Mørk vår

Page 1


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 1

1


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 3

Unica Zürn

Mørk vår Forteljing Frå tysk ved Runa Kvalsund

Samlaget Oslo 2016

3


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 4

4


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 5

Faren er den første mannen ho lærer å kjenne: ei djup røyst, buskete augebryn i fin boge over smilande, svarte auge. Eit skjegg ho stikk seg på når han kyssar henne. Ei lukt av sigarettrøyk, lêr og eau de cologne. Støvlane hans knirkar, røysta hans er mørk og varm. Det er ei ømheit i han som er stormfull og komisk om kvarandre. Han tøysar med den vesle tingen i vogga. Ho elskar han frå første stund. Då ho blir fødd, kjem han heim att frå krigen. Det første inntrykket ho får av han, er djupt og uråd å gløyme. Ho føretrekkjer han framfor kvinnene som ho vanlegvis har rundt seg. Lukta hans, dei kraftige, lange hendene, den djupe røysta! Men snart, då ho veks til, merkar ho, smerteleg overraska, at han knapt er heime. Ho lengtar etter han. Han gjer seg fråverande, og den som gjer seg fråverande, han blir sakna. Når ho ser han att etter at han vore vekke lenge, kyssar han henne på handa, som om ho var ei fornem dame. Ho er uendeleg sterkt tiltrekt av han. Støtt forlèt han huset uroleg til sinns og kjem heim månader seinare, solbrun og fredeleg. Ho veit ikkje kva han driv med denne tida. Ho erkjen5


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 6

ner tiltrekkingskrafta som strøymer ut av den som gjer seg fråverande og løyndomsfull. Det er det første ho lærer. Han tar med seg venner heim som kallar henne «prinsesse». Dei kastar henne i lufta, og full av tiltru til alt som kjem frå mannen, veit ho at ho i siste sekund, før det forferdelege nedslaget, blir tatt imot. I auga hennar blir mannen til ein stor trollmann, til eit vesen som kan få alt, sjølv det mest usannsynlege, til å skje. Det året ho fyller to, høyrer ho sin første song. Krigen går mot slutten. Ho blir trilla i barnevogna gjennom gata bort til ein terrasse der det sit mange grå soldatar under taket med kvart sitt våpen. Desse mennene syng ei gammal soldatvise, som trist og tragisk kling i den grå, regntunge dagen: Ti tusen menn, dei går i formasjon, falladibom, falladibom, dei går i formasjon, falla-dibom … Barnepika set frå seg barnevogna, set seg på hagemuren og byrjar gråte. Då byrjar barnet skrike etter far sin, som stod det om sjølve livet. Ei aning om noko skrekkeleg kjem over den vesle jenta. Men krigen tar slutt og faren kjem att. Alvorleg og mager sit han ved skrivebordet. Eit enormt bord, dekt av papir. Ei lampe med grøn skjerm lyser opp det vakre, triste andletet hans. Han ser sjuk ut. Ho veit ikkje at han heldt på å døy av tyfus den gongen ho skreik sånn etter han. Ho set seg under skrivebordet i mørkeret og stryk på dei blanke skoa hans. Ho ser på han slik ho ser på alle menneska i huset. Det finst altså både menn og kvinner. Dei gjer forskjellige ting. Når ho ligg på rommet sitt og 6


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 7

skal sove, ser ho på krysset i vindauget. Forma på krysset får henne til å tenkje på mann og kvinne: den loddrette linja er mannen, den vassrette linja er kvinna. Punktet der linjene møtest, ber på ein løyndom. (Ho veit ingenting om kjærleik.) Mennene går i bukser, kvinnene i skjørt. Kva som skjuler seg under buksene, finn ho ut ved å sjå på bror sin. Det ho ser mellom beina hans når han kler av seg, minner henne om ein nøkkel, og sjølv ber ho låsen med seg i fanget. Som alle barn oppdagar ho forskjellane mellom kjønna. Usett og aleine leitar ho i biblioteket til faren etter avslørande bilde. Ho oppdagar konversasjonsleksikonet, og ho oppdagar dei nakne bilda som liknar henne og broren. Ei lang tid byrjar som står i den mannlege kroppens teikn. Fullkomen fascinasjon. Faren, som ho ser nysgjerrig på når han kler på seg, merkar ønsket hennar om å oppdage det forbodne og skjuler skamfullt kjønnet sitt for henne. Men ho er plaga av ei grenselaus nysgjerrigheit. Ein lang søndagsmorgon kryp ho opp i senga til mora og blir forskrekka av den store, tjukke kroppen hennar, som har mista si skjønnheit. Den utilfredse kvinna overfell den vesle jenta med open, fuktig munn, som det stikk ei naken tunge ut frå, like lang som den tingen broren skjuler under buksa. Skuffa styrtar ho ut av senga og kjenner seg djupt krenkt. Ein djup og uovervinneleg aversjon mot mora og kvinna vaknar i henne. Ho veit ikkje at ekteskapet til foreldra er ei løgn, men ho anar det då faren ein dag tar med seg ei vakker og elegant 7


