Dei store linene

Page 1


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 1


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 3

Rønnaug Kleiva

Western Desert Noveller

Samlaget Oslo 2017


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 4


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 5

innhald Eg skal aldri gå frå deg 7 Western Desert 21 Ikkje nok for ein mann 43 Eg teiknar mor mi 61 Dei store linene 81 Livets framhald 101 Enno er det berre november 127


Western Desert ferdig_Ă˜rsmĂĽ gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 6


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 81

d e i s to re l i n e n e Eg ser henne der ho går under trea i parken, ei godt vaksen kvinne. Så oppdagar ho oss og kjem i vår retning. Det er rundt null og her og der glatt. Eg går saman med ein gammal kollega, han støttar seg til meg. Er det du? seier han til kvinna då ho kjem nær. Eg ser ikkje så godt lenger. Ja, seier ho, det er eg. Vart du ikkje glad no? Ikkje spesielt, seier han. Eg har elska og forguda deg i så mange år, det er ikkje så gale med meg at eg ikkje hugsar det. Men så plutseleg oppdaga eg at det var slutt, alle kjensler slutt, etter alle desse åra. Er ikkje det rart, at eg ikkje lenger er forelska i deg? Eg vonar at det står bra til, seier kvinna. Ja, alt er bra, seier han. Kona påstår at eg ikkje er heilt bra, men eg trur ikkje på henne. Du lyt helse, seier kvinna. 81


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 82

Ho har alltid likt deg, seier mannen, også då det berre var du som stod i hovudet på meg. Eg gløymde visst å presentere meg. Kvinna møter blikket mitt, ho rettar fram handa og seier namnet sitt. Eg veit kven du er, seier eg. Eg har møtt deg i forfattarforeininga. Så då, så, seier kvinna og smiler. Då skulle alt vere i orden. På marka står kraftige kastanjetre, i kronene restar av gyllent lauvverk. Eit ungt par spring leande omkring og prøver å fange opp brungule blad som sakte dalar. No er det definitivt slutt på sommaren, seier kvinna. Tida går fort, seier eg. Så ein må bruke henne, seier ho. Orsak. Eg har dårleg tid. Eg ser etter henne då ho går. Ho er kvikk i rørslene. Det ligg spor av rim i det halvdøde graset, det er skarpt i vêret. Ho er for gammal for deg, seier kollegaen min. Eg går heim, låser meg inn og går fort opp trappene. Midt mellom andre og tredje høgda når eg igjen ein nabo som bur rett over meg. Han er tungpusten. 82


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 83

Ja, du er heldig som er så ung og lettbeint, seier han. Du ser korleis det er fatt med meg. Du meiner eg er ung? seier eg og ler. Femti er ingenting, seier han. Då eg var femti, merka eg ikkje alderen. Eg har ikkje fylt femti enno, seier eg raskt. Hadde vi berre hatt heis, seier han og kikar oppetter trappene. Eg passerer han og kjem meg inn i leilegheita mi. Alt i gangen møter bokhyllene meg, og også i dei andre romma dekker dei veggene. Orden. Utanlandsk skjønnlitteratur på gangen, organisert etter land og alfabet. Sakprosa på arbeidsrommet, romanar, noveller, poesi og dramatikk på stova. Og nokre hyller fylte av alt som ikkje har funne sin plass, og nokre hyller for det eg snart skal lese. Litt forskjellige språk, framande skriftteikn. Og ordbøker. Då eg var ung, trudde eg at eg skulle lære meg ein haug med språk. Interessene mine sveiper vidt. Eg er stolt over å seie at eg er vidfemnande. Eg driv med mitt, og skriv mitt, om det eg synest er viktig, på det viset som eg finn mest effektivt, sjølvsagt ut frå verka til forfedrane, eg er fullt på det reine med at eg er i ein tradisjon, ein skrivetradisjon, ein 83


