Eg snakkar om det heile tida

Page 1


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 1


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 3

Camara Lundestad Joof EG SNAKKAR OM DET HEILE TIDA

Samlaget Oslo 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 6

«Your silence won’t protect you.» Audre Lorde


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 7

ďœˇ


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 8

Kjære bror Gjennom heile oppveksten i dei kvite heimane kalla dei oss negerbarna. Det blei sagt leikande og vart, med kjærleik. Mens tremenningar og fetrar fekk vere barna til onklar og barna til tanter, var vi alltid negerbarna til mamma. Sjokoladebarna. Og eg hugsar då eg var elleve. Eg hugsar at heile kroppen din dirra. Du vibrerte. Det var bursdagen til mormor, og du prøvde å forklare alle dei vaksne på ein gong at du ikkje ville meir. At du ikkje orka det ordet. At det ordet fekk det til å rykke i kroppen din. At det var feil. At det gjorde vondt. Du blunka tilbake tårene, og røysta di auka i volum, og du var klønete og uartikulert og meir sint enn tydeleg. Og du var tretten. Så fekk du høyre at sånn har det alltid vore, og sånn vil det alltid vere. Vi har alltid brukt det ordet. Ein seier jo negerbollar òg. Er alt med eitt blitt gale, no? Herregud, du har vakse opp i Noreg og ikkje i USA. No er du svært sensitiv, vennen min, vi meiner jo ikkje noko vondt med det. 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 9

Og så snudde mormor seg mot meg og sa: Camara har jo ikkje noko problem med at vi bruker det ordet? Eller …? Og eg svarte at eg ikkje hadde nokon problem med det. At eg faktisk likte det. At vi seier trass alt negerbollar i dette landet. Og at du var latterleg om du trudde du var ein gangster frå USA. For når eg var samd med dei vaksne, likte dei meg betre. Og for meg var det viktigare enn at du likte meg. For eg syntest du var ein dust. Og lufta seiv ut av deg som frå ein ballong. Du sprakk ikkje. Du må ha skjønt at du var åleine. Du gjekk ut i hagen og sette deg. Dei vaksne sa du skulle få furte ferdig i fred. Eg blei verande inne og åt banankake. Det kjendest som eg hadde vunne noko. Det hadde ikkje rykt i kroppen min, ikkje enno. Eg drøymer om det om natta. Du og eg, vi har aldri snakka om dette. Og eg har heller aldri bedt om orsaking. Men eg lovar å gjere det før denne boka går i trykken.


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 10

Å SLUTTE Eg bestemmer meg ofte for å slutte. Med jamne mellomrom bestemmer eg meg for å slutte å snakke med kvite menneske om rasisme. Somme gonger fordi det kjennest som bortkasta energi i møte med ei uproduktiv skuldkjensle. Skuldkjensla manifesterer seg ofte i tårer. Det hender eg tenkjer at eg blir betalt for å få folk til å gråte. Somme gonger bestemmer eg meg for å slutte i møtet med den innbitne forsvarsposisjonen kvitheita får når den blir mint på at den er kvit. Ingen liker å bli mint på hudfargen sin. Somme blir veldig sinte. Og same kva eg har å seie, kan det seiast nesten likså tydeleg av andre kvite menneske, og dei vil kunne seie det utan at det kostar dei så mykje. Og kanskje folk ville lytte meir til dei. For det er med ein enorm emosjonell kostnad eg har desse samtalane om og om igjen, det er emosjonelt arbeid. I rolla som pedagog går eg inn i ein viss modus i alle desse samtalane. Det finst ingen dumme spørsmål, seier eg. Eg pustar med magen og svarer, og pedagogen 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 11

