Bovara

Page 1


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

1

08-06-12

11:28

Side 1


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

Jan Roar Leikvoll

BOVARA Roman

Samlaget Oslo 2012

3

11:28

Side 3


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 5

Til mi kone


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 6

«Gud som haver barnen kär, se till mig som liten är»


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 7

Utanfor vindauget lyste månen opp bak åskammen og kasta skimmer inn i sovesalen. Svevnen hadde funne dei andre, men ikkje meg. Eg hugsa ikkje sist eg låg svevnlaus, til vanleg sov eg tungt frå kveld til dagning og var ein dei andre måtte pirke i, før eg livna til. Eg kikka nedover salen, senga til Flori stod tom. Frå dei andre sengene stakk ein fot ut her og ei hand ut der, stumpar som ikkje høyrde til ein kropp, restar lagt i kvar seng rundt meg. Det var som himmelen aldri ville endre seg, lyset aldri meir meisle sprekker i mørkret og sleppe ny dag til. Dei varme sommardagane var borte, hausten var komen med klar luft, og endå det eine øyret suste, høyrde eg dei siste grashoppene file ute i hagen. Men snart skulle dei fare bort, om ikkje lenge var nettene frost, og dei kom til å fryse seg stive, kom til å ligge i handflatene mens eg bar dei gjennom hagen og lét dei sigle, stille, utfor klostermuren og ned i juvet. Eg snudde meg, og senga knirka. Eg sette hendene på kanten og løfta kroppen, senga knirka igjen. Eg svinga meg til sida, stod ved senga, knea knirka. Eg drog kjortelen på og knytte tauet, eg stakk føtene inn i sandalane. Greip stokken. Så vippa eg sandalane av igjen og tok dei i handa, gjekk så stille eg klarte gjennom sovesalen og stansa kvar gong einkvan harka eller snudde seg. Kroppen til Gjin var nesten naken, endå det var kjølig. 7


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 8

Han låg utan å lage ein einaste lyd, auga var halvvegs opne utan at dei blinka, auga såg på meg og tenkte kanskje at no sneik Frrok seg ut. Men alt var som andre netter, berre at eg var vaken. Eg snudde meg ein siste gong mot vindauget, ikkje eit gry over dei mørke åskammane. Eg opna døra og smatt ut av sovesalen, og stengde henne med eit svakt riks.

8


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 9

Eg gjekk dei ujamne trinna i kjellartrappa, handa glei på rekkverket ned i mørkret som lukka seg rundt meg. Eg tusla innover kjellargangen med stengde dører på kvar side, heller ikkje på sommarsdagar var gangen varm og tørr. Her var ingen eg kunne vekke, likevel gjekk eg stille og lytta. Noko pilte bort, klatra opp ein stad, og i fleire jernbøtter dropla vatn. Stokken klakka. Månen skein inn rekka med luftegluggar høgt på veggen, dei laga bleike ruter på murgolvet, gav nok lys til at eg kunne gå. Kvar lyd kvekte meg, endå eg var den einaste som gjekk omkring i denne kjellaren, etter at Flori valde å bli i tårnet for å skrive av bøker. Eg kom heilt inn til den tomme svinebingen, steig opp på ein trekasse, kikka ut den støvete vindaugsruta høgt på veggen, himmelen svart og urørleg. Ei mus sprang oppe på trevet. I rommet til dei nedstøva eplepressene vende vindauget mot aust, men sjølv der urørleg mørker. Alt, vogga himmelen, alt var hos han som vakta og forbarma seg over kvar og ein av oss, han såg kvart steg foten min tok, han kjende mine henders lengsler og skuld, visste kvar tanke og kvart ønske og kvart ord eg ville seie, men aldri fann riktig augeblink for. Fotspora på golvet var mine, eg brukte kjellargangen kvar gong eg skulle inn og ut av reiskapsbua og gjere 9