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 84

lesetradisjon, ein oppfatningsstad, ein kultur, det er ein kontinuitet i alt, men i denne kontinuiteten har eg min stil og personlegdom, går ut på sidene, utforskar det uutforska. Eg liker ideen om kontinuitet. Eg er heller ikkje negativ til gode historier og situasjonar. Og det uventa momentet er alltid velkome. Eg er ein forfattar som skriv ubehageleg. Eg går ut. På ein bar finn eg nokre eg kjenner, kollegaer eg har kjent lenge, om ikkje så godt. Naturleg nok fortel eg om turen i parken saman med den eldre kollegaen og at vi møtte ei kvinne han tydelegvis hadde hatt eit forhold til. Vi ler. Er han ikkje litt for gammal til slikt? seier den eine. Han har visst tapt seg i det siste, har eg høyrt. Det kan skje den beste. Midt på natta vaknar eg, våt av sveitte og stiv i kroppen, angsten høgg i brystet. Eg prøver å gli inn i søvnen igjen, men maktar det ikkje. Eg står opp og finn fram noko musikk, barokkmusikk. Ein musikk der alt kjem igjen, men med variasjonar. Det er det eg plar gjere, om natta når eg ikkje får sove, eg lyttar til barokkmusikk. 84


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 85

Likevel får eg ikkje sove. Eg bestemmer meg for å tenkje på kvinner, noko eg også plar gjere når eg ikkje får sove, eller om eg er uroleg. Også når det gjeld erotikk, er eg vidfemnande og mangfaldig, eg vedgår at eg er stolt over det. Alder og nasjonalitet og hudfarge betyr ikkje så mykje. Dette har eg også vist i praksis, utan at heile praksisen er kjend for folk, takk og pris. For tida har eg eit slags forhold til ei kvinne som er godt yngre enn eg sjølv. Og før det har det vore så mangt. Eg smiler, å ja, alt som har vore. Og alt som kunne ha vore. Eg tenkjer på kvinna i parken. Sidan toleransen min også gjeld alder, tenkjer eg ikkje så mykje på at ho er mykje eldre enn eg sjølv. Etter utløysinga sovnar eg. Eg får vite det tilfeldig. For å få ro og konsentrasjon har eg isolert meg nokre dagar, har skrudd av mobilen og ikkje opna ei avis, langt mindre vore på nettet. Men eg manglar brød og har gått ut for å kjøpe. Du har vel høyrt det, seier ein nabo. Så får eg greie på at den gamle kollegaen min er død, på Dagsrevyen kvelden før hadde han fått mykje tid. 85


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 86

Ein framifrå forfattar, seier eg, det er ikkje mange dagane sidan vi gjekk tur i parken saman. Eg plukkar med meg nokre aviser og går heim utan å hugse brødet. Det er eigentleg for tidleg på dag til slikt, men eg tar meg ein whisky og set meg i godstolen. I bokhylla står fleire av bøkene hans. Eg har lese dei før, men alt forandrar seg med tida, ikkje minst når nokon døyr. Eg tar fram siste boka hans, men greier ikkje å konsentrere meg. Det er sjølvsagt bra ting der. Ikkje at eg ikkje vørder han. Absolutt kvalitetar å finne. Men ikkje min stil, endå han er ganske moderne. Tida og emna han skriv om, er annleis, alt forandrar seg, blir avleggs. Litt gammalmodig, som musikk frå tolvhundretalet. Sjølv finn eg samtidsmusikk mest interessant. Forfattarar flest får ikkje minneord skrivne av leiinga i forfattarforeininga når dei døyr, dei blir berre markerte med ein kort notis på nettstaden til foreininga, og samla, altså dei som har døydd i løpet av året, med to minuttars stille på årsmøtet. Men det finst sjølvsagt unntak. Denne forfattaren har vore ein stor mann, ikkje minst fagpolitisk, ein nestor, hatt 86


