Frå Asker til Eden

Page 1


Fr책 Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 1

1


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 3

Alfred Fidjestøl

Frå Asker til Eden Historia om Askerkretsen –

Samlaget Oslo


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 4

©  Det Norske Samlaget : Stian Hole : Samlaget : Minion ,/ :  g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Prenta med tilskot frå Fritt Ord. Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond, Fritt Ord, Asker kommune og Anne Røflo Longva og Alf André Longvas Fond.

Biletkreditering Akershusmuseet: , , , , , , ,  (begge), , ,  og  (begge), Asker Museum: b, Marie Garborgs privatarkiv:  (begge), Mehren : a, Modum Blaafarveværk: a, Nasjonalbiblioteket  og Det Norske Teatrets arkiv: b.


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 5

Innhald              

Forord Ein heim for heimlause Bjørnson versus Labråten Den bortkomne sonen Løland-huset Eit kongerike for ein stein Klovnar i kamp Det Norske Teatret Fortapte menn Eden Etterord Notar Litteraturliste Personnamnregister


Fr책 Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 6


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 7

Forord Det er ikkje mange som har høyrt om Askerkretsen. Heller ikkje dei som i si tid var medlemmer av kretsen, hadde høyrt om han. Det er eit relativt nytt namn på eit uformelt nettverk som fanst omkring Hulda og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik og Karen og Ivar Mortensson, frå dei valde å kjøpe seg gard saman på Labråten i Asker i  til Arne Garborg døydde same plass i januar . I dette miljøet og saman med naboar og husvener og leigebuarar, som Otto og Tilla Valstad, Rasmus Løland, Kristofer Uppdal og fleire andre, blei ei rad prosjekt og tiltak sette i verk som den dag i dag er med å prege kva nasjon og samfunn Noreg er. Her blei den nynorske skriftkulturen etablert i heile si breidde, her blei nokre av dei viktigaste verka i norsk litteraturhistorie skrivne og omsette, her blei Det Norske Teatret etablert, her blei ei riksdekkande avis på landsmål redigert, her blei den norske bunads- og folkedanstradisjonen gjenoppliva, her blei det eldste eksisterande barnebladet i verda redigert, og her blei nokre av dei viktigaste strategiske spørsmåla i den kulturnasjonalistiske rørsla avgjorde. Likevel er det ikkje primært alt det storslåtte dei fekk til, som først fascinerte meg ved Askerkretsen. Snarare dei mange paradoksa, gapet mellom dei ambi-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 8

    

siøse prosjekta og dei puslete einskildliva. Det var i sanning ein skrøpeleg flokk som fann saman ute på Labråten, dei var hypokondriske og tuberkuløse, gjekk ut og inn av galehus og sanatorium, krangla og plaga og elska kvarandre. Dei visste ikkje alltid kva dei skulle, dei hugsa ikkje alltid kva dei hadde gjort, men dei enda opp med å endre Noreg for alltid. Denne teksten er ein freistnad på – med kjærleik og respekt, og stundom den djupaste undring – å skrive fram att ein krets og eit miljø som fortener ein kollektiv plass i vår kulturhistorie, utover den plassen einskildaktørane alt er tildelte. Fleire slik kretsar er alt trygt etablerte i den kulturhistoriske kanonen, som Døleringen, Kristania-bohemen, Lysakerkretsen, Mot Dagkretsen og Profil-kretsen. Askerkretsen er ikkje mindre viktig enn desse, berre fordi det tok lengre tid å gje barnet eit namn.


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 9

«Eg minnest ingen heim frå barndomen.»  

Ein heim for heimlause Regnet tromma på taket, det var kaldt og mørkt ute, og på ein høydunge i den tomme stova på Labråten låg Hulda Garborg og Marta Steinsvik og prøvde å sove. Mellom seg hadde dei den seks månader gamle Steinar Steinsvik. Det var den første natta på Labråten, det var starten på Askerkrets-prosjektet, det var ei vending i norsk kulturhistorie. Og det var kaldt, kaotisk og dårleg planlagt. Tre ektepar hadde saman funne denne plassen. Hulda og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik og Karen og Ivar Mortensson. Dei hadde eit fellesprosjekt i den fire år gamle landsdekkande avisa Den de Mai; dei hadde no valt å kjøpe seg gard saman. Men dei var framleis usikre på om dei hadde valt rett. Hulda Garborg var komen først til Labråten for å gjere i stand. Men flyttelasset var blitt forseinka, og då Marta og Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson kom dyvåte til Labråten i nitida om kvelden, hadde ho måtta improvisere saman eit slags måltid, utan særleg kjøkkenreiskapar og møblar. Pølser, poteter og kaffi var alt ho hadde å by dei, før dei måtte leite opp nokre soveplassar. Son hennar, den snart ti år gamle guten som heitte Arne Garborg etter faren, jamvel Arne Olaus Fjørtoft Garborg etter farens idol, men som alle berre kalla


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 10

    

Tuften, låg i løa. Der sov han i lag med dei vaksne mannfolka, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson. Arne Garborg heldt seg unna, som han alltid gjorde når noko var litt ugreitt. Han budde inntil vidare i hytta på Kolbotn, som Garborg-familien enno eigde, og der dei hadde budd i nesten ti år. Han hadde ikkje eingong bestemt seg for om han ville bli med på dette prosjektet. Hulda og Arne Garborg hadde i årevis forhandla om kvar dei skulle busetje seg. Hennar jobb var å foreslå, hans var å avslå. Dei hadde sett på mange hus og gardar, men denne hadde alt dei var ute etter. Garden hadde eit våningshus i to etasjar og eit mindre hus, Rødhuset, på den andre sida av tunet. Det var uthusbygning til dyr, både hage og teig, og ved ein bekk i utkanten av hagen låg eit lite bryggarhus som blei brukt til kledevask. Ein kunne lett sjå for seg korleis tre familiar kunne dele eigedomen, men eitt av para måtte bygge nytt hus. Totalt var bruket på om lag  mål. Hulda Garborg likte plassen, men handelen måtte avgjerast straks, dei hadde ikkje tid til å vente på meininga til Arne Garborg. Rasmus Steinsvik lånte derfor pengar og kjøpte Labråten åleine, den . september , for   kroner, av det  kontant og resten i avdrag over fem år til fem prosent rente. Med handelen følgde to kyr, reiskapar, ein gamal frukthage og ei grønsakavling. Hulda Garborg teikna ein leigeavtale med han. Så fekk dei semjast om korleis dei skulle dele opp eigedomen om alle likte plassen. Rasmus Steinsvik lét Arne Garborg få all makt og full fridom. «Men avtalen er, at


