På liv og død

Page 1


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 1


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 3

Aud Farstad

På liv og død Distriktsjordmødrenes historie

Samlaget Oslo 2016


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 2


Pü liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 5

Til familien min og den norske velferdsstaten


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 6


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 7

Forord Er det noko som gjeld alle menneske i eit samfunn, så er det fødselshjelpa. Knapt noko er så avgjerande for livet som kva for hjelp mor og barn får i samband med fødselen. Dette er historia om dei som gjennom 200 år hjelpte barn til verda her i landet. Dei offentleg tilsette distriktsjordmødrene som drog ikring i heimane og tok imot nytt liv – eller måtte sjå døden i auga. Boka fortel jordmødrene si kultur- og sosialhistorie. Vi fylgjer tett mange historiske jordmødrer frå oppveksten deira til dei avsluttar gjerninga si. Det var kvinner av folket som var dei første utdanna kvinnene i Noreg. Dei kom frå alle utkantane i riket, mange av dei gjekk heile vegen både til og frå jordmorskulen i Kristiania for å skape seg ei framtid. Desse kvinnene var pionerar på mange felt. Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner. Jordmorskulen starta i 1818 og var den første formelle utdanninga for kvinner i Noreg. Det var ikkje før i 1882 at kvinner fekk rett til å ta examen artium, og sjukepleiarar var ikkje vanleg før på slutten av 1800-talet. Jordmødrene var òg dei første offentlege kvinnelege funksjonærane. På 1900-talet var dei ofte dei første kvinnelege folkevalde i mange kommunar. Saman med distriktslegane representerer dei byrjinga på eit offentleg helsestell og med dette kimen til velferdsstaten. Jordmødrene var i over 100 år den næraste utdanna helsearbeidaren for folk på landsbygda i Noreg. Også internasjonalt er dei offentleg tilsette jordmødrene si sterke, sjølvstendige stilling i Norden spesiell. Møre og Romsdal – Romsdals amt – var det første fylket som fekk i stand ei offentleg finansiert jordmorteneste på landsbygda i Noreg. Det skjedde i 1784. Fylket var òg gjennom heile 1800-talet det fylket i landet som utdanna flest jordmødrer ved å gje tilskot til utdanninga. Møre og Romsdal hadde flest jordmødrer per fødande gjennom heile 1800-talet. Fylket er difor særskilt eigna til å studere den offentlege jordmorinstitusjonen si utvikling. Sunnmøre futedøme, som var den mest folkerike delen av amtet og den med flest jordmødrer, peikar seg ut i så måte. Sunnmøre fungerer i denne boka som eit prisme ein kan sjå heile landet igjennom. Rammeverket rundt jordmødrene sitt yrke var likt i heile landet. Dei var underlagde det same lovverket, gjekk på dei same skulane, hadde det same ut-


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 8

8 | på liv og død

styret i kofferten. Dei hadde sams utfordringar når det gjaldt å kome seg fram til dei fødande, hjelpe mora og barnet og hente lege når dei trong det. Problema med å få betalt for arbeidet sitt hadde dei òg til felles. Like eins å få ein skikkeleg bustad, organisere seg og få forståing for yrket både hjå dei dei skulle hjelpe, og hjå styresmaktene. Distriktsjordmødrene sitt liv og virke var rikt på drama og utfordringar. Dei hadde plikt til å dra når dei vart kalla. Reisevegen var ofte lang, ikkje sjeldan farefull og oftast fysisk krevjande. Når dei kom fram til fødekvinna, stod dei framfor ei endå større utfordring der to liv og ein heil familie si velferd stod på spel. Ikkje alle klarte det, men mange utførte bragder som redda liv. Det var verkeleg eit yrke på liv og død! Aud Farstad


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 9

I den ytste utkant, når livets ytste grenser møtest, då har ein ikkje nokon knapp å trykke på i kritiske situasjonar. Då må ein bruke erfaring og sunt vit for å kome seg igjennom. Petra Hellesylt Sæther


