Stor

Page 1

TIL KLARA, ESTER OG PAULA. DØRA ER ALLTID OPEN.

Bøker av Martine Grande på Samlaget Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar. Biletbok. 2013 Dagen opp ned. Biletbok. 2015 Tapar. Lettlesbok. 2017 Ørn. Biletbok. 2021

© Det Norske Samlaget 2023 www.samlaget.no

Design: Torill Stranger Skrift: Greta Sans Papir: 140 g Livonia Zero Offset Trykkeri: Livonia Print Printed in Latvia

ISBN 978-82-340-0776-7

Martine Grande

Samlaget Oslo 2023

Når eg blir stor, er eg ikkje lita lenger.

E g e r høg a r e enn papp a og breiare enn mamma.

Når eg blir stor, skal eg køyre bil heilt sjølv. Litlesøster sit i baksetet, så ho ser ikkje at eg drikk jus og brus og et sjokolade.

Eg speler Mikkel rev på radioen og syng med utestemme inne.

Når eg blir stor, skal eg handle i butikken, eg kan kjøpe alt eg vil. Ei dokke, ei hoppeku og eit lite tog som går på skjener.

Sidan kvar dag skal vere laurdag, handlar eg masse, masse godteri. Heile korga er full med alt som er nam.

Når eg blir stor, er eg så svolten at eg et tusen pannekaker til middag. Eg bestemmer sjølv kor mykje sukker eg skal ha. Litlesøster drikk mjølk, men eg er stor og vil ha kaffi.

Når eg blir stor, skal eg ha hund og

hest og marsvin og skjelpadde og

hamster og kanin og lam og mus

og gris og ein liten, grøn papegøye.

Alle skal bu på rommet mitt.

Men katt vil eg ikkje ha.

Når eg blir stor, skal eg levere litlesøster i barnehagen. Eg trøystar om ho grin, og seier: «Så så, eg kjem snart og hentar deg.»

«Men no må eg på jobb!»
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.