Ø

Page 1





Thor Magnus Tangerås

Ø Dikt

S a m l aget Os l o 20 2 2


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Oms l ag : Laila Mjøs Fø rt r y k k : Magnus Osnes S k r i f t : Garamond Premier Pro Pap i r : 100 g Munken Premium Cream T r y k k er i : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden I S BN 978-82-340-0654-8

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Til Helene



nynn om Ø og Øyvor sull om snøen som fell, ordmor snøen som fall over kyrkjegarden på Avaldsnes dryssande den andre i andre då Øyvor, det fyrste barnet til systera mi, vart gravlagd             snøen som la seg på gravsteinar, frakkar og kåper, på kinn og kiste på augelok og panner, han fylte nesten hòlet – me hugsar det så nyst og klårt, det er like lenge sidan nå som talet på åra ho fekk – ikkje meir enn åtte, men åtte meir enn legane spådde – ei forskuva avferd, eit attendekalla liv og ein ferel mellom is og eld som må trøast og merkast



I



det snør på den gråe steinkyrkja det snør på vesttårnet og Jomfru Marias synål det snør på kyrkjeklokkene og lansettvindaugas smale bogar, det snør mellom minneorda og salme 489 det snør på familie, vener, pleiarar og døde mellom gravhòl og jordhaugar blott eit snøfjom om gongen

11


kjenn at det snør florlett over glabella nasen med plastslangen i dei tindrande tinningane dei grasiøse augevippene filtrum kinna og leppene haka og halsen akselblada og kragebeinet lunulaene naglesengene og fingrane anklane og hælane fotblada og tærne vagusnerven i mageregionen innhòla ribbein og det vidopne hjartet kjenn at det snør sørgjeflorlett

12


du umistelege du kistelagde alabastpanna gjennomskin kvisthòlet i kisteog augelok

13


ferdig nå til overferd tre døgn etter døden ferdig nå til overferd etter forskuva avferd ferdig til å legga deg i denne kvite kassen å senda deg av garde i dette vesle fartøyet utan ein ferjemann eller følgjefarkostar å skuva deg frå land føreferda livrivande

14


det mørkeraude i det kvite i auga eit aude mørker i den kvite sorga

15


det har slutta å snø eg ser utover markene bortanfor kyrkjegarden og gravhaugane frå vikingtida forhøgningane kvelvar som frosne dønningar over underjordiske skrogrestar eg ser vidare utover sundet der supertankarane ligg i opplag oransje og rustraude kolossar utan last, sett ut for å døy fortøyingane deira kan så vidt skimtast inst i vågen tynne svarte band som held dei fast til land og himmelleite mens dei kan henda ventar på ein kongeleg skapning å følgja ned i underverda med tunge trosser slepande etter seg, for å avløysa langskipa som vart jordfesta i fortida og sidan øydelagde av plog eller hærverk, for å bera fram ei ny tidealde –

16


det har slutta å snø eg byrjar gå over jorda eg følgjer dei bølgjande markene ned til sjøen, det er i ferd med å flø

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.