Skip to main content

Fiskarmenn

Page 1

Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 1


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 3

Martin Joensen

FISKARMENN Roman

Frå færøysk ved Lars Moa

Samlaget Oslo 2013


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 5

i Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der. Det barst i hop med dei alt første dagen folket hadde komme til skipet. Som ein god fiskar, og som ein som i fleire år hadde vore på skipet, pla Símun ha den særretten å halde til akter i kahytta. Det seinaste året hadde han vore så heldig å få seg ei koseleg underkøye på styrbord side. Denne framandkaren, som hadde komme nokre timar seinare enn Símun, rykte den øvste sekken hans ut av køya og sende han hardt bortetter dørken. «Eg er van til å ha denne køya,» sa Símun tolmodig, tok opp sekken og la han opp på køyestokken att. «Her er mange tomme køyer, og De kan velje Dykk ei av dei.» Den andre syntest ikkje å høyre på dette og var i neste augeblikk i ferd med å rykke sekken fram igjen, tok ei knokete hand i køyekanten og fastslo at han var van til, der han hadde vore om bord på skip, sjølv å ta seg køye og plass, og det hadde han til hensikt også i år. Men så la skipperen seg imellom og bad mennene om ikkje å usemjast om køyer. «Køyer skal det vere rikeleg av i kahytta, og du, Sigmundur, tek kanskje ein annan plass. Ikkje at eg vil gjere skilnad på folk; men Símun, veit du, er ein mann som har vore med meg no i fleire år, og sant er det som han seier at denne køya hadde han i fjor, og har derfor sjølvsagt full rett til å ha henne igjen i år.» Han som skipperen kalla Sigmundur, roa seg og sleppte køyekarmen med handa. Han mumla likevel om særrettar for visse menn, og at skipperen da han hyra han, hadde lova at han sjølv 5


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 6

skulle få lov til å velje seg køye der akterut. Det vart do ingen ting meir utav denne tretta. Símun tok køyekleda og la dei til rette, og den andre la sitt inn i babordkøya beint imot Símun. Dei fekk seg ein kopp te, men det var stilt attmed bordet. Skipperen prøvde å skjemte, men det nytta ikkje. Sigmundur drakk med rynka augebryn kruset tomt og sa ingen ting. Símun la merke til kor fort han knasa kjeksen og tenkte på knapp skaffetid, og at denne karen som så mang ein annan veidemann sjeldan gav seg tid til å tygge, og at denne framgangsmåten derfor hadde vorte fast skikk hos travle fiskarar. Til fulle hadde han høyrt at Sigmundur oman Rygg var ein ordgjeten storfiskar, og dette året kunne komme til å bli eit år med kappestrid på dette skipet. I mange år hadde han, Símun, vore best og mellom dei beste på alle skipa han hadde vore med, og at han ikkje skulle late seg knekke av dette illmennet på denne turen til Suðurlandið 1, skulle både han og dei som heldt med han, få sjå. Desse kahyttsmennene var ukjente for Símun. Ny bestmann, ein låg, heller bleik mann med lang hake og raudleg overskjegg. Han la merke til at han tok eit gullfarga nytestament og ei raud salmebok opp av skrinet og la bøkene opp på hylla over hovudenden. Som det oftast er første gongen ein treffer eit framandt mannskap, fall det ikkje mange ord; dei liksom granska kvarandre og ransaka desse felagane som no i mange månader skulle opphalde seg i det same tronge rommet, lytte til søvnen til kvarandre og sjå dag ut og dag inn bordskikken til kvarandre. Dei første dagane er alltid mest spennande; mennesket kjenner teven av kvar av dei andre – av framande kroppar – mønstrar og vêrar etter kven den og den er, og har ein hug det ikkje alltid greier å forklare, om å vere beinsam, meir av nyfikne, snuselyst, å kjenne kvar ein tev, kvart eit lynne desse medskapningane er av, enn av rein godhug. Det var ein høg, grannvaksen mann som tok køya over Sig1 Sørkysten av Island. O.m

6


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 7

mundur. Han hadde så livlaust eit ansikt og sa frykteleg lite. Símun la merke til kor aktsamt og varsamt han fór åt med alt som han tok opp av sekken, la det fleire gonger saman og slo og kosta, liksom kjærteikna kvart plagg før han la det på plass. Til sist tok han fram frå lokket på ei koffertliknande lita kiste eit bilde ståande i ei vakkert skoren ramme. Bildet viste ei ung kvinne fotografert attmed eit blomsterbord og med tre bakom, liksom det skulle vere, tenkte Símun, i ein tettvaksen skog i utlandet. Eigarmannen tørka og gneid av glaset som var det ein heilag relikvie, slo ein spikar vel og vyrdeleg i tett attmed hovudenden og hengde bildet opp på spikaren. «No, korleis står det til, Hans Pauli?» spurde ein av lugarmennene som hadde komme akter, denne unge mannen med det tunge ansiktsuttrykket, «du pla alltid å lengast, veit eg, og i år kan det ikkje vere enkelt når du no fór av stad nygift frå den unge kona og det nyfødde barnet.» «Du forstår korleis det står til,» sa Hans Pauli, som pintest av lengsel heim til viv og barn. «Ingen veit kor frykteleg ei sjuke det er å lengast utanom han som pinest av henne. Men det er ikkje noko å gjere med det. Ein har ingen ting anna og er nøydd til å fare av stad.» «Klaging og sutring,» forkynte Sigmundur bitande og pressa benkelokket ned over eit par kvite engelske bukser. «Kvinnfolk og gutungar kan lengte heim att til oska, og ikkje skikkelege mannfolk. Sjølivet er eit godt liv, og eg ville ikkje ha sett råd for å gå som ein gjelding og drive heime mellom krøtterstiane heile sommaren igjennom.» Dette var grufulle ord, og mannen som pintest av lengsel og hadde bilde av kona hengande oppe over seg til å sjå på og søke trøyst og hygge frå, vart furten og ville ta igjen. Men Sigmundur var ikkje i godt lune, han syntest ikkje å ha hug eller stunder til å kjekle om lengsel, grov i stor hast eit vadbein opp frå botnen av benken, snudde seg brått om og fór klampande opp gjennom leideren. «Ein ufyseleg mann,» sa Hans Pauli. «Han ser ut til å blande seg borti ting som ikkje vedkjem han.» «Ja,» svara lugarmannen som hadde komme inn på emnet lengsel, 7


