Med-mord-i-blikket

Page 1


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 2


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 3

Matti Rönkä

Med mord i blikket

Frå finsk ved Morten Abildsnes

Samlaget Oslo 2010


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 4

© 2002 Gummerus Kustannus Oy, Helsinki Originaltittel: Tappajan näköinen mies © 2010 norsk utgåve: Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Bjørn Kulseth førtrykk: Samlaget skrift: Minion papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7643-8

Boka er gitt ut med støtte frå FILI – Finnish Literature Exchange


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 5

PAKILA, HELSINKI Kvinna uttalte namnet sitt til spegelbiletet: «Sirje.» Ho overdreiv munnrørslene, som om ho snakka til ein døv, så la ho på leppepomade og gjorde leppegymnastikk igjen, ho skiftevis snurpa leppene saman og laga trutmunn. Ho var ei mørk, nesten vakker kvinne. Mennene lurte på, når dei trefte ho, om dei skulle seie ho var jente eller kvinne, sjølv om ho var i den alderen at ho las vekebladet Kodin Kuvalehti. Sirje strigla enno det glatte, halvlange håret med ein børste, heilt unødvendig, godkjende det etter hundre drag og gøymde det under eit grønt, tynt ullsjal. Ho knappa kåpa heilt opp, gynga att og fram for å få vekt på tærne, på støvelhælane, på tærne og knappa i eigne tankar låsen på skulderveska opp og igjen i same takt. Så sukka ho, lett og utan å klage, banka mellom fingrane på skinnhanskane til dei sat godt på, og gjekk. Då ho stod i døra, kikka ho enno ein gong i spegelen, ikkje mot andre stader i entreen eller i huset som ho hadde rokke å gjere seg kjend med, ho snuste ikkje inn lukta og tok vare på ho, ho konsentrerte seg ikkje om å lytte så øyret litt etter litt ville ha fanga opp den låge tikkinga av 5


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 6

golvuret i stua og duringa av kjøle- og fryseskapa på kjøkkenet. Nei, ho berre smilte mot spegelen, litt skeivt, som av sin heilt eigen vits eller av ei lita hemmeleg, god kjensle. Ho trykte døra omhyggeleg igjen og i lås, skilde den tørre, sentraloppvarma innelufta frå den fuktige kulda som kasta seg over ho ute, og ho gjekk frå gardsplassen og ut på gata, støvlane knirka og sette avtrykk i snøen.


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 7

KESÄLAHTI Jobben til Jura var lett. Halde vakt, berre halde vakt. Det var ordren frå Karpov, og det hadde Jura lovt å gjere. Kanskje jobben var altfor enkel. Til og med Jura kunne ha lengta etter noko meir krevjande. Ei brakke var slept inn i ein industrihall og innreidd til kontor, og der måtte Jura sitje – sitje og drikke te frå ein termos og ete brød og kjøtthermetikk og sjokolade. Og røyke sigarettar, det er det nok av, berre du ikkje svir av heile bygningen, hadde Karpov flirt. Ein underleg sjef. Iblant mumla og knegga han på finsk – noko Jura sjølvsagt ikkje skjønte – men også på russisk kom han med ubegripelege vitsar og lo for mykje og merkeleg. Dessutan var hallen berre blekk og betong og kunne slett ikkje brenne. «Om noko skjer, då ringer du, Jura. Men hugs at du held vakt, du held vakt heile tida, om natta, om dagen, om kvelden.» Karpov hadde gnåla og gnåla på det same, og Jura fekk nesten nok: «Jo, jo, ja, ja …» Sjølvsagt hadde han sovna. Og då han vakna, visste han at noko hadde gått fullstendig gale. Kulda trengde seg inn, han fraus på den søvnige huda. 7


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 8

Dørene til hallen var opne, det klarte Jura å finne ut, sjølv om tankane rørte seg stivt, som den tvangsoppvekte girkassa til ein lastebil i ei snødrive, tannhjul etter tannhjul vispa den tjukke olja flytande. Er olje eit amorft stoff? Jura undra seg over tanken, som var hans siste, over at han kunne eit slikt ord. Ikkje eingong som liten hadde Jura drøymt om å bli kosmonaut eller lærar eller i det minste lokomotivførar eller vellykka forbrytar. Dei andre var alltid kvikkare og sterkare og gløggare, og han visste det godt. Han var fornøgd når han fekk fylt magen og drukke seg full regelmessig, ei kvinne i det minste no og då og ein madrass og ei dyne for natta i eit varmt rom. Og Karpov hadde sørgt for Jura dei siste åra, det var gått heilt greitt, han hadde då heller ikkje gjort seg store tankar om framtida. Men han hadde jo tenkt han skulle få leve lenger enn 26 år. No såg det dårleg ut, svært dårleg. Ein meter unna stod det ein mann, ein stor mann i blå Adidas allvêrsdress, med lue på hovudet, han heldt ei stødig hand løfta mot Jura. Og i handa, femti centimeter frå panna til Jura, var det ein svart pistol.


