Robotsand

Page 1





Åsa Maria Kraft

Robotsand D ik t

Frå svensk ved Martin Ingebrigtsen

Samlaget Oslo 2021


O r i g i na lt i t t e l : Robotsand Copyright © Åsa Maria Kraft, 2018 © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no B ok d e s i g n : Magnus Osnes S k r i f t : Stempel Garamond P a p i r : 100 g Munken Premium Cream T ry k k e r i : ScandBook AB , Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0224-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.




I



I a: År 400: Opne munn (I Nag Hammadi)1

1 Foto: Alice Kraft Nag Hammadi-biblioteket er den mest kjende samlinga av tidlege kristne gnostiske tekstar. Dei blei funne i 1945, nær Nag Hammadi i Egypt, eller på ei klippe ved namn Jabal al-Tārif. Biblioteket består av papyrusmanuskript frå 400-talet, tolv bøker (i Kodeks-format) og i tillegg åtte sider frå ei trettande bok. Kodeks er innbunden handskriven tekst i bokform, som er av


seinare dato enn bokrullane. Bøkene i Nag Hammadi-biblioteket omfattar til saman 52 einskilde traktat. Blant desse er Tomasevangeliet og Maria Magdalenas evangelium av dei meir kjende (sistnemnde blei ikkje funne i Nag Hammadi). I første del av boka hermar eg den fragmenterte forma som desse kodeksane no er i, gjennom lakuner og usikkerheit kring blant anna tidsformer og pronomen. Seinare i boka alluderer eg på ulike vis til tre mindre kjende traktat: The Thunder: perfect mind, Allogenes og Hypsiphrone (Allogenes og Hypsiphrone gjennom personifikasjonar, The Thunder og Hypsiphrone gjennom tekstallusjonar i tillegg.) Det er eit utal teoriar som drøftar om det nokon gong fanst grupper som kalla seg sjølv gnostikarar. I denne boka er gnostikarar (eller gnostinner) dei dokkene som er avbilda på innsida av permen. Pleroma (altet, det fylte) og Kenoma (skuggeverda, det tømde) er gnostiske omgrep som eg delvis har tolka om, vridd og vendt på, slik at dei har lånt farge av tydingane til kvarandre. Krisma er olja brukt i salvinga som blir kalla krismering, og som var forløpar for den kristne konfirmasjonen. Krismering var eitt av dei fem sakramenta som fanst hos dei tidlege gnostiske kristne; i den moderne kyrkja er det att berre to eller tre sakrament (Nicola Denzey Lewis, Introduction to Gnosticism, 2013, s. 96f, «The Gospel of Philip», s. 139–162 i The Nag Hammadi Library, James M. Robinson, 1988). Stylus er ein reiskap av metall, bein eller tre, som i antikken og mellomalderen blei brukt til å skrive på vokstavler. Denne måten å skrive på var tidleg kopla til undervisning og skissering, noko som blei kladda før det blei ført inn i Kodeks. Måleriet av Giotto di Bondone (1266–1337) og/eller verkstaden hans som eg refererer til, er frå Maria Magdalena-kapellet i den nedre kyrkja i Assisi. Det viser, ifølgje den folkelege legenda frå mellomalderen, Maria Magdalenas reise til Provence. Camargue er det floddeltaet i Provence der ho skal ha gått i land, der det også finst ein særskild kvit hesterase, som blir alte opp i halvt vill tilstand.



Det var lenge sidan  Det var vanskeleg

dei var

av plast. Dei

forklare korleis tida

minnest.

snudd andre

retninga. Dei

forvirra trudde

historia var forbi

gnostiske visste den snudd

i framtid.

i dåtid. Tilbake. Dokkene

kunne forklare. Men no kunne

dei ikkje det. Ikkje  eit skimta

Framtida

dei snu

med munnane stengde. Munnen

skar i plast og kanskje

farge rundt

den. Av og til  var munn  liten strek  av og til tjukkare lengre. Ingen

munn heilt lik den andre

dokkas

forutan: alle stengde.  «Men vi skal snakke seinare fordi vi snakka tidlegare»

sa dokkene

gnostiske  opna  munn

12

med

sin stengde


Dokker spreidde  Dei

over verda skal vi

eg vi min vår deira

båt tok over

snart spreie oss.

Magdalenfamilie

tar ein

hav hava nådde og når provinsen. Der

risen skal  dyrkast blei dyrka hadde blitt dyrka der  kvite  Camarguehestar hadde beita snart beita  mange gonger måla  rundt

sovna søvnig

våre mine sine

av lange hår

kroppen svevande i måleri etter

om dei høyrde

måleri

ord frå stengd munn. Alt

dette: mykje seinare. Her: denne  klippa

blir beita

og våre Kodeks i jamn

heite tørre staden og ukomplisert

lagring

13


Kuleledd

harde tøyelege

vi saknar sakna

nervesystem. Materialet vårt hardt

meiningslaust. Det finst

ikkje enno fanst skal finnast  vi eg dei dokkene

blir skapt i framtida

blei skapte skapar blir skapte

materiale i framtida. Orda  sprett spratt skal

får plass bak stengd

sprette sprotte har

den tenkte munnhola. I dokka  blir dratt  kvarandre

av munn

rundt i plast i

skal bli skoren ut blei dratt

ein strek mellom skal lepper  opne munn så orda

ut av den talande til luft utanfor

14

sener

skilje

kjakar frå

reiste ut reise


Dokkene bøyer bøygde skal bøye sine  tøygde skal tøye tøyelege ledd. Handa  tilbake.

skal vrikke vrikka

fram vrikkar

Fotens ledd, kneet, olbogen

ledd i kropp skal

og nakken skal  baner strekte

sit sitte alle nervar sat

samla i

omløp for kvar dokke sin

skilde

plastkropp; identitet.

«Vi veit at vi er fleire. Vi veit at vi er

førte inn i skapinga utifrå framtidige materiale, slett ikkje heilt tilhøyrande.»

15


Vi er alle

av same plast

det betyr ikkje at all plast

blei skapt blir skapt og er blitt skapt ved eitt og same dette eine

tilfellet tømde i ein

stor heit smelta masse massar

blei tømde blir tømde  i støypte former. Former  forma etter kroppar der vi  Nei

kjølna og stivnar sidan kakka

plast er molekyl var

settast saman i eit jamt

som blir sette blei sette  kontinuum tid

skal

vi blir skapte

blei skapte skal har blitt skapte skapar alt   ettersom

16

ut.


Det finst fanst ifølgje segna  har bevist slektskapet vårt  har sådd mange sår

om gammal avhandling med paddeldokkene

og dette

splid. Phainops har prøvd

smugle

unna «Paddeldokkas traktat» meir enn  ein gong men Tomas har oversikt

over kvar Kodeks’ plassering ei

rekkefølgje

legg lagt plasserer dei i

gonger prøvd  nokon henta  så rasande over

igjen og mange

forklare for oss andre. Men  sidan lagt legg

særskild

tilbake ei

kvar gong bok

vi plasserte plasserer hadde plassert skal

plassere den feil

17


Eg trudde ikkje

kunne vere så

enkelt enkel enkle

årsaka. At somme  ikkje i stand til å tenke  seg tenker tenkte seg skal

hadde tanken blitt tenkt tenkande

enkle forkasta tanken at vi  vere skapte flate  organisk material

forma i form

dokker skulle bli skapte skapte av

som tre. Drog

vanleg ansiktsmusklane

nedover, oppover  til sidene hardare  stadig meir desperat prøvde skilje

leppene. Til

slutt svaret mitt: «Plast er

også organisk materiale opphavleg.»

18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.