Museumsforteljingar

Page 1



Sigrid Lien og Hilde Wallem Nielssen

Museumsforteljingar Vi og dei andre i kulturhistoriske museum

Det Norske Samlaget Oslo



Innhald Forord 9 1 | Utstillinga som forteljing 11

Museet i spenningsfeltet mellom nasjonal og global kultur  16 Den nye museologien  18 Å lese utstillingar  20

2 | Ei utstillingsvandring gjennom norsk historie 25

Nasjonshistoria som ei multimedial tidsreise  26 Tekst og tablå  31 Utstilling og historiesyn  34 Tidsmaskin, temapark og andre museale nasjonsforteljingar  37 Museet som nasjonalt utstillingsvindauge eller som arena for ­tverrnasjonale forteljingar?  43

3 | Museumsforteljingar om norsk herredømme på havet 48

Ei vandring gjennom maritime typologiar  48 «Som illustrasjonar i ei historiebok»  54 Den maritime historia: stebarnet i historieforskinga?  58 Koke suppe på ein spikar?  60 Om å la ting tale  64 Familieportrettet og sjøfartshistoria  66

4 | Norsk utvandring på utstilling 71

Utstillingsforteljingar om norsk emigrasjon  72 Nyare utstillingar: norske utvandrarar var ikkje berre bønder  74 Norskamerikanarar i eit multietnisk samfunn  77 Fråværet av dei amerikanske urfolka  78 Andre vanskelege forteljingar: nazistar og kolonial verksemd  79 5


Kampen for ein plass i museumslandskapet  80 Kampen for ein plass i den nasjonale forteljinga  82 Forteljinga om det utvida Noreg  83 Materialiseringa av ein visjon – ein utstillingspraksis tar form  87 Frå jubileumsutstilling til museum  91 Vegen vidare  92

5 | Misjonsutstillinga som vindauge mot verda 94

Utstillinga ved Misjonsmuseet  96 Misjonærar som etnografar  100 Utstillinga Til jordens ender 102 Førestillingar om radikal annleisheit blanda med universell ­humanisme  108 Misjonsutstillingar og Noregs rolle i verda  109 Nye forteljingar  111 Ei gløymd forteljing som likevel lever vidare  114

6 | Å stille ut det framande i etnografiske museum 116

Ei vandring i basisutstillingane  117 Basisutstillingane – problembarnet på museet?  124 Bodskap og resepsjon  125 Kvifor etnografisk museum?  127 Etnografisk Museum som ein stad for identitetsdanning og ­vitskap  129 Montrar og gjenstandar  133 Regimeskifte i basisutstillingane  135 Brot eller kontinuitet?  139 Eit kart over verda  142 Bruken av fotografi  143 Eksperimentelle temporære utstillingar  144 Dynamikken i den visuelle utforminga  147

7 | Å ta tilbake historia i det samiske museet 149

Dei samiske musea i eit kritisk perspektiv  151 På vandring gjennom utstillingane  153 Fråværet av fotografi i den kulturhistoriske utstillinga  156 Å ta historia tilbake  159

6


Nærværet av fotografi i samisk samtidskunst  165 Å rykkje fortid inn i notid – fotografi og minne  170 Museet som stad for reforhandling av identitet og historie  173