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 8

«ingen god granne kan Sigmundur oman Rygg vere, og vi der framme kan vere glade for at vi ikkje fekk han.» Da Símun ei stund seinare kom opp på dekket, såg han at eit vadbein var slått ned på den plassen han var van til å halde seg til – framanfor storvantet, eit kraftig, klumpete tillaga vadbein av sterk eik. – Her ser det allereie ut til å begynne å gå til på uheiderleg vis, tenkte Símun og tok til å sjå nærmare på vadbeinet. Der stod S.P. grovskore merkt i treet. – Sigmundur igjen her – er det med vilje eller tilfeldig at han først legg sakene sine i køya mi og sidan tek plassen min? – Símun hadde rett og slett mest lyst til å sette støvelen på og sparke det av; men så stagga han seg og tenkte at det beste var å halde fred lengst mogleg. Rådelegast var det nok å vise tol og sjå kva slags mann denne kranglepaven var. Kjempestor tyktest han vere både i framtoning og skapnad, men det var ikkje alltid at kjempestorleik og hardferd viste seg å vere særleg godt. Teiande gjekk så Símun nedunder att, tok eit vadbein opp frå benken sin og slo det ned i det første hòlet attanfor storvantet. – Dei gode plassane ville ikkje stå tomme i mange dagar, og den som ikkje var utom seg, ville bli ståande med lang nase. Det beste var å skubbe seg tett oppunder han for å ha han i augesyna. Da dette var gjort, fór han nedunder for å besøke lugarmennene. Der var det same rotet som der akterut. Fullt var det av sekkar, skrin, støvlar, madrassar og samanrota oljeklede, og der låg kvar mann og grov i køyene for å legge kleda sine til rettes. Kokken gjekk og dreiv oppi all tummelen med ein eldrakar i handa. Han skjelte på dei svinebeista som hadde «husert» her sist. No hadde han leita rundt i kvart skap og kvar benk, og alt han hadde funne, var tre emaljeslitne krus og to avbrotne knivar. Ein liten mann med rundleitt ansikt sat og fekk seg kaffi i eit av desse halvbrotne krusa kokken hadde leita i hop, og smurde seg ein kjeks med den eine av dei brotne knivane. Han flytta litt på seg så Símun skulle få sitte. «De har vore her i teneste før, høyrer eg,» sa han vendt mot 8


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 9

Símun mens han smurde på kjeksen og tynna margarinen utover så hòla i kjeksen vart synlege. «Korleis er reiarlaget, De? Har dei rikeleg kost, og får ein nok til å steike i – det synest eg er det beste når ein kjem om bord på eit skip, nok feitt. Der eg var i fjor, vart det knipe og skava av alt, og dei fór i hundane likevel. Ikkje tale om å få ein mole til å steike i utanom flòtet av kjøttet når det vart kokt – og kjøttet var så harskt at det var knapt etande. Skulle ein få seg ei skikkeleg steik, måtte ein ta henne frå seg sjølv av sin eigen rasjon. Vi kom tomhende heim att, hadde ikkje med oss så mykje som ein kjeks.» Jo, slik som det hadde vore her dei seinaste åra, var det ingen ting å klage over, svara Símun. Rasjonen var rikeleg, og provianten var rundeleg, så ingen ting hadde mangla. «Så langt, så godt,» sa den andre og knaska kjeksen så fort, så fort. «Korleis er det, har det vorte fiska noko hos dykk i vinter? Der hos oss har det vore så dårleg at vi fekk ikkje eingong til eiga koking. Det kan ikkje bli verre enn at ein ikkje får såpass som ein spord til middagsmat.» – – – Nokre få fiskar hadde dei fått, i adventa såg det rett lovande ut, hadde vêret berre laga seg. – Dette var nok ein som fekk margarin og kjeks til å vare, tenkte Símun. Det vistest på framferda og høyrdest på praten at han her var ikkje van til å komme tomhendt att. – Fór ikkje Sigmundur ned hit, kor kunne han ha fare? – Símun gløtta seg omkring, skumt var det, skylightet var dimt og gav lite lys. Ha, der framme sat han, framme i framskuten. Ja, det var ingen ting å tvile på at Dánjal kom til å dra ein slik mann som Sigmundur fram til seg. Skal tru om dei ikkje gøymde unna eitkvart godt der framme i mørkret og no sat og smakte på det. Dánjal likte ikkje å vere einsam. Han måtte alltid ha einkvan i kompaniskap med seg, det visste han frå tidlegare år. – Den gode mannen som sat ved bordet, snakka vidare om dei dårlege tidene som ville komme, og begynte å spørje Símun om kor mykje han hadde tent i løpet av det siste året, og korleis tilstanden var vedrørande skyld og den slags heime i hans bygd. «Ikkje noko liv er dette, å ligge ute på sjøen og 9


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 10

slite seg ut, og så ikkje få meir enn til tobakk, ja, Gud nåde oss fiskarar.» Kokken gremte seg om slendrian og gjekk rundt og grafsa og grov og kom fram med det eine øydelagte husgerådet etter det andre. «Ikkje til å undrast over at kjøpmannen får store tap når slikt liv blir ført om bord på kvart eit skip – øydelagt og knasa, og så igjen til å kjøpe nytt,» prata han for seg sjølv. – Han såg ikkje ut til å vilje bli av dei beste, tenkte Símun – det skein ikkje akkurat reinsemd av han der han gjekk og taut og skulle skaffe det som trongst, i grå vadmålsbukser med ei lang bot av eit anna slag enn buksene oppetter låret. Grimete allereie i ansiktet av kol og sot og svart på hendene. «Jo, sant er det som De seier, kokken, svært mykje blir øydelagt om bord både av skipper og av mannskap. Men frykteleg sparsame er ofte reiarane, og svært gnitne – ein feittklump går dei ikkje konkurs av.» Han la kniven frå seg og støytte gruggen som låg att i botnen på kruset, i kolboksen som stod framom komfyren. Dei to som hadde sete i framskuten, kom no fram, sparka sekkane frå seg og fór leande opp på dekket. Her var det ingen ting å sitte etter, tenkte Símun, sitte og høyre på desse som berre snakka om mat og spurde hòl i hovudet på folk. Han fór opp frå lugaren og akter i kahytta igjen. Da mennene hadde gjort køyene så vel i stand at dei var klare til å ligge i, begynte dei å somle seg til å fare i land. Noko skulle kjøpast som dei måtte ha med seg, og ungdommen hadde lyst til å besøke kjøpstaden om det så var om våren eller om hausten. Símun hadde også gått i land, og seinare om kvelden kom han saman med bestmannen. Dei andre var spreidde i alle retningar. Sigmundur hadde han ikkje braka i hop med igjen; men han såg på augekasta at den karen kom ikkje til å vise nokon godvilje når dei var saman. Dei to, Dánjal og han, følgdest nedanfrå båten, og dei kom nok til å henge saman i kveld. Bestmannen spurde kor han tenkte seg, om han ikkje hadde lyst til å bli med på møte saman med han – no når fiskarane kom til skipa, vart det halde møte kvar kveld, og dei 10


