1 minute read

Utkøyringsplan

SUNDAG 11. SEPTEMBER – DYRSKU’N 2022

Vi oppmodar utstillarane til å lese denne planen og studere kartet nøye, slik at alle er kjent med tider og kvar de skal køyre ut av utstillingsområdet sundag kveld. Dersom planen følgjast vil vi få ei rask og effektiv utkøyring frå plassen.

Advertisement

Sjå utkøyringskart på neste side.

Hugs at utstillinga er open fram til kl. 18.00 på sundag og det vil vere mange gjester på plassen fram til kl. 19.00.

Alle som skal køyre på utstillingsområdet må vise omsyn til våre gjester.

For å få ei best mogleg koordinert utkøyring, vil arrangøren følgje denne planen. Det er viktig at publikum og bilar som allereie er inne på plassen slepp ut fyrst.

A PERSON/VAREBILAR

INN/UTKØYRINGSPORT NORDGARDEN NEDRE OPNAR KL. 18.30. INNKJØRINGSPORT HOVUDPORT OPNAR KL. 18.30. Standar må ikkje riggast ned før utstillinga stenger kl. 18.00. Utstillarar som blir registrert i å stenge i opningstida vil få merknadar for eventuell søknad neste år. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl. 10.00 og kl. 18.30 på sundag.

B LASTEBILAR

INNKØYRINGSPORT NORDGARDEN NEDRE OPNAR KL. 19.30. INNKØYRINGSPORT HOVUDPORT OPNAR KL. 19.30. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl. 10.00 og kl. 19.00 på sundag.

PERSONBILAR/VAREVOGNER

Personbilar/varevogner vil bli prioritert for innkøyring.

LASTEVOGNER

Lastevogner må vente til kl. 19.30 før dei kjem inn på plassen. Før dette er det så mange folk og småbilar, at det ikkje er forsvarleg å køyre med store køyretøy inne på området.

Utstillarane oppmodast om å varsle sine lastebilsjåførar om at dei ikkje kjem inn på plassen før tidlegast kl. 19.30. Dette for at dei kan lage kaos ved å komme inn tidlegare og/eller kan risikere å bli sendt på runde rundt i Seljord og omegn av politiet.

Dersom alle følgjer planen, vil vi få god flyt i trafikken på Dyrskuplassen.

This article is from: