5
frå CAPPELEN DAMM
Elevbok
Frøya Elisabeth Astrup
Tina Tofte
© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2023
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av føresegnene i åndsverklova. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate i den utstrekning det er heimla i lov eller tillate gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk.
Utnytting i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
Samfunnsfag 5 frå Cappelen Damm er laga til LK20, fagfornyinga, i faget samfunnsfag og er til bruk på barnetrinnet i grunnskulen.
Omsetjing til nynorsk: Totaltekst ved Hilde Strømsnes
Illustrasjonar: Marthe Strand Mourier
Design og sats: Bøk Oslo AS
Omslagsillustrasjon: Marthe Strand Mourier
Omslagsdesign: Tank Design AS / Cappelen Damm AS
Forlagsredaktørar: Frøya Elisabeth Astrup og Tina Tofte
Biletredaktørar: Frøya Elisabeth Astrup og Tina Tofte
Repro: Narayana Press
Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia, 2023
ISBN 978-82-02-80629-3
Utgåve 1
Opplag 1
www.cdu.no
www.laerer.cdu.no
www.skolen.cdu.no
1 Kva er samfunnsfag?
Samfunnsfag handlar om samfunn som har vore, samfunn som er no, og korleis vi trur ulike samfunn blir i framtida. I samfunnsfag får du lære om korleis geografi og historie heng saman og påverkar det som skjer i samfunnet no og i framtida.
Måten samfunnet vårt er på no, heng saman med hendingar i fortida. Og det som skjer i samfunnet i dag, vil påverke det som skjer i framtida.
Å finne ut noko om fortida er nesten som å vere ein etterforskar som samlar spor. Spora kan vi bruke til å pusle saman eit bilete av det som har skjedd før vår tid. Spora frå fortida kallar vi kjelder. Kjeldene gir oss kunnskap om ulike samfunn og om korleis samfunna har endra seg gjennom tusenvis av år.
LÆR OM
G samfunn før og no
G kva ei kjelde kan fortelje samfunnsendringar
Kva er eit samfunn?
Eit samfunn er ei gruppe menneske som lever saman over lengre tid. Menneska i eit samfunn deler ofte kultur, tradisjonar og interesser. Vi menneske treng kvarandre for å overleve og ha det bra. Derfor har menneske levd saman i ulike samfunn i tusenvis av år.
Det er vi menneske som endrar samfunnet. Nokre gonger skjer endringane sakte og over lang tid. Andre gonger skjer endringane veldig raskt.
Det norske samfunnet har endra seg frå å vere eit jeger- og sankarsamfunn til å bli eit avansert industri- og teknologisamfunn.
Skriv
Kva er eit samfunn?
Kvifor dannar menneske samfunn?
Kva er kultur?
kultur – måten vi er, tenkjer og snakkar saman på
Samfunn før oss
Jeger- og sankarsamfunnet
I steinalderen var menneska jegerar og sankarar. For å skaffe seg
stad, alt etter kvar dei fann mat.
Industrisamfunnet
Etter kvart overtok maskiner og teknologi det meste av arbeidet som tidlegare blei gjort for hand. Traktoren erstatta til dømes kraft frå både menneske
å bli eit industrisamfunn.
Ein del av samfunnet
Du er ein del av små og store samfunn. Familien din, klassen din og skulen din er døme på små samfunn som du er ein del av. Kanskje er du ein del
Kva slags samfunn kan desse barna vere ein del av?
Det aller største samfunnet du er ein del av, er verdssamfunnet.
Vi treng ikkje gjere alt arbeidet sjølv når vi er ein del av eit samfunn. Viktige oppgåver kan fordelast slik at alle har ansvar for noko, men ingen har ansvar for alt.
Skriv
Kva for samfunn er du ein del av?
Kvifor er det viktig å vere ein del av eit samfunn?
Reglar
Alle samfunn treng reglar for å fungere og for at dei som er med i samfunnet, skal ha det bra. Reglane fortel kva som er forventa av medlemmene i samfunnet.
Nokre reglar er skrivne ned, slik som Noregs lover. Det er ei samling reglar som gjeld for alle i det norske samfunnet.
Det å seie «takk for hjelpa» eller halde døra open for nokon er døme på normer.
Noregs lover er samla i ei stor, raud bok.
Leitekryss
Noreg familie skule bygd by klubb land stad lag foreining tettstad klasse samfunn kommune
Fann du fleire ord? Skriv dei her.