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 10

arbeidet mitt i hagen. Eg og Flori hadde grisla i kjellaren frå eg kom hit, eg var berre eit stort barn då eg kom. I enden såg eg døra ut til hagen, halvvegs gøymd av tettvaksen og alltidgrøn vivendel på utsida, og berre seint om ettermiddagen slapp lysstrålar inn mellom dei korsstilte stengene over døra. For å ikkje kome for brått på lista eg meg sakte inn i reiskapsbua, og stansa framfor ei smal dør. Inne i den vindaugslause koven sette eg løk når liljene var visna av, eller anna vart vinteren kunne knekke. Reiskapane stod slik eg sette dei i går kveld, ein spade, ei rive, ein staur stod lente mot døra. Ingenting var endra sidan eg var her etter aftansong. Eg la handa på dørklinka, kjølig av natta, men eg fekk meg ikkje til å opne. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, men eg høyrde ingen gråt, ingen jammer, frå innsida. Berre grashoppene filte utanfor, stadig svakare i kjølda. Tilbakevegen var framleis lyst opp av månen. Dum var eg som trudde lydar skulle kome frå koven. Den vesle hadde ikkje rørt seg sidan eg tok han inn frå bakporten, sikkert frosen og bleik inntylla i eit tøystykke, eg visste ikkje, han var lagt i ei enkel kiste. Eg gjekk gjennom sovesalen og bort til senga mi, men heller ikkje no fekk eg sove, den vesle guten kunne livne til att, Flori var han som brukte seie at no var den og den klar for jorda, og det var berre til å finne spaden, Flori bestemde alle store ting. Eg var han som gjorde det eg fekk beskjed om, men så lenge Flori berre ville skrive, velta all tyngd på meg. Eg snudde meg og såg ut vindauget. Austhimmelen opna seg, og bak det tunge mørkret rørde dagen på seg, om ikkje lenge glei solskiva opp bak dei fjerne fjella og 10


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 11

skein inn glaset, i ei stripe først over dei nÌraste sengene, sü lenger inn i sovesalen og vekte oss alle.

11


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 12

Knapt var eg begynt å drøyme før tårnklokka slo og dei andre stod opp og tok på seg kjortlane og sandalane, harka og kremta natta ut av kroppen. Eg strekte meg og vakna til ny dag saman med dei andre, eg harka og kremta og kjende den rå morgonlufta når det vart opning mellom pleddet og senga. Gjin og Kol hadde senger like ved, dei sa ikkje eit einaste ord, men kledde på seg og forsvann ut av sovesalen saman med dei andre. Helst ønskte eg å ligge til dei henta meg, bad og bad om eg ikkje kunne kome og vere saman med dei, men eg flaksa ut av senga og heiv på meg kjortelen, køyrde føtene inn i sandalane, eg ville ikkje vere aleine att i salen, endå så trøtt eg var. Eg greip stokken og trakka etter, dei andre var raskare i trappene, eg heldt på å tippe framover, men fekk grep rundt rekkverket. Gjin og Kol snudde seg for å sjå kva dette plutselege bykset var. Nede i freskegangen, utanfor den opne døra mot svalgangen, var demringslyset. Eg trekte luft djupt ned i lungene og følgde etter dei andre bort til døra og inn i det stinkande rommet. Berre det inste holet var ledig, eg likte ikkje å sitte heilt inne i kroken, men klarte heller ikkje vente, det var vanskeleg å kome seg forbi Gjin og Kol, som alt satt på sine hòl og prata med to andre, var smalt mellom alle dei spisse knea og murveggen, men snart klaska og sutla det også under meg. 12


