Samfunnsfag 10 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 1

Liv Bredahl, Erik Dehle, Haakon Larsen, Kristina Quintano, Christian Ranheim, Ingerid Salvesen, Solbjørg Øvretveit SAMFUNNSFAG 10 frå CAPPELEN DAMM GrunnbokNynorsk

Hei, alle elevar i 10. klasse!

handlar om rettar vi har til å opphalde oss i eit land, medan medborgarskap er mykje meir. Medborgarskap er kjensle av tilhøyrsel. Å delta aktivt i samfunnet du lever i, og kunne føle deg som ein fullverdig samfunnsmedlem. Når du brukar ytringsfridommen og stemmeretten din, er du ein aktiv medborgar og bidreg til at demokratiet fungerer.

Også på andre måtar deltek du i samfunnet og påverkar andre menneske: på skulen, i vennegjengen, gjennom sosiale medium, i familien og etter kvart på jobben.

Målet med samfunnsfag er at du skal skaffe deg viktig kunnskap, forstå meir av verda og ønskje å vere ein aktiv medborgar. Men kva tyder Statsborgarskapdet?

De som går i 10. klasse, har allereie opplevd mykje vanskeleg: pandemi, krig i Europa og ei veksande klimakrise. Då er det lett å føle at det ikkje nyttar å påverke, og lett å bli redd, frustrert eller

Eg rår deg til å bruke samfunnsfagboka aktivt. Bruk tekstane, bileta og refleksjonsspørsmåla. Det aller viktigaste er at du leitar etter kva du sjølv meiner. At du finn «di stemme». For å finne ut kva du eigentleg meiner, er diskusjon viktig. Når vi møter motstand, må vi tenkje smartare. Så: Køyr debatt i klasserommet! Med respekt. Lytt. Og lær. Og ta din plass. Eg ønskjer dykk eit varmt og godt «ueinigheitsfellesskap».

ikkje bry seg. Men løysingane for framtida treng definitivt unge, kreative hovud og bankande, engasjerte hjarte. Dessutan må vi hugse: Ingen kan gjere alt. Alle kan gjere noko. Det handlar også om livsmeistring. Når vi føler oss trygge på oss sjølve og våre eigne val, er det lettare å heve stemma si. Å føle eigenverdi og engasjement gir meining i livet – og med livet. Derfor er medborgarskap også viktig for den psykiske helsa vår.

Trude Ringheim samfunnsfaglærar og konsulent for læreboka

KAPITTEL 1 Kritisk tenking 7 Eit spørsmål om skuld 8 Svart-kvitt-tenking 10 Kva er kritisk tenking? 11 Slik blir du ein kritisk tenkjar 14 Svar sakleg! 23 Kvifor er kritisk tenking viktig? 26 Kritisk tenking og samfunnsendring 33 Kritisk tenking – Kort fortalt 41 FORDJUPINGSOPPGÅVER 42 KAPITTEL 2 Gode livsval . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 45 Ein verd full av moglegheiter . . . . . . . . . . . 46 Kva er eit godt liv? . . . . . . . . . . . . . . . . . . 49 Maslows behovspyramide . . . . . . . . . . . . . 50 God helse . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 56 Fellesskap og normer . . . . . . . . . . . . . . . . 60 Rusmiddel . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 64 Dine verdiar, ditt val! . . . . . . . . . . . . . . . . 68 Personleg økonomi . . . . . . . . . . . . . . . . . 72 Gode livsval – Kort fortalt . . . . . . . . . . . . . . 77 FORDJUPINGSOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . . 78 KAPITTEL 3 Verdssamfunnet 81 Den vesle jorda vår 82 Verda i dag 84 Folkeveksten i verda 86 Globalisering 90 Oppdagingsreisene 96 Den nye verda 100 Den transatlantiske slavehandelen 102 Kolonisering av Asia 106 Kampen om Afrika 107 Kva med urfolka? 110 Urfolka i dag 114 Finst det imperialisme i dag? 116 Afrika i dag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 118 Nord–sør . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 119 Likestilling mellom menn og kvinner . . . . . . . 120 Kampen for kvinnerettar . . . . . . . . . . . . . . 122 Fordelar og ulemper ved globalisering . . . . . . 125 Verdssamfunnet – Kort fortalt . . . . . . . . . . 129 FORDJUPINGSOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . 130 KAPITTEL 4 Internasjonalt samarbeid . . . . . . . . . 133 Ei verd i krig? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 134 Internasjonalt fellesskap . . . . . . . . . . . . . . 136 Opprettinga av FN . . . . . . . . . . . . . . . . . 138 Menneskerettar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 145 Krig og konflikt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 162 Utfordringar i det internasjonale samarbeidet . 171 Internasjonalt samarbeid – Kort fortalt . . . . . 173 FORDJUPINGSOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . 174 Innhald

KAPITTEL 5 Maktbalansen i verda 177 Kampen om innverknad og makt 178 Avkoloniseringa 180 Konflikten om Kashmir 182 Midtausten-konflikten 184 Den kalde krigen 186 Folkerepublikken Kina 191 Koreakrigen (1950–1953) 192 Vietnamkrigen (1963–1975) 194 Cubakrisa i 1962 196 Slutten av den kalde krigen 197 Maktbalansen etter den kalde krigen 199 Maktbalansen i verda – Kort fortalt 203 FORDJUPINGSOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . 204 KAPITTEL 6 Ekstremisme og terror . . . . . . . . . . . 207 Ein mørk sommardag . . . . . . . . . . . . . . . . 208 Korleis kunne det skje? . . . . . . . . . . . . . . . 210 Ekstremisme . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 211 Radikalisering . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 212 Konspirasjonsteoriar . . . . . . . . . . . . . . . . 216 22. juli-terroren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 220 Assasinarane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 228 11. september 2001 . . . . . . . . . . . . . . . . . 230 Det «perfekte samfunnet» til nazistane . . . . . 240 Religiøs ekstremisme . . . . . . . . . . . . . . . . 242 Når ord blir til handling . . . . . . . . . . . . . . . 244 Ekstremisme og terror – Kort fortalt . . . . . . . 247 FORDJUPINGSOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . 248 KAPITTEL 7 Berekraftig utvikling 251 Kode raud 252 To moglege framtider 254 Kva tyder berekraftig utvikling? 257 Berekraftsmåla til FN 258 Kva kan vi gjere i Noreg? 272 Kva må verda gjere? 276 Teknologi som velsigning og forbanning 282 Kva kan du gjere? 284 Fleire enn to moglege framtider 286 Berekraftig utvikling – Kort fortalt 289 FORDJUPINGSOPPGÅVER 290 KAPITTEL 8 Utfordringar i framtida . . . . . . . . . . 293 Vår tur til å forme historia . . . . . . . . . . . . . 294 Det grøne skiftet . . . . . . . . . . . . . . . . . . 296 Demokrati og ytringsfridom . . . . . . . . . . . 302 Teknologiske løysingar . . . . . . . . . . . . . . . 308 Internasjonalt samarbeid . . . . . . . . . . . . . . 312 Flyktningkrisa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 315 Fordeling av ressursane . . . . . . . . . . . . . . 316 Ny tid, nye løysingar . . . . . . . . . . . . . . . . 318 PROSJEKTOPPGÅVER . . . . . . . . . . . . . . . 320 Tidslinje . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 322 Kjeldeliste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 324 Biletliste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 325 Register . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 326

7 tenkingkritiskdeepfakes KAPITTEL 1 Av Solbjørg Øvretveit konspirasjonsteoriarkjeldekritikkfalskenyheitermanipuleringgeneraliseringaralgoritmarekkokammerblindsoner HER KAN DU LESE OM • kva kritisk tenking og VAR-dømming i fotball kan ha til felles • kvifor nokre var redde for å kysse i 1980-åra • korleis ein hyggjeleg chatbot blei rasist i løpet av få timar • korleis den største atomkraftulykka i verdshistoria kunne bli halden hemmeleg i fleire dagar • korleis algoritmar har blitt ein trussel mot mangfaldet av meiningar i samfunnet meiningarfakta, fordommarog

8 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Eit spørsmål om skuld

Heile skulen visste kva som var på gang. Ikkje lærarane, sjølvsagt, men alle andre. Noah hadde grua seg for dette lenge, og no var han verkeleg redd. Det hadde begynt med nokre kommentarar på eit bilete som Yasmin hadde lagt ut. Det var ikkje ein «nude» akkurat, men uansett ikkje så smart å leggje ut. Yasmin fortente ikkje å bli «hata på». Særleg Lea skreiv stygt. Rasistisk. Og derfor hadde Noah forsvart Yasmin. Han fekk klar beskjed av vennene til Lea – særleg Jonas – om ikkje å provosere. Det eine tok det andre. Snart var saka heilt ute av kontroll. – Er det greitt om eg dreg heim no? spurde Noah fem minutt før siste time var over. – Greitt, sa læraren. No kunne han kanskje rekke heim før dei andre? Men så snart han var ute av døra, kom dei imot han. Noah prøvde å skubbe Jonas vekk, men Jonas slo – og Noah slo. Hardare og hardare. Og medan dei slo, ropte nokon Jonas! Jonas! taktfast og aggressivt, medan andre heia på Noah.