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 11

    

likar du deg, kan du gaa inn i handelen paa kva maate du vil, anten faa eit stykke jord og hus, elder det heile, elder kos du vil,» skreiv Rasmus Steinsvik til Arne Garborg. «Eg for min part kan trivast noko so nær kvar det skal vera, so um du skulde like deg, og me ikkje vart forlikt um ei utskifting, elder det skulde vise seg at utskifting ikkje gjekk an, – so kan du i det høve faa taka heile garden paa dei same vilkaar som eg no hev gjenge inn for han. Eg kunne i sofall finne ein annan stad.» Det var på høg tid den vesle familien Garborg fann seg ein fast heim. Då dei gifta seg, flytta dei til Kolbotn på Tynset, til ei kald, lita hytte. Det siste året hadde dei leigd seg ein gard i Stokke i Vestfold. No var ho blitt  år, han  og Tuften snart . Dei ville ikkje bu i Kristiania, helst ville dei bu ein plass der Tuften kunne vekse opp som ein landsmålssnakkande bygdegut. Spørsmålet om kvar dei skulle bu, var eit spørsmål om kven dei skulle vere. Dei var frontfigurar i ein kulturkamp for landsmål og styrking av tradisjonell norsk bygdekultur; om dei gjorde sonen til ein vanleg Kristiania-gut, sveik dei han. Trudde dei. Like før dei valde Asker, hadde Hulda Garborg vore innom tanken at Voss måtte vere staden. «Det skal være saa ualmindelig god Luft og godt Maal og frugtbart som i Edens Have,» skreiv ho til mannen. «Saa kunde vi ha ei Ku og Gutten fikk Maal og vi alle det bedste Vinterklima i Norge.» Arne Garborg hadde i  lansert tonasjonslæra si, ideen om at det norske folket bestod av to nasjonar, ein dansk-norsk og ein norsk-norsk. Dei kunne derfor ikkje bu i dansk-norske Kristiania. Men var Asker noko betre enn Kristiania? Om sonen hans blei Asker-gut,


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 12

    

ville han like fullt snakke austlandsk og bli ein del av den dansk-norske nasjonen. «At min egen Søn voxer op uden at kunne tale sin Fars Maal, blir mig til et slags Varsel: der gaar han som en levende Desavouering av hele mit Stræv, og en Spaadom om, hvordan det i Virkeligheden skal gaa med alt dette gilde jeg har drømt om,» skreiv Arne Garborg skeptisk til Hulda Garborg då han første gongen høyrde om Labråten. Hulda Garborg var lojal og leita etter løysingar. Arne Garborg blei straks meir optimistisk då Hulda Garborg fortalde at ho hadde skaffa ei tenestejente frå Hardanger. Om tenestejenta kunne snakke harding, Rasmus Steinsvik sunnmørsk og Arne sjølv sitt gamle jærmål, kunne det kanskje i sum bli mange nok landsmålsnære dialektar omkring Tuften til at austlendingen i han blei trykt ned. Hulda Garborg lokka dessutan mannen med Rødhuset, det vesle huset på den andre sida av tunet, der ho ville innreie skrivestove til han: «Den indretter jeg altsaa for dig; om du skulle komme indover.» Dette var meir enn eit kollektiv og eit kretsprosjekt; det var eit omsorgs- og redningsprosjekt for den største forfattaren landsmålet hadde fostra. Det var ein freistnad på å finne ein plass der den heimlause mannen kunne skape seg ein heim. Der dei alle kunne dyrke jord og ord, saman og åleine, vere nær byen og langt frå byen, gjere seg sjølve sentrale og perifere, lage ein heim for tre små familiar, mens dei arbeidde for å gje nordmennene heimkjensle for sitt eige land. Midt i Asker skulle dei lage ein Edens hage for det nye Noreg.


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 13

    

Arne Garborgs tja Dei vakna til klart vêr den første morgonen på Labråten. Dei kunne tørke kleda, rydde og vaske og kome i gang. Ivar og Karen Mortensson utsette førebels å flytte til Labråten og drog heim til Einabu, farsgarden hans i Alvdal i Hedmark. Den  år gamle Rasmus Steinsvik var redaktør i avisa Den de Mai og drog på jobben kvar morgon klokka sju, sat dei fem kvartera på toget frå Hvalstad til Vestbanestasjonen, skreiv og redigerte heile dagen, tok toget attende og var sjeldan heime før –. Den  år gamle Marta Steinsvik var opptatt med det vesle gutebarnet. Tuften fann seg heldigvis raskt til rette i hus og hage, klatra i epletrea og utforska Hvalstad-dalen, mens Hulda Garborg noko motvillig måtte freiste å drive den kollektive heimen åleine desse første vekene. Ingen av dei hadde fått fatt i tenestefolk enno; «jeg rækker ikke mer end at koge og vaske op,» klaga ho. Hvalstad var ei grend i vekst. Toglinja mellom Kristiania og Drammen hadde opna i , tre stasjonar var etablerte innanfor Asker kommunes grenser, mellom dei Hvalstad stasjon. Stasjonsetableringa hadde straks utløyst tilflytting og utbygging. Hvalstad blei meir folkerikt og meir av ei eiga grend innanfor Asker. Det var landleg og sentralt på same tid. Når medlemmene av Askerkretsen skulle handle, kunne dei gå den korte vegen ned til Lille Hvalstad og landhandlaren Ditlif Hvalstad. Dei blei samde om at Steinsvikane skulle ta dei to kyrne og kalven og jorda. Familien Garborg skulle ha


