Armenia, Albania, Argentina

Page 16

Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 17

Så bra, seier ho. Då må det kjennast godt å vere i den første kristne staten. Er det vanskeleg å vere kristen i Iran? spør eg. Ikkje i det heile, seier ho. Men alt er ikkje så bra som her. Det er difor eg gjerne vil flytte hit. Elles er alt greitt. Eg ber eit ungt iransk ektepar som også er med på turen, om å ta bilete av oss framfor ein gammal kross. Det skal bli betre hos oss også snart, seier dei. Det er berre eit spørsmål om tid. Veit du noko om landet vårt? Vi høyrer om det på radio og på fjernsyn, seier eg. Verkeleg? Kvinna får tårer i auga: Så godt at nokon veit om oss! Det kjem snart til å bli betre. Om Gud vil. Vi et lunsj i Dilijan. Huset vi et i, er eit privat husvære. Bordet er dekt til oss når vi kjem: yoghurt og brød, kjøtbollar og grønsaker. Iranarane skålar ivrig i vinen som blir servert. Nokre russisktalande frå Krim med armenske anar prøver å snakke armensk. Forfedrane deira kom til svartehavskysten på trettitalet, språket har vore lite nytta, men somme ord og vendingar heng enno igjen. Og no har dei unge byrja lære det! Ein tyskar frå Berlin er i heimlandet til kona for første gong, han bur hos familien til kona i utkanten av byen, i det området eg køyrde gjennom då eg tidleg om morgonen kom inn frå flyplassen for nokre dagar sidan. Det er umuleg å finne fram der utan kjentfolk, seier han, men for ein mat! Så har nokon sett på musikk. Og brått har vi reist oss og lèt musikken føre oss av stad. Berrhovda og lykkelege dansar vi saman. Hand på skulder, fot inntil fot, smilande i rekke bevegar vi oss rundt i rommet, rundt bordet, 17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.