● ?

Det er forskjell på juridisk skuld (brot på lova) og moralsk skuld (at handlinga er kritikkverdig, men ikkje nødvendigvis straffbar).

Gjengen rundt blei større og større. Snart kom nokre miljøarbeidarar springande og fekk drege dei frå kvarandre. Først då gjekk det opp for Noah kor skadd Jonas var. Nokre hadde filma slåstkampen, som på ein blunk var delt uendeleg mange gonger. Til og med Liam hadde gjort det. Følte han seg pressa, kanskje? Eller truga, til og med?

Kven synest du har mest skuld her – og kvifor?

Noah var uansett skuffa – han og Liam hadde jo vore venner heilt sidan barneskulen. I tillegg kjende han på frykt og uvisse. Politiet hadde allereie kalla han inn til oppfølgingssamtale. Det same skulle Liam og Lea. Og Jonas, sjølvsagt – han måtte berre først bli frisk nok til å bli skriven ut frå sjukehuset.

9KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

● ?

Kven trur du har gjort noko juridisk gale her – Noah, Jonas, Liam, Yasmin og/eller Lea? Kven har gjort noko moralsk gale? Og kven er skuldig både juridisk og moralsk?

• Å dele ein film eller eit bilete utan at den som er avbilda, har godkjent det, er faktisk straffbart.

Historia og oppfølgingsspørsmåla på førre side gir deg ei øving i å tenkje kritisk. Du må vurdere mykje informasjon. Kven er skuldige?

10 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

• Men kva med alle dei som stod på sidelinja og heia under slåstkampen – kan dei straffast for at dei lét vere å gripe inn? I denne historia finn du fleire dilemma som gjer «svart-kvitt-tenking» umogleg. Desse ungdommane gjorde både gode og dårlege val, og derfor blir det ekstra utfordrande å avgjere kva dei fortener av straff. Her lærer vi kor viktig det er å ikkje trekkje for raske og lettvinte konklusjonar. Kritisk tenking handlar ofte om akkurat det: Vi må sjekke om ei sak kan ha fleire sider, og alltid unngå å vere for skråsikre når vi skal ta stilling til kompliserte spørsmål!

Har nokon gjort noko som er straffbart? Uansett kva du meiner, må du grunngi meininga di. Er det kanskje nokon av desse ungdommane du føler at du likar betre enn dei andre? Trur du i så fall at kven du likar, kan påverke oppfatninga di av kven som har mest skuld? Her er det ikkje lett å peike ut berre éin skuldig. Nesten alle i denne historia gjer noko gale, men på ulike måtar. Så kva er eigentleg verst?

• Å slå eller skade andre er straffbart.

• Å spreie rasistiske kommentarar kan vere straffbart.

Svart-kvitt-tenking

● ? Kvifor er det viktig å tenkje kritisk når du skal vurdere om ei handling er bra, dårleg eller noko midt imellom?

Det du først tenkte med her, var kjenslene dine. Men ny informasjon kopla inn hjernen din, og då fekk du ei ganske anna oppfatning av situasjonen. Det er dette kritisk tenking handlar om: å vere best mogleg informert når vi skal gjere oss opp ei meining. Ofte er det ikkje berre viktig å finne fram til fleire kjelder, men også å kunne vurdere kva for nokre av kjeldene som er pålitelege, altså til å stole på. Sjølv om supporterane til motstandarlaget jubla over dommaravgjerda, er dei akkurat like lite objektive som deg. Alle supporterar som ser laget sitt spele, vil sjå kampen gjennom sine «supporterbriller» og unngå å sjå det dei helst ikkje vil sjå. Vi menneske har lett for å vurdere det som skjer framfor auga våre, ut frå våre eigne oppfatningar og verdiar. Vi har gjerne ein tendens til å få det vi ser, til å passe inn i mønster. Og sjølv om konsekvensane i fotballdømet kanskje ikkje er så store, kan dei bli det i ein del andre situasjonar. Tenk på kor lett det kan vere å la seg rive med av lause rykte og førehandsdømme andre, sjølv om vi inst inne skjønar at rykta kan vere usanne.

Objektiv = upartisk, basert på fakta og ikkje kjensler eller meiningar

● ? Har du opplevd ein situasjon der du blei nøydd til å sjå ei hending frå fleire sider?

11KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Kva er kritisk tenking?

Er personar som tenkjer kritisk, negative? Er dei sure menneske som berre er opptekne av å finne feil og kritisere? Slike spørsmål er viktig å få oppklart. La oss derfor begynne med eit par døme som viser forskjellen på å vere kritisk og å tenkje kritisk.

Når svart-kvitt blir raudt Dersom ein tenkjer at alt er anten svart eller kvitt, er det fort gjort å sjå raudt! Svart-kvitt-tenking kan vekke sterke kjensler. Ein kan lett føle at mykje står på spel. Sjølv om du blir sint eller lei deg, er det ein stor fordel å tenkje seg litt om. Då er det mogleg du oppdagar at ting er langt meir nyanserte enn det du oppfatta med ein gong. Dette gjeld oss alle. Vi har ein tendens til å forenkle. Det gjer på ein måte livet lettare. Men går vi rundt og tenkjer svart-kvitt om alt og alle, kan vi fort få eit polarisert samfunn: anten er vi for noko, eller så er vi imot.

● ? Kvifor er det så lett å tru på rykte og spreie dei vidare?

Ti minutt før slutt står det uavgjort, men laget du heiar på, har eit stort overtak. Det er då dommaren blæs eit tvilsamt straffespark til det andre laget. For ein idiot! Du er skikkeleg opprørt. Men etter at VAR-dommarane har studert taklinga frå ulike vinklar og du sjølv har hatt høve til det same, må du innrømme at VAR-dommarane har rett. Spelaren på laget ditt tok mannen i staden for ballen. Det er utruleg surt, ikkje minst fordi dei andre skårar på straffa og vinn kampen. Likevel er det rettferdig.

Fleire perspektiv Tenk deg at du er fotballsupporter og følgjer ein viktig cupkamp.

12 SAMFUNNSFAG 10

Dømet frå fotballbana seier noko om skilnaden mellom å vere kritisk og å tenkje kritisk. Her er du rett nok kritisk til dommaren, men du tenkjer ikkje kritisk. Det gjer du først når du vurderer situasjonen frå fleire perspektiv. Still spørsmål! Tenk deg at du har utruleg lyst til å gå på ein fest, men foreldra dine nektar. De diskuterer heftig. Dei seier naboen har fortalt dei at han som arrangerer festen, «ikkje er til å stole på», medan du kritiserer foreldra dine for å vere «strengare enn alle andre», og for at dei blindt trur på naboen sin versjon. I denne situasjonen er du kritisk, og det same er foreldra dine. Men ingen av dykk tenkjer kritisk. I så fall ville de ha prøvd å vurdere det folk fortalde dykk, meir nøkternt og vore meir interesserte i synspunkta til kvarandre. Foreldra dine har kjøpt skildringa til naboen, medan du føretrekkjer å lukke øyra for det dei fortel deg – fordi du er så oppteken av å få gå på den festen. Kritisk tenking handlar om å stille spørsmål – til det du les, blir fortald, ser og høyrer. Det handlar også om å spørje deg sjølv om kva du eigentleg tenkjer og meiner. Når du tenkjer kritisk, er du verken sur eller negativ. Du er berre nysgjerrig og undersøkjande, på ein positiv måte. Søk sanninga! Kva er den eigentlege kjernen i det som blir sagt? Nokre gonger kan jakta på det rette svaret ta ganske lang tid, så ver tolmodig og ikkje gi opp! 

14 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Praktiske tips

• Gjer eit omvendt biletsøk på bileta. Kanskje finn du ut at bileta er henta frå ei heilt anna sak?

Kjem alle nyansar i saka fram, eller er det du høyrer, ser eller les, sterkt forenkla? Kva slags ord eller bilete blir det brukt? Ikkje minst må du øve deg på å skilje fakta frå fordommar og meiningar.

• Dersom du får informasjon som er overraskande, kan det vere lurt å spørje: «Kvar har du dette frå?» Det er viktig å kjenne originalkjelda for å kunne sjekke om informa sjonen faktisk stammar frå henne.

• Kanskje organisasjonar som driv med faktasjekk, har skrive om det du kjem over? Faktisk.no er ein god stad å begynne. På engelsk kan snopes.com og truthorfiction.com vere nyttige.

Kanskje det heller ikkje er nokon motsetnad mellom det læraren og legane seier? Legane kan ha meint at nikotinavhengige heller bør snuse fordi det er mindre skadeleg enn å røykje, men det tyder sjølvsagt ikkje at legar tilrår snus. Naturfaglæraren kan ha tenkt på all slags tobakk og risikoen for avhengnad. Desse to døma er derfor ikkje samanliknbare.