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 10


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 11

I slutten av februar 1794, midt i torskefisket, skulle 36 år gamle Kari Kristensdotter på øya Giske i Romsdals amt føde for første gong. Nabokonene frå dei andre bruka i klyngetunet på Giskegjerde hadde kome til hjelp og henta med seg nærkona. Saman heldt kvinnene varmen ved like i røykstova, døra godt attlaten, lyset tent i tranlampen og budde seg elles på fødsel slik dei pla gjere. Dei strødde halm på golvet og la eit teppe over, slik at fødekvinna kunne stå på kne. Sidan fødselen var vanskeleg, måtte mannen til Kari, Knut, gå og løyse på alt som var knytt rundt på garden, slik ein ofte gjorde når ein ville at fødselen skulle kome i gang. Kvinnene kitla Kari under nasen for å få henne til å nyse og stakk fingrane i halsen hennar slik at ho skulle kaste opp. Alt for å få fart på riene. Dersom dette ikkje hjelpte, var kvinnene budde på å hente Knut att for å riste i gang fødselen. Då bøygde Knut ryggen mot Kari sin rygg, heldt henne i armane og rista kona si alt han var kar om. Etter kvart var Kari omtåka av brennevinet dei hadde gjeve henne mot smertene. Eitt eller anna gjorde at nokon reiste etter jordmora. Det var sjølvsagt at grannane hjelpte ved slike høve. Mennene på garden fekk båten ut. Jordmora, Marte Larsdotter, budde på granneøya mot sør, Heissa. Det var ikkje noko fyr på strekninga den gongen, men dette var menn som kjende farvatnet om det var natt eller dag, og som hadde vore i båt og halde i årer og segl så lenge dei kunne hugse. Dei rodde eller sette segl etter som vinden var. For å sleppe unna vestsida av øya, der det var ope hav, gjekk turen gjennom Steinvågsundet. Ein av karane gjekk så over Hessaskaret til Marte Larsdotter. Jordmora pakka seg inn mot det isande draget i open båt ein vintersdag og fylgde med dei. Ved god bør var det vel ein halvtimes sigletur til Giske. På turen fekk jordmora høyre litt frå karane og budde seg på det som venta henne hjå den eldre førstegongsfødande. På Giskegjerde tok Marte Larsdotter imot to levande barn. Tvillingane vart døypte 2. mars 1794. Guten, Halkjell, vart døypt først, sidan han vart fødd først, og etterpå kom jenta, Marta Cathrina. Då jordmora vart rodd heim att til Heissa, låg tvillingane i vogga, godt reiva med det to meter lange bandet i ull surra rundt kroppen og med noko gammalt sølv eller noko skarpt av metall i vogga saman med ei side frå ei salmebok. Det var heilt sikkert òg eit lys som brann i rommet natt og dag til dei små vart døypte. Dette skulle verne dei to mot dei vonde maktene.


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 12

12 | på liv og død

Slik kan vi tenkje oss at det gjekk føre seg då Halkjell og Marta på Giskegjerde vart fødde. Dei var mellom dei aller første på Sunnmøre som kom til verda med profesjonell jordmorhjelp.


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 13

Innhald PIONERJORDMØDRENE Den første jordmorordninga på landsbygda i Noreg 1784–1810 19 Eit gammalt handverk 23 «Jordmor» – eit ord med uklart opphav 23 Kjende jordmødrer i historia 25 Tru og vantru – jordmødrene var kyrkja sitt ansvar 27 Fødsel blir vitskap – staten organiserer jordmorutdanning 29 Dugande, kristne kvinner – den første jordmorordninga på landsbygda 30 Even Hammer – opplysningsmann og amtmann 30 Prestar og kirurgar – dei første dokterane i Noreg 31 Framande fuglar – dei første dokterane på Sunnmøre 32 Folkevekst som aldri før 33 Dei første jordmødrene i Romsdals amt 34 Ut i jordmorteneste 35 «Godt nemme, heldig anlegg» – Marte Larsdotter Heissa 36 Fødeseng og årelating – jordmødrene si lærebok 37 Tvillingar og dødfødslar – Marte Larsdotter si liste 40 Halshogging for barnedrap 44 Jordmødrene – kvinner av folket 47 Heller gratis nabohjelp enn utgifter til jordmor 48 «Gammel og affældig» – pensjon for jordmødrer 49 Gleda er utan historie 50 Forsiktig byrjing – langsiktig verknad 50 Dåp 52 Den vesle heidningen 55 Tapte, rotlause sjeler 55