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 8

dame til huset, som gir henne ei stor, kostbar dokke. Hemngjerrig og fortvilt over dei ulykkelege tilstandane i huset tar ho ein kniv og borar ut auga på dokka. Ho snittar buken hennar open og riv dei dyre kleda i filler. Ingen av dei vaksne ytrar eit ord om denne øydelegginga. Ho ser på faren, korleis han fortaper seg fullstendig i blikket til den vakre dama, og korleis han gløymer at den vesle jenta er til stades. Fylt av ei frykteleg einsemd byrjar ho å hate dei vaksne si verd. Ektemannen til den vakre kvinna dukkar opp – ein tjukk, blond skandinav – og mora vender seg heilt sjølvsagt til han. No er det to par i huset, som ikkje skjuler relasjonen sin til kvarandre. For å få den vesle, nysgjerrige jenta ut av vegen beordrar mora henne til å gå og legge seg etter middag. Det er umogleg å sove i det mørklagde rommet. Ho prøver å kome på om ho ikkje kan finne ein motpart til seg sjølv. Alle lange og harde gjenstandar ho finn på rommet, tar ho med seg i senga og skyv dei inn mellom beina sine: ei kald, blank saks, ein linjal, ein kam og skaftet på ein børste. Med blikket festa på krysset i vindauget leitar ho etter ein mannleg motpart til seg sjølv. Ho rir på det kalde metallgitteret på den kvite senga. Ho tar av seg gullkjeda og drar henne fram og tilbake mellom beina. Ho ter seg som ho var i feberrus, heilt til ho får smerter. Ho står opp i smug, rutsjar naken sakte nedover trappegelenderet. Ho kjente vellyst for første gong i søvne og har sidan lært seg å framkalle denne kjensla når ho vil. 8


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 9

Ho vakna ein morgon og hugsa at det var skjedd noko uhyrleg med henne om natta. Men leiken med kroppen gjer henne heilt utmatta, og snart har ho sånn hjartebank at ho mest ikkje kan puste. Ho blir bleik og får mørke skuggar under auga. Faren forelskar seg i denne sartheita hennar og kallar henne «elfenbeinjenta». Fram til hennar tolvte leveår er han den mannen ho føretrekkjer framfor alle andre menn. Den vakre kjærasten hans er vekk. Men lukta av den sterke parfymen hennar blir liggande lenge i romma. Mora har funne ein ny elskar, som overauser den vesle jenta med gåver. Faren er dratt på reise til Det nære austen. Han sender henne postkort av tildekte kvinner. Huset er stille. Ingen bryr seg om henne. Då dukkar det opp eit nytt, framandt vesen i skikkelsen til ei ung tenestejente, ei Frieda Splitter. Barnet vil aldri meir skiljast frå Frieda. Ho følgjer Frieda overalt når ho gjer husarbeid. Etter middag legg Frieda seg på rommet sitt og les i ei tjukk bok som heiter Schloß Stolzenberg. På omslaget er det eit fargerikt bilde: den unge, vakre grevinna rir på ein skimmel på jakt. Ei grøn fjør blæs i hatten hennar. Ho har ein falk på skuldra. Elskaren hennar gøymer seg i ein busk. Frieda har tatt av seg kjolen. Ho har på seg eit fiolett underskjørt i silke med kvite blonder. Leppene er sminka, og håret fell i svarte lokkar på dei nakne, kvite skuldrene. Ho duftar av syrinparfyme. Fingerneglene hennar er lange og raude. Hælane på skoa er høge og skjøre. Ho røyker når ho les, og et sjokoladekonfekt. Ho ter seg som ei fornem dame. Den vesle jenta 9


Mørk vår ferdig_A 08.07.16 12:26 Side 10

legg seg på magen til Frieda og pressar munnen mot Friedas lepper for å fange sigarettrøyken. Frieda lèt henne gjere alt dette med henne: Ho lèt seg stryke, kysse, bli trekt i håret og kilt under føtene. Frieda er 18 år og vil bli filmskodespelarinne. Kvar søndag ettermiddag går ho på dans. Barnet ser på når Frieda skiftar, byter det fiolette undertøyet med det svarte. Ho pudrar og parfymerer armholene, ho parfymerer øyra og innsida av trusene. Ho sjenerer seg ikkje for barnet, som sit andektig på senga og følgjer kvar rørsle Frieda gjer. Frieda blir midtpunktet i alt som er vedunderleg. Friedas kommode er full av fargerikt silkeundertøy, med breie blondekantar. Ho samlar på fargerike såpeesker. Skuffane i kommoden hennar duftar som eit parfymeri – ho går med strømpeband med påsydde roser i silke. Og med all denne skjønnheita jobbar ho som ein besett i det store huset med dei mange store romma. Arbeidet er tungt. Frieda er svært sart og fell om på senga som ein død om kveldane. Dessverre har ho ein stygg kjærast: ein tilårskomen mann med mage og blank skalle og ein bil. Han hentar henne kvar søndag ettermiddag. Barnet skulle ønskje at Frieda hadde ein vakker ung prins til mann, og at ho budde med han i Stolzenberg slott. Mora held ikkje ut å ha den unge, slanke jenta i huset meir. Ho blir sjalu fordi barnet ikkje snakkar om anna enn Frieda Splitter. Mora seier opp Frieda under påskot av at ho ikkje arbeider nok. Barnet er trøystelaust av sorg. Friedas etterfølgjar er stygg og har ein pukkel. 10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.