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 13

Andre kom og gjekk, mens eg vart sittande, her på det inste holet var eg ikkje i vegen for nokon og kunne vakendrøyme. Eg var for lengst ferdig, men først då alle hadde vore innom og eg satt aleine att, greip eg stokken og reiste meg. Eg stega ut i svalgangen, følgde han til endes og inn i hallen mot døra til gardsrommet, ho stod open og eg kom ut, kvilte på stokken og myste, låg morgonsol mellom kvite skyer, kantane brann raudt, i hagen måtte den gamle vivendelen ha same epleskalskinet over seg, haustsymre og toreraster glør i morgonstunda, lyset låg på den høge og ru klosterveggen, lys kjem for å trøyste. – Du blir for sein, sa Gjin i den høge døra og vinka, eg trudde ikkje milde fanst i slike store hender. Eg gjekk inn. Sola strålte inn dei øvste glasa i koret, la seg på dei glatte issane alt samla i morgonbøn, eg knelte på plassen min og kjende lyset på eigen isse, ei varm hand breidde seg utover hovudet. Den gamle abbeden messa frå alteret, messa fram ord som verna og vakta, heldt verk langt borte, eg folda hendene og lyset kom sterkare, eg mumla om å ikkje høyre fleire lydar frå kjellaren, lydar som heldt meg vaken, eg folda hendene hardt, måtte Flori kome tilbake frå tårnet, var eit slit å vere aleine, eit ork å ta hagen aleine, måtte alt 13


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 14

bli slik det brukte å vere, lange, svevnfulle netter, måtte Flori kome snart tilbake og ikkje berre sitte og skrive av tjukke bøker, men kome til meg og gjere arbeidet sitt som gartnar. Å skrive var for langsame vinterdagar. Abbeden stod ved alteret og såg ned på oss, ei mager, vaktande ørn, eg gjorde som eg var i bøn, men klarte ikkje vere lenge i ein tanke, ei regle eller ei vending, urolege tankar skar heile tida inn og skubba fine til sida, tankar eg helst ikkje ville tenke. På teikn frå abbeden reiste eg meg opp i lyset som skrådde inn dei øvste glasa, ein høg og klar song kom ut munnen min, eg song utan å måtte tenke ord og tone, stemma var rein og klar kvar einaste gong, eg var versa, og korgutane heilt framme var koret. Eg song for dei andre, song for korgutane, song for abbeden, song lydane om nettene bort, song for epla, song for Flori i tårnet, song for blomane, song for fuglane, song for alt eg var, og alt eg hadde vore, alt eg ein dag igjen skulle vere, å, eg song for meg. Songen stilna, og eg kjende meg tryggare, det fanst ein plass for meg på jorda, i klosteret og i hagen blant trea, og det fanst ein plass for meg høgt over dei glød ande skyrandene når dagen kom og eg ein bortfaren var. Eg såg ut dei høge vindauga, var dei bortfarne verkeleg der oppe ein stad, og var det alltid lyst der dei var, eller måtte dei også skilje dag frå natt. Abbeden såg kort på meg, også denne dagen rørde songen han, og endå dagen knapt var komen i gang, gjorde eg det fint for andre. Kvar og ein lengta etter stemma mi, sjølv ikkje dei unge korgutane kom så høgt 14


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 15

som meg, slik eg song til kvar messe, og ei lita stund viska songen ut alt som gjekk i bratte bakkar og slitsamt lende. Men snart vintra alt inn, og vintrane var så kalde at eg alltid såg fram mot dagsmilda, til vatnet begynte å leve i åssidene og rann utfor dei bratte fjellveggane, dei første spirene slo seg opp gjennom dei siste restane av tele, ofte staudane på gravene, som fekk næring frå dei som låg under bakken og varma jorda og besøkte oss som enno var her, kom hit som lauv, blomar, ein stengel. I dag høyrde eg ikkje kva abbeden forkynte, endå eg prøvde å sjå orda for meg i tankane, alt eg klarte, var å skotte ut, morgonen var vakker, og eg var i den klare lufta, varma av sid kjortel og lêrsandalar, om berre hausten gav blomane mine fleire milde dagar. Enno litt tid før vinteren kom og la kvitt dekke over blomar og epletre og busker og graver, enno tid før eg i lågt vinterlys måtte hjelpe dei varaste buskene og trea med snøen, løfte greiner så dei ikkje knakk, dekke bakken så løkar og staudar låg lunt i jorda, å kvile i tele. Enno litt tid før vinteren kom og la kvitt dekke over menneske eg og Flori hadde spadd graver for i åra som var komne og gått.