Tenk kritisk – les kritisk Du har kanskje sett overskrifter om at lettbrus er farleg den eine dagen og ufarleg den neste? Eller høyrt læraren din åtvare mot tobakk, samtidig som du har lese om legar som er positive til snus? Kan noko vere skadeleg og uskadeleg på éin gong, og kan både læraren din og legane ha rett? Det høyrest litt merkeleg ut, men for å «løyse mysteriet» må du tenkje kritisk. Kjeldene er ein god stad å begynne. Kven har sagt kva, og kva for motiv kan dei ha for å seie det dei seier? Kanskje viser det seg at kjeldene som er brukte, ikkje er pålitelege? Då har du allereie funne svaret. Men dersom du faktisk konkluderer med at kjeldene er gode, må forklaringa liggje ein annan stad.

• Kva seier andre kjelder om informasjonen du har fått?

Det er noko som skurrar i sjølve spørsmålet, ikkje sant? For her finst det inga oppskrift. Inga steg-for-steg-rettleiing. Kritisk tenking krev innsats og øving. Du må sjå vitsen med å tenkje kritisk. Forstå kvifor det er viktig. For å kunne bli ein kritisk tenkjar er det mykje du bør vere obs på: Kven seier kva – og kvifor? Stemmer bodskapen med verkelegheita?

Slik blir du ein kritisk tenkjar

Leit «bak overskriftene» Det kan vere lett å gløyme at overskrifter forenklar. Det eine lettbrusdømet kan vise seg å handle om at brus er skadeleg for tennene, medan det andre tek føre seg søtingsstoffet aspartam. Overskriftene ser ut som om dei motseier kvarandre, medan dei i realiteten handlar om to ulike forskingsprosjekt.

15KAPITTEL 1 KRITISK TENKING 

Falske nyheiter og kjeldekritikk Kjeldekritikk er ein viktig del av kritisk tenking. Sjekk til dømes biletet ovanfor, og still kven-, kva- og kvifor-spørsmål. Kjenner du til kjelda, og kan du stole på henne? Om ikkje – prøv å finne ut kven som står bak. Deretter ser du nærare på innhaldet: Finst det påstandar eller bodskapar her som spelar på kjensler, eller verkar alt sakleg? Kva for motiv kan folk ha for å publisere dette? Å kunne påverke noko politisk? Tene pengar? Spreie eit rykte? Skaffe seg merksemd? ● ? I kva samanhengar er det viktig å tenkje kritisk? Grunngi svaret ditt. Før du blir så sint eller gira at du deler denne her i sosiale medium, bør du sjekke kva som står med lita skrift øvst til venstre!

Fotomanipulering

16 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

er altså ikkje noko nytt fenomen. Men teknisk sett kan retusjeringane i vår tid vere mykje, mykje betre – og derfor vanskelege å avsløre.

Tenk til dømes på reklamar og motefotografi du har sett. I slike framstillingar blir den verkelege verda manipulert heile tida. 1920: Vladimir Lenin, leiaren av Sovjetunionen, held tale. Men det er éin stor skilnad mellom desse to bileta: Lev Trotskij er fjerna frå eit av dei. Klarer du å få auge på kvar?

Manipulering av bilete Det finst mange historiske døme på manipulering av bilete. Eit av dei aller mest kjende er av Lenin, den første leiaren av Sovjetunionen, som talar til folket i 1920. Dette fotografiet finst i to versjonar, men berre éin av dei viser partikollega Trotskij ved talarstolen til Lenin. I det som snart blei den «offisielle» versjonen av biletet, var Trotskij manipulert vekk av Josef Stalin – som ønskte å slette alle spor av kontakt mellom Lenin og Trotskij. Målet til Stalin var å stå fram som den beste arvtakaren etter Lenin.

 Stalin og Trotskij Josef Stalin (1878−1953) og Lev Trotskij (1879−1940) var to leiande kommunistar i Sovjetunionen. Etter at den mektige leiaren Lenin døydde i 1924, hamna Stalin og Trotskij i ein hard maktkamp som Stalin vann. Trotskij tapte ikkje berre leiarkampen mot Stalin, han blei også stengd ute frå kommunistpartiet og utvist frå Sovjetunionen. I 1940 blei Trotskij myrda av ein av agentane til Stalin i Mexico. Så brutalt var styret til Stalin. Alle som kritiserte han, blei forfølgde.

Samtidig har moglegheitene for deling av bilete blitt mykje større. Det kan få store konsekvensar. Dei tekniske moglegheitene for å skape falske sanningar er enorme – og ganske skremmande.

Forskarar åtvarar om ei utvikling der mange ungdommar har fått dårlegare sjølvbilete, og dårlegare mental helse, av heile tida å sjå slike «perfekte» juksebilete.

17KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Alt skal sjå mest mogleg perfekt ut. Og mange som stadig ser slike bilete, kan få urealistiske idear om hud, hår og kroppsfasong.

● ? Kva for konsekvensar kan manipulering av bilete få – både modellbilete i reklame og bilete som er meinte å påverke politisk?

Og på sett og vis er vi «alle» med på dette: Kvar gong nokon tek ein selfie og legg på eit filter før dei publiserer biletet på Instagram, er det retusjerte utgåver av seg sjølve dei viser fram. Prøv å minne deg sjølv på dette, om du føler at alle er penare eller meir muskuløse enn deg sjølv! ● ? Har du sjølv blitt lurt av manipulerte bilete?

Les meir om psykisk helse og sjølvbilete i kapittel 2, «Gode livsval», på side 56.  2019: Manipulering av bilete har blitt så enkelt at vi må sjå på dei med eit kritisk blikk. Kva trur du føremålet var med å kople eit bilete av Greta Thunberg med sveltande barn frå Afrika?

Filterboble = når algoritmane gir deg berre éin type informasjon

18 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Men er dette noko problem, då? Kanskje ikkje når du ønskjer å få tilrådd ein søt kattevideo eller ein bra nettstad. Men om klassen din har fått i oppgåve å skrive om klimatrusselen, ulvejakt eller noko anna som både politikarar og vanlege folk kan vere sterkt ueinige om, kan algoritmane sørgje for at du berre får treff på saker som støttar éi bestemt oppfatning i desse konfliktane. Og jo meir vi oppsøkjer nettsider og sosiale medium der alle likar dei same sakene og meiningsytringane, dess meir risikerer vi å hamne i filterbobler og ekkokammer Dersom du er motstandar av ulvejakt og likar og deler innlegg om dette, vil algoritmane sørgje for at du etter kvart berre får opp ulveinnlegg som støttar ditt syn. Då vil du snart opphalde deg i eit ekkokammer, der alle andre tenkjer som deg og stadfestar dine synspunkt. Dette gjeld også motsett: Er du tilhengjar av ulvejakt, vil du raskt hamne i eit ekkokammer saman med andre tilhengjarar av Detulvejakt.kankjennast godt å vere i eit slikt ekkokammer, sidan alle deler oppfatningane dine og du kanskje får ekstra mange likes og delingar på det du legg ut. Du får stadige stadfestingar på at det

Dei treng instruksjonar for å kunne løyse bestemte oppgåver.

Algoritmar analyserer alt du gjer på internett, og leitar etter mønster i kven vennene dine er, kva du kommenterer, kva du søkjer etter, og kva du sjølv legg ut. Dei har som oppgåve å avgjere kva som blir vist i nyheitsstraumen din. Til og med rekkjefølgja det blir vist i, blir avgjord av algoritmane. Det er berre så lett å gløyme at dei finst.

At dei styrer oss, utan at vi tenkjer over det. Kan algoritmar føre til at vi tenkjer mindre fritt? Mykje tyder på det. Tankane våre blir jo påverka av det vi ser og les, og det vi ser og les på nettet, er styrt av algoritmar. Dei vel ikkje berre kva vi får sjå, dei vel også bort alt anna. Dersom du søkjer på eit ord på Google, får du mest truleg opp andre døme enn foreldra dine ville ha fått. Algoritmane gir deg treff som er baserte på kva du tidlegare har likt og kommentert.

Algoritmar, filterbobler og ekkokammer

Når du skal bake bollar eller løyse matematiske likningar, følgjer du ei oppskrift eller ei bestemt utrekning for at bollane skal smake og likningane skal gå opp. Sånn er det også med datamaskiner.

● ? Kvifor er meiningsutveksling og dialog så viktig i eit demokrati?

● ? Ser du nokon samanhengar mellom ekkokammer, netthets og polarisering?

19KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Når du aldri møter nokon motførestillingar eller motargument, vil du fort miste nyansane i saka. Då går du glipp av verdifull trening i å diskutere med personar som har andre meiningar enn deg. Og nettopp meiningsmangfald er veldig viktig i eit demokrati.



Polarisering = når menneske deler seg i to motstridande grupper på grunn av politisk oppfatning og bevegar seg meir og meir frå kvarandre Sanninga er berre eit søkjeord unna, men det er også løgna. Korleis veit du om det som dukkar opp på skjermen din, er sant eller usant, når algoritmane avgjer kva du skal få sjå?

du meiner og skriv, har høg verdi. Det kan gjere godt for alle å få slike stadfestingar. Men er det eigentleg sunt?

På dette kartet er Europa midtpunktet i verda …

● ? Kor viktig synest du det er at menneske med ulik bakgrunn får seie kva dei tenkjer og meiner i media?

