Krigens skugge

Page 1


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

1

13:31

Side 1


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 3

Ragnhild Kolden

Krigens skugge Roman

Samlaget Oslo 

3


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

FØRSTE DEL 1946–1947

13:31

Side 5


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 7

kapittel 1 Lina har bordkluten i den eine handa og eit tomt serveringsbrett i den andre. Det er ei roleg stund tidleg på ettermiddagen. Kafégjestane som skal reise, har gått ut på togperrongen, og neste pulje tilreisande har enno ikkje kome. Berre nokre av borda er opptekne, mest av folk frå grendene rundt stasjonsbyen og frå bygdene lenger vest. Ho kjenner dei fleste av dei. Slik som mennene ved vindaugsbordet i hjørnet – dei et formiddagsmaten sin her kvar einaste dag. Det skjer alltid eitt eller anna på jernbanestasjonen. Ho veit kven som kjem og reiser. Veit ofte kva ærend dei reiser i òg, etter å ha gått mellom borda i kafeen og høyrt dei prate seg imellom. Om reiser til sentralsjukehuset lenger ned i dalen, om byturar til slektningar. Rett som det er kjem det ungdom som er på veg til teneste på arbeidsplassar i Oslo, eller for å ta seg hyre på ein båt. Spente og bråkjekke sit dei med sigarettar mellom fingrane og kjenner seg vaksne. Ho har sett somme av dei når dei kjem attende òg. Med eit skuffa uttrykk i ansiktet, blanda med letnad og glede over å ha sloppe unna storbyen og kome seg heim. Men mange kjem aldri att. Handelsreisande kjem innom og et middagen sin her. Dei bur eit par dagar på Jernbanehotellet før dei reiser 7


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 8

vidare – same folka, same ruta kvar einaste gong, dei fleste av dei kjem ein gong i månaden. Lina flytter litt på den store geraniumen som står i vindauga. Dreg kluten over blomsterbrettet. Plukkar av eit par dovne blad, kjenner etter med fingeren om blomen treng vatn. Det byrjar å samle seg ein del folk ute på perrongen. Stasjonsbetjenten har kome ut, og vegbommen er senka. Der kjem Dagny Vik. Ho som er forlova med Andreas, bonden på Sjo. Dagny blir ståande på perrongen. Det er toget frå Oslo som er ventande inn om nokre minutt. Så er det vel i dag tyskartøsa skal koma. Uff, det er nå ikkje berre berre å få ei slik ei i hus, tenkjer Lina. Ho sjølv hadde aldri teke imot henne, om det var søster hennar aldri så mykje. Det blir sagt at ho skal bu på Sjo. Kva seier Andreas om det, tru? Han tok over Sjo i fjor, rett etter at krigen var over. Kom som ein kvervel og sette i gang. Lina såg han koma. I soldatuniform, rett frå ei eller anna teneste. Da hadde han vore borte sidan første krigsåret. Han var kjekk og livat, litt annleis enn mange av dei andre bøndene. Lettare liksom, med meir smil i seg. Lina hadde servert han mat på kafeen ein gong iblant gjennom vinteren. Elles hender det aldri at folk frå gardane kjem hit og kjøper seg middag. Han hadde unnskyldt seg med at det var kvinnfolklaust på Sjo. Eg må skaffe meg ei, elles blir eg raka fant snart, hadde han spøkt og sett skjelmsk på Lina medan han betalte for maten. Ho tykte ho hadde vorte litt kjent med han. Lika han. Hadde drøymt litt. Heilt til Dagny kom, nå i vår. Andreas hadde teke Trondheims-toget, vore borte eit par dagar og kome att saman med henne. Det spurdest snart 8