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 14

    

potetåkeren og hovudhuset – om Arne Garborg ville. «Du kan faa det ganske som du vil,» forsikra Hulda Garborg framleis mannen. Den første tida skulle begge familiane bu saman i dette huset. Då Arne Garborg endeleg kom, i byrjinga av oktober, var han sterkt ambivalent til plassen og prosjektet. «Aaja; ikkje verst,» konstaterte han i brev til Ivar Mortensson. Før han ramsa opp alt han ikkje kunne like. Husa var dårleg bygde: «Forunderlegt som Folk i denne Tid hev gløymt den Kunsten aa byggja.» Det lokale talemålet var fælt: «Slik er det altso ‘Fremtidens Norge’ skal tale.» Og utsikta frå hagen var fin, men feil: Det var i tillegg til fjordgløtten mogleg å sjå innover mot Kristiania, «denne fæle Byen for augo fraa Morgo til Kveld». Garborg sette likevel straks i gang å ta opp poteter, dei var bønder no, natta til den . oktober var det frost, dei fekk det travelt. Ein rørleggar såg på korleis dei kunne få innlagt vatn, og meinte dei kunne trekke ein leidning frå bekken, om naboane aksepterte det. Han kunne lage røyrsystem for innlagt vatn og vatningsanlegg for hagen for  kroner. Berre innlagt vatn skulle dei få for halve prisen. Den tidlegare eigaren Erik Thoresen hadde panelt hovudhuset og gjeve det sveitserpreg med sveitserdekor på verandaen mot tunet. Det var måla i lyse fargar, men Hulda Garborg tenkte alt no på korleis ho skulle fornorske huset, fjerne sveitserpreget og måle det om; gjere det okergult med saftiggrøne lister. Familiane Steinsvik og Garborg prøvde å finne ut av det praktiske på Labråten. Steinsvik ville helst skilje


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 15

    

ut ei tomt å selje for å skaffe pengar til å bygge hus for, men dei var på utrygg grunn; «ingen av oss hev Greie paa korleis me skal greia det med desse Bankheftingar og alt det». Marta og Rasmus Steinsvik ville bygge seg eit hus nedst på eigedomen, i Veslelia. Dei vurderte å kjøpe eit ferdighus og hadde fått tilbod om eit hus for éin familie, med uthusbygg, stall og kjerrehus, ferdig oppsett for  kroner. Karen og Ivar Mortensson fekk Rødhuset og halvparten av det gamle inntunet på Labråten og halvparten av hagen, Ivar-jordet, som det sidan kom til å heite. Men dei heldt seg framleis på Einabu, inntil vidare stod Rødhuset tomt. Det var mange val og mykje å halde styr på og godt at snøen la seg kvit over hage og åker. Men utpå vinteren viste det seg at dei hadde lagt av for lite fôr til kyrne. Dei åt mykje meir enn Rasmus Steinsvik hadde rekna ut, dei måtte slakte kalven alt til jul og blei letta då dei fekk tilbod frå ein som ville kjøpe begge kyrne i februar . Det var stussleg med dette tomme fjøset midt på vinteren, syntest dei. Men dei eigna seg dårleg til dyrehald. Det skulle vise seg vanskeleg nok å halde styr på hagen.

Ei felles avis Arne Garborg var den førande forfattaren innanfor kretsen, og innan landsmålsrørsla generelt. Med Bondestudentar frå  hadde han skrive den første store landsmålsromanen, med Mannfolk ein av dei viktigaste norske naturalismeromanane, med Trætte Mænd det fremste dekadanseverket innanfor den dansk-norske


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 16

    

litteraturen på -talet, og med diktsamlinga Haugtussa frå  det fremste lyriske verket på landsmål. Mange rekna likevel den dels sjølvbiografiske romanen Fred frå  som sjølve høgdepunktet i forfattarskapen så langt. Året før han flytta til Labråten, hadde han skrive det første landsmålsdramaet sitt, Læraren, som ei tematisk og kronologisk vidareføring av Fred. Men førebels hadde ingen teater interessert seg for stykket. Som dramatikar var Hulda Garborg mykje meir vellukka. Den Holberg-inspirerte farsen hennar Rationelt Fjøsstell hadde nokre månader før Asker-innflyttinga hatt urpremiere på Christiania Theater og blei framleis stadig sett opp att på speleplanen med fulle hus. Ho hadde dessutan nett hatt premiere på endå eit stykke, Noahs Ark, på Centralteatret. I tillegg omsette ho europeisk dramatikk, skreiv romanar og avisspalter. Ho sleit med stempelet som forfattarfrue, men var i røynda den mest produktive forfattaren av dei. Ivar Mortensson var utdanna teolog, hadde aldri verka som prest, og hadde også ein forfattarskap gåande. Høgdepunktet var den mystiske diktsamlinga Or duldo frå . Denne første Labråten-hausten kom han med ein litterær biografi om Arne Garborg, som samstundes var eitt av fleire emne han tilbaud som omreisande folketalar. Rasmus Steinsvik hadde òg fleire bøker på samvitet, men brukte det meste av tida og talentet sitt på det felles prosjektet deira, avisa Den de Mai. Både Marta Steinsvik og Karen Mortensson bidrog i avisa som omsetjarar og skribentar. Begge to var sørlendingar. Marta Steinsvik var fødd i Flekkefjord og var ei av  norske kvinner som hadde tatt