Samisk og norsk, samtidig
og samar. Dei er ein del av både det norske og det samiske samfunnet.
kulturen til felles. Men det samiske samfunnet er like mangfaldig snakkar ulike språk og bur spreidd over heile landet.
Både samar og andre treng å vere ein del av ulike samfunn.
og vi kan samarbeide.
Samane som bur i Noreg, er både samiske og norske.
Set kryss
Det bur samar i Noreg, Sverige og Tyskland.
Samane er eit urfolk.
Samane i Noreg er norske.
Samisk er eigentleg fleire ulike språk.
Det bur samar i heile Noreg.
Berre samar treng å vere ein del av eit samfunn.
Dei som er med i eit samfunn, kan samarbeide.
urfolk – folkegruppe som busette seg i eit område før det var fastlagt landegrenser
samfunn
samfunna ikkje passar med kvarandre. for både barn og vaksne. Då må ein bli kjend med kjem til. For somme er det enkelt å tilpasse seg eit fordi det tek tid å forstå og bli kjend med kulturen
ulike språk, kulturar og tradisjonar.
Kvifor kan det vere sånn, trur du?
Skriv
Kva for språk kan du? Skriv i snakkeboblene.
Noreg før oss
For 25000 år sidan var heile Noreg dekt av ein diger isbre. Først då isen smelta for om lag 11500 år sidan, kunne dei første menneska busetje seg her.
9200f.Kr.til
Menneska i steinalderen laga reiskapar av stein, bein og tre. Menneska budde ikkje nokon fast stad, men levde som nomadar. Dei jakta, fiska og sanka mat i naturen.
Moderne tid
1536til
Perioden tidleg moderne tid blir òg kalla dansketida fordi Noreg blei styrt av Danmark. Utvinning av metall var framleis ei viktig inntekt for mange, men Noreg selde òg mykje tømmer til utlandet. Kongsberg blei ein av dei største og rikaste byane i Noreg då det blei funne sølv i fjellet der.
Notid
1814til2000
Noreg blei ein eigen stat som delte konge med Sverige. Først i 1905 blei Noreg eit heilt eige land, med ein eigen konge. Jordbruket blei modernisert med maskiner som hjelpte bøndene. Mange menneske flytta inn til byane. Der arbeidde ein del av dei på fabrikkar.
f.Kr. – før Kristus. Det betyr før år 0. e.Kr. –etter Kristus. Det betyr etter år 0.
2000til?
Vi som lever no, lever i notida. Dei fleste som bur i Noreg i dag, bur i ein by eller på ein tettstad. Somme er framleis bønder, men dei aller fleste har eit anna yrke. Kva trur du menneske som lever om 50 eller 500 år, vil kalle perioden vi lever i?
Bronsealder
1750f.Kr.til500f.Kr.
I bronsealderen lærte menneska å lage metallet bronse. Bronse blei brukt til å lage reiskapar, våpen og smykke. Menneska byrja å dyrke jorda. Mange blei bufaste bønder, men dei fleste samane levde framleis som nomadar.
til1050e.Kr.
I jernalderen lærte menneska seg å vinne ut metallet jern frå jorda. Smeden laga reiskapar, verktøy, smykke og våpen av jern. Jern tolte meir enn bronse, og det var lettare å få tak i. Gardane blei større og jordbruket meir avansert.
til1536
I mellomalderen blei Noreg eit kristent land. Dei fleste menneska var framleis bønder og budde på bygda. Dei første byane vaks fram der folk møttest for å kjøpe og selje varer. Svartedauden tok livet av omtrent halvparten av dei som budde i landet vårt.
Skriv
Skriv inn årstala som manglar.
Skriv nummer
800til1050
I vikingtida budde ofte fleire familiar saman på store gardar. Sjølv om dei fleste var bønder, var somme vikingar. Vikingane segla med store skip til andre land. Dei handla, røva og plyndra. Med seg heim hadde dei både skattar og slavar.
Skriv nummer framfor dei ulike periodane, slik at dei kjem i rett rekkjefølgje.
Korleis kan vi vite?
er kjelder som kan fortelje oss korleis det var før i tida.
Arkeologiske kjelder
jernalderen kan fortelje oss om korleis menneska arbeidde, korleis dei skaffa og laga mat, eller korleis dei kledde seg. Tinga er arkeologiske
skjelettrestar er òg arkeologiske kjelder. Arkeologiske funn frå tida før menneska kunne lese og skrive, er spesielt viktige.