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 9

at dei to var eit par. Dei må ha kjent kvarandre frå før. Sist Lina såg dei, hadde dei ring på fingeren. Kjøpte seg kaffi og wienerbrød og sat ved det innarste tomannsbordet i kafeen. Andreas hadde knapt veksla ord med Lina. Sat borti hjørnet og såg forelska og lykkeleg ut. Etter Dagny kom søstera hennar, Emma. I juni. Rett frå lærarutdanninga. Ho har fått post i folkeskulen frå hausten av. Ho kunne ha budd i den gamle lærarbustaden like ved skulen, men valde å bu på Sjo. Og i dag kjem altså den tredje av søstrene Vik. Og det – det er ei heilt anna skål. Kanskje dei er same ulla Emma og Dagny òg, for alt Lina veit. Men med det same ho har tenkt tanken, slår ho den frå seg – ho har høyrt folk prate ved kaféborda. Faren er ein kjend kommunist frå Trøndelag, og både han og Emma skal ha vore aktive i motstandsrørsla under krigen. Blikket heng ved Dagny der ho står nede på perrongen. Ho er så vakker. Eit slikt menneske ein må sjå på. Men utilnærmeleg, det er ikkje til å koma frå. Dei seier det alle som har vorte litt kjent med henne; ho er eit menneske som held avstand. Hyggeleg og blid, dyktig i arbeidet sitt på Sjo. Det har nå vel aldri vore så reint i dei mange husa der før. Men likevel – det er noko ved henne som gjer at ho glir unna, du får ikkje heilt tak på henne. Ho er nesten aldri av garden, berre eit par gonger har Lina sett henne her nede i byen. Det er varmt – den siste veka har varmedisen lege blågrå mellom fjellsidene, og ikkje ser det ut til å ta slutt heller. For ein gongs skuld har dei vore spara for ustadig julivêr, slåtten går som ein leik bortetter åkrane på gardane, 9


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 10

det er klestørk og høytørk i ei uendeleg rekkje med høgsommardagar. – Står du her og drøymer deg bort? Lina kvepp. Ein av mennene frå bordet borti hjørnet har stilt seg opp ved sida av henne, står breibeint med hendene i lomma og søkjer med blikket etter kva som er så interessant utanfor. – Ikkje akkurat det. Skal eg finne noko til deg? Kaffi? Han ristar på hovudet. – Nei da. Berre nyt den vesle fristunda du har, du, om litt er det vel kø ut døra att. Eg ville berre ha påfyll, eg – eg kan vel hente sjølv? Lina nikkar. – Berre forsyn deg. Dagny Vik er ute og luftar seg, det er nok i dag den tredje av søstrene kjem. – Ja, sjå der, ja, seier mannen. – Jammen er ho ute, skjønnheita i eigen høge person. Jaså, er det i dag tøsa kjem? Faen skulle forby at vi fekk fleire slike i bygda. Dei andre mennene frå bordet borti hjørnet har kome bort til dei. – Rart at Andreas på Sjo finn seg i det. – Kanskje han ikkje veit kva slags menneske ho er. Kven var det som sa ho er tyskartøs, forresten? – Det veit da alle. Torkjel Strand, han som arbeider på samvirkelaget, var svenskesoldat. Han var med og hanka inn tøsene i Steinkjer i fjor vår. Og blant dei var Tea Vik. – Er det Tea ho heiter? – Matilde på posthuset sa at Dagny skreiv brev til henne. Med adresse Hovedøya. Kva skulle ho gjera der, om ho ikkje var internert? Det var der Hanna Sjovold sat òg, ei av dei som fekk unge med ein av tyskarane som var 10


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 11

stasjonerte her. Dei har forresten teke jentungen hennar, har eg høyrt. – Har dei det? Ja, det var neimen ikkje ein dag for tidleg, eg har høyrt både det eine og det andre om kor vanskjøtta den ungen var. Og Hanna visste ikkje kven av tyskarane som var faren, heller. – Einkvan sa at ungen var åndssvak. Dokter Blix seier at mange av tyskarungane er det – dårleg arvemateriale, seier han. – Tea Vik har i alle fall ikkje unge. Han hadde vel sett nedi hælane lell da, Andreas på Sjo. – Andreas er for snill for sitt eige beste. Men du veit, kjærleik gjer blind. – Og det er det somme som veit å utnytte. Der kjem toget. Dei står tause og ser passasjerane koma ut av vognene. Berre fire–fem personar. – Ingen av dei der kan vera Tea Vik, seier Lina. – Nei, men ho der kan. Ho med tørkle, seier ein av mennene og peikar mot bakarste vogna. Ei ung kvinne med ein brun koffert i handa stig akkurat ned på perrongen og ser seg rundt. Ho er mager og forkomen, dei dårlege kleda sleng rundt kroppen på henne. På hovudet har ho eit blomstra tørkle, stramt knytt i nakken. Gummistøvlar på føtene. – Jøss. Er det slik dei ser ut når dei får av seg silkestrømpene og leppestiften? seier den eldste av kafékameratane – ein liten, litt fyldig kar som opphavleg er frå Oppdal. – Eg las ein eller annan stad at dei fleste av dei er for gatetøser å rekne. Og slikt skal vi fø på? Jammen skulle dei vore sende til Tyskland, kvar einaste ei. 11