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 17

    

artium i . Ho blei jamvel preseterist og hadde starta på medisinstudiet, men brote det av då ho blei gravid med Rasmus Steinsvik. Karen Mortensson var fødd i Tvedestrand, men hadde arbeidd som lærarinne i Bergen før ho møtte Ivar Mortensson. Dette året hadde ho deltatt på eit av landsmålskursa til ektemannen, men hadde vore i gang som Den de Mai-skribent alt før det. Dei tre mannfolka kom alle frå gard og var gamle bondestudentar. Dei tre kvinnfolka kom alle frå riksmålsbyar. Mennene heldt landsmålskurs, kvinnene gjekk på landsmålskurs. Tre bondegutar og tre bykvinner skulle saman bygge det norske landsmålet, gjennom Den de Mai. For redaktør Rasmus Steinsvik var avisa sjølve livsprosjektet. Han såg ut til å lukkast med den ville ambisjonen: å skape ei brei og samlande avis på landsmål som kunne ta opp konkurransen med dei største avisene i landet, og som kunne vere ei naturleg nummerein-avis for alle landsmålssympatisørar. Det var ingen liten revansj som låg i dette. Arne Garborg, Ivar Mortensson og Rasmus Steinsvik hadde nemleg drive avis i lag før: avisa Fedraheimen, som Arne Garborg starta  år gamal i , og som straks blei den mest interessante verkstaden for idéproduksjon og strategidebatt i den unge målrørsla. Ivar Mortensson tok over redaktøransvaret frå Garborg etter ei tid, og då familien Garborg hadde flytta til Kolbotn i Tynset, der Ivar Mortensson budde frå før, flytta dei heile avisredaksjonen dit. I  flytta Rasmus Steinsvik etter for å bli ein del av redaksjonen, men Rasmus


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 18

    

Steinsvik og Ivar Mortensson dreiv Fedraheimen i ei stadig meir radikal og anarkistisk lei, fullstendig på tvers av synsmåtane til dei aller fleste abonnentane. Ved inngangen til  var det berre  betalande abonnentar att, og den . mars same år kom avisa ut for siste gong, på blodraudt papir. Deretter kom det ytterlegare tre månadlege hefte av Fedraheimen, no med «Anarkistkommunistisk organ» som undertittel. Frå juni  var òg desse Fedraheimens dødskrampar over. Suksessen med Den de Mai var derfor ein overraskande opptur for alle tre. Den de Mai var blitt starta opp i , og kom den første tida ut tre gonger i veka, og var raskt blitt den dagsordensetjande landsmålsavisa for heile landet. Heile kretsen var involvert. Rasmus Steinsvik var redaktør. Ivar Mortensson var skribent og stadig vikarierande redaktør, Arne Garborg skreiv politiske artiklar. Marta Steinsvik omsette romanføljetongar. Hulda Garborg skreiv reisebrev og var fast matspaltist. Dei dominerte avisa og gjekk ikkje av vegen for å skrive om kvarandre; Rasmus Steinsvik hadde alt meldt fleire bøker av Arne Garborg, Hulda Garborg og Ivar Mortensson i Den de Mai. Der Fedraheimen var blitt stadig meir introvert og radikal, med geografisk base på Tynset, flytta dei prosjektet politisk og symbolsk og geografisk nærare sentrum, med redaksjonslokale i Kristiania og personleg base i Asker. Avisa hadde «Norskt folkeblad» som undertittel og ein fast framsidevignett som den kjende kunstnaren og illustratøren Erik Werenskiold hadde teikna av ein lukkeleg familie i ferd med å heise flagget. Politisk var prosjektet moderert sidan Fedraheim-tida.


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 19

    

Mange av anarkismens idear var rett nok framleis til stades, som frivilligheit, samdrift og sameige, men Steinsvik var blitt tilhengar av den moderne staten. «Vilde privatfolk byggje bergensbanen,» spurde Steinsvik retorisk. «Det er ting som maa drivast med tvang; til det trengs ein stat.» Avisa var ei nasjonaldemokratisk venstreavis og hovudorganet til den unionsradikale fløya i partiet. Avisa var i vekst. Frå januar  hadde Rasmus Steinsvik lagt om til dagsavis. Stofftilgangen hadde vore i jamn vekst sidan oppstarten. Dei første åra hadde redaksjonen stadig måtta etterlyse stoff frå lesarane, men no var situasjonen snudd, og redaksjonen måtte orsake at innsendt stoff blei liggande i kø eller ikkje kom på trykk i det heile tatt. Avisa hadde i  tatt i bruk eit nytt trykkeri, Oslo Prenteverk, og redaksjonen var no samlokalisert med dette i Akersgata . Aksjekapitalen frå skipinga var oppbrukt, Rasmus Steinsvik opna derfor ei ny aksjeteikning i samband med omlegginga og fekk inn  friske kroner. Men av dette gjekk  med til å dekke gamal gjeld. Han hadde hatt bruk for og håpt på mykje meir. Sjølv om abonnentane heretter skulle få daglege aviser i postkassa, gjekk prisen berre opp med  øre, frå , til , kroner. Det var tronge marginar. Omlegginga til dagsavis var ei dristig satsing.

Den norske marknaden Omlegginga kom i ein medvindsperiode for landsmålet. Den . april  tok Stortinget stilling til om Arne


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 20

    

Garborg skulle få fast statsstøtte. Velviljen på Stortinget for Arne Garborg var overveldande. Ordskiftet handla aldri om han skulle få stipend, men kva slags stipend han skulle få: fast diktargasje på  kroner i året som Bjørnson, Ibsen og Lie hadde, eller ein gasje for den språklege innsatsen for landsmålet som Ivar Aasen hadde hatt, på  kroner. Stortingsmennene kappast om å rose Arne Garborg. Venstre-representant Thore Embretsen Myrvang drog fram Garborgs innsats for «at hæve Bondens Sprog og fremme og vække Forstaaelse og Sympathi og Agtelse for det». Fleire av talarane la vekt på at Garborg hadde æra for at dei fleste såg meir forsonleg på målstriden no enn før. Året før, i , hadde Arne Garborg gjeve ut den vesle pamfletten Vor Sprogudvikling, der han argumenterte for at målstriden var meir eller mindre over. Bokmålets og landsmålets fedrar, Knud Knudsen og Ivar Aasen, var nyleg døde. No som livsverka deira var fullførte, såg Arne Garborg klarare det felles prosjektet deira, korleis dei representerte to vegar frå kvar sin kant mot det same målet: «Det er tydeligvis en Art Forening af de to Sprog, som maa tilstræbes.» I eit lite etterord mynta på målfolket og skrive på landsmål formulerte Arne Garborg eit nytt program for målrørsla: «Ikkje Strid, men Arbeid!» Landsmålet hadde fått sitt juridiske gjennombrot. Alt i  hadde Stortinget vedtatt det historiske «jamstellingsvedtaket», der det oppmoda regjeringa om å «træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Og som ein konsekvens av dette blei landsmål i  inn-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 21

