Endelig smAAsOEsken

Page 1



Mammafanten har fått ein stor mage. Har du ete for mykje? spør Veslefanten. Nei, magen er så stor fordi det er ein baby der inne. Du skal få småsøsken!


Det synest Veslefanten hørest rart ut. – Eit søsken! Han lurer på om babyen er gut eller jente, og kva slags farge den har. Om det blir eit sutrete grønt, eit artig stripete, eit livlig prikkete, eller kanskje eit sjenert og blomstrete søsken?



Kva gjør babyen i magen? spør Veslefanten. Pappafanten svarer: Den et, søv og veks.


Har babyen ei seng ü sove i? spør Veslefanten. Nei, det har den ikkje, det er berre babyen som er der inne, svarer Mammafanten.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.