Skriftlege kjelder
Ei skriftleg kjelde er noko som er skrive ned. Ei skriftleg kjelde kan til dømes vere ei bok, eit brev eller ei avis.
Runer er dei eldste skriftteikna vi kjenner til i Noreg. Men runene eigna seg ikkje for å skrive lange tekstar. Derfor har vi få skriftlege kjelder frå før
bokstavane som vi brukar i dag.
Ei av dei viktigaste skriftlege kjeldene frå mellomalderen er boka Heimskringla. Ho handlar om kongane i Noreg i vikingtida og mellomalderen.
Dette sverdet blei funne i Luster på Vestlandet. Sverdet er frå jernalderen.
Snorre Sturlason samla forteljingar om norske kongar i boka Heimskringla. Denne utgåva er frå 1871.
arkeolog – ein som leitar etter gamle ting og spor som kan fortelje oss noko om fortida
Munnlege kjelder
Ei munnleg kjelde blir til ved ein samtale mellom to
med ein som har levd lenger enn deg, kan hen fortelje deg om ei fortid som du ikkje kjenner til.
Då blir det mennesket du har snakka med, ei kjelde. til dømes mange munnlege kjelder då han skreiv boka Heimskringla
Tenk at det du seier og meiner, kan vere ei kjelde for menneske som lever lenge etter deg.
Skriv
Skriv ord som passar i teksten.
Tida som har vore før oss, kallar vi . Du lever
i . Det finst ulike
fortida
som kan gi oss kunnskap om korleis levde
før. funn kan fortelje oss om livet før
mellomalderen. er ei viktig skriftleg kjelde
frå . Ho handlar om i Noreg.
Ei dagbok eller eit brev er òg ei kjelde.
Set kryss
Heimskringla er ein matrett frå bronsealderen.
Fortida ligg framfor oss.
Ein gammal mynt kan vere ei kjelde.
Kjeldene kan fortelje sanninga om fortida.
Runer er dei yngste skriftteikna vi kjenner til i Noreg.
kjelder
notida
menneska
arkeologiske
skriftleg
fortida
Heimskringla
mellomalderen
kongane
santusant
Kjeldene fortel
med korleis det er i dag. Du kan seie noko om kva som har endra seg. Kjelder til kunnskap om fortida kan
Steinalderen
Pilspissar, øksar og knivar av stein fortel oss at menneska jakta på dyr i steinalderen.
Desse pilspissane blei funne ved Farsund sør i Noreg. Arkeologar trur pilspissane blei laga i steinalderen. Kvar kan det ha blitt av skafta, trur du?
Siste istid
Isen som dekte landet vårt, laga spor i fjellet då han smelta. Jettegrytene blei til då store steinar snurra rundt i smeltevatnet under isen og slipte seg ned i fjellet. Ordet jette betyr «troll». Enkelte meinte kanskje at spora i fjellet likna trollgryter?
Himmelen speglar seg i vatnet i denne jettegryta på Hvaler.
Tidleg moderne tid Noreg fekk sitt første trykkjeri på 1600-talet. Samtidig lærte fleire nordmenn seg å lese og skrive. Derfor har vi mange skriftlege kjelder frå og med denne perioden.
I denne boka står Noregs lover. Boka blei trykt i 1687.
Moderne tid
Det finst mange ulike kjelder frå moderne tid. Dei første norske avisene kom på 1700-talet. Gamle aviser kan fortelje oss kva folk var opptekne av, og kva som hende i verda då avisene kom ut. Både fotoapparatet, radioen og tv-en blei funne opp i moderne tid.
Den første norske radioen blei laga i 1920. Dei første orda nokon sa i radioen, var: Hallo, hallo!
Notid Internett kan gi oss informasjon om omtrent alt mogleg. Vi som brukar internett, etterlèt oss spor som folk i framtida kanskje vil utforske. Men vi brukar framleis reiskapar, verktøy, smykke og våpen òg, akkurat som dei første menneska i Noreg gjorde. Derfor kan arkeologar om tusen år finne restar av reiskapar eller smykke og datere dei til vår tid.
Bronsealderen
Smykke av bronse kan fortelje oss at menneska likte å pynte seg i bronsealderen. Kanskje fortel våpenfunna frå perioden at menneska kriga med kvarandre òg?
Denne armringen av bronse blei funnen i Niløse i Danmark. Arkeologar meiner det blei laga i bronsealderen.