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 12

– Og så gummistøvlar, da – i denne varmen. Dagny går søster si i møte. Ho ser skamfull ut, kikar rundt seg, som om ho er redd nokon skal leggje merke til dei. Men det gjer dei nok, alle der ute. Tause står Lina og gjestane hennar og ser den nyankomne setja frå seg kofferten og rekkje fram handa. – Eg skjønar ikkje at dei vil ha henne i hus, seier Lina. – Det er trass alt søster hennar – det er vel ikkje så lett, svarar det bak henne. – Og kanskje er det ikkje heilt slik som det ser ut – tøsa var visst ikkje med på det frivillig. Det er det eg har høyrt, i alle fall. – Kven sa det? – Ein eller annan som hadde snakka med Emma – eller var det Dagny. – Dei prøver å pynte på det som best dei kan, skal du sjå. Det hadde eg gjort òg, var det ein av mine som hadde rota seg borti slikt svineri. Og ho hadde vel ikkje vorte internert, om det ikkje var med vilje? Usj, for ei skam. Berre sjå på bakaren og kona – dei er ikkje utom døra lenger, på grunn av Henriette og tyskarungen hennar. Dei har tilsett ei ungjente i bakeriutsalet for å sleppe å ekspedere sjølve. Stakkars folk. – Faren til Vik-jentene er kommunist. Både Emma og han var midt oppi det under krigen, i kvar si motstandsgruppe. Tenk deg det – å få veta at dottera har vore i seng med dei, medan han risikerte livet. Måtte rømme til Sverige både han og Emma, har eg høyrt. – Nei, det var Dagny som var i Sverige. Ho sa det sjølv – hadde budd der siste halvåret av krigen. Det var visstnok der ho trefte Andreas. De skal sjå han var motstandsmann han òg. Borte var han i alle fall, det meste av 12


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 13

krigen, sjølv om han hadde overteke garden, i alle fall på papiret. Gamlingen døydde i 43. – Han har slekt i Sverige, han. Faren er svensk. Han kom her som handelsreisande og vart verande. Gifta seg og starta butikk. Hugsar ikkje kva han selde – lurer på om det ikkje var maskinar av noko slag? – Skrivemaskinar. Og symaskinar, om eg ikkje hugsar feil. – Eg skjønar ikkje det der med at det er Andreas som har overteke Sjo? – Gamlingen, Hallstein, levde einsleg all sin dag. Mor til Andreas er søster hans, så han var den næraste til å ta over. – Var heldig det, da. Elles hadde det vorte ståande tomt der, eller vorte lagt ut for sal. – Ja, og da veit ein ikkje kven som kunne hamna der. Andreas er av Sjo-folket i alle fall. Og ein hyggeleg kar er det, ikkje noko å seia på det. – Ja, men han må nok setja ned hælane og ta styringa på eigen grunn, nå som det blir så mykje kvinnfolk rundt han. Men kanskje det alt er for seint – tyder på det, når dei dreg ho der tøsa i hus. – Å, de skal sjå han er ein luring. Nå får han både kjerring og taus. Ikkje så dumt det, med den mangelen som er på arbeidskraft. Mange av gardane som slit. Folk vil heller arbeide på anlegg eller på kontor. Dei ser søstrene Vik stige om bord i bussen som går til Kverndalen. Dagny velkledd og vakker, den andre ser ut som eit malplassert, fillete fugleskremsel. Ein liten snev av medynk, nesten umerkeleg, streifar dei. 13


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 14

– Uff ja, det er ikkje greitt, seier oppdalingen og Lina i kor. – Ja ja, ein får det nå som ein steller seg, det er ikkje anna å seia om det, seier ein av dei andre.


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 15

kapittel 2 Bussen kjører den smale grusvegen innover Kverndalen. Der ligg gardane Lunde, Hauge, Øygard og Sjo på rekkje og rad. Eit par plassar må bussen heilt utpå kanten når den møter annan trafikk, eller krøtter som rek langs vegen. Dagny og Tea sit på eit dobbeltsete midt i bussen. Tea er varm i kjakane, og nevane ligg hardt knytte i fanget. I den vesle sladrespegelen ser ho sjåføren gløtte på henne med jamne mellomrom. Det ligg ein liten flir rundt munnen hans. Eit kvinnfolk lenger framme i bussen kikar stadig bakover, medan ho fører ei kviskrande samtale med sidemannen. Tea snur seg mot bussvindauga, ser innbiten på gardar, folk og dyr som flimrar forbi utanfor. Landskapet ligg innsveipt i varmedis. Det er folk ute på alle jorde. Sveitte ryggar arbeider i takt, svingar ljåane så graset fell og legg seg som mjuke, symmetriske striper bak føtene på slåttekarane. Tea kikar på Dagny. Ho ser så framand ut. Har farga håret mørkt. Ho var finare da ho var ljos, tykkjer Tea. Eldstesøstera er som ei attlaten bok. Breva Tea fekk frå henne medan ho sat på Hovedøya, var korte, fylte av tomprat. Men Dagny er godhjarta, på sin eigen merkelege måte. Utan store fakter og mange ord. Ho hjelpte henne da det kneip som verst, det siste krigsåret. Og har 15


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 16

aldri nemnt det sidan. Tea er takknemleg for det, og har ofte lurt på korleis Dagny fekk det til. Det måtte ha kosta både pengar, tid og mot. Og det er nok Dagny som har snakka for henne denne gongen òg, slik at ho har ein plass å koma til. For heim får ho ikkje, det har faren gjeve beskjed om, ein gong for alle. Den skamma skal eg i alle fall ikkje ha på meg, hadde han sagt, at eg tek i hus att ein slik ein som deg. Og mora hadde ikkje mælt imot. Det ville nå vore første gongen òg, det, i så fall. – Kvifor er ikkje Emma med? seier Tea. Ho har ikkje høyrt så mykje som eit pip frå Emma heile den lange tida sidan alt gjekk så på tverke. Ho visste ikkje at Emma var her, før Dagny skreiv det i eit brev nå i juni. Reint tilfeldig hadde Emma fått lærarpost nettopp her. Hadde søkt på mange, og fått tre av dei. Ein i NordNorge, og ein nesten så langt sør som det gjekk an å koma. Og så denne, på folkeskulen i Kverndalen. – Ho ville ikkje, seier Dagny. – Og det var likså greitt, for einkvan måtte hjelpe Nelly, innetausa, medan eg var borte. – Korleis hamna du her? seier Tea. – Det er her Andreas bur. Vi er forlova. – Ja, men korleis trefte du han? Ein bonde fartar vel ikkje rundt omkring? Dagny rotar nedi veska si, tek opp eit reint, nystroke lommetørkle og pressar det mot den blanke panna. Det er kvelande varmt i bussen. Tea kjenner det kjem ein eim av sveitte, sikkert frå henne sjølv. – Eg kjenner Andreas frå før. Vi var i Sverige samtidig. På slutten av krigen. – Var du i Sverige? Kvifor det? 16