VE RDA SETT FRÅ EUROPA

20 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM 

Blindsoner Sjå føre deg ein bilførar som følgjer konsentrert med på trafikken. Sjølv om bilføraren er merksam, vil visse område langs sidene av bilen vere usynlege frå førarsetet. Slike område blir kalla blindsoner Uttrykket blir også brukt i overført tyding. Då skildrar det noko vi burde ha merka oss, men som vi ikkje var merksame på. I blindsona til journalistar er det menneske som sjeldnare enn andre samfunnsgrupper dukkar opp i media, til dømes personar med innvandrarbakgrunn, unge eller folk i distrikta.

Fattige menneske kan vere i blindsona til dei som er rike. Kanskje dei rike ikkje ser kor tøft livet kan vere for folk med lite pengar? For oss som bur i Vest-Europa, kan andre verdsdelar høyre til blindsona. På same måten kan det vere vanskeleg å oppdage diskriminering om du aldri har opplevd det sjølv.

I eller utanfor fokuset vårt Vi menneske har lett for å engasjere oss i det som er nær oss, medan det som verkar fjernt, ofte hamnar i blindsona vår, utanfor fokuset vårt. Katastrofar, ulykker eller krigar får gjerne mindre merksemd om dei skjer i Afrika eller Asia, enn i Europa. Verda er full av tragediar, men det er ikkje alle vi høyrer noko om.

21KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Det er viktig at dei som styrer samfunnet, er merksame på at delar av befolkninga, til dømes minoritetar, kan vere i blindsona deira. Dette er fordi dei styrande oftast representerer majoriteten.

● ? Trur du at du sjølv har nokon blindsoner? I så fall – kva for nokre?

Det er dei som sit i førarsetet og tek avgjerder.

VERDA SETT FRÅ KINA  … men snurrar vi globusen, er det Kina som står i sentrum.

● ? Kan du gje nokre døme på blindsoner i samfunnet?

Når du er i blindsona til nokon, er du utanfor synsfeltet deira.

For dei er du usynleg.

Også i eit samfunnsperspektiv er det viktig å vere oppteken av dette: Finst det menneske rundt meg som eg aldri ser?

Korleis du brukar språket – kva for ord du vel – kan også ha mykje å seie når du skal øve deg på å tenkje kritisk. Korleis uttrykkjer du deg i diskusjonar med andre? Er du sakleg, eller går du lett til personangrep og brukar kjensleladde ord? I gode debattar må du forklare kvifor du meiner det du meiner. Du kan ikkje berre «føle» at noko er rett. Det som tel, er argument og grunngivingar. I tillegg er det viktig å lytte til meiningane til andre. Dersom dei verkar overtydande, har du kanskje grunn til å forandre meining sjølv? Dette er ei øving vi menneske bør gjere heile livet Argumentagjennom.måvere relevante. Det vil seie at du må halde deg til den saka som blir diskutert. Dersom temaet er om norsk skule bør innføre skuleuniform, er det eit dårleg argument at «gutane blir kjekkare med slips». Kanskje er det nokon som synest det, og litt morosamt er det jo, men det har ingen relevans for diskusjonen.

Relevant = som vedkjem saka, som har innverknad på saka Haldbar = her: som er sann eller sannsynleg, og som vil stå seg (mot til dømes kritikk) Hersketeknikkar Når ein er rykande ueinig om ei sak og blir veldig engasjert, er det fort gjort å ty til hersketeknikkar. Døme på dette er å • latterleggjere motparten ved å komme med nedsetjande kommentarar • oppføre seg nedlatande overfor motparten, gjerne gjennom kroppsspråk

● ? Korleis synest du diskusjonar fungerer i sosiale medium?

• avbryte motparten

22 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

• forvrengje det motparten seier, ved å blåse bodskapen deira opp eller forenkle han • oversjå motparten, ved å la vere å gi respons på kva ho eller han seier

Språk og argumentasjon

● ? Korleis oppfører du deg når du diskuterer med venner, lærarar eller nokon du ikkje kjenner så godt?

Argumenta må også vere haldbare, altså sannsynlege. Dersom du påstår at engelske ungdommar gjer det dårlegare på skulen enn norske elevar fordi dei går med uniform, er argumentasjonen din ikkje haldbar. Det er også viktig at du og alle du diskuterer med, behandlar kvarandre med respekt – utan å gå til personangrep eller bruke andre hersketeknikkar.

5 Hugs at lovene i Noreg også gjeld på nettet. Unngå truslar og hatefulle ytringar.

1 Ikkje bruk alderen min mot meg. Om du skal komme med motargument, gjer det på grunn av det eg seier, ikkje på grunn av mi «manglande livserfaring».

9 Det er inga skam å snu! Dersom du kommenterer noko du angrar på, er det heilt innanfor å slette, beklage eller omformulere.

Desse boda bør du følgje kvar gong du ytrar deg, anten i diskusjonar, til dømes i klasserommet eller blant venner, eller i sosiale medium.

3 Eg høyrer gjerne kva du meiner om saka, men bryr meg lite om kva du meiner om meg som privatperson. Dei saklege poenga dine mistar slagkraft dersom du blandar dei med negative og irrelevante personkarakteristikkar.

10 Hugs at ytringsfridom gjeld alle, også oss unge. Sjølv om du er ueinig, treng du ikkje bruke hersketeknikkar eller trekkje inn utsjånad, kjønn eller funksjonsevne. Hald deg til saka! Alltid.

Svar sakleg!

Unngå generalisering. Vi unge er like ulike som resten av innbyggjarane i Noreg.

6

8 Hald hovudet kaldt. Dersom det går ei kule varmt etter at du har lese teksten min, gå vekk frå tastaturet ei stund før du kommenterer.

4 Vel orda dine med omhug. Hugs at det er menneske bak innlegga. Kommenter som om du står framfor meg og snakkar.

Si ;D-redaksjonen i Aftenposten har fått utarbeidd ein Svar sakleg-plakat med ti bod for kommentarfeltet, i samarbeid med ti unge samfunnsdebattantar.

23KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

7 Ikkje legg meiningar i munnen på andre. Dersom eg er medlem av eit parti eller ein organisasjon, følgjer eg programmet vi har vedteke. Men enkeltutspel frå andre medlemmer er ikkje mine utspel.

Gitt att med løyve frå Si ;D-redaksjonen i Aftenposten og omsett til nynorsk.

2 Les heile teksten før du skriv. Dersom du berre les overskrifta, er du ikkje like godt i stand til å debattere konstruktivt.

Generaliseringar kan også skyggje for enkeltmennesket. Du har kanskje høyrt nokon seie at «homofile menn er feminine», sjølv om mange sjølvsagt ikkje er det – eller at kvinner passar best i omsorgsyrke, sjølv om menn kan vere like flinke sjukepleiarar eller Generaliseringarbarnehagetilsette.kandessutan

● ? Kvifor trur du mange har lett for å generalisere?

● ? Kva former for generalisering kan skade andre?

Dersom du ønskjer å stå fram som sakleg i ein debatt, er det smart å unngå generaliseringar. Å generalisere vil seie å skildre ei heil gruppe menneske på éin bestemt måte, sjølv om skildringa ikkje passar på alle. Ei slik forenkling av verda er usann – og ofte Kanskjefordomsfull.hardu

22. juli 2011 I timane etter terrorangrepet 22. juli 2011 opplevde mange norske muslimar å bli hetsa av personar som gjekk ut frå at terroristen måtte vere ein muslim. Men ganske raskt blei det klart at han var ein høgreekstrem nordmann. Les meir om dette i kapittel 6, «Ekstremisme og terror», på side 224.

Dessverre hender det at generaliseringar får triste og alvorlege konsekvensar.

24 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Dersom eit menneske gjer eit brotsverk og ei heil gruppe menneske får skulda, kan det føre til hat og fordommar. Sjølv om muslimar generelt ikkje har noko ansvar for terror som er utført med islam som påskot, skjer det stadig at nokon rettar slike skuldingar mot muslimar som gruppe.

Det kan bli vanskelegare å komme fram til felles løysingar, som demokratiske samfunn er avhengige av. I ytste konsekvens kan derfor generaliseringar svekkje demokratiet.

føre til svart-kvitt-tenking, der nødvendige nyansar og «gråtonar» blir viska vekk. Slike skildringar kan bidra til større avstand mellom menneske og forsterke polarisering og motsetnader. Dersom innbyggjarane i eit land blir splitta og i liten grad forstår og tek omsyn til synspunkta til kvarandre, blir det ekstra utfordrande å handtere konfliktar.

høyrt nokon snakke om ungdommen som om alle ungdommar var like? Ganske irriterande, ikkje sant? Det er jo heller ikkje riktig. Ein trenar som kallar spelarane sine useriøse – sjølv om eit klart fleirtal møter opp på trening – generaliserer. Men sjølv om generaliseringar verken er rettferdige eller sanne, er det ikkje uvanleg å bruke dei innimellom.

Generaliseringar

Å seie at alle homofile menn er feminine, er eit døme på både ei generalisering og ein fordom. Ein slik påstand er ikkje faktabasert.

• Alle menneske burde slutte å ete kjøt.

Det er nyttig, og heilt nødvendig, å lære seg å skilje mellom fakta, meiningar og fordommar. Og klarer du å sjå forskjell på desse tre påstandane, har du allereie komme langt:

• Innvandring øydelegg det norske samfunnet.

