Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
• • • • • • • • • • •
81
Noko manglar/nokon har gjort noko gale Helten/heltane får eit oppdrag Helten/heltane legg ut på ei reise Helten/heltane blir sette på ei kvalifiserande prøve (må bevise at han/ho er ein helt) Helten/heltane tek imot magiske hjelpemiddel Kamp (hovudprøva) Siger Mangelen blir oppheva / skaden blir bøtt Heimkomst Glorifiserande prøve (stadfesting av at sigeren var fortent) Bryllaup
Eit typisk undereventyr er folkeeventyret «De tolv villendene» som du kan lese i tekstsamlinga på side 322. Dette eventyret handlar om prinsesse Snehvit og Rosenrød, som veks opp som einebarn. Når prinsessa seier at ho saknar sysken, fortel dronninga at ho eigentleg har tolv brør. Men mora måtte gi dei til ei trollkjerring i byte mot å få ei dotter, og brørne vart forheksa til villender når dei er utandørs. Dette er mangel situasjonen som set handlinga i eventyret i gang. Heltinna, prinsesse Snehvit og Rosenrød, legg ut på vandring for å finne brørne sine og frelse dei. Her blir ho sett på den første prøva. For å frelse brørne må ho nemleg samle myrdun, spinne tråd, veve og sy klede til dei. Og mens ho gjer det, må ho verken snakke, le eller gråte. Prinsessa beviser at ho er ein helt ved at ho går i gang med oppgåva. Så blir prinsessa oppdaga av ein ung konge, som gifter seg med henne. Og på kongsgarden blir prinsessa sett på ei ny prøve. Her møter ho nemleg den vonde stemora til kongen. Tre gonger tek svigermora frå henne det nyfødde barnet ho har fått, og ho får det til å sjå ut som om prinsessa er ei heks som har ete ungane sine. Den tredje gongen dette skjer, lèt kongen seg overtale til å få kona brend levande. Ettersom prinsessa framleis lagar klede til dei forheksa brørne, kan ho ikkje forklare seg. Og ho klarer å følgje taleforbodet heilt til bålet blir tent. Rett før ho skal brennast, får ho overlevert kleda til dei tolv villendene. Dermed greier ho hovudprøva, og mangelen som sette handlinga i gang, blir oppheva ved at forheksinga blir broten. I og med at prinsessa og kongen alt er gifte, endar ikkje dette eventyret med bryllaup. Men familien blir samla att, og den vonde stemora får si straff.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 81
Referansen til norske folkeeventyr var klar da Sissel Kyrkjebø kom ridande på ein kvitebjørn av is under avslutningsseremonien for Vinter-OL i Albertville i 1992. Innslaget markerte velkomsten til OL på Lillehammer to år seinare.
30.06.15 09.59