Fair Isle-strikk av Carina Olsson

Page 1


Fair Isle_m.indd 1

29.11.2023 13:58


Fair Isle_m.indd 2

29.11.2023 13:58


CARINA OLSSON

FAIR ISLE-STR IKK Genserar, luer og vottar med fargar frå naturen

Fair Isle_m.indd 3

29.11.2023 13:58


Fair Isle-stickning. Tröjor, mössor och vantar med färger från naturen Copyright © Carina Olsson and Bokförlaget Polaris, 2022. Norwegian edition published in agreement with Politiken Literary Agency and Bennet Agency © Det Norske Samlaget 2023 www.samlaget.no Grafisk form: Annika Lyth Foto: Thomas Harrysson forsats (glove boards), 6, 14 (nedst), 15 (garn), 19, 20, 32, 35, 37, 38 (prøvelapp), 39 (prøvelapp), 40 (prøvelapp), 41 (prøvelapp), 42, 43 (krage og garn), 51, 52, 57, 64, 66, 72, 77, 79, 83 (øvst), 89, 90, 91, 95, 99, 104 (nedst), 105, 110, 118, 122, 126, 128, 130, 132, 134, 136, 138, 140, 144–153, 155 (nedst), 162, 166–167, ettersats (garn Spindrift) Jessica Lindgren-Wu innsida av omslaget framme og bak, 2, 16–17, 44–45, 47, 49, 55, 59, 61, 67, 69, 73, 75, 82, 84, 93, 98, 101, 104 (øvst), 107, 115, 125, 129, 131, 142–143 Carina Olsson 1 (harekløver tolka i garn), 8, 9, 10 (nedst), 11, 12, 13, 14 (øvst), 15 (sauer t.h.), 21, 22, 23, 24, 25, 26, 27, 28, 29, 30, 31, 36, 38, 39, 40, 41, 43 (solnedgang), 56, 62, 70, 76, 83 (nedst), 86, 102, 108, 111, 116, 155 (øvst), 156–157 Shetland Museum and Archives 94, 158, 161 (t.v.) Shutterstock 10 (øvst), 15 (sau t.v.) Sören Vilks 176 Sjølv om vi har prøvd, har vi ikkje greidd å identifisere fotografen av bildet av lady Dunn 161 (t.h.) Omslagsfoto: Jessica Lindgren-Wu (genser Moorland) Strikkediagram og mønsterbibliotek: Kalle Forss Omsetjing frå svensk: Aud Søyland Omslag og tilpassing design: Johanne Hjorthol Papir: 130 g Lessebo Zero Offset Trykkeri: BALTO Print Printed in Lithuania ISBN: 978-82-340-1234-1

Fair Isle_m.indd 4

29.11.2023 13:58


INNHALD Forord

7

Fingervantar

Fingervantar Fair Isle

Shetland, sauene og garnet 8

Fingervantar Tang

18

Frå inspirasjon til fargekart

Fargesetje Fair Isle-mønster Strikke prøvelappar

Strikkeoppskrifter

Prosjektvesker

Prosjektveske Lita

32

48

Kufte East Burra

60

Genser med rundfelling Lichen Barnegenser Lite blåskjel

68

Genser Fair Isle 1920-tal Visby-baskar

Rombebaskar

100

106

Halskrage Fethaland

Halskrage Strandfunn Vottar Visby 118 Vottar Fair Isle

Fair Isle_m.indd 5

84

92

132

136 140

Strikketeknikkar 142 Formgi din eigen genser 154 Fair Isle-strikking før og no 156 Mønster 164

54

Raglangenserar Blåskjel & Levenwick Beach Slippover Blå skumring

126

138

Prosjektveske Fair Isle

44

Genser Moorland

134

Prosjektveske Rosa

20

36

128

Fingervantar Tusenfryd

Fargane i Fair Isle-strikking 16 Fargeinspirasjon

124

74

Vil du vite meir?

174

Om forfattaren

176

Takk

176

110

114

121

29.11.2023 13:58


6

Fair Isle_m.indd 6

29.11.2023 13:58


Forord Eg elskar å strikke. Og artigast er Fair Isle-strikking. Det er ei tradisjonell fleirfargestrikking frå Shetlandsøyane med mønsterbordar og ullgarn i naturnære fargar. Den karrige naturen på Shetlandsøyane, omgitt av hav på alle sider, har parallellar i den svenske naturen. Kalksteinsøyane Öland og Gotland med kalksteinssletter og heiar, og det spesielle lyset ein får ute på ei øy, gir inspirasjon til Fair Isle-mønstera. Typisk for strikketeknikken er at fargar blandar seg i bordane og står fram på nye måtar. Teknikken er enkel; det vanskelege er å blande fargar og nyansar som gjer at mønstera står fram. Då eg begynte å strikke Fair Isle-mønster, hadde eg problem med å velje blant alle fargane som finst blant shetlandsgarna, så vel einsfarga og melerte som sauene sine eigne ullfargar. Det var lett å velje grått, kvitt, svart og litt raudt – ­sikre kort i nordisk strikketradisjon. Men Fair Isle-mønstera krev fleire fargar og kontrastar i vekslingane mellom botnfarge og mønsterfarge. I dag er koplinga til ­naturen med naturnære fargar òg typisk for teknikken. Eg begynte derfor å fotografere under eit besøk på Shetland for å øve meg i å sjå dei fargane som omgav meg. I fleire år har eg samla på fargeinspirasjon for å omskape naturopplevingar til garnfargar. Med garna fargeset eg tradisjonelle mønster frå Fair Isle-strikking. Eg strikkar prøvelappar, og når eg er tilfreds med arbeidsgangen frå naturoppleving via garn, mønsterval, fargelegging og prøvelapp, formgir eg mine eigne plagg. I denne boka fortel eg korleis eg arbeider med naturens fargeinspirasjon som verktøy for å velje nyansar og fargar i Fair Isle-strikkinga. Så håpar eg at du vil gå vidare med dine eigne mønster, når du har fått nokre øvingar og tips. Eg har laga grunnmodellar til genserar, luer, vottar og litt til som du kan bruke for å skape ditt eige plagg. I slutten av boka finn du fleire mønster som du kan bruke. Carina Olsson

Seks erme med same mønster i ulike fargesamansetjingar (sjå s. 166–167).

