mellom krig

Page 1


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 1


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 3

Kaisa Aglen

MELLOM KRIG Lyrikk

Samlaget Oslo 2016


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 4


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 5

15. februar 2003: Det vert ingen ny krig. Eg lærer gatenamna på nytt.

Rundt hjørnet er eit stort kva som helst. Det skimrar lett. Skin.

Fingrane har ein ubestemt storleik. Liksom skubba fram. Gjennom byen. Ein klang.

Av noko anna. Sjå ein annan veg. Hovuda på putene. På hellene. Mørke flekkar.

Håp. Vi når ikkje fram. Eit minne som nesten er der. Vi står ute i gatene og gret.

5


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 6

Hekken bak benken. Flat plen. Det grøne bak det grøne. Eg fell. Som før. Ein kime.

Bussane si rørsle. Borna ved fontena. Små hender i kaldt vatn. Mistar plastballen.

Og parken. Uendeleg straum av grønt og grått. Ei skråning ved havet. Bombekrater.

Det krev krefter å halde parken på plass. Han lek. Er lekk. Vinter. Rogn. Fly.

Å la seg slite ned. Til ein by. Ei mark. Ei slette. Alt dette. Kunne ha vore unngått.

6


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 7

Vi veit vagt kva soldatane gjorde. Eller framleis gjer. Det er kanskje naudsynt. Kanskje krig. Kanskje under kven sin kommando. Ein stor offentleg kanskje-debatt. Det heile heng kanskje saman. Vi veit nesten kva vi snakkar om. Det er oss nesten viktig. Gjer oss nesten vondt: Vi sender dei nesten ut for ü døy.

7


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 8

Enkelte år viser nedgang. Vi seier: færre. Konfliktar. Krigar. Menneske

drepne

av

menneske.

Sjølv

forsiktige

estimat må telje oss grusomme.

Eller statistikken er eit siste kjærteikn. Eit hei. Vi ser. Vi veit.

Vi tel deg. Varleg. Eit tal. Ei byrjing. Mellom andre tal. Eller byrjingar.

8


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 9

Først umogleg å sjå noko. Grå sky. Torden i hovudet. Tørr hals.

Armen forsvunnen. Under husveggen. Som vender ut. Blått mot blått.

Først heilt utan smerte. Som søvn. Som ball. Som latter.

Og graset bak det siste huset. Der ingen får lov til å leike.

Eg har sett eit dødt kje. Nyfødt og gjennomsiktig og litt blått.

Og eg tenker at det er det som ligg i graset. Og liknar røyk om kvelden.

Berre at røyken søkk i jorda. Røyken legg seg over husa. Som sand når vinden slepper. 9


Mellom krig ferdig_A 16.08.16 09:22 Side 10

Eg hadde ikkje hud. Bilane rann rett inn. Og skrika hennar. Frå eit høgt rom. Krigane om natta.

Heldt meg varm. Nakne bein på grusen når ingen ser. Så fekk eg hud. Eg var taus. Tørr. Dette er.

10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.