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 17

– Uff, slik som du grev og spør, da! Tea lener seg tilbake i setet. Ser ut. Dagny fortset, meir forsonleg i røysta: – Han var ikkje bonde da eg trefte han. Onkelen døydde, og så var han den næraste til å ta over. – Andreas Sjo, seier Tea ut i vêret. – Rart namn, kva tyder det? – Noko med å syde, vatn som syd, det er ein stor foss like ved garden. Men Andreas heiter ikkje Sjo. Han heiter Sergel til etternamn. Det er svensk, far hans var frå Göteborg. – Sergel? Det er noko kjent med det namnet, seier Tea. Dagny snur seg og ser overraska på henne. – Kjent – korleis da? – Nei, ikkje slik kjent. Men eg har sett namnet ein eller annan stad. Det er ikkje vanleg, akkurat. Litt framandt – sikkert derfor eg hugsar det. Er han ung? – Ja, sjølvsagt er han ung. Du trur nå vel ikkje eg vil ha ein gamal mann. Nå skal vi av. Dagny har drege i stoppesnora, dei reiser seg, går ut i midtgangen, Dagny strekkjer seg for å ta ned kofferten til Tea frå hylla oppunder busstaket. Bussjåføren følgjer dei med blikket der dei går framover midtgangen, ned stigtrinna og ut. Dei blir ståande utilpasse på vegkanten medan døra går att med ein svuppande lyd. Bussen forsvinn i ei støvsky bortetter den soltørre grusvegen. Dei tek fatt på gardsvegen opp mot Sjo. Garden ligg som ein mørk, knudrete, diger klump oppi bakken. Ettermiddagssola blenkjer i dei småruta glasa. Dei kjem midt i middagskvilen. Arbeidsfolka har sett ljåar og 17


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 18

river mot stammen på den store rogna som står i utkanten av åkeren. Ikkje eit menneske er å sjå utandørs. Men Tea legg merke til ansikt i vindauga på våningshuset. Ein svart hund står og ventar på dei øvst i bakken. – Det ser ut til å vera ein stor gard, seier ho. – Har de mange tenestefolk? – Mange dagarbeidarar, men berre Nelly er her fast. Ho har vore her all sin dag. Om somrane før var ho på setra med dyra. Men Andreas har ikkje bruka setra sidan han overtok, så da arbeider ho heller her på garden. Neste sommar, kanskje, når han har full bøling, skal han ta i bruk setra att, slik dei gjorde før. – Å, eg kunne tenkt meg og vore budeie på ei seter, seier Tea. – Du? Du har nå vel aldri teke i ein kuspene? seier Dagny og ler. Tea ser overraska på henne, det er første gongen ho har sett smilet til eldstesøstera sidan ho steig av toget. – Eg kan vel lære – å, det hadde vore fint å vera i fjellet! – Ja, det kunne eg tenkt meg òg, seier Dagny. – Eg har tenkt å foreslå at eg er der neste år, så kan Nelly vera her nede. For det er hardt arbeid. Dagny livnar til medan dei går opp gardsvegen. Rørslene blir friare, meir spenstige. Tea misunner henne håret, sjølv om det var penare da ho var ljos. Det er akkurat passe krølla, blankt og velstelt, to vakre spenner held det frå ansiktet, og i nakken har ho teke det saman med eit band av noko slag. Men kor har ho fått alt det alvoret i seg frå? Ho var ikkje slik før. Ikkje under krigen, eingong. Tvert imot – da Tea trefte henne siste krigsåret, var ho nesten sprudlande, heilt motsett av alle andre Tea støytte 18


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 19

på. På turen deira sørover hadde dei hatt det så triveleg, Dagny hadde verkeleg prøvd å muntre henne opp. Tea blir gåande eit par steg bak Dagny i den steikjande solvarmen i Sjo-bakkane. Ho er i ferd med å få gnagsår av dei tette gummistøvlane. Kvar gong ho set ned foten, krummar tærne seg i eit forsøk på å koma unna smerteelingane. Dagny hadde følgt henne heilt fram den gongen, ordna med alle papir, prata for henne, bana veg, passa på at belastninga vart minst mogleg. Da det var over, hadde dei reist nordover att, og det var det. Tea ser på søster si. Har ho nokon gong takka henne? Dei er komne heilt opp i garden. Eit lite tømmerhus står litt utanfor sjølve tunet. – Her er Embjørgstua, seier Dagny. – Der skrømtar det, seier folk. Steg over golvet og ting som ramlar ned frå hyller og skåp. Dører som går opp og att. Ingen vågar seg inn der. Det har stått folketomt i nesten tretti år – heilt til eg kom. Eg er ikkje redd for skrømt, så eg har vaska ned heile huset. Og det er eit godt hus, det er synd at det står og forfell. Men akkurat der er ikkje Andreas til å rikke. Eg får ikkje ta det i bruk. – Så spennande! seier Tea. – Såg du noko skrømt, da? – Sjølvsagt ikkje. Og ikkje høyrde eg noko, og alle ting låg pent på plassen sin. Men det er ein stor flekk på golvet inne i kleven. Eg skura han vekk, men dagen etter var han der att, akkurat som før. Eg prøvde ein gong til, og borte vart han, men berre til neste dag. Så eg gav opp. Sikkert syre av noko slag som har runne ned i treverket, og så kjem det til syne att når golvet tørkar. – Kvifor heiter det Embjørgstua? 19


