
1 minute read
Avfallshandtering
Dyrsku’n ynskjer å bidra til å vere ein del av kretsløpet og har avfallsortering. Det produserast svært mykje avfall i samband med arrangementet, avfall som kan nyttast som ein ressurs. For våre gjester skal det sorterast i desse fraksjonane, og vert-/mannskapet må kjenne til dette:
Matavfall – rosa sekk
Advertisement
Her skal alt som er matavfall OG matemballasje. Dette går til gjenvinning biogass.
Restavfall – kvit sekk
Aluminiumsfolie, bleier og anna som ikkje er matavfall.
Pant – eigen behaldar
Mykje pant går i søpla hos oss, noko som ikkje er berekraftig. Hjelp til med å rettleie gjester til å putte pant i rett behaldar. Det er eige mannskap på plassen som handterer avfallet.
For utstillarar skal det i tillegg sorterast i:
» Papp/kartong » Plast/folie » Trevirke » Glas/metall
Utstillarar får utdela avfallssekkar for plast og restavfall ved tilkomst. Anna avfall skal fraktast til næraste oppsamlingsplass som er merka på kart. Ved store mengder – kontakt drift.
Plast- og restavfall blir henta
» Fredag morgon » Laurdag morgon og kveld » Ved avreise sundag kveld skal standen ryddas og avfallet sorterast som forklara over