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 87

fleire verv og vore aktiv på ymse måtar. Som følgje av dette er han også omsett til ei rad språk. På grunn av stor aktivitet og for så vidt også popularitet har han til tider vore svært synleg i pressa. Minneorda frå forfattarforeininga, underteikna av leiaren og nokre som tidlegare har jobba saman med han, kjem såleis med fyldig dekning av livet og verksemda hans. Det er ein velskriven tekst, i samsvar med dei uskrivne retningslinene for sjangeren. Dødsfallet har utløyst eit ras av nekrologar og oppslag, eg klipper ut frå avisene og printar ut frå nettet og legg det i ein bunke på bordet framfor meg. Sidan det er ein respektert og til dels dyrka mann som det ikkje er dumt å bli assosiert med, kjem det også fleire innlegg frå kollegaer og andre som har hatt noko med han å gjere, og kven har ikkje det i eit lite land? Eg møtte han ikkje så ofte, skriv ei kvinne, men for ein fest det var å møte han! Denne haldninga, denne blandinga av å vere leiken og open mot det nye, å vere utforskande, og samstundes denne djupna, dette mørket, dette gravalvorlege, dette gravaktige, som han no definitivt går 87


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 88

inn i. I dette ligg hans udøyelegdom. Eg vil alltid gøyme han inne i meg, i hjartet, i tankane, ei smerte og ei glede, som ein udøyeleg del av meg sjølv. Og såleis vil det peike framover, i det eg skriv og gir til andre. På det viset er det eit framhald. På det viset vil det aldri døy. Er vi ikkje alle delar av noko større? Ein annan skriv om då han møtte han første gongen, han fortel kva dei snakka om, og at dette førte til at han då skreiv den hittil beste boka si, som for så vidt også var den siste, han gjer greie for form og innhald i boka si og peikar på kva det er som tydeleg peikar tilbake på samtalen med den no avlidne forfattaren. Ein komponist kjem med tankar om den djupe og nære vennskapen som hadde byrja då han hadde tonesett nokre av dikta hans. Denne vennskapen hadde vart heile livet, jamvel om dei ikkje møttest så ofte. Han har elles tonesett andre også, han kjem med fleire namn. Også eg kjenner trong til å seie noko fint om han. Eg skriv ein tekst som eg meiner har i seg kvalitetar og moment som dei andre ikkje har tatt opp. Eg finn epostadressa til kvinna eg møtte for nokre dagar sidan, og sender ei melding om at det hadde vore slik ei fin stund 88


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 89

der under dei gulna lauva som dala. Akkurat no kondolerer vi alle kvarandre, skriv eg, og legg ved teksten om han som no er død, og spør om ho vil vere med på å utvikle den vidare med tanke på publisering ein eller annan stad. Ho skriv godt, meir særprega enn eg, jamvel om eg er betre på historieforteljing, ikkje dumt å ha henne på laget. Og sidan ho i fleire år har hatt eit forhold til han, kan ho også ha litt av kvart å tilføre. Før eller seinare vil forholdet dei imellom også bli meir kjent og gi artikkelen større vekt. På dette tidspunktet skjønar eg at det er på tide å krype til køys. Det har vore ein kjenslemessig krevjande dag, whiskyen har også gjort sitt, det er ein god whisky, jamvel om eg ikkje hugsar om det er same merket som eg starta med, det er for så vidt ein bagatell, men eg er nøgd, det er ikkje rart at ein kjenner seg sliten. Dagen etter melder kvinna tilbake at det var hyggeleg å møte meg, og at ho gjerne tar ein kaffi ein dag og diskuterer saka. Eg tekstar henne tilbake og spør om denne dagen kan vere i dag. 89