forlèt meg ikkje. Til slutt blir det vanskeleg å skru ho av. Så når eg sit i ein taxi i København og sjåføren spør kvar eg kjem frå og kva eg gjer, så svarer eg. Og når han spør om kva slags kunst eg lagar, så svarer eg. Og når han spør om han kan stille meg eit personleg spørsmål, så seier eg ja. Og så spør han om eg trur det er raseskilnad på å ligge med svarte damer samanlikna med kvite damer – han har alltid hatt lyst til å ligge med ei svart dame, fordi vi kanskje har noko meir dyrisk i oss, i DNA-et på ein måte. Eller trur eg kanskje det handlar meir om kultur enn om hudfarge? Då svarer eg han. Og pedagogen er på. Så eg svarer sakleg. Og sakte. Med forståelege ord, og ei røyst som ikkje skingrar, ei røyst utan støy, og eg er meir tydeleg enn sint. Og han takkar meg for svaret og seier det hadde han ikkje tenkt på. Og at det skal han tenkje meir på. Og neste gong skal han til og med kanskje tenkje seg om. Og eg betaler. Og går ut av taxien. Og eg tar ein sigarett før eg trykker på ringeklokka til venninna mi. For eg har ikkje lyst til å vere ho som igjen kjem stormande inn i leilegheita på besøk og får alt til å handle om meg sjølv og noko som har skjedd meg. Dette skjedde meg. Som igjen får alt til å handle om meg og hudfargen min. Så eg tar ein røyk før eg ringer på. Trekker røyken djupt ned i lungene, drar den ned i magen.




Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 12

KVA ER EIT NAMN? Eg kranglar med meg sjølv om kva namn som skal stå på denne boka. Eg heiter Camara Christina Lundestad Joof. Camara Joof er eit meir fengande namn enn Camara Lundestad Joof. Christina kan eg berre gløyme, det er altfor langt, sjølv om det er viktig for meg, fordi vi er tre generasjonar kvinner på mormors side som har fått Christina som mellomnamn. Alltid den førstefødde dottera. Eg er den førstefødde dottera. Vi er sju søsken. Eg har to heilsøsken, to stesøsken og to halvsøsken. Vi er altså tre heilsøsken, når ein tel med meg sjølv. Eg er den einaste av oss tre som er døypt Lundestad. Dei andre fekk berre heite Joof. Og eg følte alltid at det gjorde meg hakket meir mamma si enn det dei var. At eg fekk høyre litt ekstra til hennar familie. Eg flytta til Oslo då eg var  år gammal. Den første jobben min var som telefonseljar. Den første arbeidsdagen fekk eg beskjed om å presentere meg sjølv som Christina 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 13

Lundestad når eg ringde rundt. Gruppeleiaren min sa at det innbaud til tillit, og at det ville gagne meg, sidan eg jobba på provisjon. Det fall meg ikkje inn å protestere. Eg hugsar eg tenkte at det sikkert var smart, og at det burde eg ha komme på sjølv. Eg har alltid vore opptatt av å hevde meg. Vise at eg høyrer til. Briljere med dialektane mine. Eg er fødd her, sjå på passet mitt, der står det «fødestad Bodø», ikkje «fødestad ukjend». Ikkje berre sjå på passet mitt, høyr på namnet mitt. Tru på meg. Etter at eg flytta til Oslo, passa eg på at eg aldri sat ved sida av andre menneske med synleg innvandrarbakgrunn på trikken, på T-bana, på bussen. Dei første tre åra sette eg meg aldri ved sida av eit anna brunt menneske, for eg var livredd for at dei andre på bussen skulle tru at vi var ein gjeng. Eg bruker Camara Joof når eg gir ut musikk. Somme gonger berre Camara. Då kan stemma mi bere det heile sjølv. Og for å vere ærleg så er det eit fortrinn, eg jobbar mest innanfor hiphop-sjangeren. I motsetning til alle dei kvite mennene som hoppar rundt, treng eg ikkje gi meg sjølv eit feitt scenenamn med nokre tal i for å verke truverdig. Kreden min får eg gratis. Men når eg skriv? I desse politiske identitetsprosjekta mine? Då stilnar Lundestad ein stor del av diskusjonen allereie før den har begynt, og eg gøymer meg bak det. Eg 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 14