15


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 16

Regnet klistrar kjortelen mot Flori og viser valkane på den runde kroppen hans, dei dissar kvar gong han svingar slegga og driv ein staur ned i jorda. Eg står med ein ny staur som stokk, står og ser på Flori, han verkar sint kvar gong han svingar slegga, men så snart stauren står djupt nok og slegga kviler, mildnar han. Han peiker kor neste staur skal stå, og eg løftar han opp og kyler den tilkvesste enden ned i bakken, ruggar han att og fram, løftar og kyler han endå ein gong. Det surklar etter alt regnet. Eg held midt på stauren mens Flori tar dei første sleggeslaga, bommar han no, knekk armar og hender, men Flori bommar aldri. Det ristar i meg kvar gong han slår, ristar lett i marka kvar gong eg trekker meg nokre steg unna og ser på mens han driv stauren langt nok ned. Eg ser utover regnet, det er alt ei lang rekke med gjerdestaurar, og fleire ventar i stabelen.

16


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 17

– Dette til Flori, sa kjøkkenguten og la brød og pølser vikla inn i eit kvitt tørkle på bordet framfor meg. Som lekbror var det mi plikt å bringe mat og rein skitbøtte. Eg åt ferdig, greip stokken og henta ei bøtte frå skyljerommet, eg la maten oppi. Eg gjekk søylegangen mot tårntrappene. Kol og Isa stod ved det gamle soluret og prata lågt, og då eg gjekk forbi, vart dei stille og såg på meg. Eg såg på sandalane mine mens eg trakka av garde, men ansiktsskuggane deira oppetter veggen strekte seg etter, og tungeskuggane visla raskt. Eg snudde det friske øyret mot dei, men fekk likevel ikkje med meg alt dei sa. – Han skal vel til Flori, sa ei stemme. Ei lita stund gjekk eg utan stokk og bar bøtta med ei hand og støtta meg med den andre, tårntrappa var bratt og tok til å gå i vindel opp eit trongt rom. Eg sette meg ned ved eit av dei små vindauga, utsyn mot dalføret mellom dei skogkledde høgdedraga som seinare gjekk over i høge og takkete fjell, skyer på himmelen og mildt lys på klosteret, teglsteinen på taka raud, matt, størstedelen av hagen framleis i skugge, flimmer i dei høge ospene, hausten sette seg stadig meir, stær flokka seg på åkrane utanfor klostermuren, morgontåke steig frå den bratte og djupe elvedalen på nedsida av klosterhagen, steig i tynn dis frå den breie elva, som sett herfrå var ei lang, buktande åre, blenk på breddane, og raudt skein lyset mot øvste tind, framleis vunden inn i skodde. 17


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 18

På vegen utanfor klostermuren såg eg ei jente, ho gjekk att og fram og leita kanskje etter nokon, men det var sjeldan jenter gjekk på utsida av muren på eiga hand, og sjeldan eg såg dei. Tårntrappa var krevjande, og eg drog meg like mykje på knea som på føtene, den mindre og hengslete foten fann vanskeleg feste i dei små trinna og glapp på kantane og vrei og verkte. Oppe sette eg frå meg bøtta og tørka støv og sand av kjortelen, børsta hendene mot nedste del av ullstoffet, tok maten ut av bøtta og banka på døra til tårnrommet. To harde bank. Ingen ord, ingen knirk. Eg la handa på dørklinka og opna, sola kom rett på og blenda. Tårnvindauga vende mot kvar himmelretning, og framfor det vestvende glaset stod stolen og skrivebordet, bunken med skrivne ark voks for kvar dag, pennen låg på ei halvskriven side, og på senga i andre enden av rommet satt den runde kroppen til Flori bøygd, han kvilte olbogane på knea og rugga svakt, auga stirde rett fram. Det lukta surt i rommet av nedrøykt kjortel og beisk ande. Men eg ville ikkje spørje om han hadde vore i Bovara igjen, eg visste godt kva han gjorde i landsbyen om natta. Eg bar nista bort til skrivebordet, Flori såg framleis rett fram, eg vrikka litt på meg og opna det kvite tørkleet og la brødet og pølsene for seg. Det tunge hovudet hans løfta seg. – Kva har eg sagt om mat på skrivebordet? Eg skriv og skriv, og du bryr deg ikkje om arka mine. Eg pusta tungt, ark var då ark, men eg vikla brødet og 18


