NB! 8 Elevbok

Page 175

NYNORSK 175

kvifor? Kvifor kan ikkje eg grine når fuglen på den grøne grein? Kvifor skal ikkje eg når bananskal? Kvifor kan ikkje min katt liggje når telefonkatalog? Kvifor kan ikkje eg gå når lyset gjekk? Kvifor kan ikkje eg leggje når gorilla? Kvifor får ikkje eg kome når avkom? Kvifor lo ikkje du når Geilo? [hilde justdal]

gåte Veit du kva det motsette er? Kva er det motsette av mjølk? Kva er det motsette av fem? Kva er det motsette av eit brøl? Kva er det motsette av klokka? Veit du det, så ikkje sei det. Du vil vel ikkje vere det motsette av meg? [einar økland]

sportsnytt – Kven er du, da? kviskra kveita da ho såg den kvite kvalen kome kvimande langs botnen med eit fjernsynsapparat. – Og kva vil du med den kassa? – Kvifor spør du? kveste kvalen, kvass i tonen, hadde hastverk. – Korleis finn eg stikkontakten? Eg vil sjå på kvartfinalen. Eg har tru på kvalrosslaget. Dei har kvalifikasjonar og vil vinne gullpokalen. Men kvitselane, stakkar, dei vil tape, spådde kvalen. [hilde justdal]

MUNNLEG 1 Bruk spørjeorda og lag fem spørsmål til nokon i klassen. 2 Les dikta på sida for kvarandre. 3 Finn hokjønnssubstantiva i «Gåte» og «Sportsnytt». SKRIFTLEG 4 Svar på spørsmåla i diktet «Gåte». Bruk fantasien og skriv heile setningar. Du kan skrive svara som eit dikt om du vil. 5 Kva for idrett trur du kvalrossane og kvitselane dreiv med? Bruk fantasien og skriv eit referat frå kampen mellom dei.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
NB! 8 Elevbok by Cappelen Damm - Issuu