8 | Kva utstillinga fortel 177

Å sjå og skildre  178 Å forstå og setje i samanheng  180 Å reflektere  182

Litteraturliste 185 Register 196

7



Forord Vi har mange vi kan takke for at denne boka er blitt til. Først og fremst takkar vi Skuleboknemnda til Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget, som i 2011 tildelte oss Nynorsk fagbokpris for bokideen. Det var ei anerkjenning som var viktig for oss. Vidare er boka inspirert av arbeidet vi gjorde i samband med deltakinga i det europeiske, HERA-finansierte ­forskingsprosjektet Photographs, Colonial Legacy and Museums in Contemporary European Culture (2010–2012). Vi takkar kollegaene våre i dette prosjektet, Elizabeth Edwards, Matt Mead, Susan Legêne og Pamela Pattynama, for godt fagleg samvær og inspirerande diskusjonar. Vi har òg vore så heldige å få lufte ideane våre undervegs med våre gode vener i den fleirfaglege forskargruppa Visuell kultur ved Universitet i Bergen. Under arbeidet med boka tok vi dessutan initiativ til Museologisk Lunsj – eit fagleg forum som samlar museumstilsette og forskarar i heile heimfylket vårt, Hordaland. Dei mange museumsfaglege diskusjonane i dette forumet har vore motiverande i skriveprosessen vår. Men denne boka ville heller ikkje ha vore mogleg utan den rause medverkinga frå dei musea vi har besøkt, og deira tilsette. Ved Maihaugen på Lillehammer står vi i takksemd til Gaute Jacobsen og Ågot Gammersvik, ved Bergens Sjøfartsmuseum Lilli Marie Ingvaldsen og Bård Gram Økland, ved Migrasjonsmuseet på Hamar / Hedmarksmuseet Knut Djupedal og Elisabeth Seip, ved Misjonsmuseet/Misjonsarkivet i Stavanger Gustav Steensland, Nils Kristian Høimyr og Bjørg Bergøy Johansen, ved RiddoDuottarMuseat, dei samiske musea i Karasjok og Kautokeino Karen Elle Gaup, Berit Åse Johnsen, Kjellaug Isaksen, Anders Henriksen, Irene Snarby og Alf Isak Keskitalo, ved Kulturhistorisk museum i Oslo Øivind Fugle­ rud, Kjersti Larsen, Arne Røkkum, Tone Wang, Idunn Kvalø, Lill-Ann Chepstow-Lusty, Ann Christine Eek og Tone Cecilie Karlgård. Utover dette vil vi nemne ei rekkje enkeltpersonar som har vore viktige for oss i proses­sen: Knut Rio, Ralph Wilson, Anne Tove Austbø, Tore Nilsen, Toril 9


Mugaas, Arne Martin Klausen, Per Rekdal, Dina Tolfsby, Bente Geving, Gjert Rognli og Hege Siri. Til sist vil vi takke Samlaget ved Beate Homlong for konstruktive innspel og ikkje minst hennar entusiasme for bokprosjektet. Bergen, november 2015 Sigrid Lien og Hilde Wallem Nielssen

10


Å velje ut inneber òg å velja bort; ein avgjer kva røyster som skal få sleppa til, kva røyster som må finne seg i å verta tagale i den historiske songen.1

1 | Utstillinga som forteljing For nokre år sidan opna Universitetsmuseet i Bergen ei utstilling som representerte noko nytt i det norske museumslandskapet. I ein av dei ærverdige salane som husar dei naturhistoriske samlingane, hadde ei gruppe forskarar rydda unna ruvande gamle museumsmontrar i glas og blanklakkert tre. Blant utstoppa tigrar og elefantar, eksotiske minne frå museets barndom, gjorde dei plass til ei kulturhistorisk utstilling med tittelen Kolonitid: Nordmenn på eventyr og big business i Afrika og Stillehavet. Salane der montrane tidlegare hadde stått sirleg oppstilte, blei fullstendig omskapte gjennom ei spektakulær, konseptuell utstillingsformgiving. Ein storslått scenografisk totalitet løyste dermed opp den strenge inndelinga av museums­ arealet i ulike, sideståande tematikkar eller gjenstandskategoriar. Denne heilskaplege scenografien skapte bokstaveleg talt ei kjensle av å vandre inn i ei anna tid og ei framand verd.1 Det første som møtte blikket i utstillinga, var ei gyllen, veggstor, globusliknande halvkule ved inngangspartiet. Tekstinnslaga som var monterte på denne halvkula, stadfesta sjølve formålet med prosjektet: å gi glimt inn i nokre av dei stadene der nordmenn og norske verksemder spelte ei aktiv rolle under den europeiske koloniseringa av den ikkje-vestlege verda i tidsrommet frå 1850 til 1950. Innleiingsvis inviterte utstillinga også til refleksjon over korleis kvardagskulturen her heime framleis, både materielt og immaterielt, ber med seg spor etter den koloniale tidsalderen. Publikum blei gjort merksam på korleis denne fortida lever vidare i språket, til dømes i form av fyndige omgrep som «huttaheiti» og «dit peparen gror» – eller det meir nøkterne «kolonialhandel». Samtidig blei ulike former for konkrete og materielle spor viste fram, blant anna ein solid kjøpmannsdisk med skuffar fylte av krydder, små afrikanske skulpturar, musikkinstrument, 1 Hilde Holmesland, Siri Slettvåg og Merete Frøyland: «Litt om prosjektet Brudd», i Brudd. Om det ubehagelige, tabubelagte, marginale, usynlige, kontroversielle. ABM skrift 26, 2006, s. 5.