Sjå nærare på desse påstandane om veganarar og sorter dei i fakta, meining og fordom:

Fakta, meiningar og fordommar



• Veganarar er helsefrikar som vil kontrollere kva folk et.

• Veganarar har eit litt anna kosthald enn vegetarianarar.

• Noreg har for høg innvandring.

• Dei fleste innvandrarar kjem til Noreg frå andre europeiske land.

Den første påstanden kan skrotast med ein gong: Han er fordomsfull og generaliserande og kan umogleg bevisast. Den andre kan sorterast som ei meiningsytring fordi det er mogleg å argumentere for eller imot. Berre den siste påstanden høyrer til fakta-kategorien fordi vi kan undersøkje om han er sann eller usann.

Spørsmål om innvandring har lett for å skape mykje debatt og vekkje sterke kjensler. Derfor kan du med fordel vere ekstra merksam på fordommar og usanne ytringar når dette temaet blir diskutert.

Kvifor er kritisk tenking viktig? Tenk deg at du bur i eit land der alt du seier og skriv, kan bli brukt imot deg av dei som styrer. Det er nesten ein umogleg tanke, ikkje sant? Ytringsfridommen er ein sjølvsagd rett i Noreg, men i land utan demokrati kan han høyrast ut som ein uoppnåeleg draum.

Innbyggjarane blir sensurerte og overvakte, særleg minoritetar, journalistar og menneskerettsaktivistar som vågar å meine noko anna enn dei som styrer. Sensurert = her: undertrykt eller forbode, gjerne brukt om politiske ytringar  Dei modige journalistane Maria Ressa (frå Filippinane) og Dmitrij Muratov (frå Russland) blei tildelt Nobels fredspris i 2021. Begge har kjempa for ytringsfridom i landet sitt. Dei har i årevis kritisert styresmaktene, sjølv om dei veit at dei risikerer å bli straffa med fengsel.

26 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

27KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Noreg har ikkje styresmaktene lov til å overvake nokon, med unntak

Desse rettane tenkjer vi kanskje ikkje så mykje over i kvardagen.

av personar som er mistenkte for å ha brote norsk lov. Retten til eit privatliv står sterkt i landet vårt, og alle samfunnsgrupper skal kunne føle seg trygge. Så lenge vi ikkje krenkjer fridommane til andre, skal alle kunne leve som dei ønskjer, og kunne vere seg sjølve.

Likevel bør vi aldri rekne dei som sjølvsagde.

I demokrati ønskjer styresmaktene at innbyggjarane tenkjer kritisk og tek stilling til korleis landa blir styrte, mellom anna gjennom val og offentleg debatt. I ikkje-demokratiske land er det annleis. Der er det først og fremst viktig for dei som styrer, å halde på makta. Derfor ønskjer dei lojale innbyggjarar som ikkje stiller kritiske spørsmål.

Kritisk tenking og styreform

Vi skal sjå på eit par historiske døme som viser at det er eit tett samband mellom kritisk tenking og styreform.

Les meir om den kalde krigen i kapittel 5, «Maktbalansen i verda», på side 186. Les meir om Vietnamkrigen i kapittel 5, «Maktbalansen i verda», på side 194.

I

Først eit lite historisk bakteppe: Etter den andre verdskrigen blei Vietnam delt i to: I nord styrte kommunistane, støtta av Sovjet unionen, medan støtta kom frå USA i sør. Den kalde krigen var i gang. Amerikanarane frykta at kommunismen skulle spreie seg over heile Søraust-Asia, så derfor sende USA militære styrkar til Vietnam i 1957. Krigen varte i heile 18 år – og kommunistane vann. Vietnam krigen har blitt ståande som eit stort traume i amerikansk historie. Vietnam, 16. mars 1968 I den vesle landsbyen My Lai i Sør-Vietnam vaknar innbyggjarane til ein ny dag, uvitande om kva dei har i vente. Amerikanske soldatar er på jakt etter kommunistiske geriljakrigarar og går brutalt fram for å finne dei. Fleire hundre av innbyggjarane i landsbyen blir drepne, torturerte eller valdtekne. Mellom dei er det barn, kvinner og eldre Massakrenpersonar. i My Lai blir først halden hemmeleg av den amerikanske hæren, som påstår at dei har kjempa ned væpna soldatar. Men snart begynner vitne å fortelje om det dei har opplevd. Så kva har eigentleg skjedd? Politikarar og journalistar gjer nærare undersøkingar, og etter kvart dukkar det opp bilete frå massakren i avisene. Då får ei heil verd kjennskap til den brutale sanninga.

Sovjetunionen, natt til 26. april 1986 Ti mil nord for den sovjet-russiske byen Kyiv, som i dag er hovudstad i Ukraina, eksploderer Reaktor 4 i Tsjernobyl kjernekraftverk. Fleire tonn kjernebrensel spreier radioaktivitet og giftige gassar. Nedfallet er særleg stort nær kraftverket, men også i andre delar av Ukraina, og i nabolanda fell det ned store mengder radioaktivt materiale.  1986: 1. mai-feiring i Kyiv, mindre enn ti mil unna Tsjernobyl. Atomkatastrofen, som framleis var hemmeleg, skjedde berre fem dagar tidlegare.

28 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Utfordringa vi står overfor, er derfor litt annleis: Korleis skal vi klare å skilje mellom god og dårleg informasjon og tenkje kritisk om både sant og usant, fordelar og ulemper?

Ny teknologi har hjelpt oss uendeleg mykje, men kan også vere problematisk. Dynamitt kan til dømes brukast for å lage vegar og tunnelar, men han kan også nyttast i bombeproduksjon. Det er altså ikkje kunnskapen eller teknologien som er skadeleg, men korleis vi brukar han.

Dersom det fanst sosiale medium den gongen My Lai og Tsjernobyl skjedde, trur du historiene derfrå ville ha vore annleis?

29KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

● ?

Rundt 4000 sovjetiske innbyggjarar døyr etter kvart av stråleskadane.

Begge desse tragiske hendingane seier noko om verdien av frie medium. Utan ytringsfridom ville ikkje verda ha fått vite kva som eigentleg skjedde. I det demokratiske USA skulle det vise seg umogleg å skjule sanninga særleg lenge. I Sovjetunionen, som var eit diktatur, hadde ingen journalistar lov til å fortelje sanningar som styresmaktene ønskte å leggje lok over. Først etter press frå utlandet måtte styresmaktene innrømme kva som hadde skjedd.

Kritisk tenking og teknologi Udemokratiske land er opptekne av å avgrense og styre informasjonen som innbyggjarane får tilgang til. I demokrati er det som regel ikkje mangelen på informasjon som er problemet, men heller at vi som innbyggjarar må vurdere enorme mengder data.

Dei sovjetiske styresmaktene prøver først å skjule kva som har skjedd – dei vil for all del ikkje la Vesten få høyre om katastrofen.

Dette skjedde berre nokre år før den kalde krigen tok slutt. Sovjetiske styresmakter ville ikkje innrømme kva som hadde skjedd, før forskarar i Sverige rapporterte om unormalt høge strålingsverdiar. Så massivt var «jernteppet» mellom Aust- og Vest-Europa den gongen. Makta og æra var viktigare enn sanninga.

Så medan den livsfarlege strålinga er på sitt aller verste, går livet sin vande gang. 1. mai blir som alltid feira med store paradar.

Kritisk tenking om kunstig intelligens (KI) Kunstig intelligens handlar om å utvikle datasystem som etterliknar menneskeleg intelligens. Målet er at desse systema skal bli så gode etter kvart at dei ikkje berre løyser førehandsprogrammerte oppgåver, men også kan ta eigne avgjerder. Ein sjølvkøyrande bil kan til dømes førehandsprogrammerast for køyring frå A til B, og for å stoppe på raudt lys og framfor fotgjengarfelt. Men kva om noko uventa skjer? I 2016 kom chatboten Tay til verda. Ein «chatbot» er enkelt forklart eit dataprogram det går an å kommunisere med, skriftleg eller munnleg. Tay var i utgangspunktet lansert for å snakke med unge som trong støtte, men dessverre skulle samtalane vise seg å bli alt anna enn gode. Tay begynte etter kvart å komme med rasistiske meldingar, og til slutt måtte Microsoft fjerne Tay. Korleis kunne noko sånt Forklaringaskje?låg i at algoritmen til Tay kopierte språket til brukarane. Nesten som ein papegøye. Og sidan kommunikasjonen var så hatefull, plukka chatboten opp formuleringane og gjentok dei. Trollinga påverka altså språkbruken.

● ? Om Tay hadde fungert som han skulle, kva synest du om å snakke med ein chatbot i staden for eit ekte menneske om det som plagar deg? Ser du nokon fordelar og/eller ulemper? Kunstig intelligens er mest brukt i den engelske forma, Artificial Intelligence (AI) Chatbot (ord som er sett saman av «chat», som i nettprat − og «bot», som forkorting for robot) = dataprogram det går an å kommunisere med. «Siri» frå Apple og «Alexa» frå Amazon er også chatbotar Chatboten Tay fekk berre eksistere i 16 timar fordi han raskt begynte å komme med rasistiske kommentarar og usanne ytringar. Korleis var det mogleg? Trolling Trolling er å leggje ut provoserande innlegg eller kommentarar på internett. Nokre gonger blir trolling brukt mest for å irritere, men i andre samanhengar er målet medviten manipulasjon og å skape forvirring. Trollinga kan utførast av enkeltpersonar åleine eller vere organisert (kjelde: snl.no).

