Sanka ull | Woolgathering

Page 15

Sanka ull ferdig.qxd:Just Kids

14-05-13

13:54

Side 15

(Svart/Black plate)

Eit kall Eg har alltid førestilt meg at eg kom til å skriva ei bok, om berre ei lita ei, som kom til å føra ein vekk, inn i eit rike som ikkje kunne målast eller eingong minnast. Eg førestilte meg mange ting. At eg kom til å skina. At eg kom til å vera god. Eg skulle bu barhovda på ein fjelltopp og dreia på eit hjul som igjen dreia kloden, og uoppdaga, blant skyene, kom eg til å ha ein viss innverknad, vera til ei viss nytte. Nyfikne ønske surra i lufta, frigjorde føtene til eit dystert, spedlemma barn som knapt klarte å hindra sokkane i å forsvinna ned i dei tunge skoa. Alle sokkane mine var misforma. Kanskje fordi eg ofte fylte dei med klinkekuler. Eg lasta dei fulle med agatkuler og stålkuler og sette kursen ut. Det var det einaste eg var god til, og eg kunne slå kven som helst.

[ 15 ]


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.