11


bilde og andre objekt henta frå fjerne kontinent. På veggen bak disken kunne ein også studere fargerike gamle reklameskilt for varer som blei tilgjengelege i Noreg med den koloniale handelen, mellom anna såpe, kaffi og ulike kryddersortar. Ein annan vegg var dekt tett i tett av gamle skutebilde av den sorten som framleis er å finne i mange norske heimar – også dette konkrete spor etter det koloniale handelssambandet som også Noreg tok del i. For som dei utstillingsansvarlege peikte på, var det i hovudsak gjennom skipsfart og utnytting av havressursar at nordmenn gjorde seg gjeldande på den globale arenaen (Kjerland og Rio 2009:8). Den viktige rolla sjøfarten hadde som kolonial infrastruktur, kom også fram i sjølve utstillingsstrukturen. Hovuddelen av utstillingsområdet var utforma som eit fargerikt og travelt hamneområde med tauverk og kvite segl som sentrale innslag i synsfeltet. På nokre av seglflatene var det projisert fotografi av fartøy til havs, friskt ramma inn av sjøsprøyt, dønningar og vide horisontar. Andre segl fungerte som lerret for framstillingar av eksotiske landskap i framande verdsdelar. Store transportkasser var eit anna dominerande element i scenografien.

Museet omskapt til eit hamneområde med kvite segl og transportkasser. Frå utstillinga Kolonitid i Universitetsmuseet i Bergen i 2009. Utstillingsdesign: Scandinavian Sur­face. Fagleg ansvar: Knut Mikjel Rio/prosjektet «In the Wake of Colonialism». Foto: Tord Rø.

12


Kassene kunne på den eine sida oppfattast som bilde på korleis det norske nærværet i koloniane som regel berre tok form av å vere korte og forbigåande opphald i transitt. På den andre sida hadde dei ein praktisk funksjon som stasjonar for ei rekkje enkeltståande koloniale historier om enkeltnordmenn, stadene dei kom til, folka dei møtte i slike koloniale samanhengar, og korleis desse møta kom til å endre livet deira. Ei av kassene presenterte for eksempel historia om den norske sjøkapteinen Oscar Christian Olsen i tekst og bilde. Olsen, som i 1895 ankra seglskuta han førte, opp ved hamna i Zanzibar ved kysten av Aust-Afrika, hadde i ung alder mist far sin heime i Noreg. Men han var gåverik og full av ambisjonar, og forteljinga hans tente slik som eit døme på korleis den europeiske koloniseringa av Afrika opna for nye moglegheiter for unge menn som Olsen. Dette blei gjort synleg gjennom fotografi frå livet hans: familiebilde heime frå Noreg, glimt frå festlege høve i forretningslivet, snapshot av lossing av norsk trelast og av konsulatet i Zanzibar, og private så vel som formelle bilde frå Olsens tid i Afrika. Eit forstørra portrettfotografi av han, elegant kledd i «kolonikvitt» med ein tenar frå lokalbefolknin-

Norsk nærvær i fjerne og eksotiske strok og møtet med «dei andre». Frå utstillinga Kolonitid i Universitetsmuseet i Bergen i 2009. Utstillingsdesign: Scandinavian Surface. Fagleg ansvar: Knut Mikjel Rio/prosjektet «In the Wake of Colonialism». Foto: Tord Rø.

