre. Spørsmål som kva som hende, kor, korleis og når det hende, vil bli tatt opp, og den sosioøkonomiske og sosiokulturelle utviklinga i Storbritannia blir – med komparative sideblikk til andre land og kulturar – ført fram til første verdskrigen. I større grad enn hos dei nemnde historikarane vil den porøse sosiale strukturen i Storbritannia bli lagt vekt på. Avslutningsvis blir den seinare industrialiseringa av andre land jamført med land som ikkje gjennomførte denne økonomiske omkalfatringa før første verdskrigen.

Gangen i framstillinga

Kapittel 2 vil konsentrere seg om sjølve forløpet av den industrielle revolusjonen frå sist på 1700-talet og fram mot midten av 1800-talet. Produksjonen av bomull, jern og kol, saman med dei teknologiske innovasjonane knytte til desse industriane, vil stå sentralt, og også korleis særleg kol stimulerte til og var ein av føresetnadane for bruk og utbygging av eit kommunikasjonsnettverk av elvar, kanalar og ikkje minst jernbana. Alt dette vil bli sett i samanheng med Storbritannia sin tilgang på dei nemnde råvarene, som var viktige faktorar bak industrialiseringa. Kven var så dei første «industrialistane», og kven var det som stod bak dei avgjerande teknologiske innovasjonane? Fungerte dei innanfor ein kultur som var noko annleis enn det som var det vanlege på det europeiske kontinentet? La kultur og sosial struktur betre til rette for ei akselererande økonomisk utvikling enn det som var vanleg i andre land og område i tidleg nytid (1500–1800)? Dette vil bli drøfta i kapittel 3. Sosiokulturelle faktorar kan ha stor forklaringskraft, og det kan også den oversjøiske økonomiske ekspansjonen ha hatt. England/Storbritannia kom etter kvart til å dominere på dei sju hav, og la under seg oversjøiske landområde og kom til å dominere i verdshandelen lenge før ein kan tale om ein industriell revolusjon. I kapittel 4 skal vi sjå kva dette kan ha hatt å seie for den britiske samfunnsutviklinga, og også kva rolle

Den industrielle revolusjonen 22

staten hadde for å få kontroll med den globale handelen og for å finansiere «krigsmaskineriet» («the Navy»).

Meir velstand og auka kjøpekraft var eit resultat av den oversjøiske ekspansjonen. Marknaden for ikkje berre oversjøiske, men også heimeproduserte varer ekspanderte i ei stadig meir urbanisert befolkning. Avgjerande for den veksande urbaniseringa var eit stadig meir effektivt jordbruk som kunne fø ei befolkning der stadig fleire hadde arbeid i andre næringar, og der eit utvikla kommunikasjonsnettverk stimulerte til auka innanlands handel og produksjon. I kapittel 5 skal vi sjå om økonomi og samfunnsstruktur alt var «på plass» for å kunne gjennomføre den industrielle takeoffen. Var det berre England/Storbritannia som var modent nok for ei slik omkalfatring?

Med få unntak utvikla ikkje andre land på det eurasiske kontinentet eit slik arbeidsproduktivt jordbruk som England, og det fekk konsekvensar for graden av urbanisering og talet på folk i næringar utanfor jordbruket. Kapittel 6 tar opp dette, i tillegg til ei drøfting om i kva grad sosiokulturelle, sosioøkonomiske og politiske faktorar kan forklare forskjellen i samfunnsutvikling i eurasiske samfunn. Og var der felles eurasiske kulturelle trekk som også på lengre sikt verka hemmande på Storbritannia si utvikling?

Storbritannia vart verdas første industriland, og også verdas største imperiemakt, men kanskje også det første land der «service» og finans vart dominerande sektorar i næringslivet. Det vart verdas suverent største kapitaleksporterande land, men skulle også merka ulempa ved å vere først ute som industriland. Andre land tok utpå 1800-talet i bruk den nyaste teknologien, og vart harde konkurrentar på verdmarknaden, og vart også førande i nye industriar. Hang britane for mykje igjen i det «gamle»? Den sosiokulturelle strukturen hadde kanskje vore til gagn for landet før og under den tidlege fasen av den industrielle revolusjonen. Hadde delar av den nå blitt hemmande og til ulempe? Dette blir tatt opp i kapittel 7.

Dei aristokratiske ideala og verdiane hang i alle fall igjen ut over på 1800-talet, og orda aristokrati, middelklasse og arbeidarklasse vart ein naturleg del av det britiske vokabularet. Forholdet mellom desse sekkekategoriane blir drøfta i kapittel 8, og i tilknyting til dette også i kva grad

Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen 23

samfunnet vart humanisert og demokratisert utpå 1800-talet, og også i kva grad familie- og kvinnekåra vart endra utetter hundreåret. Store delar av Europa følgde etter Storbritannia i industrialiseringsprosessen, og kapittel 9 tar for seg europeiske «hovudland» og også nokre mindre land som gjennomførte denne prosessen fram til første verdskrigen. Kva som var likt og ulikt i prosessen samanlikna med prosessen på den andre sida av Kanalen, vil stå sentralt, og det vil også framstillinga av utviklinga til den britiske «avleggaren» (USA) på den andre sida av Atlanteren. Kapittel 10 vil dreie seg om kontrastane, og USA blir samanlikna med latinamerikanske land, og utviklinga i det anglifiserte Australia blir samanlikna med utviklinga i det latinske Argentina. Utviklinga var forskjellig, som den også var på det europeiske kontinentet, der det var gradvise og tydelege regionale kontrastar frå nord til sør og frå vest til aust. Lenger austover – i Asia – kom ikkje industrialiseringa i gang før langt utpå 1900-talet, med Japan som det store unntaket.

Terminologi

England har ofte blitt brukt som synonym med Storbritannia. Det offisielle namnet etter realunionen av 1707 mellom England-Wales og Skottland er Storbritannia, og den nemninga vil bli brukt når det blir vist til denne politiske eininga. England blir brukt når det blir vist til England, Skottland når det berre blir vist til Skottland, og Wales når det berre blir vist til Wales. Ofte må det bli vist til England, fordi mykje av forskinga har vore avgrensa til hovudlandet, og det gjeld ikkje minst for taloppgåver, som ofte har vore rekna ut for England, eller England og Wales, og ikkje for Storbritannia som heilskap. Men statistiske kalkulasjonar frå 1800talet viser liten forskjell mellom heile Storbritannia og England og Wales. Data for berre England og Wales skulle derfor gi eit greitt utviklingstrekk for heile Storbritannia.23 I 1801 vart United Kingdom (Storbritannia og Irland) grunnlagt. Nemninga Storbritannia og Irland blir brukt når det blir vist til United Kingdom.

Den industrielle revolusjonen 24
23 Allen 2017: 61.

Den industrielle revolusjonen var ei grunnleggande endring av mange aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og var ei av dei viktigaste hendingane i verdshistoria.

Storbritannia var sjølve lokomotivet for desse endringane, og andre vestlege land følgde etter. Ei drøfting av kvifor

Storbritannia var utgangspunktet, står derfor sentralt i boka. Kva som hende, kor, korleis og når det hende, blir tatt opp og også konsekvensane for land, samfunn og menneske.

Storbritannia blir samanlikna med andre område og kulturar på det eurasiske kontinentet. Den seinare industrialiseringa av andre statar blir også jamført med land som ikkje gjennomførte denne sosioøkonomiske omkalfatringa før første verdskrigen.

Arnljot Løseth er professor emeritus i historie ved Høgskulen i Volda.

ISBN 978-82-450-4426-3

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.