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 90

Ho ønskjer å vente til etter gravferda. Alt til si tid, skriv ho. Kapellet er fullsett, folk må stå langs veggene og i midtgangen. Ei verdig gravferd, personleg, fint lite av liturgien og det felles i det forgjengelege i livet, men likevel velsigna med det høgtidelege som kyrkjerommet gir. Her er musikk som avdøde har verdsett, talar som tar for seg ulike aspekt ved kunsten og livet hans, velkomponert og velarrangert, truleg er programmet gjort tilnærma ferdig før han døydde, avtalt med dei involverte og sett ut i livet ved hjelp av kona hans, også ho ei flott kvinne på sitt vis, absolutt oppegåande, men no altfor gammal og avfeldig, sjølv for meg som er utan fordommar. Eg ser kona og ho som har vore elskarinna hans, omfamne kvarandre, som om dei er nære. Og det er dei vel, for så vidt, alle kvinner som deler ein mann, må på eit eller anna vis vere nære. Er det det næraste ein kan kome nokon? Ei framifrå gravferd, seier eg då eg passar henne opp etter jordpåkastinga. Og så godt frammøte. 90


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 91

Det er vel ulike grunnar til å delta i gravferder, seier ho. Sjølv er eg ikkje så glad i slike arrangement, men eg syntest det var for gale å ikkje møte fram, vi har jo hatt mykje med kvarandre å gjere opp gjennom åra. Skal du i minnestunda? spør eg. Det er vel eigentleg ikkje noko for meg. Vi kan gå saman, seier eg. Det kan eg trenge, seier ho. Slikt er krevjande. Og du kjende han jo godt. Ja, seier ho. Eg gjorde vel det. Det har vore mange fine nekrologar. Og mange som vil vise seg, seier ho, mange som vil vise at dei hadde eit nært forhold til han, under dekke av å vilje tilføre allmenta noko, av å vilje dele episodar der dei har møtt kvarandre. Dei prøver å få del i hans herlegdom ved å knyte sitt namn til hans. Mykje humbug og eigenreklame. Du er ikkje spesielt snill, seier eg. Eg er ikkje dum, seier ho. Men du liker bøkene hans? Eg veit ikkje, seier ho. Men han er utan tvil verdsett, og han har vore svært dedikert til arbeidet sitt. Ho ler: 91


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 92

Kanskje vart eg berre smigra då han viste interesse, og så vart det slik, og så varte det. Og etter kvart får ein jo ei viss tilknyting, ja, eg meiner, om ein ligg saman no og då over fleire år. Er det ikkje meir enn det? seier eg. Ein gong, seier ho, for hundrevis av år sidan, då eg var ung, var eg på eit forfattarseminar. Utpå natta dumpa ei kvinne ned ved sida av meg, halvfull og med hår og klede litt i uorden. Ho hadde hatt seg med ein mannleg kollega, på denne tida ganske ukjend, og no angra ho seg. Hadde det endå vore han som sit der borte, sa ho og peika, han er verkeleg i vinden. Og det var sant, det var den andre som var populær. Men no er det omvendt! Til og med i utlandet har han ho låg med, gjort lykke. Masse omsettingar og mykje ære. Og kva er lærdommen? Eg veit ikkje heilt. Eg hadde aldri trudd at de var elskarar, seier eg. Livet er ikkje truverdig, seier ho og ser utover i lokalet. Orsak, seier ho. Det er nokon eg skulle ha snakka med. Eg betraktar henne då ho går. Ein mann følgjer henne med blikket. Ho vekslar nokre ord med eit par og plasserer seg så i ei gruppe som ser ut til å ta godt imot henne. 92