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 14

14 | på liv og død

FRÅ UYNSKT TIL UUNNVERLEG Distriktsjordmorinstitusjonen på 1800-talet 57 Tre kvinner gjev seg i veg til utdanning 62 To viktige lover for folket 62 Koppevaksinering – første helsetiltak for alle nordmenn 62 Jordmorlova av 1810 – ein milepæl 64 Romsdals amt fylgjer ikkje lova 65 På jordmorskulen 66 Elevar frå mosegrodde, torvtekte hus 66 Til fots gjennom landet – reisa til jordmorskulen 68 Kultursjokk – møtet med hovudstaden 71 Læring og lengt – skulegangen på Fødselsstiftelsen 72 Fødselsinstitusjonar – farlege for fødande 79 Forakt for kvinneliding – Fødselsstiftelsen sett frå dei fødande 81 Rotteplage og snømoking – Fødselsstiftelsen kjempar med tilværet 84 Eksamensskrekk 84 Bergen – nok uekte fødslar til ein fødselsstiftelse 87 Ut i jordmorteneste 89 Folket sine eigne legar 90 Sjukehus – ei naudløysing for dei fattigaste 91 Apotek – medisin, krydder og sjokolade 91 Langt mellom dokterar 92 Dei to første skuleutdanna jordmødrene heim til Sunnmøre 94 Kampen for fødselsmonopolet 99 Ei ufør jordmor 101 Demokratiet – ingen fordel for jordmødrene 102 Åtte år med pliktteneste 104 Berte Lassedotter – ugift mor og jordmor 105 Få fødslar med jordmorhjelp – Noreg i 1860 109 «O Gud giv os lit varme» – allmugen sine livsvilkår 110 For lite hovud, for store hender – «vitskapeleg» syn på kvinner 117 Svangerskap – ei farleg tid 122 Hent jordmora! – reiser til den fødande 124 Fødsel – «To menneskers liv i en jordemoders hånd» 128 Stetoskopet – det klassiske jordmorinstrumentet 135 Spedbarnsstell – kringle, morsmjølk og farlege bad 136


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 15

innhald | 15

Når noko gjekk gale 139 Drap på spedbarn 147 Kampen om fødselstonga 151 «Jordmoderen må have et renligt hjem» – kampen mot barselfeberen 157 Legar versus jordmødrer – ei klassekløft 160 Romsdal – amtet med best jordmordekning 164 Kampen for levebrødet 164 Svelteløn frå amtet 173 Flaggstong og flate bøar – vanskane med å få honorar 177 Konkurransen frå ufaglærte 178 Koppevaksinering – meir heft enn lønt 180 Lang kamp for pensjon 181 Tolmodet tek slutt – jordmødrene klagar til Stortinget 185 Severine Ryther – ein pioner for jordmorstanden 186 Jordmorløna – ein tragisk rekord 190 Redda jordmødrene liv? 190 Tre jordmødrer set frå seg jordmorskrinet 192 Jakobine Ibenfeldt – jordmora som trekte det lengste strået 192 Maren Kristine Vegsund – ein tragisk slutt 193 Berte Lassedotter Vadset – gravstein frå kommunen 194

«NEST GUDFRYKTIGHED ER RENLIGHED DEN STØRSTE DYD» Distriktsjordmorinstitusjonen frå 1900 til 1940 195 Johanne Torine Gammelsdotter med dampbåt til Bergen 199 På jordmorskulen 201 Skremmande første møte med skulen 201 «Aldri får vi sige nei» – skulegangen i Bergen 202 Overjordmor som den gode mor 203 Eksamen – «maskinen» og høge herrar 208 Nest etter slottet – den nye kvinneklinikken i hovudstaden 209 «En broget forsamling» – jordmorutdanninga under lupa 213 Jordmødrene si stordomstid 220 Johanne Drabløs – jordmor i ei verd driven av kvinner 223 Hent jordmora! – reiser til den fødande 236 Fødslar, barnestell og familieplanlegging 243


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 16

16 | på liv og død

Fødsel, kvile og sengjamat 244 Morsmjølka – «spædbarnets første menneskerettighet» 246 Færre dødsfall i barselseng 248 Familieplanlegging – ein stille kulturrevolusjon 250 Kampen for levebrødet 253 Tidsskrift for Jordmødre – einaste vindauge mot verda 254 Ny jordmorlov – nytt vonbrot 255 Ei pinleg låg løn 258 Skikkelege ungar for fem kroner – prisen for jordmorhjelp 263 Organisering av jordmødrer – ei sørgjeleg historie 267 Framtida bankar på 274 Jordmortenesta i Ålesund 278

FRÅ UUNNVERLEG TIL OVERFLØDIG Slutten for eit tradisjonsrikt yrke 1940–1984 281 Petra Hellesylt og Oddny Holte – høgt verdsette jordmødrer 288 Petra sin heilage lovnad 288 «Hugs, Oddny, du har jordmorhender!» 291 Jordmorskulen – lange, lærerike dagar 294 Frå 1926 – ein moderne kvinneklinikk i Bergen 303 Vanskeleg å få etterutdanning 305 Sjukepleiar eller jordmor – kamp for eit gammalt yrke 308 Ut i jordmorteneste 309 Helsevesenet i Sunnylven – dokter, sjukesøster og jordmor 310 Krig og barnefødslar 313 Fred og nye tider 316 Tid til kvar einskild – Oddny Holte vil ut i distriktet 317 «Dei buldra på døra verre enn verst» – reiser til den fødande 318 Andre tider, andre skikkar – fødslar etter den andre verdskrigen 327 Eit renn med tisseprøver 328 Jordmora sine eigne sorger 328 «Skrik, du, det hjelper, det!» – gamle skikkar og ny kunnskap 329 Den store skilnaden – Petra Sæther hospiterer i USA 334 Smertelindring og mindre kampglød 335 Når noko gjekk gale 337 Teieplikt og moralske dilemma 338


