Ei gjenreise ferdig

Page 1

ferdaminne ny - neutra:ferdaminne ny 07.04.10 13.22 Side 1

jon severud ei gjenreise

Til 150-årsjubileet for Vinjes legendariske reise har Jon Severud i detalj og med relevante omvegar gått opp spora etter «Dølen». Den kunnskapsrike strilen og retorikkskolerte norsklektoren har oppsøkt, analysert og kommentert alle dei fysiske, geografiske, skriftlege, og kulturhistoriske krokvegane «Dølen» var innom. I Vinje-inspirert essayistisk stil rissar han opp dei historiske og sosiale rammene som rådde i Noreg då «Dølen» skreiv sine forvitnelege ferdaminne. Slik får vi av denne moderne ferdsskrivaren hjelp til å sjå det tidlaust kreative i Vinjes skrivekunst.

jon severud ei gjenreise ferdaminne etter A. O. vinje

Jon Severud, f. 1951 i Bergen. Lektor. Har tidlegare mellom anna gitt ut Berre peanuts (2001), Ubehaget i skolen (2003), Frå Tyssøy til Tekslo (2005) og (saman med Jarle Rasmussen) Shit happens (2006).

DET NORSKE SAMLAGET

ISBN 978-82-521-7392-5

www.samlaget.no Omslag: Asbjørn Jensen

SA M L AGET


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 2

Steinkjer

Frøya Sundnes den

Hitra

Smøla

T Kristiansund

Orkanger len Or k

Vestnes Åndalsnes

D o v r e

Ra

u

m

a

Stjørdal

Grut Berkåk

fj e l l Kongsvold

Hjerkinn

Lesja

ei ron dh

Trondheim

la

Glo

mm

a

Folldal Vågå

Ronda ne

Gu

Sel

db ra

nd sd

Hundorp Sollia

alen erd Øst

Dovre

StorElvdal Glomma

Lågen en

al

J o t u n h e i m e n

Lillehammer Rena

Elverum Hamar

S V E R I G E Grue Eidsvoll

Odalen Kongsvinger

Kristiania

ma

Ålesund

Torvika Batnfjordøra

Orkda

Molde

Stiklestad

or m s fj

G

lom

Charlottenberg 0

100 km


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 3

Jon Severud

ei gjenreise ferdaminne etter a.o. vinje

Det Norske Samlaget Oslo


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsillustrasjon: istockphoto omslag: Asbjørn Jensen kart: © Samlaget/Gerd Eng Kielland Kart & grafikk førtrykk: Samlaget/e.n.d skrift: Adobe Garamond papir: 90 g Munken Premium Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7392-5 Prenta med tilskot frå Institusjonen Fritt Ord Forfattaren har hatt stipend frå Det faglitterære fond og frå Institusjonen Fritt Ord.

Side 4


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 5

Innhald Del I: Modernitet Frå Bergen til Eidsvoll 9 Til Lesaren (1859) 11 Gode norske Navne (1856) 16 Fraa Byen det berer … (1860) 19 Af ei Bergensferd (1870) 28 Ei utferd til Drammen (1869) 35 Diktaren kan ikki vera Statsmann og Politikar (1870) 38 Journalistikken (1851) 40 Christiania (1851) 47 Om Vestlandsk og Austlandsk Upplysning (1859) 55 Gjeiti (1860) 62 Den fyrste Jernbane (1853) 65 Del II: Grenser Frå Odalen til Sverige 75 Heine (1856) 77 «Dølens» fyrste ord (1858) 81 Om Stil (1867) 88 Dei tvo Grannar i Odalen (1860) 97 Dølens Eventyr (1858) 103 Bretland og Britarne (1863) 107 At vera Døl (1858) 114 I Sverike og nokot um det (1860) 123 Napoleon og Ueland (1859) 127