    

ført som fag i lærarskulen. Året etter blei landsmålssalmane til Elias Blix autoriserte til kyrkjeleg bruk. No gjaldt det å bygge opp det nye språket, steg for steg, kommune for kommune, skulekrets for skulekrets. Stille, sakte og utan kontrovers. Stortinget sette pris på denne nye retorikken. Eit fleirtal på  mot  representantar gjekk for den mest kostbare løysinga og gav han heretter  kroner i året, med den doble grunngjevinga: som «Anerkjendelse af Arne Garborgs Forfattervirksomhed og Arbeide for det norske Landsmaal». For å utnytte den generelle velviljen for landsmålet hadde ein i  oppretta den såkalla Maalkassa, eit finansieringsinstitutt for landsmålstiltak. Maalkassa hadde freista å samle inn pengar etter ein pyramidemodell, der kvar medlem batt seg til å betale  øre i månaden til Maalkassa og blei pålagd å rekruttere ni nye medlemmer. Men det kom lite pengar inn gjennom det snedige systemet. I staden freista ein no i  med ein stor målmarknad, på det populære forlystingsområdet Tivoli på Klingenberg midt i Kristiania, til inntekt for Maalkassa. Den norske marknaden var det første store dømet på den nye linja: «Ikkje Strid, men Arbeid!» Marknaden var dessutan det første store fellesløftet for den nyskipa Askerkretsen. Eit heilt år i førevegen hadde målfolk vore i sving med å samle inn gjenstandar som kunne synast fram – og seljast – på marknaden. Men ein liten månad før opningsfesten angra initiativtakarane intenst på heile ideen og prøvde å avlyse. Dei frykta at dei aldri ville klare å fylle marknaden med folk og aktivitetar, dei


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 22

    

ville knapt kunne tene inn att husleiga. Eigaren av Tivoli, dansken Bernhard Holger Jacobsen, nekta dei å bryte kontrakten, dei var tvinga til å gje gass heller enn å bremse. Arne Garborg var vekkreist, men sende fortvilte og pessimistiske brev. Hulda Garborg beit han av: «nu trenger vi alle Mod og Opmuntring, det er det eneste – siden vi nu er tvungne». Helst ville ho berre stikke av, dei samarbeidde dårleg i arrangementskomiteen, men om ho stakk av, ville det ikkje berre gå utover «de Par Mennesker som man ærgrer sig over», men «over Maalkassa, over ‘Saka’ altsaa». Den siste veka før marknaden kom ho heim til Labråten først ved midnatt kvar kveld. På kjøkkenet hadde ho ei kasse øl til trøyst. Marknaden skulle vare i  dagar, frå den . til den . september, og ein innbydingsannonse blei trykt gong på gong i Den de Mai, der  menn og éi kvinne inviterte til marknad for å «vække sansen for vor nationale kultur». Dei  underskrivarane var prominente og kjende personar, det var stortingsmenn, redaktørar, kunstnarar, forfattarar og akademikarar. Statsminister Johannes Steen og Noregs statsminister i statsrådsavdelinga i Stockholm, Otto Blehr, og sju statsrådar stod på lista. Rasmus Steinsvik gjorde Den de Mai til kampanjeorgan for marknaden. «Tenk deg væl um,» stod det i avisa hans då marknaden nærma seg, «det kan mangt vera i tølom av gamle nedervde saker som byfolk vilde sjaa stor mun i aa eiga. Gamle skaap, bollar, sylvsaker o.s.b. det er just for byfolk slikt.» Og folk tenkte seg vel om. Ungdomslag, uorganiserte miljø og einskild-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 23

    

personar sende i vekene før marknaden inn ein straum av gåveartiklar – mange fleire enn arrangørane skulle rekke å lodde ut. Åklede, treskjerararbeid, saueskinnsog reinsdyrfellar, jamvel ein elgskinnsfell frå statsråd Qvam, bunader, skjorter, skåp, ridesadlar og ølbollar. Eit seks meters silkeflagg – utan unionsmerke! – frå grosserar Dobloug til ein verdi av fleire hundre kroner, ein båt frå Vigmarkens ungdomslag, tiner, krus, kubbestolar, utskorne bilete og uendeleg mykje meir. Erik Werenskiold og Harriet Backer gav kvar si teikning, Kitty Kielland ein akvarell, Edvard Grieg eit originalt partitur. Hulda Garborg trefte Elias Blix tilfeldigvis i Asker og bad han tynt skrive nokre vers til marknaden. Blix sa nei. Men dagen etter sende han seks nyskrivne vers. Då bad ho Christian Sinding å komponere musikk til versa. Han gjorde som ho sa. Tivoli var bygd opp etter mønster frå Tivoli i København, det låg på sørsida av Stortingsgata og hadde ein enorm sirkusbygning omkransa av ein park med konsertpaviljong, sommarteater, uterestaurantar og bodega. Til Den norske marknaden blei heile området ominnreidd og pynta, så det fekk «ein norsk svip». Festsalen blei omgjord til «huskestove», innreidd for framsyning av dans, musikk og forteljingar. I florasalongen var det kaffi- og ølsal og utlodding og sal av dei mange gåveartiklane. Ølet var sjølvsagt norsk, og om norske kaffibønner var vanskeleg å oppdrive, forsikra Den de Mai – med ein mild sjølvironi – at kaffien i det minste var «tilstelt av norske hender, kokt i norske kjedlar med norsk ved, og tilsett med egte norsk fløyte». Programmet var nesten absurd i sin usamanhengande innfalls-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 24