deler namn med mannen som hadde ansvar for Nobelprisen. Fuck deg og spørsmålsteikna dine. Eg har brukt mykje tid på å insistere på norskheita mi. På å forsvare tilhøyrsla mi. At eg eig den, like mykje som eg eig retten til å gå kledd i kva eg vil, kvar eg vil. Når folk spør meg kvar eg kjem frå, misforstår eg med vilje. Eg svarer Sandefjord. Og når dei spør kvar eg eigentleg kjem frå, så svarer eg Bodø. At eg er fødd i Bodø. Og eg seier det med brei dialekt. Når dei så ristar forvirra på hovudet og seier: Å, nei, men kvar …? så seier eg: Å, du lurer på kvifor eg er brun? Og ubehaget er til å kjenne på. Nei, nei, det var ikkje det … Jo, insisterer eg, du lurer på kvifor eg er brun. Om det ikkje var det du lurte på, så ville du godtatt svaret eg gav deg tidlegare. Du ville godtatt begge svara. Eg er brun fordi far min er fødd i Banjul, Gambia. Og mor mi er fødd i Mosjøen, Noreg. Eg gjer meg vanskeleg fordi eg synest det er vanskeleg å få det same spørsmålet om og om igjen. Det kjennest som eg har dei same samtalane om og om igjen. Eg snakkar om dei same tinga heile tida. Som andre norske turistar blir eg òg stoppa i Thailand av springande barn på gata når eg dreg ut på lands


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 15

bygda, barn som aldri har sett sånt hår som eg har, eller barn som blir fascinerte av hudfargen min. Det plagar ikkje meg heller. For eg bur ikkje der. Og eg kjem ikkje derfrå. Dei barna får ta på håret mitt. Du får ikkje lov. Men her heime er eg ukomfortabel med spørsmålet fordi eg må insistere på at eg høyrer til. Og eg er ukomfortabel fordi eg somme gonger tviler på om eg faktisk gjer det. Eg er ukomfortabel, men eg har bestemt meg for at eg ikkje har noko problem med å svare på det, så lenge vi kan vere ukomfortable begge to. Eg er akkurat trassig nok til å nekte å bere dette ubehaget åleine. Om du vil vite kvar eg kjem frå, så får du bere det ubehaget saman med meg. Eig det du spør om. Men ikkje i Danmark. Eg har budd i København i fire år, og i Danmark synest eg det er herleg når fulle folk spør kvar eg kjem frå. Dei seier: Du er ikke dansk, ikke? Nei, svarer eg. Eg er norsk. Og så lenge eg ikkje vågar å insistere på danskheit, er det som oftast same faen for dei om eg er norsk eller ikkje, og det tar sjeldan meir enn ti minutt før nokon slenger oljefondet i trynet på meg. Jer og jeres fucking olje. Og ja. Det er min olje. I Danmark eig eg all den norske oljen. Og eg blir ein kvalmande nordmann som gnir det inn, som seier at eg har ein liten brønn i hagen, som alle 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 16

andre nordmenn, og ein liten brønn på hytta, som alle andre nordmenn, og eg går i bakgarden og pumpar opp ein kopp med olje frå brønnen min og går på Kiwi og kjøper brunost med den. Og Petter Northug. Og Sissel Kyrkjebø. Og Cecilia Brækhus. Og Bjørn Dæhlie. Eg er så norsk at då eg var lita, selde eg og ei venninne små figurar vi hadde laga av kongler, for  øre på gata. Og tiøringane hadde gått ut av produksjon, så folk måtte gi oss  øre, og på utstillingsbordet vårt med konglefigurane og blomstrane vi hadde stole frå hagen til naboen, var det eit skilt der det stod: Overskotet går til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie. Ein mann kom bort og sa han ville kjøpe to figurar for ei krone, men han såg helst at pengane gjekk berre til oss eller til alle dei svoltne barna i Afrika, for Bjørn Dæhlie trong ikkje hjelp, han hadde meir enn nok frå før. Då sa eg at han ikkje fekk kjøpe nokon ting av oss, fordi han snakka stygt om Bjørn Dæhlie, og den slags gjorde ein berre ikkje. Eg er akkurat så norsk. Men eg er ikkje kvit. Derfor blir denne boka gitt ut under namnet Camara Lundestad Joof. Eg held på Lundestad, sjølv om det ikkje er det fonetisk beste. Eg har komme til at det er greitt, så lenge eg sjølv er klar over kvifor eg gjer det. 


Eg snakkar om det heile tida ferdig.qxp_Layout 1 18.05.2018 10:43 Side 17

Sånn er det når ein bruker kunsten instrumentelt. Det blir mindre plass til estetikk.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.