Lucida

Page 16

Lucida ferdig_Layout 1 19.09.13 08.38 Side 16

tidsskilje, utløyst av ein situasjon eller eit innblikk, der det som på den eine sida ikkje hadde meining, på den andre sida brått får meining, der det som ikkje betydde noko, brått betyr alt, at ein plutseleg får ei innsikt, og at ein med denne innsikta ikkje på noko vis kan skjøne korleis ein tidlegare klarte seg utan. Kanskje var det nettopp dette som var poenget til Horace, at det også var slik med jenta, at denne nyvunne innsikta om henne, om hennar betydning, denne nye tilstanden av klarheit, var den rikaste tilstanden ein kunne oppleve, men at det også var den fattigaste, den mest einsame. For i erkjenninga av at dette var jenta, så låg det også at ein var heilt åleine om denne innsikta. Verda var elles den same som før. Alt var ved det gamle. Viss ein opna vindauget og kikka ut, så ville det framleis vere sol, eller det ville regne, eller blåse, eller kva det var det gjorde. Fuglane ville framleis synge eller kvitre i trea som framleis stod der og skugga over vegen som framleis slyngde seg gjennom porten som framleis opna seg for heile verda slik ein med nye auge framleis forstod eller misforstod henne. Kvardagen ville framleis vere kvardag, han ville også vere seg, og jenta jenta. Men samstundes ikkje. Alt som var før dette augeblikket, ville også vere etter. Men det ville bety noko anna. Det ville framstå i ein annan glans. I djupare farger. Noko så enkelt som måten ho gjekk på, korleis stroppen på veska hang over skuldra, korleis håret fall og handleddet hadde denne knekken fordi dei ytste ledda på tre av fingrane kvilte i bukselomma, korleis blikket var ufokusert fordi tankane var andre stadar, stadar som framkalla noko som såg ut som eit smil, men som eigentleg berre var ein distraksjon, i ei verd av abstraksjonar, ein distraksjon, som likevel betydde alt, fordi den romma alt det som var henne, og den skilde henne frå alle andre, den 


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.