Armenia, Albania, Argentina

Page 11

Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 12

Jerevan, Armenia Kvelden er mild, til å gå sakte i gatene. Tidlegare på dagen har det regna kraftig, men no har det klarna. Kelnerane har tørka væte av stolane og borda, folk set seg og samtaler vennleg, bestiller noko å drikke. I gatene blir vatnet borte frå asfalten. Berre her og der sølepyttar. Vatnet har trengt inn i skorne mine. Men om det ikkje byrjar regne igjen, vil dei tørke. Den eine skoen min er utsliten. Mellom stortåa og neste tå har lêret gått i stykker. Eg kjenner ikkje språket her, ikkje ordet for sko, heller ikkje for skomakar eller reparering. Best berre å peike og finne seg nytt skotøy, men først få ut nokre fleire setlar i ein minibank. På den store plassen midt i byen er ei fontene. Frå eit musikkanlegg tilknytt fontena strøymer utdrag av kjende musikkverk, her lett populariserte. Under vatnet lamper. Vatnet i fontena ser ut til å endre farge etter som musikken skiftar. Rosa, grønt, gult. Blått. Også styrken på vatnet forandrar seg. Energisk, roleg. Ein adagio som må vere Mozart. Vivaldis sommar. Dovregubbens hall. Rundt fontena glir folk i små grupper, somme i prat, somme med blikket festa på vatnet som sprutar, på sitt vis i takt med musikken. 12


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.