Syd-vest

Page 1

Dei fleste på sørvestlandet kjenner Han Innante, hobbyfilosofen frå Ryfylke og hans absurde univers. I fjor kom den første boka der Han Innante og broren Gunvald samla saman artige historier frå heimtraktene. Boka blei ein stor suksess, og no har Han Innante og naboen, Oggvald Nils – alias Torolf Nordbø og Leif Arild Steen – igjen samla over 100 artige historier frå heimtraktene. Med moped og notisblokk har dei arbeidd seg frå Fitjar til Eigersund. Denne gongen går dei ikkje mindre vitskapleg til verks, og har mellom anna alliert seg med den kjende lokalhistorikaren Gunnar Skadberg i eit nytt forsøk på å analysere den sørvestlandske humoren.

Torolf Nordbø (f.1956) kjem frå Finnøy. Han er humorist, visesongar, seminarhaldar, musikar, lærar og revyartist.

Leif Arild Steen (f. 1972) kjem frå Finnøy. Han er humorist, revyartist og mannen bak ideen Ryfylke Livsgnist.

I S B N 9 7 8 - 8 2 - 5 2 1 -7 7 6 1 - 9

9 788252 177619 samlaget.no

Sydvest-humor frå Han Innante

Boka er illustrert med teikningar av Jens Flesjå.

Torolf Nordbø og Leif Arild Steen

Sydvest-humor frå Han Innante

Torolf Nordbø og Leif Arild Steen

frå Han Innante


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 2


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 3

Torolf Nordbø og Leif Arild Steen

Syd-vesthumor frå Han Innante

Samlaget Oslo


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Sett i Samlaget med Adobe Garamond og Frutiger Trykk og innbinding: Valdres Trykkeri AS, Fagernes Printed in Norway Omslagsillustrasjon: Jens Flesjå Omslagsdesign: Kine Røst Illustrasjonar: Jens Flesjå ISBN 978-82-521-7761-9

Takk til: Jan Gunnar Helmikstøl, Jon Arne Helgøy, Frode Steen Svein Maribu, Svein Nordbø, Harald Landa, Tor Moen Tønnessen, Arne Nordbø. Vi vil spesielt takke Gunnar Skadberg for hans bidrag med både humoristiske historier frå Finnøy og historiske fakta til bakordet i boka.


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 5

Innhald Utviklinga 11 Or barnemunn 14 Kultur- og språkforskjellar 16 Ungdommen 20 Ungkarsliv 22 Samliv 24 Gamle folk 33 På døra 38 Polititjuv 40 Jappetid 44 Jordbruk 47 Sport 49 I butikken 51 Ferie 52 Arbeidslivet 60 Kyrkje, bedehus og misjon 64 Song og musikk 72 Kjæledyr 73 I butikken 2 75 Fisking 76 Møte 79 5


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

Berusande drikk 80 Sjukdom og hendelsesløysa 82 Skulen 87 Mat og drikke 89 Godt sagt 91 Ymse 94 Songar 98 Bakord 116

11:42

Side 6


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 7

Forord Forord i denne boka har me ikkje. Me går rett på historiene. Men me har til gjengjeld eit svært humoristisk og lærerikt Bakord bak i boka. Der ser me historisk på korleis humoren på Sør-Vestlandet blei til. Til den tradisjonelle lesaren: Snu boka på hovudet og les bakordet bakanfrå dersom du vil lesa det som Forord.

7


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 8


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 9

Praktikar Mikal var ungkar og livskunstnar. Han kunne den kunsten som er så uvanleg i dag, nemleg å vera nøgd med det ein har. Åleine på ei lita øy i Ryfylke budde han. Han levde av å fiska, og så hadde han nokre sauer og nokre frukttre. Men så hende det som ikkje skal henda. Huset hans brann opp. Heldigvis var det forsikra og han fekk bygd seg eit nytt hus. Folk som kjende Mikal, unnte han dette. Det gamle huset var dårleg, og dei tenkte at nå var han kvitt det gamle sarvet. Men Mikal var av ei anna oppfatning. Då Peder var på besøk hjå han, spurde han Mikal om det ikkje var fantastisk med nytt hus. «Nei,» sa Mikal, «det va møje trivslegare i det gamla huset.» «Men e det ikkje fantastisk med desse nye flotte materialane?» heldt Peder fram, «e de ikkje praktisk og flott med parketten her i stova?» «Hø! Parkett! Nei det e slett ikkje praktisk,» freste Mikal, «sauene sklir!»

9


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 10


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 11

Utviklinga Ny stråleomn Det er ikkje alle som er like interesserte i den teknologiske utviklinga. Men felles for oss alle er at me, etter å ha protestert og fornekta røynda i lang tid, må gje opp. Ein god kjenning av meg frå Suldal kommune – eg kallar han Sigurd – fortalde om då han var med faren og besøkte grandonkelen sin på ei av Ryfylkeøyane. Dette skjedde for svært mange tiår sidan. Onkelen, som me kallar Knut, var litt oppi åra. Han likte ikkje å bruka pengar, spesielt ikkje på alle slags nymotens greier. Men det var to ting han likte endå mindre. Det var å frysa og å arbeida i utrengsmål. Difor var Sigurd og faren Sevrin svært overgjevne då dei steig inn i stova og såg at onkelen hadde kjøpt seg ein av desse Elvarm-stråleomnane som i si tid blei laga i Stavanger. Omnen hadde grøne riller rundt på sidene, og på svak varme kunne du ha føtene på han om du var kald. Men det var eit merkeleg syn som møtte dei då dei kom inn i stova, for omnen stod på ei steinhelle midt på golvet. Sevrin spurde forundra kvifor han stod der. Då svarte onkel Knut litt forvirra: «An hadde den leie uvanen 11