7

Fair Isle_m.indd 7

29.11.2023 13:58


Øya St. Ninian på Shetland

8

Fair Isle_m.indd 8

29.11.2023 13:58


Shetlandssau i naturreservatet Hermaness på øya Unst.

Fethaland, i nordre del av Northmavine.

S H E T L A N D, S AU E N E OG GAR NET 9

Fair Isle_m.indd 9

29.11.2023 13:58


Shetlandsøyane Naturen er vekslande og av og til dramatisk, frå bratte klipper til heielandskap, grøne kollar og gøymde vikar med finkorna sand. Øyane er nesten skoglause, noko som gjer at du får eit fantastisk overblikk over det skiftande landskapet, og havet er alltid nær. Dei mange stigane langs kystlinja og strandengene gjer at du kjem nær det rike fuglelivet. Ved sommarsolsnu begynner da simmer dim, som tyder ‘den lange skumringa ein sommarkveld’. Då er det eit spesielt lys som spreier seg og gir naturens fargar eit gyllent skimmer. Men vêret slår raskt om: Haust og vinter er stormtida, og i januar og februar står nordlyset for eit gnistrande skodespel. På 800-talet invaderte norske vikingar øyane, som fekk namnet Hjaltland. Språket, som til å begynne med bestod av fleire vestnorske dialektar, utvikla seg til eit eige språk, norn. Sjølv om Shetland kom i skotsk eige i 1472, levde språket til innpå 1800-talet. Til ein viss grad finst språket enno, for eksempel i stadnamn som Lerwick og Tingwall. Ord som har med fiske, natur, sau, ull og strikking å gjere, har enno slektskap med norn. Sjølv om Shetlandsøyane ikkje ligg så langt frå Sverige, tek det nesten ein heil dag å dra dit, anten gjennom fleire flybyte eller ei båtreise på 12 timar frå Aberdeen. Det finst reiseselskap som tilbyr reiser med temaet ull og strikking. Du kan også reise åleine eller saman med ein liten gjeng som er inter­essert i ull og Fair Isle-strikking. Leig ein bil og køyr på venstre side, kjenn fridommen ved å ta deg rundt på eiga hand, og det beste av alt, du kan besøkje garnbutikkane i Lerwick, Jamieson’s of Shetland og Jamieson & Smith, så mange gonger du vil.

Shetlandsøyane ligg nord for Skottland. I sør ligg den vesle øya Fair Isle

Til høgre: Lundefuglar i naturreservatet Hermaness på øya Unst.

10

Fair Isle_m.indd 10

29.11.2023 13:58


11

Fair Isle_m.indd 11

29.11.2023 13:58


NOKRE EKSEMPEL PÅ STRIKKEORD FRÅ SHETLANDSØYANE makkin

strikke

makkin belt

strikkebelte

oo

ull

wires

strikkepinnar

loops

masker

geng

omgang

sweerie geng

første omgang (som er litt vrang å strikke)

sprett

gjenta

wirsit

ullgarn

Shetlandssau i Fethaland. Dei beitar ofte langt borte frå andre sauer, for at dei ikkje skal krysse seg med andre sauerasar.

Shetlandssauer Shetlandssauen er ein sauerase som tilhøyrer gruppa spælsau eller nordisk korthalesau. Dei har funnest på Shetlandsøyane i fleire tusen år. Sannsynleg­ vis kjem rasen mellom anna frå Skandinavia, og han har eigenskapar som minner om eigenskapar hos villsau. For eksempel er shetlandssauene små og kan overleve under dei vanskelege forholda som livet på ei øy midt ute i Atlanter­havet kan innebere. Dei er sterke og smidige og kan ta seg ned ­bratte berghyller for å supplere kosten med tang, og størrelsen gjer at dei lett kan finne ly når det er nødvendig. Dei går ute året rundt og greier seg bra sjølv.

Shetlandsull Ulla frå shetlandssauen er kjend for den fine kvaliteten. Ho er mjuk og varm med ein fantastisk variasjon i fargar, vanlegvis frå kvitt til brunt og nesten svart. Sauene kan vere spettete. Ulla blir sortert for hand og blir spunnen til garn med namn frå dei naturlege fargane ulla har, som Gaulmogot, Katmollet, Mooskit, Sholmit, Moorit, Shaela og Yglet.

Ull til sortering blir oppbevart i tradisjonelle korger. Her utanfor garntilverkaren Jamieson & Smith.

12

Fair Isle_m.indd 12

29.11.2023 13:58


Shetlandssauer på garden North Gardie i Aith.

Shetlandssauer feller ulla si naturleg. I den friske vinden blir ulldottar fanga på gjerdet.

Shetlandssau på Hermaness på øya Unst.

13

Fair Isle_m.indd 13

29.11.2023 13:58


Fair Isle_m.indd 16

29.11.2023 13:58


Halskrage Fethaland.

35

Fair Isle_m.indd 35

29.11.2023 13:59


37

Fair Isle_m.indd 37

29.11.2023 13:59


Fair Isle_m.indd 47

29.11.2023 13:59


Fair Isle_m.indd 101

29.11.2023 13:59


vantar + mössa på modell

Fair Isle_m.indd 125

29.11.2023 14:00


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.