Bovara

Page 9

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd

08-06-12

11:28

Side 10

arbeidet mitt i hagen. Eg og Flori hadde grisla i kjellaren frå eg kom hit, eg var berre eit stort barn då eg kom. I enden såg eg døra ut til hagen, halvvegs gøymd av tettvaksen og alltidgrøn vivendel på utsida, og berre seint om ettermiddagen slapp lysstrålar inn mellom dei korsstilte stengene over døra. For å ikkje kome for brått på lista eg meg sakte inn i reiskapsbua, og stansa framfor ei smal dør. Inne i den vindaugslause koven sette eg løk når liljene var visna av, eller anna vart vinteren kunne knekke. Reiskapane stod slik eg sette dei i går kveld, ein spade, ei rive, ein staur stod lente mot døra. Ingenting var endra sidan eg var her etter aftansong. Eg la handa på dørklinka, kjølig av natta, men eg fekk meg ikkje til å opne. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, men eg høyrde ingen gråt, ingen jammer, frå innsida. Berre grashoppene filte utanfor, stadig svakare i kjølda. Tilbakevegen var framleis lyst opp av månen. Dum var eg som trudde lydar skulle kome frå koven. Den vesle hadde ikkje rørt seg sidan eg tok han inn frå bakporten, sikkert frosen og bleik inntylla i eit tøystykke, eg visste ikkje, han var lagt i ei enkel kiste. Eg gjekk gjennom sovesalen og bort til senga mi, men heller ikkje no fekk eg sove, den vesle guten kunne livne til att, Flori var han som brukte seie at no var den og den klar for jorda, og det var berre til å finne spaden, Flori bestemde alle store ting. Eg var han som gjorde det eg fekk beskjed om, men så lenge Flori berre ville skrive, velta all tyngd på meg. Eg snudde meg og såg ut vindauget. Austhimmelen opna seg, og bak det tunge mørkret rørde dagen på seg, om ikkje lenge glei solskiva opp bak dei fjerne fjella og 10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.