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 11

var så godt besøkte og så herlege – det var ei velsigna oppbygging ein kunne få der. Jo, han tenkte seg ingen stad, og han ville gjerne vere med. Dei gjekk så innetter dit huset der møta vart haldne, stod. «Eg kjenner ikkje Dykk – Gud kjenner alle,» sa bestmannen, «og eg veit ikkje korleis De har det med Jesus, om De kjenner han; men det kan eg vitne av erfaring, at det er velsigna å komme til Jesus, komme til Golgata og få alle sine synder tilgitt der. Eg var ein stor syndar, og min veg gjekk til fortapinga, men eg må love og prise min frelsar for at han fann meg, og eg kom til å sjå meg sjølv som den syndaren eg var, og kom til å sjå at i blodet var det full frelse å få. – Ja, eg må seie at eg kan ikkje late vere å vitne om mi omvending og kva Herren gjorde mot meg.» Bestmannens «bekjennelse» kom ganske brått på Símun. Han var ukunnig med denne religiøse ordbruken, og han visste ikkje så mykje om at folk fortalde slik om sitt gudsliv. Han mumla berre heller fåmælt at det var godt at folk betra seg, og at det var synd at både han og fleire med han tenkte altfor lite på Gud, og at det livet mange førte, ikkje kom til å ende vel. Mens dei snakka, hadde dei komme til møtesalen. Huset var opplyst, og dørene stod opne. Songen ljoma dei imot – møtet hadde begynt. Folk gjekk inn enda, og dei følgde med. Huset var fullt, mange kvinner, men mest fiskarar – dei song høgt alle saman, men snudde seg likevel når nokon kom inn. Der framme stod ein gråmåla pult – som ein stabbe – og attmed pulten sat ein mann i byklede og snipp om halsen. Bestmannen syntest vere lokalkjent, han trengde seg fram og sette seg på ein av dei fremste benkane ved sida av andre fiskarar. Ei jente kom og gav Símun ei songbok – ho var alvorsam, tenkte Símun, og såg ikkje på han da ho gav han boka. Det var som dansemelodiar dei hadde på salmane, så snøgt og lysteleg sunge som skulle ein reise seg opp og danse med det same. Svært ulik songen der heime i bygdekyrkja – desse tunge melodiane som mestsom låg og trykte så lenge og var stive og kraftlause. 11


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 12

Siste verset tagna plutseleg, og mannen gjekk opp på talarstolen. Der bad han ei kort bønn om at Herren måtte velsigne dette møtet, og at mange sjeler denne kvelden skulle finne vegen til krossen. Sidan las han opp eit stykke frå gamletestamentet om syndfloda. Han snakka om Noa, som var den einaste mannen som fann vegen inn på den frelsande arka. «Finn du også, min venn, fram til den frelsande arka som er Kristus. Ingen annan er vegen, og ingen annan er arka utanom Kristus. Min venn, kven du enn er, som her inne sit, eg kjenner ikkje korleis du har det med Jesus; men tenker du å finne noka anna frelse eller noko anna som du trur kan frelse, så fer du i miss. Gjerningane gagnar ikkje, kvar god gjerning er som eit tilsulka klede framfor den levande Gud, berre i blodet finst frelse, i Kristi fullbyrda verk er full og uavkorta frelse å finne. Inga ark flaut på havet utan den eine, og den som ikkje søkte inn i henne, det bergande fartøyet, vart bortskòla av bølgjene. Såleis, min venn, finst det inga berging utanom Kristus. Alle vegar utanom han fører ut i fortaping.» Orda låg frie og tilreidde og kom som ein flaum ut frå mannen. Han stoppa ikkje opp ein einaste gong, det var for Símun som når du renner eit snøre ned og ikkje får ein einaste snur på det. Du sovna ikkje her, dette var inga stiv, dårleg lese preike som la søvntyngsle over folket. Han vende seg til slutt til fiskaren, han som etla seg ut på havet og ikkje visste om han kom att eller ikkje. «I 120 år venta han og gav folket tid til å omvende seg; men dei lo av Noa og levde sitt liv i verda inntil dagen kom, den fryktelege dagen da uvêret bar laust og bølgjene reiste seg frå grunnen, og alle prøvde å redde seg opp i arka; men det var for seint, arka var inga redning for dei – berre Noa og dei som var saman med han, slapp unna undergangen. Min venn, utsett ikkje å ta imot frelsa, kom, kom i kveld.» Han avslutta og gjekk ned av talarstolen. «Er det nokon som har eit ord å bere fram, eit vitnesbyrd å avlegge, så er ordet fritt. Vi syng nr. 152, første vers av nr. 152, og så er ordet fritt.» Temperaturen hadde auka. Mykje folk var det, og rommet var 12


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 13

lite, dei sat kinnraude og såg opp frå boka for å sjå kven det var som reiste seg. Ei årvaken togn rådde ei stund, så høyrdest lyden av ei bok som vart lagt på benken, og ein fiskar på fremste rad reiste seg opp. Han las også liksom den andre eit lite stykke frå Bibelen. Liksom den andre, som visstnok var ein utlært predikant, valde han også ein tekst som tala om faren for å miste Guds nåde. Fortalde døme frå livet sitt når han hadde vore ved daudens grind; men Herren hadde vore han nådig og ikkje kasta han bort i synda. «Er det nokon her inne denne kvelden som ikkje har funne Jesus, så gjer det akkurat no. I dag, i kveld er det nåde å finne, men snart kan porten bli stengt, og du står utanfor. Søk ei frelse som blir gitt vederlagsfritt. Eg kan seie det av erfaring, eg har sjølv opplevd det, og eg kan ikkje fulltakke min frelsar for det han gjorde mot meg.» Denne karen sette seg ned, og talaren attmed pulten bad dei om å synge det neste verset. Dette verset vart sunge, det var togn ei stund, og neste vitnesbyrd vart avlagt. Det var, syntest Símun, som om det var ei viss uro i møtelyden. Folk syntest å sitte ottefulle og vente på neste talar. Heile salmen var sungen, og mange hadde vore oppe. Alle som hadde vore oppe, var fiskarar, og alle snakka om den glede og den fred dei hadde fått, og rådde møtelyden til å søke frelsa mens ho var å finne. Fortaping med evig pine stod klar for kvar einaste ein som ikkje leita seg fram til krossens tre der den blodkjelda rann som tvetta kvar ei sjel rein for synd. Havet var svikefullt, og ingen visste om ikkje køya kunne vere grava, og han vart bortrykt og fekk ikkje ord eller eid fram for seg. For nesten alle låg orda frie og syntest komme med stor fynd og overtydande kraft. Men hos einkvan hende det seg at talen mislykkast, han fløkte seg inn i lange, tunge skriftord og snakka så imot seg sjølv. Ein var oppe som sistemann. Han heldt ein lang tale om seg sjølv og livet sitt; fortalde om sine ulykker og den sjuklegheita han og hans hadde vore utsette for, kona og barna, og velsigna med rørande ord dei menneska som hadde hjelpt han. Møtelyden begynte å bli uroleg, og somme drog på smilen rett som det var. 13