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 17

innhald | 17

Dei som passa koner – betalt hjelp i heimen 339 Fødselsinstitusjonar – frå krisehjelp og jåleri til naudsynt tiltak 341 Kampen for levebrødet 357 Kvar jordmor for seg sjølv 359 To klasser jordmødrer – distriktsjordmødrene misser respekt 361 Fylkeslege og distriktsjordmor – to ulike røyndommar 363 Utmattingstaktikk mot ein gammal stand 365 Splitta fagforeining støyter mot mannsmuren 368 Ulik utvikling i dei nordiske landa 373 Trass tidsånda held sentraliseringa fram 374 Ny helselov – jordmødrene som svarteper 376 Protest hjelper ikkje – om nedlegging av fødestovene 379 Jordmoryrket – ein stolt tradisjon 384 Notar 389 Litteratur 407 Takk 419 Illustrasjonsliste 420 Personregister 422


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 18


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 19

PIONERJORDMØDRENE Den første jordmorordninga på landsbygda i Noreg 1784–1810


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 20


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 21

Hovudperson i dette kapittelet:

Marte Larsdotter Heissa, fødd Lyshol 1752–1817 Fødd i Sykkylven Gift i 1780 Småbrukarkone på øya Heissa i Borgund prestegjeld Eit barn, fødd i 1782 Undervist i jordmorkunsten av amtslegen i ca. 3–4 månader i 1789 Den første formelt utdanna kvinna i Romsdals amt Autorisert jordmor i delar av Borgund prestegjeld frå 1789


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 22

22 | på liv og død

Marte Larsdotter Heissa budde på øya Heissa i Ålesund. Nøyaktig kor stort distriktet hennar var, er ikkje kjent. Men frå lista hennar over fødslar går det fram at ho hadde deler av nordsida av Sula, Ålesund og austover mot Nørve og øyane vest for Ålesund, Godøy, Giske og Valderøy. Giskegjerdet, på øya Giske, der fødselen skildra på side 11 fann stad, ligg litt nordaust for kyrkja.


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 23

Jordmora som tok imot tvillingane på Giskegjerde denne februardagen i 1794, var den første formelt utdanna kvinna i Møre og Romsdal. Fem år før hadde ho fått autorisasjonen sin etter fullført opplæring i Molde.

Eit gammalt handverk Det har alltid vore kvinner som har hjelpt andre kvinner i barnsnaud. Etter gammal norsk rett var det ei plikt for gifte kvinner å hjelpe medsøstrer som skulle føde, og den hjelpa skulle vare til barnet var lagt til brystet.1 Nokre kvinner viste seg spesielt dyktige og vart difor oftare tilkalla enn andre. Gjennom tidene og i ulike dialektar har det vore mange namn på kvinna som hjelpte den fødande. Det eldste ordet for jordmor i Noreg er truleg bjargrýgr, som tyder hjelpekone. Etter kvart vart «nærkone» eller «hjelpekone» brukt om dei som var ufaglærte, medan «jordmor» vart brukt om dei som var jordmorskuleutdanna. Men slik var ikkje skiljet i byrjinga. Frå 1500-talet av vart «jordmor» brukt både i lovverket og i andre skriftlege kjelder som namn på den kvinna som hjelpte ved ein fødsel. Først på 1700- og 1800-talet, etter at jordmødrene fekk formell utdanning, vart skiljet mellom jordmødrer og hjelpekoner skarpare. Frå mellomalderen til moderne tid utvikla jordmoryrket seg frå ei uformell ordning mellom grannar, via eit handverk under kontroll og skulering av prestar og dokterar fram til formell skulegang i ein fast institusjon.

«Jordmor» – eit ord med uklart opphav Inga tyding er endeleg fastlagd. Den vanlege forklaringa er at kvinna fødde på kne eller på huk i gammal tid, og at barnet difor vart heva opp frå jordgolvet av jord-mora. Men det har òg vore lansert andre forklaringar. Lily Weiser-Aall viser til folkelivsgranskaren Nils Lid si forklaring frå 1946 om at ordet «peker på overnaturlige hjelpekoner som oppholdt seg under jorden. […] Det samiske navn maddar-akka for jordmor og en kvinnelig fødselsånd belyser etter hans oppfatning den nordiske betegnelse jordmor: Akka betyr oldemor, den første kvinnelige stammor, og maddar er et gammelt finsk-ugrisk ord for jord».2 I Den Norske Jordmorforening sitt 50-års jubileumsskrift nemner dei fleire andre for-


