6 SUBSTANTIV
SUBSTANTIV Are om substantiv Den første er Fanklubben For Folk Som Er Av Den Oppfatninga At Nynorske Substantiv Er Sjølve Meininga Med Livet (FFFSEADOANSESMML). Substantivtilhengarane held til i ein kjellar i eit hus i ein hage i eit nabolag i Stavanger. Her møtest dei for å bøye substantiv fleire kveldar i veka. På veggene i kjellaren heng det slagord som «Hankjønnsord med omlyd er kunst!» og «Bestemt og ubestemt, hand i hand». Substantivtilhengarane er tolerante og opne for alle slags menneske med alle slags bakgrunnar og alle slags preferansar. Til dømes har substantivfansen ein eigen inkjekjønnsfraksjon, for mannlege substantivbrukarar som går i skjørt, eller kvinner som er substantivfanatikarar og bruker lausbart. Slagordet til FFFSEADOANSESMML er «Substantivbrukarar er nynorskbrukarar som bruker substantiv hei hei hei!»
FAKTA Substantiv er namn på ting, fenomen og personar. Nynorsk bruker færre substantiv enn bokmål. Det er eit aktivt språk, det er mykje som skjer i setningane. Derfor finn du mange verb (handlingsord) i nynorsk. Dei fleste substantiva har same kjønn som på bokmål.