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 14

Leiaren der framme merka at dette sømte seg ikkje på eit evangelisk møte, og at andaktsstemninga fall; han reiste seg opp, sa nummeret på ein salme, sette i med å synge med høg stemme, og alle der framme følgde på. Målet på han som snakka, dovna bort akkurat da han skulle greie ut om ei febersjuke han hadde sloppe unna. Han liksom veikna i knea og sokk eller rettare sagt kvarv ned på setet igjen. No hadde det gått fleire timar sidan dei hadde komme inn. Han som hadde opna møtet, gjekk atter til pulten og avslutta møtet med ei bønn, takka for den rike stunda dei hadde hatt, og ønskte at ei og anna sjel som hadde vore til stades her denne kvelden, måtte bøye sine kne og ta imot den frie og fulle frelsa. Da Símun gjekk ut, stod mannen ved ytterdøra og la små blad i neven på dei som kom ut. Alle fekk eitt, og utdelaren hadde eit vennleg smil til kvar einaste ein – kjente og ukjente. Bestmannen kom bort til Símun utanfor. «Eit herleg møte,» sa han. «Ja,» sa Símun. Han visste heller ikkje no korleis han skulle svare han; det var som om den andre både med ordelag og fakter akta å gå han heilt inn på sjela. Han kjente seg utan tvil rørt av dei talane som var borne fram. Var ikkje alle syndarar for Gud og trong hans nåde? – – Desse mennene som bar fram vitnesbyrd, hadde utvilsamt opplevd noko – det kunne ikkje elles ligge så radig for ulærde menn, og dei kunne ikkje ha mot til å tre fram slik i ei stor folkemengd utan at dei hadde hatt – som dei sa – eit møte med Jesus. Han visste ikkje – hans hjarte kunne vere så forherda, han hadde ikkje blotna nok til å ta imot frelsa og finne denne freden. – – Litt løye var det med den mannen som talen mislykkast for. Han meinte utan tvil at han snakka like godt som dei andre – men slikt måtte sikkert hende, at ein og annan kom opp og ikkje var så tungerapp og fylt av ande. Símun hadde tenkt å gå oppover for å sjå på dansen ei stund, men – no hadde han vore med på eit kristeleg møte, så det var visst ikkje som det skulle vere. Dei fór ut på havet, og Gud visste kven som kom att. Altfor tankelaust gjekk ein omkring, og altfor lite ans 14


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 15

vart gitt på kor brått mennesket vart rykt bort – og det andre livet var det lengste. Nei, sant var det som desse mennene sa – det var best å ha rekneskapen sin i orden og ikkje vente med å gjere opp. Han følgdest med bestmannen om bord att. Dei høyrde songen frå dansen og høgmælt svall frå oppøste menn. «Eg er glad eg slapp bort frå dette livet,» sa bestmannen, «dette livet endar beint i fortapinga, like til helvete. Men mennesket er forherda, det går blindt og ser ikkje avgrunnen framfor seg – dei dansar seg beint utfor, og dei vaknar opp i ei fælsleg æve.» Dei gjekk om bord i den vesle båten, prammen. Ingen hadde komme att. Bestmannen gjekk for å legge seg straks – han var så trøytt. Símun gjekk ned i lugaren for å undersøke om det ikkje var ein teskvett å få. Berre den rundleitte – som dei kalla Andrias – og kokken sat nedunder. Dei hadde ikkje vore i land og sat i skjorteermane med kvar sitt tekrus framfor seg. Andrias knaska ein kjeks på den raske måten, kokken hadde dårlegare tenner, og han sat derfor og gomla av sin kjeks sakte og med stort tolmod. Dei ufjelge leivningane av ei kjeksasteik 2 stod på bordet. «Sett Dykk ned,» sa den rundleitte og flytta seg litt på benken. «Vi to gamle sit her med ein teskvett, vi gjekk ikkje i land og sit klare til å tørne inn. – Forresten, De er så snar attende om bord, kor har De vore?» «Eg var på møte saman med bestmannen.» «Så, så, han er av det slaget. Ja, vi der heime hos oss har også nokre slike. Så eg veit korleis det er med dei; det er ikkje berre å seie seg omvendt og så ingen ting anna ha å vise til.» «Kvar ein uvetting skal tale,» svara kokken. «Slike som knapt kunne fadervår da dei gjekk ut av skolen, står på kvart eit gatehjørne og legg ut frå Bibelen. Eg meiner at alt endar i eit babel – ei forvirring – alle teikn tyder på at enden nærmar seg, må eg seie.» «Dei synest vere sikre i sin tale,» svara Símun, «og for meg ser det sant ut, alt det dei seier. Det livet som folk lever, endar ikkje godt viss noko er sant 2 Oppbløytte kjeks steikte på panna med feitt og tilsett sukker. O.m.

15


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 16

av det som står i skrifta. Alle legg meir vekt på alt anna enn Gud og Guds ord – ei omvending må til, det meiner eg er sikkert.» «Ein kan ha Gud med seg og ikkje gå og preike om det kvar gong ein dreg pusten,» heldt kokken fram. «Eg er ein syndar for Gud – han er meg og oss alle nådig – men eg håpar når eg ber til han dags dagleg, at han miskunnar meg og eg får komme til himmelriket når eg døyr. Den trua har eg – eg forstår ikkje det at alle skal preike, alle vere prestar, korleis skulle det bli? Heller ikkje ser eg at desse som seier seg vere omvendt og vere reie til å fare hedan når det skal vere, er djervare til å døy – eller i farens stund – enn eg og andre som dei kallar uomvende og fortapingas barn.» «Sant som du seier, kokken, kvart ord er sant, du er ein vettug mann, det høyrer eg,» skaut Andrias inn att og smurde seg ein ny kjeks. «Skikkeleg folk som har forstått å fortelje om Gud, har vore i Færøyane før, det meiner eg. Men no synest det som om desse er dei første mennene som kan eit Guds ord. Dei skulle heller ha teke seg noko nyttig føre enn å gå rundt og preike. Kva skal prestane vere til når kvart menneske skal gå omkring og tale? Viss dei så gjerne vil forkynne Guds ord, så skulle dei heller ha reist til heidningane enn å gå omkring her.» «Her hos oss har vi kanskje like mykje behov for å snakke om Gud som ute i heidninglanda,» svara Símun. «Prestane talar for lønn, mens desse gjer det for ingen ting liksom apostlane. Det kjem ingen ting utav kyrkjegangen. De ser korleis desse som døypte skal vere og konfirmerte, ter seg. Det er ein annan hete i vitnesbyrda frå slike menn enn i daude talar frå ein prest eller i postilltekstar som ein dekn les opp.» Símun var kyrkjegjengar; men han visste ikkje, møtet og orda han hadde høyrt, ville ikkje sleppe taket, og så hadde han også slik lyst til å andøve imot – å vere tverr. Det var så seint, tenkte han så og gjekk akter. Det var stilt der atti, berre klokka gjekk stillsleg. Bestmannen var inntørna og hadde drege luka for. Mannen som lengta, Hans Pauli, låg og sov med hendene samanknepte oppå dyna. Han var eit grann bleikare no når han sov, enn til vanleg – og så var ansiktsbragda så stakkarsleg – ansiktet så bleikt som på ein sjukling. 16