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 24

24 | på liv og død klaringar. Hjalmar Falk hevda ved førre hundreårsskifte at ordet frå først av vart skrive med g – altså gjordemoder – og kan tyde den som «omgjorde» fødekvinna. Det vil seie å legge eit band over magen på den som skulle føde, noko som var vanleg langt inn i moderne tid. Den andre forklaringa dei framhevar, er at i gammal tid var golvet fasttrampa jord. Ordet «golv» høyrer etymologisk saman med latinsk gleba, som tyder jordklump. I «Postula Søgur» står det om Maria si jordmorteneste hjå Elisabet: «Hun løftet Johannes opp fra jorden da han ble født».3 Den nyaste utreiinga om ordet kjem frå professor Ernst Håkon Jahr. Han nemner dei mange orda som finst i norske dialektar, som ljosmor, nærkone, stråmor, linnmor og krafsekjerring. Etter ein gjennomgang av dei ulike forklaringane og nemningar på ulike språk, set han opp fire mogelege forklaringar på ordet. 1 Ein om-gjorde fødekona anten ved å binde eit band rundt magen hennar eller ved å halde henne oppe for å hjelpe henne å trykke. 2 Den tradisjonelle forklaringa om at jordmora lyfte barnet opp frå jorda etter fødselen. 3 Jordånd-forklaringa: Her er det snakk om «Moder Jord» og jord-ånder, som skal beskytte barnet, og som jordmora er den legemlige representanten for og formidler av.4 4 Den siste forklaringa Jahr tek fram, er at «jordmor» er ei forvansking av det norrøne ordet jó , som tyder foster eller lite barn. Han viser til Hjalmar Falk, som i 1894 skreiv:

jó sjúk bruges om kvinden som er i barnsnød, jó sótt om fødselssmerter. Denne udledning bekræftes, for ikke at sie bevises, af det nyislandske jó módir, som bruges ved siden af ljósmódir og ljósa. Herefter skulde da jordemor egentlig hede jodemor, i gammel form: jó a-módir, og ljosmor skulde stamme fra et ældre jó s-mo ir. Jahr har størst tru på dei to siste forklaringane. Den vanlege forklaringa om at fødselen gjekk føre seg på jordgolv, avviser han bestemt. Det var ikkje alle som fødde på jordgolv i gammal tid heller. Uansett var det strå og halm under kvinnene når dei fødde, dei fødde ikkje rett på jorda. Rett nok heiter det på tysk «hebamme» (frå heben = «lyfte»), men kvifor ein hjå oss berre skulle ta med jorda og ikkje rørsla med å lyfte barnet opp, står uavklart, meiner Jahr. Ordet fanst ikkje i norrønt, og i ei bibelomsetjing frå slutten av 1400-talet har omsetjaren tydeleg problem med jordmødrene i 2. Mosebok og kallar dei «de kvinder som skulde være nær barnefødsel».5 Ordet jordmor dukkar først opp i skrift i dansk i 1535 hjå ein luthersk reformator og i ei bibelomsetjing i 1550. Nokre år før dukka ordet opp i svensk. For denne forfattaren sin del – som ikkje er språkforskar, men ser dette frå historikaren


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 25

pionerjordmødrene | 25 sin synsvinkel – synest det underleg at eit ord som først dukkar opp hjå lutherske teologar og i ei bibelomsetjing på 1500-talet, skulle spele på ein guddom under jorda eller på ei eiga kraft frå jorda sjølv. På denne tida var dei lutherske teologane særs opptekne av å halde seg til den rette læra, og underjordiske guddommar hadde liten plass i det mentale universet deira, for å seie det mildt. At dei danske omsetjarane på 1500-talet skulle ha brukt ei forvansking av eit gammalt norrønt ord, synest òg noko søkt, når ein veit kor orienterte dei lutherske teologane var mot det tyske språkområdet. Dokter og redaktør for jordmortidsskriftet Nils Andreas Quisling meinte i eit føredrag i Kristiania Jordmorforening i 1909 at ein heller burde bruke ord som til dømes «fødselshjelperske» og ikkje det gammaldagse jordmor. Jordmødrene på møtet meinte alle at ordet jordmor var uheldig, og kom med framlegg om det franske ordet accoucheuse.6 Resten av jordmødrene i landet var ikkje samde med Quisling eller jordmødrene i Kristiania då dei hadde namnevalet oppe på landsmøtet i 1910. Der var det semje om å halde på den gamle nemninga. Den Norske Jordmorforening protesterte òg sterkt då Statens lønnskomité i 1977 hadde byrja å kalle jordmødrene «spesialutdannet sykepleier». Leiar i DNJ Regina BullHansen skreiv i eit brev til departementet at jordmortittelen har «urgammel hevd»: Jordmødre har navngitte kolleger i Det Gamle Testamentet – det skulle vel si noe om hevd og tradisjon. Så la oss fortsatt kalles jordmødre – også i Staten – selv er vi stolte av vår tittel og kaster den ikke så lett fra oss.7