30 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM



● ? Synest du det også kan vere nokon positive sider ved dette systemet?

Sjå føre deg at alle overvakingskameraa på bussen, i butikken, på flyplassen og andre stader blir utstyrte med denne teknologien. Det vil i så fall tyde at rørslene dine blir registrerte frå du står opp, til du legg deg. Ingenting du gjer, vil lenger vere privat. Du risikerer at all denne kunnskapen om deg blir misbrukt. Opptaka kan til dømes bli lagra og spreidde til nokon som ønskjer å hengje deg ut, eller selde vidare til nettsvindlarar.

● ? Korleis trur du kinesiske styresmakter ønskjer at innbyggjarane i landet skal oppføre seg?

31KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

For å starte med det positive: Politiet kan ha stor nytte av ansikts attkjenning under ei etterforsking – det kan bidra til at dei får identifisert ein mistenkt. Men verktøyet kan også utnyttast negativt, til dømes til kontroll og overvaking. Akkurat som med dynamitt er det ikkje teknologien i seg sjølv som er «problemet», men korleis folk vel å bruke han.

Er du blant dei som skannar ansiktet når du går inn på telefonen eller ein bestemt app? Dersom du gjer det, kjenner du til fenomenet ansiktsattkjenning. Men du har kanskje ikkje tenkt så mykje over at verktøyet også kan brukast på andre område. Eller misbrukast

Kva tenkjer du, treng overvaking å vere så farleg? Har folk som held seg til lova og ikkje gjer kriminelle handlingar, eigentleg noko å frykte? Det er nok lettare å tenkje slik her i Noreg enn i eit ikkje-demokratisk land fordi vi stolar på at styresmaktene våre følgjer strenge reglar for personvern og datalagring. Likevel bør vi vere medvitne. Teknologien utviklar seg veldig raskt, og det er sjeldan lover og reglar kjem på plass like fort. Dessutan kan sjølv det solide norske demokratiet bli utfordra og svekt dersom ikkje innbyggjarane følgjer med. Kina har til dømes teke i bruk ansiktsattkjenning i kampen mot kriminalitet – og for å kontrollere borgarane sine. På bakgrunn av ansiktsattkjenninga har dei også utvikla eit påskjøningssystem: Styresmaktene registrerer korleis innbyggjarane oppfører seg. Dei som bryt reglane, risikerer å ikkje få lån i banken, ein attraktiv skuleplass eller tilgang til flybillettar.

Ansiktsattkjenning

● ?

Kunstig intelligens kan også nyttast til å lage film- og lydklipp som verkar så ekte at det blir vanskeleg å avsløre at dei eigentleg er falske (også kalla deepfakes). Dette er avansert og kostbar teknologi som ikkje kven som helst kan nytte seg av – i alle fall ikkje endå, men i framtida blir nok forfalskingane betre og meir tilgjengelege. Det er både fordelar og ulemper ved deepfakes. Menneske som har mista stemma si på grunn av sjukdom, kan få stemma tilbake, og i film- og underhaldningsbransjen opnar det seg moglegheiter for fantastiske produksjonar.

Deepfakes = videoar, bilete og lydklipp som har blitt manipulerte digitalt ved hjelp av kunstig intelligens 

Dette er eit skjermbilete frå videoen der den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, talte til folket sitt under den russiske invasjonen i 2022. Nokon laga ein deepfake av videoen der Zelenskyj ber ukrainarar om å overgi seg – det motsette av det han faktisk sa.

Men skuggesidene er også til stades: Tenk deg reaksjonane på ein manipulert video av ein politikar som ser ut til å komme med hets eller truslar. Då kan vegen vere kort til misforståingar og farlege situasjonar.

● ? Kva meiner du om deepfakes? Kva ulemper ser du? Kva fordelar?

Deepfakes

Nemn nokre fordelar og ulemper ved å ta i bruk kunstig intelligens (KI)!

32 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Kritisk tenking

Det gjaldt særleg rock, men også jazz. Mange vaksne meinte begge delar inspirerte til ungdomsopprør, ville festar og usikker sex. Å bli gravid utan å vere gift var ikkje akseptert. Mange «måtte» derfor gifte seg før barnet deira blei fødd – elles ville folk kalle det «uekte». P-pilla var endå ikkje funnen opp. Eit lite mindretal kjempa for å la ungdommane få kunnskap om prevensjon, men mange var imot og meinte sex var syndig. Homofili var knytt til så djup skam at ein hadde lover som forbydde sex mellom menn. Gløym internett, Netflix og sosiale medium: Den gongen gjekk det i aviser, kino og ikkje minst radio. Etter fem år med nazi-okkupasjon og radioforbod under krigen hadde radioapparata fått ein heilt spesiell verdi for folk i Noreg. Familiar og venner samla seg rundt radioen i stova for å få servert siste nytt, musikk og sport. Det fanst berre éin radiokanal i heile landet. Så om du stod i skulegarden og snakka om eit program du hadde høyrt dagen før, var sjansen stor for at dei fleste rundt deg hadde høyrt det same.

«Tidsreisa»samfunnsendring

og

Tenk deg at du legg ut på ei reise tilbake i tid, til Noreg slik det ein gong var. «Tidsmaskina» stoppar i 1958, og du går ut. Kva slags samfunn ville du ha komme til, trur du?

Du ville nok ha lagt merke til at kleda og frisyrane var inspirerte av Elvis Presley og Marilyn Monroe. Nokre få jenter gjekk i bukser, dei fleste i skjørt. På restaurantane var det ikkje spor av pizza, og ingen hadde høyrt om smoothie eller sushi. Etter kvart som du snakka med folk, ville du ha skjønt litt meir om korleis det var å leve i dette samfunnet. På skulen gjekk gutane i reine guteklassar og jentene i jenteklassar. Og dei fleste unge på din eigen alder hadde allereie slutta på skulen. Nesten alle hadde mødrer som var heimeverande og passa barn og hus. Fedrane var i jobb, gjerne i industrien. Kvardagen kunne vere tøff for mange, sjølv om velstanden gradvis auka. I 1958 hadde amerikansk ungdomsmusikk blitt veldig populært.

33KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

● ? Kvifor trur du nazistane forbydde innbyggjarane frå å lytte til radio?

● ?

Nordmenn i 1950-åra blei forma av det samfunnet dei voks opp i. Samtidig var dei sjølve med på å forme samfunnet – og framtida. Slik er det i dag også. Samfunnet i dag formar deg, og du gjer ditt for å forme samfunnet. Det er kanskje ein litt overveldande tanke, men han kan gi deg ei påminning om at deltaking og engasjement faktisk har noko å seie.

34 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

 Sjølv om sørafrikanske styresmakter heldt Nelson Mandela (til høgre) fengsla i 27 år, ønskte han ikkje hemn, berre forsoning med dei kvite som styrte landet rasistisk. Dei fleste blei overraska då presidenten Frederik Willem de Klerk også sa det var på tide å fjerne raseskiljet i landet. Det førte til at Mandela og de Klerk saman fekk Nobels fredspris i 1993.

Trur du det finst nokon i dag som deler synet på rusmiddel, kjønn og seksualitet frå 1950-åra? I så fall, kvifor trur du dei har dette synet? Kva ville du ha fortalt vennene dine etter å ha vore på ei slik tidsreise? Hadde du klaga over kjedeleg mat og dårleg fritidstilbod?

Ledd overberande av dei gammaldagse haldningane? I så fall hadde du berre vore kritisk. Men om du heller prøvde å forstå korleis og kvifor Noreg var slik, ville du ha tenkt kritisk.

Apartheid Apartheid var eit politisk system som skilde borgarane i Sør-Afrika frå kvarandre. Innbyggjarane i landet blei delte inn etter rase. Svarte og kvite levde åtskilt. Det kvite mindretalet bestemte over det svarte fleirtalet. I 1994 blei det første demokratiske valet i Sør Afrika halde. Endeleg kunne alle borgarar stemme, og apartheid blei avskaffa. Menneske skaper forandring

 Då Rosa Parks nekta å gi frå seg buss-setet ho sat på, til ein kvit mann, blei ho arrestert, dømd og fengsla. Afroamerikanarar i byen Montgomery protesterte. Dei boikotta bussane i byen i mange månader, heilt til høgsterett i USA fann ut at raseskiljelovene i landet var ulovlege. Tenk kva éi modig kvinne kunne få til!

35KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

● ? På kva måte kan Rosa Parks framleis vere relevant i USA i dag? Også i vår eiga tid finst det menneske og organisasjonar som har skapt vesentleg forandring. Sjå til dømes føre deg Greta Thunberg i 2018, ei stund før ho blei kjend, der ho sit åleine utanfor Riksdagen i Stockholm med plakaten «Skolstrejk för klimatet» – og sjå henne føre deg året etter som inspirasjonskjelde for streikande skuleelevar verda over.