13


ga audmjukt i bakgrunnen, talte likevel sitt klare språk om makt og avmakt. Alle desse fotografia var henta frå private kjelder og ikkje offentlege arkiv − kanskje fordi norske aktivitetar i utlandet ofte har blitt oppfatta som irrelevante i høve til den nasjonale kulturarven. Men mellom alle desse historiske fotografia i svart-kvitt, knytte til Oscar Christian Olsens særskilde historie, var det også plassert eit farge­ fotografi frå vår eiga samtid – eit portrett av den norske historikaren Anne Bang. På denne måten blei altså Bang, som hadde forska fram denne ­historia og organisert materialet i kassa, gjord til del av si eiga forteljing. I tillegg omfatta Olsen-kassa etnografiske gjenstandar, blant anna ein stråhatt og nokre korger, frå Zanzibar-samlinga ved museet. Samanstillinga av ­Olsen-­materialet, portrettet av Bang og dei etnografiske gjenstandane tydeleggjorde at forteljingar og gjenstandar kvar for seg har spesifikke historiske forankringar. Slik stod desse elementa fram i utstillinga som produkt av si tid. Her blei forskaren synleg på ein annan måte enn som ein anonym forfattar av utstillingstekstar presenterte som objektive fakta. Med dette grepet blei ikkje berre den koloniale tidsalderen, men også den notidige kritiske historieskrivinga gjord til utstillingsobjekt. Slik overskreid denne utstillinga tradisjonelle førestillingar om museet som objektiv kunnskapsformidlar. Kolonitid: Nordmenn på eventyr og big business i Afrika og Stillehavet gjorde noko som museumsutstillingar vanlegvis ikkje bruker å gjere. Gjennom konstellasjonen av røystene til koloniale og koloniserte aktørar, forskarar og formgivarar makta den å binde saman fortid og notid. Dermed fekk utstillinga fram korleis historia ikkje berre er fortid, men noko vi framleis ber med oss. Utstillinga var altså eit pionerarbeid på fleire måtar, ikkje berre på grunn av den heilskaplege og konseptuelle formgivinga, men endå meir på bakgrunn av temaet, norsk kolonialisme. For som dei utstillingsansvarlege sjølve også slo fast i boka som følgde prosjektet, har det vore vanleg å sjå Noreg som eit unntak i den større historia om europeisk kolonialisme: eit lite og uskuldig land som sjølv var offer for fleire hundre år med dansk og svensk kolonisering. Men sjølv om Noreg ikkje var ei kolonimakt i streng forstand, deltok likevel mange nordmenn i kolonialt relaterte aktivitetar: Dei emigrerte og okkuperte nytt land, dei var sjøfolk og handelsfolk engasjerte i kolonial handel, dei tente som soldatar og offentlege tenestemenn for dei koloniale imperia, dei var misjonærar og oppdagarar (Kjerland og Rio 2009, Lien 2011, Nielssen 2007, 2011). Kolonitid 14


fekk fram eit anna bilde av denne historia – noko som i seg sjølv representerte noko heilt nytt i det norske museumslandskapet. Den alternative historia dei formidla, var dessutan basert på heilt ny forsking, utarbeidd gjennom eit større tverrfagleg forskingsprosjekt med same namn som utstillinga, Kolonitid. Historikarane og antropologane i prosjektet kunne derfor på bakgrunn av heilt nye data vise til at nordmenn «– ved siden av å ha betydelige økonomiske interesser i koloniene – på alle måter, også mentalt, var minst like koloniale som befolkningen i Europas koloniland» (Kjerland og Rio 2009). Slik var utstillinga eit forsøk på å endre den etablerte museale praksisen gjennom å sleppe til «nye røyster» og «historiske songar», som blant anna det dåverande ABM-utvikling (Statens samordnings- og utviklingsorgan for arkiv, biblio­tek og museum) argumenterte for allereie i 2006: «Å velje ut inneber òg å velja bort; ein avgjer kva røyster som skal få sleppa til, kva røyster som må finne seg i å verta tagale i den historiske songen» (Holmesland, Slettvåg og Frøyland 2006:5). Då musea blei til, hadde dei i hovudsak ein nasjonsbyggjande funksjon. I dag blir dei utfordra til å redefinere rolla si i møte med dei sosiale, politiske og kulturelle endringane som finn stad både på nasjonalt og trans­ nasjonalt nivå. Utfordringane handlar på denne måten ikkje berre om å trekkje fram gløymde og fortrengde historier slik Kolonitid er eit døme på. Meir enn nokosinne er Noreg del av eit større politisk, økonomisk og kulturelt globalt system. Det å framstille nasjonen som isolert frå resten av verda blir derfor stadig meir problematisk. På same tid har det norske samfunnet forandra seg frå å vere relativt homogent til å vere prega av større kulturell kompleksitet. Dette gjer det særleg viktig å gi plass til nye stemmer, ikkje minst i musea. Museet er ein arena for å presentere bilde av både oss sjølve og andre (Karp og Lavine 1991). I museumsutstillingar blir kulturell identitet og kulturelle skilnader forhandla, konstituerte og kommuniserte (Sandell 2007). Denne boka skal handle nettopp om dette. Korleis snakkar norske kulturhistoriske museum om identitet og skilnader – om oss og dei andre? Kva fortel dei? Korleis gjer dei dette? Og korleis kan vi gå fram for å analysere museumsutstillingar? Men la oss først rette blikket mot sjølve museums­ institusjonen, som i seg sjølv er eit produkt av nasjonale og globale proses­ sar.

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.