Kjende jordmødrer i historia I Europa har jordmødrer vore yrkesutøvarar sidan mellomalderen. Ei såkalla eksaminert (utdanna) jordmor vart tilsett i den tyske byen Nürnberg i 1381, og i Regensburg vart jordmorverksemda regulert ved lov i 1452. Jordmødrene fekk monopol på verksemda, skulle ha lærlingar og hadde jamvel plikt til å utføre keisarsnitt for om mogeleg å redde livet til barnet dersom mora døydde. Hertugen av Braunschweig-Wolfenbüttel sette til dømes alt i 1573 av eit særskilt rom i apoteket der jordmødrene i hertugdømet skulle sjå på, og lære, når livlegen og kirurgen obduserte alle kvinnene som hadde døydd i barselseng.8 Legeverksemd i Europa i mellomalderen var eit handverk. Dei godkjende jordmødrene hadde gått i lære og fekk visse privilegium og fekk diktert visse plikter, slik det var vanleg for handverkarar. I Stockholm danna jordmødrene jamvel eit gilde, ei samanslutning av handverkarar som skulle verne om interessene deira. Så seint som i 1819 hadde gildet førti medlemmar.9 Ei av dei mest namngjetne jordmødrene var Marie-Louise Bourgeois (1564–


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 26

26 | på liv og død I 1690 gav den tyske jordmora Justine Siegmund ut ei lærebok i jordmorfaget. Den kom i mange opplag, og var standardverket for jordmødrer i lang tid. Under portrettet står valspråket hennar: «An Gottes hilff und Seegen / Geshiexten Hand bewegen / ist all mein Tuhn gelegen» (På Guds hjelp og signing / [og] dyktige handgrep / kviler all mi gjerning).

1636), fødd i Belgia og jordmor i Frankrike. Gjennombrotet hennar kom då ho assisterte dronning Maria av Medici. Etter det vart ho hoffjordmor. Ho var òg den første kvinna som skreiv lærebok i fødselshjelp – i 1608. Den røynde 50 år gamle tyske jordmora Justine Siegemond gav i 1690 ut ei lærebok på tysk.10 Ho må òg ha vore eit ressurssterkt og sjølvstendig menneske. Etter at ho sjølv fekk blodstyrting i livmora, las og studerte ho alt ho kom over og vart etter kvart ei ettertrakta jordmor med praksis i fleire land. Ein tredje pioner var Marguerite Le Boursier du Coudray, fødd i 1712. Ho reagerte sterkt på den dårlege fødselshjelpa som kvinner på landsbygda etter hennar røynsle fekk, og ho sette seg føre å lære opp nærkonene. I 1759 fekk ho kongeleg privilegium til å reise rundt om i Frankrike og undervise nærkoner. Ho hadde sjølv konstruert eit såkalla fantom – ein realistisk modell av fødselskanalen og livmora. Ved hjelp av denne modellen kunne ho òg undervise dei som ikkje kunne lese og skrive. Ho dreiv på med dette i over tjue år, og initiativet hennar fekk òg avleggarar andre stader i landet.11