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 17

Ein mann som ikkje tolde mykje ròk, tenkte Símun – det hadde høvd betre å sitte i innevarmen enn å fare til Suðurlandið. Alt hadde han lagt så pynteleg til rette. Hylle langsetter køyelengda med underklede, og ei forseggjort lita hylle ved fotenden med småhefte i. – – – Dei la i veg ein skadevêrsdag å kalle. Ein sterk storm med høg sjøgang innan av landsynningen. Fór i land for å mønstre i ein rykande hast og kom om bord igjen søkkblaute – og så til å kaste loss alt med eitt. Det knirka i gamle rusta ankerspel og -spakar. Mennene stod arbeidskledde med nye vottar som hang og slong framom hendene, med seige tak og hivde inn. Dei murra om galne folk som fór ut i slikt eit vêr. Ein av mannskapet går og tøvar inne på land idet dei skal til å segle, og kjem så bikkande skitfull inn over rekka akkurat idet segla er dregne halvveges opp og rånokken heng og sleng frå side til side. Ho er som ei stiv ku etter ei lang vinterlege, høgg og hiver seg før ho kviknar retteleg til. Det kjennest eit sjokk i lungene da ho kavar ut forbi blindskjera Boðarnar og innvolane kjem opp i halsen. «Gamlen aktar å kaste oss av,» seier skipperen, «du har ikkje sjøverk?» spør han Símun. «Eg veit at det ikkje er trygt, dette er ikkje vêr til å forlate landfestet i. Reve det eine seglet før vi er komne laus av land.» «Kva f. meiner du?» seier den andre, «skal vi ligge heile æva innanfor moloen og køyre i oss amerikansk flesk og erter – få skjørbuk. Reiaren er rasande galen for at skipa ligg inne og ikkje går ut. – Sjå på han sjølv, grannen din, Sigmundur. Det var ikkje lysteleg å få han om bord, skal eg seie deg. Ei slingring kom over rakkaren så han heldt på å dette utfor brygga.» Han som vart omsnakka, kom sjanglande baketter dekket utan ytterklede. «Du seglar henne til h. berrskalla før vi kjem vestom Mykines,» sver han og gløttar inn i kompasset. «Men segl du berre, om du seglar så det ikkje blir ein stump att, kjem det ut på eitt for meg. No tørnar eg inn, og eg viser ikkje fjeset framfor sengestokken igjen 17


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 18

før Island er i augesyn.» Han fór bannande ned i kahyttskappa akkurat da ein skvalpesjø støypte seg så kolblå innover henne og auste kald sjø nedover han. Símun kom ned i gangen, Hans Pauli, lengselsmannen, tok på seg oljeklede og begynte å spy mens han streva med å slite opp ei nyfernissert oljetrøye. «Galmannsverk å sette ut i slikt eit vêr,» sa han; «ja, no skal ho røynast. Held det fram slik, er vi snart framme, og så er det å ta fatt med krokane.» Dei fekk ein hard overfart. Flerrande storm og sjøgang så det var lite seglande, det knirka og gnaura i kvar ein planke, og yla frå mennene som låg i køyene og spydde – somme av sjøverk og somme av fyllesjuke, kom imot dei som var gode for å vere oppe. Gøysinga stod på inntil Island var i sikte. Da løya det såpass at det vart lagt bi. Sigmundur heldt ord. Han viste ikkje hovudet oppom før bommane var utkomne. Da kom han opp, i fullt sjøhyre, med budd reiskap og oljeforkleet under armen. På same måten kom alle dei andre gravande opp frå lugar og kahytt. Hans Pauli raskt akter til mesanen med blanke svivlar på taumen – han hadde fått eit anna uttrykk i ansiktet, nesten som om det ikkje var same mannen som hadde hengt opp bildet av kona framfor nasen på seg i køya og hadde gitt seg over av lengsel. Bestmannen stod også alt og pilka attarst med lange tak og hadde ikkje predikantpreg over seg lenger. Kokken var ikkje attarst, ein av dei første av mennene til å få loddet over bord og henge krokane sine ned framfor einkvan svolten fiskekjeft. Det har komme veidelyst over desse mennene. Ei lyst som er i slekt med villmenn, skogbuarar, som ligg på lur og luktar bytte. Dei pustar ut av seg ein lang arbeidslaus vinter mellom bygdegeilar og i tronge hus og står no ved eit spant og siklar etter bytte; bytte som skal omsettast til gule setlar, som igjen skal omsettast til mjøl og gryn, sukker, eit tobakksgrann, ei heimkommegåve til barna, og blir fangsten god: eit godt plagg til kona – ei kåpe kanskje. Det er forventning over alle første dagen, forventning om å bli 18


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 19

kjent med lykka og dugleiken til kvarandre. Augekast etter å få vite korleis ein dreg, skjer seg agn, osv. Det gjekk ikkje godt med Símun. Dei drog over heile skipet; men min sann om lykka var med han. Han hala opp og såg på agna, men dei var det ingen ting å gjere med: torskebeita hang velskoren og freistande på kroken, sildebiten glødde framme på tuppen på ongelen, ein sann lekkerbisken for ein svolten suðurlandsfisk. Sigmundur drog med lange, seige tak. Overhendige mengder kom opp i dagen og small i dekket. – Skulle han bli undermann i år, tenkte Símun. Det var berre ein mann han ottast for kunne bli ei bitter pille å svelge, som kunne gå stad og ta heim sigeren, og det var Sigmundur. Ikkje det at han var så fus etter kroner, nei. Men det var som om ein illvilje skaut opp i han når han såg denne mannen, såg korleis han sneidde leppa, provet på torsketalet, bort frå underkjeften og kasta torsken attetter dekket ned «i le». Fisken stod oppe i sjøen, og til slutt skjedde det med Símun også, han begynte å kjenne fisk. Det hadde vorte slik med han at stundom var det ikkje ein fisk å få, og så plutseleg med kvart fekk han ikkje fred for fisk. Ein gong er det to på hos han. Da dei kjem opp under skipssida, sit dei laust på krokane. Han ser etter kleppen, men kleppen står så langt borte at han rekk ikkje etter han. Han ventar at Sigmundur rettar han kleppen, men Sigmundur vender ryggen til, og torskane flotnar av igjen. Nei, Sigmundur kom nok ikkje til å bli ein mann som gjorde nokon ei beine, ikkje han, Símun, i alle fall, det såg han i eitt og alt. Det hadde han sjeldan erfart, at menn ikkje retta kvarandre kleppen sjølv om dei kappast. Han hadde også i tankane at han kunne bli nøydd til å gi frå seg køya han hadde tiltenkt seg. Men vent no litt, om han så skulle vake støtt, så skulle han aldri gi seg og late denne ufredsfuglen få det å skryte av at han hadde vore best på «Örnin». Lykka kunne komme sjølv om ulykka hadde råka han i dag. 19