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 9

TALLINN Rommet var reint, opent og klart opplyst, sjølv om det opphavleg var bygd som lager eller verkstad. Veggane var sparkla og slipte og deretter mala kvite, dei grå stålhyllene var solide, som seg hør og bør, og betonggolvet, som var fritt for søppel, halla jamt og feilfritt mot golvsluka. Rundt borda med overflate av plastlaminat jobba det fem mann og ei kvinne, alle i kvit frakk. Dei vog opp eit kvitt pulver i posar, sveiste igjen plastpakningane og pakka dessutan posane inn i aluminiumsfolie. Dei jobba som på samleband, gjorde kjedearbeid, lydlaust og effektivt. Midt i rommet gjekk ein mann med overdrive god holdning fram og tilbake og delte ut vink og ordrar. «Få dei mobileskene dit, reingjer den pakninga gutar, og vi må, vi må vere hel-ve-tes forsiktige med det pulveret.» Mannen var verken ung eller storvaksen, og stemma var slett ikkje kraftig, men han var van med og lysten på å gi ordrar. Og arbeidstakarane hans lystra han gjerne. Dei visste at sjefen var klartenkt, klok og til og med lur. Til no hadde dei også kunna stole på han, og det var sjeldan i 9


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 10

denne bransjen. Mange skodde seg på andre og lurte kompanjongane sine, mange tok unødige og vanvettig store riskar – og mange rota seg sjølv borti salsvarene. Men ikkje sjefen. Han hadde handla med kvinner, metall og våpen, så vel som med pass og visum. Men det var alltid forretningsverksemd, bisniss, og varene var berre meinte for sal, det understreka han alltid. Eiga kone og eigne pistolar og eigne papir var til eige bruk. Narkotika hadde han aldri prøvd, det hadde ikkje eingong falle han inn. Av og til sukka han for seg sjølv, det var greitt nok å ta pengar eller å stele nødvendige varer. Men handelen med piskande kvinner, hormon som bles opp musklar, og narkotika som gjorde ein galen, det likte han eigentleg ikkje. Uansett kom det inn godt med pengar, heilt andre summar enn frå eit lite ran. Transport, pakking og lagring, heile logistikken frå Afghanistan til Russland, og vidare til Tallinn og herfrå til Finland, heile den smurde kjeda rulla frå eitt tannhjul til eit anna, smidig og knirkefritt. Og opiumen frå valmueåkrane blei foredla til rein og god heroin. Den vesle, rakrygga mannen var stolt over bedrifta si.


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 11

SORTAVALA Anna Kornostajeva kjende etter i blomejorda med ein finger og vatna pelargoniaen. Ho prata lågt, sjølv om ho smålo for seg sjølv at ho trong munnen berre til å ete. Det var ikkje andre enn blomane og fotografia som høyrde på det ho sa, ingen katt, ingen hund, ikkje eingong ei mus, heldigvis, i det gamle huset. Ho retta på gardinene og strauk med handa over dei glatte, broderte borddukane, lurte på om ho skulle banke teppa, men ho visste at det ikkje var noko støv å ta bort. Eg må vel likevel rydde no, tenkte ho, det må vere rutine i livet, ein rytme å halde fast på. Ho tok vatn frå kjelen som stod på komfyren og alltid var varm, auste frå kaldvassbytta for å kjøle det ned, fukta eit slite linhandkle som var nedgradert til klut, og byrja å tørke støvet som ikkje fanst, frå fotografia på kammerset. «Niilo Nikolai, min kjære Kolja,» sa ho og kjærteikna biletet av mannen. «Kvifor trengjer du deg inn i draumane mine, hald deg unna dei,» skjente ho mildt og sette biletet tilbake på skjenken. Mannen på biletet hadde rett nase og reine trekk som ikkje var retusjerte. Og auga, Annusjka hugsa dei, òg utan biletet, og først av alt, auga, som hos eit uskyldig villdyr i skogen. 11


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 12

Og dei same tunge auga gjentok seg på bileta av sønene, dei var òg tatt i militæret. Skinet i skjermen på uniformsluene og det tjukke, stive tøyet i uniformene var det same i ulike tiår. Utmerkingar og fortenesteteikn pynta brysta, faren hadde den lengste rekka, og ein kunne ane den djupe, høgtidelege raudfargen til stjernene på medaljane, sjølv om bileta var i svart-kvitt. Anna Kornostajeva klaga ikkje. I hennar alder hadde ho for lengst vent seg til å vere aleine, ho treivst med det òg, sjølv om det hende ho blei skremd av ei underleg brystsmerte eller ørske. Men no var ho forvirra og uroleg og visste ikkje kvifor. Til vanleg var det jo sønene som ringde og uroa seg. «Hogg no ikkje veden sjølv, ikkje klatre i stigar, og kvifor i alle dagar kan du ikkje varme opp med elektriske varmeomnar.» Dei rettleidde og gav råd til mora som var ho eit barn. Dei meinte det naturlegvis vel, men det gjekk ikkje an å ta dei alvorleg, i alle fall ikkje for eit menneske ved sine fulle fem som hadde opplevd tida med krig og alt som kom etterpå, Annusjka måtte le. Men det har no vel ikkje hendt dei noko, tenkte ho uroleg. Aleksej burde jo kunne klare seg i Moskva, med ei god kone, sonen er stor allereie, og alt er som det skal med jobben. Og Viktor har heilt sidan han var liten, vore van med å ta vare på seg sjølv. Finland er sjølvsagt eit framandt land, men Viktor ville dit og kom seg dit, og han forsikrar alltid at alt går bra. Ikkje uroe deg unødig, sa Anna strengt til seg sjølv. Det er fåfengt å sørgje over haustregnet om våren. Og om ho søler mjølk, så mjølkar kua ny i morgon … Det 12


Med mord ferdig.qxd:A

15-09-10

14:29

Side 13

kom så mange ordtak etter kvarandre at dei braut tankerekka hennar, ho sa høgt til seg sjølv at ho ikkje måtte finne på noko tull. Ho byrja å tørke av premiane til Viktor: små skinande pokalar, skeier og runde medaljar til å hengje om halsen. Det verkte i den venstre handa. Har eg no sove på galne sida igjen eller fått strekk, tenkte Anna Kornostajeva.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.