Einars bok

Page 1


KATRINE SELE på Samlaget Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen. 2013 Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak. 2017


Katrine Sele

Einars bok

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/14,5 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0284-7 Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond og Fritt Ord. Forlaget har fått støtte frå Fritt Ord.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


5

johannes: Einar likte veldig godt å vaske opp. Og så likte han å bygge ting. astrid: Og viss vi andre hadde bygd noko, likte han å rive det ned! johannes: Han likte å fekte med meg, og at eg tapte. Men det er skummelt å fekte med småungar. Dei viftar så mykje med sverdet. astrid: Men så kunne ikkje Einar fekte meir, for han blei meir og meir lam. Det er vanskeleg å beskrive korleis eg følte det. Vi måtte vere saman på andre måtar. johannes: Vi leika ganske sånn som andre, berre litt annleis. Vi måtte ta han med i leiken. Viss vi leika gøymsel, var det eg og Einar mot Astrid. Då måtte eg gøyme han, for han kunne ikkje gøyme seg sjølv. astrid: Vi trilla han i ein stol med hjul, og så hadde han ein heis i gangen han kunne køyre inni. Han hadde auga lukka eller halvopne. Vi hadde også ein type grøn stoffheis vi kunne heise han opp i gjennom ei luke i taket. I staden for ski hadde han ein stol med ski under, og han hadde ein type høg datamaskin han kunne bruke til teikning og snakking. 25


johannes: Men eg kunne forstå kva han ville utan å bruke ei maskin. Eg såg det på ein måte på han. Når vi leika noko, skjønte eg om han ville vere med. Kanskje såg eg det i auga hans. Og når han hadde nesten lukka auge, tenkte eg at no vil han ikkje vere med lenger. astrid: Sjå, her er bildet av Einar med sommarfuglen. Då vi var på akvariet i Bergen, var det ein sommarfugl som var så glad i å sitte på handa til Einar. Han kunne ikkje røre på seg, så han var ganske roleg. johannes: Vi to hoppa mykje rundt, så sommarfuglane ville ikkje sitte på oss! astrid: Dyra likte Einar best. Vi har hatt mange hanar. Først var dei kyllingar, så blei det sju hanar og to høner. Men vi gravla det eine egget, for det mista vi i golvet. johannes: Her ser du første gongen vi møtte kaninane våre. Den eine, som heitte Kose, er død. Men den andre – Løvetann – lever. Ein gong var han heilt nede ved kaia. Han sprang lynraskt og heldt på å hoppe i vatnet, men vi bykste etter han i siste augneblink. Viss han hoppa i vatnet, hadde han drukna. astrid: Kose og ei kråke og nokre høner er gravlagde i hagen. johannes: Plysj var Einar si høne. astrid: Den høna ropte alltid på Einar. Også etter han var død.

26


6

Kva betyr ein sommar, når vi veit at han forsvinn? Alt døyr til slutt, og altfor snart, kjennest det som. Når ho ser på bilda av Einar, verkar det uakseptabelt, synest farmor Liv i Dale – eller besta, som dei kallar henne. Ansiktet hans var så strålande, synest ho. Det ligg noko der som ikkje kjennest ferdig. Han skulle jo ha vore her, og når ho snakkar om han, kjenner ho at det er heilt feil, alt saman. Dei ser ofte på bilde og filmar av han. I bilda frå den sommaren då han var eitt år, verka det som at han framleis var eit friskt barn, ein gut som andre smågutar på hans alder: Han står ved ei trillebår fylt med vatn i lag med storebroren Johannes og støttar seg til kanten av den. Dei leikar med plastspadar og plastbøtter oppi vatnet, plaskar mykje og høgt, for dette var noko av det han likte aller best å gjere den sommaren. I eitt av bilda har fotografen fanga vatnet akkurat idet det fer opp i lufta, sølvglitrande og fantastisk. Han leikar tog i lag med storesøskena i ein gammal lenestol på hytta til besta i Hallingdal, og dei bråkar så mykje dei kan, roper «tut, tut, tøff-tøff-tøff!» med Einar imellom seg og klappar og hyler. Som i så 27