    

rikdom. Baktanken var enkel, «litegrand karneval!» var målet. Ein kjend og påstått sannspådd teosof heldt tre foredrag, høvesvis om «Sjælelivets mysterier», om «Skandinaviens urindvaanere» og om «Vort solsystem». «Negerkomiker» Geo Jackson og hans «negerselskab» stod på scenen kvar einaste kveld i teateret. «Noregs største diktar», den to meter høge Hans Seland, fortalde skrøner i «huskestova» og styrte tombolamaskina i ledige stunder. Fanitullen, «den av fanden komponerede feleslaat», som det heitte i annonsane, blei framstilt som tablå. På ettermiddagen torsdag den . september  blei leidningen kopla til stikk-kontakten. I same augneblinken lyste innskrifta «Den norske marknaden» i elektrisk skrift, over inngangsporten som førte inn til marknadsområdet. Eit forventingsfullt gisp gjekk gjennom forsamlinga. Basert på dampkraft og likestrøm hadde Kristiania hatt elektrisk gatelys i seks år, men såkalla eldskrift var enno ein attraksjon. Ein kabel var trekt frå Frognerkilens Fabrikk til Tivoli-området, med ein stikkleidning vidare til inngangsportalen. Elektrisitet var enno ein kostbar attraksjon, eit reint urbant luksusfenomen. No lyste blandinga av norrøn ornamentikk og elektrisitet mot publikum, bygde- og bykulturen var smelta saman, ei bru var spent frå nasjonalromantikken til moderniteten. Inne på Tivoli-området, bak den lysande portalen, flakka Hulda Garborg og ein flokk amatørskodespelarar nervøse omkring. Seinare på kvelden skulle dei spele landsmålsteater midt i hovudstaden. Den  år gamle Valdres-komedien Ei hugvending av Hallvard


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 25

    

Hande skulle ha urpremiere. Hulda Garborg hadde skrapa saman skodespelarar. Ivar Mortensson hadde nekta å stille som skodespelar, mens Marta Steinsvik gladeleg hadde påtatt seg hovudrolla. Tre fulle prøvar var alt dei hadde bak seg før premieren. Men det gjekk. Dei fekk fine og velvillige meldingar i avisene. Spesielt i Rasmus Steinsviks avis. Hulda Garborg var dødssliten då ho . gjekk ned til Vestbanestasjonen for å ta toget heim etter opningskvelden. Heime på Hvalstad blei ho liggande søvnlaus, full av spenning og uro etter opninga. Dag etter dag var ho og dei andre attende og fylte byen med landsmålsunderhaldning. Det strøymde folk til marknaden. Fridtjof Nansens foredrag frå den treårige Fram-ekspedisjonen, til ° ’ nord, trekte åleine meir enn  tilhøyrarar. Kvar kveld blei det gjeve nye teaterframsyningar. Etter fem dagar med Ei hugvending, med fleire dobbeltframsyningar, sette teatertruppen opp Sigurd Næsses I apehagen og Rasmus Lølands Trollspel. «Baae stykke vart godt spela,» oppmuntra Den de Mai. Vidare synte dei Sven Morens Naar vaaren kjem og Vetle Vislies Det ruskar i ro, før dei den siste veka sette opp landsmålsdramatikkens eine store klassikar, Ivar Aasens Ervingen. Framsyningane tok seg kraftig opp undervegs, i alle fall om vi kan feste lit til den entusiastiske rapporteringa i Den de Mai. Attraksjonen låg uansett ikkje i det kunstnarlege, sjølvsagt kunne ikkje dei utrena amatørane målast mot dei profesjonelle teatera i hovudstaden, attraksjonen var at stykke med tema frå norsk landliv faktisk blei spelte på bygdemål


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 26

    

midt i Noregs hovudstad. I avisannonsane stod ikkje eingong kva stykke som skulle spelast, berre det pirrande «Skuespil paa bygdemaal»! Arne Garborg heldt seg sjølvsagt unna under heile den arbeidskrevjande marknaden, men han følgde med gjennom avisene og blei ivrig av å lese om teatersuksessen. «Du er nok absolut Teatermenneske,» skreiv han stolt til kona. «Gid vi kunne komme i Gang en Begyndelse til et fast lidet Teater». Då marknadsvekene var over, hadde meir enn  menneske vore innom kvar einaste kveld, det vil seie over   besøkande totalt. Overskotet var på   kroner. Pengane blei skyfla inn i Maalkassa og derfrå brukt til å støtte ei rekke målpolitiske tiltak dei neste tiåra. Marknaden var ei enorm oppmuntring for flokken ute på Labråten. Og han var det første synlege samarbeidstiltaket der medlemmene av Askerkretsen var sentralt plasserte. Hulda Garborg og Rasmus Steinsvik var mellom initiativtakarane, Arne Garborg skreiv prolog, Marta Steinsvik spelte teater, og kunstnaren Otto Valstad, som sjølv var oppvaksen på Hvalstad rett på den andre sida av vegen frå Labråten og snart skulle flytte heim, laga dekorasjonar. Det var ein oppslutnad om tiltaket som fekk dei til å tru at kva som helst var mogleg. Plutseleg hadde dei pengar, dei hadde folket med seg, og dei hadde hovuda fulle av planar. Det var ei forsonleg stemning mellom by- og bygdekulturen og dei to skriftspråka som kom til uttrykk i denne marknaden. Framleis var det noko eksotisk og fascinerande og nesten kuriøst ved alt det