● ? Korleis var Rosa Parks med på å endre det amerikanske samfunnet? Kva har dette med kritisk tenking å gjere?

Samfunnet treng innbyggjarar som tenkjer kritisk og slik kan bidra til å forandre verda. Tenk på Rosa Parks, den afroamerikanske kvinna som i 1950-åra nekta å gi frå seg buss-setet sitt til ein kvit mann. Eller Frederik Willem de Klerk og Nelson Mandela, som braut med apartheid-systemet og gjekk inn for forsoning i Sør-Afrika. Når nokon protesterer, til dømes mot rasisme, vågar å stille vanskelege spørsmål og utfordrar det mange reknar som sjølvsagt, kan det ha fantastisk stor verknad. Både Rosa Parks sitt Nei! og de Klerk og Mandela sitt Ja! fekk store ringverknader – og førte til positiv forandring.

Slike løgner blei spreidde i 1980-åra etter at hiv-viruset var oppdaga og aids-epidemien tok millionar av menneskeliv. Heldigvis klarte forskarane etter kvart å få folk til å forstå kva som verkeleg var sant.

36 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

KGB – den sovjetiske etterretningstenesta – påstår til og med at viruset er eit biologisk våpen, skapt av USA i eit laboratorium.

Vitskapen forandrar også verda, gjennom forskarar som er verds meistrar i å tenkje kritisk. Sjå føre deg ein forskar som jobbar dag og natt for å utvikle ein livsviktig medisin. Verda har nettopp oppdaga eit farleg virus, og det hastar å utvikle ein kur. Medan forskarane testar hypotesar om moglege smittevegar, er det useriøse aviser som publiserer tvilsame teoriar. Enkelte hevdar at virussjukdommen spreier seg via spytt, og at kyssing derfor er livsfarleg. Andre kallar det ein «homo-pest».

Hypotese = noko ein trur er rett ut frå kva ein veit, og som ein prøver å finne ut av om stemmer eller ikkje  Albert Einstein (1879–1955) fekk nobelprisen i fysikk i 1921. Mange meiner han var eit av dei største genia i verdshistoria. Forskinga til Einstein har lagt ein del av grunnlaget for teknologien i vår tid, mellom anna algoritmar.

Vitskap eller konspirasjonsteori?

Propagandaen til nazistane lever framleis Ein konspirasjonsteori går ut på at verda blir kontrollert av ein jødisk elite. Denne konspirasjonen byggjer vidare på den nazistiske propagandaen frå Hitler-Tyskland under den andre verdskrigen.

ikkje alt dette er på plass, kan ingen stole på at resultata er pålitelege. Her har den medisinske forskinga nokre veldig strenge reglar: Resultata dei har komme fram til, må sjekkast mange gonger av andre fagpersonar før dei kan publiserast. Dette kallar vi «fagfelle Villevurdering».duhagått til ein tannlege som manglar utdanning? Det er vel tvilsamt. Og sjølv om personen hevda at det er eg som kan noko om tannhelse, dei andre vil berre lure deg, hadde du nok tenkt at det var tryggast å få behandling av ein tannlege med innsikt i vitskapen.

● ?

Alle forskarar – anten dei jobbar med naturvitskap, samfunnsfag eller noko anna – har noko viktig til felles: Dei er nysgjerrige og ønskjer å vite meir. Men for å kunne forstå må dei tenkje kritisk. Alt dei kjem fram til, må kunne kontrollerast av andre fagpersonar. Dette gjeld ikkje berre forskingsresultata, men også metodane og kjeldene dei har Omvalt.

Så korleis kan det ha seg at ganske mange i vår tid ikkje trur på vitskapleg forsking? I ei tid der allverdas klimaforskarar åtvarar oss om kor viktig det er å få redusert utsleppa av klimagassar, finst det menneske som avviser både fakta og fagfolk. I staden for å innsjå at planeten vår faktisk kan bli umogleg å bu på, føretrekkjer dei å tru på konspirasjonsteoriar, som at alle klimaforskarar finn på bevis for å få pengar til forskinga si. Dei er så drivne av frykt og feilinformasjon at dei gjerne nektar for det vitskapen kan bevise.

37KAPITTEL 1 KRITISK TENKING Hiv Hiv-viruset kan føre til sjukdommen aids. Hiv blei først oppdaga blant homofile menn og sprøytenarko mane i USA. Viruset smittar ved at blod, sæd eller skjedesekret kjem i kontakt med slimhinner hos ein annan Smittaperson.kanoverførast ved seksuell kontakt eller blodoverføring. Det finst førebels ingen vaksine, men etter kvart har det komme medisinar som er så gode at smitta kan leve ganske normale liv. Styresmaktene i Noreg og andre land presenterte hiv-kampanjar som gav innbyggjarane ekte kunnskap, basert på forskingsresultat i staden for rykte. No er det lenge sidan hiv var som ein dødsdom. Dei som blir smitta i dag, har tilgang til medisinar som gjer det fullt mogleg å leve med viruset. Forskinga gjorde det også tidleg klart at dette viruset ikkje berre rammar homofile.

Kva trur du det hadde å seie at sjukdommen i starten ramma ein minoritet?

Abid Raja, politikar og tidlegare kulturminister, fortel om ungdomstida si i boka Min skyld. Stereotypisk svart/kvitt-tenking slapp eg i mitt skulemiljø. Foss var ein skule som tiltrekte seg vaken, radikal, politisk tenkjande ungdom. Dei kom frå Tåsen, Persbråten og Nordstrand, nokre frå Grünerløkka og frå Groruddalen. Fleire var med i AUF og Sosialistisk Ungdom. Ei jente i klassen min var RV-ar og slukte Klassekampen i friminutta. Eg hadde i løpet av tida i barnevernet og opphaldet i Pakistan blitt ein talefør fyr som hadde lært å forsvare meg verbalt. Det var som om snakketøyet mitt plutseleg hadde begynt å verke. Som om hormona og den seine puberteten gav meg både høgd, skjeggvekst og sjølvtillit. Her visste ingen om min bakgrunn i barnevernet. Eg våga å ta dei store diskusjonane, ta plass i elevrådet – og opplevde eit etterlengta kick av å få taletid og kunne smelle tilbake på det eg var ueinig i. Gutane frå Persbråten fekk namn og personlegdommar eg lærte å respektere og diskutere med – sjølv om dei var vidt forskjellige frå meg. Å gå på Foss var vår felles identitet. Læraren min i sosialøkonomi var utfordrande og direkte: «Kva vil du gjere når du blir stor? Kva skal du gjere med livet ditt?» spurde ho oss. Ho forlangte svar, refleksjonar og argument, nekta å godta likesæle. Å gi opp – og ikkje ta stilling – var verre enn noko. Skulen gav meg heilt grunnleggjande kompetanse og sjølvkjensle, men utfordra meg også. Dei sette i gang refleksjonane som kanskje skulle starta heime rundt middagsbordet mange år tidlegare. Utdrag frå Min skyld (2021), skriven av Abid Raja (omsett til nynorsk)

38 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Nokre menneske ville ikkje ta koronavaksine fordi det spreidde seg ein idé om at vaksinerte kvinner kunne bli sterile. Nokre påstod til og med at pandemien var ein bløff, og at vaksinen inneheldt ein mikrochip som var designa for å spore og overvake folk. ?

• Er det som er fortalt, sant?

Kritisk tenking fungerer litt som filteret til Sokrates: Du klarer lettare å skilje god informasjon frå dårleg, fakta frå påstandar og løgn frå sanning. Det blir enklare å vurdere den informasjonen du møter i sosiale medium, politiske debattar og reklame. Du unngår å la deg lure av nettsvindel – og av falske nyheiter.

● ? Kva kan dette uttrykket ha å gjere med livsmeistring og kritisk tenking?

Kvifor får konspirasjonsteoriar gjennomslag, trur du? ● ? Kvifor avviser enkelte menneske vitskap?

• Er det som er fortalt, godt?

39KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Sokrates

Dersom ryktet ikkje passerte testen, var spørsmålet frå Sokrates krystallklart: Kvifor skal eg då høyre etter?

Kritisk tenking og gode livsval

Sokrates var ein gresk filosof som levde frå år 469 til år 399 før vår tidsrekning. Han meinte at vi menneske blir klokare når vi heile tida stiller nye spørsmål.

• Er det som er fortalt, nyttig?

● ? Kan du finne eit døme frå ditt eige liv der «trippelfiltertesten» kunne komme til nytte?

Den som tenkjer kritisk, klarer i større grad å skilje positive erfaringar frå negative, til dømes netthets eller eit sterkt forventningspress. Still deg sjølv kritiske spørsmål om kven eller kva du bør gi tid og merksemd. Det kan gjere godt for den mentale helsa di!

Den greske filosofen Sokrates skal ha funne opp «trippelfiltertesten» ein gong han blei spurd om han ville høyre eit rykte. Sokrates stilte tre kontrollspørsmål:

● ? Kva trur du vi meiner med uttrykket «Om du ikkje står for noko, fell du for alt»?

● ? Kvifor trur du det er så viktig å tenkje kritisk når du skal velje vidaregåande utdanning?