Jernalderen
Menneska lærte seg å vinne ut jern frå jorda. Av jern kunne smeden lage reiskapar, verktøy og våpen. Jern tolte meir enn bronse, og det var lettare å få tak i. I løpet av jernalderen blei runene, dei eldste skriftteikna vi kjenner til i Noreg, tekne i bruk.
Desse runene er funne i ei kyrkje i Istanbul. Arkeologar trur nokon reiste heilt frå Noreg og rissa inn teksten: Halvdan rissa desse runene.
Mellomalderen
Både arkeologiske funn og skriftlege kjelder kan fortelje oss om mellomalderen i Noreg.
Dette møllespelet blei funne i Oslo. Arkeologar meiner det blei laga i mellomalderen. Spelebrettet er mindre enn liknande brett som er funne. Kanskje akkurat dette spelebrettet var laga for å ta med seg på reise?
Set strek
Set strek mellom det som høyrer saman.
spor i naturen Heimskringla
skriftleg kjelde runer
Vikingtida
Vikingane var sjøfararar og handelsmenn, men òg krigarar og oppdagingsreisande. På bilete har vikingar ofte rustning, sverd og hjelm med horn. Men kva i all verda skulle dei bruke horna til? Arkeologar har funne restar etter tre hjelmar frå vikingtida i heile Skandinavia. Ingen av dei har horn.
Dette er den best bevarte vikinghjelmen i verda. Han blei funnen ved Hønefoss.
mølle stad i Danmark
Niløse kjelde vi kan lese i
kjelde vi kan lytte til jettegryte viking spel
tidlegaste skriftteikn radio
avis sjøfarar
Svingerudsteinen
Dei fann seks gamle graver. I ei av gravene låg det ein stein
Arkeologar trur at runene på Svingerudsteinen blei rissa for om lag 2000 år sidan.
Det vil seie at han er den eldste runesteinen i verda! Kristel Zilmer er – Kanskje er det nokon som har øvd seg litt på å skrive runer på akkurat denne steinen, for det er mange krusedullar og runeliknande teikn der òg. Men eitt ord er vi heilt sikre på: idiberug. Kanskje er det er eit namn, seier Zilmer.
Kristel Zilmer fortel ein annan ting som er spesielt med runeinskripsjonane
Kva er spesielt med Svingerudsteinen?
Kva tidsperiode er Svingerudsteinen frå?
Rekn ut
Dersom runene på Svingerudsteinen blei rissa i år 250, kor lenge er det sidan no?
Tangram Klipp ut brikkene langs linjene. Legg tangrammet ved å setje sidene som høyrer saman, inntil kvarandre. Det er to ulike puslespel som gir deg to ulike figurar, ein oransje og ein blå.
etterEinsomarbeidermedåleite tingfråfortida bleisomSkriftteiknvårtførNoregibrukte alfabet
Detrunenepå kanskjeSvingerudsteinenbleirissamed
JernalderenDen eldste runesteinen i verda
Mange sanningar?
Éi kjelde kan ikkje fortelje heile sanninga om fortida. Jobben til ein arkeolog eller ein historikar er å samle informasjon frå ulike kjelder. Det blir som å setje saman små delar som blir til ei stor forteljing om fortida.
alle slags tema. Men sjølv om internett er ei lett tilgjengeleg til å stole på.
vi alltid undersøkje og samanlikne informasjon frå
•Kven seier det?
•Kven har skrive det?
•Kvifor seier eller skriv dei det?
•Er kjelda til å stole på?
•Presenterer kjelda bevis?
•Kjem kjelda med meiningane sine, eller presenterer kjelda fakta?
Skriv
Kva er meining, og kva er fakta? Skriv M for meining og F for fakta.
Påstand Meiningellerfakta?
Skjelpadder er søte.
Noreg er eit land i Europa.
Arkeolog er eit yrke.
Svingerudsteinen er den finaste runesteinen i verda.
Ei skriftleg kjelde er noko som er skrive ned.
Heimskringla er den beste kjelda for å lære om norske kongar.
Alle menneske er ein del av verdssamfunnet.
Då éi fjør blei til fem høns
Kva er sant, eigentleg?
Set ring
Kor mange fjører mista høna? femalleéi
Kor mange høner døydde? ingentofem
Kven fortalde att akkurat det dei hadde høyrt? alleuglaingen
Kor mange høner fraus i hel? tretoingen
Skriv
Kva trur du er grunnen til at historia om hønene endra seg for kvar gong ho blei fortald?