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 19

pølsene inn att, bar maten gjennom rommet og la det på nattbordet. – Et, Flori, sa eg, men han var alt sur fordi eg gløymde meg. Eit bord var då eit bord enten ein skreiv eller åt, men han vart rasande for ingenting etter han valde å halde hus i tårnet og ikkje vere i anna enn skriving og ikkje ha noko med hagen og oss andre å gjere. Han satt krumrygga og stura. – Du treng å få i deg mat, sa eg, sjølv om han var like rund som alltid. Ingen kroppar likte å måtte ete på seg sjølv. I det siste var det ikkje mykje Flori hadde fått i seg, han som til vanleg åt og drakk så mykje. Han glodde rett fram, kroppen pusta, den gode, varme pusten, den mjuke magen, dei runde hendene. Sakna dei anna enn pennen, sakna dei slegga, sakna dei blomane, sakna dei jorda og sakna dei spaden, dei sakna vel meg. – Flori, sa eg, det er tungt i hagen utan deg, tenkte eg, eg veit ikkje korleis eg skal gjere alt aleine, eg pusta og sa lågt: – Det kom ein unge frå landsbyen i førgårs, eg veit ikkje kva eg skal gjere. Flori tok litt brød og begynte å tygge. – Er det liv i han? – Nei, men … – Då spar du han ned. Du har gjort det før. Eg gjekk bort til skrivebordet og såg ut vindauget. – Sjå kor fint det er ute. Alt det fine ventar på deg, sa eg. – Gjin og Kol spør ofte etter deg. Eg la ansiktet mitt i hendene og kikka ut den solblenkande ruta, på himmelen eit grågåstrekk på kanskje over hundre fuglar. Eg la hendene ned langs sida og snudde meg mot Flori. 19


Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 20

Munnen hans togg slapt. Eg visste ikkje meir å seie, slo berre ut med armane og sa namnet hans, ikkje det same å vere i hagen utan Flori, ikkje det same å synge morgon og kveld utan han, ikkje det same å legge seg om kvelden og sjå senga stå tom i sovesalen. – Abbeden er berre glad til for at eg skriv av. Denne boka er verdifull for klosteret. Og hagen er du snart den einaste som bryr seg om, likevel. Eg likte ikkje at han sa slikt, men ville ikkje seie han imot, eg stilte meg framfor han og la handa på skuldra hans, han slo henne bort, eg la handa på skuldra hans, han slo henne ikkje bort. Eg strauk på skuldra, den foldete og stikkande halsen, han brydde seg ikkje om hår som voks, brydde seg ikkje om noko som helst lenger, berre han fekk skrive om dagen og gå til landsbyen om natta. Men han likte å kjenne handa mi stryke valkane hans, så lenge han ikkje skreiv eller las. Eg kviskra namnet hans, han kviskra ikkje mitt tilbake, men han la handa si på mi. – Men eg treng deg i hagen, sa eg. – Eg har viktigare ting å gjere. – Du bruker å skrive om vinteren. – Tøm skitbøtta, Frrok, eg må skrive. Eg fortsette å stryke foldane hans, kjende varmen og lukta frå dei uvaska kroppsdelane, likevel kjendest han langt borte, han var alt gått frå meg, og eg kunne like gjerne sjølv gått til landsbyen og stroke på ein ukjend mann. Eg lirka handa ned i kjortellomma hans, han merka ingenting, eg drog opp ei hårklemme og stakk henne ned i mi eiga lomme. 20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.