Essay

Page 13

Fosse Essay ferdig.qxd:A

13-10-11

11:27

Side 16

Det var forresten ikkje ei udelt hyggeleg oppleving å sjå at eg, som i prinsippet ikkje skriv meldingar av i alle fall norsk samtidslitteratur, faktisk har skrive ikkje så reint lite av det slaget. Eg kom òg fram til at eg ville sette eit tidsskilje: berre ting publiserte etter debuten i 1983 er med i denne samlinga. Eg har også utelate noko som ein stundom ser inngår i essaysamlingar, nemleg intervju gjorde med den som gir ut essaysamlinga. Trass i heller stort utval så var det ikkje vanskeleg å gå forbi den tekstgruppa. Det eg sit igjen med, er ei samling tekster som eg på ein eller annan måte opplever som viktige, og då viktige i forhold til det eg – her og no, vel å merke, kanskje ikkje om eit år eller to – ser som forsøk på litterær og litteraturteoretisk profilering, med andre ord: som forsøk på å finne fram til mitt eige litterære prosjekt. For meg i alle fall er skrivinga mi av tekster av essayistisk tilsnitt berre interessant i forhold til mi eiga skjønnlitterære skriving. Det er i all hovudsak snakk om tekster skrivne som supplement til fiksjonar og poesiar. Sjølv ser eg ein par–tre essay som særleg viktige, det er vel også dei tyngste, mest «akademiske» essaya, nemleg det språkfilosofiske essayet «Mellom språksyn og poetikk» og dei romanteoretiske essaya «Tale eller skrift som romanteoretisk metafor» og «Frå telling via showing til writing». Eg lurte lenge på berre å publisere desse essaya, det blei, som du ser, ikkje noko av. Elles er ein god del av bidraga i denne essaysamlinga skrivne på førespurnad, dermed blir nok blant anna utvalet av omtala forfattarar eit anna enn det elles ville blitt (eg har for eksempel aldri vore noko særskilt opptatt av Hermann 16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.