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 93

Eg tømmer glaset og kjem i prat med nokre unge menn som er lidenskapelege beundrarar av forfattaren, og som i høve gravferda har tatt togturen frå ein by vestpå for å vere her. Ein av dei har eg snakka med før, den gongen var vedkomande ein ung og vakker mann, no må han nærme seg førti, håret er i ferd med å dra seg bakover, krøllane er glisne, mellomrommet mellom framtennene hans ikkje lenger sjarmerande. Eg må ha vore misunneleg på den ungdommelege utstrålinga hans ein gong, i alle fall gjer forfallet hans meg meir positivt innstilt. I dagane etter dødsfallet har dei lese gjennom bøkene til forfattaren på nytt, seier dei, det har vore stort, med tida ser ein også nye aspekt. Godt at det var så pass tid mellom dødsfallet og gravferda, seier den eine. Det er alltid trøkk på gravferder på denne tida av året, seier ein eldre mann som har kome til. Så ein må oftast vente. Det må vere orden på køen. Vi las ikkje alle alt, skyt ein av dei inn, vi las kvar våre bøker og orienterte kvarandre. Var de nære venner? spør eg. Vi står svært nær kvarandre tankemessig, seier ein av dei. 93


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 94

Og for ein vennleg og imøtekomande mann. Så dyktig og langt føre si tid. Vi har vore i kontakt med han på e-post. Er de kollegaer? spør eg. Vi skriv sjølvsagt alle, seier ein av dei. Men det er ikkje lett å kome gjennom. Eg skriv artiklar i tillegg til bokprosjekt. Vi driv vel alle med litt av kvart og ymse småarbeid. Tekst er viktig, seier ein av dei. Det er kunsten som løftar oss opp og fram. Det kunne vore betre betalt. Mykje av det eg gjer, må eg gjere gratis. Men kva gjer ein ikkje, når det ein gjer er viktig? Ei meir enn middelaldrande kvinne som driv rundt og ikkje ser ut til å kjenne nokon, sluttar seg til gruppa. Ho fortel at forfattaren var så vennleg med dotter hennar ein gong dei møttest, slett ikkje slik som mange andre veletablerte forfattarar som ignorerte henne fullstendig, endå ho har gått på fleire skrivekurs og verkeleg skriv godt og heilt sikkert kjem til å få noko ut med tida, ho har manus inne hos fleire forlag alt. Og ho tar opp att namnet på dotter si og fortel kva for sjangrar ho skriv i. 94


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 95

Der borte står ho, forresten, seier ho og peikar på ei upåfallande pen jente som snakkar med enka og elskarinna. Ho skriv om tårepunkta sine, seier mora. Er ikkje det vakkert? Dei har vore tette lenge, men no har ho vore hos augelegen og fått stukke dei opp. Så i dag rann ikkje tårene fordi tårepunkta var tette, men fordi ho sørgde og var så rørt. Eg bloggar om henne, held kvinna fram, ikkje berre om henne, sjølvsagt, mest er det for litteraturen sin del. Og kvinnesaka. Kvinner blir usynleggjorde og oversette. Vil du ha kortet mitt? Og dotter mi sitt? Eg plar legge ut på Facebook kvar gong det er noko nytt. Om ho les ein stad, til dømes, og om ho får gode omtalar av det ho gjer, media er jo så seige med å få det med seg, det er ei skam. Du skriv fantastisk, seier ho til meg. Legg du an på meg? ler eg. Nei nei, seier ho. Eg er lesbisk. Det var naturleg å melde overgang då dotter mi kom ut av skapet. Modige jenta. Ja, det var då eg skjøna det. Vi har alltid vore så nære, eg og dotter mi. Så du treng ikkje kjenne deg invadert. Ingen ting å frykte. Eller å prestere. Er ikkje det herleg? Orsak, eg vil gjerne kondolere enka. 95