Fortel att historia om då éi fjør blei til fem høns.
Samfunnet i framtida
For hundre år sidan var det norske samfunnet ganske
samfunnet ganske sikkert veldig annleis att.
enn det menneska har i dag. Kanskje lever, et og bur dei på heilt andre måtar òg.
Ingen veit heilt sikkert kva som vil skje i framtida.
både spennande og skummelt på éin gong.
intelligens og avanserte robotar ta over
gjer kvardagen vår betre. Andre meiner det motsette. Kva meiner du?
Skriv
Skriv minst tre ting du trur kjem til å skje i samfunnet i framtida.
Framtidsspel
Éin eller fleire spelarar.
Du eller de treng: to terningar og noko å skrive med. Eitt spelebrett til kvar spelar.
Spelet i korte trekk
Målet med spelet er å få eitt kryss i kvar kolonne.
Spelereglar
Trill terningane etter tur om de er fleire spelarar. Terningane avgjer kvar du skal setje kryss. Dersom du får 3 og 5 på terningane, kan du velje mellom å krysse i ruta 3, 5 eller i ruta 5, 3 på spelebrettet.
Får du same tal neste gong du trillar terningane, må du velje ruta du ikkje kryssa ut i førre runde. Dersom du får dei same tala ein tredje gong, må du melde pass og vente til det blir din tur att.
1 Du bur på ein annan planet. Du et gras. Kleda dine er laga av bjørnepels.
2 Du bur i ei hòle. Du et insekt.
3 Du bur på ei aude øy. Du et berre bananar.
4 Du bur i ein ubåt. Du et alt du ser.
5
Du bur i eit telt i ein ørken. Du et berre saltstenger.
6
Du bur i eit svevande hus. Mat har blitt unødvendig.
Skriv Kva fortel framtidsspelet deg?
Kvar skal du bu?
Kva et du?
Du er alltid kledd i rustning.
Det er så varmt. Ingen brukar klede.
Kleda dine er laga av blad og bork.
Du er kledd i klede laga av plast.
Kleda dine er laga av månestøv.
Du jobbar som insektbonde.
Du driv humle–oppdrett.
Du jobbar på ein ubåt.
Du er kokk på eit romskip.
Du jobbar på skipet mellom jorda og månen.
Du jobbar i flyskobutikk.
Du reiser på ferie til jordas indre.
Du reiser på ferie til månen.
Du reiser aldri på ferie.
Du tek svevebussen.
Teleportering er noko alle gjer.
Alle går eller spring dit dei skal.
Du reiser på badeferie til Nordpolen. Du sym alltid dit du skal.
Du drar på ubåtferie.
Du drar dit peparen grodde.
Du brukar flysko for å komme deg fram.
Du har kunstige vengjer.
Kva? Kvar?
Skriv
Bruk kartet på neste side til å svare på spørsmåla.
• Finn (5, 7) på kartet. Her er det funne helleristingar som kanskje er 7000 år gamle. I kva periode blei desse laga?
• I 2017 blei det gjort eit stort bronsefunn i Hegra ved Trondheim. Det blei mellom anna funne over 30 øksar. Kva kartkoordinatar har funnet?
• Koordinatane (1, 3) landar omtrent i ein by som lenge var viktig for eksport av klippfisk. Kva heiter byen?
• Ved Halden, som har kartkoordinatane (2, 1), blei det funne restar av eit vikingskip. Kva blir skipet kalla?
• Finn (2, 2) på kartet. Her blei det funne mange små gullfigurar. Nokre av figurane viser dei norrøne gudane. Kva periode er figurane frå?
• Koordinatane (3, 6) viser ei avisside frå mai 1945. I kva by kom denne avisa ut?
• Koordinatane (1, 2) viser ein bygning det berre er 28 att av i Noreg. Kva slags bygning er det?
• Visste du at reiskapar kan lagast av bein? Skriv koordinatane til funnet som er laga av bein frå reinsdyr.
• Finn (2, 4) på kartet. Kva blei funne her?
Alta: helleristingar frå steinalderen
Tromsø
Hasvik: skeier av bein frå mellomalderen Brønnøysund: spelebrikker frå jernalderen
Kristiansund: klippfiskboks frå moderne tid
Hegra: øksar frå bronsealderen
Narvik: avis frå moderne tid
Borgund: stavkyrkje frå mellomalderen
Hov: gullfigurar frå jernalderen
Halden: Gjellestadskipet frå vikingtida