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 20

Skipperen gjekk i båten for å skyte krykkje. Silda heimanfrå var ikkje så rikeleg, og fugleagn var godt å ha på ein og annan kroken. Han var ein god skyttar, skipperen, og kom att med ein drusteleg dunge. Dei samla seg rundt omkring – framme frå baugen og akter frå hekken – nokre fekk dei dårlegaste plassane, særleg dei yngste, dei stod midt på. Lykkesveinar som Sigmundur og Símun vel seg ein feit fugl frå dungen – eller også kjem skipperen sjølv og ber dei beste opp i hendene på dei. Slike fangar det meste som kjem om bord på skipet, og har derfor retten til å ta seg ein god fugl med feittglinsande tarmar. Den som var attendehalden og ikkje kom seg fort nok framåt, stod att med ingenting. Símun såg på underkjakedungane som låg der akter. Ho, ho, Hans Pauli var ikkje som han såg ut til, nei, langt ifrå, ingen kraum, det såg han, underkjakedungen allereie som ei ullbreisle. Han kunne komme til å rå med mang ein mann her om bord, det var ingen ting å tvile på, og kona kunne få kjole når han kom heim att – godt var det no å ha nokon å arbeide for, det nørde oppunder. Andrias, som seint og tidleg akka seg over hunger og naud, hadde også ein bra dunge; han skar underkjakane små, utan tunga med, så med han kom talet til å bli større enn det såg ut til å vere. «No, korleis går det?» spurde han Hans Pauli, som akkurat da slengde inn ein småtorsk og slo han så hardt i fiskekassen at ryggen brotna og han tøygde seg ut. «Å, ikkje veit eg, lite vil lykkast, som De ser, smått, smått,» svara han og la målet oppå og prøvde å tøye sporden slik at han skulle rekke. Jo, det heldt, Hans Pauli slapp unna agnfiskmålet og la ein avskoren underkjake saman med dei andre. «To brosmeungar fekk eg nyss, det aukar ikkje talet.» «Godt agn,» slo den andre fast. «He, ja, brosma gir ikkje eit øre i lomma for meg. De har drege der framme, har eg sett.» «Å ja, ein og annan; lite har komme til meg. Eg har ikkje stått ein verre dag med snøret sidan eg begynte å fiske.» Símun gjekk vidare framover og gløtta på ein 15-åring som stod 20


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 21

framom «kongeleiet» midtskips. Ein havhest hadde han tileigna seg frå veidna til skipperen. Pågåande var han, visste Símun, og dugande til å komme seg fram, men krykkje hadde han ikkje fått fatt i. Nokre underkjakar låg det der, ikkje var dei mange, men det dei vanta i tal, vann dei i storleik; han hadde skore dei så store, heile underkjeften, at tunga hang og slong med. «Du tenker på skipperen,» sa Símun og peikte på underkjakane. Guten stoppa å pilke og såg på han utan å fatte kva han meinte med det. «Ja, underkjakane er som eit halvt fåreslakt, meiner eg, dei ruvar oppi tønna til skipperen. Har du fått noko, gut?» «Å, tei still!» svara han og rykte i med det same, «kunne like så vel ha hatt krokane hengande i ei grøft, – desse beista fór også av stad med kvar einaste krykkje, ein lusen havhest var alt eg fekk, såleis er det alltid, det er berre nokre som får agnet.» – «No kjenner du ein, det er kanskje derfor at eg stansa hos deg, eg synest du er så ille misfornøgd.» Símun tenkte at han her alt hadde fått den rette veremåten, var berre ein tur siste året og tok til som dei andre. Krykkjetarmane gjorde underverk. Símun drog det beste han kunne det som var att av dagen, og da kvelden kom, meinte han seg ikkje vere stort snauare enn Sigmundur. Det var det at det var så vanskeleg å forstå seg på Sigmundur. Han syntest både å dra seint og kaste seint uti att. Men for pokker, så mykje det vart utav det. Han drog snøret inn med lange, seige drag, og oftast hadde han to på. Tilhøvet var svært dårleg dei imellom, og ikkje trudde Símun at det kom til å forandre seg etter som tida leid, snarare kom det til å kvesse seg til mot slutten. Fiendskapen hadde komme over dei første gongen dei møttest, begge var kløpparar til å fiske, sjeldan overgått, og no skulle striden stå om kven som skulle komme til å bli bestemann. Mellom nesten alle om bord var det kappestrid, alle gjorde seg ærend no og da for å sjå etter kor mykje den og den hadde fiska om dagen. Unggutane kappast også. Dei bad dei andre vekke dei når det var fisk å få og dei hadde frivakt, og så kom dei halvsovande opp gjennom kappa, tvinga opp auga for å sjå korleis det var fatt på 21


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 22

dekket, og batt oljeforkleet på seg med så såre hender at det gjekk til hjartet på dei andre. Men det var inga bønn, ei lita stund kunne vere avgjerande, og du vann aldri att det du såleis hadde mista. Ein og annan var likevel så velsigna skapt at han ikkje brydde seg det spøtt om han fekk noko eller ikkje. Som til dømes Ólavur. Símun måtte mange gonger avunde mannen, så likesæl som han var. Song og kvad framme i baugen mens dei andre drog for livet, og han fekk ingen ting sjølv. Det var merkverdig. Det var slik med Símun at ønsketenkinga om at det var fisk å kjenne, følgde han inn i søvnen. Dorma han av mens vakta stod ved snøret, kvakk han til og syntest han høyrde torskedask i dekket. Bestmannen heldt møte kvar søndags ettermiddag. Han fortalde med mjuk røyst og på syngande mål om den frie frelsa som var å finne for kvar ein syndar. Snakka om livet, kor fåfengt livet var, og kor fort livstråden kunne slitne, og kva for ei frykteleg ulykke som ville råke han som gav slepp på nådestunda. Dei lytta på han, få var borte nokon gong når møta vart haldne. Lugarmennene kom mette akter i kahytta, Andrias, Dánjal, kokken o.a. og sat med andakt og lydde på, sjølv om det kunne hende at einkvan halvsov – ein god middag gjer ein goddæmt både i sjel og lekam. Dei aller fleste meinte at det var rett alt det han bar fram. Dessverre var alle syndarar, og det vart altfor lite tenkt på Himmelrikets saker. Men det var også dermed meir velgjerande for dei, ei sjeleleg lyst å høyre slike øsande preiker; sjå, i bilde dei var kjente med, rangsida av mennesket og få over seg den pinsla som den uomvende sjela skulle lide etter dauden. Som sagt: dei var samde med bestmannen i desse andaktsstundene, og så vart det ikkje meir utav det. Han hadde kanskje tenkt seg å få einkvan på føtene, få einkvan fram som kunne vitne at han hadde vore ein syndar, men no hadde han innsett all si synd – ikkje berre ei synd – og lagt henne ved krossens fot, og så var det han, bestmannen, som hadde vore vegvisaren. Det var også tydeleg at han vende seg til slike som han visste hadde komme godt på veg og ikkje andøvde imot, slik som Andrias og kokken. Símun såg han ut til å vende seg beinveges 22


