Det gode vi ikkje gjer

Page 11

Det gode vi ikkje gjer ferdig_A 09.01.17 10:33 Side 11

grinda og går innover hellegangen. Samuel har gjort opp i omnen, det ryk frå pipa. Anni løftar hovudet. Vinkar til Selma. Selma læst som ho ikkje ser henne. Dei tre trappetrinna opp til døra er dekte av nysnø. Ho tek den langskafta kosten som står lent mot veggen, sopar snøen bort før ho går inn. I gangen tek ho av seg støvlane og hengjer anorakken på knaggen. Går på badet. Blir ståande og lene seg over vasken. Hendene held rundt kanten på servanten. Ho møter sitt eige ansikt i spegelen. Huda er blank og klam, med ein ròde av opprør i kjakane. Ho skyl fjeset med kaldt vatn og går inn til Samuel. Ser mot kaffitraktaren, som står uverksam på plassen sin. – Kvifor har du ikkje sett på kaffien? seier ho. Samuel svarar ikkje. Han står ved bordet og ser ut medan han knepper skjorta. Har ryggen til henne. Plundrar med eine skjorteknappen. Selma fyller kaffikolben med vatn. Søler på benken da ho skal ta kaffi i filteret. Misser måleskeia, den dett i golvet med ein veik, blank lyd. Samuel vrir hovudet og ser på henne medan han puttar skjorteflaka ned i buksa. – Kva er det, du ser så oppøst ut? – Du kunne sett på kaffien i staden for å stå der og glo etter Anni. Røysta hennar er ljos og sprokken. Ho ordnar kaffien med skjelvande fingrar. Trykkjer inn brytaren, snur seg mot Samuel, lener seg mot kjøkenbenken. Kaffien byrjar å putre i traktaren bak henne. Ho ser på hendene hans, dei litt små fingrane som går opp og ned i bukselinninga. – Paul Lund er attkomen, seier ho. – Han er i huset 11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.