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 12

atte an ville svia seg neriønå golvet!» Då dei kom nærmare, forstod dei kvifor, og Sevrin sa lattermildt: «Det e ikkje løye, det, an står jo på håve!» Onkel Knut såg både forvirra og brydd ut og sa mens han klødde seg i hovudet: «Det va nå løye, det, an stod nå slik i øskjå!» Internett Hilde og Turid frå Tau ville læra far til Hilde, som var blitt pensjonist, å bruka Internett. Dei sette seg framføre PC-en heime hjå Hilde og fortalde om magien med Internett. Dei ville visa han korleis han kunne bruka søkjemotorane, til dømes Google, til å finna kva det skulle vera, over heile verda. Turid fortalde at søkjemotoren kunne gje han svar på alle dei spørsmåla han hadde. Faren var skeptisk. Han hadde aldri hatt tru på desse «datatinga». Omkvedet var: «Dattaen e berre te forlystelse, og det e nedbrytande for ungdommen. Men det e nok heldigvis berre et blaff som snart vil gå øve, akkurat som fløyelsbukser og brylkrem!» Men Hilde forsikra: «Det e sant, far! Berre tenk på eit spørsmål, så skrive me det inn her, og så får du sjøl sjå ka som skjer.» Mens Turid sat klar med fingrane på tastaturet, blei far til Hilde stille ei stund mens han tenkte. «Mja, lad meg nå sjå,» sa han, «eg lure på koss det går med na faster Borghild?» Misjonering Eivind, ein liten gut på Finnøy, hadde vore på søndagsskulen. Mora hadde sett han komma opp etter vegen og forsvinna bak løa med katten. Ho hadde høyrt eit katte12


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 13

vræl og sett katten fara som eit skittstrek til skogs. Då sonen ikkje kom inn då ho ropte til middags, gjekk ho ut for å sjå etter han. Ho fann han søkkvåt og tankefull ved vassbaljen der kyrne brukte drikka. Eivind såg på henne og spurde: «Kjem dyra te himmelen?» «Kaffor spøre du om det?» ville mora vita. Eivind heldt fram: «Eg trur i alle fall ikkje kattar komme te himmelen. De e i alle fall umuligt å få døypt di!»

13


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 14

Or barnemunn Helselære Hallgeir var ein liten gut på seks år som nett hadde begynt i fyrste klasse. Han hadde følgt med på BarneTV og sett desse franske teiknefilmane om kroppen vår, som gjekk om laurdagsmorgonane. Men det var ikkje like lett å halda styr på alle delane på skrotten vår. Ein dag fyrst i september var det svært varmt. Han kom ekstra tidleg heim frå skulen og fortalde mora at dei var sende heim fordi det var uleveleg i klasserommet. «Det var så varmt,» fortalde han, «atte me fekk lov å ta av oss T-skjortene. Ja, lerarinnå òg va så varme atte hu kneppte opp litt framme på blusen sin. Åsså når hu bøygde seg ner for å hjelpa meg, så heldt den eina lungå på å ramla ut.» Barnelærdommen «Viss eg e snille med mor mi og far min, slår plenen for naboen og male huset te bestefar heilt gratis, kjem eg då te himmelen?» spurde søndagskulelæraren ungane på søndagsskulen på Reilstad på Finnøy. «Nei!» svarte alle ungane i kor. «Men viss eg vaska bilen te alle vennene 14


Syd-vest humor 3 korr.qxd:Møje løje

21-09-10

11:42

Side 15

mine, går på sundagsskulen kvar sundag og gjev vekepengane mine te dei fattige, kjem eg då te himmelen?» heldt søndagskulelæraren fram. «Nei,» svarte ungane. «Men ka må te, då?» spurde læraren. «Du må vera daue,» svarte ein av ungane. Karakterboka Somme har evna til å finna noko positivt der dei fleste andre berre finn det negative. Trygve, ein tenåring som nett hadde begynt på ungdomsskulen i Haugesund, kom heim med karakterboka si for fyrste gong. Karakterboka bar ikkje akkurat bod om ei strålande akademisk framtid for guten. Det såg helst labert ut. Den elles så oppmuntrande og optimistiske faren såg lenge i karakterboka før han sa: «Éin positiv ting e det i alle fall å seia: Eg ser atte du ikkje har juksa.» Skapinga Stine, ei lita jente frå Fitjar, sat på fanget til bestefaren og leika med skjegget hans. «Har Gud skapt meg?» spurde ho mens ho klappa det skalla hovudet hans. «Ja, Gud har skapt deg,» sa bestefaren mildt. Ho tenkte seg litt om og undra: «Har han skapt deg også?» «Ja, han har skapt meg òg,» svarte bestefaren. Jenta tenkte seg lenge om mens ho studerte bestefaren, og så kom det: «Han har blitt flinkare etter kvart, då!»

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.