Sterk vind

Page 1




Andre skodespel av Jon Fosse Og aldri skal vi skiljast. 1994 Namnet. 1995, 1998, 2008 Nokon kjem til å kome. 1996, 2004, 2018 Barnet / Mor og barn / Sonen. 1997 Gitarmannen. 1997 Natta syng sine songar / Ein sommars dag. 1998 Teaterstykke 1. 1999 Draum om hausten. 1999, 2016 Besøk / Vinter / Ettermiddag. 2000 Teaterstykke 2. 2001 Vakkert. 2001 Dødsvariasjonar. 2002 Jenta i sofaen. 2003 Lilla / Suzannah. 2004 Dei døde hundane / Sa ka la. 2005 Teaterstykke 3. 2005 Svevn / Varmt. 2006 Rambuku / Skuggar. 2007 Eg er vinden. 2008 Desse auga. 2009 Teaterstykke 4. 2009 Jente i gul regnjakke. 2010 Kortare stykke. 2011 Hav. 2014 Tre librettoar. 2015 Teaterstykke 5. 2016 Fem teaterstykke. 2019 Slik var det. 2020 Jon Fosse har også skrive romanar, dikt, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur. Sjå www.samlaget.no


Jon Fosse

Sterk vind Eit scenisk dikt

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond Papir: 100 g Munken Premium Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0660-9

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


personar Mannen Kvinna Den unge mannen



Sollten aber dennoch einige eine solche Sprache zu wenig konventionell finden, so muß ich ihnen gestehen: ich kann nicht anders. Friedrich Hölderlin



mannen Der er det vindauga eg plar sitja og sjå ut igjennom Han peikar. Pause Og det har eg gjort kort pause nei ikkje veit eg i kor mange år snøgt men mange det er det altfor mange altfor altfor mange mange mange år Kort pause Ved det vindauga der Nett ved det vindauga Kort pause Eller kanskje er det ikkje ved det vindauga eg har sete ganske kort pause eller kanskje heller stått i alle desse år 9


ganske kort pause i alle desse år stått eller sete der kort pause eller kanskje er det ved eit anna vindauga kort pause eg har stått eller sete og sett ut kort pause ved eitt eller anna vindauga snøgt ja slik må det vera eg har sete og berre sjeldan stått ved mange ulike vindaugo for eg har då budd så mange stader Og alle stader der eg har budd har eg stått ganske kort pause eller sete då ganske kort pause og sett ut vindauga ganske kort pause men nei nei det er ved det same vindauga eg har sett ut i alle fall på eit vis for det gjer liten skilnad 10


kva vindauga det kan ha vore ved eller kanskje er det viktig ganske kort pause ja om det er ved eitt og same vindauga eller ved stendig nye vindaugo Kort pause Nei Ganske kort pause Spørjande For kva har vel det å seia Kort pause Kva har vel noko å seia Det viktige er at det er eg Det er vindauga Det er eg som ser ut vindauga Så enkelt er det Kort pause Og når eg står der ganske kort pause eller sit der ganske kort pause spørjande ser eg då noko ganske kort pause og om eg ser noko har det vel noko å seia kva eg ser ganske kort pause nei kanskje ikkje 11


kanskje tyder det ikkje noko i alle fall ikkje noko særskilt snøgt nei så langt ifrå for ja det eg ser imot skifter heile tida same kva eg ser imot ja så skifter det ganske kort pause men og det kan eg ikkje skjøna for men ja samstundes som det skifter er det alltid det same Ganske kort pause Det skifter og det er det same Alltid slik Ganske kort pause Eller kanskje er det ikkje slik Kanskje er det berre noko eg tenkjer ja at det er slik Men dét er i alle fall sikkert ganske kort pause ja at eg kan tenkja at det er slik det er Pause 12


Og kanskje er det altså det same vindauga eg ser det same igjennom som eg alltid har sett att sett om igjen ja på eit vis eller kanskje er det altså ulike vindaugo som eg har sett igjennom eller som eg ser igjennom ganske kort pause nei Nei ikkje no Nei nei for no ser eg støtt igjennom det vindauga der Han peikar igjen Og alltid ser eg noko nytt når eg ser ut igjennom vindauga eg ser eitt eller anna men alltid noko nytt ganske kort pause og det tyder ingenting om det er det eine eller det andre Ganske kort pause I alle fall kan eg tenkja det slik ja at det ikkje tyder nokon ting ingen ting ingen verdsens ting 13


om det skjer noko den augneblinken når eg ser ut eller om det ikkje skjer noko Pause Augneblink Kort pause Det ordet har eg aldri likt Snøgt Augneblink augneblink augneblink Kort pause For eit stygt ord Det er kanskje det styggaste ordet eg veit om kort pause augne ganske kort pause auge pluss blink ganske kort pause augeblink ganske kort pause spørjande augneblink for kva kan det vel tyda ganske kort pause ja det må vel enkelt og greitt tyda å blinka med auga Han byrjar å blinka med augo No blinkar eg med augo alt eg berre kan 14


Eg blinkar og eg blinkar ganske kort pause og eg blinkar ser du høyrer du Eg blinkar med augo alt eg berre kan eg blinkar og blinkar med augo kort pause, han sluttar å blinka med augo eller kanskje heiter det ganske kort pause at ein blunkar med augo Snøgt Blinkar eller blunkar ganske kort pause blunkar eller blinkar Kort pause Blink eller blunk Kort pause Spørjande Men kva er skilnaden ja på å blinka og å blunka kort pause for det må då vera ein skilnad og den kan nok alle berre ikkje eg ganske kort pause 15


for eg kan så lite så eg kan vel berre seia at det er ein skilnad på å blinka og å blunka men at eg ikkje veit kva skilnaden er ikkje veit kva dei to orda tyder ganske kort pause ja så enkelt er det nok Kort pause Men begge tyder vel ganske kort pause no Altså eitt no Nett no Kort pause Og nett no Kort pause Og no Kort pause No Kort pause Og no Kort pause Og er det ikkje merkeleg for ikkje før er no sagt så er det over er forbi 16


så er det fortid Ganske kort pause Ja om det kan seiast slik så er no fortid før det er sagt ferdig Kort pause Ja så kort er no at det om det blir sagt fort nok ganske kort pause eller om ein tenkjer det kort nok ikkje finst eller nesten ikkje finst men likevel så finst det må det finnast om aldri så lite ganske kort pause eller ja så kort då Kort pause Ja eg tenkjer eg Tenkjer og tenkjer Pause Og framtida eg tenkjer på ja den finst heller ikkje eller ja ho finst ganske kort pause men berre som noko tenkt 17


for ganske kort pause ja for når noko tenkt i framtida skjer når det blir til no ja då er også det fortid ganske kort så om framtida finst ja så finst ho som fortid Kort pause Nei eg kan ikkje tenkja Eg har aldri kunna tenkja Tenking er ikkje noko for meg Kort pause Men altså ganske kort pause anten finst berre no same kor kort det er eller berre fortid men fortida finst berre som minne og difor finst heller ikkje den og framtida finst berre som tanke og dermed finst heller ikkje den Eg tenkjer slik Og eg skjønar ikkje betre Ganske kort pause Det einaste som finst til i alle fall for mennesket er då eit no 18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.