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 96

Han burde ha fått gravferd på statens kostnad, seier ein mann som kjem opp på sida. Det er ei skam, seier ein annan. Eit stykke borte står kvinna frå parken. Plutseleg kjenner eg meg oppglødd. Det tidvise mismotet som eg har kjent, verkar framandt. Ho må ha oppdaga at auga mine ligg på henne. Ho møter blikket mitt og kryssar golvet. Det er i november, lyset er gråna. Til å vere denne årstida er det ein fin dag, jamvel om det no er midt i skyminga. I lyset som er igjen av dagen, ser eg ansiktet hennar, i panna og rundt auga og munnen er det liner i huda. Eg er glad i dei store linene. Eg hugsar første gongen eg såg deg, seier eg. Eg sat og drakk vin saman med nokre kameratar. Du var så vakker. Vi sat der og greidde mest ikkje snakke. Takk, seier ho. Eg går rett på sak, seier eg. Ja vel, seier ho. Kva er saka? Eg har hatt deg i tankane mine i fleire år, seier eg. Ja vel? seier ho. 96


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 97

Vil du ha eit forhold til meg? Ja, det var å gå rett på sak, seier ho. Eg har tenkt mykje på deg etter at eg møtte deg i parken, fantasert om deg, kan ikkje kome utanom det, det ligg der som noko heilt nødvendig. Kan vi ikkje bli betre kjende, seier eg og ser henne rett i auga. Eg har lyst til å utforske deg, utforske oss saman. Ho smiler syrleg. Er ikkje eg litt for gammal for deg? seier ho. Ikkje i det heile, seier eg, aldersskilnaden er vel heller ikkje større enn mellom deg og han som er død. For så vidt ikkje, seier ho. Du treng ikkje svare no, seier eg. Men kan du ikkje overvege det? Det er i orden om du har andre, eg har også ei anna. Men vi kan vel ha glede av kvarandre for det? Eg trur ikkje det, seier ho kort. Om du ombestemmer deg, seier eg. Det er ikkje aktuelt, seier ho. Eg vonar du ikkje finn meg uhøfleg og frekk i forslaget mitt, seier eg, det er ikkje slik meint. Det meste er greitt, seier ho. Har du noko å drikke heime hos deg? 97


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 98

Sjølvsagt, seier eg. Fint, seier ho. Vi kan arbeide med minneteksten. Så flott, seier eg. No med ein gong passar godt. Du har sikkert nokre innspel. Vi kan begge stå som forfattarar. I leilegheita set eg på ein cellokonsert av Bach og finn fram whiskyen. Når eg bøyer meg over kvinna for å skjenke frå whiskyflaska, mistar eg balansen og kjem borti magen og brysta hennar. Eg har aldri vore saman med ei så gammal kvinne før. Det er tid for Kveldsnytt. Tida har gått fort, vi må ha sovna, ein blir lett litt slått ut når ein drikk midt på dag, ikkje mindre når drikkinga er etterfølgd av elsking. Har vi elska? Eg får slått på. Der er ein fin reportasje frå inne i kapellet og også frå rett utanfor, der alle har blitt ståande i påvente av kva som skal skje. Eg greier ikkje å få auge på meg sjølv, seier eg. Ikkje eg heller, seier kvinna. Vi burde snakke meir om den teksten, seier eg. Absolutt, seier kvinna. Det er alltid rom for forbetringar.

98


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 99

Eg går inn på nettet etter at ho har gått. Eg finn eit bilete av henne som eg tidlegare ikkje har fått med meg, ho er saman med han som no er død, det er frå eit samarbeidsprosjekt, dei smiler til fotografen. Eg skriv det ut. Eg kjem på ein kommentar eg høyrde om han ein gong, eg greier ikkje heilt å memorere det, men erindrar det som noko negativt. Var det noko med at det var for få lag i han, at han var for enkel, fridde for mykje til folk flest? Eg noterer nokre moment til ein tekst, usikker på kva sjanger, kanskje om kjærleik, men framleis er det meste uklart. Eg skriv: Eg står ved vindauget og ser på henne når ho går inn på den opplyste gangvegen gjennom parken. Nokre tre er felte, undersøkingar må truleg ha vist at dei er ròtne. Det blæs kraftig, fare for rotvelt, vonar det ikkje er ròte i fleire av trea. Ved sida av gangvegen står ei fontene utan sprut. Må truleg vere kopla frå for vinteren.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.