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 27

    

vakre desse bygdefolka synte fram midt i hovudstaden. Dessutan var den norske marknaden eit påfallande presist uttrykk for den karnevalistiske folkelege tradisjonen som den russiske litteraturforskaren Mikhail Bakhtin har peika på som ein understraum i europeisk litteratur og historie sidan antikken. Ifølgje Bakhtin har det parallelt med den statlege, institusjonaliserte, kanoniserte kulturen heile tida eksistert ein motkultur, som kjem fram i karnevalskulturen og i somme litterære sjangrar, i bannskap og i dei frodige folkemåla, med groteske overdrivingar og parodiar, omvende verdihierarki og humor knytt til mat og drikke, kropp og kroppsopningar. På karnevalesk maner hadde arrangørane av Den norske marknaden snudd Kristiania på hovudet ved å late bondekulturen dominere kjernen av hovudstaden. Garborgs opningsprolog slo an tonen for den føremålslause og utsvevande profilen som programmet la opp til. «Drikk deg full!» formante Garborg gjestene som hadde funne fram til opninga, før han ramsa opp all moroa dei hadde i vente: spåkoner, spelemenn, klokkefantar, hestehandlarar og mykje meir. Fyll og moro, overtru, skrøner, juks, negerunderhaldning og djevlemusikk skulle finansiere framtidige landsmålstiltak. Gjennom denne måten å halde ein marknad på kopla norskdomsrørsla seg på kulturuttrykk som alt hadde fotfeste i hovudstaden. I Kristiania fanst på -talet eit mylder av varietear der ein kunne sjå tryllekunstnarar, dansarar, negerkomikarar, arabartruppar, syngande hundar og dresserte gjæser. I arbeidarstroka av byen fanst eigne teater, mest kjent var


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 28

    

Grønlands Folketeater, oppretta i  i lokala som sidan blei til kneipa Olympen, snart kjend under namnet Lompa. Teateret, som knapt fekk merksemd i avisene, spelte mest enkle folkekomediar, studentkomediar og revyar, men òg dramatiske klassikarar som Jeppe paa Bierget. Det blei servert mat og drikke i salen, publikum kosa seg med bayer og dram under framsyningane. Forutan Lompa fanst Bazarhallen, Dovrehallen, Eldorado Teater og fleire andre kort- og langliva teaterscenar. Marknaden la seg slik tett opp til ein populær og folkeleg teaterkultur på byens austkant, noko som seinare skulle bli ein viktig nisje for eit nynorskteater i hovudstaden.

Draumen om eit teater Marknadssuksessen styrkte posisjonen til Den de Mai, dei gamle anarkismeassosiasjonane frå Fedraheim-tida var heilt borte. Omlegginga til daglege utgåver gjorde at fleire bidragsytarar og fleire ulike standpunkt fekk kome på trykk. Den polemiske meiningsberande kommentaren var ikkje lenger ein like dominerande sjanger i avisa, ein fekk meir nøkterne utgreiingar. Dei første reportasjane og jamvel dei første intervjua kom på trykk. Utanriksstoff var høgt prioritert, Halvdan Koht dekte Dreyfus-saka frå Paris i , og i perioden  til  var det nyheiter å finne frå meir enn  land i avisa, mellom dei eksotiske og fjerntliggande land som Chile, Colombia, Kina, Kongo, Paraguay, Sudan og Venezuela. Marknaden vekte dessutan til live den gamle drau-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 29

    

men om å starte opp eit lite landsmålsteater. Nokre veker etter marknaden presenterte Arne Garborg for statsråd Vilhelm Wexelsen ideen om å skipe eit lag som kunne reise omkring «i Bygderne paa bekomne Tider og gi Forestillinger», og spurde konkret om ikkje staten hadde ei tomt å selje, på særleg gode vilkår «for det nationale Formaals Skyld». Og den . november  innleidde Arne Garborg på eit møte i fellesregi av Maalkassa og diskusjonsklubben Rødelaget om kva overskotet frå Den norske marknaden skulle nyttast til. Igjen argumenterte Garborg for å skipe eit norsk teater i Kristiania. Eit landsmålsteater midt i hovudstaden skulle stå som eit lysande, handfast vitnemål om landsmålets eksistens. Representantar for den urbane eliten i hovudstaden kunne fint leve kvardagane utan å støyte på landsmål verken i skrift eller tale. Eit tydeleg og ambisiøst landsmålsteater med base i hovudstaden ville rokke dette vilkåret. «[K]unde me no svara på dette ’existerer ikke’ med å visa folk ned i den og den gata nummer det og det, og seia: der eksisterar det, friskt og djervt og livslivande,» drøymde Garborg og avslutta talen med å opplyse at det – inspirert av medgangen under målmarknaden – no skulle skipast ein liten teatertrupp. «No vil dei freiste med nokre morokveldar (aftenunderholdninger), halvvegs ’huskestove’ og halvvegs teater; gjeng det godt, vil dei halda fram og dermed samstundes øva upp spelarar, som ein sidan kan bruke.» Men ikkje alle var glade for ideen. Den  år gamle Klaus Sletten frå Nordhordland skreiv i Den de Mai at ein burde prioritere arbeidet for «maalsaki og annan


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 30

    

norskdom ogso utanom Oslo» framfor eit hovudstadsbasert landsmålsteater. Både Steinsvik og Garborg slo tilbake, hardt tilbake, med kvar sin artikkel, Garborg mellom anna ved å latterleggjere «aalvorsmannen» Sletten. Sletten var tydeleg overraska over intensiteten i svarinnlegga og svarte mykje spakare at intensjonen hans berre var å åtvare mot at målrørsla skulle gå for fort fram, ho måtte hugse å «byggje fraa grunnen av og timbra traust uppover». Den nyskipa kretsen hadde i praksis all makt i den enno uorganiserte målrørsla. Steinsvik redigerte det vidare ordskiftet med hard hand, slik at tilhengjarane av teaterideen fekk kome til orde ein etter ein, mens innlegga frå motstandarane gjekk rett i bøtta. «I Oslo driv dei balar med eit spellag ser eg. Det er ret! Klem paa!» skreiv lærar Anders Fosvold, «ver rauste og hald fram med den storgjæve tanken um eit maalteater,» oppmoda Bernhard Sudmann, og formann i Sogn Ungdomslag, Andreas B. Vamraak, meinte maalkassepengane umogleg kunne nyttast til noko «likare en eit maalteater». Slik ordskiftet blei redigert, såg det ut til å vere brei nasjonal oppslutnad om ideen. Samstundes førebudde både Arne Garborg og Rasmus Steinsvik ein eventuell distriktskritikk mot eit teaterprosjekt i hovudstaden, med eit sterkt og strategisk forsvar for sentrum i den underliggande sentrum-periferi-konflikten. Steinsvik slo fast at Den de Mai hadde – gonger fleire tingarar i Kristiania enn i Bergen, mens Arne Garborg argumenterte demografisk med at Noreg om ein generasjon ville bli som Danmark, at landet er «hovudsta-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 31

    

den med oppland», og at nøkkelen til å vinne målsaka derfor låg i å vinne Kristiania. Å flytte frå Tynset til Asker var ikkje berre geografisk, men òg ei strategisk tilnærming til Kristiania.