mange andre bilde er han i sentrum av det som skjer. Det finst bilde frå hagen og huset, der han et utelunsj med utvida familie kring eit langbord laga av to tjukke trefjøler balanserte oppå stablar med bildekk, leikar i skuggen mellom ripsbuskane, kyssar kameraten Sasha på munnen, sit på fanget til farmora og blir lesen høgt for i køyesenga med Astrid og Johannes på kvar side, oppslukte. Han køyrer med plasttraktor og olabil og trillar Sasha i ei Brio-vogn i innkøyrsla til huset – ei slik vogn som nesten alle norske småbarn har og lærer seg å gå med. Dei er ved eit tjern, og himmelen er overskya, vatnet nesten svart, stille. Berre tre og vatn og skyer – ingenting anna – og det er på fjellet, nær hytta til besta. Astrid og Johannes har korte shorts og plastsandalar, små hovar i hendene, ein raud og ein grøn, og verkar intenst opptekne av kva som kan finnast under vassflata. Johannes er på veg ut i vatnet og har dyppa hoven nedi, kanskje er han i ferd med å fange noko. Astrid står og skodar utover tjernet. Besta står i vasskanten og held ein naken Einar i armane, ser inn i ansiktet hans mens ho seier noko til han. Miriam står like bak med berre føter i vatnet og ser mot dei to og smiler. Munnen hennar er halvvegs open, og det ser ut som ho skal til å seie noko, ho også. Ansiktet hans var så strålande. Men Miriam seier ho aldri heilt klarte å fange Einars vesen i fotografia. Det var noko der som ikkje kom med.

28


7

Slik dei ser igjen og igjen på bilde og filmar av Einar, sit Roland Barthes også i ei leilegheit i Paris i 1977 og ser på bilde av den høgt elska mor si, Henriette, som han nettopp har mista. Han er knust – skildrar sorga som ei boble som stadig stig opp og sprekk, innsikta i at ho ikkje er meir, for evig og alltid. Han blar gjennom fotografi frå heile livet hennar, i håp om å finne sanninga om henne. Fotografia er både frå tida han hadde med mor si, og frå tida lenge før han var fødd, den delen av historia hennar han ikkje kjenner. Alt flår meg. En bagatell kan vekke forlattheten i meg. Mora døyr i oktober, og han skriv små notat i dagboka si kvar dag dei neste par åra for å forstå kva som har skjedd. Desse blir sidan samla i Sorgens dagbok. Parallelt skriv han også ei bok om fotografiet – Det lyse rommet. Så intenst går Barthes inn i denne sorga, i denne søkinga etter henne som er borte, at han vil vite kva som kjenneteiknar fotografiet: nøyaktig kva det er laga av. Barthes tek føre seg kjente bilde frå verdshistoria: mellom anna eit bilde av yngstebroren til Napo29


