Fengsla

Page 1


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 2

hilde k. kvalvaag Hjarteklapp. Ungdomsroman. Samlaget 2004 Nattsommarfugl. Ungdomsroman. Samlaget 2005 Skagerrak. Roman. Samlaget 2008, 2009

Nynorsk barnelitteraturpris for Hjarteklapp Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok for Nattsommarfugl Guro Sandsdalens litteraturpris for Nattsommarfugl Samlagsprisen 2010

2


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Hilde K. Kvalvaag

Fengsla Roman

Samlaget Oslo 2010

3

Side 3


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Ellen Lindeberg | exil design førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11,5⁄14 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7426-7

4


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 5

Det er tre ting att etter henne. Det eine er ei av teikningane, ei av dei som ikkje blei ferdige. Det er av ein valp. Det rare var at ho teikna valpen nedanfrå, byrja med beina og halen. Ho blei aldri ferdig med hovudet. Hunden har berre eitt øyre og eitt auge. Det andre er gipshunden. Den står på nattbordet mitt med hovudet vendt på skrå inn mot puta. Eg våger ikkje å røre den. Eg synest at eg kan sjå noko fælt i auga til gipshunden. Som om den veit. Men eg skjønar at det ikkje er sant. Den er aldeles død. Den tredje tingen er genseren som mamma strikka, i gammalt rosemønster. Mamma skulle nok ønskje at Mai hadde hatt den på seg då ho drog. I staden heng den på stolen med det eine ermet bøygd, som om det ligg att eit minne etter Mai der inne i ermet. Eg skulle ha trudd på henne. Ho sa så mange fine ting til alle. Eg tenkte at dersom du seier fine ting til alle, er dei til slutt ingenting verde. Det tenker eg ikkje lenger. Eg tenker at ein skal seie så mykje fint som mogleg, til alle ein møter, før det er for seint. Det er mange måtar å snakke sant.


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 6


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 7

1. Eg heldt på å slå Ane Mo. Ein kort augneblink trudde eg at eg kunne slå henne. Seks hundre meter hadde vi sprunge, det var to hundre meter att. Eg prøvde å springe med lange steg. Publikum heia på tribunen, dei få som var der. Det lukta varme pølser. Eg hadde tatt innpå Ane Mo. Kvart av stega mine var litt lengre enn Ane Mo sine, og brått var eg ikkje trøytt, alt eg tenkte, var at eg ville forbi den dinglande hestehalen hennar. Synet av hestehalen som slo som ein pisk på skuldrene hennar, gjorde meg sint. No tok eg innpå, det kunne vere fem meter mellom oss, så fire. Lukta av dei varme pølsene frå kiosken inne på stadion gjorde meg svolten, Ane Mo var våt på ryggen, nakken under hestehalen var raud og sveitt, og det var tre meter mellom oss. Hadde ho sprokke? Eg var nesten oppe på sida i det ho snudde seg og såg meg inn i auga, og så skifta ho takt. Ane Mo sette inn eit gir som eg ikkje hadde, og drog ifrå. Dei siste hundre metrane inn mot mål hadde eg ikkje ein sjanse. Etterpå kasta eg opp på doen i garderoben. Eg hang over doringen og kjende meg som det mest einsame mennesket i universet. Dagen etter stod vi på stasjonen og venta på Mai. Det var ein søndag i august. Mai skulle komme med 7


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 8

ettermiddagstoget. Mai var her snart, og på stasjonen lukta det roser og jasmin, ei tung lukt frå blomar som snart ville falle saman og visne. Hjartet mitt slo litt for fort, lik ei nervøs klokke innestengd i brystet. Eg var fylt opp med den dumpe kjensla av at sommaren var slutt, og den pinlege angsten eg aldri delte med nokon, over å bli eit år eldre. Eg syntest at eg var gammal nok no. Nesten seksten år. Og no skulle fridom bli erstatta av pugging og mellomdistanseløp som nesten tok livet av meg. Eg skulle springe gjennom hausten, og Mai skulle vere innanfor veggane våre. Eg var ikkje lenger kvalm, men eg var framleis sint. Eg ville slå Ane Mo. Toget skulle vere her om tre minutt. Eitt hundre og åtti hjarteslag. Eg hadde seks i naturfag. Det var slike ting eg visste. Hjartet mitt slo forresten seinare enn andres hjarte. Det var fordi eg trena så mykje. Utan at eg hadde blitt spurt, hadde mamma bestemt at Mai skulle få bu hjå oss. Mai var dotter av mammas søster. – Familie, sa mamma, som om det var eit hemmeleg kodeord. Og no gjekk mor mi i sirklar rundt på stasjonen, såg opp på stasjonsklokka, retta på håret. Mamma var kledd i sommarkjole og høge hælar. Ho pynta seg meir etter at ho blei skilt. Som om lykka brått skulle lande rett framfor føtene hennar, og då måtte ho vere førebudd. – Kor lenge skal ho bli? spurde eg då mamma var nær nok til å bli snakka til. Mamma svara ikkje, ho berre såg på meg med det blikket som hadde eit anna blikk innanfor som sa at eg burde vere meir generøs. Eg tenkte på Mai og alt rotet 8


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 9

ho hadde laga i fjor sommar. Ho hadde halde på med to gutar på éin gong. Mai var, om eg skal vere ærleg, ei hore. Ein slik type der det å ligge med nokon er det same som å seie hei. Men om eg hadde sagt sanninga til henne, at ho er den største hora eg kjenner, hadde ho sikkert byrja å gråte. Stasjonsklokka viste 16.03. Vi høyrde toget før vi såg det, suset frå skjenegangen likna elvebrus. Så dukka den raude metallklumpen opp, som eit tungt dyr langs skjenegangen, gleid inn med prusting og kvining og utydelege menneske bak vindaugsglasa. Vi såg skuggen av Mai gjennom døropninga i togvogna, og så steig ho ned på perrongen, snubla nesten framover med sekken som stakk opp over hovudet og tok overbalanse på den tynne kroppen. Ho hadde trong bukse og ein singlet limt til kroppen. Øyredobbane hennar svinga som i ein slags optimisme, men eg kunne sjå at ho hadde gråte, for ho hadde svarte render under auga. Ho gjekk sakte mot oss over perronggolvet i basketsko med kamuflasjemønster. Eg såg gjennom den skitne ruta til venterommet, der det var linoleum med svarte merke etter kubba sigarettar, og brått skjemdest eg over stasjonen. Men eg lest som ingenting, vi lest som ingenting alle tre. Vi stod der og smilte åndssvakt og sjenert og sa hei i kor. Så var det Mai som tok eit skritt fram. Klemde først mamma, så meg. Kinnet hennar lukta parfyme, og eg kunne kjenne varmen frå det då ho la det inntil mitt eit kort sekund. – Velkommen, sa mamma, som om Mai var ein fornem gjest. 9


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 10

– Herregud, sa eg, – «Velkommen,» og eg herma etter henne, og då lo Mai, litt håst og kråkeaktig, ein meir vaksen latter enn eg hugsa. – Kom, sa mamma. – La oss skunde oss heim. – Du får rommet til Morten. – Takk, sa Mai då. – Takk. Så eg skal sove i Morten si seng. Ho lyste opp i eit augneblinkssmil, før ansiktet la seg tilbake i ein sørgjepositur ho ikkje eingong prøvde å skjule.


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 11

2. Mor mi og eg budde aleine no. På visse tider av døgnet sykla det forbi ein mann i gul refleksjakke, og håret som ein skjerm ut bak. Denne mannen i gult var far min på veg til skift på fabrikken. I byrjinga tenkte eg at han såg trist ut, at det verka som om det var tungt for han å løfte handa når han passerte huset der han hadde budd i atten år. Men no smilte han og var rak i ryggen. Det var nok fordi han hadde fått seg dame. Det gjekk ei rett line frå den nye dama som låg i senga hans og skreva, til det fornøgde ansiktet. Morten, storebror min, kalla den nye dama hans for russaren. Det var fordi ho hadde så mykje sminke i det kvite trynet sitt. Morten og eg rakka ned på russaren, kroppsdel for kroppsdel. Ho hadde kne som ein halt sau, sa Morten, og naseborer som fuglereir. Det gjekk nesten ikkje an å sjå skilnad på framme og bak på henne, for ho var så flatbrysta. Men pappa sykla smilande forbi. Ofte røykte han mens han sykla. Då hang sigaretten i munnvika hans og vippa. Om det ikkje var for sigaretten, mistenkte eg at han ville ha plystra, og det ville ikkje vere til å bere. Før pappa flytta, sa han noko til meg som eg ofte tenkte på. – Ikkje lyg for deg sjølv, av og til må ein lyge for andre, men lyg aldri for deg sjølv. Han hadde på 11


Fengsla ferdig.qxd:Mordet

27-08-10

08:29

Side 12

seg refleksjakka då han sa det. Det var ein av dei tinga som fekk det til å breste for mamma. Ho tolte ikkje den jakka. Nokre gonger besøkte eg pappa utan at mamma visste det, då åt vi fersken rett frå hermetikkboksen og gjekk med jakke inne. Men eg tenkte ikkje så mykje på pappa. Berre av og til, når eg stod og såg ut mot det gule lyset frå fyret, tenkte eg på alle gongene vi var i båten, og det var berre oss og slimete små fiskar som vi drog opp og eg skar hovudet av. Så kasta eg hovuda med dei stirande auga i vatnet. Det sa plopp, og så sokk dei. Eg måtte lære meg å bli herda, sa pappa. Men han var jo ikkje her lenger. I staden skulle vi få Mai. Ho skulle inn i denne avblomstra familien som ein omplassert hund der eigaren hadde fått allergi.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.