Å skrive seg heim I hagen på Labråten var hausten  ein god eplehaust, sjølv om Tuften uroa seg for at mange av epla fall ned før dei var mogne. Hulda Garborg sende frukt og grønsaker frå den første avlinga til Ivar og Karen Mortensson på Einabu. På vinteren flytta Steinsvik-familien attende til Kristiania. Marta Steinsvik var gravid igjen og venta barn på våren. Då gjekk det ikkje lenger med to familiar i eitt hus. Arne Garborg var letta over avgjerda. Men Steinsvik-familien hadde på ingen måte gjeve opp prosjekt Labråten, dei måtte berre vente med å flytte attende til dei hadde skaffa seg eit eige hus der ute. Askerkrets-medlemmene hausta dessutan stadig nye bøker. I  kom Arne Garborg med det vesle prosalyriske meisterverket, Den burtkomne Faderen. Denne boka fullførte trilogien som opna med Fred og Læraren. Idet Arne Garborg hadde fått seg heim i Asker, skreiv han seg tematisk og litterært heimover mot barndomens Jæren. Den gode venen og kampfellen Steinar Schjøtt såg tendensen: «Sproget forekommer mig bedre end nogensinde,» skreiv han då han skulle takke for Den burtkomne Faderen. «Du har nu fundet ‘hjem’ mere end nogensinde.» Hulda Garborg gav dette året ut den første koke-


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 32

    

boka på landsmål, Heimestell, basert på spalta i Den de Mai. Boka var del av det større nasjonsbyggingsprosjektet; hygiene og sunn mat skulle styrke folkehelsa. For denne boka var meir enn ei kokebok; det var Hulda Garborgs program for korleis eit sunt og fornuftig liv skulle organiserast. Den ideologiske inspirasjonen hadde ho frå Rousseau. Forma på boka er lånt frå Hanna Winsnes’ Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen, boka som Hulda Garborg fortvilt hadde støtta seg til då ho plutseleg skulle fø ein liten familie på Kolbotn ti år tidlegare. Nett som Hanna Winsnes byrja Hulda Garborg med ei innføring i husstell og hygiene. Nokre av oppskriftene tok ho frå Winsnes og nokre frå nabokonene rundt Savalen. Samstundes er boka tydeleg inspirert av reisene hennar i Tyskland. Vegetarimpulsen og kritikken av moderne kosthald og kjøpemat er ein arv frå den tyske Lebensreform-rørsla. Arne Garborg skreiv seg heimover, sa venen. Hulda Garborg gav ut Heimestell. Den ideologiske kampen for å gjere det norske folket kulturelt og språkleg heime i eige land, etter  år med danskestyre og snart  år under Sverige, var grunnlaget for Askerkretsen. Livsprosjektet deira var å gjere Noreg heimsleg att. Etableringa på Labråten hadde såleis ei dobbel tyding; dei skulle arbeide for igjen å gjere nordmenn heime i sitt eige land, dei skulle endeleg skape seg ein personleg heim. For også biografisk og sosiologisk var det noko underleg heimlaust over dei. Vesle Karen Hulda Bergersen var blitt skilsmissebarn eitt år gamal. Faren


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 33

    

Christian Fredrik Bergersen var ein rik sakførar, men tura, svindla og drakk. Han fekk barn med ei av tenestejentene og mishandla kona. Han skal ha sparka opp soveromsdøra hennar ein gong ho måtte låse seg inne, og dratt henne så hardt etter håret at nattkappa gjekk sund. Til slutt kasta han henne ut av heimen. Han gjekk rettens veg og kravde skilsmisse fordi ho etter seiande skulle ha kome med «gemene, raae og formastelige Skieldsord» mot han. Eit rettsleg forlik kom i stand som innebar at mora og Hulda fekk to veker på seg til å kome seg ut av huset, mens dei to eldre søstrene fekk bli buande med faren. Mora freista først å livnære seg og Hulda med saumarbeid på Hamar, men frå , då Hulda var , flytta dei til Kristiania og levde på ulike hyblar i hovudstaden. Hulda fekk aldri nokon barndomsheim, familien var oppløyst og heimen seld. «Eg minnest ingen heim frå barndomen; me budde på hybel,» skreiv Hulda Garborg seinare. Tilsvarande hadde Arne Garborg opplevd at heimen hans blei sprengd innanfrå då far hans, Eivind Garborg, opplevde ei religiøs omvending og påla seg sjølv og huslyden den strengaste form for lovstyrt og mørk pietistisk kristendom. Borna skulle arbeide hardt, dei skulle ikkje tale om anna enn naudsynlege ting. På dommens dag skulle dei gjere rekneskap for kvart ord dei hadde sagt. Dei skulle ikkje lese anna enn oppbyggelege bøker. «Den paulinsk-lutherske-pontoppidanske Kristindomen hans far sprengde meir og meir Huse,» skreiv Arne Garborg seinare. Aadne Eivindson Undheim Garborg, som Arne Garborg strengt tatt heitte, flytta frå heimen, sa frå seg odelen, utdanna seg til


Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 34

    

lærar, starta opp ymse handskrivne aviser og tidsskrift og las og skreiv. Han skifta namn til Arne Garborg, og mens han sat på Holt seminar og skreiv vers, spelte fele og røykte pipe, gjekk Eivind Garborg inn i løa og hengde seg i ein bjelke. Det var heilt frå barndomen noko heimlaust over Hulda og Arne Garborg. Dei hadde ikkje nokon plass å vende tilbake til, dei måtte sjølve definere kven dei skulle vere. Dei måtte byrje på nytt. Dei måtte sjølve skape seg ein Edens hage.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.