5


innhald

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 6

Kring Kongsvinger (1860) 133 Fager var Kvelden (1860) 137 Del III: Vandring Frå Kongsvinger til Dovre 141 Ei Rettleiing (1859) 143 Udvandringen (1857) 150 Stova paa Stemsrud (1860) 152 Landmanden (1860) 161 Glauma og derikring (1860) 167 Sigermerki (1860) 171 Marknaden forbi (1857) 177 Kaksen (1860) 187 Æressjuken (1859) 193 Ved Rundarne (1863) 198 Huldra (1860) 207 Skinnfelden (1860) 210 Solliden (1860) 213 Rundarne (1860) 220 Malene (1860) 227 Det eg vil med at vera Døl (1862) 234 Vaarstigen (1860) 243 Om Folkesanger og Folkepoesi (1852) 247 Langs ei Aa (1863) 249 Grauten paa Grut (1860) 253

6

Del IV: Blikk Frå Trondheim til tvisyn 259 Det fyrste Synet (1860) 261 Mi fyrste Nott i Throndheim (1860) 268 Vaar Nationalitetskamp og vaar Maalstrid (1866) 276 Krøningi (1860) 279 Dansen (1860) 287 Eit og annat umThrondheim (1860) 291


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 7

innhald

Skalkestriden paa Stjordalshalsen (1860) 297 National Kunst (1866) 303 Eit godt Støvleskaft (1860) 311 Del V: Heimreise Frå Kristiansund til Hundorp 321 Christansund og Molde (1860) 323 Storthingsmannen fraa Møre (1860) 331 Vaart husstell og vaart Gardsstell (1866) 341 Den smaabytte Garden (1860) 345 Raumsdalen (1860) 352 Ei Utferd til Gudbrandsdalen (1859) 354 Paa Jetta (1860) 358 Olaf Haakonstad (1860) 360 Sociologi eller Velstandslære (1866) 369 Arne (1859) 372 Mi livstru (1859) 375 Denne Presten (1860) 379 Brandpoesi (1866) 384 Lesefærdighed og politisk Upplysning (1854) 392 Drengen finn Drosi (1860) 399 Utleiing (1868, 1917, 2010) 403 Litteratur 408 Ei takkeliste 420 Personregister 422

7


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 8


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Del I: Modernitet

fr책 bergen til eidsvoll

Side 9


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 10

Eidsvoll Finstad bro Dahl Trøgstad Kløften Frogner Grorud

Kristiania

Strømmen Lillestrøm

Bryn


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 11

Til Lesaren (1859) No ja eit Hus maa ha ei Trapp. Det er Fyreordet til ei Bok og Innleidinga til ei Afhandling. Og naar ikki Trappa er større enn sjølve Huset, so kan det høva. Ei utferd til Drammen, 25. juli 1869

Å reisa er å fortelja historier. I 1860 la den 42 år gamle Aasmund Olavsson Vinje ut på ei ferd til Trondheim for å vera til stades ved kroninga av Karl 15. til konge. Resultatet vart klassikaren Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Eg har bestemt meg for å gjera same reisa, og skriva om det. Å finna stadene på ei reise handlar om kart og topografi. Skal ein reisa, må ein kunna flytta både føter og tankar bort frå grunnlaget. Tankane har kanskje alt reist, for før ein eigentleg har kome seg av garde, kjem digresjonar rekande og blandar seg inn i skrift og tankespor. Ein tanke er ikkje først og fremst teori, men ein måte å vera på, meiner mellom anna filosofen Giles Deleuze: Nomadisk stil dreier seg om overgangar og passasjar. «Den som har noko å fara med, han fér.»1 Det er sjølve reisa som tel: Å reisa er å tenkja, springa ut av eitt synspunkt og inn i eit anna, finna ein annan horisont der utsynet er annleis. Å omtala noko på ein annan måte er å forflytta språket til eit anna område. Å finna dei rette tenkjestadene i tid og rom er ei oppgåve som passar for ein skrivande vandrar. Av slike romsterande tenkjemåtar kjem skrivemåtar med plass for digresjonar i teksten og metaforar i setninga. 1 Bilethoggar Ola Enstad, her etter Fløgstad: «Farar i fiksjonen» i Måseide og Skirbekk (red.): Filosofi i vår tid. Festskrift til Jon Hellesnes, Samlaget 2009.

