Puslingar

Page 1




ATLE BERGE Muntergang. Roman. Samlaget 2010 Stockholmsyndromet. Roman. Samlaget 2012 Superpularen. Roman. Samlaget 2015


Atle Berge

Puslingar Roman

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Øystein Vidnes Førtrykk: Type-it AS Skrift: 10,9/15 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0100-0

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir. Opninga av Garman & Worse er sitert etter utgåva til Vigmostad & Bjørke frå 2003. «Etter ein rangel» er sitert etter Jakob Sandes Dikt i samling (Samlaget, 2006). Sitatet på side 5 er frå teksten til låta «Bensinbarn» av John Olav Nilsen og Gjengen.


Stedet du bor, e blitt en måte å tenke på john olav nilsen



delen om ulykka



1980



Astrid Lange rusa motoren. – Er du klar? Ho såg opp i midtspegelen og smilte til dottera i baksetet. Åtteåringen gliste. – Ja! ropte ho. – Flott! 3–2–1! Astrid sjekka armbandsuret, trykte ned handbrekket. Framfor henne svinga ein smal grusveg seg inn mellom to åsar som møttest eit par kilometer lenger inne og danna forma som måtte ha gitt dalen namnet sitt: Hjelmtveit. Astrid visste godt at naboane snakka stygt om villmannskøyringa til familien Lange. Ho hadde lova seg sjølv å skjerpe seg, men no var ho så full av uro i kroppen at ho berre måtte få det ut. Ho vart alltid slik dei dagane Jonny reiste ut i Nordsjøen igjen. Marita elska det. – Fortare, mamma! Fortare! ropte ho medan den raude Corollaen fauk innover den kommunale grusvegen med plass til éin bil i breidda, forbi Espelands11


vatnet, opp den lange, slake bakken til ei flate dei kalla Ballet, og til slutt ned igjen mot det kvite, avlange 70-tallshuset mannen hennar, Jonny, og kameraten Trygve hadde sett opp åtte år tidlegare. Astrid svinga inn på tunet og kikka på klokka igjen. Ho slo av motoren og trekte opp handbrekket. – Eitt minutt og tolv sekund! sa ho. Ho kjente hendene til Marita på skuldrene, pusten hennar i øyret. – E det ny rekord? – Nei, dessverre … Pappa er nok raskare. Marita sukka, sleppte taket i skuldrene hennar. – Elendig, mamma. På veg inn i huset gløtta Astrid opp på døra over seg, den som berre gjekk ut i lause lufta i andre etasje. – Lurer på når far din skal bygga den der altanen, hæ? – Du kan vel gjøre det sjøl? – Ja, det skulle tatt seg ut! Dei åt lapskausen Astrid hadde kokt på pinnekjøttkraft før ho henta Marita på skulen. Etterpå vaska Astrid opp medan Marita tørka. Så kunne dei endeleg sette i gang kveldens store prosjekt: å forvandle stova til ein oase av påskekyllingar, påskeegg, påskekaninar og påskegule fjør. Det vart altfor mykje av det gode, innsåg Astrid då ho endeleg kunne sette seg i godstolen etter å ha måla og klipt og limt i fleire timar. Jonny ville ha klikka i vinkel dersom han hadde sett 12


det, men når han ikkje var heime, var det strengt tatt deira privilegium å bestemme kor mykje påskepynt som var nødvendig for å få den rette stemninga. Astrid slo på fjernsynet og gløtta ned på dottera, som no sat og leika med legoklossane sine på golvet framfor tv-en. Kvelden før hadde Marita og Jonny begynt å bygge eit sjørøvarskip, men no måtte vesla klare seg sjølv. Det gjekk visst ikkje så bra. Marita flytta blikket frå teikninga til skipet, frå skipet til teikninga. Ei legomast small i golvet og spratt inn på kjøkkenet. – At det skal være så jævlig vanskelig! ropte ho på den bergenskinspirerte dialekta ho hadde snakka sidan ho begynte i første klasse, knotemålet som irriterte Astrid grenselaust, ho som alltid hadde vore så stolt av å vere stril. – Gå og vask tunga di med Zalo! Marita svarte ikkje, kasta berre ein ny kloss i golvet. Astrid sukka. Ho hadde sett fram til å slappe litt av, men når dottera var i det der humøret, var det berre å få henne i seng. Ho reiste seg, men stivna då nyheitsanker Kari Sørby begynte å lese opp meldinga ho hadde fått inn i manuset sitt etter at dei gjekk på lufta: «Vi har nettopp fått inn en melding om at hotellplattformen Alexander Kielland på Edda-feltet i Nordsjøen har kantret.» Astrid gispa. Marita spratt opp. – Det e bra han e så flink til å svømme, sa ho. – Nei, men vesle jenta mi, då … Pappa jobbar på … Ja, kor var det eigentleg Jonny jobba? 13