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 20

– Ho heitte Embjørg, ho som budde der sist. Det er Ivar-stue og Margrete-loft her òg, svarar Dagny. Dei er komne inn i sjølve tunet. Det er ein eldgamal gard, med mange hus, alle til sitt bruk. – Emma leiger det huset der, seier Dagny og peikar på ei lita stue ved kjøkenhagen. – Lærarbustaden er så dårleg eit hus, så da Andreas tilbaud henne å bu her, sa ho ja takk. Eg sjølv bur i Ivarstua. Det er den der, seier ho og peikar. – Det er den gamle drengestua, der tenestefolk budde før i tida. Nå er det ein bustad i kvar ende av huset, i første etasjen. Eg bur i den eine. Den gamle tausa, Nelly, held til i den andre. I andre høgda er det fleire soverom. Eitt av dei skal du ha. – Men kvifor bur ikkje du i hovudhuset? Er ikkje du og Andreas forlova? – For den del kunne eg nå ha budd der, seier Dagny. – Men det har inga hast med Andreas og meg. Først skal vi få garden lønsam, og så skal vi gifte oss. – Så fint det er her, seier Tea. – Men litt dystert òg – så mørke husa er! Kvifor målar dei ikkje husa, slik som dei gjer heime i Trøndelag? – Det regnar så lite her, så dei treng ikkje måling. Somme av dei er tjærebredde, det er derfor dei er så mørke. – Emma har varma opp ein diger kjele med vatn medan eg var nedover og henta deg, så nå skal du få bade først, seier Dagny medan dei går inn i gangen i Ivarstua. – Du skal ha rommet med det same ein kjem opp trappa. Eg har sett inn badebalje der. Dersom vi hjelpest åt, er det fort gjort å bera opp vatn. Eg har eit par sett med avlagde klede som du kan få, så får vi kjøpe nytt sidan. 20


Krigens skugge ferdig.qxd:A

21-08-12

13:31

Side 21

Dagny opnar døra til kjøkenet, ropar innover: – Emma! Nå er vi her! Emma sit ved kjøkenbordet og blar i eit vekeblad. Ho legg det frå seg, reiser seg og kjem mot dei. Blir ståande litt inne på kjøkengolvet og sjå på at dei tek av seg skorne og set dei på ei skohylle under gangspegelen. – Hei, Emma! Herregud, kor lenge det er sidan sist! seier Tea og smiler mot søstera. – De må unnskylde meg, altså, eg er litt skitten på beina etter å ha gått i desse hersens støvlane. Gnagsår har eg òg. Ho ser ned på dei nakne føtene sine. Mellom tærne har det samla seg støv og sveitte. Det luktar litt. På eine hælen har det vakse fram ei flat, kvit vassblemme. – Hei, seier Emma. – Det trengst eit bad, ja, ser eg. Ho saumfer Tea med blikket. Så snur ho seg og går innover i kjøkenet att. – Det er varmvatn i kjelen, seier ho og set seg på stolen ved kjøkenbordet. Ho ser og ser på Tea. Dagny tek på seg forkle, byrjar å ause varmvatn over i ei bøtte. Tea blir ståande i døropninga, usikker på om ho skal gå inn og setja seg. – Du er ikkje til å kjenne att, seier Emma. – Du må ha teke av mange kilo. Og så ustelt du er – har du ikkje likare klede? Du ser da ut som ei taterførkje. Få av deg det tørkleet, i alle fall. – Nei, nå skal vi bera opp badevatn, seier Dagny. – Og reine klede ligg det oppe på rommet ditt. Etterpå skal vi eta, så kan vi prate da.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.