leon, Jérôme («Jeg sa til meg selv, med en forundring jeg siden aldri helt har maktet å riste av meg: Jeg ser øynene som har sett keiseren!»), eit portrett av William Cosby, den siste levande svarte amerikanaren som blei fødd som slave (med eit herja, sorgtungt uttrykk), og eitt av ein fattig gut i Paris med ein nyfødd hundekvalp som han held tett framfor ansiktet sitt, mens han ser på oss med alvorlege auge («Egentlig ser han ikke på noe som helst – han holder tilbake sin kjærlighet og sin angst i sitt indre»). Først om lag halvvegs gjennom boka kjem Barthes til det som opptek han aller mest – prosjektet med å kalle fram igjen eit elska vesen. Han finn mor si att berre delvis. Eit bilde viser henne som ung kvinne, vandrande på ei strand i Les Landes. Der kjenner han igjen måten hennar å gå på og ein type sunnheit ho utstrålte, men ikkje ansiktet hennar, som er for fjernt. I eit anna fotografi frå kring 1913 ser han henne kledd opp til bytur, med fjørpryd i hatten, hanskar, elegant linstoff som stikk fram ved handledd og halslinning – ein ukarakteristisk chic stil som det verkar som at motseier det jordnære og likeframme ved henne. Han blir distrahert av alt tilbehøyret, historia om smak, mote og klede reflektert i bildet – alt saman forgjengeleg og utvendig, det har ingenting med henne å gjere. Han blar vidare. Det er november i Paris, ein månad etter at ho døydde, og han granskar kvart fotografi lenge i lyset frå lampa. I eit foto frå barndommen hans trykkjer mora vesle Roland tett inntil seg. Då minnest han den lett krølla mjukleiken i silketøyet hennar og dufta av pudder. Men kjenner han henne igjen? Han nøler, er usikker. 30


Igjen er dette berre ein del av henne, dufta og kjensla, men ikkje heilskapen. Han saknar å oppleve heile henne. Å seie at det er nesten henne når han står overfor eit fotografi, kjennest verre for han enn å seie det slett ikkje er henne. Dette nesten tilhører kjærlighetens grusomme orden, men også drømmens svikefullhet. Å sjå mora i slike fotografi er som å sjå henne i ein draum. Han drøymer ofte om henne, men det er aldri heilt henne. Det er noko der som ikkje stemmer: Ho kan ha noko malplassert og overdrive ved seg, noko lystig eller nonsjalant – eller kanskje han i draumen berre på ein vag måte veit det er henne, utan å sjå ansiktstrekka hennar ordentleg. I fotografia står Barthes overfor det same krafttaket som i draumane, ein type sisyfosarbeid: Han klatrar oppover mot sjølve essensen, for så å gå ned igjen utan å ha sett han og deretter begynne på nytt. Endeleg finn han likevel mor si. Henriette er berre fem år gammal i fotografiet frå 1898, og bror hennar er sju. Dei står saman i ein vinterhage med glastak, broren fremst og ho litt lenger bak, mens ho held hendene saman. Søskena står i ein lysning mellom palmar og lauvverk. Når Barthes ser inn i ansiktet til jenta, finn han ei klarleik der han kjenner igjen – det milde og gode vesenet til mora. Han reflekterer over korleis fotografiet blei til, korleis oppfinninga av kameraet har gjort det mogeleg å fange inn avtrykket av ein verkeleg kropp. Og korleis han no kan sjå det, fleire tiår etterpå. Fotografiet av det forsvunne vesen berører meg lik en stjernes forsinkede stråler. 31


8

Om kvelden går Miriam gjerne ein tur opp langs elva, over brua og tilbake igjen på den andre sida. Ein marskveld i 2020 får ho auge på noko lite og blankt i vegkanten, bøyer seg ned og plukkar det opp. Det er ein barnering i plast, gullfarga og med ein lilla stein, av typen ein kan få i premie etter å ha vore hos tannlegen. Ho undrar seg: Har han blåse gjennom tid og stad? Med eitt er ho tilbake i Fossevika sommaren 2014. Det var heilt i starten av sommaren, i juni, og dei var inviterte dit av den gode venen sin, Andreas – ein stillferdig husven som kom og gjekk. Han var gudfaren til Johannes og hadde spikka alle dei fine trefigurane dei hadde som pynt i kjøkkenvindauget, ved sida av hestane i plast som Einar likte å bygge tårn av. Kvar gong Andreas gav ei gåve, var ho nøye gjennomtenkt: Han tenkte mykje og lenge, planla, brukte tid på å lage henne, og uroa seg for om det var den rette gåva til nett denne personen. Heile fyren var ei gåve, meinte både Miriam og Torkil. No ville han gi dei ein ferie, ein tur til ein støl der han nyleg hadde hatt snikkaroppdrag, og der han hadde oppdaga at det 32