«Det var om lag 200 oljearbeidere om bord i plattformen», heldt Sørby fram. «Ifølge Redningssentralen på Sola, som nå organiserer redningsarbeidet, skal flere av dem som var om bord, være skadd. Årsaken til ulykken er foreløpig ikke kjent. Opplysningene som hitil er kommet fra Nordsjøen, går ut på at produksjonen av olje er stengt.» Jonny hadde ofte snakka om Alexander Kielland – Nordsjøens Bangladesh, Nordsjøens Harlem, Nordsjøens Reitgjerdet. Den trekkfulle kinosalen og dei kjipe lugarane. Dei såkalla bustadmodulane som var stabla oppå kvarandre i fire etasjar, var visst berre containerar verftet hadde skore ut dører og vindauge i, før dei pressa inn køyesenger til fire mann, eit lite bord, fire stolar og eit garderobeskap. «Rørledningen er tømt for olje», avslutta Sørby. «Slepebåter, supplybåter og helikoptre er kommet fram til den kantrede plattformen for å være med på redningsarbeidet. Ja, det er alt vi vet om ulykken på hotellplattformen Alexander Kielland på Edda-feltet i Nordsjøen.» Eldfisk! tenkte Astrid. Det var det! Kvelden før hadde Jonny snakka med Trygve på telefon, og då hadde han sagt høgt og tydeleg at han skulle på jobb på Eldfisk. Ho sette seg og pusta hardt ut, plukka opp strikketøyet frå korga ved stolen og smilte til dottera. – Pappa jobbar på Eldfisk, han. – Eg vet jo det, då, svarte Marita. – Men han bor 14


på den plattformen hon kjerringen snakket om. Det har han sagt. Han sa at det e som å bo i slummen i Afrika og Asia og sånn. Helt forjævlig. – Ikkje bann! – Men det e sant! Pappa har sagt at lugaren e mindre enn rommet mitt. Allikevel så bor de fire stykkar der inne. Astrid nikka. Ho forstod godt at dottera var forvirra, men når ho fekk tenkt seg om, var ho heilt sikker: Jonny hadde sagt til Trygve at han skulle på jobb på Eldfisk. – Eg veit at han har budd på Kielland tidlegare, sa ho. – Men denne gongen skulle han på Eldfisk. – Mamma! Hørar du ka eg siar? Han jobbar på Eldfisk og bor på den plattformen damen snakket om. Astrid strikka eit par masker. Heretter skulle Jonny ver så god få skrive ned kva plattform han skulle ut på, før han reiste, tenkte ho og såg uroleg på dottera som berre stod der med armane i kors. – Skal eg hjelpe deg med å bygga ferdig båten? Marita vakna liksom, rista på hovudet og sette seg. – Nei. Eg vil klare det sjøl! Dei snakka ikkje meir om ulykka den kvelden, men Astrid sjekka fleire gonger om det var summetone i telefonen som aldri ringde, og sjølv om det vart seint, passa det liksom aldri å be Marita om å gå og pusse tennene. Utover kvelden kom det fleire ekstrasendin15


gar på statskanalen om ulykka. NRK hadde enno ikkje komme fram til ulykkesstaden, men Astrid forstod likevel raskt at omfanget var mykje større enn ho først hadde sett for seg. Plattforma hadde tydelegvis gått heilt rundt, og det vart etter kvart meldt om 7 døde og 120 sakna. Då hadde Marita heldigvis sovna ved legokassen. Så forsiktig ho kunne, løfta Astrid dottera opp frå golvet og bar henne til senga, før ho gjekk tilbake til stova og sette seg ned for å vente.