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 27

pionerjordmødrene | 27

Tru og vantru – jordmødrene var kyrkja sitt ansvar I Danmark-Noreg fekk prestane etter den lutherske reformasjonen i 1537 plikt til å kontrollere og spørje ut dei som verka som fødselshjelparar. Sidan dei arbeidde så nær døden og det heilage, var det helst den religiøse kunnskapen og det religiøse sinnelaget den lutherske staten var interessert i. Det var kort tid etter reformasjonen, og ny forståing for kristen tru vart innarbeidd i folket. Det var viktig å innprente nærkonene den rette trua. Døyinga mellom spedbarn var høg, så reglane og ritualet for dåp var særs viktige å kunne. Her stod det om det viktigaste av alt – om barnet skulle kome til himmelen eller til helvete. Dessutan kunne eit udøypt barn ifylgje folketrua bli ein «utburd» som gjekk att og plaga dei levande. Dersom det såg ut til at barnet ikkje skulle kunne overleve, kunne alle vaksne døype barnet. Helst skulle det vere ein mann. Jordmora var på dette feltet i ei særstilling. Først og fremst ville dei lutherske prestane utrydde all form for folkeleg magi, og slik magi vart ofte brukt ved barselsenga. Eit av dei første «instrumenta» vi kjenner i fødselshjelpa i Noreg, er eit lite trestykke som vart lagt på magen til den fødande. På det stod det rissa i runer: «Mari fødde Kristus, Elisabet fødde Johannes Døyparen, ver forløyst til ære for dei. Herren kallar deg til lyset!»12 Slikt var katolsk overtru og syndig trolldom for dei lutherske teologane. Kontroll av jordmødrer vart difor ein måte å disiplinere den folkelege kulturen på dette feltet på. Den første jordmora vi kjenner namnet på i norske kjelder, er Elzebe Messemagers i Bergen. Ho døydde i januar 1565 og fekk litt av ein attest: Ho var «en kvinde vel ved alder, from, dydig, flittig, stille, fornuftig, forstandig, trøstelig, stundom hård og stundom mild i sit kald, ligesom folket var til og lejligheden begav hende».13 I gravferda møtte det opp mykje folk, «av di alle hadde henne kjær». Når ein var så nær livet og døden som jordmødrene var, så vart dei ikkje berre elska, men kunne òg bli frykta. Det har lenge vore hevda at jordmødrer var særleg utsette for å bli skulda for hekseri. Den namngjetne boka Heksehammeren frå slutten av 1400-talet, som hadde sterk påverknad på teologar i samtida, peika ut jordmødrene som potensielle hekser. Det same gjorde biskop Peder Palladius, som hadde stor innverknad på den lutherske teologien i Danmark-Noreg.14 Likevel har den omfattande forskinga på trolldomssaker i Europa dei siste tiåra vist at jordmødrer ikkje var spesielt utsette for skuldingar om hekseri.15 Den framståande norske forskaren på hekseprosessar Liv Helene Willumsen trur jordmødrene var for viktige personar i lokalsamfunna på 1600-talet til at dei vart skulda for trolldom.16 I kyrkjeritualet frå 1685 for Danmark-Noreg gjekk det fram at staten meinte det burde vere godkjende jordmødrer i alle distrikt, både i byane og på landet.


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 28

28 | på liv og død Jomfru Maria var ei kvinne som kristne kvinner identifiserte seg med, og som dei i den katolske tida vende seg til når dei sjølve var i barnsnaud. På dette bildet frå Ål stavkyrkje ser det ut til at Maria har fått hjelp frå ei nærkone, slik òg kvinnene som gjekk i kyrkja, var fortrulege med.

Amtmann, prest og dokter – dersom der var nokon – skulle i samarbeid plukke ut kandidatar og gje moralsk vandelsattest og medisinsk godkjenning. Prestane skulle stå for eit slags innviingsritual. Jordmora skulle få eit brev på handverkskompetansen sin, rett til å ta betaling og plikt til å hjelpe dei fattige gratis. Sjølv om det ikkje var snakk om noka utdanning i moderne forstand, sette likevel styresmaktene krav om at dei skulle forstå seg på faget og vere til hjelp både for rike og fattige. Korleis ordninga arta seg utover i landet, veit ein lite om, men av og til dukkar nemninga «jordmor» opp i kjeldene. På slutten av 1600-talet budde Anne Jakobsdotter i Korsen midt i sentrum av dagens Ålesund.17 Ho vart kalla Anna i Korsen og var kjend som jordmor. Då ho døydde 31 år gammal i 1702, gifte mannen seg opp att med Anne Ingebrigtsdotter, som òg verka som jordmor. Den 9. april 1703 vart Marrete Nørvesund, 63 ½ år gammal, gravlagd i Borgund, og presten skreiv i kyrkjeboka at ho hadde teke imot 120 barn.18 I byane var det rimelegvis fleire som tok imot barn. I Stavanger var det til og med ei jordmor som i 1713 utførte ein kirurgisk operasjon på eit lite barn som hadde fått kaldbrann.19 Frå same by er Berte Kjærandsdotter kjend. I læreboka


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 29

pionerjordmødrene | 29

Ei av dei prestegodkjende jordmødrene ein kan finne i kyrkjebøkene på Sunnmøre, Marrete Nørvesund i Borgund prestegjeld, døydde 9. april 1703. Presten har lagt til i kyrkjeboka at ho hadde teke imot 120 barn.

ho hadde skaffa seg, Kort Underviisning for Jordemødre, førte ho opp alle dei over 800 barna ho tok imot i sitt 85 år lange liv. Det første tok ho imot i 1721, då ho var 23 år gammal.20