var så veldig fint, kanskje ein av dei finaste plassane i verda. Det var ein av Einars første store ekspedisjonar, med mange vaksne og barn i lag. For å komme seg dit måtte dei køyre båt over Dalsfjorden, for stølen ligg nokså øyde til borte på nordsida – ei lita veglaus klynge med hus oppe i bakkane, bortanfor Dalsfjordbrua. Av bilde frå den turen finst mellom anna: ei padde i ein sko (forunderleg oppdaging), ein gut og ein far som dreg opp fiskegarn, og ei berrføtt kvinne (Margrete, mor til Andreas) som held Einar i hendene på brygga mens han øver seg på å gå. Den same dagen dei drog til Fossevika, hadde Astrid vore hos tannlegen for første gong. Sidan ho er eldst, var det ingen av dei andre to søskena som hadde prøvd dette enno: Ho var den første. I premie hadde ho fått ein plastring, og ho var så stolt, både av ringen og av å ha vore hos tannlegen. Ringen var gullfarga med ein lilla plaststein på, og Astrid meinte at steinen var akkurat som ein ekte diamant. Men gleda over den fine ringen varte diverre ikkje lenge. Etter kort tid i Fossevika oppdaga fem år gamle Astrid at ho hadde mista han, og blei svært lei seg. Det var tårer. Alle var med på å leite i graset kring hytta, både vaksne og barn, og leiteaksjonen var lang og grundig. Einar på halvtanna år var spesielt oppteken av å leite. Han skjønte at dette var viktig og alvorleg. Der og då oppdaga han at ein tannlegering var noko spesielt og verdifullt. Dei fann ikkje ringen att. Det var eit av desse første og store av barndommens tap – den fryktelege oppdaginga: Du kan få noko 33


fint, men du har det ikkje for alltid. Sidan skulle Einar bli den stolte eigaren av opptil fleire slike plastringar. I motsetnad til søsken og vener mista han dei ikkje. Han hadde dei heile livet og gjekk med dei mykje. Mens dei var i Fossevika, kom Miriam i tanke om at dei ikkje var langt unna Laukelandsfossen, ein vill og stor foss litt lenger inne i fjorden. Ho fekk det føre seg at dei måtte bade i den fossen, når dei endeleg hadde sjansen. Torkil ville det også, meinte det var ein heilt super idé. Einar sov i vogna si, og dei måtte passe på han, men då var det jo berre å ta med både vogna og guten, meinte dei. Andreas, venen deira, ristar på hovudet når han minnest den turen: Det var så typisk dei to – å vilje få til noko umogeleg. Å vilje gjere dagen til eit vilt eventyr. Den måten begge to er totalt uinteresserte i å tenkje tanken om at dette kanskje ikkje går – den måten dei får ein idé på, og så blir det straks eit mål, og så skal det fullførast, uansett kor urealistisk. For ein handverkar som Andreas, som var van med å tenkje praktisk, kunne det vere ekstremt frustrerande. Men han blei med på det. Dei gjekk i båten og køyrde innover til fossen med ei diger gul Mountain Boogie-dobbeltvogn. Det var inga brygge der, så dei sigla inn til ein knaus og løfta i land vogna med ein sovande Einar oppi. Så bada dei i dei ville stryka, sklei nedover steinane og lét seg rive med av straumen. Ja, ja, tenkjer Miriam om det ho finn den marskvelden ho er ute og går tur: Viss det ikkje er den tapte ringen, er den uansett like fin og like magisk. Ho går til Einars grav. Gravsteinen er spesiell, uregelmessig og 34


sølvskimrande, med ein kø av små plastdyr som vandrar rundt i ein spiral på ein blå sti, i karavane på veg mot toppen. Aller øvst står ei løve i bronse. Ho gir ringen til Einar – henger den på halen til løva.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.