Morgonen etter vakna Astrid i stolen sin av at telefonen ringde. Eit sekund eller to lét ho han stå og skråle for seg sjølv, før ho brått hugsa kvar ho var og kven ho var og kva som hadde skjedd. Ho reiste seg raskt, smelte høgrefoten inn i bordbeinet idet ho runda stovebordet, hinka brølande vidare og grabba til seg telefonrøyret. – Jonny?! Men det var ikkje Jonny som ringde, det var vaktsjefen i Bergen Nordhordland Rutelag. Mellomleiaren ville forsikre seg om at mannen hennar, boredekksarbeidaren, var i god behald, og at Astrid kom til å møte til vakta i billettbua på ferjekaien i Knarvik som vanleg utpå ettermiddagen. Då Astrid svarte med eit hikst, vart vaktsjefen først taus, før han stotrande fekk spurt om ho hadde nokon hos seg som kunne ta vare på henne. – Marita er no her … Sjefen sa det var godt ho ikkje var aleine. Han la til at han ikkje skulle bry henne meir, og avslutta med å slå fast at ho ikkje måtte tenke på vaktene sine dei 17


kommande dagane. Avslutninga gjorde Astrid endå meir opprørt enn ho allereie var; ho hadde ikkje vore borte frå arbeidet éin einaste dag etter at ho eitt år tidlegare hadde kravd å sleppe ut av husmorfengselet ho hadde vore i sidan dottera vart fødd. – Det hadde no kanskje vore greitt å komma seg ut i staden for å gå her og venta, snufsa ho, men då sjefen protesterte, forstod ho straks kor urimeleg det var, det ho sa. Det var best å halde seg heime, om ikkje anna så for kollegaene si skuld. Dei ville neppe ha visst kva dei skulle seie til henne. Raske steg over golvet i gangen. Marita kom inn i stova. – Var det pappa du snakket med? Astrid rista på hovudet, såg opp i taket. – Slapp av, mamma … Han ringar snart. Der! Astrid løfta røyret. – Jonny? – Nei, det er eg! Det var mor hennar. Mormora til Marita hadde gått tidleg til sengs kvelden før og ikkje fått med seg katastrofen i Nordsjøen før no. Astrid svarte at linja måtte vere ledig i tilfelle Jonny ringde. Mora forstod, og dei la på, men igjen ringde telefonen. – Eg reknar no med at du hadde gitt oss ein lyd om det hadde hendt han Jonny noko, men eg ville no likevel høyra at alt står bra til med han. Det var far til Jonny. Igjen hulka Astrid, og Ottar Lange begynte straks å avhøyre svigerdottera si. Om 18


ho ikkje visste kva plattform Jonny jobba på? Om ho ikkje hadde ringt selskapet? Kva med lensmannskontoret? – Du må då for faen finna ut av dette! Astrid la på utan å svare, men slo straks telefonnummeret til drillingselskapet som Jonny hadde notert på første side i telefonkatalogen. Sekretæren ho fekk snakke med, verka minst like ute av seg som ho sjølv. Astrid måtte be henne ta seg saman før ho fekk fram at politiet i Stavanger etter mykje rot med ulike mannskapslister hadde tatt over ansvaret med å få oversikt over kven som eigentleg hadde vore på Kielland kvelden før. – Eg har sett lister der han er med, og lister der han ikkje er med, fekk sekretæren til slutt fram då Astrid prøvde å frette henne ut. – Han skulle på jobb på ei anna plattform, men transporten var kanskje innstilt. Det var eit forferdeleg vêr der ute i går. Politiet i Stavanger var det tydelegvis mange som ville snakke med. Astrid prøvde fleire gonger, men kom aldri gjennom. Kvar gong ho la på for å prøve igjen, vart ho forstyrra av familie, venner og naboar som ringde for å høyre om alt stod bra til med Jonny. Heile morgonen sat ho der på den vesle telefonbenken, sorgas sentralborddame, heilt til Marita trekte ut leidningen til apparatet. – Mamma, eg e sulten!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.