Fødsel blir vitskap – staten organiserer jordmorutdanning Særleg frå 1700-talet byrja dokterane i Europa å interessere seg for fødslar. Obstetrikk – fødselshjelp – vart ei eiga grein av medisinen. Fødselstonga og andre tekniske hjelpemiddel vart tekne i bruk. Både i Frankrike og i Storbritannia tok dokterane, det vil seie menn, over mykje av fødselshjelpa. I Storbritannia konkurrerte man-midwifes, dokterar, kirurgar og apotekarar som spesialiserte seg på fødselshjelp, ut jordmødrene.21 I Danmark-Noreg tok òg dokterane grep om jordmorinstitusjonen. Den første læreboka for jordmødrer kom ut i 1688 og var skriven av ein dokter. Gjennom 1700-talet gjorde staten, under leiing av dokterar, ein heil del for å organisere og utvikle godkjenningsordningar for jordmødrer i begge land.22 Den første jordmora med godkjenningspapir frå København, Karen Pedersdotter, kom til Bergen i 1749.23 I 1787 vart den faste institusjonen, Fødselsstiftelsen, etablert i København. Ved dette hospitalet skulle ein òg utdanne jordmødrer. Det var den første statlege skulen for jordmødrer i Danmark-Noreg. I Sverige var det ei liknande utvikling.24 Det var vanleg elles i Vest-Europa å knyte utdanning av jordmødrer til sjukehus, men elles var Norden eineståande i Europa når det gjaldt statleg engasjement i å utdanne jordmødrer og til å gje dei offentleg tilsetjing. I USA, til dømes, har jordmor aldri vore eit sjølvstendig yrke på den måten vi kjenner frå Europa.25 Den 23. mars 1787 avgjorde regjeringa i København at kvart av dei fire stifta (bispedøma) i riket annakvart år skulle sende to–tre jordmorelevar – læredøtrer, som det heitte – til den nyoppretta jordmorskulen i København.26 Det vart ikkje noka stormande interesse. Tvert om. Presten Erik Olsen på Stord kunne fortelje


På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 30

30 | på liv og død

at bodet frå København førte til «en sorg og en klage, lige dem som høres, når unge mandskab skal udskrives til mariner».27 Men det er alltid nokon som dristar seg utpå. 65 norske kvinner vart utdanna til jordmødrer i København frå 1766 fram til lausrivinga frå Danmark i 1814.28 Det kan vere at òg kvinner frå Romsdals amt vart utdanna der, men det er vanskeleg å finne dei att etter eventuell fullført skulegang.29 Dei einaste det har lukkast å finne, var dei to første jordmødrene i Kristiansund. Den første av dei, Mette Marie Schlauen, vart tilsett i 1790.30 Det var seks år etter at den framsynte amtmannen i Romsdals amt, Even Hammer, endeleg hadde fått løyve frå København til å tilsetje ein dokter som òg skulle stå for opplæringa av jordmødrer i amtet.

Dugande, kristne kvinner – den første jordmorordninga på landsbygda Den 17. august 1784 skreiv Even Hammer eit brev til biskopen i Bjørgvin.31 Der opplyste han at Hans Kongelege Majestet i februar det året hadde gjeve dokter Johannes Smith, som nett var tilsett som amtsfysikus (fylkeslege) i Romsdal, i oppgåve å undervise dugande kvinner i «JordeModer kunsten». Dette skulle han gjere som ein del av dei offentlege oppgåvene han var pålagd ifylgje kontrakten sin. Amtmannen bad biskopen oppmode prestane på Sunnmøre om å kome med framlegg til kor mange jordmødrer ein trong i kvart sokn. Prestane skulle òg velje ut «qvinder af godt og christelig levnet» til opplæring hjå amtslegen i Molde.

Even Hammer – opplysningsmann og amtmann Even Hammer var ein uvanleg mann, men likevel i høg grad eit barn av si tid – opplysningstida. Han var presteson frå Ringsaker. Slett ikkje alle embetsmenn var norskfødde på denne tida. Han var ein lærd mann, hadde studert ved framståande engelske, nederlandske, tyske og franske universitet og var sterkt oppteken av å utvikle landet. Då han vart tilsett som amtmann i Romsdals amt, sette han straks i gang med reformtiltak på mange område. Eitt av desse tiltaka var å få tilsett ein dokter som skulle verke i landdistrikta. Dokteren skulle òg ha til oppgåve å lære opp jordmødrer. Det var sløsing med staten sine ressursar, meinte Hammer, at så mange døydde i epidemiar, og at så mange kvinner og barn døydde i samband med fødselen. Både legeordninga og opplæringa av jordmødrer var resultat av fleire års engasjement for å få styresmaktene i København med på ideen. Det hadde ikkje vore lett, men takk vere Hammers innsats var Romsdals amt tidleg ute med både offentleg tilsett dokter for landdistrikta og jordmoropplæring.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.