1 minute read

Velkomen til Dyrsku’n

Next Article
Utkøyringsplan

Utkøyringsplan

Dyrsku’n er 3 dagars folkefest med fullspekka program, handel og mange nye og gamle gjester som ynskjer å besøke oss!

På Dyrsku’n finn du noko for heile familien og ikkje minst ulike aktivitetar for born. Dyrsku’n set stort søkelys på å informere om norsk landbruk- og matproduksjon og vise fram dyr på ulike arenaer.

Advertisement

Det er konsertar, foredrag, demonstrasjonar, husdyrutstillingar, og meir enn 700 utstillarar på Dyrsku-plassen som er på 165 dekar. Ikkje minst er handelen stor, under Dyrsku’n vert det omsett varer for heile 500 mill. kr. Nytt av året er konseptet TettPå. På arenaen finn du kurs, demonstrasjonar og foredrag. Besøk TettPå og få inspirasjon, kunnskap og kulinarisk måltid med kortreiste råvarer. Plassering er mellom Storstogo og matkvartalet. Hjarteleg velkomne til ein innhaldsrik Dyrsku’n 2022! I denne boka finn du svar på dei fleste spørsmål gjestene og utstillarane på Dyrsku’n måtte ha. Du som vertskap er ein av dei viktigaste ambassadørane vi har, så set deg godt inn i denne før Dyrsku’n brakar laus! La oss ta fatt på hektiske og morosame dagar, saman skal vi gjere opplevinga for gjesten så bra at han vil bli eit fast andlet på Dyrskuplassen i åra framover!

Vi oppmodar alle til å laste ned Dyrsku-appen, kor program og utstillarar er lett tilgjengeleg, samt gjere seg kjent med arrangementet på vår nettside www.dyrskun.no

Vi ynskjer lukke til med den viktige jobben, og seier tusen takk for innsatsen!

Helsing frå

Geir Helge Espedalen

Adm. dir

This article is from: