Norsk_start_5–7_Intro_Les_og_skriv_(LK20)_blaibok

Page 1


Nina Rushby Flem

Sara Blikstad Nyegaard

Marie Brøvig Strømme

LES OG SKRIV NORSK START 5–7 INTRO

Kjære kollega

Norsk start 5–7 Intro er eit temabasert læreverk for nyankomne elevar på 5. til 7. trinn som skal lære å lese og skrive med det latinske alfabetet. Læreverket legg vekt på at elevane skal få øve på munnlege ferdigheiter, og at dei skal få grunnleggjande lese- og skriveopplæring i norsk. Læreboka følgjer kompetansemåla etter nivå 1 i læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.

Norsk start 5–7 Intro er ei lese- og skrivebok. Temaa er dei same som i Norsk start 5–7 Tekstbok og Norsk start 5–7 Arbeidsbok, så elevane kan samarbeide munnleg uavhengig av kva bok dei bruker, og kva språkleg nivå dei er på.

Målet med Norsk start 5–7 Intro er at elevane skal utvikle gode munnlege ferdigheiter, slik at dei kan lære å lese og skrive på norsk. Læreverket bidreg òg til at elevane skal kunne delta i sosiale fellesskap og i den ordinære opplæringa i alle fag.

Kvart kapittel begynner med læringsmåla, nokre innleiande spørsmål og ein illustrasjon som opnar for samtale og refleksjon om temaet. Vidare blir sentrale ord som elevane vil møte i kapittelet, presenterte. For at elevane skal få eit godt læringsutbyte, er det viktig å bruke god tid på å introdusere kvart kapittel.

Då får elevane aktivert forkunnskapane sine, og dei kan samanlikne ord på norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

Alle kapitla har biletsider og tekstar til høgtlesing. Biletsidene opnar for samtale og er eit godt utgangspunkt for å trene på munnleg språk. I høgtlesingstekstane møter elevane både forteljingar med kvardagsspråk og tekstar med fagleg innhald og språk.

Kvart kapittel introduserer to bokstavar. Læreverket følgjer ein bokstavprogresjon som begynner med lydar som finst i dei fleste språk. På bokstavsidene får elevane finmotorisk trening, og dei får øve på å spore og skrive små og store bokstavar. Lesetekstane er tilpassa bokstavlæringa. Tekstane er delte inn i tre nivå, slik at leseopplæringa kan tilpassast til kvar enkelt elev. I kvart kapittel er det òg varierte bokstavlæringsoppgåver til det aktuelle temaet. Oppgåvene skal motivere elevane til å utforske, eksperimentere med og bruke det norske språket. Nedst på kvar side finn du tips om korleis de kan jobbe med innhaldet.

I lærarrettleiinga finn du dessutan mange tips og idear som kan hjelpe deg med å differensiere og tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev.

Helsing forfattarane

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Hei

Du lærer

• å helse

• å fortelje om deg sjølv

• namn på fargar

• om tal

• bokstavane a og m

Aa BbCcDd Ee FfGg

Hh Ii JjKkLlMmNn

Oo PpQqRrSsTt Uu

VvWwXx Yy Zz ÆæØø

ein

gut ei jente ein mann ei dame eit flagg eit alfabet

eg du vi han ho

raud

oransje rosa gul grøn blå lilla brun grå kvit svart

• Snakk om kva de ser på bileta. La elevane aktivt bruke norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

• Finn døme på orda i kapittelbiletet, i klasserommet eller andre stader på skulen.

Kva heiter du?

Eg heiter Elona. Kva heiter du?

Eg heiter Aleksandra. Kva heiter du?

Eg heiter Emil. Kva heiter du?

Eg heiter Hamza. Kva heiter du?

Eg heiter Santiago. Kva heiter du?

Snakk saman

Kven er Santiago?

Kva heiter mannen? Kva heiter du?

Sjå på biletet og les overskrifta i fellesskap.

Les teksten høgt og la elevane øve på å seie kva dei heiter, og spørje andre kva dei heiter.

Les teksten og l

Bruk biletet til å øve på orda på førre side.

Bruk biletet til å øve p

Kvar kjem du frå?

Eg kjem frå Noreg. Eg snakkar norsk og engelsk.

Eg kjem frå Syria. Eg snakkar arabisk.

Eg kjem frå Brasil. Eg snakkar portugisisk.

• Sjå på kartet og les overskrifta i fellesskap. Snakk om kart, flagg og land.

• Les teksten i snakkeboblene høgt og snakk om land og språk.

• Still spørsmål til elevane: Kvar er Santiago? Kva land kjem Hamza frå?

© Cappelen Damm. All kopiering forbode.
Hamza
Santiago
Emil

Aleksandra

Eg kjem frå Polen. Eg snakkar polsk.

Elona

Snakk saman

Finn Noreg på kartet.

Kvar kjem Aleksandra frå?

Kvar kjem du frå?

• Finn landa elevane kjem frå, på kartet.

Eg kjem frå Eritrea. Eg snakkar tigrinja og amharisk.

• La elevane teikne seg sjølv og flagget til landet dei kjem frå. Finn landet på kartet og set strek.

null ein to tre fire fem seks sju åtte ni ti

elleve tolv tretten fjorten

femten

seksten

sytten atten nitten tjue hundre

• Snakk om kva de ser på bileta. La elevane aktivt bruke norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

• Knyt tala til mengd. Gå på taljakt i boka, i klasserommet eller andre stader på skulen.

• Sjå på bileta individuelt eller to og to.

• Les overskrifta saman og snakk om tal, mengd og alder.

Snakk saman

Kva ser du på bileta? Kor mykje kan du telje til på morsmålet ditt, norsk eller andre språk?

• Bruk bileta til å repetere orda jente, gut, mann, dame, pronomen og namn på fargar.

Ii Jj

KkLlMmNn Oo

PpQqRrSsTt

Uu VvWwXx Yy

• Spor Aa med fleire fargar i oppgåve 1. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

3 Teikn ein sirkel rundt A og a .

l f a b e t l i l l a

l e k s a n d r a

l a g g

4 Tel A og a.

5 Teikn ein sirkel rundt fargar med a-lyd.

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 3.

• Sei fargane og lytt etter a-lyden i oppgåve 5. Kvar i ordet er lyden?

• Kan elevane fleire ord med a-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med a-lyd.

• Spor Mm med fleire fargar i oppgåve 6. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

8 Teikn ein sirkel rundtMogm .

• Kan elevane fleire ord med m-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med m-lyd. p r s t u v w x

9 Tel M og m.

M:

m:

10 Skriv m.

d a e a n n H a z a

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 8.

• Sjå på bileta og lytt etter m-lyden i oppgåve 10.Kvar i ordet er lyden? Elevane skriv m på rett plass.

Cappelen Damm.

Vi snakkar

• Sjå på bileta individuelt eller to og to.

Snakk saman

Kva ser du på bileta?

Kva trur du personane seier?

Korleis seier du «hei» på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Les overskrifta saman og snakk om kva de ser, og kva personane gjer.

• Snakk om kva personane kan seie: Hei. Ha det. Takk. Velkommen. Eg heiter … Kva heiter du?

Les

a-a-a-a

m-m-m-m

a-m

m-a

m-a-m-m-a

a-a-a-a

m-m-m-m

a-m am

m-a ma

a-m-a ama

mam-ma mamma

mam-ma

A-ma

Ma Mam

Mamma Ama.

Mamma Ma.

Mamma Mam.

• Nivå 1: Knyt grafem til lyd. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lyden høgt.

• Nivå 2: Trekk saman lydar til ord. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lydane høgt i stadig raskare tempo.

• Nivå 3: Les med flyt og les ordbileta. Følg orda med fingeren. Les høgt fleire gonger.

11 Fargelegg blyantane.

raud

oransje

kvit svart

mørkeblå

lysegrøn

lyseblå

grå

• Les fargane saman og la elevane fargeleggje blyantane og seie kva fargane heiter på norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

• Gå på fargejakt ute eller i klasserommet.

lilla
brun

12 Skriv tal.

• Spor tala. Vis med fingeren først.

• Snakk om mengda til tala og om forma, plasseringa og skriveretninga.

• La elevane skrive kor gamle dei er. Etterpå kan dei spørje kvarandre: «Kor gammal er du?»

Her bur eg 3

Du lærer

• ord om hus

• å snakke om kvar du bur

• bokstavane e og n

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

eit hus

ein hage

ei dør eit tak eit vindauge

ei trapp

ei stove

ein gang eit kjøkken

eit bad eit soverom

eit bord ei seng eit skap ein do ein dusj ein vask

ein spegel å bu å sitje å sove å dusje

• Snakk om kva de ser på bileta. La elevane aktivt bruke norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

• Finn døme på orda i kapittelbiletet, på skulen eller i nærmiljøet.

Heime hos Aleksandra

Her bur Aleksandra.

Heime hos Aleksandra er det ei stove, eit kjøkken og eit bad. På rommet til Aleksandra er det ei seng, eit skap og eit skrivebord.

Mora og faren til Aleksandra har òg eit soverom. Aleksandra liker å vere heime.

Snakk saman

Fortel om huset til Aleksandra.

Kven bur saman med Aleksandra?

Kva ting har du på soverommet ditt?

• Sjå på bileta og les overskrifta saman. Kva trur de teksten handlar om?

• Les teksten høgt fleire gonger. Stopp undervegs og snakk om innhaldet.

Kva gjer vi heime?

• Sjå på bileta individuelt eller to og to.

• Les overskrifta saman og snakk om kva de ser på bileta.

© Cappelen Damm. All kopiering forbode.

Snakk saman

Kva gjer de på kjøkkenet? Kven badar?

Kva gjer du heime?

• Snakk saman om kva personane gjer i dei ulike romma.

• La elevane komme med forslag til kva personane på bileta seier.

• Spor Ee med fleire fargar i oppgåve 1. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

3 Teikn ein sirkel rundt E og e .

s t o v e

s o v e r o m

e i n

E l o n a

• Kan elevane fleire ord med e-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med e-lyd. p r s t u v w x

4 Tel E og e.

5 Skriv e. 3

s o v r o m

s t o v

k j ø k k n

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 3.

• Sjå på bileta og lytt etter e-lyden i oppgåve 5. Kvar i ordet er lyden? Elevane skriv e på rett stad.

6 Skriv N og n.

7 Skriv N og n.

• Spor Nn med fleire fargar i oppgåve 6. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

8 Teikn ein sirkel rundt N og n .

N o r e g

n i

v i n d a u g e

s e n g

9 Tel N og n.

N: n: 10 Skriv n.

v i d a u g e

g a g s e g

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 8.

• Sjå på bileta og lytt etter n-lyden i oppgåve 10. Kvar i ordet er lyden? Elevane skriv n på rett stad.

• Kan elevane fleire ord med n-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med n-lyd.

På veg til skulen

Aleksandra har ein blå sykkel. Ho syklar til skulen kvar dag.

Santiago bruker sparkesykkel til skulen.

Elona går til skulen.

Nokre dagar går ho saman med venner.

Hamza tek buss til skulen. Han tek buss nummer 62.

Snakk saman

Korleis kjem Aleksandra seg til skulen?

Korleis kjem Hamza seg til skulen?

Korleis kjem du deg til skulen?

• Sjå på bileta og les overskrifta saman. Kva trur de teksten handlar om?

• Les teksten høgt fleire gonger. Stopp undervegs og snakk om innhaldet.

e-e-e-e s-s-s

n-n-n-n i-i-i

n-e s-i i-n-n

e-e-e-e n-n-n-n

n-e ne n-i ni i-n-n inn is sin is inn mam-ma

Ein is.

Mamma sin is.

Mamma sa is.

• Nivå 1: Knyt grafem til lyd. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lyden høgt.

• Nivå 2: Trekk saman lydar til ord. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lydane høgt i stadig raskare tempo.

• Nivå 3: Les med flyt og les ordbileta. Følg orda med fingeren. Les høgt fleire gonger.

11 Teikn og skriv om hus.

• La elevane teikne og/eller skrive om huset dei budde i før dei flytta til Noreg, eller huset dei bur i no.

• La elevane fortelje om huset dei har teikna.

12 Fargelegg og teikn.

• La elevane fargeleggje eit hus raudt og taka svarte, teikne sirklar rundt vindauga og dørene, osv.

• La elevane fortelje kvarandre kva dei har teikna.

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Kropp og helse

Du lærer

• ord om kropp og helse

• å snakke om sansar og følelsar

• bokstavane f og g

eit hovud

hår

eit øyre eit auge ein nase

ein munn

ein hals

ein arm

ein mage ei hand

eit bein

ein fot

ei tå

ei tann

eit hjarte

ein finger

ei lunge ein rygg

ei rumpe

ein hjerne

• Snakk om kva de ser på bileta. La elevane aktivt bruke norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

• Finn døme på orda i kapittelbiletet, og bruk kroppen aktivt når de snakkar om orda.

Sansane våre

Vi ser med auga. Vi ser ein hund. Vi ser at han spring, og kva farge han er.

Vi luktar med nasen. Det luktar rart frå munnen til hunden.

Vi høyrer med øyra. Vi høyrer at hunden bjeffar, og at han pustar høgt.

Vi kjenner med huda. Vi kjenner at hunden har mjuk pels, at han er varm, og at han er litt våt.

Vi smaker med tunga. Men vi må ikkje smake på hunden.

Snakk saman

Kva bruker vi nasen til?

Kva bruker vi for å sjå?

Kva sansar bruker du når du et?

• Sjå på bileta og les overskrifta saman. Kva trur de teksten handlar om?

• Les teksten høgt fleire gonger. Stopp undervegs og snakk om innhaldet.

Har du vore sjuk?

Snakk saman

Kva ser du på bileta?

Kvar har dei vondt?

Fortel om ein gong du var sjuk.

• Sjå på bileta individuelt eller to og to.

• Les overskrifta saman og snakk om kva de ser, og om kva personane på bileta gjer.

• Snakk om at barna på bileta er sjuke, eller om kvar dei har vondt.

• Spor Ff med fleire fargar i oppgåve 1. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

3 Teikn ein sirkel rundt F og f . F r a n k r i k e f i n g e r f o t b e s t e f a r

4 Tel F og f. F: f: 5 Fargelegg ord med f-lyd.

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 3. Kan nokon lese orda?

• Sjå på bileta og lytt etter f-lyden i oppgåve 5. Kvar i ordet er lyden?

• Kan elevane fleire ord med f-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med f-lyd.

6 Skriv G og g.

7 Skriv G og g.

• Spor Gg med fleire fargar i oppgåve 6. Vis med fingeren først.

• Snakk om lyden til bokstaven og om forma, plasseringa og skriveretninga.

8 Teikn ein sirkel rundt G og g .

m a g e

g e n s e r

r y g g

G h a n a

9 Tel G og g.

G: g: 10 Skriv f og g. a r e m å n d a e m t e n r e d a i r e d a l a i n e r

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 8. Kan nokon lese orda?

• Skriv f og g og les orda i fellesskap i oppgåve 10.

• Kan elevane fleire ord med g-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn fleire ord med g-lyd. p r s t u

Følelsar

Alle menneske har følelsar.

Du kan vere lei deg, glad, sint, redd eller forelska. Følelsane dine seier kva du treng.

Ingen følelsar er feil, men nokre følelsar kan vere vonde og vanskelege.

Når du har vanskelege følelsar, er det lurt å snakke med nokon. r van

Snakk saman

Kvifor har vi følelsar?

Kva kan du gjere viss du er lei deg?

Kva følelsar har du no?

• Sjå på bileta og les overskrifta saman. Kva trur de teksten handlar om?

• Les teksten høgt fleire gonger. Stopp undervegs og snakk om innhaldet.

f-f-f-f h-h-h

g-g-g-g å-å-å

f-å

g-å

f-a-r

g-r-i-s

far

fi-re

gri-sar

mo-ro-sam far-leg

Far har fire grisar.

Gino er rosa og liten.

Gaffa er stor og fin.

Fia er morosam og et heile tida.

f-f-f-f g-g-g-g

f-å få g-å gå f-a-r far

fi-re fire far-ge farge

gris-en grisen

Alle får leike med Gino, Gaffa og Fia.

Men Fiffi kan ingen leike med. Fiffi er sint og farleg.

Stopp, Fiffi! seier far.

• Nivå 1: Knyt grafem til lyd. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lyden høgt.

• Nivå 2: Trekk saman lydar til ord. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lydane høgt i stadig raskare tempo.

• Nivå 3: Les med flyt og les ordbileta. Følg orda med fingeren. Les høgt fleire gonger.

11 Teikn og skriv om sansane.

Eg kan smake

Eg kan høyre

• La elevane teikne og/eller skrive om sansane.

Eg kan lukte

Eg kan kjenne

12 Teikn følelsar.

• Les orda saman og snakk om korleis de kan teikne dei ulike følelsane.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Norsk_start_5–7_Intro_Les_og_skriv_(LK20)_blaibok by Cappelen Damm - Issuu