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 23

til – rommet som stod tilreidd og kunne bli stengt, og å fare over det raude havet, og den som skamma seg ved å vedkjenne seg Jesus, skulle han også skamme seg ved på den eine dagen. Det var Símun som alle glodde på, og som kvar mann venta skulle reise seg opp og avlegge vitnesbyrd. Men han kunne ikkje, han kjente visst ikkje det rette enda, viss den rette ånda kom til stades, måtte han reise seg, var nøydd til straks å stå opp og seie kva som hadde vederfarest han. Slik ei ulyst var mest over han på søndagar like før talen. Når måndagen kom, var tevlingslysta atter fremst i hugen. Knirkinga i vanta varsla om at det vart lagt bi til fisking, og så såg han atter Sigmundur for seg, underkjakeposen og store torskar som syner seg attmed skipssida. Det stod så å seie uavgjort mellom Símun og Sigmundur enda. Ei veke kunne Sigmundur ha fleire underkjakar, og så neste veke att kunne hin ha fleire. Det var rom for eit snøre ut mellom det fremre vantet, og Símun snakka med skipperen om å få løyve til å nytte plassen. Jo, det nekta skipperen han ikkje; han hadde svært sjeldan brukt to snøre, og ingen hadde snakka om det. – Det var ingen heksekunst å gå til og frå og dra, og alltid kom det storfisk på når snøret fekk lov til å henge. Det var ein ettermiddag at snøret kom, og han fekk godt om fisk på det; men morgonen etter hang ein laus ende på vadbeinet – snøret var avkutta, og lodd og krokar borte – sjølvsagt på botnen! «Ei ynkeleg gjerning,» sa Andrias. «Ei skikkeleg farkeferd,» meinte kokken. Men Símun visste at begge unnte han det så hjarteleg vel. – Ein mann som tek seg ein slik særrett som å ha to snøre. … Ingen var på dekket om morgonen da Símun kom opp, utanom bestmannen. Ikkje at han skyldte bestmannen for å ha gjort det, men han meinte at han kunne sjå at den andre ikkje var heilt ukunnig om karsstykket og kven som kunne ha gjort det. Han påstod likevel at han ikkje visste nokon ting, hadde slett ikkje peiling; han hadde heller ikkje lagt merke til at lodd og tein var borte, han hadde gått på dekket i sine eigne tan23


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 24

kar og ikkje merka noko før Símun sa det. – Det var ille gjort, det var ikkje snakk om anna, ingen tapte på det ein annan fekk. «Ja, det kan vere det same,» sa Símun, «kven opphavsmannen til dåden har vore. På di vakt er det gjort, og det er ikkje verdt å gjere seg skinheilag, ein har kanskje vore i ferd med å gjere det, men fleire kan sjå ut til å ha vore innforstått med det – og mange hugar det visst ikkje så ille.» Han snudde seg fram frå bestmannen att og kasta snøret på sjøen. – Dette snøret hadde han laga seg mest for moro skyld, og kunne dei ikkje sjå det, så var det best at det fór dit det fór – krokar og det heile. Det voks i lasta, og stemninga om bord versna etter kvart som stablane vart høgare og underkjaketønna til skipperen fullare. Mannskapet vende seg til det eine etter det andre, det var ikkje som i førstninga, da forvitenskapen lurte i kvar ein mann. Dei same fjesa å sjå kvar ein einaste dag, kvart vaktskifte – ein våt støveldunge slengt framfor benken og eit krus svart kaffi, helvta grugg, før ein fór opp på dekket, skapte illsinne inni ein, drapshug. Likesæle ved kvar ein fiskekjake, og kleda glinsa av skit. Dei mest vanstelte mista så å seie kvart eit plagg, særleg huver og vottar; einkvan var så heldig å finne seg ei flerra skyggehuve nede på botnen av benken, ein annan åtte ikkje att så mykje som ei skyggehuve, han fann seg ein gammal sydvest som var kassert, og som han no batt saman under haka som om han venta at den verste orkan skulle bere laust. Verst huserte dei gifte mennene. Dei lengta så heim at dei sa ikkje eit ord, var oppfarande og støytte frå seg alt som var framfor dei når dei tørna ut. Hans Pauli hadde vorte kvitt lengselspina, han hadde vorte ein kløppar til å fiske og syntest ha gløymt sin kjære heim; men no hadde han igjen begynt å ta bildet av kona ned frå spikaren og låg og glodde på det. «Du skulle ha hatt henne med deg,» spotta Sigmundur, «ho hadde bøtt hòla våre, sjå, hosene mine er morkna.» – Han retta fram ei holete tå, tok ein seglgarnstråd og batt for hòlet. Og med kokken var det som om alt hadde gått han til møtes, skit og ulag. Han såg ut som noko som hadde lege i jorda, og 24