• Finn fram til gode kjelder, still spørsmål og vurder både pluss og Ingenminus.kanidag vite sikkert kva for yrke samfunnet vil ha mest behov for i framtida. Det er derfor viktig å velje noko du kan trivast med, noko som gir deg motivasjon og meistring i kvardagen.

• Ver aktiv og søk informasjon.

40 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

• Tenk kritisk, og tenk sjølvstendig.

Kritisk tenking er også nødvendig når du skal løyse ukjende oppgåver. Det er derfor ein stor fordel om du har lært deg å tenkje kritisk når du møter utfordringar på skulen og seinare i livet.

I løpet av dette skuleåret vil du få høve til å søkje vidaregåande utdanning. Det er sikkert mykje du lurer på og gode rådgivarar du kan snakke med for å få hjelp.



● ? Kva for kjelder støttar du deg til når du skal finne informasjon om vidaregåande utdanning?

Folk som er fulle av fordommar og hat, ser ofte berre det dei vil sjå. Effekten her er både tragisk og komisk.

I ditt eige liv kan kritisk tenking gjere det lettare å skilje god informasjon frå dårleg, fakta frå påstandar og løgn frå sanning. Det blir enklare å vurdere den informasjonen du møter i sosiale medium, politiske debattar og reklame. Kritisk tenking er også nødvendig når du skal løyse ukjende oppgåver. Det er derfor ein stor fordel om du har lært deg å tenkje kritisk når du møter utfordringar på skulen og elles i livet.

Kjeldekritikk er ein viktig del av kritisk tenking. Kvar gong du skal bruke ei kjelde, anten det er tekst, bilete eller videoklipp, bør du stille kven-, kva- og kviforspørsmål. Kjenner du til kjelda, og kan du stole på henne? Om ikkje – prøv å finne ut kven som står bak. Finst det påstandar eller bodskapar som spelar på kjensler, eller verkar alt sakleg? Kva for motiv kan folk ha for å publisere?

Kritisk tenking handlar om å stille spørsmål til det du blir fortalt, ser og høyrer. Det handlar også om at du er kritisk til dine eigne vurderingar. Det er viktig at du tenkjer kritisk når du tek til deg ny kunnskap. Ikkje trekk for raske konklusjonar, men sjekk om ei sak kan ha fleire sider, før du gjer deg opp ei meining.

41KAPITTEL 1 KRITISK TENKING KAPITTEL 1 KOR T FORTALT

Kritisk tenking krev innsats og øving, og det er mykje å vere obs på: forenklingar, manipulerte bilete og videoar, algoritmar, ekkokammer og språkbruk. Det er også viktig å øve seg på å skilje fakta frå fordommar og meiningar.

Kritisk tenking

I demokrati ønskjer styresmaktene at innbyggjarane tenkjer kritisk og tek stilling til korleis landa blir styrte, mellom anna gjennom val og offentleg debatt. Det er viktig å stole på fakta og vitskap, og kritisk tenking er den beste medisinen mot falsk informasjon og konspirasjonsteoriar. Gjennom ny teknologi får vi veldig mykje informasjon som vi må lære oss å sortere og kvalitetssikre. Samfunnsutvikling skjer ikkje utan innbyggjarar som tenkjer kritisk. Ytringsfridom, frie medium og kritiske journalistar er heilt avgjerande for å endre samfunnet.

Jobb saman med læringspartnaren din og vel ein av påstandane nedanfor. Korleis vil de gå fram for å finne ut kva de skal tru på? Pass også på å få med kva som gjer ei kjelde god eller dårleg, og korleis de har vurdert dette når de undersøkjer påstanden de vel. Vel ein måte å presentere svaret dykkar på til dei andre.

Jobb saman med læringspartnaren din og lag ein podkast der den eine tek rolla som ekspert og den andre som intervjuar. Ver kreative slik at de ikkje berre ramsar opp svar. Bruk konkrete døme og skap engasjement hos lyttaren. Tema for podkasten er algoritmar, filterbobler og ekkokammer.

2 Kva for funksjonar har algoritmar og filterbobler, og kva er samanhengen mellom desse to og ekkokammer?

Diskuter følgjande:

1 Det er sunnare å drikke vanleg brus med sukker enn lettbrus.

Delgjere?detde har diskutert, med dei andre i klassen. OPPGÅVE 2

Eit spørsmål om skuld (s. 8–9) og Svart-kvitttenking (s. 10) Les innleiinga til kapittelet nøye. Diskuter desse spørsmåla med læringspartnaren din: 1 Kven har mest skuld her? Kva er grunngivinga dykkar?

OPPGÅVE 4

4 Kan det vere nokon fordelar ved algoritmar og filterbobler?

3

2 Cannabis er ikkje farlegare enn å drikke alkohol.

3 Økologisk mat er sunnare enn mat dyrka på vanleg måte.

3 Kva er farane ved algoritmar, filterbobler og ekkokammer?

OPPGÅVE

OPPGÅVE 3

5 Kven har gjort noko moralsk gale – Noah, Jonas, Liam, Yasmin og eller Lea? Grunngi det.

4 Kven har gjort noko gale etter lova her – Noah, Jonas, Liam, Yasmin og/eller Lea? Grunngi det.

5 Kva for oppgåver er det greitt at algoritmar løyser utan menneskeleg påverknad? (At dei vel YouTube-videoar, plukkar ut kandidatar til jobbintervju, rettar matteprøver og set karakter, tilpassar reklamar i sosiale medium.)

1

Jobb saman med læringspartnaren din, og skriv ein drøftingsartikkel der de diskuterer/drøftar kva konsekvensar biletmanipulering kan ha • for samfunnet • for enkeltmennesket • for tenåringar • for lovgivinga i eit samfunn – bør det ha ein effekt på kva slags lover vi lagar?

Kva er kritisk tenking? (s. 11–13) og Korleis kan du bli ein kritisk tenkjar? (s. 14–25)

Manipulering av bilete (s. 16–17)

2 Kva trur de politiet vil gjere med desse ungdommane? Kva er skilnaden mellom å gjere noko juridisk gale (bryte lova) og å gjere noko moralsk gale?

Algoritmar, filterbobler og ekkokammer (s. 18–19)

1 Kva er algoritmar, filterbobler og ekkokammer?

6 Korleis kan vi tenkje for å vere tryggare på Hugsinternett?ågrunngi alle påstandar, vis med døme og bruk eit aktivt og presist fagspråk.

42 SAMFUNNSFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM KAPITTEL 1

6 Kva har denne historia med kritisk tenking å

Genmodifisert mat (GMO) er skadeleg å ete.

4

Få med dette:

Eigenrefleksjon

1 Kva går konspirasjonsteorien ut på?

OPPGÅVE 6

Jobb saman med læringspartnaren din.

2 Kva ser de av fordelar og ulemper i dei ulike

2 Kva seier vitskapen om temaet?

5

Grunngi

Veltidsepokane?formpåsvaret sjølve, og vel også innhald sjølve, men hugs å halde dykk innanfor temaet kritisk tenking. Forslag til spørsmål som kan svarast på:

• Korleis blei informasjon spreidd i samfunnet, og kva slags tilgang hadde menneska til informasjonen?

1 Tenk dykk at de er på ei tidsreise tilbake til 1950-åra. Når de kjem tilbake til notida, fortel de om alt de har sett, og samanliknar det med samfunnet i dag.

OPPGÅVE 7

3 Drøft kvifor nokre menneske ikkje stolar på vitskapen, men trur fullt og fast på konspirasjonsteorien.

4 Drøft konsekvensane konspirasjonsteoriar har for menneska og for samfunnet som heilskap. Vel ein av konspirasjonsteoriane nedanfor.

OPPGÅVE

FORDJUPINGS OPPGÅVER

• Korleis blei menneska i 1950-åra påverka til å kjøpe bestemte produkt?

Finn ein konspirasjonsteori – til dømes om vaksinar eller klimaendringar.

Jobb saman med læringspartnaren din. De vel forma på svaret sjølve.

43KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

Kritisk tenking og samfunnsendring (s. 33–39) Jobb saman med læringspartnaren din. Vel ein person som har skapt ei positiv endring i samfunnet gjennom å tenkje kritisk. De avgjer forma på svaret sjølve.

Kva for konspirasjonsteoriar er farlege/ufarlege? svaret dykkar Elvis lever. Jorda er flat. Holocaust er dikta opp. Verda blir styrt av ein hemmeleg elite. 8

OPPGÅVE 5

Kritisk tenking og samfunnsendring (s. 33–39)

Vitskap eller konspirasjonsteori? (s. 36–39)

Tenk etter kva du har lært i dette kapittelet, og reflekter over desse spørsmåla: Har du brukt læringsmåla aktivt i læringsprosessen? I kva grad synest du at du har nådd dei ulike læringsmåla? Kva for strategiar har du brukt for å kunne lykkast med dei ulike læringsmåla? Kva for strategiar har du brukt for å komme deg vidare om du har stått fast?

• bakgrunn • endringar • konsekvensar av endringane Forslag til personar kan vere Kim Friele, Rosa Parks, Nelson Mandela, Gandhi og Nadia Murat.