Fiskarmenn ferdig.qxd:a
04-06-13
16:41
Side 8
«ingen god granne kan Sigmundur oman Rygg vere, og vi der framme kan vere glade for at vi ikkje fekk han.» Da Símun ei stund seinare kom opp på dekket, såg han at eit vadbein var slått ned på den plassen han var van til å halde seg til – framanfor storvantet, eit kraftig, klumpete tillaga vadbein av sterk eik. – Her ser det allereie ut til å begynne å gå til på uheiderleg vis, tenkte Símun og tok til å sjå nærmare på vadbeinet. Der stod S.P. grovskore merkt i treet. – Sigmundur igjen her – er det med vilje eller tilfeldig at han først legg sakene sine i køya mi og sidan tek plassen min? – Símun hadde rett og slett mest lyst til å sette støvelen på og sparke det av; men så stagga han seg og tenkte at det beste var å halde fred lengst mogleg. Rådelegast var det nok å vise tol og sjå kva slags mann denne kranglepaven var. Kjempestor tyktest han vere både i framtoning og skapnad, men det var ikkje alltid at kjempestorleik og hardferd viste seg å vere særleg godt. Teiande gjekk så Símun nedunder att, tok eit vadbein opp frå benken sin og slo det ned i det første hòlet attanfor storvantet. – Dei gode plassane ville ikkje stå tomme i mange dagar, og den som ikkje var utom seg, ville bli ståande med lang nase. Det beste var å skubbe seg tett oppunder han for å ha han i augesyna. Da dette var gjort, fór han nedunder for å besøke lugarmennene. Der var det same rotet som der akterut. Fullt var det av sekkar, skrin, støvlar, madrassar og samanrota oljeklede, og der låg kvar mann og grov i køyene for å legge kleda sine til rettes. Kokken gjekk og dreiv oppi all tummelen med ein eldrakar i handa. Han skjelte på dei svinebeista som hadde «husert» her sist. No hadde han leita rundt i kvart skap og kvar benk, og alt han hadde funne, var tre emaljeslitne krus og to avbrotne knivar. Ein liten mann med rundleitt ansikt sat og fekk seg kaffi i eit av desse halvbrotne krusa kokken hadde leita i hop, og smurde seg ein kjeks med den eine av dei brotne knivane. Han flytta litt på seg så Símun skulle få sitte. «De har vore her i teneste før, høyrer eg,» sa han vendt mot 8