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 25

skjelte jamt og samt om mannskapet som braut sund og øydela alt som var laust. Verst syntest stoda å vere når det kom fisk til skipet. Det var togn attmed rekka, berre eit og anna vers høyrdest frå Ólavur framme i baugen, sidan var det kvar mann som gramma seg både tagalt og med grumme ord om den vanskjebne han var og hadde vore utsett for på denne fryktelege turen, trampa foten i dekket og las opp ei eller fleire forbanningar når fisken han hadde overlista, var så heldig å krøke seg av kroken og sleppe unna. Nokre ønskte, når reinsinga stod føre og avhovdarar og flekkeknivar vart brynte, at kvar einaste torsk som var kommen på dekket, fór til helvetet attende til botnar heller enn at han no skulle begynne å sløye for andre. Dei flytta seg vestover, følgde fisken – prøvde i farvatna utanfor Jökulsá og så den siste veka i Faxaflói. Ikkje vart det fare heim, svor skipperen, før kvart eit rom var toppfylt og kvart eit saltkorn oppbrukt, om dei vart så splitter pine galne i hovudet at dei ikkje kjente konene når dei kom att. Gamlingen var han som rådde, og så stod dei som villmenn attmed rekka, stod mestsom i ørska og drog, såg grå skoltar komme veltande opp frå denne svarte sjøen og kjente storseiane ta utanfor skipssida og rykke og dra liksom dei trudde dei skulle greie å trekke han over bord om snøret heldt. Det fyltest opp i underkjaketønna og auka i avrekninga; men desse mennene tenkte ikkje lenger på gule setlar eller om heimkomstgåver til kone og barn – dei var berre «besette» av lengt og trå etter ei steinete stø og grå naustopningar, ein grøn grasflekk og å samlast saman under ein eller annan låg husgavl. Símun hadde teljinga på underkjakane; han talde kvar dag, og han stappa i posen kvar gong han fór ned for å skaffe eller eitkvart lengre ærend – det var sikrast, ingen visste korleis folk var, og så gjorde dungen heller ikkje så mykje av seg når det vart stappa i posen ofte. Han såg at Sigmundur hadde begynt å bli utolmodig. Han var 25


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 26

morskare enn nokon gong før. «Låg som eit gale beist etter skråpgjedd og sei,» meinte han og sende ein storsei han akkurat da hadde fått, baketter dekket så han small i fiskekassen og levra skvatt utav han. Men når utolmodet kjem over veidemannen, går det ikkje bra med han. Det hadde som sagt vore jamt, hittil. Sigmundur hadde visst hatt nokre underkjakar meir enn Símun, men det var få, så det skulle ikkje så mykje til for å gjere utslaget. Sidan snøret vart avskore, og han skyldte ingen annan for det enn Sigmundur, sjølv om han visste at andre hadde greie på det, hadde det lykkast betre for han enn i førevegen. Det vart ei god veke for dei vest i Faxaflói. Dei kom borti godt med fisk; dagen lengdest, og dermed vart det mindre søvn. Somme av dei unge stod og halvsov når det skulle reinskast, med kniven i handa, sløgde i ørvilla og kunne godt kaste torsken over bord i staden for gornene. Ólavur kvad lysteleg framme i baugen, han pilka og pilka, kom opp med eitkvart av og til, men som oftast med ingen ting. Dei andre baugmennene kjente fisk fleire gonger og mista og planta støvlane hardt i dekket. Sigmundur drog inn snøret med lange, seige tak, og Símun gløtta derfor fram forbi vantet når han høyrde loddet smelle i vadbeinet. Kokken vaska emaljeslitne krus og heldt auge med snøret, om eitkvart skulle ha komme på. Andrias fekk ein halvliten ein og slengde han i fiskekassen som om han ville hemne seg på torsken. Hans Pauli pilka og stira drøymande ut på det glitrande havet; bestmannen vende ryggen frametter og song, song om lykka og sæla i ei fri frelse mens han som dei andre pilka med lange drag så armen kom oppom aksla. – Han kjente seg like så einsam på dette skipet no som da han første gongen kom om bord, ikkje ei sjel var det her innanbords som han kunne sameinast med i den store gleda. Dánjal, som i førstninga hadde halde seg attåt Sigmundur, og som hadde gått og valla i land til langt utpå natta, var einaste mann som hadde «bekjent» seg; han stod fram ein dag det vart halde møte, og fortalde med få, men 26


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 27

mergfulle ord om livet han hadde ført, om korleis han no hadde komme fram til omvendinga og hadde vorte eit nyfødd menneske. Men gleda til bestmannen over denne vunne sjela vart kortvarig. Dánjal hadde falle igjen, han heldt seg saman med dei verste i lugaren til å gjere fantestrek og halde hundeliv og kom ofte ikkje med på møta. Og Símun, som hadde vore på veg til å fare «over det raude havet», vart hefta midtveges og hadde vendt attende til kjøttgrytene i Egyptarland – hans lyst var å fylle underkjaketønna, overvinne sidemannen, Sigmundur, og bli best på skipet. Dei skalka lukene den siste dagen og måtte sette ein stor stakk på dekket. Skuta låg og reid så seigt på bårene og var så tungfør som ei barnkone da dei sette segl. Dei talde same kvelden, tømte ut av posar, og nokre av kassar, store dungar låg der akter. 2–4–6–10–50–1000 osv. talde dei. «Dårlegaste veka av alle,» sa Andrias. «Eg fer ikkje på sjøen igjen.» «Her er ingen ting,» lét det i kokken, som rista nokre røytte underkjakar ut av posen sin – han var uheldig, stakkars mann, det var han; men han hadde fast lønn, meinte dei, så han stod seg om så ingen annan fekk noko. Sigmundur tok sin pose da han hadde talt, og sende han ut på sjøen – han hadde monaleg mindre enn Símun denne veka. – Den verste lusne plimsollaren han hadde vore på, og det verste året han hadde vore med på når det gjaldt å gjere skilnad på folk. Símun hadde vunne, men det var denne gongen, som så mang ein annan gong, slik at da det var over, var stoda alt anna enn god. Han hadde avbrote søvnen – vakt støtt som han hadde lova – lege og lytta etter kvar ein mort som kom over rekka, og skunda seg så med maten at han mange gonger hadde gått like svolten frå bordet som han hadde komme til – og så utgjorde alt bakset berre det at teljinga sa at han hadde 50 torskar meir enn nestemann. Han tok av seg forkleet og vaska hendene. Han hadde ikkje rortørn. Sigmundur sat i skjorteermane og fekk seg ein teskvett – det var alt like eins som første dagen dei kom til skipet. Sigmundur var like så morsk som da, knaska kjeksen fort som om det gjaldt om å 27


Fiskarmenn ferdig.qxd:a

04-06-13

16:41

Side 28

ete fort og komme fort opp att til snøret … No hadde han frivakt og var klar til å tørne inn. Ingen nidkjær mann var han, det syntest no når han kledde av seg, heller hòl på tåa enn å neste det saman, og naglar og trebitar i buksene i staden for knappar. Men Herren skulle vite korleis han hadde det heime, kven han hadde til å stelle for seg, tenkte Símun, ei gammal bestemor, sa dei, som støtt og stadig småskjelte og øste han opp med skrålet sitt. Han slengde teskvetten som var att, mot komfyren og heiv seg inn i køya, drog luka føre, og brått høyrdest det at han sov. Men skipet segla heim med fylte rom og mange arge menn som lykka hadde vore ublid mot, og som no ønskte at børen skulle stå ved lag så dei fekk komme heim raskt.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Fiskarmenn by Det Norske Samlaget - Issuu