11


del 1: modernitet

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

15:05

Side 12

Eit jubileum er rette tida for å gje ut ei bok om ei slik gjenreise. Men i 2060 er eg død eller 109 år gamal og kan uansett ikkje skriva meir. I 1960 var eg ni år gamal, gamal nok til å følgja med på at Kennedy vart vald til president i USA, men for ung til å vita at Vinje fanst i Noreg. In medias res,2 altså midt imellom − i 2010 − er det 150 år sidan Vinje skapte ein ny sjanger og la grunnlaget for ein rik og mangfaldig nynorsk essaytradisjon. Denne tradisjonen kan eg nærma meg varsamt gjennom eit av hovudprinsippa der: omvegen. Den som skriv om ei ferd, er sjølvsagt ein forteljar, eit subjekt og ein skrivar: i dette tilfellet det Kjartan Fløgstad har kalla ein ferdskrivar. Dette ordet kjenner me helst frå fryktskapande medieoppslag frå store flyulukker, men då som objekt. Den vesle svarte boksen tek vare på noko i fortida, men det som finst der, er berre fragment. Det må tolkast. Tapte samanhengar må rekonstruerast. Ferdskrivaren må først finnast, og det må leitast. Slikt research- og skrivearbeid liknar det dei gamle latinske retorikarane kalla inventio; ein skal finna opp, finna ut, finna på, finna fram. Kunnige stifinnarar må orientera seg i kjende og ukjende, fortidige, notidige og til tider utilgjengelege landskap. Gjenstanden kan liggja på havsens djup eller høge fjelltoppar. Til og med i eit usikra rasområde. Detaljar kan vera viktige, og ein må ta seg tid til å studera anekdotar og andre småting innimellom, altså gjera punktnedslag og smale djupdykk. Det er som med pausar og slikt som er utelate eller står mellom linene i ein tekst, dét påkallar også merksemda. Eit festskrift som Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kan me difor tenkja på både som ei skattkiste frå det litterære skattkammeret3 og som ein liten svart boks full av hemmelege ting. Første halvdelen av reiseskildringa kom i februar 1861, del to eit halvt år etterpå. Til saman inneheld boka 55 stykke frå ulike stader på ferda. Dei er ulike av natur 2

12

26-03-10

Vinje byrja for alvor å skriva offentleg like før 1850 og døydde i 1870. Ved å byrja midt i forfattarskapen hans kjem eg i godt selskap, det vil seia med skjønnlitteraturen og filmverda, som begge er glade i slike grep. Også nyare filosofi (Foucault t.d.) byrjar gjerne in medias res. 3 Tittelen på Ottar Grepstads store verk om norsk sakprosa (Samlaget 1997), eit anna stort leiteområde.


Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 13

frå bergen til eidsvoll

og lengd. Tematikk, skrivemåte og sjanger følgjer topografi og kulturlandskap. Det hottaste turtipset for alle gjenreisande må då vera å følgja T-vardinga: topografi gjev topologi og tema. Reiseruta er velkjend i det store, men ikkje i alle detaljar, sidan Vinje ikkje etterlét seg dagboknotat eller legg vekt på å gje slik praktisk informasjon. Vinje tok i alle fall toget frå Kristiania til Eidsvoll og gjekk deretter til fots4 nordover, etter nokre vekers opphald i Kongsvingertraktene, der han hadde mange kjenningar, og i Sverige, der broren Olaf arbeidde på Charlottenberg Bruk. Så var det langs lange Glomma opp Østerdalen, forbi Rondane i Atndalen, over Dovre til Kongsvold, ned til Orkanger, der han hadde glede av endå ei teknologisk nyvinning: Eimbåten Martello førte han frå Orkanger til Trondheim, der han oppheldt seg i fleire veker, vitja både Stjørdal og Stiklestad og fekk pleie og standsmessig opphald to veker hos venen Herman Løchen på Inderøya. I september tok han så båt til Kristiansund og gjekk til Molde, over Åndalsnes og ned Gudbrandsdalen, der spora etter Dølen forsvinn. Langs denne ytre løypa gjer Dølen seg sjølv til hovudperson i ei reiseforteljing, som han stadig avbryt med «journalistisk orienterte skildringar av geografiske tilhøve lausrivne frå den aktuelle forteljetida og staden, så vel som av lyriske innslag motivert ut frå syn eller refleksjonar undervegs» (Rorgemoen 2007:7). Før eg stig om bord i toget frå Bergen, må eg raskt innom Bergen offentlege bibliotek for å henta ei bok som eg har bestilt. Biografien om boksamlaren og Vinje-venen Paul Botten-Hansen (1824−1869) var opphavleg skriven i 1888 og vart utgjeven på ny i 1917. Forfattaren, den seinare historieprofessoren Ludvig Daae, var også med i nettverket til Vinje. «Botneguten», som Vinje kallar husmannsguten Botten-Hansen, hadde ikkje ein tradisjonell akademisk bakgrunn. Han hadde vakse opp i Sel i Gudbrandsdalen. 15 år gamal byrja han som butikksvenn på Lillehammer, las så til examen artium, tok «anneneksamen» 4 Kor

mykje reell gåing det er tale om, er uklårt. Vinje hadde mange vener og kjenningar og fekk ofte skyss.

13


del 1: modernitet

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise

26-03-10

15:05

Side 14

ved Universitetet og var med dette klar for det som skulle verta dei framtidige arbeidsoppgåvene: som tidsskriftredaktør, utgjevar, arkivar, bibliograf, og frå 1864 overbibliotekar ved Universitetsbiblioteket. Paul Botten-Hansen hadde bibliofil legning. I 1850-åra hadde den såkalla hollendarkrinsen – med namn etter ein kjend Holberg-figur − fast møteplass i bustaden hans i andre etasje i Rådhusgaten 15. Då Vinje kom frå skulelærarjobb i Mandal til Kristiania rundt 1850, presenterte han saman med den deklasserte Henrik Ibsen og husmannsguten Paul Botten-Hansen ny norsk kokkekunst i offentlegheita gjennom bladet Andhrimmer, etter namnet på kokken i Valhall. Så seint som i 1860 er ingen av desse tre karane blant dei store i samtida.5 Daae fortel at husverten til Botten-Hansen, den elles venlege kjøpmannen Niels Haslund, «saa surt til Hansens Bibliothek, da man havde gjort ham vis paa, at den tunge Bogmasse maaske bragte den gamle Gaard til at synke, og Hansen truedes ofte med Opsigelse, ja maatte for at undgaa den love ikke at kjøbe flere Bøger (!), hvorfor han stundom indsmuglede sine nye Bogkasser paa Tider, da Værten ikke kunde iagttage det». Eg hadde fleire grunnar til å ta med meg denne boka: Paul BottenHansen var redaktør for ei av samtidas viktigaste aviser i 1850- og 60-åra, Illustreret Nyhedsblad. Han er også den viktigaste samtalepartnaren for Vinje. Dessutan kan me takka både Botten-Hansen og dei andre som samla bøker i siste halvdel av 1800-talet, for at folket i Noreg trass alt er opplyst. Biblioteka vart gjerne starta opp av ein donasjon, anten det no var boksamlaren sjølv, som Carl Deichman og Gerhard Schøning, eller velståande vener som sto for innkjøpet og gåva. For kommunane vart dette ein rask veg fram mot eit folkebibliotek. Såleis kjøpte Bergen kommune i 1870 den store boksamlinga på 12 000 bind som Paul Botten-Hansen hadde etterlate seg. Dette vart grunnstammen i byens nye folkebibliotek. Boka eg held i hendene, er ny. Sidene syner ikkje noko som helst 5 Arild Stubhaug siterer ei berømt replikkveksling frå samtida. Etter ein lengre avisdis-

14

putt får Ibsen denne avslutningsreplikken frå den store samtidsdiktaren Ørn Blom: «Men jeg er Hans Ørn Blom – see det er Tingen / Og du er Henrik Ibsen – ikke meer.» (Stubhaug: Stemmer i tiden: 336) Den andre store i 1860 var ikkje Bjørnson, men Andreas Munch.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.